MØTEINNKALLING Møtedato: 02.12.2016 Møtestad: Kommunehuset Smia i Hornindal Møtetid: Kl. 09:00 Eventuelle forfall til møtet skal meldast til sekretariatet i Gloppen kommune på tlf. 57 88 38 00. Forfall kan også meldast på e-post til: servicetorget@gloppen.kommune.no For medlemmene i Nordfjordrådet, og for dei som har møte- og talerett i rådet (rådmennene), ligg saklista til møtet også i møteportalen, som du finn link til på Gloppen kommune si heimeside. Saklista til møta i Nordfjordrådet skal elles vere tilgjengeleg på alle medlemskommunane sine heimesider, dvs. på heimesidene til Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy kommunar. Sandane 25. november 2016 Leidulf Gloppestad leiar Birte Fossheim sekretær
SAKLISTE: Sak nr. Sakstittel 034/16 Godkjenning av møtebok, innkalling, dagsorden og sakliste 035/16 Referat og orienteringssaker 036/16 Status frå ulike arbeidsgrupper i Nordfjordrådet 037/16 Profil for Nordfjordrådet 038/16 Møteplan Nordfjordrådet 2017 039/16 Framlegg til høyringsuttale om Rv 52
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Nordfjordrådet 02.12.2016 034/16 Avgjerd av: Nordfjordrådet Saksbehandlar: Birte Fossheim Arkiv: Objekt: Arkivsaknr.: 16/1190-1 Godkjenning av møtebok, innkalling, dagsorden og sakliste Møteboka frå Nordfjordrådet sitt møte den 3. oktober i Stryn i år blir lagt fram til godkjenning. Leiaren har sett opp slik dagsorden for dette møte: 09.00 Strategiplan Visit Nordfjord forankring av strategiske samarbeidsområde. Tilbakemelding på kommunane sine forventningar til Visit Nordfjord. Marita Lindvik - Visit Nordfjord og Ingvill Flo - PWC 10.00 Profileringsmateriell for Nordfjordrådet karrieremesser 2017 10.15 Møteplan 2017 10.25 Framlegg til høyringsuttale om Rv 52 10.30 Referat og orienteringssaker * Samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune * Status frå ulike arbeidsgrupper i Nordfjordrådet 11 12 «Pasientens helseteneste» og planar for investeringar i åra framover Terje Ulvedal - informasjonssjef Helse Førde, Tone Holvik - stadleg leiar Nordfjord sjukehus og utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven 12 12.30 Lunsj 12.30 Grøn næringsutvikling Mulegheiter for kommunar og bedrifter i Sogn og fj Jøril Hovland - Kunnskapsparken S&Fj Korleis legge til rette for næringslivet i vår region Kristian Todal Nordfjord Vekst Kva blir gjort i Nordfjord Geir Arne Solheim - Energigründer og leiar i Forum for Grøn Energi 14.00 Møte slutt 14.05 Bedriftsbesøk - Ekornes Grodås og GRS
LEIAREN SI TILRÅDING: 1. Nordfjordrådet godkjenner møteboka frå sitt møte den 3. oktober 2016 2. Nordfjordrådet godkjenner innkallinga og saklista til møte den 2. desember 2016
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Nordfjordrådet 02.12.2016 035/16 Avgjerd av: Nordfjordrådet Saksbehandlar: Birte Fossheim Referat og orienteringssaker Arkiv: Objekt: Arkivsaknr.: 16/1190 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/12773 I 15.11.2016 Sogn og Fjordane fylkeskommune Samarbeidsavtale for Nordfjordrådet og Sogn og Fjordane fylkeskommune 2016 og 2017 Orienteringssaker: 1. Strategiplan Visit Nordfjord forankring av strategiske samarbeidsområde. Tilbakemelding på kommunane sine forventningar til Visit Nordfjord. Marita Lindvik - Visit Nordfjord og Ingvill Flo PWC 2. Status frå ulike arbeidsgrupper i Nordfjordrådet 3. «Pasientens helseteneste» og planar for investeringar i åra framover Terje Ulvedal - informasjonssjef Helse Førde, Tone Holvik - stadleg leiar Nordfjord sjukehus og utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven 4. Grøn næringsutvikling Mulegheiter for kommunar og bedrifter i Sogn og Fj Jøril Hovland - Kunnskapsparken S&Fj Korleis legge til rette for næringslivet i vår region Kristian Todal Nordfjord Vekst Kva blir gjort i Nordfjord Geir Arne Solheim - Energigründer og leiar i Forum for Grøn Energi. LEIAREN SI TILRÅDING: Saka vert lagt fram utan tilråding.
