VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Runa Bakke Arkivsak nr.: 2008/1307 Arkivkode: G00 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 14.12.2009 INTERKOMMUNALT OVERGREPSMOTTAK Administrasjonen si tilråding: Volda kommune ser, ut i frå faglege vurderingar, på det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund for personar som har vore utsette for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar som eit godt tilbod. Av økonomiske omsyn har Volda kommune likevel ikkje høve til å slutte seg til dette mottaket på noverande tidspunkt. Vedleggsliste: Brev frå Ålesund kommune vedr. interkommunalt overgrepsmottak Uprenta saksvedlegg: Samandrag av saka: Volda kommune har fått førespurnad frå Ålesund kommune om å slutte seg til interkommunalt overgrepsmottak som er etablert i Ålesund. Overgrepsmottaket er eit akuttmottak for personar som har vore utsette for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar. Kommunen bør innan utgangen av 2009 avgjere om ein skal slutte seg til dette interkommunale overgrepsmottaket. Sosial- og helsedirektoratet rår til å styrke helsetenestetilbodet til personar som har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Direktoratet rår også til å forankre overgrepsmottak i interkommunale/kommunale legevakter og at det skal vere minst eit overgrepsmottak i kvart fylke. Faglege vurderingar tilseier at ein bør slutte seg til mottaket då det er naudsynt med særleg kompetanse for å ivareta personar som har vore utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar på ein fagleg forsvarleg måte. For kommunen vil det ha ein årleg kostnad på
minimum kr. 120.000,-. Dette er ikkje innarbeidd i budsjett og økonomiplan, og av økonomiske omsyn kan ein likevel ikkje rå til at Volda kommune sluttar seg til det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund. Saksopplysningar: Volda Kommune fekk i juni 2008 tilbod om å slutte seg til interkommunalt overgrepssmottak som er etablert i Ålesund. Hausten 2009 fekk kommunen eit nytt brev der svar vart etterlyst. Kommunen bør gi eit svar i løpet av desember 2009 på om ein vil slutte seg til mottaket eller ikkje. Det er semje i fagmiljøa om at mørketala er store når det gjeld seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. Statens helsetilsyn fekk i 2000 i oppdrag av Sosial- og helsedirektoratet å utgreie naudsynte helsetenester til psykisk traumatiserte grupper. Seinare har Sosial- og helsedirektoratet fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å gjennomføre tiltak omtalt i St.prp.nr. 1 (2004-05) som kan bidra til å styrke helsetenestetilbodet for valds- og valdtektsutsette, mellom anna å utarbeide ein vegleiar for helsetenester til personar som har vore utsette for vald og seksuelle overgrep. Helse- og omsorgsdepartementet har utgangspunkt i at overgrepsmottaka skal vere forankra i interkommunale/kommunale legevakter og det skal vere minst eit overgrepsmottak i kvart fylke. Målgruppe for overgrepsmottak er personar som har vore utsette for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar. Mottaket skal gi naudsynt psykisk og fysisk helsehjelp og sikre kvalitet på sporsikring og skadedokumentasjon som er god nok som grunnlag for politietterforsking, rettssak og vurdering av voldsoffererstatning. Det er eit krav at overgrepsmottaket skal være døgnope. Nokre tenester må vere tilgjengelege på 24-timars basis, medan andre kan ein gjere avtale om å utføre innanfor vanleg dagarbeidstid. Overgrepsmottaka må ivareta heilskapsperspektivet og utføre medisinske undersøkingar og behandling, samt rettsmedisinsk undersøking, starte arbeidet med psykososial oppfølging og legge til rette for oppfølging hos advokat, politi og andre. Mottaket skal vere inngangsport for å søke hjelp og samarbeider med andre delar av helsetenesta. Personalet i overgrepsmottak vil ha behov for tilleggskompetanse. Overgrepsmottak. Veileder for helsetjenesten (Sosial- og