KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR?
I DAG Basert på bestandsplanane som er godkjente i Hareid, Herøy og Ulstein: Prega av å vere utforma under lovverk av 1989 Enkelte problem med omgrepa Kan verte betre på bruk av kunnskap, datagrunnlag og statistikk
BESTANDSPLAN I lovverk av 1989 vart driftsplanar innført. Desse tok føre seg korleis ein skal drive eit vald, samt plan for avskytinga. Sidan 2002 har ikkje driftsplanar vore omtalt i lovverket. Ein har i staden bestandsplanar. Ein bestandsplan handlar om hjorteviltet og forvalting av denne.
NYTT REGELVERK I 2012 Jaktrettshaverne har ansvaret for organisering og tilrettelegging av jaktutøvelsen. De har også et betydelig ansvar for bestandsplanleggingen gjennom årlig avskytingsplan samt andre forvaltningstiltak i valdet, og ikke minst en samkjøring og koordinering med tilgrensende vald.
GRUNNEIGARANE/VALDET SINE OPPGÅVER Vald = styring av jakta gjennom grunneigarane! Grunneigaren har gjeve valdet rett til å forvalte jaktretten Utarbeide bestandsplanen Følgje opp målsetjingane i planen
GRUNNEIGARANE/VALDET SINE RETTAR Korleis skal ein organisere jakta? Organisering av jakta i jaktfelt med jaktleiarar Kontrollere at jeger har naudsynte papir Sette krav til jaktutøvinga utover lovteksten Til dømes: -at ein skal unngå å felle dei største bukkane -kva jegar somhar adgang til eigedommen
KOMMUNEN SINE OPPGÅVER Lage målsetjingar for kommunen si hjorteviltforvalting I Ulstein: Forvaltingsplan for hjort 2013-2016 I Herøy: Forvaltingsplan for hjort 2013-2016 I Hareid: Målsetjingar og ramer for hjortevilforvaltinga av 2009 Planane ligg på på heimesidene til SSL www.landbrukskontoret.no
KOMMUNEN SINE OPPGÅVER Kommunen skal påse at bestandsplanens målsetting og den planlagte avskytingen er i samsvar med målene kommunen har vedtatt. Måloppnåelsen i planen skal løpende evalueres i forhold til de overordna målsettingene som kommunen har vedtatt for sitt område. Kommunen skal påse at planen er faglig tilfredsstillende og at den holder de formelle kravene som stilles før de behandler saken og eventuelt godkjenner planen.
KRAV TIL BESTANDSPLAN I FØRESKRIFTA Forvalting basert på fagkunnskap Målsetjingar for bestandsplanen Plan for årleg uttak av dyr i kvar alders- og kjønnskategori Bestandsplanane inneheld i dag mykje som kommunen ikkje kan ta stilling til Herøy og Ulstein har vedteke at ein skal bruke andre malar for bestandsplanar enn i dag!
MAL FOR BESTANDSPLAN 1. VURDERING AV FØRRE BESTANDSPLAN Korleis var førre bestandsplanperiode? Dømer: Har ein oppnådd målsetjingane? Kvifor har ein/ har ein ikkje oppnådd dei? Kva må ein gjere annleis for å unngå at dei same problema oppstår? Kva har fungert godt i førre planperiode? Korleis skal vi bruke denne kunnskapen i ny plan?
MAL FOR BESTANDSPLAN 2. BESTANDSUTVIKLING Ei skildring av forholda for hjorten i valdet og eventuelle endringar i denne. Er det område som er særskilt attraktive for hjorten? Kor går dei kjende trekkrutene? Kvar er kalvingsområda? Er det vinterbeiteområde i valdet? Kva syner data for sett hjort i kommunen? Korleis er utviklinga i fellingstal i valdet? Har de merka særskilte endringar dei siste åra?
MAL FOR BESTANDSPLAN 2. BESTANDSUTVIKLING Kunnskapen er ute i valda! Saml den inn, bruk den og skriv den ned. Ikkje: Valdet har tidlegare hatt litt problem med skade på landbruksnæringa. Heller: På gnr.x, bnr. x,y,z øydela hjorten vinteren 2009/2010 over 20 rundballar. På gnr.x bnr.z såg ein våren 2010 at hjorten også gjorde beiteskader.
MAL FOR BESTANDSPLAN 2. BESTANDSUTVIKLING Ikkje: I 2010-2012 har det vorte mindre hjort enkelte stadar i valdet. Heller: I 2010-2012 såg grunneigarane og jegerane mindre hjort i valdet. Dette ser ein i sett hjort materialet. Særskilt har det vore rapportert om nedgang i talet på hjort ein ser på jaktfelt A. Det er først og fremst koller med kalv det har vorte mindre av. Kanskje dette kan ha samanheng med at to av bruka på jaktfelt A ikkje lenger er i bruk.
