HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201107144-31 Arkivnr. 146.612 Saksh. Bjørg Larsen, Ronny B Skaar Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 17.09.2013-18.09.2013 FORDELING AV SPELEMIDLAR TIL KULTURBYGG MED REGIONALE FUNKSJONAR 2013 - KORRIGERT SAMANDRAG Fylkeskommunen fordeler kvart år tilskot til kulturbygg med regionale fuksjonar. Retningsliner for ordninga vart vedteke av Kultur- og ressursutvalet 11.9.2012. Hovudføremålet er å bidra til etablering av regionale kulturbygg med regionale funksjonar for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur. Tiltaka må vere av ein slik art at det har regional verdi, funksjonar og/eller nedslagsfelt og skal fungere som kulturelle møtestader. Tiltaka skal og stø opp under Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk nedfelt i regionale planar. Ordninga er ei fylkeskommunal tilskotsordning med statleg medverknad i form av spelemidlar frå Norsk Tipping gjennom desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. Hordaland fylkeskommune har den samla forvaltning av ordninga, gjer vedtak om fordelinga og utarbeider regionale retningsliner i samsvar med regionale prioriteringar og statlege rammer for ordninga. Jfr Kulturdepartementet sine «Retningslinjer for forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg 2010» samt Rundskriv V-16N/2009. Hordaland fylkeskommune har vedteke to sjølvstendige tilskotsordningar for kulturbygg - ei lokal ordning som er fullfinansiert med spelemidlar og ei regional ordning som er finansiert av fylkeskommunale og statlege midlar. Bakgrunnen var at Hordaland - i tillegg til forvaltninga av spelemidlar til lokale bygg - ynskte å bidra til eit sterkare regionalt fokus med prioritering av prosjekt som kunne ivareta regionale funksjonar på feltet og stø opp om regionale planar og prioriteringar. Ei slik innretning gjorde det mogleg å slå saman fylkeskommunale og statlege midlar under ei tilskotsordning og leggje til rette for ei styrking av satsinga på feltet. Regjeringa fordelte 24. mai 2013 kr 500 000 000,- av spelemidlane til kulturføremål. Hordaland fylkeskommune vert tildelt kr 10 230 666,- til vidare fordeling til kulturbygg både lokale og regionale.
Fylkesrådmannen foreslår å tildele kr 5 081 000,- til regionale kulturbygg. I budsjett for 2013 har Hordaland fylkeskommune sett av kr 10 000 000,- til ordninga. Samla beløp til fordeling for regionale kulturbygg 2013 er etter dette kr 15 081 000,-. I budsjett 2013 er det allereie sett av kr 1 700 000 til Grieghallen frå denne tilskotsordninga. Til fordeling i denne saka vert det kr 13 381 000. For 2013 er det 12 godkjente søknader med ein samla godkjent søknadssum på kr 24 124 700,-. Total kostnadssum for desse 12 søknadane er på 146 496 700,-. Fylkesrådmann ser av dette at det er eit stort behov for tilskotsordninga til kulturbygg med regionale funksjonar. Fylkesrådmannen rår til at midlane vert fordelte i samsvar med oppførte kriteria. FORSLAG TIL VEDTAK Kommune Søker Kostnadssum Søknadssum Tildeling 2013 1 Bergen Museum Vest 30 000 000 5 000 000 4 000 000 2 Bergen Bymuseet i Bergen 11 500 000 2 000 000 1 900 000 3 Bergen Kulturhuset Sentrum i Arna 900 000 300 000 Avslag 4 Bergen Nye Fyllingsdalen Teater 771 000 141 000 141 000 5 Bergen Kirkens Bymisjon 33 700 33 700 Avslag 6 Bergen Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum 6 270 000 2 300 000 1 900 000 7 Bergen Stiftelsen Klosteret 1 000 000 100 000 100 000 8 Kvam Hardanger og Voss museum 6 322 000 2 000 000 1 900 000 9 Kvinnherad Halsnøy historiske senter 58 000 000 7 000 000 Avslag 10 Kvinnherad Baroniet Rosendal 25 000 000 2 000 000 1 900 000 11 Kvinnherad Kulturhuset Husnes 1 500 000 250 000 Avslag 12 Odda Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum 5 200 000 3 000 000 1 540 000 146 496 700 24 124 700 kr 13 381 000 Rune Haugsdal fylkesrådmann Anne Elisa Tryti fylkeskultursjef 2