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Nordfjordrådet 02.12.2016 036/16 Avgjerd av: Nordfjordrådet Saksbehandlar: Birte Fossheim Objekt: Arkiv: Arkivsaknr.: 16/1190-3 Status frå ulike arbeidsgrupper i Nordfjordrådet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: På møte den 3. oktober i Stryn vart det oppretta ulike arbeidsgrupper som skulle jobbe vidare med tiltak etter studietur og i samband med strategiplanen. Saksutgreiing: Heimeside og bruk av sosiale media for Nordfjordrådet: Det har ikkje vore halde møte i arbeidsgruppa. Avventar avklaring og diskusjon om profil for Nordfjordrådet i dette møte. Det har vore gjort utsjekk mot Sogn Regionråd som har eiga heimeside. Dei har brukt same leverandør (Acos) av heimeside som kommunane i Sogn har. Dagleg leiar er nettredaktør, og har brukarstøtte i kommunen. Visit Nordfjord har også presentert ei løysing for oss der Nordfjordrådet vert ein Channel site under Visit Nordfjord si heimeside nordfjord.no. Det vert avtalt møte i arbeidsgruppa før jul. Framtidig organisering av Nordfjordrådet: Det har vore eitt møte i arbeidsgruppa. Forslag som er diskutert er å endre dagens sekretærfunksjon i 50 % til 100% stilling som dagleg leiar frå 2018. Vi ser for oss at stillinga vert lyst ut og er open i forhold til lokalisering, men skal vere knytt til ein kommuneadministrasjon. Leiarrolla for rådet ser vi for oss skal gå på runde slik som i dag. Vi jobbar no vidare og ser på vedtektene for Nordfjordrådet opp mot denne saka. Tilbakemelding frå dei ulike kommunane si handsaming av overføringar til Nordfjordrådet i 2017 gir også eit viktig signal i denne saka. På møte den 3. okt. i Stryn vedtok Nordfjordrådet eit budsjett som la til grunn ei auke i kommunane sin kontingent frå kr 13 til kr 20 pr innbyggjar. Funksjonell fordeling og utvikling av ein fleirkjernestruktur: Det har vore halde eitt møte i arbeidsgruppa. Annlaug Kjelstad frå fylkeskommunen er deltakar i arbeidsgruppa. Vi ser det som positivt at fylkeskommunen ser ein kopling mellom analysen som Nordfjordrådet skal bestille og deira arbeid med Strategi senterstruktur og tettstadutvikling. Vi jobbar vidare i lag med fylkeskommunen på grunnlagsdata dei sit på som vi kan bruke i vår analyse. Basert på dette lagar gruppa ferdig utlysningstekst for analysen. Vi har også sett til Hallingdal som har gjort ein tilsvarande analyse, og diskutert kva vi vil legge til grunn i vår bestilling. Arbeidsgruppa vil ha sluttført bestilling før jul. Satsingar innan grøn og/eller kunnskapsbasert næringsutvikling
Arbeidsgruppa har ikkje hatt eige møte, men jobba med å nøste i nettverk og fagpersonar som vil vere til nytte for arbeidet Nordfjordrådet skal gjere. Grøn næringsutvikling er i fokus på dette møte i Nordfjordrådet, og etter det skal arbeidsgruppa planlegge vidare arbeid i forhold til strategiplanen. LEIAREN SI TILRÅDING: Saka vert lagt fram utan tilråding.
