KUNNSKAP OM FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE. Innhold

Like dokumenter
KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

Innhaldsliste 1. INNLEIING... 4 Kva skal vi ha oversikt over?... 4 Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet?... 5 Helsetilstand og faktorar som

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

tapte årsverk i 2011

God helse og livsmeistring for alle

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

Tal fra folkehelsebarometer

tapte årsverk i 2010

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

1Vaksne i grunnskoleopplæring

2014/

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

FOLKEHELSE I BUSKERUD

2Vaksne i vidaregåande opplæring

OVERSIKT OVER HELSETILSTANDEN

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

FOLKEHELSE I BUSKERUD

Frå planlaging til planlegging Kva skapar handling? Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff Sogn og Fjordane fylkeskommune

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Folkehelsearbeid. Kommunalsjef Jon Tvilde. Sogndal kommune

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Utfordringsdokument 2015

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Regional plan for folkehelse Saman for god helse og trivsel

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Tilbodet av arbeidskraft etter utdanning

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Kunnskapsgrunnlaget. Anni Skipstein, Folkehelseseksjonen, Østfold fylkeskommune Galleri Oslo,

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Geografiske variasjonar i uførepensjon

FOLKEHELSE I BUSKERUD 2013

Kommunedelplan for oppvekst

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Regional plan for folkehelse

Arbeidsmarkedet nå april 2014

Lønnsundersøkinga for 2014

1 :-) Attraktive Bømlo. Foto: Jan Rabben

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Befolkningsutvikling. Figur 1

Folkehelsemeldingen 2019

Oversikt over livskvalitet og levekår (folkehelse) i Nedre Eiker

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Arbeidsprosess rundt oversiktsarbeidet. Finnøy kommune

HORDALANDD. Utarbeidd av

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

FOLKEHELSEN I BUSKERUD 2014 MIDT-BUSKERUD

Planutvalet, 27. november 2013

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Statistikk som fremmer folkehelseperspektivet i planarbeidet

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

FORVENTA PENSJONERINGSALDER OG YRKESAKTIVITET

Norske tenåringsmødrer få, men fattige

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Flere gode leveår for alle gode boliger og bomiljø fremmer folkehelse

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Planlegging for mangfald. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen. Gardermoen

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Kopi til: Arkivnr.: 5

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Opplæring gjennom Nav

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Frivilligpolitisk plattform

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Vestlandet ein stor matprodusent

Fagsamling for barnehage og skole

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Vestnes kommune midt i blinken. Statusrapport : Helsetilstand i Vestnes 2016

Arbeidsmarkedet nå februar 2006

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

FOLKEHELSEN I BUSKERUD 2014 TALL FOR NOEN UTVALGTE KOMMUNER I FYLKET

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

FOLKEHELSEN I BUSKERUD 2016 VESTVIKEN

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Transkript:

KUNNSKAP OM FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE 2014 Innhold Bakgrunn... Feil! Bokmerke er ikke definert. Kva skal vi ha oversikt over?... Feil! Bokmerke er ikke definert. Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet?... Feil! Bokmerke er ikke definert. Helsetilstand og faktorar som påverkar denne... Feil! Bokmerke er ikke definert. Organisering av oversiktsarbeidet kopling mot Regional plan for folkehelse... Feil! Bokmerke er ikke definert. Samandrag... Feil! Bokmerke er ikke definert. Folkesetnad... Feil! Bokmerke er ikke definert. Alderssamansetjing... Feil! Bokmerke er ikke definert. Talet på innvandrarar... Feil! Bokmerke er ikke definert. Utdanningsnivå... Feil! Bokmerke er ikke definert. Attståande levealder... Feil! Bokmerke er ikke definert. Oppvekst og levekår... Feil! Bokmerke er ikke definert. Sjukefråvær... Feil! Bokmerke er ikke definert. Talet på arbeidslause... Feil! Bokmerke er ikke definert. Talet på unge arbeidslause... Feil! Bokmerke er ikke definert. Mottakarar av uførepensjon... Feil! Bokmerke er ikke definert. Mottakarar av uførepensjon under 30 år... Feil! Bokmerke er ikke definert. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp... Feil! Bokmerke er ikke definert. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 25 år... Feil! Bokmerke er ikke definert. Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt... Feil! Bokmerke er ikke definert. Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt. Unge under 18 år.... Feil! Bokmerke er ikke definert. Prosentdelen born som bur med ein vaksen... Feil! Bokmerke er ikke definert. Born med barnevernstiltak i prosent av alle born... Feil! Bokmerke er ikke definert. Legedekning... Feil! Bokmerke er ikke definert. Meistring i grunnskulen... Feil! Bokmerke er ikke definert. 1

Trivsel i grunnskulen... Feil! Bokmerke er ikke definert. Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører... Feil! Bokmerke er ikke definert. Oppsummering... Feil! Bokmerke er ikke definert. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø... Feil! Bokmerke er ikke definert. Melde lovbrot... Feil! Bokmerke er ikke definert. Unge lovbrytarar... Feil! Bokmerke er ikke definert. Mobbing i skulen... Feil! Bokmerke er ikke definert. Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot... Feil! Bokmerke er ikke definert. Oppsummering... Feil! Bokmerke er ikke definert. Skadar og ulukker... Feil! Bokmerke er ikke definert. Hoftebrot... Feil! Bokmerke er ikke definert. Talet på skadde og drepne i trafikken.... Feil! Bokmerke er ikke definert. Oppsummering... Feil! Bokmerke er ikke definert. Helserelatert åtferd... Feil! Bokmerke er ikke definert. Fysisk aktivitet blant born og unge... Feil! Bokmerke er ikke definert. Daglegrøykarar... Feil! Bokmerke er ikke definert. Overvektige... Feil! Bokmerke er ikke definert. Oppsummering... Feil! Bokmerke er ikke definert. Helsetilstand... Feil! Bokmerke er ikke definert. Tilfelle av psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdomar og muskel-/skjelettlidingar... Feil! Bokmerke er ikke definert. Tilfelle av diabetes 2... Feil! Bokmerke er ikke definert. Prosentdel 5-åringar, 12-åringar og 18-åringar med hol i tennene... Feil! Bokmerke er ikke definert. Oppsummering... Feil! Bokmerke er ikke definert. 2

