Fridom for den enkelte ansvar for kvarandre

Like dokumenter
På lag med framtida grøn framtid i Time

Time Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Ål Venstre. Ål Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

ETNE VENSTRE

Kommunedelplan for oppvekst

Hemsedal KRF Program

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Politisk program for Jølster KrF

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Frivilligpolitisk plattform

Til veljarane i Tysnes

Program OSTERØY HØGRE

Program for Masfjorden Venstre

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Kommunedelplan for oppvekst

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

PROGRAM Time Senterparti

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Stord Venstre. «Lokaldemokratiet er berebjelken i eit levande folkestyre» Håkon Frode Særsten Ordførarkandidat for Venstre

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Program for. Årdal Venstre

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Valprogram Sel SV

Frivilligpolitisk plattform

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Program for. Seljord Venstre

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Menneske er viktigare enn system. Difor set Venstre folk først.

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Program for. Sykkylven Venstre

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Program for Løten Venstre[.]

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Program for Bømlo Venstre

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

HOVUDTILLITSVALTE INNSPEL TIL KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL. 23. februar 2017

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Utkast til program Meland Høgre 2015

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Tertialrapport 2 tertial 2015

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Valprogram SENTERPARTIET !

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

HOVUDNETT FOR SYKKEL

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Ditt liv, ditt val! Innleiing

Transkript:

PROGRAM FOR TIME VENSTRE 2015-2019 Fridom for den enkelte ansvar for kvarandre Venstre set menneske framfor systemet. Vår politikk byggjer på sosialliberale verdiar, som foreinar fridom for den enkelte med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Vår visjon er eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der folk har fridom og høve til å skapa sine eigne gode liv, og der me tek ansvar for miljøet og kvarandre. 1

1. Grøn framtid Klimaendringane krev handling nå og må stå øvst på agendaen for å sikra framtida til kloden. Forureininga skjer globalt, men me kan alle bidra med å ta grøne val. Time Venstre vil at Time skal bli ein klimamessig føregangskommune. Ved innkjøp og nybygging skal ein alltid velja den mest klimavennlege løysinga og den best tilgjengelege teknologien. 1.1 Grøn energi Bruk av alternative, miljøvennlege energikjelder kan gi kommunen både klima- og økonomisk gevinst. vidareutvikla den lokale klimaplanen i Time, så han vert eit enda betre verktøy for å skapa ei grøn framtid støtta opp om lokale initiativ som set miljø på dagsorden som Undheim 2020 arbeida for at både kommunale og private bygg skal ha tilgang til grøn energi ha ein gjennomgang av kommunale bygg for å vurdera om taka kan vera eigna til å produsera solenergi (solceller til straum eller solfangarar til oppvarming av vatn) stilla krav om tilgang til alternative energikjelder når nye område skal byggjast ut setja ambisiøse mål ved nybygging, både når det gjeld energibruk og miljøvenlege materiale at den nye ungdomsskulen på Bryne skal byggjast i miljøvennleg tre og etter passivhusstandard. gi reduksjon i gebyr for å handsame byggesaker for lågenergi- og passivhus vurdera økonomiske støtteordningar for innbyggjarar som gjennomfører energieffektivisering eller omlegging til grøn energi, og støtta initiativ for produksjon av miljøvennleg energi arbeida for å etablera ny gjenvinningsstasjon i Time gjennomføra ein årleg miljødebatt i kommunestyret 1.2 Jordvern, arealpolitikk og biologisk mangfald Nedbygging av matjord kan ikkje gjerast om. Etterkomarane våre må kunna produsera mat på eiga jord. Venstre vil verna dyrka og dyrkbar jord. at framtidig bustadutbygging må gå over Lyefjell og Njåfjell med god tilgang til tur- og friområde at Tangen framleis skal vera jordbruksjord at vidare utbygging på Bryne må skje gjennom fortetting. Grensene for arealutviding her er nådd ta vare på friareal ved fortetting setja av nok friareal ved planlegging av nye bustadfelt 2

