Randi Nygård: Kjære forsamling



Like dokumenter
Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brødsbrytelsen - Nattverden

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag


Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

mmm...med SMAK på timeplanen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Jon Fosse. For seint. Libretto

Informasjon til elevane

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kom skal vi klippe sauen

OK, seier Hilde og låser.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

6-åringar på skuleveg

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

«Ny Giv» med gjetarhund

6. trinn. Veke 24 Navn:

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Med tre spesialitetar i kofferten

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11


Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjonshefte Tuv barnehage

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

I N N H O L D. Forord

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane


Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Frå tre små til ein stor.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

FANTASTISK FORTELJING

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Psykologisk førstehjelp i skulen

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kva er økologisk matproduksjon?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Hei alle sjøstjerneforeldre

Refleksjon og skriving

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsplan for Hare November

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Transkript:

Randi Nygård: Kjære forsamling Først vil eg takka for at eg blei invitert til denne konferansen. Det var ei overraskande henvending, og eg skal snakka litt om korleis det er å bevega seg rundt i rullestol. Dette er ikkje heilt daglegdags for meg, så eg får halda meg til manuset mitt... Tittelen min her i dag er rørslehemma. At eg har ein annan tittel i arbeidssamanheng, og at eg er medlem i ein forening som passar for meg, er ikkje vedkommande at eg står her og seier det eg seier. I dag er eg bare meg og representerar ingen andre. Rørslehemma er eit godt ord, men eg pleier å kalla meg funkis. Eg har vokse opp her på Stord, men har budd litt rundtom. Me flytta tilbake til Stord då gutungen skulle begynna på skulen. Eg har ein arveleg muskelsjukdom, og starta bruka rullestol for omlag 9 år sidan. Før det brukte eg ei krykke som hjalp meg å halda balansen. Eg venta så lenge, og beit så lenge i for å klara kvardagen, at då eg fekk rullestolen, var det ein lettelse å sleppa rompa si ned i den. Eg blei så mykje tryggare på 4 hjul enn på to ustødige bein. Det blei ein heilt ny måte å bevega seg på, og fridomskjensla enorm. No kom eg meg fram der eg ville. Kunne stikka opp på butikken, og eg kunne faktisk sjå meg rundt når eg var ute - ikkje bare stira i bakken etter ein liten singelstein som kunne gjera at eg datt. Me budde i Oslo då, og det tok ikkje lang tid før eg blei komfortabel med å ta T- bane og kunne ta ut på tur i marka. Ein gong suste eg avgårde mot eit bygg med glasfasade, og tenkte hau-hau, der kjem ein funkis i full fart. Eg blei skikkeleg overraaska då eg innsåg at det var meg! Det er ganske rart å sjå på seg sjølv som rullestolbrukar, for eg ser det ikkje sånn til dagen. Andres og eigne fordommar piplar fram når eg ser meg i ein spegel eller på bilder. Merkeleg, og litt nedbrytande at me assosierar rullestol med negative ting. Det er jo bare eit

hjelpemiddel, men eit veldig synleg eit. Ein legg ikkje så godt merke til eit høyreapparat... Arbeidssøkande funkis Det var fleire jobbar eg kunne ha søkt på her på Stord då me ville flytta tilbake igjen, men der fysiske begrensingar sette ein stoppar for det. Sorenskrivarkontoret og Stord Vidaregåande skule er eksempel her. Å skaffa seg deltidsjobb er i utgongspunktet ikkje så lett, og at det skal vera framkomeleg med rullestol er endå vanskelegare. Eg er jo i ei prioritert gruppe arbeidssøkjarar. Reaktivisering av uføre er eit satsingsområde. Det er vel og bra, og Aetat Stord har vore greie å forholda seg til for min del. Eg jobbar no hos Aker Kværner Stord i 60 %, og då eg starta der gjekk det fort å skaffa seg ny arbeidsplass-stol. Hjelpemiddelsentralen i Hordaland var og raske med å hjelpa til med tilrettelegging der. At kanskje arkivet ligg i andre høgda, det er ikkje breidt nok å passera skranken, kontordelen av bedriften ligg i andre høgda, er slike små ting som stengjer meg ute. Eg var mykje meir på barrikadane då eg først starta bruka rullestol, men har roa meg ned noko dei siste åra. Det er noko med å bruka energien opp på ting ein ikkje får gjort så mykje med. Likevel er dette både sårt og frustrerande å erfara. Ordet diskriminering ligg mykje å gløda på lur i slike tilfelle. For det er viktig for meg å ha eit arbeid å gå til. Det er viktig å føla at nokon har behov for mi arbeidskraft. Det er så utruleg viktig at eg har arbeid utanfor heimen. Å koma seg fram der ein skal Det er ikkje så vanskeleg å koma seg fram her i Leirvik. Eg kan ikkje uttala meg om resten av Sunnhordland, for eg fartar ikkje så mykje rundt i distriktet. Dei fleste bygg og tenester er greie å ta seg fram i - i alle fall med elektrisk stol. Noko nesten ingen tenkjer på er kor