BAKGRUNN Dette dokumentet, «Kunnskapsgrunnlag Oversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane», er utarbeidd som følgje av krav og føringar som er lagt til fylkeskommunen når det gjeld oversikt over helsetilstanden: Lov om folkehelse Kap 4 Fylkeskommunens ansvar : 21 Oversikt over helsetilstanden og påvirkningsfaktorer i fylket Som grunnlag for folkehelsearbeidet i fylket, jf. 20, skal fylkeskommunen ha den nødvendige oversikt over helsetilstanden i fylket og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne, herunder trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde helseforskjeller (sitat slutt) Folkehelsearbeidet krev systematisk oppfølging, sektorovergripande innsats og planforankring. Forskrift om oversikt over folkehelsen, fastsett 28. juni 2012 gjev ei nærare utdjuping av ansvar og plikter. Oversikt over helsetilstanden er grunnlaget for eit kunnskapsbasert, langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Den skal vere plan- og styringsrelevant. Kva skal vi ha oversikt over? Forskrift om oversikt over folkehelsen, 3 gjev ei tematisk tilnærming til spørsmålet. Vi har bygd opp dokumentet i følgje desse tema: Folkesetnad (demografi, etnisitet, utdanning..) Oppvekst- og levekårstilhøve (sjukefråvær, arbeid, uføre, sosialhjelp, inntekt..) Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø (førebels: lovbrot, mobbing i skulen) Skadar og ulukker (hoftebrot, skada og drepne i trafikken..) Helserelatert åtferd (fysisk aktivitet, gravide dagleg-røykarar, overvekt) Helsetilstand (psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdom, muskel og skjelett, bruk av legemiddel, karies) I rettleiaren God oversikt ein føresetnad for god folkehelse (Helsedirektoratet) er tema utdjupa nærare. Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet? 3

Evaluering Tiltak Oversikt Fastsette mål i planen Planstrategi Oversikta skal gje svar på spørsmål som: korleis er folkehelsa blant innbyggjarane våre? Kva er bra hos oss? Kva mogelegheiter og ressursar har vi som må styrkast? På kva område er det fare for uheldig utvikling? Kva er årsaker til at det er slik? Kva trekk ved utviklinga kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem/sosiale helseskilnadar? Kva er viktig for langsiktig planlegging og for kortsiktige tiltak? Forskrift om oversikt over folkehelsa skil mellom løpande oversikt og oversikt som grunnlag for arbeidet med planstrategi. Det er ikkje eit skarpt skilje mellom desse. Den løpande oversikta vil naturleg vektlege data som endrar seg fortløpande og som kan krevje rask handling (t.d. utbrot av smittsame sjukdommar eller nedlegging av arbeidsplassar) Løpande oversikt føreset rutinar for jamnleg oppdatering av kunnskapsgrunnlaget og for å fange opp ny og vesentleg informasjon. Kvart fjerde år skal det utarbeidast eit skriftleg oversiktsdokument som grunnlag for det langsiktige folkehelsearbeidet. Dokumentet skal brukast som grunnlag for planlegging og styring av det langsiktige folkehelsearbeidet, jf. planstrategiar og kommuneplanar etter PBL. Oversiktsarbeidet skal i ein slik samanheng omfatte systematisk innhenting av data, vurdering av data og identifisering av folkehelse-utfordringar. Opplysningar vert gjevne frå statlege helsemyndigheiter som supplerer data som kommunar og fylkeskommunen sjølv hentar inn. Arbeidet med den innsamla informasjonen skal munne ut i : identifisering av folkehelse-utfordringar og ressursar samt fagleg vurdering av årsakstilhøve og konsekvensar. I modellen under er arbeidet skissert på skjematisk vis: 4

Statistikk a) opplysingar frå statlege helsemyndigheiter og fylkeskommunen b) kunnskap frå kommunale helseog omsorgstenester c) kunnskap om utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunnn Vurdering av årsaker - kvifor har denne situasjonen oppstått? - kva seier forsking om årsakene? - har dette relevans/ er det noko vi kan på verke i vår (fylkes-) kommune? Folkehelseutfordringar - kva er det viktigaste å ta tak i? - kan vi førebyggje? - finst det alt strategiar og tiltak på dette området? Helsetilstand og faktorar som påverkar denne «Helsetilstand» og «påvirkningsfaktorer» er gjennomgåande omgrep i lov og forskrift. Helsetilstand vert oftast kopla mot førekomst av visse sjukdommar, plager, skadar og funksjonsnedsettingar, både somatiske og psykiske. Oversikta skal vere på populasjonsnivå. Merksemda vert retta mot tilstandar som er utbreidde hos innbyggjarane og som har stort førebyggingspotensiale. Men helsetilstand vert oppfatta som meir enn fråvær av sjukdom. Positive faktorar som trivsel, ressursar, mestring og livskvalitet m.m. bør speglast i data om helsetilstanden. Slike faktorar er gjerne vanskelegare å måle. Men dei kan estimerast gjennom regionale/lokale undersøkingar. Til dømes kan helsefremjande tilhøve vurderast ut i frå deltaking i politiske, frivillige organisasjonar, kulturell verksemd og liknande. 5

Organisering av oversiktsarbeidet mellom anna med kopling mot Regional plan for folkehelse Opplysningar om helsetilstanden hos innbyggjarane og ulike positive og negative påverkingsfaktorar er samansette. Informasjonen vert innhenta frå statlege, fylkeskommunale og kommunale kjelder. Mange samfunnssektorar skal dekkast. I tillegg til samanstilling og analyse av eksisterande data bør eigne undersøkingar designast og utførast. Organiseringa av arbeidet må reflektere dei tverrsektorielle bidrag til oversikta og den samla vurderinga av materialet. Både kvalitative og kvantitative undersøkingar krev fagkompetanse som gjeld forskingsdesign, metode og vurderingar. Det er risiko for feil, manglar og fallgruver. Metode og framgangsmåte må beskrivast slik at undersøkingar kan etterprøvast og resultat vurderast for å unngå feiltolkingar. Medverknad er sett på som eit berande prinsipp i folkehelsearbeidet; både når det gjeld oversiktsarbeidet, i planprosessen og i ulike aktivitetar og tiltak. I kap. 5 i PBL heiter det at: «planmyndigheten skal gjennom hele planarbeidet sørge for open, bred og tilgjengelig medvirkning i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser» Dette kunnskapsgrunnlaget, Oversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane, vil saman med anna informasjon danne grunnlag for regional plan for folkehelse. Datagrunnlaget er med på å synleggjere utfordringar, utviklingstrekk over tid og endringar vi må vere merksame på. Årsaks- og konsekvensanalysar vil følgje som resultat av kva desse oversiktsdata syner oss. 6

