Program for pasienttryggleik 2015 - halvårsrapport



Like dokumenter
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Styresak. Karin Jensvold Styresak 71/15 Kvalitet og pasientsikkerhet - PasOpp - Arbeidet med pasientsikkerhetsprogrammet i Helse Stavanger HF

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Bergen HF. Innhald

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Styresak. Styresak 51/05 B Styremøte I føretaksmøtet 17. januar 2005 er det stilt følgjande krav til internkontroll i Helse Vest RHF:

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styresak. Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

3. tertialrapport summering av måloppnåing - overordna risikovurdering av utvalde styringsmål i 2017

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008


Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

STRATEGI- OG TILTAKSPLAN FOR REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR HABILITERING OG REHABILITERING Godkjent i Styringsgruppe 15.1.

Kan vi få til eit solid forskingsprosjekt?

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Matrise for tertialvis rapportering til Helse Vest RHF på utvalte mål i styringsdokumentet 2014

Årsrapport 2014 for revisjonsutvalet og internrevisjonen

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Arkivkode: 023 Arkivsak: 2008/2047 Dato skrive: Sakshandsamar: Mai-Liss Larsen Godkjent av: Jon Bolstad RISIKOVURDERING I HELSE FØRDE

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Styresak. Ingeborg Aas Ersdal Utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med kronisk utmattingssyndrom CFS/ME i Helse Vest

Styresak. Hilde Christiansen Rapportering på HMS og kvalitets området. Arkivsak 2014/146 Styresak 034/14 Styremøte

Saksnr Emne Ansvarleg Godkjenning av protokoll. Ingen kommentarar. 56/15 Godkjenning av innkalling, og melding av eventueltsaker.

Protokoll frå føretaksmøte Helse Møre og Romsdal HF Godkjenning av årsrekneskap og årsberetning 2014, behandling av årleg melding 2014 med meir.

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Referat frå møte i regionalt brukarutval

Styresak. Styresak 011/06 B Styremøte

Referat frå møte nr. 49, 21. september 2012

Plan for internrevisjon

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

Referat frå møte nr. 51, 20. februar 2013

Den akuttmedisinske kjeda. Dialogmøte 21. november 2014

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Pasient og brukarrettar

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Tone Nordtveit Dale SAKA GJELD: Overordna risikostyring tertialrapportering STYREMØTE:

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Oppfølging av rapport frå Internrevisjonen i Helse Vest RHF Handtering av uønskte hendingar i helseføretaka

Styresak. Arkivsak 2013/189/ Styresak 047/13 B Styremøte

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

HMS-RAPPORTERING 2014

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

Styresak. Forslag til vedtak: Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Apotekar Lene Svanberg Jakobsen Oppbemanning Sjukehusapoteket i Haugesund

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Transkript:

Program for pasienttryggleik 2015 - halvårsrapport TIL: Styringsgruppa for «Program for pasienttryggleik i Helse Vest 2013-2018» FRÅ: ANNE GRIMSTVEDT KVALVIK OG SYNNØVE SERIGSTAD DATO: 22.06.15 SAK: 19/15 Oversikt over program for pasienttryggleik i Helse Vest: Nasjonalt pasientsikkerhetsprogram Det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet har i strategien sin sett som mål at alle innsatsområda deira skal vere spreidd til alle relevante einingar i spesialisthelsetenesta innan utgangen av 2016. I oppdragsdokumentet for 2015 er Helse Vest pålagd å leggje denne strategien til grunn for utviklinga av tenestetilbodet. Det er alt frå 2014 bestemt at tiltakspakkane i pasientsikkerheitsprogrammet inngår som ein del av den ordinære aktiviteten ved sjukehusa, og resultata blir følgde opp i leiingslinja. To av tiltaka i det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet er fullt ut implementert. Dette er innføring av sjekkliste for trygg kirurgi og tiltaket for å tryggje pasientar med hjerneslag. Arbeidet med å implementere dei andre tiltakspakkane i alle relevante einingar i føretak, sjukehus og private ideelle institusjonar i Helse Vest blir støtta ved regionalt samarbeid der eit av føretaka har pådrivarfunksjon og dei andre deltar. Pådrivaren skal mellom anna vere regionale motivatorar, ha ansvar for å koordinere prosjektet i regionen, bistå dei andre føretaka i lokale møter ved behov 1

