Nummer 15.000. Litt om Strilen: ë<!t!k!o=igaaei< ë<!t!k!o=igaaei<



Like dokumenter
Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Rådgjevarkonferanse 2009

Søking til skuleåret

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Rådgjevarkonferanse 2010

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

IKT-kompetanse for øvingsskular

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Søking til skuleåret

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

6. trinn. Veke 24 Navn:

Bli lærling i BYGGOPP

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Lønnsundersøkinga for 2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Brukarrettleiing E-post lesar

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Informasjon til elevane

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Internasjonal vidaregåande skule

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS


REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Jon Fosse. For seint. Libretto

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Dobbelt så mange moglegheiter

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Brukarrettleiing. epolitiker

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Rådgjevarkonferansen 2009

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5


SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Transkript:

2014 Torsdag 19. desember 2013 Nr. 145 årgang 53 Kor endar me forresten opp om me ikkje bryr oss om andre? Søkjer rik onkel Etter budsjettmøtet på Fedje nyleg, ønskjer kommunen seg ein rik onkel. Side 12-13 Frilligpris til Kallekleiv Randi Kallekleiv har fått Radøy kommune sin frivilligpris. Side 10 Side 2 Bruk refleks! Klar melding frå rallycrosstopp Andreas Bakkerud. Side 2-3 Korpsdirigent fekk pris Inger Marie Håheim Tynning fekk tysdag Gulatingsprisen 2013. laussal 20,- Gulen-tunnel vert høgare Undalstunnelen på Fv57 i Gulen skal gjerast høgare neste år. Side 10 Knarvik-tunnel ut av bompakken Tunnelen frå Knarvik til Isdal forsvinn ut av første del av Nordhordlandspakken. Også Tysdag 10. desember 2013 Nr. 141 årgang 53 talet på bommar skal vurderast, seier Pål Kårbø og Helge Hopen. Side 4 Det er klubba for ei langt rimelegare omsorgsløysing på Fedje enn planlagt, som me håpar vil visa seg å fungera. Leiaren, side 2 Kan få fleire timar i senga Eldre nord i Meland kan få fleire timar i senga og må venta lenger ved alarm, i følgje eit brev frå tilsette innan omsorg på Vikebø stasjon. Karate-Kids side 4 Mange store og små var med på karategradering i helga. side 16-17 Heimetenesta fekk pris Fekk Radøy sin arbeidsmiljøpris for 2013. side 2 Dobbelt gull i US Open Tommy Urhaug gjorde reint bord i San Diego og kjem heim som nummer éin i verda. side 15 Verdsstjerne på Sandnes Virtousen Leif Ove Andsnes ein av verdas aller beste pianistar spelte sin ein aste nordiske konsert i haust i Sandnes laussal 20,- Ute av drift igjen Fensfjord-ferja var ute av drift i går måndag. side 3 kyrkje, i Masfjorden på laurdag. Publikum sat blanke i augo og kunne knapt tru sine eigne øyre. side 11-13 Litt om Strilen: Strilen er lokalavis for Nordhordland og Gulen og dekkjer 8 kommunar mellom Bergen og Sognefjorden: Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Gulen. Me dekkjer eit spennande vekstområde og har Statoil Mongstad som hjørnesteinsbedrift. Me har eksistert sidan 1961 og heldt til i regionsenteret Knarvik. Nyleg kom meldinga om at olja frå Johan Sverdrup-feltet skal ilandførast på Mongstad. I tillegg skal Mongstad vera forsyningsbase for fleire plattformer enn i dag. Dette har ført til auka optimisme i næringslivet o g spennande framtidsutsikter :-) 14. desember Nr. 143-2013 Årgang 53 Laussal 20,- Fakta om Strilen: Opplag 5.141 Antall lesarar papir 18.000 Antall lesarar nett 6.000 Forventa annonseomsetning i 2014 : 15.000.000 3 utgåver i veka: tysdag, torsdag og laurdag. Nummer 15.000 Kyrkja går sin gang Jaktar nokon som kan fullføra Knarvik-kyrkja. Innbyggjar nummer 15.000 i Lindås heiter Nicklas. Side 14 Side 4-5 Fotoflaum Fedje Sjukeheim fekk inn 250 foto. Side 12-13 Foreldra på bana Vert etterlyste etter fersk undersøking om unge og alkohol. Side Side 2-3 Me satsar for tida tungt på annonsesalg på nett og kombinasjonen nett og papir. Me er nr 2. avis i vårt område, og er til dagleg i tøff konkurranse med Nordhordland avis. tysdag, torsdag og laurdag www.strilen.no

