INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage



Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Velkommen til Tussejuv barnehage!

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Definisjon og formål. Målsetjing

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Informasjon til foreldre

Månadsbrev for Rosa september 2014

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Bjørnehiet SFO - informasjon

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

AVDELINGSPLAN

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: /

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Bli kjent med Bergetippen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Bli kjent med Orre Barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan for SFO. Nedstrand barne- og ungdomsskule 2019/20. Telefon sentralbord NBU: SFO-mobil

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

Barnehagen sitt samfunnsmandat

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Du må tru det for å sjå det

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Tilbakeblikk på mars:

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Transkript:

INFORMASJONSHEFTE OM Åmotsdal barnehage Seljord kommune Adresse: Åmotsdalsvegen 1253, 3844 Åmotsdal Tlf: 35 05 13 75 E-post: amotsdal.barnehage@seljord.kommune Styrar: Ann-Christin Freberg Høgetveit. Opningstid: Måndag - fredag kl. 07.30 16.30 Barnehagepersonalet har 5 planleggingsdagar i året. Då er barnehagen stengd. I tillegg er barnehagen stengd f.o.m. jolaften t.o.m. 1.nyttårdag, og i veke 29 og 30 om sommaren. Seljord kommune si heimeside: www.seljord.kommune.no Revidert september 2015

Organisering Barnehagen er for barn i alderen 1 til 5 år. Barnehagen ligg i same bygget som grendehuset og skulen, og vi nyttar kjøkkenet og toaletta til grendehuset, samt gymsalen. Romma i barnehagen skal stimulere til ulike typer aktivitet som lesing, speling, konstruksjonsleik, rolleleik, formingsaktivitetar og liknande. Barnehagen har tilgang til lavvo og gapahuk i skogen. Lavvoen har vi i lag med 4-H. Elles har vi eit stort uteområde rundt barnehagen som vi nyttar kvar dag. Informasjonsrutinar Alt innhald i barnehagen er bygd på Lov om barnehagar, nasjonal og lokal rammeplan. Informasjon og beskjedar til heimane heng på tavla i garderoben og på plassane til barna. Månadsplan blir lagt i hyllene til barna veka før ny månad. På tavla skriv vi litt om kva vi har gjort gjennom dagen. Det kjem og til å vere ein fotoramme ute i garderoben som kan dokumentere med bilete kva barna har vore med på dei ulike dagane. Årsplanen, som er barnehagen sitt program for barnehageåret, kjem i august/september. Dagsrytme 07.30 Barnehagen opnar. 08.30-09.00 Frukost 09.00 Leikegrupper 09.45 Samling som inneheld rydding etter leik. 10.15 Aldersdela grupper 11.00 Grovmotorisk leik i gymsal 11.30 Føremiddagsmat 12.00 Garderobe/bleieskift/leggje dei som skal sove. 12.30 Uteleik 14.20 Kvilestund (dei som har sove har ei anna aktivitet) 14.40 Ettermiddagsmat 15.00 Valsamling for 3-5 åringane/ bleieskift ( og elles bleieskift ved behov) - Leik/aktivitet 16.30 Barnehagen stenger Alle klokkeslett er omtrentlege. Dei minste barna et og søv etter avtale med foreldra Vi ynskjer at alle skal vere i barnehagen innan 09.30 då vi rundt denne tida byrjar med dagens aktivitetar. Vi ynskjer dette for at barna skal få moglegheit til å leike litt før dei tilrettelagte aktivitetane byrjar, og for å skape ro når aktivitetane etter kvart skal starte. 2

Måltid Det er tilbod om enkel frukost; havregryn, knekkebrød / brød mellom 08.30 og 09.00. Føremiddagsmaten er om lag kl 11.30. Ved dette måltidet et vi brødmat og vanleg pålegg. Vi brukar ikkje pålegg som inneheld mykje sukker. Føremiddagsmaten er ein setting der vi legg vekt på å lære barna å smøre mat, tøme mjølk i koppen og liknande. Barna skal lære bordskikk, som til dømes kan du sende meg. Barna skal også få kunnskap om kva som er sunn mat, og vi legg vekt på at måltidet skal vere hyggeleg. Barna får velje bordsong og dei litt større barna hjelper til med å rydde av bordet. Kvar 14. dag har vi varm mat. Knekkebrød/brød blir servert ca. kl.14.40. Maten kostar kr.350- pr. månad for 5 dagars tilbod. Slutten på dagen På denne tida kan barna vere slitne, og treng personalet si merksemd. Vi ynskjer difor at foreldra kjem dit barnet er. Personalet vil gjerne fortelje litt om korleis dagen har vore for barna, men det er ikkje alltid ein får dette til. Men dersom det har vore spesielle hendingar i løpet av dagen som det er viktig at foreldra får informasjon om, vil personalet alltid gje beskjed om det. Ta gjerne kontakt med personalet! Oppfylging av kvart einskilt barn Den fyrste tida i barnehagen Den fyrste tida i barnehagen vil barnet møte mange nye vaksne. Barnet treng tid til å bli kjent i barnehagen og få ein trygg relasjon til dei vaksne. Foreldra må difor setje av tid til å fylgje barna i barnehagen dei fyrste dagane og vere tilgjengelege ved behov i oppstartfasen. Mange arbeidsplassar gjev inntil 3 dagar permisjon for tilvenning i barnehage. Alle barna blir fylgd opp ved systematisk og usystematisk observasjon. Barnet sitt utbytte av barnehageopphaldet blir drøfta med foreldra i foreldresamtalar. Foreldra får tilbod om samtalar to gonger i året. Den daglege kontakten når barnet kjem og ved henting er den viktigaste samarbeidsforma mellom foreldra og personalet. Det er avgjerande å få opplysningar om barnet si helse, behov, ynskje og opplevingar, slik at vi kan gje barnet best mogleg omsorg og oppfylging. Fødselsdagar Barnas fødselsdag blir markert med balkongflagg, fødselsdagssong og ljostenning. Barna får velje mellom fruktspyd, vaflar og pizza til dagen. Sjuke barn Folkehelseinstituttet har laga retningsliner for barn og sjukdom i barnehagen. Barnehagen fylgjer desse. Retningslinene blir sendt til heimane. 3

