reint sagt Bellona: Sogningar er ekstra opptekne av miljø! Infoblad frå SIMAS INFORMASJON



Like dokumenter
La meg få ein sjanse til...

La meg få ein sjanse til...

Endeleg eigen dunk for glas og metall

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Ute mat Korleis laga god mat UTE

mmm...med SMAK på timeplanen

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Til deg som bur i fosterheim år

reint sagt Avfall er ein ressurs -til material og energi Infoblad frå SIMAS

Forbruk og avfall. 1 3 år Aktiviteter. 3 5 år Tema og aktiviteter

reint sagt NYTTIG GJENBRUK Infoblad frå SIMAS Sorteringsguide for avfall Miljønytte Avfall 2020 OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt infoblad frå SIMAS

Vi vil gjerne slå Molde...

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Brukarrettleiing E-post lesar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Straume gjenvinningsstasjon INFORMASJONSGUIDE LONAVEGEN 20

OST- OG SKINKEMUFFINS

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Ny avfallsordning hausten 2018/ våren 2019

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brukarrettleiing. epolitiker

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Nytt system. for husholdningsrenovasjon i Råde

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

plastavfall papiravfall restavfall

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Psykologisk førstehjelp i skulen

Farleg avfall i Nordhordland

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

FRAKSJONER / SORTERING

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Kva er økologisk matproduksjon?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Fra 31. oktober sorterer vi plastemballasje i Sandefjord. Her finner du alt du trenger å vite om den nye ordningen.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plassebakken Barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

NYTT KUNDETORG I HARSTAD. - Viktig info om nytt kundetorg på Stangnes.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Rådgjevarkonferanse 2009

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

reint sagt MILJØFARLEG AVFALL Infoblad frå SIMAS Slamrenovasjon Handtering av miljøfarleg avfall Sorteringsguide for avfall OFFENTLEG INFORMASJON

Oversiktskalender for hushaldningsrenovasjon i Lom og Skjåk 2009

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

N Ø K K E L H U L L E T

Velkommen som abonnent hos Innherred Renovasjon. Hovedkontoret vårt på Verdal

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

6-åringar på skuleveg

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:


Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Avfallshandtering - korleis bidra til eit betre miljø?

Bruk handlenett. Send e-post. Skru tv-en helt av

Miljøstasjonen. Det skal vere enkelt for deg å sortere og levere avfall! OFFENTLEG INFORMASJON

Månadsbrev for Rosa september 2014

Foto: VØR, Shutterstock, istock, Loop. Miljøstasjonen. Det skal vere enkelt for deg å sortere og levere avfall!


Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

reint sagt Betre sortering på miljøstasjonane! Infoblad frå SIMAS

KJELDESORTERINGSkalender HAREID. Saman tek vi vare på ressursane. Tema: Miljøfarleg avfall

KJELDESORTERINGSkalender SANDE. Saman tek vi vare på ressursane. Tema: Miljøfarleg avfall

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

BIOAVFALL. Husk å legge posen forsiktig ned i beholderen slik at vi reduserer luktproblemer Bioavfall hentes hver uke!

Introduksjon til undervisningsmateriellet

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Dette trenger du å vite om bossnettet

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Vi treng ressursane i framtida. Avfall er ein nyttig ressurs! Takk for at du kjeldesorterer!

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ehandel og lokalt næringsliv

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Jon Fosse. For seint. Libretto

Transkript:

INFORMASJON reint sagt Infoblad frå SIMAS - nr. 2. 2011 - Desember Bellona: Sogningar er ekstra opptekne av miljø! Dette skal du gjera med julesekken Tips til restemat Slik sorterar du plast Infoblad frå SIMAS