2 og ha ansvar for å gjennomføre regionale møter. Nye direktiv for dette arbeidet er blitt utarbeidd våren 2015 og det er overført midlar for å fristille medarbeidarar i føretaka for å støtte implementeringsarbeidet. Direktiva blir lagt fram i eiga sak. Status for spreiing av innsatsområda til relevante einingar rapportert til styringsgruppa nasjonalt per 10. juni 2015: *Automatisert datainnhenting er etablert Automatisert datainnhenting er under etablering, men indikatorar er ikkje klare Einingar med 100% spreiing blir ført som gule dersom systematisk måling manglar. Program for pasienttryggleik i Helse Vest NPE-prosjekt I tillegg til tiltaka som er definert av det nasjonale pasienttsikkerhetsprogrammet, omfattar Program for pasienttryggleik i Helse Vest tre tiltak som tar utgangspunkt i saker Norsk pasientskadeerstatning har peikt på. Det er tiltak for å tryggje fødslar, ortopediske inngrep og mage-tarm kirurgi. Eit pilotprosjekt med bruk av sjekkliste under fødsel er prøvd ut og forslag til eit regionalt tiltak blir lagt fram. Gjennomgang av ortopedisakene er under sluttføring og vurdering av saker innan mage-tarm kirurgi er under vurdering. Hastegradsvurdering Eit felles regionalt system for hastegradsvurdering av pasientar (SATS Norge) er nyleg starta opp etter føregåande utgreiing og pilotering i Helse Bergen. Systemet skal sikre einsarta vurdering av sjukdomsalvor og i kva grad det haster med å sette inn behandling. Systemet skal brukast i heile pasientforløpet prehospitalt, i ambulansen, i mottaket og inne i sjukehuset. Direktiv for dette innsatsområdet blir lagt fram i eiga sak. 15 06 15 Side 2

3 Faglege revisjonar Faglege revisjonar mellom føretaka er gjennomført. Revisjonsteamet består av ein overordna revisor og to fagrevisorar med særleg kunnskap innan aktuelle felt. Nasjonale retningslinjer er i regelen utgangspunkt for revisjonane. I 2014 og 2015 er slike faglege revisjonar gjennomført når det gjeld behandling av hjerneslag, KOLS og rehabilitering. Det er gitt oppdrag for nye revisjonar med tema ECT-behandling og meniskoperasjonar Indikatorarbeid Det blir arbeidd for å sikre automatisert innhenting av indikatorar for å måle status for og effekt av tiltaka. Bruken av sjekkliste for trygg kirurgi er tatt inn i ordinære rapporteringar på leiarnivå frå føretaka til RHF-et. Bruken av sjekkliste blir rapportert opp mot 100% frå fleire av føretaka, men varierer mellom 55 og 100%. Risikovurdering av pasientar med omsyn til risiko for å falle, for å utvikle trykksår og for feilernæring blir også rutinemessig og automatisk innhenta og rapportert. Denne samleindikatoren har tatt utgangspunkt i tiltaka for å hindre fall og trykksår og har fått namnet «Trygg pleie». Etter at indikatoren var utvikla er det ein stigande, men varierande implementeringsgrad. Helse Stavanger rapporterer at 45 55% av alle aktuelle pasientar blir screena for desse risikofaktorane. Det er venta at utviklinga av elektronisk kurve vil lette arbeidet med å registrere tiltaka som blir sett inn der risiko blir påvist. Frå juni 2015 (veke 26) vil også indikator for behandling av pasientar med hjerneslag bli lagt inn i rapporteringane. Dei andre indikatorane vil kome til etter kvart i 2015, og det er venta at dei vil bidra i arbeidet med implementering av dei ulike tiltaka. Det blir arbeidd særleg med å dokumentere andelen pasientar som får samstemte legemiddellister, med indikatorane knytt til satsinga for å hindre sjølvmord i avdelingar for psykisk helsevern og med ein indikator for å måle handhygiene. Utdanning i pasienttryggleik og kvalitetsforbetring Utdanning av helsepersonell innan kunnskap om kvalitetsforbetringsmetodikk skjer på fleire plan. Det har vore arrangert regionale kurs for leiarar og medarbeidarar. Lokal opplæring blir gjort i føretaka og representantar frå regionen har deltatt på utdanning av «forbetringsagentar» i regi av dei nasjonale pasientsikkerhetsprogramma i Norge og Danmark. Deltakaravgift blir dekka av det regionale pasienttryggleiksprogrammet. Innleiande undervisning om pasienttryggleik og kvalitetsforbetring er gitt på fellesmøte for brukarutvala i regionen og eit 5 timer langt kurs for representantar for alle utval den 2. juni 2015. Pasienterfaringsundersøkingar Det er etablert eit nettverk av medarbeidarar som står for gjennomføring av lokale pasienterfaringsundersøkingar. I 2014 blei det gjennomført brukarerfaringsundersøking i ortopediske poliklinikkar. I 2015 vil det bli gjennomført brukarerfaringsundersøking i føretaka sine eigne somatiske rehabiliteringseiningar. Midlar til såkornprosjekt og forskingsprosjekt Det er lyst ut og søkt om midlar til såkalla «såkornprosjekt» eller lokale kvalitetsutviklingsprosjekt. Samla er 3,1 mill er tildelt 19 prosjekt i regionen. Det er også lyst ut og tildelt 3,2 millionar kroner i midlar til forsking innan pasienttryggleik. Det vil bli etablert eit forskingsnettverk der forskarar innan dette feltet i regionen kan møtast, leggje 15 06 15 Side 3

