GULLINGEN LEIRSKULE Praktisk og pedagogisk informasjon før og under leirskuleopphaldet



Like dokumenter
Gullingen leirskule. Ein stad for naturoppleving og læring

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Til deg som bur i fosterheim år

Sandeid skule SFO Årsplan

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

6. trinn. Veke 24 Navn:

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Plan for overgangar. for barn og unge

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Plan for Liabygda SFO

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Bjørnehiet SFO - informasjon

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Brukarrettleiing E-post lesar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Bruk av reiserekning i Agresso

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Plassebakken Barnehage

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Foreldre ved Ål ungdomsskule

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

GULLINGEN LEIRSKULE Praktisk og pedagogisk informasjon før og under leirskuleopphaldet

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Informasjon til elevane

Brukarrettleiing. epolitiker

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Trafikksikringsplan Moster skule

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Internasjonal vidaregåande skule

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Informasjon til pasientar og pårørande

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Respekt på Rommetveit skule

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Årsplan for

Velkomen som konfirmant

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Fysisk aktivitet og kosthald

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Transkript:

GULLINGEN LEIRSKULE Praktisk og pedagogisk informasjon før og under leirskuleopphaldet www.gullingen.no

Innleiing Leirskuleundervisning er grunnskuleundervisning lagd til ein stad der miljøet skil seg frå elevane sitt heimemiljø. Dette gir ikkje berre elevane høve til å læra eit anna miljø å kjenne, ei veke på leirskulen gir òg rom for oppleving og røynsle som den daglege skulesituasjonen vanskeleg kan gje. Gullingen leirskule er ein bemanna leirskule med 4 erfarne pedagogar. Undervisninga på leirskulen tek utgangspunkt i naturen som læringsarena. Me ynskjer å gje opplæring og oppleving i friluftsliv, natur og kultur gjennom ferdsle på vatn, i skog og på fjell til ulike årstider. Me legg vekt på gjennom å sjå på ulike økosystem å lære eit anna naturmiljø å kjenna eit enkelt friluftsliv som skal kunna overførast til eit heimleg miljø å velja aktivitetar som fremjar oppleving og nærkontakt med natur å oppdra til ansvar overfor naturen og miljøet kring oss, medrekna "sporlaus ferdsel" å velja aktivitet som ikkje ekskluderer elevar p.g.a. manglande fysikk eller førehandskunnskap tryggleik skiglede All undervisning tek utgangspunkt i læreplanen. Me ynskjer at klassen skal kunne bygge vidare på det ein kjenner frå undervisninga i ulike fag på heimeskulen. Klassen må gjerne kome med ynskje om tema me skal leggje særskild vekt på. Forutan tileigning av fagleg kunnskap, har me røynsle med at uteskule òg gjer sitt til å styrke fellesskapet i klassen. Me trur òg at felles opplevingar skapar sosial tryggleik. Elevane blir betre kjende med kvarandre gjennom felles røynsler og oppdagingar. Utgjeve første gong: Våren 2004 Siste utgåve: 04.05.2015 Innhaldsliste : 1. SESONGAR OG EMNE PÅ GULLINGEN... 3 2. PEDAGOGISK FØREBUING... 6 3. PRAKTISK FØREBUING... 7 4. FØR DE REISER... 11 5. SJEKKLISTE... 12 6. VEDLEGG fyll ut og send til leirskulen... 13 2

1. SESONGAR OG EMNE PÅ GULLINGEN Det er mogleg å reise på Gullingen leirskule heile året. Fleire emne og aktivitetar går igjen i kvar sesong, medan andre emne er knytt til årstidene. Her kjem ein kort oversikt over innhaldet i dei einskilde sesongane. Vår- og haustleirskule (mai-juni og august-oktober) Norge har lange og gode tradisjonar på å drive friluftsliv på denne årstida. På leirskulen vidareførar me desse tradisjonane mellom anna med turar i fjellskogen, på snaufjellet, og med roturar og kanopadling på Mosvatnet. Undervegs ser me på ulike samspel i naturen, direkte knytt opp mot elevane sine læreplanar. Ulike fjell- og toppturar gir utfordringar til alle, og me skaffar oss mat frå naturen gjennom fiske og bærplukking. Me ser òg på korleis dei nytta fjellet før i tida, og me fortel segner og historier frå stølsperioden. Bruk av kart og førstehjelp er òg viktige emne. Vatnet som renn, skal me òg oppleva i stor grad, ved å gå i bekken og stå under fossen. Faste tider - vår og haust 08.00 Frukost 08.30 Verteneste og fellesoppgåver 09.00 Morgonsamling 10.30 Uteskule 16.30 Middag 20.00 Kveldsmat 22.00 23.00 Ro (avh. av trinn) Førjulsleirskule (november-desember) Julefeiringa er gamal og har røter tilbake til overgongen mellom heidensk og kristen tid. I moderne tid er jula kan hende først og fremst ei familiehøgtid, men mange av dei gamle tradisjonane lever enno. På førjulsleirskule er natur, oppleving og juletradisjonar sett i ein samanheng. Kan ein drive friluftsliv i desember då? Å ja da. Naturen har mykje å gi på denne årstida òg. Me går ut i skogen for å finne emne til arbeidet i juleverkstaden, og me brenn bål og Lager mat på bålet. Tur til stølen og gode historier høyrer med, og er me heldige, kan me studere stjernehimmelen. Dersom det er nok snø, blir det òg ein liten skitur. Juletreet må me hogga og frakta i hus, og dei tøffaste tar kanskje utfordringa og søv ei natt ute i lavvu? Innandørs vert det forteljingar, juleverkstad og baking. På verkstaden lagar me julegåver, først og fremst av materialer me finn ute. På matfronten er det julebaksten som må gjerast, men me har òg ein del anna å førebu til julefesten. Det skal pyntast til julefest både ute og inne. Før me kjem så langt som til julefesten, må me sjølvsagt lauge oss. Det gjer me utandørs i den store stampen. Kanskje vert det eit snøbad òg? Faste tider - Førjulsleirskule 08.00 Frukost 08.30 Verteneste og fellesoppgåver 09.00 Morgonsamling 10.30 Uteskule og juleverkstad 16.30 Middag På torsdagen: 17.00 Julefest 20.00 Kveldsmat 22.00 23.00 Ro (avh. av trinn) Faste kveldar: Måndag: Fakkeltur Onsdag: Lauging i vedfyrt stamp Torsdag: Julefest med pinnekjøt 3