Reint sagt Der det er menneske er det avfall. Gjennom tida har avfallet stort sett vorte handsama på ein av fem måtar; det har vorte oversett, kasta, brent, forsøkt unngått eller gjenvunne. I vår del av verden har god økonomi ført til utvikling og vekst, og me har utvikla oss til reine forbrukarmenneske. Me kjøper og kastar stadig meir, og dermed får vi ei utfordring med handtering av både ressurssituasjon og avfallsprodukt. I framtida vert det kanskje slik at dei ser med stor undring på at me i dag brenn so mykje av desse ressursane? Korleis kast-og-bruk-samfunnet påverkar jorda vår er ekspertane ueinige om. Vinteren 2010/11 var den fyrste kalde vinteren på 13 år. Etter den kalde vinteren fikk me ein våt sommar. I Lærdal er det i perioden november 2010 - oktober 2011 registrert 683 mm nedbør, noko som er 38 % meir enn det normale. I juni kom det i Lærdal, på ein dag, 32,4mm nedbør, noko som er det same som normalen for heile juni. Er dette normalt? Er det naturlege variasjonar me no registrerar? Fasiten på dette får me vel aldri, men spørsmålet er om me er villige til å ta sjansen på om det er vår bruk av ressursane som gjev desse klimavariasjonane? Internt i verksemda har SIMAS gjennomført to risikovurderingar som går på helse, miljø og sikkerheit. I desse kartleggingane tek me føre oss alle tenkelege uønska hendingar, konsekvensane og kor truleg det er at dette skal hende. Me skal med andre ord vere føre var. Bør ikkje det også vera slik me tenkjer om avfallet vårt? Alle må i det daglege sikre god handtering av avfallet, og ikkje forvente at komande generasjonar skal rydde etter oss. Alle må i det daglege sikre god handtering av avfallet, og ikkje forvente at komande generasjonar skal rydde etter oss. REDAKSJON Ansvarleg redaktør: Hallvard Thomassen Opplag: 12.000 Redaksjonen avslutta: 30.november 2011 Foto: André Kalstad og SIMAS Design: Gasta design & kommunikasjon Trykk: Natvik Prenteverk Me har i dette nummeret av Reint sagt lagt fokus på framtida. Uansett kva ein syslar med, både privat og i jobbsamanheng, er det viktig å vera klar over at dei handlingane me gjer har konsekvensar framover. I dette nummeret av Reint sagt finn du også litt om kva tankar andre har om dette. Det er heilt klart at SIMAS aleine ikkje kan løyse alle utfordringane, men me vil gje vårt bidrag! Det er heilt klart at SIMAS aleine ikkje kan løyse alle utfordringane, men me vil gje vårt bidrag! Papir: 100% resirkulert papir Me i SIMAS ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! Hallvard Thomassen direktør 2

Julesekken! Alle kan setje ut ein ekstra sekk med gåvepapir i samband med julefeiringa. Denne vert henta ved første restavfallshenting etter julehelga, og er utan ekstra kostnad for husstanden. Bruk den sekken som du ellers nyttar til plast, og legg sekken oppå restavfallsdunken. Sorteringstips til jul Gjer klar til kjeldesortering før de pakkar opp gåvene. Bruk den største øskja under juletreet til å samla all anna kartong i. Fjern eventuelle plastvindauge på gåveøskjene med ein gong. Ha klar avfallssekken til restavfall (glansa gåvepapir og band) og plastsekk til plastemballasjeavfall. Då får de gjort sorteringsjobben med ei gong. Ikkje brenn papir, papp og kartongar. Dette aukar luftforureininga og kan føra til høg varmeutvikling. Varmen kan skada pipa og aukar faren for pipebrann. Visste du at. Gåvepapir inneheld mykje fargestoff og leire, og er difor ikkje eigna for gjenvinning! Utdeling av biposar til husstandane 2012 Utdeling av bioposar vil skje i veke 16 og 17. Ved tømming av våtorganiske dunkar på dei forskjellige rutene desse vekene vert det lagt ut 2 rullar biposar på dunkane. Dette er berekna for 1 års behov. Det er difor viktig å hugse på å setje ut dunken med brunt lok desse vekene. Dersom ein har behov for fleire rullar kan ein få kjøpt desse hjå kommunen, SIMAS eller i daglegvarebutikkar Velkommen på miljøstasjonen! SIMAS har åtte miljøstasjonar, ein i kvar kommune som inngår i renovasjonsområdet til SIMAS. På desse kan du levere alle typar avfall, bortsett frå matavfall. Dei tilsette har god kunnskap om avfallssortering og vil kunne gi god informasjon om sortering. Alt avfallet må sorterast og kastast på rett plass på miljøstasjonen. Det lønner seg å sortere avfallet allereie når bilen eller hengaren vert lasta opp. Gjer deg kjent med kva slags conteinerar som er plassert kvar so vert turen på miljøstasjonen enklare NB! Lat borna sitja i bilen! Ved sortering av avfall på våre miljøstasjonar må sikkerheita ivaretakast. Eit besøk kan i den mest hektiske tida opplevast kaotisk med mange besøkande, kryssande trafikk, maskiner og stor høgdeforskjell mellom rampe og container. Lat difor borna sitje i bilen medan du sorterer! Dyr har ikkje tilgjenge i det heile! 3

