FRÅSEGN OM FRAMLEGGET TIL NY NYNORSKRETTSKRIVING

Like dokumenter
2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

Merknader til Ny rettskriving for 2000-talet

Vel nynorsk for barnet ditt!

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Tilråding om ny rettskriving for nynorsk

REFERAT FRÅ HØYRINGSMØTE OM NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 21. FEBRUAR 2011

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

. Ivar Aasen og normgrunnlaget for landsmålet. Sverre Stausland Johnsen Universitetet i Oslo

Refleksjon og skriving

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Last ned Nynorsk ordliste. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Nynorsk ordliste Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

NY RETTSKRIVING FOR 2000-TALET

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Nynorsk i nordisk perspektiv

Viktige prinsipp for ei god normering av nynorsken

Ein språknormal for lang tid

Opprettingar i utgreiinga om nynorskrettskrivinga (versjonen frå )

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Last ned Språkplanlegging og språkstrid - Ernst Håkon Jahr. Last ned

Språkhistorie på 1900-tallet -Norsk språkpolitikk - et moderne prosjekt

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Til deg som bur i fosterheim år

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Målbruksplan for Ål kommune

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Språkrådet Boks 8107 Dep 0032 OSLO. Vår referanse RS. Hovdebygda, 21. februar 2011 HØYRINGSFRÅSEGN OM NY RETTSKRIVING FOR NYNORSK

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Emnekode og emnenamn: NYN307 Nynorsk skriftmål - om norm og bruk. Tema 1 Ideologi og føreskriven norm i Aasen 1853 og 1864

Høyringssvar frå Språkverkstaden til rettskrivingsnemnda for nynorsk

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

ehandel og lokalt næringsliv

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Vedtakssak. S 34/ normalen for nynorsk rettskriving. Møtedato: 20. mai 2011 Frå: styreleiaren

Dykkar referanse: Vår referanse: Dato: / 151/ VH 22. mai 2007

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Barnerettane i SKULEN

Jon Fosse. For seint. Libretto

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Elevundersøkinga 2016

Ganga og standa er ikkje avbrigde av gå og stå

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Å løyse kvadratiske likningar

Saksframlegg Valle kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 20. mai 2011

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Last ned Norsk ordbok. Bd. 12. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Norsk ordbok. Bd. 12 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

BARNEVERNET. Til beste for barnet

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Masteroppgåve. Den internaliserte nynorsknormalen Om oppfatta nynorsk hos eit utval nynorskelevar. Pernille Fiskerstrand

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Pensumliste Norsk 623/Norsk 2, emne A: Språkhistorie og talemål. Haust 2017

Skuleåret 2017/2018.


Transkript:

Arvid Langeland Øvrebøvegen 3 5710 Skulestadmo ar.l@online.no Voss, den 25. februar 2011 Rettskrivingsnemnda nynonemnd@sprakradet.no FRÅSEGN OM FRAMLEGGET TIL NY NYNORSKRETTSKRIVING I kortversjon er mandatet slik: 1 Nemnda skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. 2 Norma skal vera lett å bruka. 3 Norma skal appellera til språkbrukarar over heile landet. 4 Grunnlagsarbeidet frå arbeidet med normering 2001-2003 skal vera eit fagleg hovudgrunnlag for arbeidet. For å gjera det lettare å setja desse prinsippa ut i livet har nemnda prøvt å bruka fire prinsipp: 1. Nynorsken skal normerast på sin eigen grunn (ubunde av bruk i bokmål). 2. Normeringa skal skje ut frå skriftspråkleg tradisjon og praksis (det skal verta ei nasjonal norm, ikkje regionale normer). 3. Talemålsformer med stor geografisk utbreiing skal tilleggjast vekt. 4. Lite brukte former skal som hovudregel takast ut or norma, medan variantar som står sterkt, skal jamstellast. Nemnda skriv på s. 32: Tilnærmingslinja er ikkje lenger offisiell språkpolitikk, og nemnda har såleis lagt vekt på å finna fram til dei formene som står sterkast i nynorsk, uavhengig av bokmålet. Fleirtalet i nynorskgruppa som stod attom 1959-rettskrivinga skreiv: Vi er leie for at bokmålsgruppa på si side ikkje har kunna gå lenger i tilnærming enn tilfellet er. Som tilrådinga syner, blir det i bokmålet nære på status quo. [ ] Tilnærminga må ikkje skje på ein slik måte at det kjennest som det berre er det eine målet som lempar seg. Stillinga i bokmålet har derfor også gjort vårt arbeid med nynorsken vanskelegare. Slik alt ligg til, meiner vi likevel at læreboknormalen for nynorsk representerer eit rimeleg og forsvarleg steg på tilnærmingsvegen. Og vi oppmodar alle som nyttar nynorsk, til å slutte opp om den nye læreboknormalen, og såleis