Vinterleirskule (januar-april) Nordmenn er født med ski på beina. Eller er dei det? Snøfattige vintre, og barn og ungdom sine ønskjer om alpine skiaktivitetar, har gjort sitt til at mange familiar har nedprioritert turskia. Det er òg fleire og fleire frå andre kulturar, som ikkje er vane med snø, som her får sitt første møte med norske skitradisjonar. På leirskulen tek me omsyn til dette. Me skal ha det gøy på ski. Og når me har det gøy, ja da lærar me mykje òg. Faste tider - vinter 08.00 Frukost 08.30 Verteneste og fellesoppgåver 09.00 Morgonsamling 10.00 Smøring av ski 11.00 Uteskule 16.30 Middag 20.00 Kveldsmat 22.00 23.00 Ro (avh. av trinn) Sentralt på vinteren er skileik. Det å ha det moro i humpeløyper, orgeltramp, portløyper og hopp gir alltid det same resultatet: Skidugleiken aukar, og dermed gleda med å gå å ski. Men me prøver òg andre former for vinter-friluftsliv som; isfiske, grave leskjerm, truger, og snøholer. Dersom snøen skulle utebli, driv me vinterfriluftsliv på andre måtar som t.d. skøyting og fotturar på barmark. Ein oversikt over veka Me har mange aktivitetar og emne på leirskulen. Felles for dei fleste er at dei skjer utandørs. Når emna er sett opp på dagar, må ikkje dette bli oppfatta som ein timeplan. Ein rammeplan er kanskje eit betre ord. Vêr og vind er nemleg ein aktiv og uberekneleg medspelar i leirskulesamanheng. Emne som natur- og kulturkjennskap blir fletta inn i alle delar av leirskuleveka og står difor ikkje oppført som noko eiga emne nedanfor. Kvar dag har me morgonsamling der ulike emne blir tatt opp. Måndag Vår/haust: Førjul: Vinter: Informasjonsmøte Bli kjent tur leik Informasjonsmøte Bli kjent tur leik Innsamling av naturmaterialar Informasjonsmøte Skileik og liten tur Stell av ski/utstyr Tysdag Dag på vatnet. Bruk av kano/robåt, garntrekk, bållaging, reinsing og tilbereiding av fisk, økologi m.m. Ute: Skogstur med samling av naturmaterialar/juletrehogst Bål og rasteteknikk Bingo-orientering Inne: Juleverkstad Skileik Lage bål på snøen Orientering på truger Onsdag Dag i fjellbjørkeskogen. Leik, bingo-orientering, bållaging, knivbruk, pinnebrød, kolstiftbrenning, økologi m.m. Ute: Tur til vatnet med garntrekk, evt. liten skitur Inne: Juleverkstad Skredlære og tryggleik Skitur og vegval Byggja leskjerm og bål Torsdag Fjelltur-dag. Med ulike alternativ der mottoet er: "vel tur etter evne" Førstehjelp, økologi, kulturhistorie Ute: Turdag, ulike val og vanskegrad Førstehjelp og økologi Ulike skiturar der mottoet er: "vel tur etter evne". Førstehjelp og økologi Fredag Pakking, rydding og vasking Avslutning m/evaluering og eventuell diplomutdeling Avreise Pakking, rydding og vasking Avslutning m/evaluering og eventuell diplomutdeling Avreise Pakk, rydding og vasking Avslutning m/evaluering og eventuell diplomutdeling Avreise Meir om emne og fagmål finn du i heftet Kunnskapsløftet og Gullingen leirskule (ligg vedlagt). 4