Utdanningsmagasin for Nordhordland 2013 Samarbeidsprosjekt som har gitt oss god inntening, nøgde kundar og nøgde samarbeidspartnarar Utdanningsavisa Vidare Eit samarbeid med Nordhordland Handverk og Industrilag sin kompetansekorordinator og deira KOMPETANSEPROSJEKT. Prosjektet er eit initiativ frå NHIL, men er betalt 50 % av Hordaland Fylkeskommune og 50 % av kommunane i Nordhordland. Side 11 Side 20 Side 33 Side 6 Mange av hovudaktivitetane i prosjektet er knytt til faget «Utdanningsval» på ungdomstrinnet. Hovudhensikta er å gje elevane betre kunnskap om yrkesval, mellom anna gjennom hospitering i vidaregåande skule og målretta yrkespraksis i lokale bedrifter. Vedlegg til Strilen 14. november 2013 I samband med den Regionale Yrkes og utdanningsmessa for Nordhordland lagar me utdanningsavisa Vidare. Utdanningsmessa går over to dagar i november og vert besøkt av ca. 2.000 foreldre og elevar. Både lokalt næringsliv og utdanningsinstitusjonar er representerte.

Slit med å velja? Her er starthjelp frå ekspertane Strilen har spurt tre ekspertar om utdanningsval og kompetansebehov om deira beste råd til deg som skal velja utdanningsveg vidare. Av Silje Sæterdal Bøyum silje@strilen.no Kva for utdanning bør eg velja om eg vil vera sikker på å få jobb fem år frå no? Nils Skavhellen: Det einaste heilt sikre er at ein treng folk i omsorgssektoren om fem år. For at ungdommen skal velje eit slikt yrke er det avgjerande viktig at kommunane får ressursar til å tilsetje lærlingar. Det hjelper lite å råda ungdommen til å ta ei slik utdanning, dersom ein ikkje får høve til å fullføre utdanninga, sjølv om samfunnet ropar etter fleire hender. Vivian Kårbø: Den utdanninga ein tek dannar ofte eit grunnlag, slik at ein har noko å bygge vidare på seinare. Ofte jobbar ein ikkje med akkurat det ein var utdanna til, men kanskje med noko beslekta med utdanninga ein tok. Ein kan til dømes vera utdanna lærar, men jobba med kurs og opplæring i ei bedrift. Are Turmo: Noko av det sikraste me kan seia, er at ein vil ha svært gode mulegheiter med ei ingeniør - utdanning. Fagarbeidarar vil det også verta stor etterspurnad etter, så me kan absolutt råda ungdom til å gå den vegen. Helse- og omsorgssektoren vil sjølvsagt også ha bruk for mange nye medarbeidarar framover. 4 Tenk kva DU vil utdanna deg til, ikkje kva venene dine vil utdanna seg til. Nils Skavhellen Kva viss eg vil ha jobb i Nordhordland? Nils Skavhellen: Nordhordland har mange store bedrifter innanfor offshore og mekanisk industri. Statoil er vel flaggskipet her. Dei siste åra har fleire og fleire søkt til utdanning innanfor dette feltet. Diverre kan ikkje alle få ei framtid innanfor denne sektoren, og dei som kjem ut frå ungdomsskulen dei neste åra bør prøva å innhenta informasjon frå bedriftene om korleis dei ser på utviklinga. Det er ikkje sikkert at det er like stor trong for til dømes industrimekanikarar om fem år som det er i dag. Dei største bedriftene tilset også folk frå «øvste hylle», og dermed kan det vera at det vil vere lurt for mange å sikra framtida si innanfor andre fag som det også vil vera trong for i framtida. Det som er sikkert er at i all framtid må folk bu i hus og at dei treng mat. Kanskje ei utdanning innanfor desse felta vil vera vel så attraktivt når ein kjem til det stadiet i livet at ein treng ein sikker og god arbeidsplass. S T R I L E N T O R S D A G 1 4. N O V E M B E R 2 0 1 3 SKULE I NOREG OG TYSKLAND: Christian Brørvik frå Lindås tok elektrikarutdanninga si i Knarvik, på Askøy og i Tyskland. No er han lærling hjå Statoil Mongstad. (Foto: Silje S. Bøyum og privat) LINDÅS/MONGSTAD: Christian Brørvik reiste til Tyskland for å verta elektrikar, og fekk læreplass hjå Statoil på Mongstad. Av Ketil Tjore