STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 12.06.2016 SAKSHANDSAMAR: Kristin Pundsnes SAKA GJELD: Budsjett 2017 STYRESAK: 56/16 O STYREMØTE: 23.06.2016 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret i Helse Bergen HF tek gjennomgang av budsjett 2017 til orientering, og ber om at budsjettarbeidet føl oppsett plan Vedlegg: 1. Styresak 074/16 Helse Vest RHF
Innleiing Endelege premiss og føresetnader for budsjett 2017 er ikkje kjent før statsbudsjettet blir lagt fram primo oktober. Helse Vest handsamar førebelse premissar i styremøte 20.06.2016, og desse skal leggjast til grunn i budsjettarbeidet fram til nye premissar er klare. Føresetnader om aktivitet, økonomi og finansielle forhold blir justert i samband med endeleg inntektsfordeling i regionen. Dette notatet skisserer Helse Bergen sine budsjettutfordringar for 2017, samt prosessen som vil bli sett i verk for å tilpasse føretaket dei tildelte budsjettrammene. Helse Vest RHF drøftar førebelse budsjettrammer for helseføretaka i styremøte 20.06.2016. Saksunderlaget for styresak 074/16 i styret for Helse Vest RHF er lagt ved. Utfordringsbilete for Helse Bergen Inntektsfordeling Inntektsfordeling for 2017 blir basert på inntektsmodellen frå 2013, med oppdatering av kriterieverdiar. Kriterieverdiane er folketal, sosiale kriterier i behovskomponenten samt nivå på gjestepasientoppgjeret. Resultatkrav Resultatkravet for Helse Vest er eit resultat i null. For å handtere framtidig investeringsbehov er det trong for å skape overskot i drifta. Helse Vest har vedteke eit resultatkrav for 2017 på kr. 180 mill for Helse Bergen. Helse Bergen styrer i 2016 i forhold til eit resultatkrav på kr. 170 mill. Det vil krevje stram styring for å nå budsjettert resultat i 2016, og ein auke i resultatkravet på kr. 10 mill vil innebere innstramming av driftsramme i 2017. Eit positivt budsjettavvik i 2016 vil bidra til ein auke i investeringsramme for 2017, medan eit negativt budsjettavvik vil redusere investeringsramme neste år. I langtidsbudsjettet 2017-2021 er det lagt opp til eit investeringsnivå som legg til grunn eit resultat i 2016 i tråd med resultatkravet. Utfordringsbilete For Helse Bergen HF inneber dette at ramma for driftsbudsjettet i 2017 er strammare enn ramma for 2016. Endring i resultatkravet vil isolert sett gje ei innstramming på kr. 10 mill samanlikna med budsjett 2016. Både Marie Joys hus og BUS1 blir ferdigstilt mot slutten av 2016. Det vil gje ein auke i avskrivingskostnad på om lag kr. 25 mill. Samstundes vil rentekostnaden auke med kr.15-20 mill frå 2016 til 2017, noko som strammar driftsbudsjettet ytterlegare. Helse Vest IKT har i sitt langtidsbudsjett lagt inn auke i kostnad for Helse Bergen på kr. 30-40 mill frå 2016 til 2017. Dette vil også gje innstramming i driftsbudsjettet for 2017. I den grad nye satsingsområde og prioriterte oppgåver skal få plass i budsjettet for 2017, må dette løysast gjennom interne omprioriteringar. I utarbeidd langtidsbudsjett 2017-2021 synast det klart at 2
nokre kostnadsgruppe vil auke utover årleg prisvekst. I tillegg vil det vere område som må styrkast med bakgrunn i kapasitet og flaskehalsar. Med det som utgangspunkt vil ein i budsjettarbeidet for 2017 måtte gjere tilpassingar på andre område. Driftsrapport hittil i år viser eit resultat om lag som budsjettert for sjukehuset som heilskap. Det er likevel variasjonar i budsjettavvik mellom dei ulike einingane. I møte med budsjett 2017 er det særleg viktig at einingar med negative budsjettavvik i 2016 set i verk og lukkast med tiltak tidleg for å nå budsjettbalanse. Innretting for å tilpasse seg budsjettramme 2017 Bemanning Faste lønskostnader er den største einskildposten i budsjettet, og eit kostnadsfokus innan dette området har vore vurdert som innsparing som er lettare å oppretthalde over tid enn eit einsidig fokus på dei variable lønskostnadane. Basert på erfaringar ser det ut som at denne innrettinga har gjeve dei ønska økonomiske resultata. Lønskostnadar har vore om lag på budsjettert nivå dei siste åra. Lønsområdet representerer likevel framleis ein stor risikofaktor og krev sterkt fokus framover. I budsjettarbeidet for 2017 vert det lagt til grunn at fokus på dei faste lønselementa