Kunstforeiningane har samla ein del av kulturarven vår

Like dokumenter
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Dersom du står fast tek du kontakt med Malin Olivia Dahlberg på eller telefon

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Biletbruk på nettet 1 2

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet

Lønnsundersøkinga for 2014

Vintervèr i Eksingedalen

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Farleg avfall i Nordhordland

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

#Norge 2030 Eit annleis OL

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Treng du hjelp til utfylling av skjemaet, ring eller send e-post til

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Rekrutteringsplan FBK Voss

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Vel nynorsk for barnet ditt!

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

bruk av nettsider Gaular kommune

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Elevundersøkinga 2016

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

DB

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Journalføring av epostrekkjer

8. Museum og samlingar

Rapport medlemsundersøking 2016

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)


Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

ehandel og lokalt næringsliv

Lotteri- og stiftingstilsynet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Kartlegging av rammevilkår

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Årsrapport Norsk Intensivregister (NIR)

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Språkstatistikk for departementa for 2010

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Til deg som bur i fosterheim år

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Språkstatistikk for departementa for 2009

Transkript:

Kunstforeiningane har samla ein del av kulturarven vår Kva finst eigentleg av kunst i medlemslaga våre og korleis vert denne kunsten teke vare på og lagra? I desember 2013 sette Norske Kunstforeninger i gang ei undersøking for å finne ut meir om kunstforeiningane sine kunstsamlingar. Resultata viser at heile 102 av dei 170 medlemslaga våre har kunstsamlingar, og at det kan vere snakk om ein samla verdi på om lag 40 millionar kroner. Kunstsamlingane til kunstlaga og kunstforeiningane er til liks med samlingane til kunstmusea ein viktig del av den felles kulturarven vår. Frå tid til anna har Norske Kunstforeninger fått meldingar frå medlemslag som slit med å finne gode lagringsforhold for samlinga, eller som vurderer å selje samlinga si fordi ho er meir til hovudbry enn glede. Med ei god oversikt over kva som er situasjonen i medlemslaga, kan Norske Kunstforeninger lettare vurdere kva tiltak som eventuelt må til for å betre forholda for kunstsamlingane. Nesten 70 % har hatt samlingar Undersøkinga viser at av dei 170 medlemslaga i Norske Kunstforeninger har 102 kunstforeiningar kunstsamlingar, 55 kunstforeiningar har aldri hatt noka kunstsamling, medan 13 kunstforeiningar tidlegare har hatt samlingar som no er donert eller seld. Har kunstforeininga ei kunstsamling? Ja 102 60 % Nei 55 32,4 % Har hatt ei samling, som no er donert eller seld 13 7,6 % Sum kunstforeiningar 170 100 % Ikkje alle dei 102 kunstforeiningane med samlingar har fylt ut spørjeskjemaet. Dei meir inngåande analysane baserer seg difor på eit grunnlagsmateriale på 85. I tillegg har 10 av 13 som har selt eller donert vekk samlinga svart på spørsmåla. Dei som har fylt ut skjemaet, har heller ikkje svart på alle spørsmåla, talet på svar varierer difor frå spørsmål til spørsmål. Samla verdi på 40 millionar? Kunstforeiningane har over lang tid bygd opp samlingar; nokre mindre, andre store og svært verdifulle. Kva er samla verdi for samlinga? Verdi i kroner <100 000 14 20,9 % 100 000 500 000 37 55,2 % 500 001 1 000 000 9 13,4 % 1 000 001 2 000 000 3 4,5 % 2 000 001 5 000 000 4 6 % 1

