Adresseplan for Flora kommune

Like dokumenter
Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

MIDSUND KOMMUNE. Adresseplan Adresseringsområder i Midsund

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

10/ /K2-L32//AEM

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Namning av vegar i Fræna Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Vik Kommune

Adresseføresegner, Sund kommune

Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, Sogn og Fjordane

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Sogndal kommune

Lokal forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Aurland Kommune

Vedtatt i Vågsøy kommunestyre , K-sak 076/13

Adresseplan for Nord-Odal kommune

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Denne orienteringa vert berre sendt grunneigar, og de må sjølv orientera eventuelle leigetakarar.

Forskrift for adressetildeling og adresseforvaltning for Hadsel Kommune Innhold 1. Formål og omfang 2. Adressemyndighet 3.

ADRESSEPLAN FOR LEBESBY KOMMUNE

LOKAL FORSKRIFT OM ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING Midtre Gauldal kommune, Sør-Trøndelag

Vedtatt i Vågsøy kommunestyre , K-sak 076/13

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SAKSFRAMLEGG. 1. Plan og utviklingsutvalget tilrår kommunestyret å fatte følgende vedtak:

HALSA KOMMUNE ADRESSEPLAN

Fosnes kommune. Adresseplan

Adresseplan. Overgang fra matrikkeladresser til veiadresser. Vedtatt av Skaun kommunestyre

Vegadresse er oppbygd av tre elementer Adressenavnet Adressekoden Adressenummeret

1/27/2014. Formålet med adresser og skilt. Kommunen er adressestyresmakt. Matrikkelforskrifta 49. Heimel, matrikkellova 21 Fastset offisiell adresse

HEMNE KOMMUNE ADRESSEPLAN

MODUM KOMMUNE ADRESSEPLAN

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Offi si el le adresser. Anita Høie

Fjell kommune Arkiv: 566 Saksmappe: 2017/ /2018 Sakshandsamar: Janne Byrkjeland Dato: SAKSDOKUMENT

ADRESSEPARSELLERING, VEGADRESSER OG VEGNAMN I NISSEDAL KOMMUNE

LOKAL FORSKRIFT FOR ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING

Adresseprosessen 10/18/2013 ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL. Formålet med adresser og skilt Matrikkelforskrifta 49

SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /15

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Vegadresseprosjektet Finnmark Statens Kartverk, avd. Vadsø Bodil Borch Mietinen

Forsand kommune Politisk

Informasjon om offisiell vegadresse

Smøla kommune. Saksframlegg. Vegadressering i Smøla kommune

Adresser og adressering i Lardal kommune

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

Saksnr. utval Utval Møtedato 119/19 Formannskapet Handsaming av klage frå Kartverket på adressenamn vedtatt i formannskapet

SMØLA KOMMUNE SAKSNR.:

MØTEINNKALLING FORMANNSKAPET SAKLISTE 45/09 09/854 VEGADRESSERINGSPLAN FOR FOLLDAL KOMMUNE

Informasjon om tildeling av vegadresser

Matrikkelopplæring. Adresseprosessen

Adresseprosjektet Bernt Audun Strømsli Kartverket Kristiansand Matrikkeldager høsten 2013

Forprosjekt - Offisielle veiadresser

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Endring av adresseparseller og vegnavn som tidligere er navnet - Høring

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

ADRESSEPLAN FOR AVERØY KOMMUNE

Vegadresseprosjektet VARDØ 2015

FAUSKE KOMMUNE Plan/utvikling

Saksnr Utval Møtedato 004/15 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Espen Holen K2 - L32 13/995

Håndbok i adressering

Håndbok i adressering. for kommuner som skal gå over fra matrikkel- til vegadresser

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Frank Holdal Arkiv: L32 Arkivsaksnr.: 13/113

KRØDSHERAD KOMMUNE ADRESSEPLAN Vedtatt av Krødsherad kommunestyre sak 90/15.

Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

Høring Kvalsund kommune - nye veinavn ved adressering

Kurs i matrikkelføring. Offisielle adresser

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Utvalg Utvalgssak Møtedato Livsløpsutvalget 3/ Adresseprosjektet - Framlegg for godkjenning av navn på 23 adresseparseller

Lov om stadnamn iverksetting av lova og konsekvensar for det offentlege

Klipp hekkar og busker

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

Kriterium for fastsetjing av nye vegnamn

FAUSKE KOMMUNE ORGANISERING AV ADRESSEARBEIDET I KOMMUNEN. Kommunen er adressemyndigbet og fastsetter offisielle adresser. Regelverket knytet til

Adressering. Trondheim 24. februar 2016

Kvam herad. Sakspapir

VRENDALEN KOMMUNE. 4b-d cr+wr>r+ 95,4. t alv+14,_qii)s+ 44tkr--1% 11' E-POSTMØTE FORMANNSKAPET. Møtested: E-post Møtedato: Tid: E-postmøte

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Tove Kummeneje Arkiv: L32 Arkivsaksnr-dok.nr: 11/1609-1

FAUSKE KOMMUNE Plan/utvikling

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Radøy kommune Saksframlegg

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 10/742 L32 &00 Rune Klevstad REVIDERING AV NYE REGLER FOR HUSNUMMERSKILT I MODUM KOMMUNE

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Saksgang - fellesregler Klage Kurs i matrikkelføring Sentral matrikkelmyndighet, 2015 Versjon 1.1

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Adresseprosjektet Vaksdal kommune Skiltplan plassering / tilleggsdokument til kart ved adresseskilting

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID UTVIDING AV PLANGRENSE

Kurs i matrikkelføring. Saksgang fellesregler - Klage

Forfall meldast snarest på tlf eller til Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Transkript:

Adresseplan for Flora kommune

Innholdsfortegnelse 1. BAKGRUNN... 3 2. LOVGRUNNLAG... 3 3. FASTSETJING AV OFFISIELL ADRESSE.... 3 3.1. Adressemyndigheit... 3 3.2. Namnemyndigheit... 4 4. ADRESSERINGSOMRÅDE... 4 4.1. Prioritering av områda... 6 4.1.1. Samarbeid med tilgrensande kommunar... 6 4.1.2. Øyane... 6 4.1.3. Fastlandet... 7 5. ADRESSEPARSELLER... 7 6. PRINSIPPER FOR ADRESSERING AV BYGNINGAR... 7 6.1. Kantprinsipp... 7 6.2. Avstandsprinsipp... 7 6.3. Områdeadresser... 8 7. ADRESSENAMN... 8 8. TILDELING AV ADRESSE... 9 8.1. Rutinar ved namnsetjing av vegar... 9 8.2. Rutinar ved adressering av bygningar... 9 9. SKILTING... 10 9.1. Adressenamneskilt... 10 9.2. Områdeskilt... 10 9.3. Adressenummerskilt... 11 9.4. Kvartalsskilt... 11 9.5. Tilvisingsskilt... 11 9.6. Skiltplan... 12 10. KOSTNADER... 13 10.1. Tal skilt satt ut på ein adresseparsell... 13 10.2. Skiltpris... 13 10.3. Administrative kostnader... 14 11. Vedlegg:... 14

1. BAKGRUNN I Geodataplan for Hordaland og Sogn og Fjordane, vedtatt 06.12.2012 av Geodatautvalget for fylka, ble det slått fast at ein vil følgje opp det nasjonale prosjektet for overgang frå matrikkeladresser til vegadresser. Alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane skal i løpet av 2013 ha satt i gang arbeidet med å gå over til vegadresser. Trongen for vegadresser for alle har vakse fram ettersom bruken av digitale kart og GPS har auka. Alle utrykkingskøyretøy navigerer etter slike hjelpemiddel og nøyaktig vegadressering ligg til grunn for korrekt navigasjon. Adresseplanen skal saman med lokalt lovverk, prinsippa i Adresseveilederen frå Statens kartverk og kommunens adresseringskart og vegadresseliste danne grunnlaget for adresseringsarbeidet i Flora kommune, også utover prosjektperioden. Kart og områdeoversikt finnes på kommunen si heimeside. Eksisterande, og historiske steds- og vegnamn vil tilleggas vekt ved adresseringsarbeidet, men først og fremst er hensikta med vegadresser at alle som ikkje er lokal kjent i kommunen skal kunne finne fram.. Statens kartverk har publisert en oversikt per 3.mars 2014 som viser at i vårt fylke har om lag 40% vegadresser og 60% har fortsatt matrikkeladresser. Vår kommune har tilsvarande tall 66,3 % vegadresser og 33,6 % matrikkeladresser. Det finnast om lag 1800 matrikkeladresser i Flora kommune og det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med eit adressenummer. 2. LOVGRUNNLAG Figur 1 Status vegadresser 03.03.14 Flora kommune Grunnlaget for å tildele gateadresser ligg i matrikkellova, plan- og bygningslova og i lov om stadnamn. Etter matrikkelloven 21 og matrikkelforskrifta 50 er det kommunane som tildeler og bestemmer offisielle adresser i en kommune. I tillegg stør ein seg til føresegn i skiltforskrifta. Kommunen har og utarbeida ein lokal forskrift for adressering som utfyllar sentral forskrift, og definerer kven som gjer kva i adresseringsarbeidet i vår kommune. 3. FASTSETJING AV OFFISIELL ADRESSE. Kommunen er lokal matrikkelmyndigheit og fastset offisiell adresse. Kommunens ansvar kan delast inn i to hovuddelar, adressemyndigheit og namnemyndigheit. 3.1. Adressemyndigheit Bystyret er adressemyndigheit og har ansvaret for adresseforvaltinga i kommunen, her under tildeling av offisielle adresser etter reglene i matrikkellova og tilhørande forskrifter. Plan og samfunn har det utførande ansvaret