FYLKESRÅDMANNEN, 27.08.2013: Saka gjeld fordeling av tilskot til kulturbygg med regionale funksjonar for 2013. Retningsliner for ordninga vart vedteke av Kultur- og ressursutvalet på møte 11.09. 2012. Hovudføremålet er å bidra til etablering av regionale kulturbygg med regionale funksjonar for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur. Tiltaka må vere av ein slik art at dei har regional verd, funksjonar og/eller nedslagsfelt og skal fungere som kulturelle møtestader. Tiltaka skal og stø opp under Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk nedfelt i regionale planar. Hordaland fylkeskommune har den samla forvaltninga av ordninga, gjer vedtak om fordelinga og utarbeider regionale retningsliner i samsvar med regionale prioriteringar og statlege rammer for ordninga. Jfr. mellom anna Kulturdepartementet sine Retningslinjer for forvaltning av desentralisert ordning for tilskudd til kulturbygg 2010 samt Rundskriv V-16N/2009. Frå retningslinene kan nemnast: Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturvern tiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. Bygningane skal i størst mogeleg grad fungera som kulturelle møtestader for alle grupper. Lokala skal vera opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengjast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn. Kulturlokale eller arenaene som mottek tilskot skal vera universelt utforma i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter til denne. Det vert kvart år meldt inn store behov for medverknad til finansiering av regionale kulturarenaer. Hordaland fylkeskommune har difor vedteke to sjølvstendige tilskotsordningar for kulturbygg, ei lokal ordning som er fullfinansiert med spelemidlar og ei regional ordning som er finansiert av fylkeskommunale og statlege midlar. Bakgrunnen var at Hordaland - i tillegg til forvaltninga av spelemidlar til lokale bygg - ynska å bidra til eit sterkare regionalt fokus med prioritering av prosjekt som kunne ivareta regionale funksjonar på feltet og stø opp om regionale planar og prioriteringar. Ei slik i innretning gjorde det mogleg å slå saman fylkeskommunale og statlege midlar under ei tilskotsordning og leggje til rette for ein styrking av satsinga på feltet. Regjeringa fordelte 24. mai 2013 kr 500 000 000,- av spelemidlane til kulturføremål. Hordaland fylkeskommune vert tildelt kr 10 230 666,- til vidare fordeling til kulturbygg både lokale og regionale. Fylkesrådmann foreslår å tildele frå denne ordninga kr 5 081 000,- til regionale kulturbygg. I budsjett for 2013 har Hordaland fylkeskommune sett av kr 10 000 000,-. Samla beløp til fordeling for regionale kulturbygg 2013 er etter dette kr 15 081 000,-. I budsjettet for 2013 heiter det: Fylkesrådmannen foreslår 1,7 mill. kr i fylkeskommunalt tilskot i 2013 til oppstart av rehabiliteringa av Grieghallen. I budsjettet for 2011 vart det oppretta ei ny tilskotsordning til kulturbygg med regionale funksjonar. Det vart sett av 10 mill. kr kvart år i økonomiplanperioden til denne ordninga. Fylkesrådmannen følgjer opp dette i budsjettet for 2013.Tildeling av midlane i tilskotsordninga vil koma i eiga sak. Midlane vert sett i samanheng med statlege spelemidlar til kulturbygg. I 2012 fekk Hordaland nær 8 mill. kr frå den statlege ordninga. Fylkesrådmannen legg til grunn at fylkeskommunen sin del av finansiering av opprustinga av Grieghallen i 2013 vert finansiert innanfor tilskotsordninga til kulturbygg med regionale funksjonar. Det er komen inn 12 søknadar innan fristen. Alle søknadar kan realitetshandsamas. Alle søkjarar har meldt tilbake at bygga er universelt utforma, dei fleste bygga har eit enkelt rom som ikkje er 3