ketil@strilen.no 16 Søknaden min skilte seg nok litt ut, sidan eg var i Tyskland og tok deler av studiet, seier Christian Brørvik frå Lindås. Sidan september har han vore elektrikarlærling hjå Statoil på Mongstad, der han i løpet av to og eit halvt år i lære skal sikra seg kunnskapen som gjev fagbrev. Eg har eit variert arbeid som lærling, koplar ulike komponentar og driv litt med feilsøking, seier Brørvik, som nett har runda atten år. Han var den einaste i elektrikarfaget som kom inn som lærling på Mongstad i denne omgang. Via Askøy S T R I L E N T O R S D A G 1 4. N O V E M B E R 2 0 1 3 TETT PÅ NÆRINGSLIVET: Are Turmo er kompetansedirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Norge. (Foto: Caroline Roka/NHO) Vivian Kårbø: I Nordhordland er det mange spennande jobbar innan mange ulike fagområde både innan offentleg og privat sektor. Aktuelle yrkesfag kan vera tømrar, betongfaget, røyrleggjar, stillas, elektrofag, automasjon, bilmekanikar, CNC maskinering, sveising, industrirøyrleggjar, industrimekanikar, logistikk, helsefagarbeidar, barne og ungdomsarbeidar med fleire. Naturbruk er også eit spennande område i vår region. Innan høgskule og universitetsutdanningar har ein trong for sjukepleiarar, førskulelærarar, lærarar og ingeniørar for å nemne nokre fagområde. Dersom ein ynskjer å bu i Nordhordland, så er det stor bredde i mogelege fagområde, og mange spennande utdanningar. Are Turmo: Du må sjølvsagt ta omsyn til næringsstrukturen i regionen. Du bør også sjekka kva for muligheiter det er for å få lærlingkontrakt om du vel eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring. Utdanning innan realfag og teknologi vil høgst sannsynleg gje ein sikker arbeidsplass. Are Turmo Framtida er Søstrene hans og mora hadde studert i utlandet, og dermed dukka spørsmålet opp om ikkje Christian skulle gjera det same. Mor mi spurte meg, om ikkje eg også ville ta eit år i utlandet. Men eg trudde ikkje det var noko slikt for elektrikarutdanninga. Men så fekk Brørvik vita at Askøy vidaregåande har eit samarbeid med ein skule i Erfurt i Thüringen, og søkte seg så over til Askøy frå Knarvik vidaregåande etter førsteåret. Først hadde me nokre månader på Askøy, mellom anna med intensivopplæring i tysk. Etterpå var me sju månader i Tyskland, før me avslutta med ein månad på Askøy til slutt, seier Brørvik. Eit slikt skuleår er absolutt noko eg kan rå andre til søka seg inn på. Måtte pugga I alt ni elevar reiste til Erfurt, tre frå automasjon og seks elektrikarelevar. Dei budde saman på internat, og gjekk tre og tre saman i klassar med resten tyske elevar. Tysken var ei utfordring, eg hadde ikkje hatt tysk tidlegare. Ein del av fagspråket måtte eg berre notera ned i løpet av undervisninga i Erfurt, og så pugga på det etter skuletid. Elektrointeressa har Brørvik hatt heilt sidan han var liten, og ein del ting har vorte skrudd opp for nærare undersøking. Men alt har fungert også etter at eg har skrudd på det. Vel eit fagområde som du har interesse for og evner innan. Vivian Kårbø Er det nokre «feller» eg bør styra unna? Nils Skavhellen: Dersom du først er så sikker som du kan bli på utdanningsveg, bør du søkja fleire enn éin skule på søknadsskjemaet. Om du ikkje kjem inn på første skuleval er det betre å få plass på ein annan skule med same program enn å måtte byte utdanningsprogram for å gå på ein bestemt skule. Mange har gått i den fella, og tatt utdanning i eit fag som ein ikkje er så interessert i, berre elektrisk KJENNER NORDHORDLAND: Vivian Kårbø er kompetansekoordinator i Nordhordland handverk- og industrilag (NHIL). (Foto: Silje Sæterdal Bøyum) for å få gå på same skule som venene sine. Som VG1-elev i Knarvik markerte Brørvik seg med å vinna Nordhordlandsmeisterskapen i