Adressemyndigheita skal utarbeide hensiktsmessige adresseparseller som skal ha som hovudmål å gjøre det enkelt for alle å finne fram. 3.2. Namnemyndigheit Kultur og oppvektsutvalet (KUOP), som er kommunens namnemyndigheit, har ansvaret for namnsetjing og fattar vedtak om skrivemåten på adressenamn og stadnamn etter reglene i Lov om stadnamn. Namnemyndigheita har ikkje anledning til å gjøre endringar på adresseparseller som adressemyndigheita har utarbeidet, men skal finne gode namn til disse. KUOP har ansvaret for innsamling av forslag til adressenamn frå lokale lag- og foreiningar og privatpersoner. 4. ADRESSERINGSOMRÅDE Eit adresseringsområde er eit geografisk område som det er naturlig å sjå på som ein samla eining i adressesystemet. Flora Kommune definerast som eit adresseringsområde. Kommunen er delt inn i 3 større områder; øyane, markert med blått, fastlandet markert med grønt og områder med kryssande grenser er markert med røde soner. Kvart område er delt inn i mindre soner, og kvar av desse synar dei enkelte vegar Figur 2 kartsoner for adressering i Flora kommune

Det er 21 soner til saman, sjå vedlegg for kartillustrasjonar Sone nr Sone namn Tal parseller (omtrent) 1 Batalden Områdeadresse 2 Hovden 3 3 Fanøy Skorpa Vevlingen 3 2 + områdeadresse Områdeadresse 4 Nærøyane 3 5 Årebrotet (kommunegrense) 2 6 Kinn 2 7 Rognaldsvåg og Reksta 3 8 Småøyer i Florabassenget, 8 stk. 8 områdeadresser 9 Ålvora Områdeadresse 10 Rota og St. Helena Områdeadresser 11 Store Terøya Områdeadresse 12 Grønenga 1 13 Askrova og Tansøy 5 + 3 områdeadresser 14 Stavøy 14 15 Sandvika Barlindbotn Holmesund 10 16 Brandsøy Svarthumle (kommunegrense) 15 17 Grov Magnhildskaret (kommunegrense) 3 18 Nordalsfjorden 4 19 Svanøy 5 20 Vikavegen Svortevik (kommunegrense) 8 21 Storebru Hyen (kommunegrense) 3 Figur 3 Oversikt adressesoner og parseller

4.1. Prioritering av områda Sjølve namneprosessen vil ta for seg heile kommunen på ein gong men kommunen er stor og det er naudsynt å ta for seg område for område når alle adresser skal delast ut. 4.1.1. Samarbeid med tilgrensande kommunar Nokre av vegane i kommunen kryssar kommunegrensene og ein må søkje eit samarbeid med desse da det er naturleg å sjå på kryssande vegar som ein adresseparsell. Sjølv om ein i adressesystemet, som ligg under det publikum kan sjå vil ha ulike koder på vegane er det ein klar fordel at vegane har same namnet over kommunegrensene slik at det er enkelt for publikum å orientera seg. Av same grunn vil ein søkje å etablere gjennomgåande adressenummerering. Det er derfor viktig å starte samarbeid på tvers av kommunegrensene tidleg i prosjektet, og Flora kommune har allereie inngått samtaler med dei aktuelle kommunane. Figur 4 Kart adressesoner kommunesamarbeid Dette gjeld veger som kryssar kommunegrensa i mellom Naustdal, Bremanger og Gloppen kommune. 4.1.2. Øyane Nokre av øyane har eit utbygd vegnett og desse vegane vil få namn etter vanleg mønster. Nokre av øyane er utbygd utan veger, men har eit naturleg møtepunkt, til dømes ei kai. I desse tilfella er det vere naturleg å nytte områdeadressering. Alle hus som har matrikkeladresse vil få adresse knyta til området med møtepunktet som sentrum og vil få løypande nummer etter eit rutenettsystem. Figur 5 Kart adressesoner øyane