effektivt utestengjande hydraliske dører er for manuell stol. I manuell stol skal ein trilla to hjul og opna døra, og då treng ein rett og slett tre armar! Det er fint å sjå på, ei investering og nesten vedlikehaldsfritt med brustein. Har nokon av dykk prøvt å køyra rullestol på brustein? Altså, støypejerns-bh hjelper ikkje då! Då får eg rista meg skikkeleg, du. Av og til når eg ser korleis ein har løyst problemet overgangar og kantar, tenkjer eg at "Kunne dei ikkje bare ha spurt ein av oss i stol korleis det er best?" Eg veit jo at det er lover og reglar og forskrifter som skal sikra at bygginga blir rett, men av og til hadde det vore lettare å spørja ein av oss. Stord Sjukehus bygde eit tilbygg, og hadde bl.a. rigga til nye handikaptoalett. Eg var på besøk der, og tenkte at no skulle eg ta ein titt på desse. Det såg veldig flott ut. Sjølve toalettet var høgt og fint og det var god plass å bevega seg på. Men å få vaska hendene og pudra naso gjekk ikkje an. Såpe, papir og spegel var langt oppå veggene. Offentleg transport Bussen som passerar kvar time stoppar 20 meter frå huset mitt. Eg kan ikkje bruka den. Eg må bruka bil eller drosje. Med ombygd bil som er ofte på verkstad, blir det mykje drosje. Det er kvart fylke som sjølv vel kva form for tilskot dei skal gje til brukarar av TT-kort. I Hordaland får eg ein sum inn på kortet mitt kvart halvår. Når eg har brukt opp dei pengane, betalar eg alt sjølv. Summen dekker omlag 4-5 reiser i halvåret. Drosjeløyvehavaren står fritt til å ta ein fast pris per reise, eller å ta takstameter + 200,-. Han står altså fritt til å ta 200,- kroner for å festa stolen min med 3 stropper. I Oslo fekk eg tildelt antall reiser kvart år - i mitt tilfelle 165 reiser, der eigendelen per tur var 22 kroner då me flytta derfrå for snart 3 år sidan.

