VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN PLAN FOR VERKSEMDA 2011-2012
Visjon Vanylven kommune skal ha ein kulturskule der barn og unge i og utanfor skuletida får utvikle sine sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med på å styrke barn og unge sin sjølvtillit, og gje glede i livet. HISTORIE Vanylven kommunale musikkskule vart oppretta hausten 1981. Det første tilbodet var musikalsk førskule. Hausten 1982 vart det så starta opp med instrumentalundervisning. I skuleåret 1999 / 2000 skifta musikkskulen namn til Vanylven musikk og kulturskule. Samstundes vart drama / teater teke inn som tilbod i tillegg til instrumentopplæring og musikkførskule. Frå 2005 er namnet endra til Vanylven kulturskule. FORMÅL Det grunnleggande synet i kulturskulen er at alle elevar har rett til å få opplæring i musikk og andre kunstfag i samsvar med dei evner og føresetnader den enkelte har. Undervisninga må ta utgangspunkt i at alle menneske har behov for å gje uttrykk for følelsar, tankar og fantasiar gjennom musikk, dans, drama eller bilde. KULTURSKULEN HAR SOM FORMÅL: e Å utvikle musikalske og skapande evner hos elevane, og fremje deira oppleving av og forståing for musikk og andre kunstfag som almenmenneskeleg og kunstnarleg uttrykksform. e Å utvikle elevane sin dugleik innanfor kunstfaga utifrå den enkelte sine føresetnader, slik at dei først og fremst får ein meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet, dernest eit godt grunnlag for yrkesval innafor kunstfaga. e Å skape aktive lyttarar / tilskodarar som er i stand til å velje innafor det mangfald av kulturtilbod som finst i samfunnet. e Å vere ein ressurs for skuleverket og musikklivet elles i kommunen i arbeidet med å oppnå best muleg opplæring, og fremje interesse for musikk og andre kulturfag i nærmiljøet. 2 3
Oversikt Søknader hausten 2011 Tildelte plassar / venteliste MUSIKALSK FØRSKULE Musikalsk førskule er lagd til 2.trinnet i skulen. Dette er eit tilbod om generell musikkopplæring / aktivitet, med notelære, blokkfløytespel, rytme, song, songleikar og dans. Det er musikalsk førskule på Eidså skule, Fiskå skule, Rovde skule og Åheim skule. Instrumentopplæring Tildelt Venteliste Aspirantar til korpsa, 1.og 2. års 14 Gitar, el-gitar, bassgitar 49 Piano 8 Kyrkjeorgel 1 Keyboard 5 Tverrfløyte 4 Trekkspel 17 Fiolin 4 Musikalsk førskule, 2.klasse 15 Song 14 Band 0 2 Særleg tilrettelagde tilbod 2 Lærar er Bente Sundnes. Dans I førskulealder 3 3 I skulealder 6 6 Teater 6 Teikning / Form / Farge 5-9 klasse 12 Elevplasar, søknader i alt 160 Av desse er på venteliste: 11 Ein del elevar søkjer to eller tre tilbod. Difor er tal elevplassar høgre enn tal elevar. Tal elevar 138 Både elevplassar og elevtal er noko lavare enn forrige skuleår, størst nedgang er det på dans og teaterfaga. Talet på instrumentplassar er om lag det same som i fjor. Aktivitetane 4 5
ASPIRANTOPPLÆRING TIL KORPSA Kulturskulen underviser 14-1. og 2. års aspirantar. Undevisninga føregår på Åheim, Fiskå og i Syvde, og aspirantane høyrer til dei respektive korpsa. Aspirantopplæringa er to-årig, og vanlegvis når elevane er i 3. og 4.klasse. GITAR / BASSGITAR / EL-GITAR Det er 49 søkjarar til gitarinstrumenta. Undervisninga foregår i Syvde, Fiskå og Åheim. Lærar er Lucian Gradinaru, med fem års gitarutdanning frå Romania. Lucian underviser både klasisk gitar og rock / el-gitar og bass. Alder: frå 3.klasse Instruktørar er Judi Aahjem, Malin Nordal og Magne Sørdal. STRENGEINSTRUMENTA 6 7