Majoriteten av kunstforeiningane har samlingar med ein verdi på mellom 100 000 og 500 000 kroner; 37 av dei 67 som har svart på spørsmålet om totalverdi ligg i dette segmentet. 14 kunstforeiningar har samlingar til ein verdi under 100 000 kroner, medan 9 har samlingar på 500 000 1 000 000 kroner, og 7 har samlingar til ein verdi på 1 000 000 5 000 000 kroner. Dei fleste samlingane består av 50 199 verk, medan 34 kunstforeiningar/kunstlag har samlingar på mindre enn 50 verk, og 7 kunstforeiningar har samlingar på 200 600 verk. Kor mange verk består samlinga av? Tal på verk <50 33 42,8 % 50 99 20 26 % 100-199 17 22,1 % 200 399 4 5,2 % 400 600 3 3,9 % Dersom ein summerer dei innkomne svara ser ein at det dreiar seg om 7331 verk, og ein totalverdi på 38,7 millionar kroner. Samla verdi og tal på verk Antal verk 7 331 78 svar Total verdi 38 709 900 kr 67 svar 35 kunstforeiningar som har samlingar har ikkje svart på kva verdi samlinga deira har, og 24 har ikkje svart på kor mange verk samlinga inneheld. Dersom ein tek forsiktig i, er det rimeleg å anta at ein samla verdi for alle dei 102 kunstlaga kan vere på minimum 40 millionar kroner, og at det kan dreie seg om rundt 9100 kunstverk. I desse tala er det fleire potensielle feilkjelder. Svært få har fått samlingane taksert dei siste åra, og det kan dermed vere til dels store feilmarginar i totalverdien dei opplyser om. Nokre baserer seg på innkjøpsverdi, noko som kan slå begge vegar; anten er verka verdt mykje meir no, eller så kan dei ha falle i verdi. Andre kjem med eit grovt overslag, utan at dei har gjort konkrete undersøkingar av innkjøpsverdi eller reell salsverdi i dag. Finst det oversikt over samlingane? Sidan kunstforeiningane stort sett er basert på frivillig arbeid, er det sjølvsagt ein viss fare for at utskiftingar i styre og komitear kan føre til at ein over tid misser oversikt over kunsten ein eig. Dei aller fleste som har kunstsamlingar rapporterer heldigvis at dei har laga seg sine eigne interne system, der alle kunstverka og plasseringa deira er registrert. 7 kunstforeiningar har i tillegg lagt ut oversikt over samlingane sine på si eiga nettside. Ei kunstforeining har delar av samlinga registrert i Primus (musea sitt databasesystem for samlingsforvalting), gjennom avtale med eit regionalt museum. 16 rapporterer at dei har ei mangelfull eller inga oversikt over verka dei eig og kvar dei er plassert, av desse er 7 no i gang med å registrere alle verka. Norske Kunstforeninger har tidlegare fått innspel om at det hadde vore nyttig at alle kunstforeiningane som ynskte kunne knyte seg til Primus. Ei slik løysing ville ha sytt for at alle samlingane var registrert i dei same kategoriane, og gjere det enklare å finne fram til kunstverk ein 2

ynskjer å låne inn til utstillingar. I undersøkinga spurde vi difor om i kva grad eit felles databasesystem ville vere av verdi eller nytte, noko 63 kunstforeiningar har svart på. 37 kunstforeiningar svarer at dei ynskjer seg eit slikt felles system for registrering av samlingar. Nokre meiner at eit fellesregister ville vere nyttig med tanke på å lettare kunne låne inn verk frå andre kunstforeininga til utstillingar. Eit par nemner at det burde vere eit mål at kunstforeiningane kunne knyte seg til systemet Primus-systemet. 27 kunstforeiningar trur ikkje, eller er usikre på om eit felles datadatasystem vil vere til hjelp for dei. Ein del oppgjev at årsaka til dette er at samlingane deira er små og oversiktlege, eller at verdien på verka er såpass låg at samlinga i liten grad ville vere interessant for innlån til utstillingar. Frå loft og kjellar til museumsmagasin Når vi no har fått slege fast at det truleg dreiar seg om verdiar på rundt 40 millionar kroner, er det sjølvsagt interessant å vite korleis desse verdiane vert tekne vare på og lagra. Undersøkinga viser at det er store skilnader i kor gode lagringsforholda for kunsten er. Kva lagringsforhold har de for samlinga? Dårlege lagringsforhold 11 14,9 % Bankkvelv 3 4 % Heng på vegg i offentlege bygg 26 35,1 % Magasin med museumsstandard 5 6,8 % OK lagringsforhold 29 39,2 % Berre 5 av kunstforeiningane har samlingane sine lagra i magasin som held museumsstandard, det vil seie at magasina er brann- og tjuverisikre og har klimastyring. For dei 29 som rapporterer om OK lagringsforhold dreier det seg stort sett om eit enkelt rom som kan låsast og med stabil temperatur, men som ikkje er spesialbygd som kunstmagasin. 11 melder også om direkte dårlege lagringsforhold, gjerne i kjellarar og på loft der fukt og temperatursvingingar ofte er eit problem. 3 kunstforeiningar opplyser at dei gjennom avtale med ein lokal bank har samlinga si lagra i bankkvelv. 26 kunstforeiningar har samlingane sine plassert på veggar rundt om i offentlege bygg, og har difor ikkje noko lagerlokale for samlinga. Mottek de stønad til magasinering, i så fall korleis/kor mykje? Nei 54 84,4 % Nei, men har gratis lokale 8 12,5 % Mottek stønad 2 3,1 % 3