4.1.3. Fastlandet I Flora er det vedtatt namn og tildelt husnummer i de fleste eldre byggefelta, i sentrum og innover til Brandsøy i tillegg til i Eikefjord. I heile dette området er det stor byggeaktivitet og mange nye vegar. Kommunen vil i størst mulig grad unngå omadressering av allereie eksisterande og vedtatt vegnamn, men i dei tilfelle der dette ikkje kan unngåas vil ein gjennomføre omadressering Figur 6 Kart adressesoner fastlandet 5. ADRESSEPARSELLER Den delen av vegnettet som skal ha vegnamn kallas for ein adresseparsell. Eit adressesystem skal være lett å orientere seg i uavhengig av vegtype og eigarforhold. Båe privatvegar og skogsbilvegar kan få tildelt namn i tillegg til offentlige veger. Det ligg ved ein oversikt over alle adresseparseller tilknytt dei enkelt sonene Statens kartverk anbefaler at det må vere minst 5 adresseobjekt (dvs. bygningar) langs ein vegstrekning om den skal ha eige namn og ikkje verte rekna som ein stikkveg, eller at vegen må vere over 2 km lang. Det vil bli gjort nokre unntak frå dette i områder som i kommuneplanen er avsett til områder for spreidd bustad- og hyttebygging. Dette gjøras for å sleppe omadressering ved seinare utbygging / fortetting i disse områdane. Flora kommune vil som hovudregel legge opp til namngiving av alle veger der det er bygningar. 6. PRINSIPPER FOR ADRESSERING AV BYGNINGAR Det er to hovudprinsipp som nyttas ved tildeling av adresse til bygningar, kant- og avstandsprinsippet. I tillegg vil kommunen nytte seg av områdeadresser der dette faller naturlig. Kantprinsippet nyttas i sentrumsområda og i regulerte bustadfelt, samt regulerte hyttefelt der det finnas eit utbygget vegnett. Avstandsprinsippet brukas i områder med spreidd busetnad. Startpunkt for nummertildeling er normalt der vegen tar av frå eit vegkryss. 6.1. Kantprinsipp Nummerserienes startpunkt leggas til starten av vegen, og det nummererast fortlaupande med oddetall på høgre side og partal på venstre side, jf. eksisterande praksis. Nummereringa følgjer kanten av vegen inn stikkveger, gardsplassar og liknande der dette er naturlig. Større stikkveier vil som regel stå som egen adresseparsell. 6.2. Avstandsprinsipp Adressenummer tildeles i samsvar med avstand frå vegens startpunkt, angitt i nærmaste heile ti-meter fram til bygningens lokalisering. Til dømes vil ein avstand på 370 meter gi