vera positiv til utvikling av nærings- og bustadtomter i krinsane så lenge det ikkje kjem i konflikt med jordvern og friområde fylgja opp arbeidet i Jæren vannområde for å betra vasskvaliteten i elvar og vatn verna om alle naturtypar og biologisk mangfald arbeida for auka kompetanse og aktiv kommunal forvaltning av tilskotsordninga Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL). SMIL- tilskot vert gitt til tiltak som tek vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet og tiltak som bidreg til å hindra eller redusera forureining frå landbruket arbeida for å verna raudlista artar og fjerna svartlista artar ta vare på bier og humler, mellom anna ved å plante rett type plantar vera kritisk til alle planar som gir risiko for tap av artsmangfald 1.3 Bryne sentrum: For handel og trivsel er det viktig med ei gjennomtenkt og god utvikling av Bryne sentrum. Me vil utvikla ein moderne by, samtidig som me tek vare på historia vår og vernar kulturminne. Kulturminna er ikkje- fornybare ressursar som bidreg til identitet, særpreg og historieforståing. utvikla eit bysentrum for allsidig aktivitet opna opp mot Mølledammen frå Storgata og ha grøntområde ned mot Dammen etablera fleire sitjegrupper, skulpturar og leikeapparat for alle aldrar i sentrum gjera Storgata til gågate at Bryne Torg skal vera gratis å nytta til kulturformål og handel verna om dei grøne lungene i Bryne arbeida for fleire underjordiske parkeringsanlegg i sentrum og leggja til rette for eit grønt og bilfritt sentrum gjera det enkelt å reisa kollektivt til Bryne 1.4 Samferdsle For å gjera det mogleg å ta grøne val i kvardagen, må det finnast reelle alternativ til bilen. Time Venstre vil støtta alle tiltak som fører til auka bruk av kollektivtrafikk, og at ein vel sykkelen framfor privatbilen. at nye kommunale bilar til person- og varetransport skal vera låg- og nullutsleppskjøretøy byggja ut fleire moderne standard fleksiladestasjonar i kommunen at kommunen også skal ta i bruk elsyklar som alternativ til tenestebilar leggja til rette for ladestasjonar for elsyklar sikra trygg og tørr sykkelparkering i tilknyting til Bryne stasjon arbeida for utlånssyklar, også el- syklar, i Bryne sentrum sikra samanhengande gang- og sykkelvegar 3

at det nye dobbeltsporet skal ha jernbanestopp på Håland arbeida for fleire bussavgangar til Kverneland, Lye, Hognestad og Undheim som gjer det mogleg å reisa kollektivt til arbeid og å bu i krinsane utan bil fremja krav om overgang til lågutsleppsbussar 2. Kunnskap Skule og barnehage skal vera ein arena for læring og personleg utvikling for alle, der alle blir sett, kan kjenna seg trygge og få utvikla potensialet i seg. 2.1 Barnehage Venstre vil sikra full barnehagedekning samstundes som me styrkar kvaliteten og valmoglegheitene i tilbodet. Me meiner at gode fagfolk skapar den gode barnehagen. arbeida for to årlege barnehageopptak at barnehagane rekrutterer personell med pedagogisk utdanning støtta vidare kvalifisering og etterutdanning for tilsette i barnehagane rekruttera fleire menn til arbeid i barnehagane, mellom anna i samarbeid med ungdomsskulane ha fokus på god kvalitet i barnehagane og tidleg innsats sørgja for at dei som arbeidar i barnehagen har kompetanse på å handtere mobbing at barnehagane skal få tilgang til auka kompetanse på barns språkutvikling, slik at dei raskt kan setja inn tiltak og sikra at barn får utvikla eit rikt ordforråd. ha ekstra oppfølging av minoritetsspråklege barn for å sikra god språkstimulering ha god kommunikasjon og samarbeid mellom barnehagar, skule, PPT, barnevern og helsesektoren for tidleg å avdekka utfordringar og finna gode løysingar for borna 2.2 Skule Venstre ønskjer ein skule for kunnskap og like moglegheiter. Ein liberal skulepolitikk legg til grunn at ingen elever er like, samstundes som me har ambisjonar for kvar einaste elev. Me vil gje skulane stor fridom til å leggja til rette undervisninga slik at alle elevar får den same moglegheita til å utnytta sine evner uavhengig av bustad og sosial og kulturell bakgrunn. ha lærarar med høg fagleg kompetanse i skulen støtta systematisk etter- og vidareutdanning av lærarar at alle rektorarar skal ha utdanning i skuleleiing utvikla gode ordningar for lærarar som underviser i fag på fleire skular, som t.d framandspråk og musikk arbeida for auka lærartettleik slik at lærarane har tid til å følgja opp kvar enkelt elev unngå unødvendig byråkratisering og leggja til rette for at lærarane bruker mest mogleg av tida til undervisning at skuleeigar ikkje skal påleggja skulane fleire kartleggingar enn dei som er bestemte nasjonalt 4