Oppdatering av helseovervakingsdokumentet Helseovervakingsdokumentet skal oppdaterast kontinuerleg, med ein heilskapleg gjennomgang årleg. Dette tyder at eksisterande statistikk vert oppdatert og dokumentet kan og verte supplert med ny statistikk. Spesielt tek vi sikte på å få på plass data om eigenopplevd helse blant vaksenpopulasjonen. Folkehelseinstituttet utarbeider i desse dagar mal for innhald og iverksetting av desse undersøkingane. I tillegg vil ungdomsundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar» (ei WHO-undersøking i 43 land) kunne gje oss eit unikt datamateriale og samanlikningsgrunnlag. Undersøkinga vart starta i 2011, med ny runde i 2013 og vert avslutta med ein siste i 2015. Analysen av data frå slik longitudinell undersøking vil gje oss betre oversikt når det gjeld årsak og konsekvens; kva faktorar er det som påverkar helsetilstanden. Samandrag: Statistikken for fylket viser at Sogn og Fjordane framleis peikar seg positivt ut på mange indikatorar. Vi har ikkje store skilnadar i inntekt og delen av born som lever i fattige familiar er låg. Vi har færre born som har einsleg forsytar. Vi har færre arbeidsledige (15-29 år) og færre unge uføretrygda (18-44 år). Trivsel på skulen målt ved 10. klasse er noko betre enn landsgjennomsnittet, og mobbing i skulen for same alderstrinn er vesentleg betre enn for. Det same gjeld fråfall i vidaregåande skule (25 prosent for og 19 prosent for fylket). Utvikling og utfordringar: Levekåra i fylket er framleis betre enn for landsgjennomsnittet, men skilnaden er mindre no enn før. Dette gjeld i særleg grad born og ungdom. Både talet på unge sosialhjelpsmottakarar, på unge som bur i hushald med låg inntekt eller med berre ein omsorgsperson har auka dei siste åra. I tillegg kan auken i talet på born under barnevernet, indikere at oppvekstvilkåra for born og unge i Sogn og Fjordane har hatt ei negativ utvikling. Den fysiske aktiviteten blant unge i Sogn og Fjordane er monaleg lågare enn landsgjennomsnittet, samstundes som prosentdelen overvektige unge menn ligg over resten av. Sogn og Fjordane har ein førekomst av muskel-/skjelettlidingar som ligg over landsgjennomsnittet, medan førekomsten av hjarte-/karsjukdommar ligg på landsnivå. Talet på diabetes 2 tilfelle aukar i Sogn og Fjordane, men førebels mindre enn i resten av. 7

Folkesetnad Frå 2002 til 2007 gjekk folketalet ned kvart år, men sidan utgangen av 2007 har det vore ein årleg vekst i innbyggjartalet. Ved utgangen av 2012 budde det 108 700 personar i Sogn og Fjordane. Dette er det høgste talet nokon gong. Arbeidsinnvandring frå EU-området har vore den viktigaste årsaka til denne folketalsveksten. For sett under eitt auka folketalet med om lag 6,6 prosent frå utgangen av 2007 til utgangen av 2012. Auken i Sogn og Fjordane var på berre 2,3 prosent i same periode, og bortsett frå Oppland og Nordland har Sogn og Fjordane vore fylket med den svakaste folketalsveksten i denne perioden. Alderssamansetjing Sogn og Fjordane har ei eldre folkemengd enn elles. Ved utgangen av 2012 var 5,6 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane 80 år eller eldre (6107 personar). Det tilsvarande talet for heile var 4,4 prosent. Berre i Hedmark fylke var ein større prosentdel av folkemengda over 80 år enn i Sogn og Fjordane. 17,9 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane var i aldersgruppa 30 44 år, noko som gjaldt for 20,9 prosent av befolkninga på landsplan. I dei andre aldersgruppene var det mindre skilnader mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet. Tabell 1. Talet på personar i Sogn og Fjordane og i i ulike aldersgrupper. Utgangen av 2012. Absolutte tal og i prosent. Sogn og Fjordane Landet Absolutte tal Prosent Absolutte tal Prosent 0-19 år 28323 26,1 % 1253453 24,8 % 20-29 år 13066 12,0 % 670480 13,3 % 30-44 år 19414 17,9 % 1057588 20,9 % 45-64 år 28493 26,2 % 1279140 25,3 % 65-79 år 13297 12,2 % 569029 11,3 % 80 år og over 6107 5,6 % 221585 4,4 % i alt 108700 100,0 % 5051275 100,0 % 8

Talet på innvandrarar Talet på innvandrarar og personar med innvandrarforeldre i Sogn og Fjordane har meir enn dobla seg i løpet av dei siste 6 åra. Frå 4286 i 2007 til 8850 i 2013. Denne gruppa utgjer no 8,1 prosent av folkemengda i fylket mot 11,7 prosent på landsplan. Prosentdelen som innvandrarar og born av to innvandrarar utgjer av folkemengda har auka om lag like mykje i Sogn og Fjordane som i totalt. Talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Sogn og Fjordane pr. 1/1. 2003-2013. 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 3848 3933 4050 4133 4286 4883 5482 6443 7218 7894 8850 9

Den sterke veksten i talet på innvandrarar skuldast i fyrste rekkje arbeidsinnvandringa frå EU-land, men det har og vorte fleire innvandrarar frå Asia. Av i alt 8850 innvandrarar ved inngangen til 2013, var 6506 frå eit anna europeisk land, medan 1542 hadde bakgrunn frå Asia. Blant dei busette innvandrarane i Sogn og Fjordane pr. 1/1 2013 var det 1893 som hadde flyktningbakgrunn, ein auke på 519 sidan 2007. 10

Utdanningsnivå I 2012 hadde 24,4 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane utdanning frå høgskule eller universitet 29,8 prosent for sett under eitt. I Sogn og Fjordane har delen med høgskule- /universitetsutdanning auka med 6,1 prosenteiningar frå 2002, medan auken på landsplan har vore på 6,8 prosenteiningar. Utdanningsnivået i Sogn og Fjordane ligg omtrent i midten av alle fylker rangert frå lågast til høgast prosentdel med høgt utdanna innbyggjarar. Grunnen til at vi ligg langt etter det nasjonale gjennomsnittet, men midt på treet blant fylka er at Oslo har ein svært stor prosentdel av innbyggjarane med høgare utdanning. Oslo dreg med sitt store innbyggjartal landsgjennomsnittet mykje opp. Prosentdelen av folkemengda med høgare utdanning 2002 2012 Endring Sogn og Fjordane 18,3 24,4 6,1 Heile 23,0 29,8 6,8 Attståande levealder I perioden 2006 2010 hadde 65-årige menn i Sogn og Fjordane att å leva 18,3 år i gjennomsnitt. Kvinner på same alder hadde i gjennomsnitt 22 år att av livet. Dei tilsvarande talet for landsgjennomsnittet var høvesvis 17,6 og 20,8 år. Forventa levealder for 65-åringar er altså lengre enn landsgjennomsnittet for begge kjønn i Sogn og Fjordane, men skilnaden er størst for kvinner. Attståande levealder for 65-åringar 1986-1990 2006-2010 Endring Sogn og Fjordane Menn 15,9 18,3 2,4 Kvinner 19,7 22,0 2,3 Heile Menn 14,6 17,6 3,0 Kvinner 18,7 20,8 2,1 Forventa levealder for 65-årige menn frå perioden 1986 1990 til perioden 2006 2010 auka med 2,4 år i Sogn og Fjordane 3,0 år for totalt. Levealderen for menn auka dermed meir på landsbasis enn i Sogn og Fjordane, medan levealderen for kvinner i Sogn og Fjordane auka noko meir enn landsgjennomsnittet. I perioden 2006 2010 hadde Sogn og Fjordane den lengste forventa levealderen for 65-åringar både blant kvinner og menn. 11