FIOLIN Det er fire elevar som spelar fiolin. Lærar er Sølvi Erviksæter Sjåstad, med erfaring frå både klassisk og folkemusikktradisjonen i Nordfjord. PIANO Det er i dette skuleåret 8 søkjarar til piano. Lærar til piano-elevane er Brunhilde Engelhardt nyleg tilsett organist i Vanylven. Undervisninga er i Syvde og på Fiskå. Brunhilde underviser også ein elev på kyrkjeorgel. Alder: frå 3.klasse. Alder: frå 3.klasse KEYBOARD 5 elevar har søkt om undervisning på keyboard. Undervisning i Syvde og på Fiskå. Lærar er Magne Sørdal. Aktivitetane 8 9
TVERRFLØYTE TREKKSPEL Trekkspel har lang tradisjon i Kulturskulen. Det er dette året 17 søkjarar til trekkspelundervisninga. Lærar er Bente Sundnes. Trekkspelelevane er, i tillegg til den vanlege undervisninga, deltakarar på Distriktmesterskapen for trekkspel anten i Nordfjord eller i Møre og Romsdal. Det er 4 elevar som spelar tverrfløyte dette året. Lærar er Malin Nordal. Alder: frå 3.klasse. Mange av dei reiser også på trekkspel-leir i lag med Bente, noko som er både utviklande, inspirerande og morosamt. Trekkspelarane er også deltakarar på ymse tilstellingar i kommunen som Solsikkedagane, Kostarikjedagane osv. Alder: frå 3.klasse. 10 11
TEATER TEIKNING / FORM / FARGE Det er 14 søkjarar dette året, fordelt på to klasser. Lærar er Anne Håberg. DANS Det er i år 6 elevar som har teater som fag. I forrige skuleår var det 28 elevar i alt, 7 av desse på ei gruppe tilknytta DUS (Den Unge Scene), som er knytta til Teateret Vårt i Molde, og med framsyning der som den store fianalen. Stykket dei arbeidde med var Super av Knut Nærum. Den største gruppa valde Alice i Eventyrland dette året. Instruktør er framleis Marianne Løseth, freelans skodespelar og teaterinstruktør frå Syvde og Bergen. Årets gruppe har ikkje teke stilling til stykke enno, men et vert truleg dramatisering av eventyr. Biletet er frå fjorårets oppsetting av musikalen Alice i eventyrland, som vart ein stor suksess med to åpne framsyningar og to fullsette skuleframsyningar, slik at om lag 500 publikum fekk sjå musikalen. Det har i skrivande stund ikkje lukkast å skaffe instruktør til dei 12 elevane som har søkt dans. Biletet er frå 3-5 års gruppa til Solveig Styve Holte, i forrige skuleår. 12 13
TILBOD TIL BARNEHAGANE SONG / DANS Dette er eit forholdsvis nytt tilbod til barneskule / ungdomsskuleelevar. Det viktige her er opplæring i stemmebruk og bruk av mikrofon til sang, men også litt koreografi i samband med opptreden. Sidan årsskiftet har kulturskulen hatt tilbod til borna i barnehagane, med eit omfang på ein halv klokketime pr veke. Lærar er Bente Sundnes og aktiviteten er allsidig med vekt på å aktivisere borna i musikalske samanhengar som song, dans, rytme, rørsle, eventyr. Lærar er Mihaela Gradinaru. Foto: Syvde Barnehage BARNEHAGANE 14 15
DIRIGENT - TENESTA AKTIVITETAR GJENNOM ÅRET Søknadsfrist til kulturskulen er 20.april, søkjarane får svar før sommarferien. Oppstarten er vanlegvis i veke 34. Foreldrebesøksveker i november og april. Kulturskulen har tradisjonelle konsertar rund om i bygdene i januar, og ein større felles konsert som avslutning i juni. Elles arrangerer skulen mindre konsertar i løpet av året, ved passande høve så som institusjonsbesøk, kyrkjekonsert, utstillingar etc. Grupper som har bildefag har utstilling ved slutten av skuleåret. Danseframsyning av dansegruppene to gongar pr år. Kulturskulen tilbyr dirigentar for kora/korpsa i komunen tilsetting, på den måten at dirigentane får ein arbeidsavtale med Vanylven komune i størrelse ca 12% stilling. Dette utgjer 135 min undervisning / direksjon pr veke gjennom skuleåret. Det synest