tilgjengelig for bevegelseshemma. Ein søknad frå Kunsthuset Kabuso kom inn 1 veke etter fristen og er ikkje sakshandsama. 1. Museum Vest 2. Bymuseet i Bergen 3. Kulturhuset Sentrum i Arna 4. Nye Fyllingsdalen Teater 5. Kirkens Bymisjon 6. Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum 7. Stiftelsen Klosteret 8. Hardanger og Voss Museum 9. Halsnøy Historiske Senter 10. Baroniet Rosendal 11. Kulturhuset Husnes 12. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Fordeling: 1. Bergen kommune - Museum Vest Museum Vest søker om tilskot på kr 5 000 000,- til Norges Fiskerimuseum sine nye publikumsareal i Sandviksboder 23 A/B og 24. Kostnadssum på kr 60 000 000,-. Midlane skal gå til å skape landets fremste publikumsarena for fiskerihistorie og kystkultur. Dette vil vere ein attraksjon som vil løfte dei lokale kulturminna, auke medvitet om regionens historie og fremje dagens viktige verdiskapande fiskeri- og sjømatnæring. Føremålet er først og fremst å leggje til rette for den store nye permanente utstillinga til Norges Fiskerimuseum. Samstundes er dette å rekne for eit restaurerings-prosjekt av større format ettersom det her er tale om ein verna bygningsmasse. Dei tre sjøbuene og naustet er framståande kulturminner frå Bergen og regionens sine tette historiske band til fiskeria, kystfrakt og handel. Vurdering: Historia til Norges fiskerimuseum går tilbake til 1880, og gjer dette til det eldste museet i Noreg spesielt retta inn mot fiskerinæringa. Ut i frå historia, samfunnsutviklinga og museumsutviklinga er kystkultur er eit av fire prioritert fagtema i Hordaland Fylkeskommune sin museumspolitikk. Fiske har alltid vore ei viktig næring for norsk økonomi, både i høve sysselsetting, forbruk innanlands, og ikkje minst som eksportnæring. Mange viktige innovasjonar har sitt utspring langs Vestlandskysten. Det er ei særs viktig satsing Museum Vest no planlegg. Den bidreg til at næringa si historie og samtid får auka fokus og forståing. Tilråding: Tilskot på kr 4 000 000,- 2. Bergen kommune - Bymuseet i Bergen Bymuseet i Bergen søker om støtte på kr 2 000 000,- til å kjøpe eit bygg som vil fungere som gjenstands-magasin for samlingane dei forvaltar. Kostnad på kr 11 500 000,-. Bymuseet har i dag tilgang til gjenstandsmagasinet ved Fellesmagasinet ved Museumssenteret i Hordaland, ca 1300 kvm for 9 konsoliderte museum. Det totale behov er vurdert til 2500 kvm for 190 000 gjenstandar og foto. Det fins i dag ingen konkrete planar for utviding av tilbodet i Fellesmagasin for musea i Hordaland. Vurdering: Bergen Bymuseum finn det ikkje forsvarleg med ytterlegare venting for å oppgradere bevaringstilhøve for samlingane dei forvaltar. Dette vil og frigje areal på musea som vil gje eit styrka formidlingstilbod til vitjande. Tilråding: kr 1 900 000,- 4
3. Bergen kommune Kulturhuset Sentrum i Arna Kulturhuset Sentrum søker om kr 300 000,- for oppgradering av huset som regional konsertarena. Kostnad kr 900 000,- For å drive regional kulturarena treng Kulturhuset Sentrum i Arna oppgradering av sceneområder, rømningsvegar og universell tilpassing. Dei største konsertane som blir arrangert med artistar som Ole Ivars og Vassendgutane trekker publikum frå andre bydelar, frå Osterøy og Nordhordland. Scenen fungerer og som arena for forstillingar i regi av Bergen Musikkteater og foredrag i regi av Arna Senioruniversitet. Storsalen har plass til 300 tilskodarar. Huset vert og brukt som møteplass for asylsøkarar og andre menneske med minoritetsbakgrunn det vert og brukt til arrangement som karneval og Internasjonal Dag. Huset er eigd og verd drive av 6 lokale frivillige organisasjonar Vurdering: Fylkesrådmann ser ikkje at Kulturhuset Sentrum i Arna har stor nok regional verd til å få tilskot som et regionalt kulturbygg. 