Oppvekst og levekår Sjukefråvær Sjukefråvær som varer lenge kan resultere i overgang til meir permanente trygdeordningar og utstøyting frå arbeidsmarknaden. Eit høgt sjukefråvær kan og vera ein indikasjon på dårleg arbeidsmiljø eller eit belastande arbeid. Sjukefråværsprosent blant arbeidstakarar 16-69 år. Legemeldt sjukefråvær i 4.kvartal. 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 6,2 % 5,0 % -1,2 % Heile 7,1 % 5,6 % -1,5 % I 4. kvartal 2012 var sjukefråværet på 5,0 prosent i Sogn og Fjordane. Dette var 0,6 prosenteiningar lågare enn for sett under eitt og 1,2 prosenteiningar lågare enn i 4.kvartal 2002. Sjukefråværsprosenten i Sogn og Fjordane har i heile ti-årsperioden vore lågare enn landsgjennomsnittet, men nedgangen har vore litt mindre i Sogn og Fjordane (-1,2 prosenteiningar) enn for totalt (-1,5 prosenteiningar). 12

Sjukefråværsprosent Talet på arbeidslause Å gå lenge arbeidslaus inneber tap av inntekt, ein lang jobbsøkingsprosess med mange avslag og ein mistar den daglege kontakten med arbeidskollegaer. Dette vil påverka trivsel og meistringskjensle. Registrerte heilt arbeidslause. Årsgjennomsnitt 2002-2012. I prosent av arbeidsstyrken. Endring 2002-2002 2012 2012 Sogn og Fjordane 2,1 1,8-0,3 Heile 3,2 2,5-0,7 I 2012 var i gjennomsnitt 1,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Dette var 0,7 prosenteiningar lågare enn landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane var, saman med Rogaland, det fylket med lågast arbeidsløyse i 2012. Sidan 2002 har arbeidsløysa gått ned med 0,3 prosenteiningar i Sogn og Fjordane, men dette er mindre enn nedgangen på landsplan. I heile den siste ti-årsperioden har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane vore lågare enn landsgjennomsnittet. Arbeidsløyseprosent 13

Talet på unge arbeidslause I 2012 var i gjennomsnitt 2,5 prosent av arbeidsstyrken under 30 år i Sogn og Fjordane registrert som heilt arbeidslause mot 3,4 prosent for totalt. Dette er ein nedgang på 0,6 prosenteiningar frå 2002. På landsbasis var nedgangen på 1,1 prosenteiningar. Ungdomsarbeidsløysa i Sogn og Fjordane er den lågaste i, bortsett frå i Rogaland. Registrerte heilt arbeidslause under 30 år. Årsgjennomsnitt 2002 og 2012. I prosent av arbeidsstyrken. Endring 2002-2002 2012 2012 Sogn og Fjordane 3,1 2,5-0,6 Heile 4,5 3,4-1,1 Registrerte heilt arbeidslause under 30 år. Prosent av arbeidsstyrken. 4,5 4 3,5 3 2,5 2 1,5 1 0,5 0 20022003200420052006200720082009201020112012 Sogn og Fjordane Heile I heile tiårsperioden 2002 2012 låg ungdomsarbeidsløysa i Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Arbeidsløyseprosent blant ungdom 14

Mottakarar av uførepensjon Mottakarar av uførepensjon er personar som heilt eller delvis har mista arbeids- og inntektsevne. Desse er heilt eller delvis utestengd frå arbeidsmarknaden. Tap av inntekt, manglande kontakt med arbeidslivet og ei kjensle av «utanforskap» kan påverke helse og velferd til den einskilde. Mottakarar av uførepensjon i prosent av folkemengda i alderen 18-67 år. Aldersstandardiserte tal. Årsgjennomsnitt 2003-2012. Endring 2003-2003 2012 2012 Sogn og Fjordane 8,5 7,5-1 Heile 10,4 9,5-0,9 Ved utgangen av 2012 var 9,5 prosent av folkemengda i alderen 18 67 år mottakarar av heil eller delvis uførepensjon. På same tid var den aldersstandardiserte 1 uførerata i Sogn og Fjordane på 7,5 prosent. Det inneber at dersom befolkninga i Sogn og Fjordane hadde hatt ein aldersfordeling lik den på landsplan, så ville 7,5 prosent av dei i alderen 18 67 år motteke uførepensjon. Berre Oslo og Akershus har ein lågare uførerate enn Sogn og Fjordane. Uførerata for er på 9,5 prosent. Den aldersstandardiserte uførerata i Sogn og Fjordane har gått ned med 1,0 prosenteiningar frå 2003 til 2012. Dette er litt meir enn nedgangen for sett under eitt. I heile den siste ti-årsperioden har uførerata i Sogn og Fjordane vore lågare enn landsgjennomsnittet. 1 Aldersstandardisert uførerate er den uførerata ein ville hatt i Sogn og Fjordane dersom aldersfordelinga i fylket var den same som på landsplan. Vi nyttar aldersstandardiserte uføreratar fordi befolkninga i fylket er eldre enn landsgjennomsnittet og han eldes raskare enn for sett under eitt. Dersom ein ikkje standardiserer, kan uføreratane for Sogn og Fjordane bli for høge resten av og utviklinga vil framstå som meir negativ enn det som er reelt. 15