Fritid og kveld på leirskulen Sjølvsagt er det fritid for elevane på leirskulen. Me på Gullingen freistar å fylle denne fritida med aktivitetar og tilbod, slik at alle får ei god oppleving av kveldane. Me har bl a ballbane, buldrevegg, bordtennis, spel og leiker med meir. Om vinteren har me ein opparbeida skileik med flomlys. Elles likar elevane å arrangere diskotek, besøke geiter og høner med meir. Ein kveld i veka blir det gitt eit tilbod om å bade i utandørs stamp. Ein annan kveld vert det gitt eit undervisningstilbod til elevane. På førjuls-leirskule er mørketur med lommelykt/faklar eit fast tilbod til alle. Tilbodet dei andre sesongane varierer meir etter vêr og vindtilhøva. Idear til lærarstyrte aktivitetar på kveldstid Her er tips til kva de som medfølgjande lærarar kan arrangere på ein eller fleire av kveldane på leirskulen. Kveldssamlingar og underhaldning: Underhaldning og andre aktivitetar er vanleg på leirskulen. La gjerne 2-3 elevar vera ein kvelds/festkomite med ansvar for underhaldninga, og gjerne med felles aktivitetar for dei andre klassane. Klassen og elevane bør få noko tid til å førebu dette på heimeskulen Kveld i Bålstova/ute med bål og pinnebrød: Bestill ein pose pinnedeig på kjøkken etter frukost. Pose med ved får du hos leirskulelærar. Ta med dei elevane som har lyst, opp til Bålstova eller ute, brenn bål og grill brød. Kanskje nokon elevar har nokre spennande historier dei vil fortelje? Fotballturnering: Elevane klarer ofte dette sjølv, men det blir ofte litt meir orden og breiare engasjement om det òg er ein vaksen som engasjerer seg. Topptur til Gullingen (vår og haust): Startar ein rett etter middag, er dette ein fin kveldstur i fint vær. Her bør ein ha med noko sikringsutstyr (mobiltelefon, fyrstehjelpssaker, liggeunderlag, vindsekk og kart). Dette utstyret får ein låne av leirskulelærar. Det er viktig å halde gruppa samla heile vegen opp og ned. Bli kjent orientering: Postane heng oppe heile året og kan sjølvsagt tas i vilkårleg rekkjefølgje til ein finn løysinga. Eller ein kan kjøre det som yatzy orientering. Kart til dette får ein av leirskulen. Kveldsbad (vår og haust): Har nokon av dei vaksne livreddarkurs, er sjølvsagt eit ekstra kveldsbad populært på fine dagar. I tillegg til vanlege badereglar (maks 15. per badevakt og underskrift heime frå) har me på Gullingen ein regel om at ein ikkje får gå lenger uti enn at ein kan stå i botn. Songkveld: Me har gitar og songbøker til utlån. Spør leirskulelærarane/vertskapet. Skileik (vinter): Gå med elevane ut i skileiken. Arrangera hoppkonkurranse og andre uhøgtidelege konkurransar. På ski eller på truger. Be om å få nøkkel til trugene dersom dei skal brukast. Tur i lysløypa (vinter): Ta med elevar på tur rundt i lysløypa på kveldstid. Lyset slår ein på under halvtak på midterste bygning. Men lyset er som oftast på. Det slås automatisk av kl. 23.00. 5

2. PEDAGOGISK FØREBUING Ei veke på Gullingen leirskule er eit prosjekt i seg sjølv. Mykje førebuing både for lærar, elev og føresette må til. Noko etterarbeid er òg vanleg. I heftet Gullingen leirskule Forslag til oppgåver og prosjekt i tilknyting til opphaldet på leirskulen, gir me nokre forslag og idear til arbeid med faglege tema knytt til leirskuleopphaldet. Du kan sjølvsagt tilpasse alle opplegg. Bruk sidene som ein mal. Du kan laste dette heftet (word) ned frå Internett: http://www.gullingen.no (leirskule lærarportal). Temaet reiseseminar oppmoder me alle skulane til å bruke. Finn dykkar form på det. Oversikt over pedagogiske føre- og etterarbeids prosjekt frå heftet. Reiseseminar Søknad som turleiar Fotografering og bildepresentasjon Økosystem, heime og på Gullingen Vêrmelding, vêr og lokale variasjonar Idear til andre oppgåver/prosjekt - før leirskuleopphaldet - etter leirskuleopphaldet - før, under og etter leirskuleopphaldet - før, under og etter leirskuleopphaldet - før, under og etter leirskuleopphaldet - før, under og etter leirskuleopphaldet Teoretisk førebuing til leirskulen På leirskulen jobbar me tverrfagleg. Heftet Gullingen og kunnskapsløftet mellom/ungdomssteget, gir ein oversikt over dei faglege tema me er innom i løpet av veka. Me leirskulelærarar har merka oss spesielt fire emne der me ser elevane får eit større utbytte om dei har vore gjennom teorien på skulen (hjå oss skal dei få sjå det i praksis): Økosystem (naturfag) Landformer (samfunnsfag) Reinhald Orden og oppførsel ( reiseseminar ) Har klassen spesielle ønskje om emne/aktivitet? Det er ei rekkje emne og aktivitetar som blir tatt opp i løpet av leirskuleveka. Mange av desse har me alltid, medan andre emne har me no og da. Gje oss beskjed dersom de har spesielle ønskje. Sjå emnelista side 4 og i heftet Kunnskapsløftet og Gullingen leirskule. 6

