HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule. Informasjon oktober 2009 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2.og 4. E-post: post.motland.skule@ha. kommune.no Internettadresse: www.ha.no/mot Rektor: Eivind Galtvik 51798382/41532639 Lagleiarar: Tone Lise Sundvor Bergljot G. Aunet Liv Årrestad Bø Vaktmeister: Erlend Høyland Sekretær: Beathe H. Fjeldheim Bibliotek: Kari Thu 51798379 Helsesøster: Ingvild Lye Skretting Tannlegekontor Nærbø:51799920 Open dag 5. november er årets dato for OPEN DAG. Også i år vil pengane vi samlar inn gå til den same barneheimen i Brasil, Lar de Padihla. Vi er stolte over å ha så godt samarbeid med Hei Verden organisasjonen, og dei er glade for Motland skule sitt engasjement. Arrangementet i år vil vere omtrent som i fjor. Dørene vert opna kl. 15.00 og da er det ulike aktivitetar i dei fleste romma på skulen. Vi har ein mal som seier noko om kva for aktivitet det skal vere på kvart trinn. Med dette vil elevane gjennom dei sju åra dei er elevar her på skulen gjere ulike ting når vi arrangerer OPEN DAG. Det blir sal av kaffi, brus, kaker, lappar, pølser m.m i både kantina og hallen. Også i år vil det vere underhaldning i aulaen. Det sett opp underhaldning på to ulike tidspunkt, 16.00 og 17.00. Underhaldninga er elevinnslag frå elevane på skulen. Håper det vert ein gild dag for alle saman! Tilsyn Open dag Når det er OPEN DAG forskyv vi skuledagen. Elevane på dei ulike trinna skal møte på skulen til litt ulike tidspunkt. (Sjå eige skriv). For dei minste elevane på 1.- 4. trinn er det tilsyn denne dagen frå klokka 08.00 til 15.00. Dei elevane som treng tilsyn må gje skulen melding om dette. Det er sendt ut eige skriv om dette, der det og er svarslipp med påmelding. Dette er viktig for at skulen skal vite kor mange vaksne som må vere her på dagtid. Attgløymde klede Den 5. november, på OPEN DAG vil vi også i år leggje fram klede som elevane har lagt igjen på skulen. I tillegg til skuleaktiviteten på dagtid, er det mange barn og unge her på ettermiddag og kveldstid. Nokre av dei attgløymde kleda høyrer nok til desse. Alle attgløymde klede som ikkje er merka vert lagt i K&H rommet. Dei attgløymde kleda som er godt merka er på basane til dei ulike trinna. PPT: 51799770
Sjakk Vi har eit samarbeid med sjakkpedagogisk forum om sjakk i midttimen. Sjakkpedagogisk forum består av sjakkspelande pensjonistar som tilbyr barneskulane instruksjon i midttimane. Det var to representantar frå sjakkpedagogisk forum som vart invitert til Motland. Dei presenterte sine idear, og skulen hadde lyst til å gå i gang med dette. Opplegget vart vidare presentert i FAU, som og var positive. FAU kjøpte inn sjakkutstyr for ca. 4000 kroner. Responsen frå elevane var stor. Om lag 100 elevar meldte seg på tilbodet, så vi måtte dele det opp i to grupper. På måndagar spelar elevar frå 5.-7. klassesteg og på tysdagar speler elevar i 3. og 4. klassesteg. Vi synes det er eit flott tilbod å gje elevane, og er glade for initiativet frå sjakkpedagogisk forum. Kvart skuleår vert det arrangert lagsjakk mellom skulane i Rogaland. Motland har meldt på to lag. Kvalifisering for finalespelet er i Ganddal bydelshus torsdag 28. oktober. For meir informasjon om sjakk, gå inn på www.sjakkped.com Gjensidige forventningar skule heim Dette var noko av det som eg tok opp på foreldremøte denne hausten. Motland skule er oppteken av å ha eit fellesskap med heimane på Nærbø. Som regel går alt greitt med barnet dykkar, mens det andre gongar kan vere vanskelege periodar. Eg som rektor på skulen er oppteken av at alle møte med foreldre/føresette vert positiv for foreldra samstundes som barnas trivsel og læring vert fremma. Eg vil oppmoda alle om å ta kontakt med skulen viss det er noko de vil diskutera. Leselyst, lesebasar Kvar haust prøver vi å ha eit felles leseprosjekt for heile skulen. Lesing er ein utruleg viktig ferdigheit for å lukkast på skulen. Ny forskning viser at dei gode lesarane vert skapt mest i heimen. Vi vil saman med heimen leggje eit så godt grunnlag som mogeleg for å skape leselyst og leseglede. 19.oktober - 12.november skal alle på Motland skule ha eit leselystprosjekt vi har kalla Lesebasar. Elevane får eit leselodd for kvar 5 timar dei har lese. Vi avsluttar med basar torsdag 12.november. Det vert flotte premiar som bøker, gåvekort og kinobillettar. Det vil og verta premie til den eleven som har lese mest på 1.-4.trinn og 5.-7.trinn. Eiga lesing er flott, men lydbøker og høgtlesing tel like mykje! Finn ei god bok og les i veg! Møte med klassekontaktane Tysdag den 29. september var det felles møte med alle klassekontaktane og leiinga på skulen. På dette møtet gjekk vi gjennom den permen som kvar klassekontakt har fått. Innhaldet i permen vart revidert og det vart gjort nokre små justeringar/presiseringar. Julegrøten som elevane får siste skuledag, vert organisert av skulen. Foreldremøte på våren er eit samarbeid mellom klassekontaktane og lærarane på trinnet. Skulen tek initiativ til møtet.
FAU Alle skulane i landet har eit foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skulen er medlemmer. I opplæringsloven står det: Foreldrerådet skal fremje felles interesser til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktiv del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval med representantar frå kvart trinn. Desse har møte saman med rektor omtrent ein gong i månaden. Viss du er oppteken av ei sak, er det fint om du melder dette til trinnet sin representant. Desse sit i FAU på Motland skule skuleåret 2009/10: 1. trinn: Espen Terland 2. trinn: Grethe Refsnes Johnsen 3. trinn: Espen Terland 4. trinn: Jan Erik Larsen 5. trinn: Janne Kristin Høyland 6. trinn: Johan Thue 7. trinn: Irene Roaldsøy David I år er det Jan Erik Larsen som er leiar og Grethe Refsnes Johnsen som er nestleiar. Haust No er hausten her. Det vert kortare dagar og mørkare kveldar. I mørketida er det viktig at alle bruker refleks, så vi er godt synlege. GJE MEG HANDA DI, VEN Gje meg handa di, ven, når det kveldar Det blir mørkt og me treng ei hand La dei ljose og venlege tankar Fyljge oss inn i draumars land Lat varmen frå ein som er glad i deg Tenne stjerner i mørkaste natt Gje meg handa di, ven, når det kveldar Det blir mørkt og me treng ei hand Varme tankar og hender som trøystar Er som sol over frosen jord Kjenne varmen frå ein som er nær deg Gjev langt meire enn store ord Eivind Galtvik rektor