KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK?

Like dokumenter
KORLEIS FORMIDLE EIT KULTURLANDSKAP?

Kvernsteinslandskap i Norge Millstone et tverrfaglig forskningsprosjekt

Kurs: Lær å legge kavlveg. Surnadal kommune

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

BACHELOR I TRADISJONELT BYGGHÅNDVERK OG TEKNISK BYGNINGSVERN

Last ned Nidarosdomens grunnfjell - Per Storemyr. Last ned

SVERRESBORG. Seminarprogram Magasin under krevende klimatiske forhold. Svalbard Museum. Longyearbyen 24., 25. og 26. august 2009

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Vår felles fjordarv vår grøne framtid

Læring i vitensentre og museer med fokus på naturfagdidaktikk

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Rådgjevarkonferansen 2009

SMÅSKALA OPPLEVINGSNÆRING

PÅMELDINGSFRIST 18. mars

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

HANDKVERNER OG VASSKVERNER s. 4 1/ AVSLAGSHAUGAR s. 6 2/ SPOR UNDER BRUA s. 8 3/ HOGGING I FAST FJELL s. 10 4/ ARKEOLOGISKE FUNN s.

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

Den kulturelle skolesekken

Forbundet KYSTENs landsstevne 201.

Fylkesmannen inviterer i tett samarbeid med Bufetat, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet og KS til Barnekonferansen 2014.

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Forbundet KYSTENs landsstevne 2020

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Dialogmøte i regionane

Last ned Skulen på Mo Finn Borgen Førsund. Last ned

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ARKITEKTUR OG PEDAGOGIKK. Innlandskonferansen 2009

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

U t t a l e t i l N T P F r a m t i d i g l u f t h a m n s t r u k t u r

INTERNASJONAL STRATEGI

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

Vil du høyre om Helse Førde sine planar og utfordringar og vere med og drøfte framtidige løysingar?

Vestland Statistikk og utviklingstrekk

Norges Byggmesterforbunds Landsmøte 2015

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Trøndelag fylkeskommune Seksjon Kulturminner

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Sogn og Fjordane. Museum

Sommartur til Sverige,

Romsdal videregående skole

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap april 2007, Jæren

Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling. Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes

CALL FOR ABSTRACTS NORDISKE PERSPEKTIV PÅ SJUKEPLEIELEIING

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

H.M. Dronning Sonja sitt besøk til Selje 08. juli 2018

Hardangerkonferansen november

FAGKONFERANSE KONTROLL OG TILSYN HAUGESUND 3-4. JUNI 2014 ÅRSMØTE I FORUM FOR KONTROLL OG TILSYN 3. JUNI 2014

RAPPORTERING Den kulturelle spaserstokken 2016

Vitensenteret i Sogn og Fjordane

KULTURMINNEFORVALTNING

OKTOBER 15 VS APRIL 16

Invitasjon til Vårmøtet mars Nordfjord Hotell Nordfjordeid. Sogn og Fjordane Tannlegeforening

Ny, heilskapleg verdsarvpolitikk - høyringsfråsegn

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Invitasjon til fagseminar og generalforsamling NBLF

Vgs-tilbodet i Nordfjord

KJØL. Museer og kulturhus viser film, arkivene bevarer film, bibliotekene låner ut film og filmskaperne lager film.

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

Prosjektbeskrivelse. Hammerfest april

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

HAFS-Regionråd UNESCO-Park-Studietur til Italia og Sveits

Bli lærling i BYGGOPP

SOGN OG FJORDANE SYMPOSIUM OKTOBER 2011 FYLKESHUSET, LEIKANGER

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Opplev Svalbard et av verdens mest eksotiske reisemål

GEOLOGI. En reise til jordas indre. På Sagaøya Leka

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

september Etterutdanningskonferanse

NM veteran innandørs Leikvang Friidrettshall Åsane bydel Bergen mars 2012

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

Høstmøtet Oktober. Knutholmen Kalvåg. Sogn og Fjordane Tannlegeforening

Granvin herad. Planprogram for kommunedelplan kulturminne i Granvin herad

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Velkommen til Hardangerfjordseminaret 2012

Transkript:

KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? HYLLESTADSEMINARET 2015 25. 26. APRIL Det tradisjonelle og populære Hyllestadseminaret blir i år arrangert saman med sjølvaste Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR). NDR er landets fremste miljø innan steinhoggarhandverket. Vi får også besøk av andre handverkarar som skal snakke om og vise fram sitt fag. Det blir fleire innlegg om bevaring av immateriell kulturarv. I tillegg blir det som vanleg mykje sosialt og stor middag! Målet er å fremme forståing for steinhandverk i dagens Noreg, og å diskutere kva betydning dette har hatt og skal ha i framtida - også i Hyllestad. Gjennom kvernsteinsindustrien var bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhengige av, ikkje minst for å formidle historia til alle som besøker oss. Korleis gjer vi dette på lang sikt? Målsetjinga med Hyllestadseminaret er å spreie kunnskap om kvernsteinsdrifta og nærliggjande tema både innanlands og utanlands, og å gjere verda medvitne om kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvernsteinslandskapet. Det er ope for ALLE interesserte, både fag- og lekfolk. Meld deg på innan 11. april og vær vel møtt til ei spennande helg i Hyllestad! Musea i sogn og fjordane norsk kvernsteinsenter kvernsteinslauget folkeakademiet hyllestad

