Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum



Like dokumenter
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Kulturhistoriske registreringar

Kurs: Lær å legge kavlveg. Surnadal kommune

Freda bygningar og anlegg. Arlen Bidne rådgjevar

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Arbeidsrapport for Bur på Urdbø, Vinje kommune, Telemark 2010

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Vintervèr i Eksingedalen

Kulturhistorisk synfaring. Konsesjonssøknad- Gjerstadfossen kraftverk Osterøy kommune

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Vintervotter. Helga Reidun B. Nesset

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Juvet Landskapshotell

Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Elevundersøkinga 2016

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

5. Soknerådsmøte mai Referat

6-åringar på skuleveg

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

2016 Det Norske Samlaget

Mennesket og naturarven

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

KORLEIS LEGGE INN OG SØKE ETTER SKREDAKTIVITET OG HENDINGAR I REGOBS?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Til deg som bur i fosterheim år

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr

OLYMPIATOPPENS COACHING OG TRENERSEMINAR Arve Hatløy

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Alt det lyse og alt det mørke

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

Eksamen S1 hausten 2014

Kommunedelplan for kulturminne. Framlegg til planprogram

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

Innovasjonsmetoden vår

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO. Vedr. Saknr Dokumentnr

Setring ved Håbakkselet Hareid

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

RAPPORT. Øye stavkyrkje. - Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet

Orientering om automatisk freda samiske bygninger

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Voll-Hyttefelt

Notat om historie og kulturlandskap

Fokus Fylkesveg 394 Ostereidet Nesbø Rapport frå synfaring

Områdefreding Stødleterrassen

Eidegrend klyngjetun

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Brukarrettleiing. epolitiker

Forord Samandrag Bakgrunn og formål med undersøkinga Området... 7

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Å løyse kvadratiske likningar

BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER

#Norge 2030 Eit annleis OL

Møteinnkalling. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre

Dørbankaksjonen Vekst i Stordal

DB

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Dykkar ref Vår ref Dato 08/ /ROH

Transkript:

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum På Åsen Bygdemuseum har ein i løpet av mange års museumsverksemd samla gjenstandar og bygningar som fortel om levesett og tradisjonar i vårt eige nærmiljø gjennom tidene. Våre lokale museum er til for å ta vare på både materiell så vel som ikkjemateriell kulturarv - som kunnskapskjelde, til glede og nytte for nolevande og komande generasjonar. Eit av dei i alt 8 bygningane som er flytta til museet frå andre stader i kommunen er dette stabburet frå Hjellnes, som ber med seg ei historie om vår lokale byggeskikk og måten folk har levd på. Dette stabburet frå Hjellnes har dei seinare åra sige meir og meir ned mot bakken, og no er tida endeleg kome for å setje i gang arbeidet med å rette opp huset og skifte ut rote treverk. No kan vi gå vinteren trygt i møte, og vi sikrar at bygninga kan stå i mange år til. I dette arbeidet har vi fått ein god del ny informasjon om byggverket, som vi gjerne vil dele med publikum. Stabburet frå Hjellnes Stabburet stod opprinneleg på garden Nestua på Hjellnes i Todalen, og vart gjeve som gåve til museet allereie i 1965. I 1980 vart det oppattsett der det no står på Åsen. Dette er det vi kallar eit dobbelt stabbur, sett saman av to bur med bursval i midta. Dette er ein byggetype som er særmerkt

for Todalen, der ein finn fleire bur av denne sorten. Som vi veit var stabbura bruka til lagring av matvarer, korn og mjøl ofte i andre høgda og kjøt i første høgda. Her ser vi svalgangen mellom dei to tømmerkassane: Klauvgrime tyder på høg alder Dei aller eldste stabbura i innlandet står gjerne på ei stor trapesforma syll (nederste stokk) rett på mur eller berg, men vart seinare løfta opp på stabbar og grime. Grunnen til dette kan vere klima, tømmer rett på mur eller berg vil ikkje vere varig nok i eit fuktig klima. Ei anna forklaring er behovet for å beskytte maten mot rottene som breidde om seg i landet frå midten av 1700-talet og framover. Ein spesiell konstruksjon på underbunaden på Hjellesstabburet gjorde at Jon Bojer Godal frå Husasnotra i Valsøyfjord på den første synfaringa raskt fastslo at dette var eit spesielt og gamalt byggverk. Eine halvdelen av stabburet (mot vest) står på ei såkalla klauvgrime, med klauva stabbar som grip over ein trapesforma syll og der stabbane er felte inn i det vi kallar flak. Den nyare delen står på enkeltstabbar. Godal stadfesta at dette var grunnlag for å tru at delar av stabburet var frå år 1700 eller tidlegare. Mistanken om at alderen kunne vere såpass høg gjorde at ein bestemte seg for å gå vidare med ei meir nøyaktig datering.