Utan aldersstandardisering, så er 8,0 prosent av folkemengda i Sogn og Fjordane i alderen 18 67 år mottakarar av uførepensjon. Dette tilsvarar 5.337 personar. Sjølv om uførerata i Sogn og Fjordane er låg resten, så er den høg i ein internasjonal målestokk. Når vi og tek omsyn til talet på personar med rett til arbeidsavklaringspengar, så er ein stor del av folkemengda i arbeidsfør alder heilt eller delvis utanfor arbeidsmarknaden. Mottakarar av uførepensjon under 30 år Ved utgangen av 2012 mottok 177 personar i alderen 18 29 år heil eller delvis uførepensjon i Sogn og Fjordane. Dette tilsvara 1,1 prosent av folkemengda i denne aldersgruppa. Omfanget er uførepensjonering av unge i Sogn og Fjordane er førebels lite og har vore omtrent uendra sidan 2005. Mottakarar av uførepensjon i aldersgruppa 18-29 år. Utgangen av 2005 og 2012. Endring 2005 2012 2005-2012 Absolutte tal 183 177-6 Sogn og Fjordane Prosent 1,2 % 1,1 % -0,1 % Absolutte tal 7 419 9 954 2535 Heile Prosent 1,1 % 1,2 % 0,1 % 16

Uførepensjonistar i alt Unge uførepensjonstar Mottakarar av økonomisk sosialhjelp Mottakarar av økonomisk sosialhjelp har låge inntekter som ikkje dekkjer dei løpande hushaldsutgiftene. Dei har ein levestandard under gjennomsnittet og kan i mindre grad enn andre nytta sosiale og kulturelle tilbod. Dette råkar i særleg grad borna sine ferie- og fritidsaktivitetar. Sosial ekskludering og ein pressa økonomisk kvardag vil påverka levevilkåra. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp. Stønadstilfelle i 2010 og 2012. Endring 2010 2010 2012-2012 Sogn og Fjordane 2066 2048-0,9 % Heile 126870 121806-4,0 % I 2012 var det i alt 2048 tilfelle 2 av utbetaling av økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane, noko som er 23 tilfelle pr. 1000 innbyggjar. Det er berre Møre og Romsdal av fylka som har lågare tal tilfelle pr. 1000 innbyggjar enn Sogn og Fjordane. Det har vore ein nedgang i talet på stønadstilfelle på 0,9 prosent frå 2010 til 2012. På landsplan var nedgangen på 4,0 prosent i den same perioden. 2 Tilfelle inneber at ein person kan ha motteke sosialhjelp i fleire periodar i løpet av eit år. 17

Mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 25 år Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i alderen 18-24 år. Stønadstilfelle i 2010 og 2012. Endring 2010-2010 2012 2012 Sogn og Fjordane 509 516 1,4 % Heile 29431 28211-4,1 % Det var 516 tilfelle av økonomisk sosialhjelp til personar mellom 18 og 24 år busette i Sogn og Fjordane i 2012. Dette er 49 tilfelle pr. 1000 innbyggjar i denne aldersgruppa, og berre Oslo og Akershus har færre stønadstilfelle i denne aldersgruppa enn Sogn og Fjordane. Landsgjennomsnittet ligg på 60 tilfelle pr. 1000 innbyggjar. Talet på stønadstilfelle har auka med 1,4 prosent i Sogn og Fjordane, medan det har gått ned med 4,1 prosent på landsplan. 18

Sosialstønadstilfelle i alt Unge sosialstønadstilfelle Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt Personar med inntekt som ligg langt under normalinntekta har ein lågare levestandard enn folk flest. Dette vil påverka tilgangen på sunn mat og helsefremjande fritidsaktivitetar. Personar med låg inntekt har og ofte belastande yrke og arbeidsoppgåver. 3,5 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane (om lag 3600 personar) bur i hushald med ei inntekt på maksimum halvparten av medianinntekta i fylket 3. Det tilsvarande talet for er 4,7 prosent. Berre Nordland har i 2011 ein mindre prosentdel av folkemengda i denne inntektsgruppa enn Sogn og Fjordane. Prosentdelen av personar som bur i slike hushald i Sogn og Fjordane har gått ned med 16,7 prosent frå 2005 til 2011 (om lag 650 personar), medan prosentdelen var uendra på landsplan. Prosentdel av personar i privathushald med årleg inntekt etter skatt pr. forbrukseining på maksimum 50 prosent av medianinntekta. EUskala. Endring 2005-2005 2011 2011 Sogn og Fjordane 4,2 3,5-16,7 % Heile 4,7 4,7 0,0 % 3 Studenthushald og felleshushald (t.d. alders- og sjukeheimar) er ikkje med i talgrunnlaget. 19

Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt. Unge under 18 år. 3,4 prosent av dei unge under 18 år i Sogn og Fjordane (850 personar) og 4,7 prosent på landsplan bur i hushald med ei inntekt på maksimum halvparten av medianinntekta. Frå 2005 til 2011 var det ein auke på 25,9 prosent i Sogn og Fjordane (om lag 150 fleire) og 14,5 prosent for totalt. Sogn og Fjordane er blant dei fylka med lågast prosentdel unge som bur i låginntektshushald, men Rogaland, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og fylka i Nord-Norge ligg like godt eller betre an. Prosentdel av personar under 18 år i privathushald med årleg inntekt etter skatt pr. forbrukseining på maksimum 50 prosent av medianinntekta. EU-skala. Endring 2005 2011 2005-2011 Sogn og Fjordane 2,7 3,4 25,9 % Heile 4,1 4,7 14,6 % Personar med låg inntekt Personar under 18 år med låg inntekt Prosentdelen born som bur med ein vaksen I Sogn og Fjordane budde om lag 3569 born under 18 år i hushald med ein omsorgsperson, enten mor eller far, ved inngangen til 2013. Dette var om lag 14,2 prosent av alle under 18 år i fylket. I heile budde 17,0 prosent av unge i slike hushald. Sidan 2005 har prosentdelen av unge under 18 år som bur i hushald med ein omsorgsperson auka med 1,6 prosenteiningar (181 personar), medan prosentdelen på landsplan har vore nesten uendra. Prosentdelen av born 0-17 år som bur i lag med ein vaksen. Endring 2005 2005 2013-2013 Sogn og Fjordane 12,6 % 14,2 % 1,6 % Heile 16,9 % 17,0 % 0,1 % 20