2 på si side stø den tilnærming og samvokster som Norsk språknemnd etter sitt mandat skal fremja. 1 Men må ikkje då nemnda ta ut tilnærmingsformene for å normera ubunde av bokmål? Jau, det skulle ein tru, men dét gjer ho i svært liten grad. Ho let tilnærmingsformene verta verande i nynorskrettskrivinga; derimot vert i-målet teke ut saman med mange tradisjonelle former, som til dømes former som døma, tøma, lippe, ikorn, skråme, råme, læsa og mæla. Gjennom oppheving av tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd i 2002 vart tilnærmingspolitkken avslutta som gjeldande politkk, men når det no ikkje vert fylgt opp i revisjonen av rettskrivinga, vert dette ikkje berre tom retorikk, men tilslørande retorikk. At nokre få faneord som mykje, noko og skule vert eineformer, endrar ikkje på det. Nynorsken vert soleis omdefinert og bygd på framand, ikkje eigen grunn. I prinsipprogrammet til Noregs Mållag heiter det: Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjer nynorsken til eit språk som alle kan kjenne seg heime i, og til ein god reiskap for tanke og kommunikasjon. Dei viktigaste prinsippa til Aasen var: 1 Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af vore Dialekter; nei ingen saadan 2 bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle. 2 I den hele Sammenstilling af Ordformer og Bøiningsformer bliver det nødvendig at stræbe efter en E e n h e d, saa at der ikke bliver opstillet flere Former i Stedet for een, da dette vilde føre Sproget tilbage til Landskabsmaalenes Stilling og saaledes gjøre det vanskeligt at lære. 3 Eg vil i denne samanhengen òg sitera språkvitskapsmannen Einar Haugen: Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi 4 no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane. Gustav Indrebø skriv: Danskt skriftmål var knytt til ein dialekt: den velseda danske riksmålstala. Difor var det mogelegt i minsto teoretisk sét at skriftmålet i Danmark kunde retta seg ljodrett etter denne eine godkjende riksmålstala. Men «landsmaalet» som Aasen vilde reisa, skulde vera skriftlegt uttrykk 1 Vedlegg 4 til Framlegg til læreboknormal 1957. Fra Norsk språknemnd, Oslo 1957, s. 125. 2 Ivar Aasen: Frå Om vort Skriftsprog frå januar 1836, prenta fyrste gongen i Syn og Segn i 1909. Her sitert frå Skrifter i samling, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1996, del III, s. 10. 3 Ivar Aasen: Norsk Grammatik, 382, Universitetsforlaget, Oslo 1965, s. 339. 4 Magne Myhren (red.): Ei bok om Ivar Aasen, Det Norske Samlaget, Oslo 1975, s. 176.