adressenummer 37 på høgre side av vegen, eventuelt 36 eller 38 på venstre side. For stikkveger som skal adresseras i tilknyting til ein adresseparsell med avstandsnummerering, blir avstanden regnet til der stikkvegen tar av og så nummerert fortløpande. Fordelen med å nytte seg av avstandsprinsippet ved nummerering er at man automatisk får reservert ledige nummer, og en får en parallell nummerering av eiendommene. 6.3. Områdeadresser Områdeadresser er en fortløpande tildeling av adressenummer knytt til eit stadnamn. Det kan brukas i område utan vegtilknyting, til dømes i hytte- eller sæterområder, og øyer utan opparbeide vegnett. Nummerering skjer etter eit rutenettprinsipp. 7. ADRESSENAMN Adresse- og stadnamn er saker som skaper eit stort engasjement blant innbyggarane i ein kommune. Det leggas derfor opp til størst mulig brukermedverknad i prosessen slik at alle skal få utvikle eit eigarskap til namnevalet og det er ein målsetjing at dei skal kunne identifisere seg med tildelt adresse Både privatpersoner, lag- og foreiningar har muligheit til å komme med forslag til namn på veg. Kart over vegane, oppdatert oversikt over alle innkomne forslag og vedtatt namn vil ligge tilgjengelig på kommunens heimeside. Kommunen ønskjer å velje vegnamn som syner: Lokal tilknyting Namn som skal vare Skal vere klare, ikkje til å misforstå, lette å orientere seg etter slik at utrykkingskøyretøy eller helikopter finn fram Samanhengande vegnamn i adresseområde Praktiske råd jf. adresseringsoppsett og forkortingar finn vi i Adresseveilederen i kap.12 Lov om stadnamn, kap. 6 stadfestar at i adressesamanheng skal namn skrivast fullt ut, utan forkortingar. Unnatak er på skilt og andre samanhengar kor det kan vere hensiktsmessig å korte av namnet. I dei tilfella at namnet har meir enn 22 teikn/posisjonar skal det og registrerast godkjend forkorta versjon i matrikkelen. Jamfør Språkrådet si vegleiing i forkorting av ord (www.sprakrad.no) vil Flora kommune følgje desse så langt som råd slik at ein når eit standardisert oppsett for presentasjon av adresser. Adressenamnending (t.d. veg, gate eller terrasse) forkortas først. Om ikkje dette er nok forkortas tittel eller namn i tillegg eller i staden for det første. Om ein nyttar personnamn i adresser skal ein først forkorte tittel deretter fornamn. Etternamn forkortas ikkje. Det skal være punktum bak forkorting av tittel, og mellomrom etter punktum. Det skal være punktum bak forkorting av fornamn, men her skal det ikkje være mellomrom dersom det er fleire fornamn. Det skal være mellomrom før etternamnet. Dømer frå Adresseveilederen: Dr. Martha Persens gate Th. Kittelsens vei P.A. Munchs gate.

8. TILDELING AV ADRESSE Plan og samfunn (POS) avgjer om det skal gjevast (nytt) namn på ei gate eller ein veg, t.d. etter førespurnad frå utbyggar av nye bustadområde, eller på eige initiativ når nye felt eller vega er under planlegging, namn på sidevega som ikkje har hatt namn eller eldre område som ikkje har hatt namn, men som skal få namn. POS avgjer òg kva trasear som skal ha eigne namn. Kultursjefen innstiller forslag til vegnamn på de ulike adresseparsellane til KUOP. Skrivemåten fastsettas ut frå føresegna i Lov om stadnamn. Ved val av namn følgjes prinsippa for val av adressenamn i Adresseveilederen frå Kartverkets, samt den lokale adresseforskrifta. 8.1. Rutinar ved namnsetjing av vegar 1. Kultur og oppvekst (KUOP) har sakshandsaminga for nye namn. Når ein veg skal ha namn, blir dette gjort kjent i brev og/eller avisannonse for dei aktuelle partane (i.e. grunneigarar eller festar, og grendeutval), som blir bedne om å komme med framlegg om namn, alternativt gje merknader til namn som KUOP foreslår. 2. Etter ein frist på..veker, lagar KUOP ei sak med framlegg til vegnamn som blir sendt ut på høyringa med ein frist på.. veker. Framlegget blir sendt ut til partane. 3. Det blir laga ei sak med rådmannens framlegg til vegnamn til KUOP der høyringsuttalane blir tekne med. 4. KUOP gjer vedtak med ein klagefrist på.. Dersom det ikkje kjem inn noko klage, blir namnet ståande. Kjem det inn klage, kjem saka oppatt på nytt i KUOP for den aktuelle vegen. KUOP kan stadfeste sitt tidlegare vedtak eller gjere nytt vedtak. Denne behandlinga i KUOP er endeleg. 5. POS blir varsla om vedtak. 6. Nye vegnamn registrerast i: SSR sentral matrikkel vegnettbasen 8.2. Rutinar ved adressering av bygningar 1. Plan og samfunn (POS) har sakshandsaminga for tildeling av adresser til bygningar (enkeltvedtak). Informasjon om planlagt adressering offentleggjerast av POS i forkant av tildeling av adresse. Innkomne merknader til denne informasjonen vil verte vurderte, og ein vil deretter tildele endeleg adresse. Vedtak om endeleg adresse vert sendt til heimelseigar og/eller fester. 2. Den som får tildelt adresse kan klage på tildelinga jf. føresegna i Forvaltningslova. Det kan klages på kva for veg det har blitt adressert til og husnummeret ein har fått, viss ein meiner at det er gjort feil i nummereringa. Vegnamnet kan ikkje klagas på. 3. Klager på tildelt adresse handsamast av kommunen. Viss kommunen oppretthald vedtaket sendes saka vidare til Fylkesmannen som klageinstans. 4. Adressa føres i matrikkelen. 5. Kommunen sender melding om adresseendring sendes til: - Folkeregisteret - Posten - SFE nettutbygging - Telenor nettutbygging