elektrofag. Kanskje ingeniør? Vivian Kårbø: Å velja trendy kan ofte verta feil. Are Turmo: Det er farleg viss valet vert for mykje styrt av kva vener har valt eller andre «utanomfaglege» omsyn. Generelt kan me også seia at det vert utdanna litt for mange samfunnsvitarar i Noreg i dag. Mange av dei har problem med å få ein fagleg relevant jobb. Det gjeld også fleire som har studert humanistiske fag. Når fagbrevet er i boks om nokre år kan det vera at han går tilbake til skulebenken, for å verta ingeniør. Kanskje kan Brørvik kombinera utdanninga med litt jobbing. Eg har tenkt ein del på det å gå vidare på ingeniørstudiet. Med fagbrevet som grunnlag får eg den fordelen at eg ikkje berre kan faget på papiret, men også har det i hendene. Og at det er bruk for elektrikarar framover, det er han sikker på. Framtida er elektrisk, seier Christian Brørvik. Kva anna bør ein tenkja på når ein skal velja seg utdanning? Nils Skavhellen: Tenk kva DU vil utdanne deg til, ikkje kva venene dine vil. Tenk på kva DU har lyst, interesse og anlegg for. Søk råd, gjerne direkte frå aktuelle bedrifter om kva fag dei trur det vil bli etterspurnad etter i framtida. Prøv å unngå fella med å søkja Studiespesialiserande fordi du ikkje veit kva yrke du vil ha i framtida. Sjølvsagt skal du søkja Studie - spesiali serande dersom du veit at du må ha denne utdanninga for å koma inn på høgare utdanning som universitet/høgskule, men ikkje søk dette om du alt no meiner at dette ikkje er vegen vidare. Val av utdanning som 15-16 åring er ikkje enkelt, og skal heller ikkje vere det. Difor må du bruke tid på dette, ikkje berre tenkje gjennom valet dei siste vekene/timane før søknadsfristen til vidaregåande opplæring går ut. Dei beste jobbsjansane får du med høgare- eller yrkesretta utdanning, spår SSB. Av Silje Sæterdal Bøyum silje@strilen.no Arbeidsmarknaden vil ha bruk for meir og meir folk med utdanning frå høgskule- og universitetsnivå, samt frå yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande skule i åra i åra fram mot 2030. Dette syner dei ferskaste framskrivingane frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Trong fleire innan helse Spesielt aukar behovet for arbeidstakarar med høgare utdanning innan helse, pleie og omsorg. Framskrivingar er alltid usikre fordi trendar både i utdanning og på jobbmarknaden endrar seg undervegs, men ein peikepinn på kva jobbar som vil venta der ute er godt å ha når du skal satsa år av livet ditt på utdanning. Færre jobbar til ufaglærte Framskrivingane viser at høgare utdanning vert stadig viktigare. Det vil verta færre jobbtilbod for folk med berre grunnskule eller grunnkurs frå vidaregåande skule. Har du ikkje høgare eller yrkesretta utdanning, vil du oppleva ein stadig trongare arbeidsmarknad i same periode, spår SSB. Etterspurnaden etter folk med allmenne fag eller økonomiske og administrative fag frå vidaregående skule som høgast fullførte utdanning vil også falla i perioden. Høgare utdanning viktigare SER SØKNADANE OG UNGDOMMEN: Nils Skavhellen er inntaksleiar i Hordaland. Han har sett søknadar frå tusenvis ungdom på utdanningsjakt og veit det som er å vita om å velja vidaregåande utdanning.(foto: Bjarte Brask Eriksen/Hordaland Fylkeskommune). Vivian Kårbø: Vel eit fagområde du har interesse for, og som du har evner innan. Arbeidsmarknaden fram mot 2030: Are Turmo: Det er svært viktig at ein skaffar seg innsikt i lokalt arbeidsliv før ein vel studieprogram i vidaregåande skule. Å velja utan kunnskap om alternativa er eit dårleg utgangspunkt. Viss ikkje ungdomsskulane har eit organisert opplegg for bedriftsbesøk, bør dette komma på plass så fort som mogleg av omsyn til elevane. Kva arbeidskraft er det Noreg verkeleg treng dei neste 20-30 åra? Are