3. PRAKTISK FØREBUING Ansvarsforhold for elevane under opphaldet Gullingen Turistsenter (vertskapet) Ansvar for kost og losji og tilhøyrande vertskapsplikter, t.d. branntryggleik, reinhald, innbu, vedlikehald, leikeapparat m.m. Medansvar for tilsynet med elevane på kveldstid og nattetid Delvis deltaking i leirskulens samarbeidsutval (måndag og fredag) Leirskulen Ansvar for tilrettelegging av det pedagogiske opplegget Ansvar for tilpassing og gjennomføring av det pedagogiske opplegget, i samråd med klasselærar Ansvar for bestillingsrutinar og kontakten med brukarskulen, herunder å skriftleg informere brukarskulane om leirskulen, aktivitetane og HMS-reglane Ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid ved leirskulen og disponering av kommunale middel til naudsynt utstyr m.m. Delta i leirskulen sitt samarbeidsutval (møte kvar dag) Brukarskulen (medfølgjande lærar/ledar) Ansvar for : At leirskuleopphaldet blir ein integrert del i klassane sine årsplanar både fagleg, sosialt og praktisk. Sørgje for at naudsynt førehandsinformasjon til leirskulestaden blir gitt, t.d. relevante opplysningar om elevane. Planlegging og gjennomføring av reise til og frå leirskulen. Å godkjenne bilder av elevane på Gullingen sine heimesider/fotohefte. (Heile året). Godkjenne/innhente skriftleg samtykke frå føresette for overnatting i lavvu. (Heile året). Innhente skriftleg samtykke til bading frå føresette. (Vår-/haust). Innhente skriftleg samtykke frå føresette om skulen vil nytta seg av alpinsenteret på fritida. (Vinter). I samråd med leirskule ta del i det pedagogiske opplegget. Ha medansvar for tilsynet med elevane på kveldstid/fritid. Medverke til at leirskulestaden sine ordensreglar blir overheldt. Delta i leirskulen sitt samarbeidsutval. (møte kvar dag) Ny leirskuleavtale for medfølgjande lærar ( frå 01.08.05, reforhandla våren 2007) Det nye avtaleverket inneheld føringar for reise og opphald, både i samband med reise og ferieopphald med pasient eller klient, samt ved leirskuleopphald, ekskursjonar m.m. i skuleverket. Det er ein føremon å ha avklart dette med administrasjonen på skulen i forkant av leirskuleopphaldet. (Info Utdanningsforbundet: SGS 1010 del II A) Tryggleiken i høgsetet På Gullingen set me elevane si helse og tryggleik fremst i alle deler av leirskuleveka. Følgjande punkt er viktige i så måte: Internkontroll - Leirskulen har til ein kvar tid ein oppdatert internkontroll. Ein kopi kan sendast til gjennomsyn på førespurnad. 7

Daglege lærar/ledermøter under leirskuleopphaldet Det blir heldt eit møte første dagen på leirskulen. Deltakarar her er medfølgjande lærarar/leiarar, ein representant frå leirskulen og ein frå Turistsenteret. I tillegg til det reint pedagogiske, skal "Helse-Miljø- Sikkerhet" vera ein viktig del av møtet. Vidare i veka har leirskulen og brukarskulen kortare morgonmøte. Her har ein løpande gjensidig informasjon om det pedagogiske opplegget og eventuelle problem blant elevar/ lærarar. Siste leirskuledagen har me eit evalueringsmøte der ein leirskulen, ein frå Turistsenteret og medfølgjande lærarar/leiarar deltek. Sikringsutstyr - Ein kan aldri gardere seg mot ulukker. Leirskulelærar har difor alltid med seg naudsynt tryggleiksutstyr tilpassa dei ulike årstidene. Diskusjon med administrasjonen - føresette Overnatting i lavvu eller Bålstova (heile året) På leirskulen er eit av emna overnatting i lavvu eller Bålstova. Dette blir tilrettelagt av leirskulelærar, men elevane overnattar normalt aleine. Følgjande instruks står om emnet i leirskulen sin internkontroll: Elevane får høve til å overnatte i sametelt. Dei ligg normalt utan at vaksne er tilstades. Følgjande føresetnader må være tilstades: Bålstova og teltet er plassert i umiddelbar nærleik til leirskulen (maks. 150 meter frå fotballbanen). Det er forbode med eld i teltet. Temperatur og vindtilhøva kan avgrensa overnattinga. Dette vurderast av leirskulelærarane. Det bør ikkje være kaldare enn: -8 grader for lavvu, -10 for Bålstova. Dersom nokon må inn på leirskulen nattetid bør ein gå minst to i lag. Organisering: Leirskulelærar skal syte for at elevane får informasjon om korleis ein skal kle seg, om gjeldande reglar og den praktiske organiseringa. Vidare skal ein syte for at medfølgjande lærar og brannvakta skal ha oversikt om kven som går opp i teltet. Ettersom leirskulelærar ikkje er på jobb på natta, ligg ansvaret for elevane her på medfølgjande lærar/leiar. Vår erfaring med dette emnet er svært bra. Elevane lærer ikkje berre om det å overnatte, men òg om å ta ansvar for seg og andre. Dersom de vil ha slik overnatting ute, vil me at kvar elev skal ha samtykke frå heimen.(sjå vedlegg 3). Leirskuledagboka - bilde og minne frå leirskuleopphaldet (heile året) Gullingen leirskule har i mange år nytta fotografi aktivt for å bevare og forsterke dei inntrykk elevane får under opphaldet. Før elevane reiser, lagar og visar me eit bildeshow. Når elevane kjem heim, kan dei sjå eit utval av bilda på våre nettsider. Dette har vore særs populært, og me kjem til å fortsette med dette. I frå januar 2010 har me vidareutvikla dette, og kan tilby ei heilt spesiell leirskuledagbok samansett av bilde og tekstar frå opphaldet. Vår samarbeidspartnar er Fovea as som er landets leiande skolefotoselskap. 8