Sogningar er ekstra opptekne av miljø! «Sogningar er ekstra opptekne av miljø. Kanskje det er fordi dei bur der dei bur?» Dette sa Karl M. Kristensen i Bellona til ordførarane i regionen på Sogndal Hotell 28. september. SIMAS hadde samla politikarar og leiarar til seminar for å setje fokus på lokal verdiskapning og vidareforedling av bos. Karl M. Kristensen frå Bellona var hyra inn for å setje dagsorden og for å dra nokre historiske linjer rundt avfallshandtering og verdiskapning. I tillegg skisserte han vegen vi må gå for å få til eit sokalla «kastelaust samfunn». Etterpå fekk ordførarane og dei andre bryne seg med kvarandre i ein «dialogkafé». Dette var eit tiltak for å bringe fram tankar og idear til korleis ein kan skape næringsutvikling på vidareforedling av bos. Kristiansen i Bellona åpna med å skryte av sogningane og SIMAS. Sjølv om vi alltid kan gjere det betre så er sogningar generelt flinke med miljø og attvinning. Regionen har gode løysingar på avfallshandtering og er mellom landets fremste på sorteringsgrad. Kristensen lanserte tanken om at me sogningar er ekstra opptekne av miljø sidan me bur der me bur. Han sikta sjølvsagt til at me held hus midt i storslått natur. Dette gjer kanskje sogningane ekstra medvitne når det kjem til miljø. Bellona skisserte nokre globale utviklingstrekk, og innleia med å opplyse om at «Trash Hill», bosplassen utanfor New York, i dag er høgare en Himmelbjerget, Danmarks største fjell. Det er dramatisk, og vi treng å tenkje nytt når det gjeld avfallshandtering. Ingen kastar pengar - og om vi gjer noko med perspektivet vårt så ser vi at avfall også er ressursar, sa Kristensen. I eit globalt perspektiv ser vi ei dyster utvikling med enorm befolkingsvekst, 4