prioritera tidleg innsats ha nulltoleranse for mobbing i skulen styrka skule- heim samarbeid styrka skulehelsetenesta ha auka nærvær av PPT på skulane, med tettare oppfølging av elevar og fagleg støtte til personalet rekruttera andre yrkesgrupper inn i skulen, som sosionomar og vernepleiarar unngå utholing av gratisprinsippet styrka skulane sine driftsbudsjett og skapa rom for tiltak som for eksempel fleire ekskursjonar og digital kompetanseheving for både lærarar og elevar at alle skulane skal ha gode uteområde som legg opp til aktivitet både i friminutta og etter skuletid 3. Velferd Alle i Time skal vera trygge på at dei får eit godt velferdstilbod der den einskilde vert sett i sentrum. 3.1 Folkehelse og inkludering Mange får helseproblem som gjer at dei fell ut av arbeidslivet. Dei opplever økonomiske vanskar og kan få lågare levealder. Det er difor viktig å vidareutvikla kommunen sitt folkehelsearbeid. utarbeida ein strategi for å redusera talet på unge uføre satsa på førebygging ved bruk av helsesøstertenesta, mellom anna med heimebesøk og god rettleiing for foreldre leggja til rette for tur- og trimgrupper for personar med nedsett funksjonsevne støtta opp under lag og organisasjonar som gjer ein innsats innafor alle delar av helse- og omsorgssektoren yta kommunalt tilskot til privat fysioterapiteneste auka talet på varig tilrettelagte arbeidsplassar samarbeida med lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar for å tilretteleggja alternative praksisplassar/ arbeidstrening for ungdom vidareutvikla og marknadsføra turløyper i nærområda 3.2 Omsorg Venstre ønsker at innbyggjarane i Time kommune skal få nødvendige helse- og omsorgstenester når dei treng det. Dei omsorgstenestene som vert tilbodne må vera fleksible og tilpassa den enkelte sine ønske og behov. yta nok hjelp til familiar med heimebuande barn/ungdom med store hjelpebehov arbeida for at eldre kan bu heime lenger gjennom tilbod om heimebesøk til alle over 5

80 år og vaktmesterteneste ta i bruk omsorgsteknologi slik at ein kan bu lenger i eigen heim ha gode avlastningsordningar og tilby korttidsopphald i institusjon ha eit variert aktivitetstilbod for eldre i institusjon, mellom anna i samarbeid mellom institusjonar, skular og barnehage følgja opp dei mange som vert ramma av demens gjennom fleire dagaktivitetsplassar, tilpassa butilbod og auka kunnskap og kompetanse styrka tilbod om lindrande behandling vera positiv til alternative arbeidsturnusar dersom arbeidstakarar ønskjer dette tilretteleggja for heile stillingar og avskaffa ufrivillig deltid 3.3 Boligsosiale tiltak Det å ha ein trygg stad å bu er viktig for å kunna fungera i samfunnet for øvrig. Time Venstre ønsker at alle skal ha høve til å bu i eigen bustad og at dei som treng det skal få hjelp til å koma inn på bustadmarknaden anten ved kjøp eller leige av bustad gjennom kommunen. at ein har ein aktiv eigedomspolitikk på kommunale bustadar, dette inkluderer både bygging, kjøp og sal av eigedomar at ein legg inn krav til kommunal forkjøpsrett til leilegheiter i nye utbyggingsprosjekt at kommunen eig leilegheiter av ulike storleikar at ein støttar opp initiativ med privateigde omsorgsbustadar med kommunal bemanning byggje fleire sjølveigarbustadar etter modell frå Lyefjell gi leigetakarar moglegheit til å overta kommunal bustad ved å la leige fungera som nedbetaling at kommunen har gode rammer for startlån, slik at dei som har problem med å få vanleg banklån, kan få lån til eigen bustad at ein set av 8 einingar ved det nye omsorgssenteret på Kvernaland til ungdom med nedsett funksjonsevne 3.4 Psykiatri og rusomsorg Menneske i alle lag kan rammast av psykisk sjukdom og av rusproblem og det er viktig å driva førebyggjande arbeid. Når tiltak må setjast inn vil Time Venstre ha tilbod som er tilpassa den enkelte sine behov og tilgjengeleg når det trengs. fortsetja å støtta pårørandesenter ha fokus på rusførebygging blant ungdom gjennom fortsett samarbeid mellom heim, skule, barnevern og politi vidareføra det positive arbeidet til Natteravnane at skulehelsetenesta bidreg med å spreia kunnskap om psykisk helse i skulane og har fokus på tidleg innsats til ungdom som slit psykisk 6