Ynskjer klassen/føresette å motta eit tilbod om leirskuledagboka, må du som lærar gje oss beskjed om dette. Sjå i sjekklista. For å kunne sende ut eit infobrev til føresette om korleis dei kan bestille leirskoledagboka tilsendt til uforpliktande gjennomsyn, treng fotoselskapet namn- og adresselister til elevane. Dette ordnar fotoselskapet med administrasjonen på skulen din. Etter leirskuleopphaldet vil det bli sendt ut eit brev til alle foreldra med eit unikt brukarnamn og passord. Dei som då ønskjer å bestille, må aktivt gå inn og registrere seg. Først då får dei leirskuledagboka sendt heim til fritt gjennomsyn i 14 dagar. Ønskjer foreldra å behalde denne, kostar den pr. haust 2014, kr 299.- + porto. Informasjonen me mottek i forbindelse med leirskoledagboka, nyttast berre til dette formålet. Dersom noko er uklart, ta kontakt på telefon 52790870/52790871 eller på e-post. Bruk av bilde på internett og i informasjonsmateriell (heile året) Me nyttar aktivitetsbilde frå veka på internett/informasjonsmateriell, mellom anna i ein aktivitetslogg på våre heimesider. Våre rutinar med bilde på nett følgjer datatilsynet sine retningslinjer av 04.03 2008. Slik gjer me det: Bilda blir lagt ut samla veke for veke under kva skule og klasse som har vore her - utan namn på elevar. Bilda fokuserer på aktivitetane på leirskulen ikkje personer. Me ber om at dei skulane som ikkje har avklart utlegging av bilder på nett /fotodagbok av elevar i skulesamanheng, får samtykke frå foreldre/føresette til dette. Kveld i skitrekket? (Vinter) Gullingen skisenter ligg 800 meter frå leirskulen. Skitrekket kan opne for kveldskøyring for ei gruppe på minimum 20 betalande. Alpinbakken er ein krevjande bakke. Elevane som skal køyra, bør ha erfaring. Etter vår meining passar bakken best for Ungdomskulen. Dette tilbodet går ikkje inn under undervisninga på leirskulen, men er eit fritidstilbod det må betalast ekstra for. Hjelm er påbode for leirskuleelevane. Ein av dei medfølgjande lærarane/leiarane skal vera med elevane i bakken og halde tilsyn (kan køyre og leige utstyr gratis). Me anbefaler å ta spørsmålet om bruk av alpinbakken opp med administrasjonen og evt. føresette, før ein opnar for dette i klassane. Dersom elevane skal i bakken, er underskrift frå føresette naudsynt. Oppdaterte priser for klassar på leirskule finn du på våre heimesider. Bading (vår/haust) Reglane for korleis elevane kan bade utandørs varierer frå kommune til kommune. Desse reglane tek me på leirskulen omsyn til og må difor ha beskjed om desse, gjerne i forkant av opphaldet. Er det i orden for heimeskulen, får elevane bade i undervisningstida dersom opplegget og veret tillet det. Dei som vil bade, treng samtykke frå heimen. (sjå vedlegg 3 ). Alle lærarane på Gullingen har godkjent symje- og livredningskurs. I tillegg set me ei grense på 15 elevar pr lærar i vatnet på ein gong. Badinga skjer normalt på grunt vatn (stå-høgde for elevane) 9

Diskusjon med klassen Utdeling av Førehandsinformasjon til føresette og elevar Som eige vedlegg ligg "Velkommen til Gullingen leirskule". Dette er eit fire siders skriv som med fordel kan kopierast (tosidig) til ein foldar og delast ut til elevane. Her vil elevane (og føresette) finne nyttig informasjon, mellom anna ei pakkliste. På siste sida har me laga plass til underskrift frå føresette for å sikra at informasjonen når heimen. Klede og utstyr Vêret på fjellet kan vera svært skiftande, og det til alle årstider. Å ha godt med klede med seg er difor heilt naudsynt. Me har difor laga ei veiledande utstyrsliste med kommentarar. Denne finn du i "Velkommen til Gullingen leirskule". Gå gjennom lista med klassen og diskuter: kva ein må ha med, kva ein bør ha med og kva ein ikkje bør ha med. Tips til førebuing: Gje elevane i oppgåve å pakke til leirskulen sjølv. Lån av utstyr på leirskulen Leirskule krev ein del utstyr til utebruk og kan bli kostbart dersom elevar og lærarar må kjøpe seg mykje nytt. Me oppfordrar elevane til å prøve å låne av slekt og vener. Leirskulen har òg noko utstyr (skiutstyr, regnklede osb.) til utlån. Det er fint om me får beskjed om kva elevane har behov for å låne. Lommepengar og verdisaker Leirskulen har ein liten kiosk som vil vera open for elevane to kveldar i løpet av veka. Her kan ein m.a. kjøpe brus og snop. Det kan vera lurt å diskutere i klassen kor mykje pengar ein skal ha med på leirskulen. Etter vårt syn bør 200 kroner vera rikeleg. Kostbare gjenstandar som Ipader og liknande kan med fordel leggjast att heime. MEN, dersom klassen ønskjer å ha diskotek, må ein ev. DISCO-komite ha eit digitalt medium med digital musikk med seg til felles bruk. Leirskulen har eit anlegg. Ta opp i klassen. Mobiltelefon bør ein diskutere om ein skal ha med, og ev. lage reglar for bruken. Nokre klasser nyttar høve til å prøve ei mobilfri veke og tykkjer dette er godt. I andre klassar ynskjer foreldra å kunne ha dagleg kontakt med borna. Dersom klassen opnar for å ta med mobil, har me gode erfaringar med at lærar samlar inn desse, og at elevane har tilgong til denne mellom 18-20.00. Uansett skal undervisningstida vere fri for mobilbruk. Det er òg lurt å samkjøre med dei andre skulane i same veke. - Vår anbefaling er å ha ei mobilfri veke. Arbeidsoppgåver for elevane Til eit leirskuleopphald høyrer det fleire arbeidsoppgåver. Desse skal fordelast på elevane, og vedlegga må fyllast ut. Det er ein føremon å ha gått gjennom oppgåvene med elevane, slik at elevane sjølv er klar over kva plikter dei har. Sjå vedlegg 2. Tips til førebuing: Reinhald som prosjekt på skulen /heime. Dørskilt? Det kan vera ein fordel å ha namneskilt på rom (som festes med tape). La kreativiteten få spelerom og lag dei på førehand. Ta gjerne med brettspel sjølv På leirskulen har me nokre spel til utlån, men her har kan hende elevane/skulen nokre spel dei likar godt også? 10