Born som bur med ein omsorgsperson, enten far eller mor Born med barnevernstiltak i prosent av alle born Ved utgangen av 2012 var det i alt 851 born under 23 år i Sogn og Fjordane som var omfatta av eit barnevernstiltak. Dette utgjorde om lag 2,6 prosent av alle born under 23 år. På same tidspunkt var 2,7 prosent av borna på landsplan i eit tiltak i regi av barnevernet. Sidan utgangen av 2003 har andelen av borna i Sogn og Fjordane som er under tiltak i barnevernet auka med 0,8 prosenteiningar (258 personar). Auken på landsbasis har vore på 0,6 prosenteiningar. Talet på born 0-22 år med barnevernstiltak ved utgangen av året. I prosent Endring 2005-2005 2013 2013 Sogn og Fjordane 1,8 2,6 0,8 Heile 2,0 2,7 0,6 Sogn og Fjordane ligg i midtsjiktet når det gjeld prosentdelen av borna som er omfatta av eit barnevernstiltak. Born med barnevernstiltak Legedekning Tilgjenge til primærlege påverkar sannsynet for at innbyggjarane oppsøker lege ved sjukdom eller i samband med oppfølging av sjukdom og tida det tek å få legehjelp ved akutt behov. Når innbyggjarane veit at det tek lang tid og er vanskeleg å koma til primærlege, vil det og påverka livskvaliteten deira. Talet på legeårsverk per 10.000 innbyggjar. Endring 2005 2002 2012-2013 Sogn og Fjordane 10,7 12,2 1,5 Heile 9,1 9,9 0,8 I 2012 var det 12,2 legeårsverk i primærhelsetenesta per 10.000 innbyggjar i Sogn og Fjordane 9,9 på landsbasis. Det er berre Finnmark som har ein høgare primærlegedekning enn Sogn og Fjordane. 21

Legedekninga i Sogn og Fjordane har auka med 1,5 årsverk per 10.000 innbyggjar, medan det i gjennomsnitt for har auka med 0,8 årsverk per 10.000 innbyggjar. Legedekning Meistring i grunnskulen Det vert gjennomført årlege elevundersøkingar av elevar i 7. og 10.klasse i grunnskulen der dei m.a. har svart på spørsmål om dei klarer å løyse oppgåver gjevne i timane eller som lekser og i kva grad dei forstår nytt lærestoff. I tabellen under er desse svara slått saman for begge klassestega og kalla meistring. Sjølvopplevd meistring blant 7. og 10.klassingar 2009/10 2011/12 Endring Sogn og Fjordane 3,9 3,9 0,0 Heile 3,9 3,8 0,0 Det er svært små skilnader mellom Sogn og Fjordane og landstala når det gjeld meistring. På ein skala frå 1 til 6 (best) gjev 7. og 10.klassingane både i Sogn og Fjordane og på landsbasis gjennomsnittsscoren 3,9. Det har og vore svært små endringar i denne scoren frå skuleåret 2009/10 til 2011/12. Meistringsnivå Trivsel i grunnskulen I dei årlege elevundersøkingane blant elevar i 7. og 10.klasse i grunnskulen vert dei og spurde om kor godt dei trivst på skulen og saman med dei andre elevane i timane og i friminutta. I tabellen under er desse svara slått saman for begge klassestega og kalla trivsel. Trivsel på skulen blant 7. og 10.klassingar 2007/08 2011/12 Endring Sogn og Fjordane 4,3 4,4 0,1 Heile 4,3 4,3 0,0 Det er små skilnader mellom Sogn og Fjordane og landstala også når det gjeld trivsel. På ein skala frå 1 til 6 (best) gjev 7. og 10.klassingane i gjennomsnitt scoren 4,3. Det har og vore svært små endringar i denne scoren frå skuleåret 2007/08 til 2011/12. 22

Trivsel Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører Avbroten vidaregåande opplæring kan gje ei svakare inntektsutvikling og større risiko for seinare arbeidsløyse. Dersom ein seinare fullfører utdanninga eller tek anna type opplæring forseinkar det starten på arbeidslivet og fører til tap av framtidig inntekt. Prosentdelen som fullfører vidaregåande opplæring. Endring 2005 1997 2007-2013 Sogn og Fjordane 73,1 % 75,9 % 2,7 % Heile 70,2 % 69,3 % -0,9 % 75,9 prosent av dei som starta på vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane i 2007 hadde fullført i løpet av 2012. Dette var den høgste fullføringsprosenten blant alle fylka og var ein auke på 2,7 prosenteiningar dei som starta i 1997 og som fullført innan 2002. For sett under eitt var det 69,3 prosent som fullførte i 2012, ein nedgang på 0,9 prosenteiningar frå det kullet som fullførte i 2002. På landsplan har det vore ein nedgang i fullføringsprosenten både på almennfag og yrkesfag, medan det i Sogn og Fjordane har vore ein auke i fullføringsgraden innan begge studieretningane. Størst auke har det vore på yrkesfag. Fullføringsgrad VGS 23

Oppsummering Sjukefråværsprosent Arbeidsløyseprosent Arbeidsløyseprosent blant ungdom Uførepensjonistar i alt Unge uførepensjonstar Sosialstønadstilfelle i alt Unge sosialstønadstilfelle Personar med låg inntekt Personar under 18 år med låg inntekt Born som bur med ein omsorgsperson, enten far eller mor Born med barnevernstiltak Legedekning Meistring Trivsel Fullføringsgrad VGS - Levekåra i fylket er framleis betre enn gjennomsnittet for, men skilnaden er mindre no enn før. Dette gjeld i særleg grad ungdom. Både talet på unge sosialhjelpsmottakarar, på unge som bur i hushald med låg inntekt og som bur berre med ein omsorgsperson har auka dei siste åra. Denne utviklinga indikerer at unge i Sogn og Fjordane har hatt ein svakare levestandardsutvikling enn i resten av. Eit meir avgrensa økonomisk handlingsrom kan gje dårlegare kosthald og redusert tilgang til organiserte fritidsaktivitetar og andre, betalingsbaserte sosiale arenaer. Auken i talet på born under barnevernet, kan indikere at oppvekstvilkåra for born i Sogn og Fjordane har hatt ei negativ utvikling, også samanlikna med resten av. 24

Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø Melde lovbrot Talet på lovbrot er ein indikator på kriminaliteten. Lovbrot skapar utrygge omgivnader og kan vera eit teikn på at mange kjenner seg marginaliserte. Talet på melde lovbrot per 1000 innbyggjarar Endring 2002 2002 2012-2012 Sogn og Fjordane 53,1 41,4-22,0 % Heile 96,5 76,3-20,9 % I 2012 var det 41,4 melde lovbrot per 1000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. For totalt var det tilsvarande talet 76,3. Det var dermed 46 prosent færre melde lovbrot i Sogn og Fjordane i høve til folketalet heile. Frå 2002 til 2012 gjekk talet på melde lovbrot per 1000 innbyggjarar ned med 22,0 prosent i Sogn og Fjordane og med 20,9 prosent i heile. Nedgangen var difor noko større i Sogn og Fjordane enn for. Melde lovbrot Unge lovbrytarar I 2011 var 29,4 personar per 1000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane under 25 år sikta for minst eitt lovbrot. Det tilsvarande talet på landsplan var 36,9. I høve til folketalet, var difor 20 prosent færre unge under 25 år sikta for eit lovbrot i Sogn og Fjordane heile. Frå 2002 til 2011 gjekk talet på unge lovbrytarar ned med 32,8 prosent i Sogn og Fjordane og med 17,9 prosent i heile. Nedgangen i Sogn og Fjordane var dermed nesten dobbelt så stor som på landsbasis. Talet på sikta personar under 25 år per 1000 innbyggjarar Endring 2002-2002 2011 2011 Sogn og Fjordane 43,8 29,4-32,8 % Heile 44,9 36,9-17,9 % 25

