HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for utvikling 26.11.2014 079/14 SM Kommunestyret 18.12.2014 078/14 SM Saksansvarleg: Ståle Hatlelid Arkiv: 231 Objekt: Arkivsaknr.: 14/652-3 Regulering av års- og tilknytingsgebyr for vatn og avløp 2015 Sakstilfang / Lover / Plandokument Gjeldande satsar, jf K-sak 082/13 Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Hornindal kommune, K-sak 087/2005 Gebyrberekningar H-3/14 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Retningslinjer for beregning av selvkost for kommunale betalingstjenester» Saka gjeld Gebyr for vatn og avløp skal vere sjølvkostbasert. På vatn vert det tilrådd å redusere prisen på forbruksleddet frå kr. 15,33 per m3 til kr. 14,39 per m3. Fastleddet vert redusert frå kr. 1.751,- til kr. 1.595,-. For avløpsgebyret tilrår rådmannen ein reduksjon på forbruksleddet frå kr. 22,56 per m3 til kr. 21,79 per m3. Fastleddet vert redusert frå kr. 2.418,- til kr. 2.270,-. For ein vanleg husstand utgjer redusert sats på vatn ca. 7,3% og på avløp ca. 4,3%. For næringsbygg og offentlege bygg vil auken variere etter forbruk, i snitt vert det om lag same auke som for ein vanleg husstand. Gebyr for leige av vassmålar har vore uendra i mange år og det vert difor tilrådd å auke gebyret med kr. 300 eks mva. Tilknytingsgebyret (grunnsatsen T) vert tilrådd uendra (kr. 12.000,- eks. mva). Bakgrunn Sidan 1999 er det rekna med sjølvkost på vassgebyr. Dette ligg også inne i økonomiplanen, men det vil alltid vere variasjonar frå år til år. Kommunestyret gjorde i 2012 vedtak om at det frå 2013 også skal vere sjølvkost på avløpsgebyret. Ein eventuell renteoppgang vil føre til høgre avskrivingar framover, noko som vil påverke gebyra. I 2015 er avskrivingane basert på 2,3% rente (5-årig Swap-rente + 0,5%).
Drøfting Årsgebyret for vassforsyninga og avløp i Hornindal er høgt. Strenge krav til avlaupsrensing grunna utslepp til ferskvatn, og relativt få abonnentar gjer at årskostnaden på avløp per abonnent vert høg. Hornindal kommune har vore gjennom ein perioden med store investeringar på vatn- og avløpssektoren. Dette har ført til eit høgt gebyrnivå. På avløp subsidierte kommunen tenesta t.o.m. 2012 (ca 30% i 2012 og ca 36% i 2011). Frå 2013 er det rekna 100% sjølvkost på avløp. Nye abonnentar som følgje av ny bustadbygging og hytteutbygging, samt tilknyttingsplikt for alle som bur nær kommunale leidningar, kan på sikt føre til redusert gebyrnivå. Større infrastrukturinvesteringar kan og påvirke gebyrnivået framover. Gebyret for leige av vassmålar har ikkje vore auka på fleire år. Det vert difor føreslege å auke gebyret med kr. 300 eks mva. Målarleiga blir då kr. 750 eks mva for forbruk opptil 5 m 3 i døgnet og kr. 860 eks mva over 5 m 3 i døgnet. Tilknytingsgebyret har vore fast i fleire år, og bør ikkje aukast. I framlegg til ny VA-forskrift er det føreslått at abonnentar som skal knyte seg til kommunale anlegg må dekke ein kostnader med stikkleidningar. Dette kan bli ein vesentleg kostnad for den enkelte. Dette, sjølv om det kanskje føregrip litt tidssituasjonen, tilseier at tilknytingsgebyret ikkje bør aukast i nær framtid. Økonomiske konsekvensar Drøfta i saka framfor. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 3. For mellombels tilknyting, eksempelvis ved anleggsverksemd, brakkeleir, m.m. skal det betalast
Fritidsbustader skal betale abonnentsgebyr + 25% av stipulert forbruk for bustadhus iht. areal.. I samsvar med krava i forvaltingslova 37 om førehandsvarsling - vert gebyrforskrifta å leggje ut til høyring. Uttalefristen vert sett til to veker. 26.11.2014 UTVAL FOR UTVIKLING UFU-079/14 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET SAMRØYSTES: 3. For mellombels tilknyting, eksempelvis ved anleggsverksemd, brakkeleir, m.m. skal det betalast
Fritidsbustader skal betale abonnentsgebyr + 25% av stipulert forbruk for bustadhus iht. areal.. I samsvar med krava i forvaltingslova 37 om førehandsvarsling - vert gebyrforskrifta å leggje ut til høyring. Uttalefristen vert sett til to veker. 18.12.2014 KOMMUNESTYRET KS-078/14 VEDTAK SAMRØYSTES: 3. For mellombels tilknyting, eksempelvis ved anleggsverksemd, brakkeleir, m.m. skal det betalast
Fritidsbustader skal betale abonnentsgebyr + 25% av stipulert forbruk for bustadhus iht. areal.. I samsvar med krava i forvaltingslova 37 om førehandsvarsling - vert gebyrforskrifta å leggje ut til høyring. Uttalefristen vert sett til to veker. Kopi til: Brita Sollid til orientering Sigurd Muldsvor for vidare arbeid Trond Erlend Mehlum for utlegging på heimesida Hornindal 29.12.2014 Solfrid Otterdal Lien - Sekretær -