4. Bergen kommune Nye Fyllingsdalen Teater Nye Fyllingsdalen Teater søker om tilskot på kr 141 000,- til rehabilitering av tak og bad/toalett i tilknyting til garderobane. Kostnadssum kr 771 000,-. Fyllingsdalen Teater har blitt ein kulturinstitusjon i Hordaland og har medlemmer frå Bergen, Fjell, Askøy, Lindås og Os. Nye Fyllingsdalen Teater driv Teaterskole for barn og Cirkusskole. Vurdering: Fyllingsdalen Teater har vore ein viktig kulturarena for barn og unge i Hordaland sidan 1974. Mange kjente artistar har starta sin karriere her. Tilråding: kr 141 000,- 5. Bergen kommune Kirkens Bymisjon Kirkens Bymisjon søker om tilskot på kr 34 000,- til kjøp av lydanlegg til Korskirken. Kostnad kr 34 000,- Korskirken er ei attraktiv kulturscene både Nattjazz, Festspillene og andre kulturfestivalar bruker Korskirken som ein av sine arenaer. Grieg in Bergen har kyrka som sin hovudarena under sommerfestivalen. Korskirkens fastmonterte taleanlegg har eit avgrensa bruksområde og er av dårleg kvalitet. Vurdering: Etter retningsliner frå Kulturdepartementet kan tilskot nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning. Fylkesrådmann finn derfor at tilskot til utstyr fell utanfor denne tilskotsordninga. 6. Bergen kommune Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum Bergen Sjøfartsmuseum søker om kr 2 300 000,- til modernisering. Kostnad kr 6 200 000,-. Bergen Sjøfartsmuseum er eit nasjonalt forskings- og formidlingssenter for maritim historie, er sidestilt med Sjøfartsmuseet i Oslo av Stortinget og Norges Rederiforbund. Museet prioriterer si verksemd til tilbod til barnehagar og skolar, med spesielt fokus på barnefamiliar, og opplever vekst når det gjeld utanlandske turistar. Dei største utfordringane for museet er dei mange store vindauga i utstillingslokala, samt arbeidet med 5
å få eit stabilt inneklima. Eit klimaanlegg vil gje betre bevaringsforhold for gjenstadsmaterialet til museet, og gje ein energiøkonomisk vinst for museet. Nye moderne vindauge må til for å sikre bygningen mot tjuvar. Vurdering: Museet har store planar om oppgradering av servicetilbod for publikum og bedriftar samt revitalisering av dei permanente utstillingane. Med dette tilskotet sikrar museet seg mot tjuveri og får betre bevaring av gjenstandar. Tilråding: kr 1 900 000,- 7. Bergen kommune Klosteret 17 Stiftelsen Klosteret søker om kr 100 000,- i tilskot til skifte av 3 dører, innkjøp av varmepumpe og installering av lys i kjeller. Kostnad kr 100 000,-. Hordaland Kunstsenter held til i Klosteret 17. Dette er eit kunstnardreve kunstsenter med visning av kunsthåndverk og billedkunst. Vart etablert i 1976 som det første kunstsenteret i Noreg. Hordaland kunstsenter er kontaktinstitusjon i Hordaland for Kunst i offentlige rom Vurdering: Fylkesrådmannen tilrår at Klosteret 17 får tilskot som dekkjer heile kostnaden. Hordaland Kunstsenter/ Klosteret 17 er ein regionalt viktig kulturarena i Hordaland. Tilråding: kr 100 000,- 8. Kvam herad Hardanger og Voss museum Hardanger fartøyvernsenter søker om kr 2 000 000,- til ombygging av sjøhus til publikumsmottak. Kostnad kr 6 300 000,-. Det er tenleg å flytta publikumsmottaket og bilferja Folgefonn slik at ferja og inngangen vert liggjande i forlenging av Strandvegen. Slik vert dette ein naturlig inngangsport til fartøyvernsenteret. Fartøyvernsenteret ynskjer å møte publikum på gateplan og samle alle fasilitetar (billettsal, informasjon, kafe og filmsal) på ein plass. Dette vil verte eit rasjonelt og føremålstenleg bygg på rett stad. Sjøhuset er i dag eit røft og uisolert hus med dårleg tak. Vurdering: Tiltaket vil gje auka besøk til senteret, og ein vil nå fleire i arbeidet med å formidla materiell og immateriell kunnskap om den maritime kulturarven. Innstilling: kr 1 900 000,- 9. Kvinnherad kommune - Halsnøy historiske senter Halsnøy historiske senter søker om tilskot på kr 7 000 000,- til å realisere