3 samstundes for mange dialektar; då vart eit ålment krav om fonetisk skrivemåte umogelegt. Landsmålet kunde vera fonetisk etter heile talemåls-grunnlaget sitt i dei tilfelle då alle dialektane fylgdest anten med at dei hadde halde likt på gamle sermerkje, eller med at dei hadde teke ved nyovringar radt likt. I alle andre tilfelle, når dialektane sprikte ifrå kvarandre, laut fyreloga verta å finna so laglegt sams skrift-uttrykk som mogelegt for dei ymse dialektane, trass i at skrivemåten ikkje kunde vera ljodtrugen imot noko einskild-målføre. Dei laut finna skrivemåtar som var laglege med at dei var typeformer og gjorde rett mot systemet i målføri (ljod- og bøygningsssystemet) so vida som mogelegt. Og då synte det seg at i mangfaldige tilfelle var dei historiske grunnformene, som notid-målføri hadde greina seg ut ifrå, beste typeformene, d. e. dei mest vidtfemnande organiske samlingsformene 5. [ ] Målføri hadde jor, joł. Skrivemåten «jor» (ordboki) 1850) høvde framifrå vest og nordlengst i landet, men sette talemålsavbrigdet joł reint utanfyre. Grunnformi var fulla ikkje ljodleg rett for nokon, men hadde då den psykologiske fyremunen at ho femnde historisk um båe målføreavbrigde (attåt at ho høvde med norderlendskt skriftmynster). Nokon annan skrivemåte 6 som på ei vis kunne femna um alt talemål, let seg slett ikkje tenkja ut. Nynorsken byggjer soleis på dialektane, og dét ikkje berre i hovuddraga: Mange finn nok att sitt eige mål i detaljar òg. Men alle må gje slepp på noko i ei samlande norm. Rettskrivingsnemnda bryt med Aasen sine prinsipp: Dersom eitt talemålstrekk er typisk for ein stor landsdel og eit anna for ein annan stor del av 7 landet, har det gjerne vore eit argument for å behalda to valfrie former. Med denne innstillinga blir hierarkiet i nynorsk rettskriving fjerna. Alle former som blir tillatne i den nye rettskrivinga, er jamstilte. Sjølv om rettskrivingsnemnda no tek mange former både klammeformer og hovudformer ut or rettskrivinga, blir valfridomen i den nye rettskrivinga like stor eller kanskje større enn han er i dagens læreboknormal. 8 Avstanden til Aasen sine prinsipp vert forsterka av di det etter nemnda sitt syn [er] klokt å halda på valfridommen i dei orda som er frekvente. I mindre 9 frekvente ord bør det halda med ei form. Men etter mitt skjøn må det vera nett omvendt. Om ein kan skriva både rakl og rakkel og hovold og hovel, so gjer det ingen skade. Derimot er det problematisk at ein skal kunna skriva ynskja/ynskje, ynska/ynske, ønskja, ønska, ønskje, ønske. At setninga Me ynskjer velkomen etter høyringsframlegget vil kunna skrivast på sekstan ulike måtar på nynorsk, er å føra nynorsken attende til «Landsskapsmaalenes Stilling og saaledes gjøre det vanskeligt at lære». 5 Gustav Indrebø: Norsk målsoga, Bergen 2001, s. 472. 6 Same staden, s. 473. 7 Høyringsframlegget, s. 32. 8 Same staden, s. 31. 9 Same staden, s. 58.

