Rapport 5923-1 Kronstad, gnr. 33, bnr. 75 i Alta Vegtrafikkstøy Situasjonsplan for tiltaket, dagsett 24.8.2011. Kjelde: Verte landskap & arkitektur AS. for Verte landskap & arkitektur AS oktober 11
Rapport 5923-1 12 sider Voss Versjon Vår ref Sweco Norge AS Bergen - Voss 2011-10-14 1 D1103377.doc Deres dato Arkiv Deres ref Inge Hommedal 2011-04-26 97838300 Kronstad TIL Verte landskap & arkitektur AS Postboks 1034 9503 ALTA KOPI TIL Att.: Linda V. Nielsen Tittel Kronstad, gnr. 33, bnr. 75 i Alta Vegtrafikkstøy Sammendrag Det er rekna vegtrafikkstøy frå nærliggjande E6 til planlagde bustadblokker på gnr. 33, bnr. 78 på Kronstad i Alta kommune for prognoseåret 2031. Støyen er vurdert etter planretningslina T-1442, norsk standard NS 8175 og Alta kommune sine kommuneplanføresegner. Det er også føreteke ei grov vurdering av støy frå planlagd næringsverksemd. Framlegg til støyavbøtande skjermar / vollar er lagde fram av oppdragsgjevar og ligg til grunn for denne rapporten. Støysituasjonen er anstrengd. Dei tre blokkene nærast E6 vil få langtidsmidla støy, L den > 65 db ved fasade / byggjegrense og kan dermed, i fylgje kommuneplanføresegnene, ikkje oppførast. For dei resterande blokkene er overskridingane moderate og blokkene kan byggjast så framt soveromma ikkje får vindauge mot fasade med overskridingar. Krav til innandørs støy kan tilfredsstillast, men vil krevja bruk av bygningselement med lydisolasjon ut over standardelement. Dette gjeld dei tre mest utsette blokkene. Alt det skisserte leikearealet får støynivå L den = 55 db eller lågare, og dermed god støykvalitet. A. Revisjon 1 Utarbeidet av Inge Hommedal E-post: Inge.Hommedal@sweco.no tlf.: 909 32 527 Sign. Internkontroll (Faglig gjennomgang. Metodikk og forutsetninger. Språk og presentasjon) Sigurd Solberg Sign. Rapportorginal med signaturer er arkivert hos Sweco Norge AS Denne rapporten skal kopieres komplett Utdrag kan benyttes etter skriftlig samtykke Sweco Norge AS - Voss Tvildesvegen 16D www.sweco.no Telefon 47 47 85 00 5700 Voss Telefaks 47 47 85 01
INNHALD 1. INNLEIING...4 2. AKUSTIKKFAGLEGE UTRYKK...4 3. FØRESETNADER...4 Situasjon...4 Kartgrunnlag...4 Trafikktal...4 Bygningskonstruksjon...4 Støyavbøtande tiltak...5 4. METODE...5 5. KRITERIER FOR STØY...5 6. UTREKNA UTANDØRS STØY...6 Bustadblokker...6 Uteopphaldsareal...6 7. VURDERT UTANDØRS STØY...6 Bustadblokker...6 Uteopphaldsareal...6 8. INNANDØRS STØY...7 9. STØY FRÅ AKTIVITETAR I / VED NÆRINGSBYGGET...7 REFERANSAR...7 VEDLEGG...8 A. Støy på utsette fasadar, 2. etasje...9 B. Støy på utsette fasadar, 1. etasje... 10 C. Støy på uteareal... 11
1. INNLEIING Sweco Norge AS har fått i oppdrag av Verte landskap & arkitektur AS å rekna ut og vurdera vegtrafikkstøy til planlagde bustader på gnr. 33, bnr. 75 på Kronstad i Alta kommune. Oppdraget er løyst på grunnlag av tilsendt materiale frå oppdragsgjevar. 2. AKUSTIKKFAGLEGE UTRYKK I denne rapporten vert det brukt fylgjande faglege uttrykk for støy: Støynivå L den, er eit langtidsmidla (døgn/år) støynivå der støybidraga om kveldane (kl. 19-23) er gjevne eit tillegg på 5 db og støybidraga om nettene (kl. 23-07) er gjevne eit tillegg på 10 db. Støyproduksjon om kveldane og nettene vert altså «straffa» med høvesvis 5 db og 10 db før samanlikning med tilrådde grenser, dette for å sikra betre vern mot m.a. uroing av søvn. L den er eit A-vekta støynivå. A-vektinga jamnar ut at menneskeøyra er mindre vârt for basslyd enn for lyd i mellomliggjande frekvensområde. Døgnekvivalent støynivå (L A,ekv,24h ) er A-vekta støynivå midla over eit døgn. Maksimalt støynivå (L 5AF ): For vegtrafikk utandørs er maksimalt støynivå definert til det som vert overskride av dei 5 % mest støyande (tunge) kjøretøya. I regelverket for innandørs støy er maksimalt støynivå definert som det absolutt høgaste støynivået, og ein reknar antallet overskridingar av dette. Maksimalt støynivå vert brukt til å vurdera risiko for søvnforstyrring der det er stor nattrafikk. 