Halsnøy historiske senter. Kostnad kr 58 000 000,-. Halsnøy historiske senter er tenkt å vera eit annleis museum med engasjerande kulturopplevingar og ein kulturinstitusjon som aktivt går inn i si eiga samtid eit senter for norsk båtbyggjartradisjon, kystkultur og næring. Halsnøy historiske senter er ei privat stifting leia av Johannes G Eide. Intensjonen med senteret er å skapa: - Eit utstillingsvindauge for kvalitetane i kyst-noreg - Eit symbol på kysten si tyding i fortid og framtid - Eit samspel mellom kultur og næring - Ein møteplass for alle som er oppteken av eigen historie og framtid Vurdering: Hovudmålet i Hordaland Fylkeskommune sin museumspolitikk er at musea skal utviklast som sterke kunnskapssenter og organisasjonar, og vera profilerte samfunnsaktørar med kunnskap om fortid, notid og framtid. Museumspolitikken- og løyvingane er såleis retta inn mot dei ni konsoliderte einingane. Sunnhordland museum er eit av fire regionale ansvarsmuseum. Dette inneber eit museumsfagleg ansvar i regionen. I planane med eit Halsnøy historiske senter har senteret søkt 6
kontakt og rådgjeving hjå Sunnhordland museum for å greie ut korleis eit slikt senter kan inngå i eit tematisk og fagleg samarbeid med Sunnhordland museum. Det manglar eit forpliktande økonomisk samarbeid og ei samordning/funksjonsordning med Sunnhordland museum. Sunnhordland museum har i tillegg eit særleg ansvar for regionens maritime historie gjennom Stord maritime museum. 10. Kvinnherad kommune Baroniet Rosendal Baroniet Rosendal søker om tilskot på kr 2 000 000,- til å utvikle ein fleirbrukssal og formidlingsarena for kulturføremål i den noverande driftsbygningen med nødvendig infrastruktur. Kostnad kr 25 000 000,-. Ved å utvikle eit besøkssenter og ein formidlingsarena ved Baroniet Rosendal vert det etablert ei mottaking av besøkande på eit vesentleg oppgradert nivå frå dagens situasjon. Ein fleirbrukssal med større fleksibilitet vil styrke Baroniet sin funksjonalitet, tilbod og inntektsgrunnlag.. Vurdering: Publikum vil få ei kvalitativ betre oppleving av besøket, og tiltaket vil avlaste og skåne kulturminner, styrke Baroniet sitt driftsgrunnlag og leggje grunnlaget før ein langsiktig styrking av Baroniet som eit historisk minnesmerke fylt med dagens kulturuttrykk. Tilråding: kr 1 900 000,- 11. Kvinherad kommune - Kulturhus Husnes Kvinherad kommune søkjar om kr 250 000 til nye, fast monterte stolar i kino/teater/konsertscena i Kulturhuset på Husnes. Kostnad kr 1 500 000,-. Søkjar fekk tilskot på kr 250 000,- i 2012. Heile bygget vart sist renovert i 2005. Stolane i Kinosalen er frå 1978, og det er heilt naudsynt med utskifting etter over 30 års bruk. Husnes Kino vart digitalisert i 2010/2011 og er ein av dei beste kinoane i fylket. Vurdering: Kulturhuset Husnes fekk tilskot med kr 250 000,- i 2012 til nye kinostolar. Fylkesrådmannen finn ikkje rom til ytterlegare tilskot. 12. Odda kommune Tysso Kraftstasjon Tysso Kraftstasjon søkjer om tilskot på kr 3 000 000,- til utvikling av Tysso kraftstasjon som kulturbygg. Kostnad kr 5 200 000,-. Kraftanlegget er etterspurd som kulturarena for større arrangement.. Søknad gjeld oppfylgjing av prosjektet og rapporten «Tysso 1 som kulturbygg» som starta i år 2000. Spektakulær lyssetting, gangbane (trabulant) langs sjøsida, utvikling av kaiområdet og nye toalettanlegg i nord, vil utvide dagens publikumstilbod. Vurdering: Ny trabulant vil lette rømming ved brann og ei rad utvendige vedlikehaldsfunksjonar. Lyssetting vil gjera det mogelig for besøkjande å koma inn under turbinhjula like inn til «Hvalens Buk» og viser dimensjonane på kraftanlegget sine maskinar. Tiltaket er viktig i historieformidlinga av anlegget og omvising/undervisning. Lyssetting vil få fram kraftkatedralen og understreke estetikken i bygget. Innstilling: kr 1 540 000,- 7