Innhald i barnehagen Personalet ynskjer å skape ein barnehage fylt med leik, læring, humor, glede og tryggleik for barn, foreldre og personalet. Personalet legg vekt på ein roleg og hyggeleg barnehagedag med mange gode leikeopplevingar og samspel. I leiken skjer det viktige læreprosessar. Samspel mellom barn barn og barn - vaksen er viktig i denne samanhengen. Dei vaksne vil vere aktivt deltakande og observerande i leiken og aktivitetane til barna. Dei skal støtte barna sin utvikling. Det betyr å sjå og støtte det einskilte barnet si utvikling ut frå personlegdomen til barnet, og i leik og gjeremål tilføre nye moglegheiter og innhald. I samvær med barna, enkeltvis og i grupper, legg vi stor vekt på samtala som metode. Utvikling av god språkforståing er viktig for å meistre leik, læring og samvær med andre. Vi har difor stort fokus på språk i alle aktivitetar, og vi har også faste aldersinndelte språkgrupper. Vi har fokus på korleis den vaksne møter det einskilte barn slik at barnet sin integritet blir ivaretatt samstundes som omsynet til dei andre barna også blir ivaretatt. Å hjelpe barna til utvikling av sosial handlingsdugleik, språk og kommunikasjonsevne vil vere med på å førebygge diskriminering, mobbing, utjamne sosiale forskjellar og likestille gut og jente. Utvikling av sosial kompetanse hos barn er nødvendig for å kunne vere saman med andre, løyse konfliktar, vere hjelpsam, arbeide i grupper, samarbeide og forstå korleis andre har det. Slike ferdigheitar meiner vi ein må utvikle for å kunne bidra til eit likestilt samfunn. Grunnlaget for desse dugleikane blir lagt i førskulealder og personalet legg vekt på å hjelpe barna til å utvikle dei. I foreldresamtalar vil mellom anna desse områda av barnet sitt liv i barnehagen bli tatt opp. Uteliv og klede: Vi legg vekt på å vere mykje ute og vi er ofte på turar i nærområdet. Det er difor viktig at barna har godt med uteklede, regntøy og skift i barnehagen. På vinteren har vi skidagar, og på sommaren sykkeldagar. 4

Kontakt heim barnehage Vi meiner at godt samarbeid mellom foreldra og personalet er viktig for at barna skal trivast i barnehagen og for at dei skal få ei god utvikling. Det daglege møtet på morgon og ettermiddag er difor viktig. Bli gjerne ei stund i barnehagen dersom du har tid ein dag. Du kan ta ein kopp kaffi om morgonen eller bli med på samlingstunder og turar dersom du har høve til det. I løpet av barnehageåret har vi 3-4 arrangement for foreldre og barn. I foreldresamtalar, som regel to gonger i året, blir barnet sitt utbytte av barnehageopphaldet tatt opp. Foreldre og personalet finn saman ut kva ein skal legge vekt på i oppfylginga av barnet. Det er to foreldremøter i løpet av eit barnehageår. Det eine av desse møta skal vere eit debattmøte/temamøte der ein drøftar ulike aktuelle tema, eller får meir kunnskap om eit område. Dersom det er noko du ikkje er nøgd med, noko du lurar på eller noko du synest er bra, vil vi gjerne høyre det. Barnehagen skal tilpasse seg mange ulike heimar, ynskjer og behov. Difor er vi avhengige av å høyre kva foreldra meiner for å gjere ein best mogeleg jobb. Foreldreråd Alle foreldra er medlemmer av foreldrerådet. Leiar og nestleiar blir vald på foreldremøtet i august/september. Foreldrerådet skal være eit forum der alle foreldra kan møtast og diskutere ynskje og behov og kome med forslag til barnehagen. Samarbeidsutval Samarbeidsutvalet består av 2 representantar frå foreldra, 2 representantar frå personalet og 1 representant frå eigar. Styrar er sekretær. Utvalet konstituerar seg sjølv på fyrste møte i september. Samarbeidsutvalet skal vere med å drøfte barnehagen sitt innhald og fremje kontakt mellom barnehagen og heimane. 5