forbruksvekst, auka urbanisering og ørkenspreiing, klimaendringar vi ikkje kan føreseie, auka spreiing av miljøgifter, redusert biologisk mangfold, knappheit på vatn, energi og materialressursar. «Avskaffing av det eksisterande kastesystemet er ein føresetnad om vi skal kunne snu trenden. Skal vi klare det må det skje på ein måte som er samfunnsøkonomisk og bedriftsøkonomisk lønsamt» sa Kristiansen og viste til nokre overordna prinsipp for vegen mot eit kastelaust samfunn: Innsamlings- og sorteringssystem med høg utnyttingsgrad Materialattvinningsteknologi som gjev høg kvalitet på produkt Attvinning med industrielle løysingar i stor skala for miljø- og kostnadseffektivitet Internasjonal samordning og transport over landegrenser Utvida produsentansvar med krav til miljøeffektivt design, innsamlings- og returordningar, og kasserte produkt må nyttast som råstoff i nye produkt Utfordre motkrefter som NIMBY (not in my backyard) og framandgjering i henhold til industriell produksjon Kristiansen la fram den logiske prioriteringa for å få kontroll på avfallssystemet, i prioritert rekkjefølge etter grad av miljøeffektivitet: 1. Hindre at avfall oppstår 2. Gjenbruk 3. Materialgjenvinning 4. Energigjenvinning 5. Forbrenning utan energigjenvinning 6. Deponering Vi treng eit livsløpsbasert produsentansvar. I dette ligg det krav om produktdesign med lang levetid, enkel reperasjon og moglegheit for gjenbruk, enkel innsamling, sortering og defraksjonering. Vi konsumentar må ta inn over oss det faktum at forbruk er utgangspunktet for alt avfall. Ei bevisstgjering må resultere i at vi reduserar vårt luksus-forbruk. Hugs at vi er globale borgarar, også her i Sogn. Spør deg sjølv, kva kan eg gjere for å redusere mengde avfall? Visste du at. For ein gjennomsnittleg hushaldning er 0,4 % av utgiftene i året knytt til renovasjon. Til samanlikning brukar me 3 % på å gå ut og eta og å bu på hotell! I 1928 kom eiga lov om reinholdsavgift. Kommunane kunne no innføre obligatorisk renovasjon! I 1388 vart det forbode å kaste bos i grøftene i London! I renovasjonsreglane frå 1595 i Oslo vart det sett inn tiltak mot forureining av byen sitt vatn, gatereinhald og plassering av doar! 5

Skal du levere asbest må du tenke på di eiga og vår helse! Viktig informasjon om hyttecontainerane! Asbest skal vere pakka på pall emballert i skikkeleg plast både over og under og på sidene, slik at pakken er heilt tett og asbesten ikkje kan støve. Om uemballert asbesthaldig avfall vert levert til SIMAS vil kunden verta fakturert for kostnaden med å sikre asbest. Det er no totalforbod for bruk av asbest i Noreg. Men fram til midten av 1970-talet var dette eit materiale som vart mykje bruk, spesielt i isolasjons- og bygningsmateriale. Det vart delvis innført forbod om bruk i 1977, og totalforbodet kom noko seinare. Mykje av asbesten finst framleis i bruk og er i liten grad sanert. Asbest er eit naturlig forekommande mineral som består av fibrøse, krystallinske silikatmateriale. Asbest støvar lett, og ved innanding kan støvet medføre kreft. Asbest og asbestholdige materiale, inkludert eternit, er farleg avfall. Ved innanding vil asbestfibrane kunne vandre til ulike organ, og vert verande i kroppen. Sjølv med låge eksponeringsdosar vil risikoen over tid kunne gi helseskade. Asbest er motstandsdyktig mot mellom anna kjemikaliar og har isolerande og gode branntekniske eigenskapar. Asbest vart dermed mykje brukt til dømes i fasadeplater, himlingsplater, isolasjon rundt røyr, røyrbend, flisar og flislim med meir. Asbest og asbestholdige materiale skal emballerast slik at spreiing av asbeststøv kan hindrast. SIMAS skal i utgangspunktet ikkje handtere uemballert asbest. Hyttecontainerane er for dei som betalar fritidsabonnement i regionen vår, og skal ta hand om deira hushaldningsavfall og kun det. Hytteabonnentar som har bygge- og riveavfall, impregnert treverk, farleg avfall, elektrisk og elektronisk avfall og større gjenstandar må levere dette på miljøstasjonane, som elles for innbyggarane i regionen vår. Det er svært viktig at avfallet vert plassert oppi containeren. Me opplever at det vert sett avfall utanfor containerane som ikkje er fulle. Dette må ikkje skje, då det er lett for nestemann å tru at containeren er full, og held fram med å plassere avfallet på utsida. Bruken av hyttecontainerane rundt i regionen er eit tilbakevendande problem. Spesielt i løpet av sommarsesongen får SIMAS meldingar om overfylte hyttedunkar og hyttedunkar som er fulle av bygningsmateriell, elektriske artiklar og liknande. Me finn også i fleire høver slakteavfall og mange typar farleg avfall. Dette kan medføre alvorleg forureining og er til stor fare for helsa til dei som skal handtere dette. Slik kan det ikkje fortsette. SIMAS skiftar no ut gamle hyttecontainere med nye som har mindre innkastluker. Dette for å hindre at ein kastar store bossekker og gjenstandar i desse containerane. Me håpar at alle vert med å halde det reint og fint i området vårt. På heimesida vår, www.simas.no finn du meir informasjon om kvar hyttecontainerane er plassert i din kommune. 6