Turmo: Kompetanseframskriving er ei vanskeleg øving, så svaret må verta generelt. Me vil trenga fleire som er innstilt på å etablera eiga verksemd, og utdanning innan realfag og teknologi vil høgst sannsynleg gje ein sikker arbeidsplass. Sørvisnæringane vil nok også veksa. Men går du vidare med økonomi- og administrasjonsutdanning på eit høgare nivå, ligg du betre an. Fram skriv ingane viser at det vert vekst i behov for dei fleste utdanningsretningane innan høgare utdanning. Behovet for folk med høgare utdanning innan økonomi- og administrasjon og høgskuleutdanning eller bachelor i helse-, pleie- og omsorgsyrke vil auka spesielt mykje. Lærarar og sjukepleiarar Etterspurnaden etter folk med vidaregåande fagutdanning veks raskare enn folk kjem seg gjennom utdanning. Dette kan føra til mangel på lærarar og sjukepleiarar. SSB spår at fleire må utdanna seg innan desse felta for å møta etterspurnaden fram mot 2030. Mangelen på ingeniører og andre med realfagsbakgrunn kan vera i ferd med å verta redusert, fordi gjennomføringa på desse studia har betra seg dei siste åra. Framskrivingane indikerer at det framleis er fleire som utdannar seg innan samfunnsvitenskap, jus og humanistiske fag enn arbeidsmarknaden har behov for. Hugs å søkja innan fristen! Søknad til vidaregåande opplæring og registrering av svar skjer på vigo.no. Du treng kodane til MinID for å søkja. Når inntaket er klart vil du få beskjed på SMS og e-post. Søknadsfristen er 1. februar for: søkarar på særskilt grunnlag, minoritetsspråklege søkjarar til individuell behandling, søkjarar til lærekandidatordninga. Søknadsfristen er 1. mars for: søkjarar til ordinært inntak og søkjarar til lærefag. Du kan endra i søknaden din heilt fram til søknadsfristen går ut. Gløymer du å søkja -innan fristen, mister du retten til skule plass neste skuleår. Ta i så fall kontakt med Inntaks kontoret i fylket ditt så fort som mogeleg. Kjelde: Ung.no Kongshaug musikkgymnas er Norges eneste kristne musikkgymnas med internat. Skolen ligger tre mil sør for Bergen i naturskjønne omgivelser. Vi tilbyr generell studiekompetanse og fordypning i musikk. Elevene våre kommer fra hele landet, og får et studietilbud med faglig tyngde, mange utfordringer og et godt kristent og sosialt miljø. Du er velkommen til å søke! For mer info: kongshaug.no 1. Kva var din første jobb? 2. Kva jobbar du med i dag? 3. Korleis fekk du den jobben? Kjell Arne Eide 1. Å gå med avisa. 2. Eg driv med brønnboring, borar etter vatn til folk. 3. Jobben fekk eg gjennom bekjente. Augsornsawen Eide 1. Lærar i heimlandet mitt Thailand. 2. No er eg heimeverande, men jobben i Thailand fekk eg ved å søkja på han. Lars-Kristian Thomsen 1. Eg var bærplukkar for bestemor. 2. No jobbar eg som innkjøpar for 1subsea. 3. Eg ringte eit bemanningsbyrå, og dei tipsa meg om stillinga. Rune Skarpenes 1. Eg hogde ved for mestemor mi. 2. Maskiningeniør for Radøygruppen Engineer. 3. Eg og to andre starta bedrifta saman med Radøygruppen. S T R I L E N T O R S D A G 1 4. N O V E M B E R 2 0 1 3 5 Utdanningsavisa Vidare Strilen tok initivativ til å laga avisa for 5 år sidan, i samarbeid med NHIL sitt kompetanseprosjekt. Strilen står som ansvarleg utgjevar og står heilt fritt når det gjeld det redaksjonelle basert på idèmyldring saman med kompetansekoordinatoren. Opplæringskontoret og dei 2 vidaregåande skulane i området er med å dekker utgifter til distribusjon. Distribusjon: Alle husstandar i vårt nedslagsfelt, ca 18000 + klassesett til alle 9 og 10. klassingar på alle ungdomsskulane våre, samt alle elevar på vidaregåande. Annonsørar: Skular, opplæringskontor og næringsdrivande som ønskjer lærlingar samt alle andre som har ungdom som målgruppe. Her er det kun fantasien som set grenser.