PROGRAM LAURDAG 25. APRIL STED: HYLLESTAD SKULE MØTELEIAR: MAGNE VELURE 09.30 Frammøte på Hyllestad skule Registrering, kaffe 10.00 Opning av seminaret Franziska Rüttimann Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter Musikalsk innlegg: Hyllestad og Fjaler Kulturskule 10.20 Bevaring av handverk i Norge Magne Velure, Velure rådgjevning 10.50 Steinhoggarane kven var dei? Ein reise gjennom rom og tid. Per Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter 11.20 PAUSE 11.40 Fire steinhandverk og sine utøvare: Morten Kutschera, flintsmed Roy Harald Brendsdal og Torbjørn Løland, kvernsteinshogging Eva Stavsøien, steinhoggar for Nidarosdomen Per Gunnar Silseth, skrifthoggar 13.15 LUNSJ på Hyllestad Skule 14.00 Spasertur til Kvernsteinsparken 14.15 Handverkspresentasjon i Kvernsteinsparken med: Roy Harald Brendsdal Morten Kutschera Torbjørn Løland Per Gunnar Silseth Eva Stavsøien 15.15 Diskusjon i Storehuset 15.45 PAUSE 16.00 Omvisning i Kvernsteinsparken og demonstrasjon av handverk Elevar frå Hyllestad skule 17.00 Programslutt 19.15 19.45 Nettverksmøte med Kvernsteinskommunane, Hotel Sognefjord 20.00 MIDDAG på Hotel Sognefjord, Leirvik

PROGRAM SØNDAG 26. APRIL STED: HYLLESTAD SKULE 10.00 Handverk som immateriell kulturarv Atle Ove Martinussen, Museumssenteret i Hordaland 10.30 Korleis kan musea ta ansvar for handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv Gunnhild Systad, Musea i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Museum 11.00 PAUSE 11.15 Framtida av handverk i den moderne steinindustrien Tom Heldal, Norges Geologiske Undersøkelse 11.45 Avsluttande diskusjon 12.15 LUNSJ 13.15 Programslutt

FOREDRAGSHALDERE ROY HARALD BRENDSDAL Roy Harald Brendsdal er utdanna tømrar og jobber som det, samtidig som han går på fagskule, på linja byggfag. Som elev ved Hyllestad skule fekk han opplæring i mellom anna kvernsteinshogging og formidling av kvernsteinshistoria. Han etablerte svært ung sitt eige firma for produksjon av handkverner. Roy Harald Brendsdal er ein aktiv ungdom, som parallelt med litt anna også driv med kvernsteinshogging. Norsk Kvernsteinsenter bruker Roy Harald både i formidlings- og opplæringssamanheng. TOM HELDAL Tom Heldal er geolog og avdelingsdirektør ved Norges geologiske undersøkelse (NGU). Han har arbeidd med blant anna nye og gamle steinbrot i 30 år og er ein av Noregs fremste ekspertar på temaet. Han har kartlagd steinbrotlandskapet i Hyllestad, vore sentral innan utvikling og gjennomføring av store FoU-prosjekt om gamle steinbrot og har også ei stor interesse for formidling av geologi. MORTEN KUTSCHERA Morten Kutschera er ein av Nordens fremste flintsmedar, ekspert på steinalderens teknologi og blant pionérane innan eksperimentell arkeologi i Noreg. Han driv for tida firmaet Kutschera Crafts, som har spesialisert seg på levande arkeologiformidling og produksjon av forhistoriske replika, men han har brei og mangeårig erfaring med populærvitenskapeleg formidling av arkeologi og kulturhistorie: utstillingar, nettressursar, skilting og tilrettelegging av kulturminner, TV-produksjonar, foredrag, undervisning, mm. Etter mange år med hovudfokus på Noreg og norsk materiale, har han i større grad begynt å jobbe internasjonalt. TORBJØRN LØLAND Formidlingsleiar ved Norsk Kvernsteinsenter. Har sidan tidleg på 1990-talet vore medverkande i utviklinga av det som i dag er Norsk Kvernsteinsenter. Han har spela ei sentral rolle i studie- og vidareføring av handverket knytt til kvernsteinshistoria i Noreg. Driv og sitt eige firma Åfjordstein, der han produserer funksjonelle handkverner samt suvenir- og bruksting som kan relaterast til kvernsteinshistoria. ATLE OVE MARTINUSSEN Utdanna historikar (cand. philol.) ved Universitetet i Bergen. Martinussen er direktør for Museumssenteret i Hordaland og har arbeidd før det ved Lillehammer museum (Maihaugen ) i Norsk håndverksinstitutt. Han har lang erfaring innanfor museumsarbeid og kulturminnevern nasjonalt og internasjonalt. Han har skrive fleire fagartiklar om immateriell kulturarv, vidareføring av tradisjonell handverkskunnskap, innovasjon og teknologi i norske og internasjonale tidsskrift. Han har arbeidd særlig med handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv med vekt på utvikling og verdiskaping. PER GUNNAR SILSETH Per Gunnar Silseth arbeidd med bearbeiding av stein sidan 1971. På 1980 og 1990-talet var han deltids faglærar på Fræna Videregående skule ved steinfaglinja der. Har sidan 1998 drive eige firma med skrifthogging og service på gravstein rundt om i Noreg.