Unge lovbrytarar Mobbing i skulen (manglar data for eitt, eller fleire, år attende i tid). I perioden 2007-2012 svarte 7,1 prosent av elevane i 7. og 10. klassesteg i grunnskulen i Sogn og Fjordane at dei har opplevd mobbing dei siste månadene, medan 8,9 prosent av elevane i heile svarte det same. Mobbing i skulen Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot Dårleg helse kan gjera det vanskeleg å nytta tida til andre ting enn å pleia eiga helse, som t.d. deltaking i friviljuge organisasjonar. Det kan og vera vanskeleg å ta seg til møteplassar på grunn av dårleg fysisk eller mental helse. Svak helse kan og føra til ein ustabil arbeidsmarknadstilknyting som reduserer tilgangen til eit sosialt nettverk. Sosiale nettverk er viktige for rekruttering inn til friviljuge lag og organisasjonar. På den andre sida, kan liten deltaking i arbeidslivet gje større rom for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. Det er ikkje nødvendigvis slik at dårleg helse fører til låg deltaking i friviljuge lag og organisasjonar. Årsaksforholdet kan og gå den andre vegen. Låg deltaking i organisasjonslivet kan gje manglande sosial kontakt og eit lite utbygd sosialt nettverk, noko som kan påverka (sjølvopplevd) helse. Talet på friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot per 10000 innbyggjarar 2008 2012 Endring Sogn og Fjordane 54,6 55,8 1,3 Heile 31,1 29,6-1,4 Sogn og Fjordane er det fylket som har flest lag og organisasjonar med kommunalt tilskot. I 2012 var det 55,8 friviljuge lag og foreiningar som fekk kommunalt tilskot per 10 000 innbyggjarar. Dette er nesten dobbelt så mange som på landsbasis og er 1,3 fleire lag og foreiningar per 10 000 innbyggjarar enn i 2008. For sett under eitt har talet på kommunalt støtta lag og foreiningar gått ned frå 2008 til 2012. Friviljuge lag og foreiningar 26

Oppsummering Melde lovbrot Unge lovbrytarar Mobbing i skulen Friviljuge lag og foreiningar 27

Skadar og ulukker Hoftebrot Talet på hoftebrot blant eldre kan vera ein indikator på tilgjenge til servicefunksjonar og sosiale aktivitetar for denne aldersgruppa. For dei eldste og personar med funksjonshemming vil det og vera ein indikator på dei kommunale hjelpetenestene. Talet på innlagde pasientar med hoftebrot per 1000 innbyggjarar 2010-2008-2010 2012 Endring Sogn og Fjordane 2,1 2,2 0,1 Heile 2,2 2,1-0,1 I perioden 2010-2012 var i gjennomsnitt 2,2 promille av folkemengda i Sogn og Fjordane innlagde på sjukehus på grunn av hoftebrot. Dette er ein liten auke frå tre-årsperioden 2008-2010. Talet på hoftebrot er noko lågare for totalt og utviklinga har og vore noko betre for heile enn i Sogn og Fjordane. Hoftebrot Skadeførekomst i skular og barnehagar (også tannskadar). (HAR IKKJE STATISTIKK PÅ DETTE) Talet på arbeidsulukker totalt og i prosent av talet på arbeidstimar eller sysselsette. (HAR IKKJE STATISTIKK PÅ FYLKESNIVÅ OM DETTE!) Talet på skadde og drepne i trafikken. Skadde og drepne i trafikken er ein indikator på kor trygt det er å køyra, sykla eller gå langs vegane. Både den faktiske og opplevde tryggleiken påverkar folkehelsa. Talet på skada og drepne i vegtrafikkulukker. 2001-2004 2009-2012 Endring Sogn og Fjordane 256 203-21 % Heile 12253 9066-26 % I åra 2009 2012 var det i gjennomsnitt 203 skadde og drepne i trafikken i Sogn og Fjordane. Dette tilsvarar om lag 1,9 personar per 1000 innbyggjarar og er ein nedgang på 21 prosent frå perioden 2001 2004. På landsbasis var det litt færre skadde og drepne i trafikken per 1000 innbyggjarar (om 28

lag 1,8 per 1000 innbyggjarar) i perioden 2009 2012 og nedgangen frå åra 2001 2004 var noko større enn i Sogn og Fjordane (-26 prosent). Sogn og Fjordane ligg om lag midt på treet når det vi rangerer fylka etter talet på skadde og drepne i trafikken per 1000 innbyggjarar. Skadde og drepne i trafikken Oppsummering Indikator Nivået Utviklinga i fylket Hoftebrot Skadde og drepne i trafikken Utviklinga 29

Helserelatert åtferd Fysisk aktivitet blant born og unge Stor fysisk aktivitet i barndom og ungdom legg grunnlaget for god helse, lang levealder og eit aktivt vaksenliv. 30 25 Prosentdelen som er fysisk aktive minst 1 time dagleg i 2011 28 27 24 20 18 19 17 18 Sogn og Fjordane 15 14 13 Norge (HBSC Hemil Norge 2009/2010) 10 8 8 6 WHO (HBSC 2009/2010) 5 0 Gutar 11 år Jenter 11 år Gutar 13 år Jenter 13 år Den delen blant 11- og 13 åringar som er fysisk aktive i minst ein time kvar dag er mindre i Sogn og Fjordane enn både i totalt og i resten av Europa. Dette gjeld både gutar og jenter. Unnataket er 13-årige jenter, der prosentdelen fysisk aktive er større i Sogn og Fjordane enn på landsplan. 14 18 prosent av gutane i årsklassane 11 og 13 år i Sogn og Fjordane er i dagleg, fysisk aktivitet, medan dette gjeld for om lag 18 27 prosent av dei tilsvarande årskulla på landsplan. Blant jenter i årsklassane 11 og 13 år busette i Sogn og Fjordane var 8 prosent fysisk aktive i minst ein time dagleg. På landsplan var dette tilfellet for 6 17 prosent. Jenter er mindre fysisk aktive enn gutar. 30