3. FØRESETNADER Situasjon Situasjonsplan er vist på framsida av denne rapporten. Det vert planlagt bruksendring frå dagens jordbruk til bustader og næringsverksemd. Bustadene er planlagde som sju blokker à to etasjar. Det er ca. 14 m frå senterlina på E6 til den næraste planlagde blokka. Kartgrunnlag Trafikktal Som grunnlag for terrenget i støymodellen i dette oppdraget er det brukt SOSI-kart med 1 m ekvidistanse. Det er ikkje føresett store endringar i terrenget i samband med byggjing av blokkene. Trafikken på E6 (Altaveien) er oppgjeven i Nasjonal vegdatabank til å vera ÅDT = 8.400 kjøretøy/døgn for 2010, medan tungtrafikkdelen er oppgjeven til 18 % og skiltfarten til 50 km/t. For eit prognoseår 2031 er trafikken rekna 30 % høgare, dvs. ÅDT = 10.920 kjøretøy/døgn. For prognoseåret 2031 er det føresett same tungtrafikkdel og skiltfart som vist i Nasjonal vegdatabank for 2010. For andre vegar nær utbyggjingsområdet er det ikkje lagt til grunn trafikk som gjev monalege tilskot til vegtrafikkstøyen. Bygningskonstruksjon Det er føresett god og moderne oppbyggjing av fasadar (godt isolerte og med gips). Det er vidare føresett balansert ventilasjon i blokkene. Rapport 5923-1 Side 4 av 12
Støyavbøtande tiltak 4. METODE Oppdragsgjevar har føresett støyvollar/støyskjermar mellom, og delvis framfor blokkene mot E6, jfr. rapportframsida og vedlegg A og B. Undervegs i oppdraget har det også vore vurdert andre støyavbøtande tiltak og andre løysingar for skjerminga. Utandørs vegtrafikkstøy er rekna etter gjeldande nordiske reknemetode 1 dataprogrammet NoMeS 4.5 2. med Støyen ved fasadane er rekna ut for 4 m høgd over lokalt terreng, svarande om lag til 1,5 m over golvflatenivå for den øvste etasjen. Støy på uteopphaldsområde er rekna 1,5 m over mark, svarande om lag til ståande personar på marknivå. Det er føreteke ei vurdering av eventuelle refleksjonar frå andre bygningar. 5. KRITERIER FOR STØY Miljøverndepartementet si planretningsline T-1442 1 støynivå utanfor nye bustader, mv. sjå tabell 1. har tilrådde grenser for Tabell 1: Tilrådde grenser for vegtrafikkstøy ved etablering av ny støyande verksemd og byggjing av bustader, sjukehus, pleieinstitusjonar, fritidsbustader, skular og barnehagar. Alle tal oppgjevne i dba, frittfeltverdiar. Støykjelde Støynivå på uteplass og utanfor rom med støyfølsam bruk (stove og soverom) Støynivå utanfor soverom, natt kl. 23 07 Vegtrafikk L den = 55 db L 5AF = 70 db Dei tilrådde støygrensene er også omtala i T-1442 som nedre grense for gul sone der gul sone er eit område der støyfølsame bygg kan oppførast på vilkår av at avbøtande tiltak gjev tilfredsstillande støytilhøve. Raud støysone (L den > 65 db) syner eit område som ikkje er eigna for støyfølsame bruksføremål, og der ein skal unngå å byggja støyfølsame bygg. Den lokale planstyresmakta vil i somme tilfelle opna for eit kompromiss i grensene for utandørs støy - ved til dømes å tillata bygging med éi støyutsett side dersom husværa er gjennomgåande og har ei stille side der fleire av dei støyfølsame romma (soverom og stover) ligg. T-1442 opnar eksplisitt for slike kompromiss på stader der det av ulike grunner er ynskt ei høg arealutnytting. I Alta kommune er dette konkretisert gjennom føresegner i kommunelplanen sin arealdel for sentrumsområda Alta, Elvebakken og Bossekop. I desse områda kan ein leggja til grunn ein meir liberal praksis ved planleggjing og tiltak. Kronstad ligg ikkje innanfor nokon av desse sentrumsområda. Oppsummering Kronstad: Støynivå skal ikkje overskrida L den = 65 db ved byggjegrensa Alle soverom skal ha eit vindauge der støynivået ikkje overskrid L den = 55 db. TEK, plan- og bygningslova si tekniske forskrift, har i ein eigen standard NS8175 3 gjeve grenser for tillateleg støy som kjem utanfrå og belastar nye bustader, kontor, osv. Minstekrava i standarden er gjevne i ein eigen lydklasse C. For det aktuelle prosjektet med nye bustader- er desse minstekrava aktuelle: Rapport 5923-1 Side 5 av 12