MAL FOR BESTANDSPLAN 3. MÅLSETJING Kva er målsetjinga med planen i forhold til bestandsutvikling? Målsetjinga må vere i samsvar med kommunen sine målsetjingar. Hugs på ansvaret for å koordinere med nærliggande vald. Dømer på målsetjing: a) Sikre ein bestand med store og gode avlsdyr b) Hindre skader på godt drive landbruksareal
MAL FOR BESTANDSPLAN 4. TILTAK Kva skal gjerast for å oppnå målsetjinga? Dømer: a) For å sikre ein bestand med store og gode avlsdyr skal valdet: - Konsekvent prioritere å ta ut dei minste dyra - Ikkje felle store koller med kalv - Ikkje felle bukkar med meir enn 10 takkar
MAL FOR BESTANDSPLAN 4. TILTAK Dømer : b) For å hindre skader på godt drive jordbruksareal skal valdet: - Ta ut flest mogeleg dyr i område med godt drive jordbruksareal - Søke om støtte til førebyggjande tiltak
MAL FOR BESTANDSPLAN 5. PLAN FOR ÅRLEG AVSKYTING Det er krav i føreskrifta om at ein bestandsplan har plan for årleg avskyting i bestandsplanperioden. Denne skal spesifisere planlagt uttak av alle typar dyr for kvart år. Avskytingsplanen må samsvare med målsetjingane og tiltaka. I forvaltingsplanen til kommunen står rammene for avskytinga
MAL FOR BESTANDSPLAN 5. PLAN FOR ÅRLEG AVSKYTING a) Plan for talet av dyr som skal fellast kvart år Talet på dyr År 1 År 2 År 3 I alt Kolle Bukk Kalv I alt
MAL FOR BESTANDSPLAN 5. PLAN FOR ÅRLEG AVSKYTING b) Kjønnsfordeling for det samla uttaket over tre år Kjønnsfordeling Hanndyr Hodyr % %
MAL FOR BESTANDSPLAN 5. PLAN FOR ÅRLEG AVSKYTING c) Aldersfordeling for samla uttak over 3 år Aldersfordeling Kalv Yngre dyr Eldre dyr % % %
MAL FOR BESTANDSPLAN 6. KART OG EIGEDOMSLISTE Liste over dei gards- og bruksnummera som inngår i valdet Eit oversiktskart som viser yttergrensene til valdet. Valdsansvarleg har plikt til å melde frå om endringar i valdet sine grenser og eigedomsforhold. Om valdet har ei eigedomsliste, har denne vore oppdatert?
MAL FOR BESTANDSPLAN 7.DEL 2 AV PLANEN Om valdet ynskjer å inkludere meir i bestandsplanen, som til dømes økonomisk drift av valdet eller fordeling av dyr mellom jaktfelt, skal dette skiljast ut i ein eigen del sist i bestandsplanen. Kommunen kan ikkje handsame denne delen av bestandsplanen utover å påpeike informasjon som strir mot noverande lovverk og pålegg.
SKRIFTLEGE REGLAR I VALD Grunneigarane/valdet må utarbeide eigne reglar for å førebygge konflikter! Reglane må vere kjent for alle grunneigarane, og vere skriftlege Dømer på reglar som ein bør ha: Korleis veljer ein valdsansvarleg? Kva er den valdsansvarlege sine oppgåver utover det som er skildra særskilt i lova?
SKRIFTLEGE REGLAR I VALD Kva er jaktleiaren sine oppgåver? Korleis ein skal handtere ulik tettleik med hjort i valdet? Korleis førebygge at hjorten gjer skade? Kva tiltak som må til for å få felt dei dyra ein skal? Korleis skal kjøt verte fordelt? Hugs at eit slakt kan flyttast!
SKRIFTLEGE REGLAR I VALD Har valdet særskilte tiltak for å sikre at lovverk og pålegg vert følgde under jakta? Dømer: Hareid kommune har påbod om bruk av sett hjort. Korleis vert dette følgt opp? Ulstein og Herøy kommune har refusjonsordning for elektronisk innlevering av sett hjort (og slaktevekter). Korleis følgjer valdet dette opp?
SKRIFTLEGE REGLAR I VALD Fleire dømer: Det er ikkje lov å felle ei kolle før kalven er felt. Viss ein etter felling finn mjølk i juret må ein sette i verk tiltak for å felle kalven snarast. Korleis skal dette handterast i valdet? Kven har ansvaret for at alle jegerar er kjende med alle lokale reglar og påbod? Kva varslingsrutiner er laga etter lovendringa om bruk av lys under ettersøk?
KVEN EIG HJORTEN?
KVA MÅ TIL FØR VALDA KAN LAGE EIN FELLES BESTANDSPLAN? Mange av bestandsplanane som er godkjente i dag er veldig like. Kva skal til for at fleire vald skal kunne samarbeide om å skrive ein felles bestandsplan? Når einigane med bestandsplanar faktisk lagar planar for ein heil bestand eller i det miste storparten av leveområda til ein bestand, vil ein kunne få mykje større spelerom!
TIPS Begynn heilt på nytt Skriv ned kunnskapen de har! Bruk data frå Naturbase, Hjorteviltportalen, Hjorteviltregisteret og fagbøker/artiklar til å underbygge val av avskytingsmodell, utbreiing av beiteområde m.m. Inga avskytingsavtale
TIPS Spør om hjelp og rettleiing i god tid. Bestandsplanar må vere handsama av kommunen før 15.juni. Innlevering av søkand om ny bestandsplan seinast1.mai. for å sikre at de har tid til å rette opp eventuelle feil og manglar før saka skal vidare til politisk handsaming!