4 Nemnda er usamd med normeringsprinsippa som Aasen bygde på, og går i røynda til eit frontalåtak på grunnlaget til nynorsken. Dette ansvaret ligg ikkje åleine hjå nemnda; mandatet kan verka motsetningsfylt. Men det må då òg seiast at prinsippa til Aasen nett hadde som mål å appellera til språkbrukarar over heile landet. Bokmålet byrja restaureringa av riksmålet alt i 1981. I 2005 var ho praktisk talt fullførd. Aftenpostens rettskrivningsordliste og Norsk Riksmålordbok sikrar at bokmålet viser seg i ei einskapleg og konservativ form. Bokmålet er soleis truge mot sitt eige grunnlag. Gjennom dominans og hegemoni fær det prestisje som gjer at det no i somme dalføre går føre seg ei regelrett avdialektifisering folk skifter frå eit nynorsknært målføre til bokmålsnært talemål. 10 Når undertrykkjinga på denne måten er vorten fullførd, er bokmål vorte det nye folkemålet. Som Aasen skreiv alt i 1836: Desuden vilde hiin Aarhundredets Reformation, som ovenfor tilsigtes, blive en evig Opbyggen og Nedriven, da Sproget, manglende en bestemt Basis, stedse vil vakle fra det Ene til det Andet, saa man ikkje veed, hvad man skal holde sig til. Og derhos frygter jeg for, at det rette Nationale 11 vil omsider vige for det Fremmede, at nemlig Folkesproget, bliver det, som reformeres. Dersom ein ikkje går inn i desse grunnlagsproblema, vil målrørsla snart stå argument- og våpenlaus. Me er nøydde til å samla oss om einskap i rettskrivinga for at nynorsken skal kunna stå seg som eit sjølvstendigt mål jamsides med bokmålet. Berre ein einskapleg nynorsk vil ha kraft nok til å skapa ein alternativ prestisje. Ein slik nynorsk vil dessutan vera det beste vernet og ryggstøet dialektane kan få. I ordskiftet om ordtilfanget skreiv Magne Rommetveit i 1983 at han registrerte ein tydeleg tendens til at dialektane var i tilbakegang, og han meinte dei ville koma til å spela ei underordna rolle i framtida. Etter hans meining måtte ein venta at utviklinga ville gå snøgt: Folk flyttar i dag meir enn før frå det eine dialektområdet til det andre, frå yrkesmiljø til yrkesmiljø. Talemålet blir påverka av dette. Med andre ord: «naturleg talemål» utviklar seg meir og meir frå eit «morsmål» med rot i eit målføre til å bli eit ustabilt uttrykksmiddel som skifter frå person til person. Og det finst ofte i sprikjande former hos ein og same personen alt etter talemålssituasjonen og evne til å stå mot språkleg press i påverknadsmiljøet. Her kjem massemedia inn som eit dominerande påverknadselement. Ei rivande utvikling i medieteknikken påskundar denne utviklinga med god støtte i offentleg administrasjonsmål og i målet i 10 Sjå Brit Mæhlum: Konfrontasjoner, Novus forlag, Oslo 2008, s. 53 54. 11 Ivar Aasen: Frå Om vort Skriftsprog frå januar 1836, prenta fyrste gongen i Syn og Segn i 1909. Her sitert frå Skrifter i samling, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1996, del III, s. 10.

5 undervisningsmateriell. Med andre ord: vi merkar ei meir eller mindre medviten tilpassing til normert mål. 12 Konklusjonen hans var at det vil bli normalmål som avgjer språkutviklinga i landet, ikkje naturleg talemål. Det er difor eit feilgrep om vi tuftar framtida til nynorsk skriftmål på eit konglomerat av naturlege talemål, som er oppblanda med meir eller mindre dårleg bokmål. Nynorsken er best tent med eit fast og einsarta målsystem, som er ein overbygnad over dialektane, og som er lett å læra. Vi må ta vare på innarbeidd nynorsk ordtilfang som i dag må reknast som eit stort pluss dersom vi ønskjer ei jamn og harmonisk utvikling med røter i norsk kulturtradisjon. Blir ein slik samnemnar brukt mykje i massemedia, kan vi ha von om å påverka framtidsnorsken. Held vi derimot fram med å praktisera slagordet «Skitt i Norge, leve Toten», er vi snart tilbake til tida før Ivar Aasen, og vi kan då venta at nynorsken om ikkje så lenge vil bli fullstendig 13 undertrykt av bokmålet. Ola I. Breivega og eg sende den 7. april 2010 eit framlegg til revisjon av rettskrivinga til nemnda. I oversendingsbrevet bad me om at arbeidet vårt måtte verta lagt til grunn for revisjonen av nynorskrettskrivinga (vår utheving no). Framlegget byggjer på læreboknormalen og skulle soleis vera eit godt utgangspunkt for eit komprosmiss utan å verta prinsipplaust. Alt i framlegget er sjølvsagt ikkje like viktigt; òg nynorsken kan leva med nokre lyte og inkonsekvensar. Det gjeld til dømes mykje av e/æ-problema. Skrivemåtar som har konsekvensar for uttalen, som til dømes skåp og tenkjing/leggjing, er derimot fundamentale. Med helsing Arvid Langeland Vedlegg: Ola I. Breivega og Arvid Langeland: Tradisjonell og fylgjerett nynorsk, Voss og Stokke, den 5. april 2010. 12 I Arne Lauvhjell (red.): Heit strid om nynorsk, Oslo 1983, s. 100. 13 I Arne Lauvhjell (red.): Heit strid om nynorsk, Oslo 1983, s. 100.