Berre to kunstforeiningar mottek stønad til magasinering av kunstsamlingane sine. 62 mottek ingen stønad til lagring, men av desse har 8 i det minste lagerlokale som dei ikkje betaler leige for. Desse resultata må sjåast i samanheng med at mange ikkje har kunsten på lager, fordi heile samlinga heng rundt om i kommunale eller andre offentlege bygg. Då vil sjølvsagt heller ikkje behov for eit lager vere til stades, og heller ikkje vere naudsynt med eit tilskot til dette. Forsyner kommunale veggar med kunst Som vi har vore innom, har fleire plassert heile samlingane sine som utsmykking i offentlege bygg. Totalt er det 45 kunstforeiningar som melder at delar av, eller heile samlingane, er utlånt eller utleigd til kommunen, og heng på veggane i kommunale eller offentlege bygg. Nokre leiger verka ut for ein årleg sum, medan andre lèt kommunen låne kunsten gratis, mot at dei betalar forsikringspremien. Andre låner ut kunst til kommunen som ei motyting for at dei får gratis utstillingslokale. Er delar av samlinga utlånt/utleigd? Ulånt/utleigd til kommunen 45 55,5 % Utlånt/utleigd til medlemmer, bedrifter, institusjonar 14 17,3 % Driv ikkje med utlån/utleige 22 27,2 % Ei kunstforeining rapporterer at kommunen støttar arbeidet med og vedlikehaldet av samlinga med 20 000 kroner årleg, mot at kommunen får låne kunst. Ei anna kunstforeining har ei ordning med at dei er ansvarlege for å kvart kvartal hengje opp nye utstillingar i kommunale bygg, noko kommunen gjev dei eit tilskot på 14 000 kroner for å gjere. 14 kunstforeiningar opplyser at dei driv med utleige/utlån anten til eigne medlemmar, bedrifter eller institusjonar. 22 kunstforeiningar driv ikkje med utleige frå samlinga si. Dersom de driv med utleige/utlån, kva problem har de opplevd knytt til dette? Verk forsvinn/vert skadd 7 15,6 % Slitasje 2 4,4 % Vanskeleg å halde oversikt over utlånte verk Mykje administrasjon for lite pengar 15 33,3 % 5 11,1 % Ingen eller få problem 16 35,6 % Sjølv om det i hovudsak er slik at leigetakar/lånar er ansvarleg for forsikring i leigeperioden, er det ikkje alltid slik at utleige er problemfritt. Av dei kunstforeiningane som driv med utlån er det 15 som melder at det er vanskeleg å halde oversikt over verka dei låner ut. Fleire skriv at verk vert flytta utan at dei får melding om det, at kontaktpersonar vert endra, og at verk kan vert tekne ned og stua vekk, i staden for å verte returnerte til kunstforeininga. 9 kunstforeiningar melder om slitasje, skadar og verk som forsvinn. 16 opplyser at dei har få eller ingen problem knytt til utleige eller utlån av kunsten. 5 kunstforeiningar peikar også på at ei utleigeordning krev ein stor innsats 4

frå kunstforeininga, og at ein får for lite att for arbeidet i form av leigeinntekter. I sum ser det dermed ut til at utleige- og utlånsordningar fungerer relativt greitt. Kvifor samlar ein kunst? Eit anna interessant poeng er i kva grad kunstforeiningane framleis samlar kunst, og kva som er målet med å byggje opp ei eiga samling. 37 kunstforeiningar opplyser at dei framleis aktivt kjøper inn kunst til samlinga. Motivasjonen varierer, nokre har som fast regel at dei skal kjøpe inn eit verk frå kvar utstilling dei arrangerer, og fleire seier at det er viktig for dei å kjøpe inn kunst for å støtte kunstnarane som stiller ut. Sidan kunstforeiningane svært sjeldan har økonomi til å gje utstillingshonorar, vert innkjøp av verk ein måte å sikre kunstnaren ei viss inntekt frå utstillinga. Andre har nedfelt i vedtektene at ein skal samle kunst, andre kjøper inn når dei kjem over verk som dei fell for, eller som dei meiner kompletterer samlinga. Mange peikar på at det er viktig at samlingane skal kome publikum til gode gjennom å verte vist i eige ustillingslokale eller rundt om i offentlege bygg. Nokre samlar mindre no enn tidlegare på grunn av dårlegare økonomi, eller fordi dei har for dårlege lagringsforhold eller for liten plass til kunsten dei allereie eig. Samlar kunstforeininga aktivt kunst til samlinga? Ja 37 52,1 % Nei 34 47,9 % 34 kunstforeiningar samlar ikkje lenger kunst. Hovudårsaka til dette er at dei ikkje har god nok økonomi til å kjøpe verk, og mange vil heller ikkje kjøpe kunst fordi dei manglar gode magasin. Nokre nemner også at dei er usikre på om det bør vere kunstforeininga si oppgåve å byggje opp ei samling, og at dette heller er noko regionale og nasjonale museum bør ta seg av. Er kunsten til sals? Mange kunstforeiningar har ein stram økonomi, og det ville difor vere naturleg å tru at dei ville sjå sal av samlinga som ei moglegheit for å frigjere pengar og ressursar. Har kunstforeininga vurdert å selje delar av eller heile samlinga? Ja 23 33 % Nei 47 67 % Fleirtalet på 47 kunstforeiningar har likevel ikkje vurdert å selje samlingane sine. Dei kunstforeiningane som har ein god økonomi ser ingen grunn til å selje, fordi dei ser samlinga som eit viktig del av historia til kunstlaget og lokalsamfunnet. Mange nemner at dei helst vil halde på samlinga fordi ho er til glede for publikum, og at dei gjennom å gjere kunsten tilgjengeleg for publikum gjev noko tilbake til samfunnet. Nokre seier at sjølv om sal ikkje har vore vurdert til no, kan det verte aktuelt i framtida, for å få midlar til drift. Enkelte opplyser at sal av samlinga ikkje er ei aktuell problemstilling, fordi dei ifølgje vedtektene har som formål å byggje ei kunstsamling. 23 kunstforeiningar opplyser derimot at dei har vurdert å selje samlingane sine, eller har selt delar av samlinga, eller har vedtak på at styret kan selje samlinga for å få pengar til drift. Ein handfull fortel at dei har lagt fram forslag om sal av samlinga på årsmøtet, men at årsmøtet har gått imot 5

