HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule.informasjon februar 2010 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2. og 4. E-post: post.motland.skule@ha. kommune.no Internettadresse: www.ha.no/mot Rektor: Eivind Galtvik 51798382/41532639 Lagleiarar: Tone Lise Sundvor Bergljot G. Aunet Liv Årrestad Bø Vaktmeister: Erlend Høyland Sekretær: Beathe H. Fjeldheim Bibliotek: Kari Thu 51798379 Helsesøster: Ingvild Lye Skretting Tannlegekontor Nærbø:51799920 PPT: 51799770 Informasjon ang. SFO Feriar: Det vert tilbod kvar dag i vinterferien (Gjeld dei som har meldt seg på). I påskeferien vert det kun tilbod måndag 29. mars. Dei andre dagane var det ikkje nok påmelde. Tilbodet i feriane er alltid på Bø skule og opningstida er frå kl.07.30-15.00. Oppseiing: Viss de ønskjer endring i tilbodet for resten av dette skuleåret eller for neste skuleår, må vi ha melding om det før 1. april. Elevar i 1. 3. klasse vil automatisk ha det same tilbodet viss vi ikkje får melding om noko anna. 2. trinn (3. neste år) må spesielt vera klar over at dersom barnet har heil onsdag i SFO no, vert dette automatisk vidareført til kl. 11.00 16.00 på 3.trinn dersom skulen ikkje får beskjed om noko anna. Bokveka I år som i fjor set vi fokus på lesing siste veka før vinterferien. I år er temaet VENSKAP. Kvar dag skal vi lesa om venskap, diskutera temaet og vera gode vener med kvarandre. Aktuelle diskusjonstema kan vere: Seier ein god ven alltid JA,? Kva er skilnaden på ein ven og ein besteven,? Kva svarar vi om nokon spør om å få vera med? Elevane skal og laga tekstar om venskap, og det vert stilt ut mange kloke ord om venskap i området ved hovudinngangen og kantina. Fredag siste økt vert det felles avslutning i aulaen med dramatisering og felles song. Alle er velkomne til å vere med!
Brukarundersøkingar Det er igjen tid for brukarundersøkingar. Undersøkingane vert gjort for å gje skulen tilbakemeldingar på kva som er godt og kva vi må arbeide vidare med. I 2009 fekk vi mange gode tilbakemeldingar frå elevane. Spesielt bra var det at elevane meinte det var mindre mobbing enn tidlegare. Sjølv om det var eit godt resultat, er det fortsatt elevar som seier dei opplever mobbing på skulen. Det er viktig at skulen tek dette på alvor og saman med heimen finn gode løysingar. Målet er at det ikkje skal vere mobbing i det heile på Motland. Elevundersøkinga vert gjennomført på skulen for alle elevane som går i 5. 7. klasse. Når det gjeld foreldreundersøkinga oppmodar eg alle til å svare på denne. Vi skal diskutere i FAU korleis vi praktisk skal leggje til rette for undersøkinga, så vi kjem tilbake til det seinare. Foreldremøte No er det snart klart for foreldremøte på trinna igjen. Dei fleste av møtene vert lagt til perioden mellom vinterferien og påskeferien. Det er lærarane på trinnet saman med klassekontaktane på trinnet som planlegg innhaldet på foreldremøtet. Klassekontaktane har bestemt at på møtet i mars skal det vere ulike tema som vert diskutert. Desse tema er: 1. Lesegleder (Tone Lise Sundvor) 2. Matematikk strategiar (Margit Askeland) 3. Trygg trafikk 4. Mat og helse/fysisk aktivitet 5. Pubertet 6. Barnevakten: nettvett og mobilbruk 7. Rus, narkotika Tilpassa skulestart Elevane som skal starte på Motland skule hausten 2010 har starta opp på tilpassa skulestart. Dette er ei ordning vi etterkvart har god erfaring med. Ungane kjem i grupper ut frå kva barnehage dei tilhøyrer. Kvar unge vil vere her på skulen fem onsdagar frå februar til juni. Det er lærarane som skal ha elevane når dei startar her til hausten som har opplegget. Kulturskulekonsert Onsdag 17. februar vil elevar frå kulturskulen ha to konsertar i Aulaen på skulen. Dette er elevar som går på Motland skule. Konsertane er klokka 09.00 og 10.00. Jungelboken Også i år vil Hå kulturtorg sette opp ein musikal på Motland skule. I 2009 var det musikalen ANNIE og dette året er det Jungelboken. Hå kulturskule si musikallinje presenterer Disney s Jungelboken. Det blir ei førestilling med svingande og god musikk. Tidspunkt for førestillinga er torsdag 18.mars kl.18.00 og fredag 19. mars kl. 18.00.
Ski og akedag Fredag 5. februar hadde vi ski og akedag på skulen. Det er ikkje ofte ein kan ta på seg skia i skulegarden og gå derifrå. Elevane i 2.- 4 var enten i akebakken eller på jordet sør for Ringvegen (Motland sør), elevane i 5.- 7. var i Hanabergsmarka. Både store og små koste seg enten dei var på ski, akebrett eller ved leirbålet. Alle bileta i Motlandsnytt er frå denne dagen. Vinterferie No er det snart vinterferie. Håper alle får fine dagar enten de skal vere heime eller de skal på tur. Uansett er det flott med vinterdagar der det er mogleg å gå på ski. Eg vil ønskje alle ein fin vinterferie! Eivind Galtvik -rektor