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Nordfjordrådet 02.12.2016 037/16 Avgjerd av: Nordfjordrådet Saksbehandlar: Birte Fossheim Profil for Nordfjordrådet Objekt: Arkiv: 430 Arkivsaknr.: 16/136-11 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I samband med profileringsmateriell som Nordfjordrådet skal lage til karrieremessene 2017, er det behov for nokre avklaringar. Saksutgreiing: Karrieremessene for 2016 vart evaluert i Nordfjordrådet på møte i april. Med bakgrunn i det har det for 2017 vore jobba opp mot personalnettverket for å planlegge profileringsmateriell og koordinere deltaking på karrieremessene for 2017. Visit Nordfjord sin profil vart lansert 8. september i år, og Nordfjordrådet har lagt vekt på at vi skal tilpasse oss den nye profilen. På eit arbeidsmøte med representanter frå Visit Nordfjord, personalnettverket, Ny Kunnskap AS og sekretær vart det diskutert kva profileringsmateriell vi skal lage for 2017. Det vart også stilt spørsmål om Nordfjordrådet kan bruke noko av profileringsmateriell Visit Nordfjord allereie har utvikla? Vegg som Nordfjordrådet brukte i 2016:
Vegg som Visit Nordfjord har laga som vi kan låne om vi vil: Logo for Nordfjordrådet: Økonomiske konsekvensar for Nordfjordrådet: Ingen. Sekretæren si vurdering: Det er nyttig med ei avklaring i Nordfjordrådet kva de legg i «tilpassing til den nye Nordfjordprofilen». Kva tenkjer vi om vår eigen logo? Og kor streng skal vi vere på at Nordfjordrådet sin logo skal vere med på alt vi lagar/står bak, eller kan vi gjenbruke profileringsmateriell som Visit Nordfjord har laga? Visit Nordfjord og Nordfjordrådet har tette band fordi vi begge vil profilere Nordfjord som ein attraktiv region å besøke, bu og arbeide i. Vi er likevel to adskilte organisasjonar med ulike roller, oppgåver og identitet, noko som bør gå fram i profileringsmateriell vi lagar. LEIAREN SI TILRÅDING: Saka vert lagt fram utan tilråding.
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Nordfjordrådet 02.12.2016 038/16 Avgjerd av: Nordfjordrådet Saksbehandlar: Birte Fossheim Møteplan Nordfjordrådet 2017 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Plan for møta i Nordfjordrådet i 2017. Objekt: Arkiv: 026 Arkivsaknr.: 16/159-13 Saksutgreiing: I 2016 har det vore gjennomført seks ordinære møte, og måndag har vore fast møtedag. Møta går på runde mellom dei ulike kommunane som deltek i rådet. Økonomiske konsekvensar for Nordfjordrådet: Ingen. Den kommunen som er vertsskap for møte, held lunsj til møtedeltakarane. Sekretæren si vurdering: Møteplanen for 2017 er planlagt med same nivå som i 2016 med seks ordinære møte, og måndag som fast møtedag. I 2016 var Nordfjordrådet på studietur til Hallingdal. Regionrådet i Hallingdal ønskjer å gjere gjenvisitt til Nordfjord våren 2017. Denne samlinga kjem i tillegg til dei ordinære møta. Forslag til møtedato er lagt inn i møteplanen vår, men ikkje bekrefta frå Hallingdal regionråd. Dato Møtestad 30. jan Gloppen 13. mars Selje 15. mai Stryn 30. og 31. mai Hallingdal regionråd Ytre Nordfjord 4. sept Eid 30. okt Hornindal 1. des (fredag) Vågsøy LEIAREN SI TILRÅDING: Nordfjordrådet vedtek følgjande møteplan for 2017: Dato Møtestad 30. jan Gloppen
13. mars Selje 15. mai Stryn 30. og 31. mai Hallingdal regionråd Ytre Nordfjord 4. sept Eid 30. okt Hornindal 1. des (fredag) Vågsøy
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Nordfjordrådet 02.12.2016 039/16 Avgjerd av: Nordfjordrådet Saksbehandlar: Birte Fossheim Objekt: Arkiv: Q12 Arkivsaknr.: 16/221-5 Framlegg til høyringsuttale om Rv 52 Ingen vedlegg. Saksutgreiing: Leiar i rådet, Leidulf Gloppestad, vil sende ei høyringsuttale til møtedeltakarane på e-post før møte. Økonomiske konsekvensar for Nordfjordrådet: Ingen. Sekretæren si vurdering: Høyringsuttalen er eit politisk innspel som ikkje treng nokon administrative vurderingar. LEIAREN SI TILRÅDING: Saka vert lagt fram utan tilråding.