Kva er det i restavfallet? Restavfallet er satt saman av mange avfallstypar, eller avfallsfraksjonar som me ofte brukar internt i bransjen. Fram til i fjor vart restavfallet lagt på deponi medan no går dette til forbrenning. For SIMAS-regionen sin del vert dette avfallet sendt til Sverige. Det er ulike oppfatningar om dette er rett ressursbruk og om ein til dømes skal søke å få ut mest mogeleg av nyttbare avfallsfraksjonar før ein brenn restproduktet. SIMAS er med i eit stort forskingsprosjekt i regi av Avfall Norge. I dette prosjektet vert det utført praktiske forsøk med handsaming av restavfall frå fem ulike regionar på fire ulike måtar. Prosjektet går ut på å ta i bruk teknologi for å etablere mekanisk biologisk avfallsbehandling i Norge (MBT). SIMAS har den oppfatninga at dette kan verta ein aktuell prosess for å kvalitetssikre ein framtidig brenselfraksjon. Etter kvart som ein set meir fokus på effektane i forbrenningsanlegga vil dette kunne gi betre økonomi for avfallsselskap. I samband med gjennomføring av dette prosjektet vart det gjennomført ein detaljert plukkanalyse av restavfallet frå husstandane i vår region. Denne viser følgjande; 50,0 45,0 40,0 35,0 30,0 25,0 20,0 15,0 10,0 5,0 SIMAS Nye typar farleg avfall Det kjem stadig fleire typar produkt, spesielt bygningsmateriale, som vert klassifisert som farleg avfall. Farleg avfall er avfall som kan føre til forureining eller skade på menneske og dyr dersom det ikkje vert teke forsvarleg hand om. Farleg avfall oppstår når produkta med farlege eigenskapar vert kassert. I nokre tilfelle kan det ta svært lang tid før kroppen blir skada, for eksempel i tilfelle med asbest eller PCB. Avfall som har slike eigenskapar er ofte merka med eit eller fleire oransje symbol, men andre symbol finst også. Ikkje alle produsentane har krav til å oppgi om produkta deira inneheld helseog miljøskadelige stoff. Du har likevel krav på å få slike opplysningar dersom du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Retten til informasjon om innhaldet finn du i produktkontrollova 10 og miljøinformasjonslova 12. På nettstaden www.erdetfarleg.no finn du ein brevmal slik at du kan sende eit brev til forhandlar, importør eller produsent på ein enkel måte for å få desse opplysingane. Her finn du også informasjon om kva produkt som er farleg og kva det er viktig å ta omsyn til. 0,0 Papir Matavfall Plast emballasje Glass og metall emb. Heile klede Farleg avfall Restavfall På miljøstasjonen vil du få vite meir om kva produkt og materiale du må sortere ut. Dette vil då seia at det er kun 46,2 % av restavfallet som skulle vore sendt til brennning i Sverige. Dei andre fraksjonane kunne med andre ord vore nytta til andre formål. 7