4 fram arbeidet sitt for konstruktiv kritikk og rettleiing. Målsettinga er å bygge eit miljø for forsking innan pasienttryggleik slik at dei som blir stipendiatar i denne runden, kan rettleie nye kandidatar sidan. Helse Bergen vil ha koordingeringsfunksjonen for dette nettverket (tildelt i fagdirektørmøtet 11 juni 2015). Informasjonskampanjar og konferansar Informasjonskampanjar mot befolkninga knytt til symptom på hjerneslag er gjennomført også våren 2015. Det er særleg fokusert på at det er avgjerande viktig at desse pasientane kjem raskt til sjukehus. Det er vist at kjennskapen til symptomar og funn ved hjerneslag er auka etter dette. Eit nytt kommunikasjonstiltak er under planlegging og skal fokusere særleg på medarbeidarane i spesialisthelsetenesta. Bodskapen skal vere ei erkjenning av at tryggleiken til pasientane er truga, at medarbeidarane eig problemet og må vere samen om å løyse det. Dette blir gjort greie for i eiga sak. Den nasjonale pasientsikkerhetskonferansen skal i 2015 arrangerast i Bergen den 24.9, i eit samarbeid mellom Kunnskapssenteret og Helse Vest. Dagen før, den 23.9, skal Helse Vest også arrangere sin regionale pasienttryggleikskonferanse. Dette året blir den årlege regionale kvalitetsregisterkonferansen lagt inn som eit parallelt arrangement. I ein plenumssesjon vil kvalitetsforbetringsteori bli førelest både for medarbeidarar knytt til registersatsinga og for leiarar og medarbeidarar som på anna vis arbeider med pasienttryggleik og kvalitetsforbetring. Førebuing av desse konferansane har vore ein viktig arbeidsoppgåva våren 2015. Pasienttryggleikskulturundersøkinga Pasienttryggleikskulturundersøkinga frå 2014 er analysert i små einingar, på post/poliklinikknivå i føretaka i Helse Vest. Einingar med ned til 20 respondentar er analyserte for svar på dei einskilde spørsmåla og for faktorane «sikkerhetsklima» og «teamarbeidsklima». I tillegg er det tre spørsmål om leiing. Resultata er presentert og diskutert i einingane. Det er gjennomsnittsskår som er brukt i kommunikasjonen med dei kliniske einingane i 2014 på same måte som i 2012. Etter ønskje frå det nasjonale sekretariatet for pasientsikkerhetsprogrammet, er det også gjort ei samanstilling av kor stor del av respondentane som svarer positivt, dvs svarer dei to beste svaralternativa. Vidare er det gjort ei avrekning av kor stor del av einingar der meir enn 60% medarbeidarane svarer positivt. Klimaet i desse einingane blir karakterisert som «modent». Det speglar semje og blir sett på som positivt. Resultatet er lagt fram for leiinga i føretaka, men det er ikkje sett på som formålstenleg å leggje fram ei ny analyse av dei same data som er lagt fram før. Ettersom malen for vekting av einingane hadde ein feil, måtte analysen gjerast om att. Denne er førebels ikkje ferdig beskriven eller lagt fram. I arbeidet i dei kliniske einingane, har årsaker til manglande svar vore ein «inngangsport» for diskusjonen. Om mange av medarbeidarane til dømes har svart at dei ikkje veit kva for kanalar dei skal bruke for å stille spørsmål om pasienttryggleik, vil dette vere eit spørsmål å diskutere. Pasientsikkerhetsprogrammet nasjonalt anbefaler at HF-a i sitt arbeid med å følgje opp kulturundersøkinga, prioriterer på dette viset: Organisatoriske einingar der færre enn 60 % rapporterer om eit godt teamarbeidsklima eller eit godt sikkerhetsklima, har høgast risiko for pasientskade og desse må arbeide mest for å få til ein forbetring. 15 06 15 Side 4

5 mellom 60 % og 80 % av medarbeidarane rapporterer om eit godt teamarbeidsklima eller eit godt sikkerhetsklima, har mindre risiko for pasientskader, men må fortsatt forbetre seg. 80 % eller fleire rapporterer om eit godt teamarbeidsklima eller eit godt sikkerhetsklima, bør ikkje endre på noko. Helseføretaka skal rapportere inn til programsekretariatet på eige skjema, samt til RHF-et med same frist som årleg melding. Forslag til vedtak Styringsgruppa tar saka til orientering. 15 06 15 Side 5