9. SKILTING Skal adressering ha noen hensikt må folk finne fram. Korrekt skilting er eit viktig virkemiddel. Det er viktig at skiltane utformast og plasserast på ein slik måte det er enkelt å lese dei under alle forhold (til dømes i mørket eller at det ikkje vekser busker og trær framfor dei) og at det er lett å vedlikehalde dei. Statens vegvesen region Vest har ansvar for skilting av stamvegane, riks- og fylkesvegane i kommunen. For resten av vegnettet som får adressenamn har kommunen ansvar for plassering, oppsetting og vedlikehald av vegskilt og tilvisingskilt. Dette vil medføre kostnader som må innarbeidas i budsjett- og økonomiplan. Eigar/fester har ansvar for kjøp, oppsetting og vedlikehald av adressenummerskilt (hus nummerskilt). Adressenummerskilta må være godt synlige og plassert der trafikkantar forventbar å finne dei, fortrinnsvis på husveggen, eventuelt på portstolpe. Er det langt frå avkjørselen til huset må det i tillegg være eit eige adressenummerskilt (hus nummerskilt) ved vegen. Skilta skal utformas slik det er beskriven i Forskrift om offentlige trafikkskilt, vegoppmerking, trafikklyssignaler og anvisninger (skiltforskrifta) og Adresseveilederen frå Statens Kartverk. Adresseskilt og merker som kan nyttast i adresseringsarbeidet er: Adressenamnskilt Områdeskilt Adressenummerskilt Kvartalsskilt Tilvisingsskilt Adressemerke for brukseining 9.1. Adressenamneskilt Vegnamnskilt er det same som adressenamneskilt, omtalt som skilt 729 i skiltforskrifta. Skiltet er også omtalt i Forskrift om offentlige trafikkskilt, vegoppmerking, trafikklyssignaler og anvisninger (skiltforskrifta). Utforming og plassering av dette skiltet langs riks- og fylkesvegar vil følgje de retningslinjer som her gjelder (plassering, farger, skrifttype og storleik, m.v.) Tilsvarande skilting langs vegar kommunen set opp skilt vil og følgje same retningsliner. 9.2. Områdeskilt Eit områdeskilt er ei informasjonstavle som publikum kan orientere seg etter. Skiltet syner ei oversikt over vegsystemet og eventuelt kjente eller markerte bygningar. Det kan også nyttast i områder utan vegsystem Skiltet skal settast opp på sentralt plass i områder der områdeadressering er nytta. Naturlig plassering vil til dømes vere kaia på ein øy eller ved parkeringsplassen eit hyttefelt gjer seg nytte av, stader som er ein inngangsport til området.

Figur 7 Døme frå Adresseveilederen på områdeskilt med vegsystem 9.3. Adressenummerskilt Skilt med husnummer skal plasserast med god synlegheit ved kvar enkelt inngang til bygning. Dersom bygningen er lokalisert utan fri sikt frå vegen skal det settas opp skilt ved vegen. Skilta skal vere godt synlige og plassert der trafikantane venter å finne dei. Dei bør derfor vere plassert ved port eller inngangsdør. Skilt bør stå på venstre side av port, inngangsdør e.l. Flora kommune har også gitt føresegn om utforming av husnummerskilt som vert send ut i lag med vedtak om adressering til kvar enkelt huseigar når dette finn stad. Disse føresegna seier noko om standard plassering og utforming av skilt. 9.4. Kvartalsskilt I tett busetnad, t.d. bystruktur eller store bustadfelt kan det vere naudsynt å syne kva for adressenummerskilt som høyrer til i kvartelet og kva for retning nummereringa går. Kvartalsskilt settast normalt opp på ein vegg under eller ved sidan av adresseskiltet. Kvartalsskiltet snus andre vegen på andre side av kvartalet Figur 8 Døme på vanlig kvartalsskilt 9.5. Tilvisingsskilt Tilvisingsskilt nyttas der ein har trong for å syne til adresser som høyrer til i området men ligg litt lenger vekk, t.d. ved stikkveger. Figur 9 Døme på tilvisingsskilt med adressenamneskilt