6. MARS KNARVIK vekst i nordhordland jobbmesse slik sel du deg inn overfor jobbsøkjarar side 4 5 det ynglar rundt statoil på Mongstad side 8 9 audmjuk son tek over far sin suksess side 13 15 Vekst i Nordhordland Ei jobbmesse i regi av BusinessRegionBergen, Vekstlandet.no, Nav, Industriutviklling Vest og NHIL Formålet med messa er å rekruttera, visa kva området kan tilby av ledige stillingar. Få pendlarar og andre til å sjå kor fantastisk det er å bu og jobba i Nordhordland. Fokus på natur, opplevingar og oppvekstvilkår. Jobbmessa skulle eigetleg kun marknadsførast på Facebook, og det var også der me snappa det opp. Me foreslo avis som også blei lagt ut på våre nettsider,og sendt ut som vedlegg til Strilen. Annonsørar: Alle utstillarane på messa (40 stk). Messa var ein suksess med over 1000 besøkjande, og mange interessante CV-arog me har muntleg avtale med ny avis neste år! Ver først ute med dei gode forslaga og spel på lag med næringslivet! Slikt blir det kroner av:-)

8 Jobbmesse i Nordhordlandshallen 6. mars Jobbmesse i Nordhordlandshallen 6. mars Her står jobbane i kø Talet på bedrifter i Mongstad-regionen for bausar mange. Denne oppsummeringa viser at det er godt over 50 bedrifter i området, og mange av dei har jobbar å tilby. Av Hans Egil Storheim hans.egil@strilen.no Me kan ta inn kring 20 ingeniørar/ prosjektleiarar og like mange mekanikarar på Mongstad, frå no av og utover året. Det seier dagleg leiar Oddbjørn Haukøy i PSW Group Mongstad til Strilen. Selskapet er etablert også på Kokstad og Ågotnes, og har kome inn på eigarsida i Fedje Sikkerhetssenter. Totalt ønskjer me å utvida arbeidsstokken med kring 50 personar. Me ser at det er grunnlag for dette gjennom auka oppdragsmengde. Blant anna går talet på installasjonar i Nordsjøen opp, seier Haukøy. Fagfolk HR-manager Marita Duesund Ibsen, som har ansvaret for rekrutteringa, seier at selskapet kan tilby jobb til ingeniørar, prosjektleiarar og mekanikarar innan mekanisk verksemd og/ eller subsea. Men me tek ikkje inn «kven som helst», men dei med rett bakgrunn som passar inn i vårt miljø og måte å arbeida på. Det er litt vanskeleg å gje eit eksakt tal for kor mange me treng, men i alt kan det dreia seg om kring 40 ingeniørar og fagarbeidarar i løpet av året, seier Duesund Ibsen. Samstundes ser ho ikkje bort frå at talet kan koma til å auka ut frå den trenden ein ser i marknaden. Kamp om fagfolka Dei fagfolka me er ute etter, er det fleire bedrifter som jaktar på, også i Mongstadområdet. Det ser me heilt tydeleg. Sjølvsagt spelar det inn kva lønn me kan tilby, men me kan heller ikkje la den karusellen løpa heilt løpsk for å få tak i folk, seier Duesund Ibsen. Ho viser til at Statoil og andre større bedrifter ikkje er så enkle å konkurrera med når det gjeld gode som kan tilbydast. Men som ung bedrift vert me lagt merke til om utfører oppdraga våre på ein god måte. Då er det også lettare å rekruttera nye tilsette. Me meiner og me kan tilby eit godt arbeidsmiljø. Samstundes kan me ikkje gøyma oss