fornuftig at kommunen lønnar undervisningsarbeidet, medan ekstra medgått tid til turar, opptredenar etc må kora/korpsa dekke sjølve i ei eller anna form. For denne tenesta betalar kora f.t kr 7500,- pr halvår, korpsa kr 6500,- pr halvår. Satsane er vedtekne av komunestyret. I inneverande år har Kulturskulen avtale om dirigentteneste med Fiakå skulekorps, Syvde skulekorps, Vanylven Blandakor, Åram damekor. I tillegg løyver kommunen tilskot til delvis dekning av dirigentutgifter for Rovde blandakor og Mannskoret FRENDAR. Biletet er frå ein av avslutningskonsertane 8.juni 2011, Fiskå Ungdomshus. 16 17
UNDERVISNINGSMENGD Undervisninga i kulturskulen fyl skuleåret elles, og inneheld såleis normalt 36 undervisningsveker pluss to konsertar / framsyningar. Undervisningstida er mellom 20 og 30 minutt alt etter alder og modning for enkeltelevar, og opptil 45 min for grupper. For teater og teikne-elevar er undervisningstida 90 min. For dans 45 min eller 60 min. REGLAR FOR ELEVANE Kulturskulen gjev undervisning ved hjelp av offentlege midlar. Dette medfører eit ansvar for eleven om korleis undervisninga han/ho får vert nytta. Reglar for elevane vedtekne av kultur - og oppvekststyret i Vanylven: o Dei som vert tekne opp som elevar, må binde seg for minst eit halvt år. Dersom ein elev ynskjer å slutte midt i eit semester, må han/ho betale for heile semesteret. o Det er høve til å seie opp plassen 15.desember. Skriftleg melding om dette må ligge føre innan fristen o Elevavgifta blir innkravd for eit halvt år om gongen. Denne vert ikkje refundert utan ved lengre tids sjukdom (meir enn fire veker) eller ved flytting frå kommunen. o Elevane må møte presis og godt førebudde til timen. Sjukdom eller annan gyldig grunn til fråver skal, om mogleg, på førhand gjevast melding om til lærar eller til rektor. Eleven kan ikkje få forsømde timar tilbake. o Dersom instrument som musikk-og kulturskulen eig vert påført skade, skal dette straks meldast til rektor. Dersom skaden skuldast hærverk/ dårleg behandling, må elevane sjølve betale for reparasjonen o Ved gjentekne fråver etter kvarandre utan melding, ved manglande interesse for skulearbeidet, eller av disiplinære årsaker, kan lærar, etter samråd med rektor, vise bort elevar frå undervisninga. ØKONOMI Økonomien for kulturskulen er knapp. Vi har ingen elevar på venteliste som fylgje av økonomien, men det er på grun av nedgang som før nemt i talet på søkjarar, særleg i dans og teater. Brutto lønsbudsjett er på om lag 1,4 mill kroner. Dette dekkjer rektorstilling i 50%, og om lag 320% stilling til undervisning og direksjon. Netto utgift for kommunen til kulturskulen er om lag 1,8 mil.kr. Brukarbetalinga er på om lag 400.000 kroner. ELEVBETALING / EIGENANDEL Musikalsk førskule kr. 750,- pr halvår Andre aktivtetar Egenandel kor: Egenandel korps kr. 1100,- pr halvår kr. 7500,- pr halvår kr 6500,- pr halvår Vi gjev syskjenmoderasjon med 25% for andre og 50% for tredje syskjen. Vi gjev også moderasjon for deltaking i fleire fag. Eigenandelene er vedtekne for 2011, med ein auke på om lag 10% i høve til 2010. 18 19