Eg var i London rett før jul, og der hadde nesten alle drosjar og bussar rampe, så så greit var det. Her hadde dei gjort grundig arbeid. Eg har ikkje detaljkunnskap om desse tinga, men før overgangsfeltet var nedgongen rosa og med riller, slik at ein blindestokk kunne føla at no nærma ein seg overgangsfeltet. Fantasktiske greier som eg aldri har tenkt på, men som sikkert fungerar heilt flott. Eg har også sett noko liknande i Baskerland. Bussane på den baskinske landsbygda har også ramper og krokar til å festa barnevogner og rullestolar med. Det offentlege rom Noko som ofte er plagsomt, er at eg er så synleg. Folk ser meg fordi eg er annaleis, og eg treff på mange slags haldningar. Det er overraskande mange som tenkjer rullestol = hjerneskade. Det går jo sjølvsagt ikkje an å bry seg om det, men fortvilande? Ja. Når eg er på ei framsyning av kino, teater eller konsert sit eg ofte utfor alle andre. Utfor 6. rada i kinosalen i Stord kulturhus er gøy! Då sit eg ein meter over dei eg er saman med, og føler at eg har 250 par auger i ryggen. Friluftsliv og reiseliv. Å koma seg ut og lufta seg er bra for alle. Det kan vera skummelt å ta nye stiar, for når dei ikkje er skilta, veit eg jo ikkje om eg kjem meg fram eller tilbake. Turstiar burde vore merka og stadig vedlikeholdt. Det er ganske fortvilande ein gloheit sommardag at det ikkje er rampe ut i sjøen. Joda, det er ein i Sponavikjo, men har nokon av dykk sett på den i det siste? Eg vågar ikkje å gå ut på den. Den er fullstendig overgrodd av tare, og livsfarleg. Eg likar å reise, men det krev enormt med planlegging og bekymring. Den verste opplevinga var Moskva sist vår, og den greiaste til no var London i desember. På flyreiser søkjer eg om den assistansen eg treng når eg tingar billetten. Ein må ikkje kunna så mykje baskisk for å få rett hjelp

når eg skal landa i Bilbao. Internasjonale kodar seier alt. Det er flott at brannmannsløft og bærestol er det som trengs. Det einaste eg treng då, er å læra meg "takk" på det rette språket, og det gjer ein vel uansett når ein reiser på besøk til eit anna land... Då eg kom nyskulert frå reiselivslinja på Norsk Hotellhøgskule i Stavanger i 1993, var eg skikkeleg gira på å gjera det store for reiselivet i Sunnhordland. Slik blei det ikkje, men då hadde eg mange gode tankar. Det gledar meg å lesa nokon av dei same tankane i utkastet til fylkesdelplanen. Dei to mest krevande segmenta i reiseelivsbransjen er seniormarkedet og handikapmarkedet, og begge er voksande. Om ein tilpassar fasilitetane til desse markeda, har ein dekka heile fjøla. Rett og slett. Å skaffa seg eigna husvære Eg var veldig heldig i alle tings tilfeldighet då me var på husjakt på Stord. Å skaffa seg bustad som er tilrettelagt for funkisar er ikkje lett. Me har det veldig fint og praktisk der me bur no. Eg likar godt å få besøk, og det er bra, for eg har ikkje nokon eg kjenner her eg kan besøkja. Det er rett og slett for mykje trapper. Morsrolla og inkludering i felleskapet Dette er vel litt på sida av temaet her i dag, men eg vil likevel innom emnet. Eg har ein galant ung mann heime på 8,5 år. Han har truffe mange folk med forskjellige handikap, og har såleis eindel erfaringar som andre på hans alder ikkje har. Det er heilt naturleg for han å halda døra opp for meg og sei: Damene først! Han har plikter og oppgåver i huset som kanskje ikkje andre har, og eg trur ikkje akkurat at han tar skade av det. Det er viktig for oss å læra han å ha omtanke og omsorg for andre. Me trur at det vil vera kjærkomen handbagasje gjennom livet. Det flott at det finnes andre rullestolbrukarar som har vore der før meg. Litlabø skule har ein

lærar som brukar rullestol, og det var heilt fantastisk for meg å erfara då gutungen skulle begynna der. Eg skal jo følgja opp poden og gå på foreldremøte og slike ting. Her er altså ingen hindringar! Det er heilt storarta. Eg trur at skal me funkisar gli lett inn i mengden, må ungane oppleva oss og erfara at me rett og slett er lik andre, bare at me ikkje går så mykje. Haldingane deira blir vonaleg annaleis enn dei eg kan treffa på av vaksne folk no. Eg treng ikkje klapp på skuldera min fordi eg har peika ut kor renseriet er, eller å høyra at eg var flink når eg kan fortelja kva klokka er. Det er trist at gamle damer nærmast insisterar på å kjøpa is til ein vaksen mann i rullestol. At dei snakkar dikkedikksnakk, og trur at han er 5 år i hovudet og har lyst på is heile tida. La oss håpar at dei ungane som går i grunnskulen no får andre haldningar. Takk for meg