bort om me ikkje gjer god nok jobb, seier Marita Duesund Ibsen. ÅSW Group reknar om kort tid med å passera 150 tilsette. Mylder av bedrifter Mongstad er ikkje berre Statoil Mongstad i nord og hovudaktøren Mongstadbase på forsyningsbasen i sør. I tillegg kjem altså eit stadig veksande mylder av andre bedrifter. På baseområdet på Mongstad Sør vil talet på bedrifter og tilsette auka med 200-300 frå 2015 og utover. Grunnen til det er Statoil si omlegging av seglingsmønsteret på installasjonane i Nordsjøen. Det vil gje ein kraftig auke i leveringane frå basen på Mongstad. Med Statoil Mongstad, forsyningsbasen og dei andre servicebedriftene, ligg talet på arbeidsplassar på kring 2500. MANGE ARBEIDSPLASSAR: Mongstad-området har fleire bedrifter og arbeidsplassar enn mange anar, og frå 2015 og utover vert det fleire hundre nye jobbar på forsyningsbasen i sør. Men alt no er det mange bedrifter som ønskjer å tilsetja nye folk på dagen, blant anna ingeniørar og teknikarar. (Foto: Jim Heldal). JAKTAR PÅ FOLK: - Me kan tilsette kring 40 nye ingeniørar/fagfolk i løpet av dette året ut frå aukande oppdragsmengde, seier dagleg leiar Oddbjørn Haukøy i PSW Group, ei av fleire bedrifter i området som er på jakt etter dei rette fagfolka. 9 Her er lista over medlemmer i Nordhordland Handverkog Industrilag som held til på og ved Mongstad: 2 Jobbmesse i Nordhordlandshallen 6. mars LINDÅS: Kari Traa er det store trekkplasteret på jobbmessa i Nordhordlandshallen 6. mars. Av Livar Aksnes livar@strilen.no Me er godt nøgde med påmeldinga til messa. Rundt 40 verksemder har meldt seg på og skal ha stand, fortel Vivian Kårbø, som er kompetansekoordinator i Nordhordland Handverk og Industrilag (NHIL). Noko å tilby Saman med Nav, Industriutvikling Vest på Mongstad og Business Region Bergen står dei bak jobbmessa «Vekst i Nordhordland», der elevar, studentar, arbeidssøkjande, pendlarar og andre interesserte kan få vita kva jobbtilbod distriktet kan tilby. Me veit at mange av verksemdene som er på messa har ledige jobbar å tilby, seier Kårbø. Kari Traa kjem Men kanskje det største trekkplasteret på messa er at OL-vinnar og gründer Kari Traa frå Voss kjem for å fortelja om seg og verksemda si. Traa har både gull, sølv og bronse i kulekøyring frå ulike OL. I tillegg er ho gründeren bak verksemda Kari Traa AS. Ho produserer og sel fritids- og sportklede, og innslaget hennar har fått tittelen «Ei humpete og kul reise». Ho har også vore med på å byggja opp Ekstremsportveko på Voss. Me har høyrt om ungdommar som vil koma på messa berre på grunn av henne, seier Kårbø. Allsidig Verksemdene som skal vera med på messa representerer eit breitt spekter. Sjølvsagt vil dei store industriverksemdene på Mongstad vera til stades, Bring Cargo AS Caverion Norge AS CO2 Technology Centre Mongstad DA COSL Drilling Europe AS Cramo AS Deep Sea Mooring AS Eide Autosenter AS Euro Offshore AS Flowserve Norway AS Frank Mohn Mongstad AS GAC Shipping Norway AS Grieg Logistics AS Industriutvikling Vest AS IR-teknikk AS