FOREDRAGSHALDERE PER STOREMYR Per Storemyr er geoarkeolog og tok sin doktorgrad om forvitring og bevaring av Nidarosdomen i 1997. Han har arbeidd med gamle steinbygningar, steinbrot og bergkunst i 25 år, og har erfaring frå blant anna Noreg, Egypt og Sveits. Han driv sitt eige firma (www.per-storemyr.net) og er frå hausten 2014 også tilsett som førsteamanuensis ved Norsk Kvernsteinsenter. EVA STAVSØIEN Eva Stavsøien er restaureringsteknikar med steinhogging som hovudarbeidsområde. Ho tok utdanninga si hos Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) i Trondheim der ho fortsatt er tilsett. Ho har svennebrev i bearbeiding av stein og ei bachelorgrad i «Teknisk bygningsvern og restaurering». Eva Stavsøien har over tid utvikla ei spesiell interesse for det som blir kalla «taus kunnskap» i utøvinga av handverket; altså alle prosessar og avgjerder som er med på å bestemme utfallet av eit arbeid. Dessutan held ho no på med ei mastergrad i kulturminneforvaltning. GUNNHILD SYSTAD Gunnhild Systad er utdanna folklorist ved Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med mykje forskjellig innafor kulturhistorie, m.a. kulturminnevern i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei siste 20 åra har ho vore direktør ved Sunnfjord Museum, i dag ein avdeling i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Sunnfjord Museum er tildelt eit særleg ansvar for handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv innafor Musea i Sogn og Fjordane. MAGNE VELURE Magne Velure har arbeidd i og med museum i meir enn 40 år, med røynsle både frå Noreg og Sverige. Dei seinaste 20 åra har han vore knytt til Kulturdepartementet, der han m.a. har hatt ansvar for det store byggjeprosjektet på Vestbanen, der Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design skal få eit nybygg på over 54 000 kvm i 2019. Han har også brei røynsle med kulturpolitikk i UNESCO-samanheng, m.a. konvensjonen om immateriell kulturarv frå 2003 og den såkalla 2005-konvensjonen om å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk. Arbeider no med konsulentoppdrag. Sjå nærare informasjon på www.jakobvelure.com. Fagnemnda for Hyllestadseminaret 2015: Atle Ove Martinussen, Direktør for Museumssenteret i Hordaland Norsk Kvernsteinsenter

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR PÅMELDING Send epost til post@kvernstein.no innan laurdag, 11. april 2015 DELTAKARAVGIFT (INKL. LUNSJ) 1 dag kr. 400 2 dagar kr. 700 Middag på Hotel Sognefjord er ikkje inkludert. Faktura vart sendt ut etter seminaret. OVERNATTING Hotel Sognefjord, Leirvik, www.hotelsognefjord.no, 5 km frå Hyllestad sentrum Lavik Fjordhotell, Lavik, www.lavikfjordhotell.no, 20 km frå Hyllestad sentrum Storelia hytter og motell, Sørbøvåg, 95 89 36 89, storlia.hytter@gmail.com, 10 km frå Hyllestad sentrum Ta kontakt dersom du får problem med overnatting, vi skal gjerne hjelpe til. REISE Fly Til Bergen (Flesland flyplass) eller Førde (Bringeland flyplass) Hurtigbåt Frå Bergen, Sogndal, Nordfjord til Rysjedalsvika (www.norled.no) Bussar Diverse ekspressbussar som stoppar i Lavik (www.ruteinfo.net) Taxi Leirvik Taxi, 57 78 81 00

KART TIL SØRBØVÅG HYLLESTAD SKULE STATOIL HYLLESTAD STOREHUSET I KVERNSTEINSPARKEN TIL LEIRVIK