MEDARBEIDARANE % st. Arbeidsområde Gunn Torill Stubmo 11,56 Dirigent Syvdeklang Anne Håberg 12,84 Teikning / form / farge Lucian Grandinaru 100 Gitar, klassisk og rock, bassgitar Mihaela Gradinaru 29,12 Song Brunhilde Engelhardt 26,97 Piano, kyrkjeorgel, dirigent Damekoret Lett blanding Marianne Løseth 7,70 Teater Sølvi Myklebust 11,56 Dirigent, Vanylven Blandakor Malin Nordal 7,70 Tverrfløyte Judi Aahjem 1,65 Aspirantgruppe Åheim Sølvi E. Sjåstad 7,70 Fiolin Bente Sundnes 58,65 Musikalsk førskule, trekkspel, underv. i barnehagane Aina Wefring 11,56 Dirigent Fiskåbygd skulekorps Marianne Løseth Teater Tlf : 97673515 e-post: mariloes@online.no Brunhilde Engelhardt Piano, kyrkjeorgel, dirigent Damekoret Lett blanding Tlf: 47678867 e-post: bruniengelhardt@hotmail.com Magne Sørdal 80 Rektor 50%, aspirantgrupper Syvde og Fiskå, keyboard Malin Nordal Magne Sørdal Rektor 50%, aspirantgrupper Syvde og Fiskå, keyboard Tlf: 70030405 e-post: magne.sordal@vanylven.kommune.no Tverrfløyte Tlf: 91999617 e-post: nordal.malin@hotmail.com Kontortid: tysdag og torsdag 08.00-16.00 onsdag 08.00-12.00 Mihaela Gradinaru Song Mobilnr: 97403447 Lucian Gradinaru e-post: husanumihaela@yahoo.com Gitar, klassisk og rock, bassgitar Tlf: 41571190 e-post: lucian_gradinaru@yahoo.com 20 21
MUSIKKBINGEN Sølvi E. Sjåstad Fiolin Mobilnr: 99746440 e-post: solvi@ystebakk.no Bente Sundnes Musikalsk førskule, trekkspel, underv. i barnehagane Tlf: 70021440, Mobilnr: 95211985 Hausten 2009 fekk Vanylven kommune musikkbinge, som barn og unge kan benytte til øvingsaktivitet. Bingen er plassert ved Myklebust skule, men vil sjølvsagt vere til benyttelse for alle i kommunen. Bingen er lydisolert, oppvarma og ca 30m stor. Den er utstyrt med bandutstyr slik som forsterkarar, sanganlegg, trommer osv. Utlån vert administrert gjennom kulturskulen, og vask ein gong i veka går også over kulturskulen sitt lønsbudsjett. Bingen er finansiert gjennom statleg tilskot og ein eigenandel frå komunen. Den er først og fremst tenkt å tene det sjølvstendige musikklivet i kommunen, men kulturskulen brukar den ein del, og grunnskulen ved behov. Bingen er i bruk dei fleste dagane i veka, men der er rom for enno meir aktivitet. e-post: bentesundnes@gmail.com Anne Haaberg Teikning / Form / Farge Tlf: 70028123, Mobilnr: 41255542 e-post: anne.haa.g@hotmail.com Biletet er frå opninga av Musikkbingen. Judi Aahjem Aspirant Tlf: 99433417 22 23
ADMINISTRASJON Rektorstillinga er på 50% av full stilling. Dette skuleåret har rektor kontordag heile tysdag, onsdag til klokka 12.00, og heile torsdag. TILKNYTING Vanylven Kommune er medlem i Norsk Kulturskuleråd. Dette er svært verdifullt sidan kulturskulen då får delta i samarbeidet med andre kulturskular, tilgang til kurs og utviklingsarbeid i regi av kulturskulerådet, først og fremst i Møre og Romsdal fylke. Kulturskulerektorane på Søre Sunnmøre (7-stjerna) har i tillegg oppretta sitt eige nettverk for samarbeid, med faste samlingar minst to gonger pr år i tillegg til uformell kontakt langsmed. I dette forumet drøftar ein alt frå vegen vidare for kulturskulane til felles problemstillingar i kvardagen, og det er ein svært nyttig møtestad for kulturskuleleiarane som er åleine i kvar sin kommune. STYRINGSDOKUMENT Rammeplan for Kulturskolen : På vei til mangfold (2003) SLUTTORD Kulturskulen er eit svært viktig tilbod til born og unge i Vanylven. Oppslutninga viser dette. 160 elevplassar delte ut på om lag 140 elevar fortel at born og unge brukar kulturskulen i stor grad. Gjennom dirigent-ordninga og tilskot til kor og korps støttar komunen i tillegg omlag 200 av innbyggarane sin aktivitet, slik at tilsaman godt over 400 nyt godt av tilboda kommunen gjev gjenom kulturskulen. Det er difor svært viktig, på brukarane sine vegne, at politikarar og administrasjon også framover vil tilføre kulturskulen det som trengs for å kunne gje tilbod om kulturopplæring med breidde og god kvalitet. Syvde 06.september 2011... Magne Sørdal rektor Foto: Mihaela Gradinaru og Magne Sørdal 24 25