Krav til innandørs døgnekvivalent støynivå høgst 30 dba i opphaldsrom i bustad. Krav til innandørs maksimalt støynivå 45 dba i soverom dersom det er «mer enn 10 hendelser over dette nivået om natta». I denne saka slår ikkje dette ut Krav til støynivå på uteplass (privat og felles uteplass) skal ikkje overstiga nedre grenseverdi for gul sone i T-1442, det vil seia L den = 55 db. Støykrava i lydklasse C inneber at inntil 20 % av personane i bustader bygde etter den lydklassen kan ventast å verta forstyrra av lyd og støy. 6. UTREKNA UTANDØRS STØY Bustadblokker Langtidsmidla støy, L den [db] i 4 m høgd (svarande til 2. etasje) utanfor utsette vindauge og fasadar er synt i vedlegg A. Vedlegg B syner tilsvarande situasjon i 1,5 m høgd (svarande til 1. etasje). Situasjonane gjeld for prognoseåret 2031. Uteopphaldsareal på bakkeplan Langtidsmidla støy, L den [db] i 1,5m høgd over lokalt terreng/uteopphaldsareal er synt i vedlegg C. Støykotar for L den = 55 db er synte som blå strekar. Situasjonen gjeld for prognoseåret 2031. Alt areal nord for desse støykotane (inkludert området synt som leik/uteopphald i situasjonsplanen) får langtidsmidla støy L den 55 db. Private uteplassar for blokkene Balkongar på den sørlegaste rekkja med blokker (sjå vedlegg E) får langtidsmidla støy inntil L den = 69 db. 7. VURDERT UTANDØRS STØY Bustadblokker For dei tre blokkene som ligg nærast E6 vil langtidsmidla støy overskrida 65 db ved fasade/byggjegrense. Desse blokkene bør altså, i fylgje Alta kommune sine kommuneplanføresegner, ikkje oppførast. Støynivå utanfor soveromsvindauge i 2. etg. på fasade mot sørvest vert L den = 65 db. Fasadar mot søraust får inntil L den = 69 db. Resterande blokker vil få moderate overskridingar av øvre tilrådd støygrense (L den = 55 db) på somme fasadar i 2. etasje. Om soveromma vert lagde vekk frå den mest utsette fasaden vil desse blokkene kunne oppførast. For dei fire nordlegaste blokkene vil ingen av fasadane i 1. etasje få overskridingar. Uteopphaldsareal på bakkeplan Alt areal nord for støykotane synte i vedlegg C (inkludert området synt som leik/uteopphald i situasjonsplanen) får langtidsmidla støy under tilrådd øvre grense (L den = 55 db) og får dermed god støykvalitet. Private uteplassar for blokkene Balkongar på den sørlegaste rekkja med blokker lyt utførast som heilt tette vinterhagar for å oppnå god lydkvalitet (L den 55 db). For å gje brukande romakustikk i desse innglasa vinterhagane bør dei ha eit visst areal med lydabsorberande materiale. Dei lyt også ha solskjerming og balansert ventilasjon (altså ikkje ventilar direkte ut mot friluft, der støynivået er høgt). Rapport 5923-1 Side 6 av 12
8. INNANDØRS STØY Det vil vera råd å tilfredsstilla krava i NS8175 til innandørs støy i alle rom for varig opphald (stover og soverom). På dei mest utsette fasadane lyt ein bruka bygningselement (tak, vindauge, m.v.) med betre lydkvalitet enn standardelement. Detaljvurdering av dette fell utanfor oppdraget, men kan utførast før søknad om byggjeløyve, el.l. For dei tre nordlegaste blokkene vil det ikkje vera naudsynt med anna enn standardelement for å tilfredsstilla krava. 9. STØY FRÅ AKTIVITETAR I / VED NÆRINGSBYGGET REFERANSAR Aust for bustadområdet er det planlagt eit næringsbygg. Støy frå aktivitetar i og ved dette bygget kan vurderast så snart det føreligg informasjon om desse aktivitetane. På generelt grunnlag bør ein merka seg at vanleg førekomande støykjelder (t.d. ventilasjonsopningar og varemottak) bør anten plasserast på sida som vender vekk frå bustadområdet, vera skjerma eller utførast etter god støyfagleg praksis. Det er viktig at tekniske installasjonar i næringsbygget (t.d. for oppvarming og kjøling) er støysvake og ikkje gjev støy ved bustadene som er høgare enn verdiane i tabell 6 i NS8175 (høgaste støynivå L p,afmaks = 35/40/45 db i natt/kveld/dag-perioden). 1 Håndbok 064: Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy. Statens vegvesen. 2000. 2 Underversjon dagsett 10.12.2010. 3 NS 8175 Lydforhold i bygninger lydklasser for ulike bygningstyper. Standard Norge, 2.utgave 2005. Rapport 5923-1 Side 7 av 12
VEDLEGG
VEDLEGG A. Støy på utsette fasadar, 2. etasje Rapport 5923-1 Side 9 av 12
VEDLEGG B. Støy på utsette fasadar, 1. etasje Rapport 5923-1 Side 10 av 12
VEDLEGG C. Støy på uteareal Blå liner er støykotar for L den = 55 db på uteareal Rapport 5923-1 Side 11 av 12
VEDLEGG D. Planløysing for den sørlegaste rekkja med bustadblokker, 2. etg. N Rapport 5923-1 Side 12 av 12