helsedirektoratet) seier dette om kommunen sitt ansvar og kompetansebehov: Landets kommuner skal sørge for nødvendig helsetjeneste for alle som bor eller midlertidig oppholder seg i kommunen (27 1-1). Kommunehelsetjenesten må drives forsvarlig (27 6-3 siste ledd). Kommunen skal planlegge, organisere og legge til rette for at kommunen, helsetjenesten og helsepersonell kan oppfylle rettslig bindende krav (27 1-3a). Det følger av dette at kommunen må ha et faglig forsvarlig tilbud til de som har vært utsatt for seksuelle overgrep eller vold i nære relasjoner eller trusler om dette. Kommunen kan organisere sin helsetjeneste slik den finner det hensiktsmessig innenfor lovgivningens rammer. Personellet må ha kompetanse på: myter og fakta om seksuelle overgrep og vold i nære relasjoner relasjonsbygging og emosjonell førstehjelp traumereaksjoner
psykososial oppfølging medisinsk undersøkelse og sporsikring rettslige forhold og dokumentasjonskrav De må også ha kjennskap til: rettslige prosesser knyttet til eventuell anmeldelse bistandsadvokatordningen lokale forhold, herunder aktuelle samarbeidspartnere og deres oppgave- og ansvarsområder forskrift om individuell plan, jf. kap. 9.1 «Individuell plan» Korleis handterer ein slike situasjonar i Volda kommune i dag: Dersom ein person har vore utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar er det varierande kven personen først fortrur seg til. I hjelpeapparatet kan det vere helsesøster, lege, lærar eller andre. Dersom situasjonen er akutt og skadane er omfattande, blir det oftast tatt kontakt med legevakt eller politi. Sakene har høg grad av kompleksitet både når det gjeld helsefagleg og juridisk kompetanse og kompetanse i høve kva det krev av tverrfagleg samarbeid for å gjere ein fagleg forsvarleg jobb. Denne kompetansen er svært varierande i det kommunale hjelpeapparatet og i mange tilfelle ikkje tilstrekkeleg. Det er svært manglande kompetanse når det gjeld skadedokumentasjon, rettsmedisinsk undersøking og sporsikring. Ein har helle ikkje godkjent oppbevaring av spor/bevismateriell. I tillegg må personen som har vore utsett for vald eller overgrep oppsøke fleire instansar/kontor og forklare kva som har skjedd fleire gongar, noko som er svært belastande. Dei fleste slike saker skjer om kvelden eller i helga,- altså utanom ordinær arbeidstid. Det er kun politi og lege som har døgnvakt. Dei har verken kompetanse nok eller lovheimlar som kan ivareta denne gruppa på ein fagleg forsvarleg måte. Ofte må barnevernet kontaktast for å ta vare på eventuelle barn som er involverte og gjere naudsynte vedtak og tiltak. Barnevernet i Volda har ikkje vaktordning. Valdskoordinator i Volda kommune opplyser at det til no i 2009 har vore handsama 11 saker med seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. I omlag 5 av desse sakene hadde det vore aktuelt å nytte det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund. Med bakgrunn i off.lova gir overgrepsmottaket ikkje ut opplysningar om saker pr. kommune. Alternative løysingar: - Slutte seg til overgrepsmottaket i Ålesund. Ut i frå ei fagleg vurdering er dette det beste alternativet. Mottaket er døgnbemanna, ein har innarbeidde rutinar for tverrfagleg samarbeid og det er bygd opp god kompetanse og egna lokale med mellom anna statlege tilskot (kr. 1,5 mill.). Skal ein bygge opp tilsvarande kompetanse og beredskap i kommunen, vil det truleg bli ein større kostnad enn å slutte seg til overgrepsmottaket i Ålesund. - Handtere sakene på kommunalt nivå. Kompetansen i kommunen er dårlegare enn ved eit overgrepsmottak. Det er også svært varierande kompetanse hjå den enkelte tenesteytar og den overgrepsutsette må i mykje større grad gå får kontor til kontor. Kvar kommune har få valds-/overgrepssaker og det vil difor vere vanskeleg å skaffe seg erfaring med slike saker. Økonomisk vil dette truleg vere rimelegaste løysinga dersom ein vel å handtere dette som før, med avgrensa kompetanseheving og utan beredskapsmessige tiltak utover det ein har i dag (lege- og politivakt). Men ein ser ikkje på dette som eit fagleg godt nok tilbod til denne gruppa. - Interkommunalt overgrepsmottak for Søre Sunnmøre. Eit slikt mottak er ikkje etablert pr. i dag, men ein kunne tenke seg at det kunne vere aktuelt. Eit overgrepsmottak på Søre Sunnmøre må i tilfelle etablerast både med lokale, personell og kompetanse. Dette vil ha ein nokså stor kostnad, og dersom ein ikkje vinn noko på dette