4. FØR DE REISER Elevar med særskilde behov For leirskulen sin del er det viktig å bli gjort kjent med om det i klassane er elevar med spesielle føresetnader og behov som krev spesielle omsyn, gjerne skriftleg. Dette kan t.d. vera ulike typar allergi, spesielt kosthald, diabetes, epilepsi, funksjonshemmingar, sengevætarar osb. Me vil leggja til rette undervisninga slik at elevane skal få maksimalt ut av leirskuleveka. Sjå vedlegg 1. Sjukdom på leirskulen Om ein elev blir lettare sjuk under opphaldet, vurderer ein om vedkommande skal vera med i uteskuleundervisninga. Elevar som er for sjuke til å vere ute, får tilsyn av vertskapet eller lærar. Elles praktiserer me følgjande regel; sjuk om dagen - sjuk om kvelden. Om det skulle vera behov for legekonsultasjon, ordnar me transport ned til legesenteret på Sand, 30 minutt unna. Det normale er då å bestille ei drosje til og frå Sand. Dette dekkjast i etterkant av trygdekontoret i heimkommunen. I nokre få tilfelle må eleven bryte av opphaldet grunna sjukdom. Kor mange lærarar/vaksne bør vere med klassen Generelt er det slik at fleire vaksne gir meir avlasting for klasselæraren. Mange skular brukar ofte ein foreldre i tillegg. Desse bør få god informasjon om deira rolle som leiar for klassen, og om taushetsplikt i skulen. 2 lærarar/vaksne får gratis opphald pr. klasse over 10 elevar. Medfølgjande lærar kan òg bli sjuk eller må reise heim av andre grunnar. Kva gjer skulen da? Det kan vere lurt å ta denne problemstillinga opp med skulen sin administrasjon før ein reiser. Fasilitetar for lærarar/leiarar Bruk av datautstyr for lærarar Lærarar og leiarar får eigne rom med sengetøy inkludert. Det er òg toalett/dusj på romma til lærarar. I tillegg er det eit eige pauserom med TV og radio. Vidare har me trådlaus Internetttilgong til gjestelærarar. NB. Ta med minnepenn for å få med dykk Bildeshowet på avreisedagen. Telefon til elevane Elevar som treng det, kan få høve til å låne telefon for å ringje heim, rett etter middagen. Om nokon heime skal ha tak i ein elev, bør dei ringje til Turistsenteret under frukosten (0800-0830), eller under middagen (16.30 17.15). Telefonnummer: Turistsenteret 52 79 99 01 Reisa til og frå leirskulen Klasselærar må sjølv bestille buss. Prisen for denne er ikkje inkludert i leirskuleprisen. Ta kontakt med fleire busselskap, men tenk òg tryggleik for elevar. (hugs fergjeutgifter). Suldal Billag gir gode tilbod (tlf 52 79 04 00), og dei er svært kompetente på vinterføre. Kanskje skal det òg ein annan klasse til Gullingen frå same område som dykk. Kva med felles buss? Tidspunkt for ankomst og avreise Ankomst til leirskulen skulen ligg mellom 11.00 og 12.00. Avreise frå leirskulen skjer mellom 11.00 og 11.30. Sjekk med busselskapet kva tid ferjene går. 11

5. SJEKKLISTE Med administrasjonen og/eller foreldra : Skal elevane få nytta tilbodet om skitrekk? Sjå side 9. Underskrift frå heimen (vedlegg 4) Mobiltelefon blant elevane på leirskulen? Klargjere reglar (side10) Bading: Kva reglar gjeld i heimkommunen dykkar? (side 9). Underskrift frå heimen (vedlegg 4). Bilde på Gullingen sine heimesider/internett/informasjonsmateriell (side 9). Dersom skulen ikkje har reglar for dette, få underskrift frå heimen (vedlegg 4). Ynskjer klassen/føresette å motta tilbod om Leirskuledagboka - bilde og minne frå leirskuleopphaldet (side 8-9) Overnatting i lavvu, diskuter emnet (side 8), ev. underskrift frå heimen (vedlegg 4). Saman med elevane : Diskutèr utstyrslista i Velkommen til Gullingen leirskule. Få underskrift heime på at denne er lest. Gå nøye gjennom ordensreglar og arbeidsoppgåver (elev-foldar og vedlegg 2). Ta med digital musikk til ev. Disco. Lag gjerne Disco-komite. (s. 10). Skal klassen ha faste samlingar med tema/underhaldning ein eller fleire kveldar? (s. 5). Hugs matpakke og drikke for første dag! Første måltidet på leirskulen er middag kl.16.30. Før de reiser : Gje beskjed til leirskulen om evt. funksjonshemma elevar, og elevar med spesialkost tidlegast råd. Gjerne skriftleg (sjå side 11 og vedlegg 1). Sjekk at transporten er ordna (sjå side 11). Fyll ut vedlegg 1, 2 og 3, gjerne på PC, og send kopi av listene til leirskulen, ei til to veker før opphaldet.. Send gjerne vedlegga på e-post. Gå inn på www.gullingen.no og bruk oppskrifta vår der. Få underskrift frå føresette m.o.t. bading og lavvu. Ta desse papira med når du kjem til leirskulen. Forslag til skriv heim finn du i vedlegg 4. Ta gjerne kontakt med leirskulen veka før opphaldet, for ein siste sjekk av detaljar (me er lettast å nå mellom 08.00 09.30). Ta med deg minnepenn til leirskulen (s. 11) 12

6. VEDLEGG fyll ut og send til leirskulen Dei siste sidene er skjema for romplassering og arbeidsoppgåver på leirskulen. De som lærarar på heimskulen må fylle ut skjemaene og sende dei i retur til leirskulen 1-2 veker før opphaldet fin stad. Sende vedlegga på e-post? Om ein vil nytte pc, kan ein gjere dette slik: 1. Bruk fila: Info og arbeidsoppgåver vedlegg, som du har fått på e-post. (ligg også på heimesidene våre under lærarportal) 2. Fyll inn 3. Lagre på eigen pc gjerne med nytt namn (skulenamnet og vekenr) 4. Send som vedlegg til gullingen.leirskule@suldal.kommune.no Dersom de skriv for hand i dette heftet, scann inn sidene og send på e-post, ev. brev. Postadresse: Gullingen leirskule, Gullingvegen 87, 4230 SAND Lukke til med planlegginga av leirskuleopphaldet på Gullingen leirskule. Skisse over leirskulen Hausten 2014 har vertskapet pussa opp 3 av 4 fløyer. Me på leirskulen, og elevar/lærarar som har vore her, er svært godt nøgde med resultatet. Sjå ny skisse på neste side. 13

14

Vedlegg 1 GENERELL INFORMASJON Fyll ut og send til leirskulen på E-post (gullingen.leirskule@suldal.kommune.no), fax eller brev, saman med dei andre listene, 1 2 veker før opphaldet. Skule : Vekenr. : Telefon : Faktura- Opplysn.: Namn, ref.nr, og adresse Klassesteg: Tal elevar: Tal vaksne: Ankomst Gullingen (klokkeslett): Avreise Gullingen (klokkeslett): Busselskap + tlf.nr: Namn på lærarar/føresette : Elever med særskilde behov (funksj.h. / spesialkost): (evt. Spesifiser på eige dokument) Tema ønskje frå klassen/skulen? Har de som skule valgt noko prosjekt? Lån av turutstyr og klede : Får elevane bade/bekkevandre? (Vår/haust) Sove i lavvu på leirskulen? (heile året) Leirskulen kan nytte bilde på internett/informasjonsmateriell OK? (heile året) Ønskjer klassen/skulen å motta tilbod om Leirskuledagboka? (Heile året) Kveldskøyring i Alpinsenteret (Min. 20 elevar) (Vinter) 15

ARBEIDSOPPGÅVER PÅ LEIRSKULEN Fyll inn med namn og send til leirskulen. KJØKKENTENESTE Vedlegg 2 (to sider) Frukost (07.30) : Middag (16.00) : Kveldsmat (20.00) : Frukost : (Berekne 1 pr. 10 elevar.) Plassèr romvis for enklare vekking. (Minst 2 pr. fløy) Middag : (Berekne 1 pr. 8 elevar.) - Vekke dei andre elevane før de går til kjøkkenteneste. Banke på dørene vent på svar. - Dekka på borda, servere mat, rydda av borda og vaska over golvet. - Dekka på borda, servere mat, rydda av borda og vaska over golvet. - Henta maten i resepsjonen og bringa han ned på fløyene. - Dekke på i stovene, rydda av borda, vaske opp og feie golvet til slutt. - Bere ev. restar opp til resepsjonen. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag (Minst 2 pr. fløy) Kveldsmat A-fløy (3-4 elevar) Kveldsmat B-fløy (3-4 elevar) Kveldsmat C-fløy (3-4 elevar) Kveldsmat D-fløy (2-3 elevar) FØREBUING TIL DAGEN (8.45-9.00 møt i kjellaren) Døme på oppgåver gitt av leirskulelærar: Rydding, pakking av ved og utstyr, med meir. 2 elevar frå kvar fløy: Tysdag Onsdag Torsdag 16

REINHALD OG RYDDING (08.30 09.00) Toalett/dusjer: Vaska toaletta med blå fille. Tørk speil og vask, kast søppel og vask golvet til slutt med grå fille. Ganger/tørkerom: Kosta golvet. Tørke opp vatn med grå fille viss det er vått. A-fløyen : Toalett : Herrar Toalett : Damer Forgang + bøttekott Soveroms-gang Tørkerom B-fløyen : Toalett : Herrar Toalett : Damer Forgang + bøttekott Soveroms-gang HK-toalett+Tørkerom C-fløyen : Toalett : Herrar Toalett : Damer Forgang + bøttekott Soveroms-gang HK-toalett+Tørkerom D-fløyen : Toalett : Herrar Toalett : Damer Forgang + toalett Fløygang + bøttekott Tørkerom Tysdag Onsdag Torsdag ORDENSVAKTER (21.00 22.30) Peisestove-vakt : Vakt i utstyrsrom/ Klasserom : 2 elevar pr. vakt. A/B fløy : Peisestove-vakt Ansvarleg for orden i peisestovene. Sjå til at peisestova blir rydda på slutten av kvelden. Kaste søppel og feie golv. Sjå til at klasserommet blir rydda etter ulike kveldsaktivitetar og at benkane er på plass. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Klasserom/utstyrsrom C/D fløy : Peisestove-vakt Klasserom/utstyrsrom 17