Mat til overs? Mykje god mat og drikke høyrer med til den føreståande julehøgtida. Dette er tradisjonelt den tida då me skal ha rikeleg av alt. Julebordet skulle i historien bugne over av alle slags godsaker. Denne tradisjonen kan me vel sei å halde i hevd og vel so det. Meir enn mykje og endå meir og resultatet vert at vi ikkje heilt veit kvar vi skal gjere av restane. Her er det berre ein ting å gjere: Ver måteholden på handleturen, og så kan du heilt sikkert få påfyll i romjula om det skulle verta tomt. Det er kanskje ikkje så rart at vi går heilt av skaftet når juleribba flyt over i kjøledisken og feit skrift med 29.90 smiler mot deg. Kva i all verda er det som skjer; når festmaten - julekveldsmat for mange - vert dumpa til denne prisen? Dette er ein uting med liten respekt for maten og matprodusenten! Mange klagar over høge prisar, trass i at det kun er 10% av inntekta som går til mat. Vi treng ikkje dumpingprisar, og i alle fall ikkje på ribbe som vi et 2-3 gonger i året. Då ville det vera betre om butikkjedene gav oss eit godt nyårstilbod på matvarer som me et til dagleg; grønsaker, frukt og godt grovbrød. Det kunne monne både for helsa og lommeboka. Kven veit, kanskje kjem det på nyåret eller blir det som å tru på julenissen? God jul - Gry Tokvam Kalkun er er vorte del av vår matkultur siste tiåra. Den kan ofte bli i største laget, men då er det mange gode måltid som kan tryllast fram utpå nyåret. Her er eit par tips: KALKUNSALAT 3-400 g restar av kalkun, skore i strimlar 5-6 sprøsteikte baconskiver, i små bitar ½ Agurk, i skiver 2 avocado, i skiver og dyppa med sitronsaft 1 romanosalat, riven i små bitar Brødkrutongar (sjå oppskrifta til høgre) Bland alt saman og server gjerne med ein sennepsaus: ¼ l lettrømme 1 ms sennep 2 ms sitronsaft Hakka dill eller kjørvel Salt og pepar Du kan gjerne lage salaten med dei grønsaksrestane du har. eller prøv den velkjende Cæsarsalaten med kalkunkjøt i. PAI 125 g smør 200 g kveitemjøl 2 ss vatn Køyr dette saman i ei matmølle, lat det kvile kaldt medan du lagar klart fyllet Fyll: 200 g restar av kalkunkjøt, bacon eller andre påleggsrestar 5 egg 3 dl mjølk 1 ts salt 1/2 ts pepar 6 cherrytomater eller andre restar, 200 g reven ost 2 ss hakka urter Kjevle ut deigen eller trykk han direkte ut i paiforma. Prikk deigen med ein gaffel. Steik botn på 200 ºC i 10-15 minutt. Skjær kjøttrestane i bitar og legg i paiskalet. Bland egg, mjølk, salt og pepar og hell over fyllet. Dryss over ost og legg cherrytomater i skiver på toppen. Steik vidare ved 180 C i ca. 25 minutt til eggeblandinga har stivna. Server paien med ein frisk salat attåt. Nokre tips til bruk av halvgamle brødrestar: ARME RIDDARAR 8 skiver julebrød, loff eller anna brød 4 egg 5 dl mjølk 1 ts kardemomme ½ ts kanel (litt sukker om du har usukra brød) Visp egg lett saman med mjølk og krydder og slå det i eit fat med kantar. Legg brødet i røra og lat det bli gjennombløytt. Ta opp loffskivene og steik dei i litt smør i ei steikepanne på middels varme. Steik på begge sider til dei er gulbrune. Server arme riddarar med rørde bær eller syltetøy. BRØDKRUTONGAR ( du treng ikkje kjøpe halvgammalt tørka brød) Skjær opp brødet i terningar (1 cm). Lag krydderblanding etter eige ynskje, eks salt, pepar, kvitløk, oregano. Ha krydderet i ei nøytral olje, (rapsolje/solsikkeolje, ca ½ ss pr skive) og fordel dette utover brødterningane. Bland godt før du har det i ei langpanne i omn ca 20 min på 180 C. Snu i det under tørkinga. Dette er garantert populært hjå den yngre garde. 8