at kommunen skal kunna gi raskt tilbod om psykiatrisk hjelp, spesielt til ungdom arbeida for god oppfølging av ruspasientar og yta bistand som butilbod, buoppfølgjing, yrkesrettleiing og praksisplassar 4. Næringsliv: eit kreativt og verdiskapande Time Time Venstre vil leggja til rette for eit nyskapande næringsliv som skapar verdiar, arbeidsplassar og grøn vekst. stimulera til at ein kan stå lenger i arbeid leggja til rette for godt samarbeid mellom skular, kommune og næringsliv tilby etablerarstipend for dei som skapar nye arbeidsplassar sørgja for at kommunen tilbyr god rettleiingsteneste til gründarar, inkludert juridisk bistand redusera og forenkla sakshandsaminga, slik at gründarar skal få gjennomført sine idéar utan å miste for mykje tid i byråkrati. arbeida for at små verksemder skal kunna etablera seg på fleire stader i kommunen, ikkje berre på Bryne vera opne for at tome låvar skal kunne nyttast til næringsformål leggja til rette for produktutvikling og utsal av lokal mat ha fokus på kortreist mat, og at kommunen prioriterer lokalt produsert mat i kommunale innkjøp halda på dagens ordning for søndagsopne butikkar at skjenkeløyve skal vera lett å få, men også lett å mista 5. Aktiv fritid Frivilligheit er bærebjelken for ei aktiv fritid i Time. Venstre vil støtta opp under den frivillige sektoren og arbeida for langsiktige og trygge inntektskjelder. Offentlege støtteordningar må støtta opp under organisasjonane sin fridom og sjølvstende og ikkje bidra til å byråkratisere dei. 5.1 Idrett Idrett skapar trivsel, sosialt nettverk og folkehelse, og er svært viktig for mange unge og vaksne Timebuar. Time Venstre vil sikra alle unge i kommunen tilgang på eit variert idrettstilbod. satsa på breddeidrett støtta tilrettelegging av samlingsstader for uorganisert idrett arbeida for utvikling av ein idrettscampus i området ved Timehallen ( Campus Trallfa som inkluderer fleirbrukshall og symjehall) 7

5.2 Kultur: Kunst og kultur har ein verdi i seg sjølv, og må få operera fritt. Tilgang til eit mangfaldig kulturliv er eit viktig gode, og Time Venstre vil støtta opp om private og frivillige initiativ. auka støtta til arbeid for og blant barn og unge arbeida for kortare ventelister, utvida aldersgrenser og lågare eigenandel i kulturskulen kombinera småstillingar i kulturskulen med undervisning i grunnskulen ta godt vare på kulturbygga og vidareutvikla innhaldet i kulturinstitusjonane i kommunen følgja opp arbeidet med å gjennomføra plan for kulturvern og kulturminneplan bidra til informasjonstavler og kart/brosjyremateriell for å nå ut med informasjon om kulturminne i kommunen 5.3 Friluftsliv Friluftsliv har i lange tider vore ein viktig del av det norske levesettet. Å sansa naturen vi har i nærmiljøet er viktig for både kropp og sjel. Det er rekreasjon, trening og kanskje den beste førebygginga av god helse. leggja til rette for aktivt friluftsliv gjennom turløyper og nærmiljøanlegg etablera samanhengande turveg frå Bryne til sjøen tilretteleggja for barn og ungdom i skog og mark fylgja opp samarbeid med Jæren Friluftsråd, Brynes Vel, Jæren Skoglag og andre aktuelle aktørar, lag og organisasjonar som legg til rette for tilgang til naturopplevingar begrensa motorisert ferdsel i utmark 6. Lokaldemokrati 6.1 Kommunereform For Time Venstre er det viktigaste å sikra gode tilbod og løysingar for innbyggjarane i framtida, og me er positive til å sikra dette i lag med nabokommunane våre. Ein stor Jærkommune vil bli landets sterkaste landbrukskommune, noko som igjen kan bidra til å sikra jordvern og matproduksjon for framtidige generasjonar. Me er opne for ei løysing som inneber ei revurdering av dagens kommunegrense. 8

6.2 Sunn økonomi og openheit Dei komande åra vil økonomien, både nasjonalt og lokalt, møta på utfordringar. Time Venstre vil føra ein ansvarleg og langsiktig økonomisk politikk. ta ansvar for at kommunen har ein sunn økonomi og er rusta for utfordringar som kjem unngå eigedomsskatt så lenge det ikkje er nødvendig for det kommunale tenestenivået at kommunale reglar, forskrifter og skjema skal vera enkle å finna og enkle å forstå kutta unødvendig byråkrati og få kortare sakshandsamingtid at Time kommune skal vera prega av openheit rundt alle prosessar og vedtak, og at varsling om kritikkverdige forhold ikkje skal føra til sanksjonar for varslaren arbeida for at ein vel grøne og fair trade alternativ i innkjøp av varer og tenester i kommunen ha ein gjennomgang av alle kommunale investeringar for å sikra etisk og miljøvennleg plassering i fond senka stemmerettsalderen til 16 år 7. Sosialt ansvar og fattigdom I ei tid med stadig fleire menneske på flukt frå krig og fattigdom er det alltid behov for ei hjelpande hand til dei mest utsette. Vi må på sjenerøst vis ta vår del av dette ansvaret. ta imot syriske flyktningar få fleire med innvandrarbakgrunn i arbeid, mellom anna gjennom mentorordning, språkopplæring og aktiv rekruttering ha spesielt fokus på barn i låginntektsfamiliar, ved å følgja opp handlingsplan mot barnefattigdom vurdera gratis kjernetid i barnehage for barn i låginntektsfamiliar seia nei til tiggeforbod 9