ROMPLASSERING - ny A- og B-fløy - Merk tydeleg kor lærarar bur og send kopi til leirskulen. Vedlegg 3 (to sider) Elevrom: Alle rom har no 4 sengeplassar. Fyll opp med 4 elevar på kvart rom, så langt som råd. Ikkje bruk fleire rom enn naudsynt. (reinhald/straum-sparing). Fyll opp 1. fløy, før neste tas i bruk. HK - Tilrettelagt for funskjonshemma LL - Lærarrom m. eige dusj/toalett skal normalt berre brukast av vaksne, med 1 rom til kvar lærar. A-FLØYEN : Antal elevar : Antal lærarar : A1 LL kun vaksne A2 LL kun vaksne A3 LL - kun vaksne A4 A8 A5 A9 A6 A10 A7 A11 B-FLØYEN : Antal elevar : Antal lærarar : B4 LL kun vaksne B5 LL kun vaksne B6 LL - kun vaksne B1 (HK) B8 B2 (HK) B9 B3 (HK) B10 B7 B11 Nytt skjema etter full-oppussing hausten 2014 18

ROMPLASSERING C- og D-fløy Merk tydeleg kor lærarar bur og send kopi til leirskulen. Elevrom: Alle rom har no 4 sengeplassar. Fyll opp med 4 elevar på kvart rom, så langt som råd. Ikkje bruk fleire rom enn naudsynt. (reinhald/straum-sparing). Fyll opp 1. fløy, før neste tas i bruk. HK - Tilrettelagt for funskjonshemma LL - Lærarrom m. eige dusj/toalett skal normalt berre brukast av vaksne, med 1 rom til kvar lærar. Antal elevar : Antal lærarar : C4 LL kun vaksne C5 LL kun vaksne C6 LL - kun vaksne C1 (HK) C8 C2 (HK) C9 C3 C10 C7 C11 Nytt skjema etter full-oppussing hausten 2014. Berekna ferdig medio oktober 2014 D-FLØYEN : Antal elevar : Antal lærarar : D1 D6 2 senger 4 senger D2 D7 3 senger 4 senger D3 * 3 senger D4 2 senger Lærar: D5 3 senger * D3 brukast kun ved behov. Rommet ligg vegg i vegg med personal-leiligheit. Planlagt oppussa i løpet av sommaren 2015. 19

Vedlegg 4 BREVMAL TIL DEI FØRESETTE Redigera dette dokumentet til dykkar skule og årstid før de sender dette ut til føresette. Du finn heftet (og denne sida) til nedlasting (Word) på vore nettsider. LEIRSKULEOPPHALD PÅ GULLINGEN Dei beste bilda frå leirskuleveka brukast på internett/informasjonsmateriell, mellom anna i ein aktivitetslogg på våre heimesider. Leirskulen følgjer datatilsynet sine retningslinjer av 04.03.08. Bilda er utan namn på elevar, og bilda fokuserar på aktivitet ikkje personar. Dersom skulen ikkje har avklart utlegging av bilde av elevar i skulesamanheng, bør dei føresette gje samtykkje til dette før leirskulen legg ut bilde. I samband med opphaldet på Gullingen Leirskule vil elevane få tilbod om å bade i Mosvatnet dersom dei har lov frå ein føresett. Bading vil skje under tilsyn av ein vaksen med godkjend livredningskurs. Om dei får lov av føresette, vil dei òg få tilbod avslutningskvelden om å gå/skli i bekken ikledd regnklede og støvlar. Elevane kan òg få tilbod om å overnatte i sametelt eller Bålstove. Dei ligg normalt utan vaksne tilstades, men teltet/huset er plassert i nærleik til leirskulen. Elevane blir på førehand informert om kva reglar som gjeld og korleis dei skal kle seg. Vår erfaring med overnatting er svært god. Dei lærer både om det å overnatte ute og å ta ansvar for seg sjølv og andre. Dersom skulen og dei føresette ynskjer det, kan elevane på vinteren nytta seg av kveldskjøring i Gullingen alpinsenter. Slalåmbakken, som er rekna for å vere krevjande og difor ikkje egna for urøynde elevar, er normalt ope ein kveld i veka. Elevane køyrer da på eige ansvar og må kjøpe ordinert heiskort. Leirskulen brukar ikkje alpinsentret i undervisningstida. Eleven sitt namn Leirskulen kan nytte aktivitetsbilete på Internett/informasjonsmateriell Kan bade/bekkevandre (haust og vår) Kan overnatte i lavvu (heile året) Kan køyre i alpinsentret Dato underskrift av føresett 20

Gullingen leirskule 4230 SAND Tlf: 52 79 08 70 Fax: 52 79 99 37 E-post: gullingen.leirskule@suldal.kommune.no www.gullingen.no Me anbefaler ein kikk innom heimesidene våre. Her vil du i tillegg til skriftleg informasjon også finna ein god del bilete. Følg oss også på Facebook: https://www.facebook.com/gullingenleirskule Det er Suldal kommune som driv leirskulen. I areal er Suldal den største kommunen i Rogaland. Mykje av dette er fjellområde. Det bur omlag 3900 menneske her. Kommunesenteret er Sand som ligg 20 km frå Gullingen. Meir informasjon finn du på www.suldal.net 21