Har du mykje restavfall? Hugs at du kan sortere ut mykje plastemballasje! Nesten alt av emballasje i plast frå husholdninga kan attvinnast så lenge det ikkje har innehalde oljeprodukt, brannfarlege eller giftige stoff. Plastemballasje kan væra både mjuk og hard plast. Kva som skal sorterast ligg i navnet: er det emballasje, og laga av plast, kan det attvinnast til nye plastprodukt. Ja takk :) Dette er plastemballasje me vil ha (skyll reint i kaldt vatn): Plastflasker og - kanner Plastøskjer, - boksar og - beger Plastfolie og bæreposar Blomsterpotter Nei takk :( Dette vil vi ikkje ha: Tilgrisa plast Plastemballasje som inneheld restar av farleg avfall Plast som ikkje er emballasje (t.d. leiker, hagemøblar, kulepennar, bestikk, kjøkkenreiskapar) For at ein skal kunne gjenvinne plasten er det viktig at all plastemballasjen me mottek er rein og tørr. Bruk gjerne oppvaskebørsten for å få det reint, men hugs å berre bruke kaldt vatn. Nyttar du varmt vann, så bruker du energi. Då går vinninga opp i spinninga. Bruk fornuften: Er plastemballasjen for vanskeleg å reingjere, kast det i restavfallet! Bruk utdelt sekk Legg den reingjorte plastemballasjen i sekken du har fått. Knyt sekken godt att! Sett seken med plastemballasje ut saman med papirbeholdaren på din vanlege tømmedag for papir. Nye sekker til plastemballasje kan hentast på daglegvarebutikkar eller på alle våre miljøstasjonar. 9

barna si side Svara kan finnast i artiklar og tekstar i denne utgåva av Reint sagt. 1 2 3 4 5 Om lag, kor høg er bosplassen utanfor New York? A) På høgde med eit gjennomsnittleg juletre B) Så høgt som Eiffel-tårnet i Paris C) Høgare enn Danmarks Høgaste fjell, Himmelbjerget Kva er de viktigaste vi kan gjere for å få kontroll på avfallssystemet? A) Hindre at avfall oppstår B) Unngå å køyre bil C) Bruke mindre varmt vatn Kva sjukdom kan innanding av asbeststøv føre til? A) Kreft B) Nakkesleng C) Depresjon Kvifor er det viktig at asbest vert grundig emballert i plast før levering? A) Fordi det er svært helseskadeleg B) Fordi det er svært verdifullt og ikkje må skadast C) Fordi det er kjekt å pakke inn presangar Kva skal fritidsabbonentar hjå SIMAS gjere med alt som ikkje er hushaldningsavfall? A) Sette det ved hyttecontaineren B) Lagre det i boden C) Levere det på miljøstasjonen 6 7 Kvifor bør du skylle plastemballasje i kaldt vatn? A) Fordi det ikkje toler heitt vatn B) Fordi det er godt med kaldt vatn på hendene C) Fordi varmt vatn krev energi og då går vinninga opp i spinninga Kor tid vert Julesekken (gåvepapiret) henta? A) Til påske B) Når nettene blir lange og kulda setter inn C) Ved første restavfallshenting etter julehelga Riktige svar: 1c, 2a, 3a, 4a, 5c, 6c, 7c 10

