1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune



Like dokumenter
Hyllestad kommune

Leikanger kommune

Høyanger kommune

Førde kommune

Solund kommune

Askvoll kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Gaular kommune

Sogndal kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Aurland kommune

Hornindal kommune

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jølster kommune

Flora kommune

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Naustdal kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

M/S NYBAKK SI HISTORIE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Bremanger kommune

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Jon Fosse. For seint. Libretto

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Gulen kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Gloppen kommune

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Brukarrettleiing E-post lesar

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Frå tre små til ein stor.

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

TEMA. Stryn

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjonshefte Tuv barnehage

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Møteprotokoll for møte i

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Med god informasjon i bagasjen

Her er eit flott bilete av Gamleskulen i Øvre Årdal. Det er teke rett etter opninga av skulen i Til høgre skimtar ein Offerdals Landhandel.


Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Stryn kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Møteinnkalling for Valgstyre

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Lærdal kommune

Transkript:

Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien og skimtar Walaker hotell i klyngja i sentrum. Postkort frå Marifjøra i 1905. Marifjøra var knutepunkt for trafikk til og frå Jostedalen med dampskipskai, skysstasjon, hotell og anna overnatting. Her var også legekontor for kommunane Luster, Jostedal og Hafslo. 1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Hafslo sentrum omlag slik det såg ut i 1905. Motoren og ei mengd robåtar ligg ved bryggja på Nes og er søkklasta av festkledde folk. Ein festdag, kanskje det er bryllaupsgjester. Hafslo ungdomslag på tur til Veitastrond i 1907. Mannen med paraply og lys hatt, fremste rekkje, er leiaren Kristoffer Alme. Han leia laget i over 30 år. Her ser vi rikstelefonstasjonen på Hafslo i 1905. Stasjonen heldt hus hos Andreas Mo og kona I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om tida kring 1905 i Hafslo kommune. Hafslo kommune i 1905 Hafslo kommune, som i dag er ein del av storkommunen Luster, var eigen kommune i 1905. 1. januar 1963 vart kommunen slegen saman med nabokommunane Jostedal og Luster. Hafslo kommune omfatta då kyrkjesokna Hafslo, Solvorn (med Urnes), Fet og Jordanger. Bygda Veitastrond var og ein del av Hafslo kyrkjesokn. Dei hadde eigen gravplass, men ikkje kyrkje eller kapell. I 1900 var folketalet 2875. Kommunen låg på begge sider av Lustrafjorden ( Ytre Kroken, Urnes og Kinsedal på austsida ), på begge sider av Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet med omkringliggjande dalområde. Kommunen strekte seg ned til fjorden til strandstadane Solvorn og Marifjøra. Kommunen var eige prestegjeld og lensmannsdistrikt, samt eige tinglag i Sogn fogderi. Kommunane Hafslo, Luster og Jostedalen hadde felles distriktslege med kontor i Marifjøra, og jordmora for Veitastrond heitte Berta Nes. Kommunen var (1895) inndelt i 17 skulekrinsar med 486 born i skulealder, ein kvinneleg og ni mannlege lærarar. I Ytre Kroken dreiv fylket jenteskule/husstellskule, no Luster vidaregåande skule på Hafslo. Næringsliv, busetnad og kommunikasjonar Dei viktigaste "tettstadane" var Marifjøra i Jordanger, Solvorn i Solvorn og Mo i Hafslo sokn. I tillegg til handlande, var her postopneri, rikstelefonstasjonar, skysstasjonar og tre hotell, Hillestad på Hafslo, Walaker i Solvorn og Tørvis i Marifjøra. Her fekk dei også seks-liners sentralbord dette året med handelsmann Tørvi som fyrste abonnent. Det var stoppestad for dampskip i Solvorn, Marifjøra og Kroken. På Veitastrond