vert vidareført. Med den venta auken i andre kostnadar dei næraste åra, vil ein måtte tilpasse budsjettet på lønsområdet for å ta høgde for dette. Prosjekt og endringar Helse Bergen har for tida ei lang rekke utviklingsprosjekt innanfor bygg, organisasjonsutvikling og IKT. Dette er viktige satsingar for å utvikle gode og effektive helsetenester for framtida. I arbeidet med budsjett for 2017 vil ein setje ytterlegare fokus på korleis vellukka gjennomføring av prosjekta kan sikre kvalitativ nytte og gevinstar for Helse Bergen. Det vil bli arbeidd med reallokering av budsjett basert på dei endringar i ressursbehov som viser seg. Dette gjeld mellom anna Mottaksklinikken, Barne- og ungdomssjukehuset, Poliklinikkprosjekt, KULE, DMA, LIBRA mm. Det er naudsynt å hente gevinstar gjennom god planlegging og gjennomføring av omstillingsprosjekt om føretaket skal få plass til nye satsingsområde og prioriterte oppgåver. Vidare framdrift Intern fordeling av budsjettrammer for 2017 Føretaket er beden om å nytte rammebudsjettering som metode for budsjetteringa for 2017. Det inneber at alle einingar får tildelt budsjettramme ein skal budsjettere innanfor. Administrerande direktør tildeler budsjettrammer rundt 20.september. Vurderingar som blir gjort med omsyn til fordeling av budsjettrammer, er basert på : - sjukehuset sin strategiplan - ventelister, fristbrot, flaskehalsar - heilårsverknad av tiltak sett i verk i 2016 - særlege utfordringar framover - langtidsbudsjett 2017-2021 3
- budsjett og rekneskap 2016 - kostnadseffektivitetsanalyser - historikk (rekneskap og budsjett) - nye tiltak Budsjettprosess i den einskilde eininga Alle einingar blir tildelt budsjettramme basert på dei forhold som er nemnt i punktet ovanfor. Budsjettet skal brytast ned på lågaste nivå. I dette arbeidet er det særleg viktig med involvering og forankring hos leiarar på alle nivå. Einingane blir bedne om å utarbeide ein tidsplan for eige budsjettarbeid, planen skal vise involvering av leiarar på alle nivå. Det vil bli halde budsjettmøter mellom føretaksleiinga/økonomiavdelinga og kvar eining. Det er her venta at leiargruppa i einingane møter, saman med verneombod og tillitsvalde. Tema for desse møta vil vere korleis ressursane blir prioriterte, vurderingar med omsyn til måloppnåing, vurdering i høve til samhandling på tvers av einingar, samhandling med eksterne samt risikovurdering. Arbeidsmiljøet skal bli tatt omsyn til i budsjettarbeidet. Konsekvensar for arbeidsmiljøet skal kartleggast og det skal planleggast og setjast i verk tiltak for å motverke evt. negative konsekvensar. Dette gjeld også konsekvensar for ytre miljø. Verneombod og tillitsvalde skal bli inkludert i budsjettarbeidet på eit tidleg tidspunkt. Einingane skal leggje tidsplanar for dialogane med verneombod, AMU og tillitsvalde. Det skal gjennomførast drøftingsmøte med tillitsvalde (og skrivast protokoll) og haldast AMU-møte (med referat). Desse skal leggjast ved budsjettdokumentet frå eininga. Førebels framdriftsplan Styret vil bli oppdatert på framdrift i budsjettarbeidet i styremøta i haust. Endeleg handsaming av budsjettet vil bli i styremøtet i desember. Ein meir detaljert førebels framdriftsplan er slik: 4
Oppgåve Frist 23.jun Notat frå einingane vedr budsjettutfordring/omstillingspotensiale 2017 31.aug Budsjett 2017 føretaksleiinga, lunch-lunch samling Budsjettpremiss og førebelse rammer sendast einingane Orientering budsjett 2017 føretaksleiinga, controllarar, nivå 2/3- leiarar, tillitsvalde og verneteneste Budsjettmøter og dialog med einingane, eigen møteplan Utarbeiding og tilpassing budsjett 2016. Budsjettarbeid i einingane Forslag til statsbudsjett blir lagt fram Einingane sender inn sitt forslag til budsjett Motta forslag til inntektsramme og resultatkrav 2017 frå HV Økonomiavdelinga ferdigstiller budsjettforslaget Forslag til budsjett behandlast i føretaksleiinga Forslag til budsjett drøftast med HTV Forslag til budsjett drøftast i FAMU Statsbudsjettet blir vedteke Forslag til budsjett sendast styret Forslag til budsjett blir handsama og vedteke av styret 13.sep 21.sep sep-des sep-okt sep-okt 28.sep primo okt 26.okt 02.nov medio nov desember 09.des 16.des Styresak konsernbudsjett Helse Vest RHF feb 2017 5