sal. Forklaringa på dette er truleg at medlemmer som over tid har vore med på å byggje opp samlinga, ser det som kortsiktig å selje for å få pengar til drift. Donasjonar vert museum eller midlar går til drift Kva så med dei 13 kunstforeiningane som har valt å selje eller donere vekk samlinga si? Kva vurderingar låg til grunn for salet eller donasjonen, og kva har dei fått igjen? Dei fleste opplyser at dei ikkje lenger hadde økonomiske ressursar eller eigna utstillings- og magasineringsforhold til samlinga, og at dei difor ynskte å finne betre løysingar. Eit mindretal oppgjev dessutan som årsak til salet at ein trengde pengar til drift. I fleire av dei større byane i Noreg har store samlingar frå kunstforeiningane vorte donert til kommunen med det føremål å opprette eit eige kommunalt biletgalleri eller museum. Dette er tilfelle i Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Skien, Bergen og Haugesund. Nokre av desse donasjonane vart gjort utan krav om motytingar, medan andre gjorde avtale om at kommunen skulle stå for lokale og lønn til tilsette i kunstforeininga som takk for donasjonen. Om lag halvparten opplyser at prosessen fram mot sal eller donasjon førte til store diskusjonar blant medlemmer og på årsmøtet, og at det tok fleire år før vedtak om sal eller donasjon vart fatta. 6

HOVUDFUNN Samlingar i kunstlag/kunstforeiningar: 102 har samlingar (60 %) 55 har aldri hatt samlingar (32,4 %) 13 har selt/donert samlinga (7,6 %) Totalverdi: minimum 40 millionar kroner (estimert) Tal på verk: ca 9100 (estimert) Ei typisk samling har mellom 50 og 199 verk og ein verdi på 100 000 500 000 kroner. Registrering av samlingane: Registrert i eigne system + andre løysingar: 79,7 % Ikkje registrert: 11,4 % Manglar oversikt, arbeider med registrering: 8,9 % Lagringsforhold for samlingane: OK lagringsforhold: 43,2 % Heng på vegg i offentlege bygg: 35,1 % Dårlege lagringsforhold: 14,9 % Magasin med museumsstandard: 6,8 % Utleige/utlån av samlingane: Utleige til offentlege bygg: 55,6 % Utleige til medlemmer/bedrifter/institusjonar: 17,3 % Driv ikkje med utleige: 27,1 % Problem ved utleige/utlån: Få eller ingen problem: 35,6 % Vanskeleg å halde oversikt: 33,3 % Verk forsvinn/vert skadde: 15,6 % Mykje administrasjon for lite pengar: 11,1 % Slitasje: 4,4 % Kjøper kunstforeininga aktivt inn kunst til samlinga: Ja: 52,1 % Nei: 47,9 % Har kunstforeininga vurdert sal av delar av/heile samlinga: Nei: 67 % Ja: 33 % Ikkje alle har svart på alle spørsmåla i undersøkinga; prosenttala er rekna utifrå talet på svar i dei enkelte spørsmåla. 7