64 63 Prosentdelen som er i dagleg fysisk aktivitet. 2. klasse VGS i Sogn og Fjordane. 2012. 63 62 61 60 59 59 58 57 Gutar Jenter Blant dei som går i 2. klasse på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane er 63 prosent av gutane og 59 prosent av jentene i dagleg fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet blant 11- og 13 åringar Prosent av elevane som går eller syklar til skulen. (Finn ikkje data, men truleg ikkje naudsynt då me allereie dekker fysisk aktivitet) Daglegrøykarar I perioden 2003 2012 var i gjennomsnitt 14 prosent av dei gravide i Sogn og Fjordane som var inne til fyrste svangerskapskontroll daglegrøykarar. Dette var ein nedgang på 8 prosenteiningar frå gjennomsnittet i perioden 1999 2008. I heile var røykte 15 prosent av dei gravide dagleg i åra 2003 2012, ein nedgang på 6 prosenteiningar frå perioden 1999 2008. Prosentdelen gravide som røyker dagleg er dermed lågare i Sogn og Fjordane enn landsgjennomsnittet og nedgangen dei siste åra har vore noko sterkare enn på landsplan. Prosentdelen av gravide som ved fyrste svangerskapskontroll svarte at dei røykte 2003-1999-2008 2012 Endring Sogn og Fjordane 22 14-8 Heile 21 15-6 31

Gravide daglegrøykarar Overvektige I perioden 2003 2009 hadde 30,1 prosent av alle menn frå Sogn og Fjordane som var inne til sesjon ein kroppsmasseindeks (KMI) på 25 kg/m 2, 25,5 prosent for sett under eitt. Det er berre menn frå Nord-Norge som har ein høgare KMI enn dei frå Sogn og Fjordane. Prosentdelen menn på sesjon med KMI større enn 25. 2003-2009 31,0 30,0 29,0 28,0 27,0 26,0 25,0 24,0 23,0 30,1 1 25,5 Sogn og Fjordane Heile Overvektige Oppsummering Indikator Nivået Utviklinga i fylket Fysisk aktivitet blant 11- og 13 åringar Gravide daglegrøykarar Overvektige Utviklinga Den fysiske aktiviteten blant unge i Sogn og Fjordane er monaleg lågare enn landsgjennomsnittet, samstundes som prosentdelen overvektige unge menn ligg langt over resten av. Eit usunt kosthald og liten, fysisk aktivitet i ungdomsåra legg grunnlaget for dårlege vanar og svekka helse som vaksen. 32

Helsetilstand Tilfelle av psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdomar og muskel-/skjelettlidingar 300 250 Personar i kontakt med primærhelsetenesta per 1000 innbyggjar. 2010-2012 266,1 255 200 150 100 110,7 135,8 103,9 103,9 Psykiske lidingar Hjarte-/karsjukdom Muskel og skjelett 50 0 Sogn og Fjordane Hele I perioden 2010 2012 var 26,1 prosent (266,1 per 1000 innbyggjarar) av folkemengda i Sogn og Fjordane årleg i kontakt med primærhelsetenesta grunna ei muskel- eller skjelettliding. Dette var 1,1 prosenteiningar fleire enn på landsplan. I den same perioden var 11,1 prosent av innbyggjarane i fylket i kontakt med primærhelsetenesta på grunn av psykiske lidingar medan 10,4 prosent tok kontakt fordi dei hadde ein hjarte-/karsjukdom. Dei tilsvarande tala for heile var høvesvis 13,6 prosent og 10,4 prosent. Psykiske lidingar Hjarte-/karsjukdom Muskel- og skjelettliding Tilfelle av diabetes 2 I perioden 2010 2012 nytta 2,9 prosent av folkemengda i Sogn og Fjordane medisinar mot diabetes 2. Dette var ein auke på 0,6 prosenteiningar frå perioden 2005 2007. I heile brukte 3,3 prosent av av befolkninga legemiddel mot diabetes 2 i åra 2010 2012, ein auke på 0,7 prosenteiningar frå perioden 2005 2007. Brukarar av legemiddel for type 2-diabetes. Prosent av folketal. 2010-2005-2007 2012 Endring Sogn og Fjordane 2,2 2,9 0,6 33

Heile 2,6 3,3 0,7 Diabetes 2 Prosentdel 5-åringar, 12-åringar og 18-åringar med hol i tennene Tannkvaliteten blant ungdom er mellom anna eit resultat av tannhygiene, kosthald og kor ofte dei går til tannlegen. Desse faktorane er påverka av økonomiske og sosiale levekår. Ei dårleg tannhelse som ungdom kan og gje helseplager som vaksen. Prosentdelen av 5-åringar, 12-åringar og 18- åringar som ikkje har hol i tennene. 2002 2012 Endring Sogn og Fjordane 43 53 11 Heile 41 50 10 I 2012 hadde 53 prosent av alle 5-åringar, 12-åringar og 18-åringar i Sogn og Fjordane ingen hòl i tennene. Dette var ein auke på 11 prosenteiningar frå 2002. I sett under eitt var dei tilsvarande tala høvesvis 50 prosent og 10 prosenteiningar. Dette inneber at det er nokre fleire ungdomar ut hòl i tennene i Sogn og Fjordane enn på landsplan og auken i prosentdelen som er utan hòl har auka litt meir i fylket enn i totalt. Tannhelsa i Sogn og Fjordane er blant dei beste i, berre Akershus og Hedmark er betre. Hòl i tennene Oppsummering Psykiske lidingar Hjarte-/karsjukdom Muskel- og skjelettliding Diabetes 2 Hòl i tennene 34

Sogn og Fjordane har ein førekomst av muskel-/skjelettlidingar som ligg over landsgjennomsnittet, medan førekomsten av hjarte-/karsjukdomar ligg på landsnivå. Talet på diabetes 2 tilfelle aukar i Sogn og Fjordane, men førebels mindre enn i resten av. Denne auken kan sjåast i samanheng med auken i talet på overvektige og den låge fysiske aktiviteten blant born og unge. Forklaring: Under kvar indikator er det ein tabell med celler som er fargelagde. Den fyrste spalta, «Nivået», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane i dag er betre (grøn farge), lik (gul farge) eller dårlegare (raud farge) enn landsgjennomsnittet. Den andre spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har blitt betre (grøn), er uendra (gul) eller blitt dårlegare (raud) i løpet av den perioden vi ser på. Den tredje spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har utvikla seg betre (grøn), lik (gul) eller dårlegare (raud) enn landsgjennomsnittet i den perioden vi ser på. Kvite celler viser at eg ikkje har tal. 35