Her ser vi den eldste delen av stabburet, med den spesielle klauvgrimekonstruksjonen. Datering På bakgrunn av desse vurderingane av kyndige fagfolk frå Husasnotra ønskte vi å foreta ei sikker datering av bygninga. Dette vart gjort ved at vi fekk tatt ei såkalla dendrokronologisk datering. Ved å ta boreprøvar av tømmeret som deretter vart analysert ved Vitenskapsmuseet NTNU. Dateringsmetoden baserer seg på variasjonar i treets årringar, år for år gjennom historia. Årringane varerier med veksttilhøva dei enkelte åra, og ved å måle tjukkelsen på årringane mot kvarandre kan ein ved hjelp av tabellar finne fram til alderen til treet med relativt stor nøyaktigheit. Her ser vi ein av dei boreprøvane som vart sendt til datering : Resultata syner at den eldste laftekassen sannsynlegvis er sett opp sommaren 1643, medan den andre kassen er sett opp sommaren 1751. Analysa fortel at det er felt tre over fleire vintrar for å framskaffe tømmer til begge kassane.

Automatisk freda kulturminne av nasjonal verdi I følgje kulturminnelova er alle ståande byggverk datert til før år 1650 automatisk freda. Dette betyr at dobbeltstabburet frå Hjellnes er vurdert av Riksantikvaren å vere eit kulturminne av nasjonal interesse, og fredinga skal sikre langsiktig vern. Eit anna bygg på museet er også freda, dette er røykjestua frå Torvik, som vart vedteke freda så tidleg som i 1924. Ein innskripsjon i tømmeret viser til året 1761, men konstruksjonen tyder på at bygninga kan vere noko eldre. Fram til no hadde vi trudd at dette var den eldste bygninga vi hadde. No viser det seg at dette er eit av dei eldste byggverka innan heile Nordmøre Museum. Sikringsarbeid av lokal ekspertise Arbeid pågår - her ser vi Torgeir Leivdal frå Husasnotra i full gang med øksa. Gamle rotne stabbar vert skifta ut med nye furustabbar av god kvalitet. Her på Nordmøre er vi så heldige å vere i nærleiken av eit viktig fagmiljø når det gjeld tradisjonshandverk. Husasnotra i Valsøyfjord er ei avdeling av Stiftelsen Geitbåtmuseet som arbeider med å ivareta handverk og drive med opplæring i tradisjonelle byggeteknikkar.

Dei arbeider no med å sikre og stabilisere stabburet. Det vert jekka opp og bytta ut rotne stabbar og rettast opp, slik vert det lagt til rette for at det automatisk freda kulturminnet skal få leve vidare. Det må seiast at arbeidet som no vert gjort er å rekne som akutt sikringsarbeid, og ikkje restaurering i denne omgang. I framtida må meir arbeid gjerast dersom vi skal ta vare på den verdien bygninga har som kjelde til kunnskap, slik ein er pålagt som eigar av eit automatisk freda kulturminne. Likevel er vi glade for at det no er tatt det første steget mot å sørge for at tyngdekreftene ikkje tek overhand, slik at vi kan fortsetje å ta vare på dette kulturminnet for framtida. Her ser vi at dei nye stabbane på øversida av bygninga er kome på plass. Det vert også grave frå husa for å redusere trykket som har vore med på å forskyve bygninga, og for å leie vatn unna. Den næraste stabben her var heilt velta og var på veg til å bli jord att. Veggen er no betrakteleg mindre vindskeiv, og vi kan igjen opne døra utan problemer. Alle foto: Surnadal Museum www.nordmore.museum.no