9.6. Skiltplan Det er viktig å sikre at utsetting av skilt følgjer ein plan over standard plassering og det kan vere hensiktsmessig å utarbeide ein skiltplan, t.d. når alle vegane i ein adressesone er kartlagt og tildeling av namn har funne stad. Dette er enda meir viktig om det er andre enn kommunen sin adressemyndigheit som sår bak utplasseringa av skilt. Figur 10 Døme på skiltplan med detaljopplysningar om plassering av skilt

10. KOSTNADER Det har ikkje vore mogeleg å innhente totalpriser på nåverande tidspunkt i prosjektet, da vi fortsatt ikkje har det nøyaktige tal og lengde på vegparseller, eller vedtekne namn. Skiltprisene vil variere etter ulike faktorar som til dømes lengd på vegnamn, ulikt tal skilt per adresseparsell bestemt av vegens lengde, ulike terreng skilta settast opp i. Statens Kartverk opplyser at de har innhenta erfaringstal frå andre kommunar som tilseier eit snittestimat på totalt kr. 2.500,- for kvart adressenamneskilt, ferdig satt opp. 10.1. Tal skilt satt ut på ein adresseparsell Ein adresseparsell har eit adressenamn. Tal skilt per adresseparsell varierer med lengde og utforming av parsellen, geografien på staden kan sette ekstra krav til skiltinga. Normalt vil ein lang adresseparsell krevje 2-3 skilt, ein i kvar ende av vegen og ein eller fleir satt ut der det er naturlig å sette ut fleire til dømes om vegen deler seg. På kortare strekker, eller einvegskjørte vegar kan det vere nok med 1-2 skilt. Adresseparseller som vert definerte som områdeadresser vil det verte satt ut 1 2 områdeskilt avhengig av størrelse og utforming på adresseparsellen I tillegg vil det nokre stader verte naudsynt å sette opp tilvisingsskilt og kvartalsskilt. Avdeling for Teknisk drift vil få ansvar for å lage skiltplan og ut i frå denne kan meir nøyaktige kostnader bereknast. Dei vil og måtte avklare med Statens Vegvesen i kva for grad allereie eksisterande skiltstolpar tilhøyrande SVV kan tas i bruk, og dei har erfaring i korleis dei skal gå fram når dei skal sette opp nye adressenamneskilt. 10.2. Skiltpris Flora kommune nytter i dag 2 ulike leverandører for skilt. Euroskilt AS er ein leverandør av skilt som ein kommune trenger til adressering. Figuren viser eit døme på kva ulike skilta koster. Figur 11 Katalogprisar frå Euroskilt AS

10.3. Administrative kostnader Kommunen sine administrative kostnader vil gå opp i denne perioden. Alle heimelseigare og matrikkelregistrerte heimelsfestare skal førehandsvarslas om start av adresseringsarbeid (kan gjerast gjennom media), og dei skal ha vedtaksbev skriftleg. Det er og planlagt å lage ein informasjonsbrosjyre. Under er eit estimat over forventa minimumskostnader Type produkt Tal Pris Total Informasjonsbrosjyre 2500 15,- 37.500,- Annonsering 45.000,- Førehandsvarsel 1886 9,50 17.917,- Vedtaksbrev 1886 9,50 17.917,- Totalt 118.334,- 11. Uttalerett og klage Figur 12 Forventa administrative kostnader Alle som får ny eller endra adresse har rett til å uttale seg, jf Matrikkellova 21, innan ein gitt frist som kommunen fastset. Tildeling av adresse kan klagast på jf Matrikkelforskrifta 46 bokstav f, 22. Ein klage skal sendast til kommunen som kan gi klagar medhald, viss ikkje skal klagen sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som rette klageinstans. Namnevalet kan ikkje klagast på, dette er eit kommunal vedtak. Innbyggarane kan kome med innspel under namneprosessen. Val av namnets skrivemåte regulerast av stadnamnlova 10. Det står meir i Adresseveilederen kap.15 12. Vedlegg: Adressekart m/soneinndeling og adresseparseller