Side 2 av 6 Ranveig. Andreas Mo var smed og Ragnhild styrde telefonstasjonen. var det to som dreiv handel, Peder Pedersen og Ole Pedersen. Bygda hadde fått eige postopneri i 1900. Hovudvegen frå Sogndal kom inn i Hafslo ved garden Oklevik, gjekk vidare langs Hafslovatnet, forbi Hillestad og Kjørlaug og vidare til Luster, med ein avstikkar ned til Marifjøra. Det var også andre køyrevegar i kommunen, m.a. til Solvorn og frå Hafslo kyrkje til Veitastrondsvatnet. Ferdsla på Veitastrondsvatnet Strendingane hadde ein svært lang og strabasiøs veg når dei skulle ut av bygda. Vatnet var vegen, men ikkje alltid trygt å fare. Ein strending skildrar "vegen" slik i eit innlegg i Sogningen denne våren "... Vatnet hev i vinter vore sers lagelegt med god " før". Isen hev lange tider lege haal og blank som ein spegil. Men det er ikkje altid, at veitestrendingen hev so lett framkoma til nabobygdi Hafslo. Haust og vaar, medan isen leggjest og bryt upp, kan det gaa fleire vikor, fyrr einkan ferdast millom igjen, og summarstid tek det no og ei tid å ro det 17 km. lange vatnet." Samuel O. Mo var ordførar dette hendingsrike året. Her er han fotografert i Solvorn med ein blid smårolling på armen, saman med kona. "Motoren" Sommaren 1905 kom motorbåten "Strendingen" eller "Motoren" i trafikk på Veitastrondsvatnet. Dei hadde hatt ein liten dampdriven båt i nokre år, men han fungerte dårleg. No kunne dei endeleg sjå føre seg ein noko mindre strabasiøs tur over vatnet. Vi les vidare i Sogningen: " Men her etter slepp ein turka mykje sveitte paa tofta. Ein motorbaat skal i sumar for fyrste gong uroa Veitrastrandsvatnet. Baaten er kjøpt i Kristianaia for umlag 5000 kr., og so snart vatnet opnast i vaar, skal han koma upp." Båten klappa til kai i Solvorn 03.07 etter å ha brukt 28 timar frå Bergen. "Motoren" var eit stort framsteg med god plass til varer, post og passasjerar, enda til under tak. "i sterk Spaning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Slik såg oppropet til kvinnene ut. Aksjonen samla mest 280 000 stemmer og vart gjennomført på rekordtid. Både i Marifjøra og Solvorn var det eit yrande liv når båten kom med post, passasjerar og varer. Folk kom frå dei indre delane av kommunen, og når dei endeleg møtte grannar, gjekk nok praten og diskusjonane høgt om utviklinga om dei ulike unionsspørsmåla. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange,

Side 3 av 6 likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 sprengde dei siste salva i Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Sogns Tidende melder om eit stort avhaldsmøte på Hafslo. Omlag 100 personar var samla i Heradshuset. Dei melde vidare om resultata frå vinterløpet på Hafslo-isen som "Sogn Travkjørerselkab" arrangerte og at det vart drive oppreinsking ved elveosen ved Hafslovatnet etter sprenginga i fjor, i samband med den nye vegtraseen. Avisa melde også at lensmann Falck fylte 75 år i desse dagar. Folk var også opptekne av den fæle skredulukka i Loen, som vart omtala i aviser landet over. I Hafslo kommune var skulesamanslåing og nybygg av skulehus ei viktig sak både i skulestyret og kommunestyret. Dette året vart det vedteke å byggje nytt skulehus på Ytre Hafslo. I kommunen vart det også planar om å gjere Sogelva til kanal mellom Hafslovatnet og Veitastrondsvatnet, slik at den nye motorbåten kunne gå i rute mellom dei to vatna. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og handelsmann Samuel O. Moe vart vald til ordførar. N. C Brøgger var sokneprest med bustad på Hafslo. Fredrik E. Falck var lensmann og budde i Solvorn. Der budde også sorenskrivaren for Indre Sogn, O. A. T. Eeg. Likeins dåverande stortingsmann Fredrik Fraas. Kristoffer Alme, postmann og bonde, var ei drivkraft innan mykje av lagslivet i Hafslo, m.a. leiar i Hafslo ungdomslag, målmann, foredragshaldar og forfattar. Per Tang frå Hafslo var offiser, karteograf, forfattar og organisasjonsmann. Han gjekk på offiserskulen i hovudstaden dette hendingsrike året og opplevde dramatikken på nært hald. Lag og organisasjonar Kommunen var sterkt prega av dei store religiøse vekkingane, m.a. Hans Nielsen Hauge, og her var ei mengd religiøse lag og organisasjonar. Men her var også to skyttarlag, Indre- og Ytre Hafslo, og dei frilynte laga Hafslo ungdomslag ( 43 medlemer) og Indre Hafslo Ungdomslag. Landbruksnæringa var også representert i lagsfloraen med Hafslo Landbodforening og Fet og Joranger Feavlsslag. 17. mai 1905 Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Dagen etter skulle innstillinga til lov om norsk konsulatstell handsamast i Stortinget. Dagen vart feira med stort engasjement og alvor. Sogns Tidende melder at i Hafslo heldt soknepresten gudsteneste og ".. at klokkarane Mundal og Vigdal tala for dagen og fedralandet ute, der dei gjorde seg til talsmenn for den reine og beine vegen i vaar unionsstrid." 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag

Side 4 av 6 og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Hafslopresten hadde ikkje fått kunngjeringa i hende til fyrste pinsedag då han hadde gudsteneste i Hafslo, men han løyste det ved å be ei " Bøn for Fedrelandet", som han skriv i Dagsregisteret. Det same gjorde han dagen etter i Jordanger kyrkje, men dei to påfølgjande søndagane kunne han lese oppropet frå preikestolen, både i Solvorn og Hafslo kyrkje. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Den andre var søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Hafslo valsokn tilsvara dåverande Hafslo kommune. Valstyret var slik samansett: lensmann Falck (formann), ordførar Samuel O. Moe, Nils Kroken, Johannes Marheim, Johs P. Kvam, Lars M. Opheimshaug, Einar Venjum og Peder C. Moe. (Han skreiv seg også som P.C.Tang.) I november møtte ikkje Nils Kroken. Valstader Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. I begge røystingane vart det røysta i Hafslo hovudkyrkje og Fet annekskyrkje. Dei som sokna til Jordanger kyrkje, stemde i Fet kyrkje. I august måtte strendingane til Hafslo og stemme, medan dei stemde i Heggestad skulehus i november. Oppteljinga føregjekk i hovudkyrkja i Hafslo ved begge røystingane. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga 13.august var ein fest- og høgtidsdag, og mange stader vart han feira som sjølvaste 17.mai med gudsteneste, talar, flagg, folketog og moro. I Hafslo var det også feiring;" Fraa Solvorn og Ornes kom dei i festtog med fleire flag, liksom ogso Hafslo var pryda med mange væne flag. Det var ei høgtid som aldri gløymast." Sogns Tidende 18.08.1905. Før røystinga var det også gudsteneste i Hafslo kyrkje. Resultatet av folkerøystinga for Hafslo valsokn: 603 menn hadde røysterett. Det vart avgjeve 512 godkjende røyster. Under gjennomgangen av røystene fann stemmestyret eit ja med utropsteikn etter og forkasta røysta. Alle røysta ja. Det var enda til ein svenske som stemde i Hafslo denne dagen og i følgje avisa Sogn Tidende tok han høgt til ordet om at no skulle " Norig faa skilja seg från Sverige." Frammøteprosenten for Hafslo var nest legst i fylket med 85,2 prosent. I fylgje den same avisa var dei fleste fråverande frå Veitastrond, og årsaka var at ".. Eimbåten

Side 5 av 6 hadde fenge propellskade og mange kunde ikkje koma." Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei. "...Og eit under at det skulle ganga so godt" Avisa Sogns Tidende melde frå røystinga i Hafslo og skribenten var tydelegvis ikkje heilt trygg på resultatet på førehand: "... I Kristiania var dei i otte for at hafsloingarne og daa sers veitastrendingarne er so politisk formyrka og skakkjøyrde at dei mannjamt vilde røysta nei. Det var særlig ein politikar fraa eldre tider, og ei konservativ avisa som hev skræmt fælt med krig og lovprist svenskarne, som har skuldi. Og eit under var det at det kom til aa ganga so godt. Sundag den 6te august var der stort folkemøte paa Soget. Daa tala fleire um den vigtige avrøystingi, og daa fall der skjel fraa deira augo som fyrst var heilt formyrka. Skodda dreiv burt fraa grend etter grend, og daa den 13de kom, saag kvar mann, at det var naudlegt aa svara ja, um enn kongen og krunprinsen ikkje tykte vel um deira avgjerd." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar, men måtte gjennomførast snøgt. I Sogndal hadde avisa Sogns Tidende 09.08. fått ei liste frå Landskvindestemmerettsforeningen, men dei kunde fortelje at kvinner i Sogndal har ".. alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt." Også i Solvorn gjekk det rundt liste, og den fyrste til å skrive under var fru sorenskrivar Eeg. Det kan tyde på at det var fru Eeg som hadde motteke lista, men det veit vi ikkje sikkert. Om det har versert slike lister i andre delar av kommunen, veit vi ikkje. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Hafslo valsokn: 628 hadde røysterett. 415 menn røysta og av desse røysta 335 ja (for kongedømme), medan 80 røysta nei (for republikk). To ja-røyster var forkasta av di dei var skrivne på linjert papir og tre nei-røyster av same grunn. I Hafslo var dei kongetrugne og 81,1 prosent sa ja til kongehus. Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 røysta for kongedømme, 2 808 røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England

Side 6 av 6 og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, men vi er ikkje kjende med at det vart sendt slike telegram frå Hafslo kommune. Det kan det likevel ha vore. Fest og glede ved utgangen av året Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Sjølv om ikkje alle var like nøgde med resultatet av Karlstadsforhandlingane eller at det vart kongehus og ikkje republikk, var det likevel ei lette at det heile gjekk bra og at dramatikken no var over. Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst skulle vere Salmane 118, 23-26 og rådde til å syngje Blix si fedrelandssalme " Gud signe vårt dyre ferdreland". Presten i Hafslo prestegjeld har notert fylgjande i Dagsregisteret; " Folkefest for Guds store Naade mod vaart Folk og Land i 1905. Meget stor forsamling." Artikkelnummer: KAL/SFF-449.1426 Forfattar og datering: Kjerstin Risnes, 2005. Prenta kjelder: Feilmelding: A name was started with an invalid character. Denne feilmeldinga kjem av at tekstfeltet for artikkelen ikkje er eit rett XML-dokument. Mest sannsynleg kjem feilen av at ein start HTML tagg ikkje er lik ein slutt HTML tagg. T.d. <p>...</b>. Eller at ein HTML tagg er skiven feil, t.d. <p />. Sjå nøye gjennom tekstfeltet i databasen, og rett eventuelle feil! Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. lagsarkiv NRK Sogn og Fjordane Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no