Sorteringsguide Matavfall: Dette er avfall som skal komposterast. Bruk bioposar til matavfallet, og kast det i dunken med brunt lok. Unngå lukt og frosen dunk, sjå www.simas.no. Matavfall Papir tilgrisa av matavfall Serviettar Tørkepapir Papirbrødposar Teposar Kaffifilter/grut Blomster Blomsterjord Barnebleier Farleg avfall: Farleg avfall er avfall som kan føre til ureining eller skade på menneske og dyr dersom det ikkje vert forsvarleg handsama. Farleg avfall leverar du på miljøstasjonen. Spillolje Maling, lim, lakk Sprayboksar Løysemiddel, frostveske, kjøleveske Vaskemiddel Batteri Syrer, basar Plantevernmiddel Lysstoffrøyr, sparepærer, lyspærer PCB Asbest og eternit Pant: Panting av flasker er også kjeldesortering. Pant flaskene i butikken! Papir, papp og drikkekartong: Dette skal leggjast i den blå dunken. Aviser Vekeblad Reklame Skrivepapir Konvoluttar Gråpapir Bøker utan stive permar Drikkekartongar skal leggjast i ein plastpose øvst i dunken Emballasjekartong Alt anna papir som ikkje er plastbelagt Telefonkatalogen Papp Brunt papir Restavfall: Noko til overs? Restavfallet er det som vert att etter at du har sortert ut alle dei andre fraksjonane. Dette skal kastast i dunken med grått lok eller leverast på miljøstasjonen. Plastartiklar (ikkje emballasjeplast) Porselen (leverast miljøstasjon) Keramikk (leverast miljøstasjon) Tilgrisa plastfolieemballasje Steikefolie Gåve/innpakningspapir Tomme/inntørka målingsboksar av plast Papir og papp som er tilgrisa av olje eller anna ureina ting som ikkje let seg bryte ned i ein komposteringsprosess Øydelagde kle og sko Oske ha oska oppi ein pose og knyt att,før du kastar den i dunken. Plastemballasje: Plastemballasje skal sorterast i plastknytesekken, og vert henta saman med papir og papp. Plastflasker Plastkanner Plastøskjer og boksar Plastbeger Folie og bæreposar Chipsposar Kaffiposar Glas og metall-emballasje: Glas og metallemballasje frå mat- og drikkevarer. Desse kan leverast på miljøstasjonen eller ved ulike returpunkt i ditt nærområde. Sjå vår heimeside www.simas.no for å finne ditt returpunkt Brukte klede og sko: Det du ikkje lenger brukar, kan andre ha nytte av. Brukte klede og sko kan leverast på miljøstasjonen eller ved ulike returpunkt i ditt nærområde. Sjå vår heimeside www.simas.no for å finne ditt returpunkt. EE-avfall: Elektriske produkt som treng straum eller batteri for å fungera, vert EEavfall når dei skal kastast. Desse kan du levera på miljøstasjonen eller hjå forhandlaren. 11

RETURADRESSE: SIMAS IKS Amla 6854 Kaupanger Informasjon NB! Ruteendringar: Hugs å sjå etter ny avfallskalendar for 2012 i posten i veke 50-51. Me ber spesielt abonnentane i Sogndal på rute 409, 410 og 504 om å merke seg at her skjer det ei flytting av abonnentar frå ei rute til ei anna. Les ruteskildringa på kalenderen. Spesielt til abonnentar på Gurvin byggjefelt (Kringla, Storeåkeren og Stullahaugen) i Sogndal; Det vert utført ekstra henting av rest- og våtorganisk avfall den 05.01.12. Dette pga at endringar i renovasjonsrutene ved årsskiftet medfører for lang henteintervall for desse abonnentane Heimesida SIMAS har endra litt på heimesida www.simas.no. Endringane går på at det skal vera lettare å finne fram informasjon. I tillegg ligg det no ein informasjonsfilm som viser kva oppgåver SIMAS utfører i sitt daglege arbeid, sjå på den i julehelga so får du også nokre fine bileter frå Sogn. Opningstider for miljøstasjonane i jule- og nyttårshelga Aurland: Torsdag 29.12.11: 12.00-16.00 Balestrand: Torsdag 29.12.11: 12.00-16.00 Høyanger: Torsdag 29.12.11: 12.00-16.00 Leikanger: Torsdag 29.12.11: 12.00-16.00 Vik: Torsdag 29.12.11: 12.00-16.00 Lærdal: Tysdag 27.12.11: 12.00-16.00 Luster: Onsdag 28.12.11: 12.00-16.00 Sogndal: Torsdag 29.12.11: 12.00-16.00 Kontortid for SIMAS i jule- og nyttårshelga: 27. - 30.12: 10.00-14.00 Me ynskjer alle våre kundar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og godt nyttår! gasta.no