KCA Deutag Drilling Norge AS Kvantum AS Magne Hope AS Manpower AS Mongstad Kran AS Mongstad Service AS Mongstad TavleTeknikk AS Mongstad Terminalen AS Mongstad Vekst AS Mongstadbase AS MTI Holding AS MTI Technology AS Multiconsult AS Nomaco Services AS Nordhordland Grunn og Betong AS Nordic Crane Stangeland AS Norsk Gjenvinning Industri AS O.A. Snekkevik AS Oceaneering AS Ole Moen AS Panalpina AS PSW Engineering AS PSW GROUP AS RV Service AS Seljelid Truckutleie AS Statoil ASA TESS Vest AS Nordhordland Tools Astrup Mongstad TWMA Norge Uniko AS VMS-SafePort AS Voith Industrial Services AS West Piping AS SAMARBEID: Det er fire arrangørar bak jobbmessa i Nordhordlandshallen 6. mars. Frå venstre Tobby Sander Tomassen, som driv med profilering og marknadsføring i Business Region Bergen, forretningsutviklar Rolf Svendsen i Industriutvikling Vest, kompetansekoordinator Vivian Kårbø i NHIL og Eldbjørg Ness, som er marknadskoordinator i Nav tenesteområde Nordhordland. Lokkar med Traa og ledige jobbar men også alle kommunane i Nordhordland vil vera der for å visa kva jobbmogelegheiter dei kan tilby. Fleire firma som driv med utleige av arbeidskraft, vil og vera til stades. Og så er me svært glade for at Haukeland Universitetssjukehus har meldt seg på, seier Kårbø. Ja, jobbmessa vil visa eit langt breiare jobbtilbod enn det som vert utlyst gjennom Nav, seier Eldbjørg Ness, som er marknadskoordinator i Nav tenesteområde Nordhordland. Ho tykkjer odet er flott at det vert arrangert ei messe som viser alle mogelegheitene distriktet kan tilby. Det tykkjer og Rolf Svendsen, som er forretningsutviklar i Industriutvikling Vest på Mongstad, og Tobby Sander Tomassen frå Business Region Bergen. Gratisbuss For å få eit godt frammøte på jobbmessa vert det sett opp gratisbuss til og frå både Høgskulen i Bergen og Austrheim vidaregåande skule i Mastrevik. Ein har og fått avtale med Skyss om at deltakarar kan reisa gratis med snøggbåten mellom Bergen og Knarvik. Me rettar oss likevel ikkje berre mot skulelevar og studentar, men mot alle som er på jakt etter jobb i distriktet, og mot pendlarane. Det er 4.000-5.000 personar som pendlar ut av distriktet på jobb. Kanskje kan jobbmessa visa at der finst jobbar for dei lokalt, seier Kårbø. Folk må gjerne ta med seg CV-en på messa, for det skal ikkje utelukkast at ein kan knyta kontaktar med interesserte arbeidsgjevarar. Det kan og vera ein fin plass for unge som er på jakt etter læreplass, meiner Kårbø. Det er første gong det vert arrangert ei jobbmesse her i distriktet, i alle fall av denne storleiken, og Kårbø håpar det ikkje vert den siste. På jobbmessa vil det verta servert frukt, bollar og truleg og kortreist mat. Knarvikmila vil vera til stades for å fortelja om aktivitetar ein kan driva med på fritida, og kanskje vil andre liknande aktørar visa seg fram. Andre bedrifter i Mongstad-regionen: Nordhordland Grunn og Betong AS RS Dekk AS RS Service AS Europcar Mongstad Mongstad Bilvask AS Spar Mongstad Nor Tekstil Kaland Trelast AS