kvalitetsmessig eller kostnadsmessig, ser vi ikkje at dette er formålsteneleg. Ein kan ikkje forvente statlege tilskot for å bygge opp endå eit interkommunalt overgrepsmottak på Sunnmøre og det er lite truleg at det vil bety noko for brukarane om mottaket ligg på Søre Sunnmøre eller i Ålesund. Vurdering og konklusjon: Det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund blei etablert i 2008 og har gjennom m.a. statlege tilskot bygd opp kompetanse og rutinar. Frå ei helsefagleg vurdering, vil det vere ein klar styrke å gjere seg nytte av den kompetansen som er på dette mottaket. Ein er sikra at pasientane blir ivaretatt på ein god måte i akuttfasen og at dei får møte alle frå hjelpeapparatet på ein stad (helsepersonell, politi og bistandsadvokat). Det er dokumentert at seksuelle overgrep er det største psykiske traumet ein person kan verte utsett for. Når hjelpa og handteringa i akuttfasen er god, er det lettare å unngå store seinskadar. Måten ein handterer desse sakene på i dag i det kommunale hjelpeapparatet, har for dårleg kvalitet, og kunnskapen og organiseringa er generelt for dårleg. Det vil vere vanskeleg å gjere dette arbeidet betre lokalt utan tilføring av midlar til beredskap og omfattande kompetanseheving. Kommunane som er med i det interkommunale overgrepsmottaket må bidra økonomisk etter ein fordelingsnøkkel som pr. i dag er kr.14,- pr. innbyggjar pr. år. For Volda kommune vil dette utgjere om lag kr. 120.000,- pr. år. Dette er ikkje innarbeid verken i budsjettet for 2010 eller økonomiplan. Ut i frå ei fagleg vurdering vil ein rå til å slutte seg til det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund, men sidan dette ikkje er innarbeidd i budsjett og økonomiplanar, finn ein likevel ikkje å kunne rå til tilslutting til overgrepsmottaket på noverande tidspunkt. Helse og miljøkonsekvensar: Det er svært viktig at personar som blir utsette for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar, blir tatt i vare på ein slik måte at ein sikrar fysisk og psykisk helse på best mogleg måte og at sporsikring blir gjort slik at det kan brukast som bevis i ei eventuell rettssak eller voldsoffererstatningssak. Med eit godt akuttilbod, vil behovet for hjelp seinare erfaringsmessig bli mindre. Økonomiske konsekvensar: Dersom Volda kommune sluttar seg til Interkommunalt voldsmottak i Ålesund, vil dette pr. i dag ha ein kostnad på kr.120.000,- pr. år ( kr.14,- pr. innbyggjar pr. år). Beløpet kan bli noko høgre frå 2010, men det er usikkert kor mykje. Beredskapsmessige konsekvensar: Dersom Volda kommune vel å ikkje slutte seg til det interkommunale voldsmottaket i Ålesund, må ein sikre ein døgnberedskap som ivaretek denne gruppa. Pr. i dag er det berre legevakt og politi som har døgnvakt. Dette er ikkje tilstrekkeleg for å gi eit fagleg forsvarleg tilbod. I samband med at Handlingsplan mot vald i nære relasjonar i Volda kommune blei vedtatt i 2007, blei det oppretta 20% stilling for valdskoordinator som har ansvar for å samordne arbeidet om vald i nære relasjonar. Valdskoordinator er tilgjengeleg berre på dagtid. Handligsplanen seier vidare at ein ser det som eit godt tiltak for valdsutsette i nære relasjonar at Volda kommune har eit tilbod om barnevernvakt. Det bør difor arbeidast for at dette tilbodet blir etablert på nytt.
Barnevernvakt kan etablerast som ei interkommunale ordning for kommunane på Søre Sunnmøre. Jarle B Krumsvik adm. sjef Utskrift av endeleg vedtak: Klageinstans: