Haust 2016
Bokbåten Epos haust 2016 I Møre og Romsdal besøker bokbåten stoppestadane sør for Ålesund mellom 28. september og 6. oktober, medan stoppestadane nord for Ålesund får besøk mellom 17. og 31. oktober. Totalt 71 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. Som vanleg ber vi om at tilsendte plakatar blir hengt opp i nærmiljøet på sentrale stader i passe tid før bokbåtbesøket. Til lokalavisene og NRK blir det sendt ut pressemelding, og vi annonserer i Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav. Elles minner vi om andre oppgåver som vi ønskjer at de skal utføre: Bokbåtkontaktar: Gi beskjed til skolar/barnehagar om når bokbåten kjem og kva kulturprogram som er med. Minn om at utlånte bøker skal leverast når båten kjem. Skolar/barnehagar: Gi beskjed til alle tilsette om når bokbåten kjem og kva kulturprogram som er med. Minn elevar om at utlånte bøker skal leverast når båten kjem, skriv dette gjerne på vekeplanar, også om bokbåten kjem utanom «skoletida». Kontrollere at kaia som bokbåten bruker er ledig. Vi håper at de kan gi oss tilbakemelding om det skulle vere noko som er feil eller mangelfullt i ruteopplegget, spesielt når det gjeld kaiplass og anna viktig informasjon. Når bokbåt-turneen startar, kan de nå oss om bord på tlf: 97054576 Vel møtt om bord! Fylkesbiblioteket Møre og Romsdal fylkeskommune Tlf.: 70 16 22 70 epost: inger.lise.aarseth@mrfylke..no www.bokbaten.no Haust 2014
Ruteplan haust 2016 Liggetid Program Onsdag 28.9 Stokksund 09:00-11:00 09:00 10:15 Moltustranda (ved 11:45-13:15 11:45 Marine Sales i Stokksund) Kvalsund 17:00-18:30 17:30 Torsdag 29.9 Gjerdsvika 09:00-10:30 09:00 Gursken 11:00-12:30 11:00 Rovde 15:00-16:30 15:00 Fredag 30.9 Kvamsøy 09:00-10:30 09:00 Fiskå 11:45-14:00 11:45 13:00 Slagnes 17:00-18:30 17:30 Laurdag 1.10 Sør Brandal 10:00-11:30 10:30 Sandshamn 13:00-14:30 13:30 Velsvik 17:00-18:30 17:30 Søndag 2.10 Eiksund 13:00-14:30 13:30 Lauvstad 15:30-17:00 16:00 Mandag 3.10 Haddal 09:00-10:30 09:00 Leikong 11:00-13:00 11:00 11:45 Dravlaus 17:00-18:30 17:30 Tysdag 4.10 Austefjord 09:00-10:30 09:00 Folkestad 11:45-13:15 11:45 Barstadvik 17:00-18:30 17:30 Onsdag 5.10 Vartdal 09:00-10:30 09:00 Hjørungavåg 11:00-13:00 11:00 12:15 Ramstaddal 17:00-18:30 17:30 Torsdag 6.10 Hundeidvik 09:00-10:30 09:00 Sæbø 12:00-13:30 12:00 Bjørke 15:30-16:30 Måndag 17.10 Grytastranda 09:00-10:30 09:00 Tennfjord 11:30-13:30 12:00 13:00
Vestrefjord 16:30-18:00 17:00 Tysdag 18.10 Eresfjord 09:00-10:30 09:00 Vistdal 11:30-13:00 11:30 Åfarnes 17:00-18:30 17:30 Onsdag 19.10 Måndalen 09:00-10:30 09:00 Vikebukt 13:00-14:30 13:00 Sekken 17:00-18:30 17:30 Torsdag 20.10 Tornes 09:00-10:30 09:00 Bud 11:30-13:00 11:30 Lyngstad 17:00-18:30 17:30 Fredag 21.10 Kårvåg 09:00-11:00 09:00 10:15 Henda 12:00-13:30 12:00 Sveggesundet 17:00-18:30 17:30 Laurdag 22.10 Fuglvåg 10:00-11:00 Mjosundet 12:00-13:30 12:30 Lesund 16:00-17:30 16:30 Søndag 23.10 Vihals 13:00-14:30 13:30 Kjørsvikbugen 15:30-17:00 16:00 Mandag 24.10 Sætran 09:00-10:30 09:00 Innveien 11:15-12:45 11:15 Straumen 17:00-18:30 17:30 Tysdag 25.10 Vinsternes 09:00-10:30 09:00 Leira 11:45-13:15 11:45 Bøfjorden 15:00-16:30 15:00 Torjulvågen 17:20-18:50 18:00 Onsdag 26.10 Høgset 09:00-10:30 09:00 Angvik 11:45-13:15 11:45 Einset 17:00-18:30 17:30 Torsdag 27.10 Torvikbukt 09:00-10:30 09:00 Meek 11:15-12:45 11:15 Vevang 16:00-17:30 16:30 Fredag 28.10 Tomrefjord 09:30-11:00 09:30 Fiksdal 11:20-13:00 11:20 Heggdalsvik 17:00-18:30 17:30 Laurdag 29.10 Raknes 11:00-12:30 11:30 Orten 14:00-15:00 14:30 Steinshamn 16:00-17:30 16:30
Søndag 30.10 Søre Midøy 13:00-14:30 13:30 Longva 15:15-16:45 16:00 Austnes 17:00-18:30 17:30 Mandag 31.10 Kjerstad 09:00-10:30 09:30 Søvik 11:00-13:00 11:00 12:15 Alnes 14:00-15:30 14:00
Kulturprogram på bokbåten Frå 28. september til 9. oktober: Per Jostein Aarsand: Rocky, verdens sterkeste hund Per Jostein Aarsand bergtar publikum med historia om verdas snillaste og gatas sterkaste hund, rottweileren Rocky. Med varme og humor fortel han den spanande historia om bestekameraten sin, hunden Rocky. Per Jostein har med gitar, og alle er med og syng underveis i førestillinga. Per Jostein Aarsand er ein varm og vaken forteljar med blikk for det komiske. I 2014 fekk han tildelt Statens kunstnarstipend og i 2013 blei han nominert til Gullsekken for beste skuleførestilling. Han reiser med førestillingar over heile landet, underviser i fortejarkunst, og var i fleire år kunstnarisk leiar for Fortellerfestivalen i Oslo. Målgruppe: Frå 3 år og oppover Frå 17. til 31. oktober: Astrid Elise Sæterøy: Bolletjuven og andre eventyr Kvar finn ein Bolletjuven? Kan ein golv-mopp bli til ein prins? Må ein være ei prinsesse for å kunne kjenne ei ert under hundre madrasser? Desse spørsmåla vil du få svar på i løpet av ein leiken halvtime med skodespelar Astrid Elise. Astrid er utdanna skodespelar ved Nordic Black Theater og HiO. Ho har turnert i Den Kulturelle skolesekken med mange forskjellige framsyningar, mellom anna «Djeveltanna», «Sterk gutt», «Skreddersydd Prøysen», «Trekant+Kule=Et matematisk eventyr», og prosjektet «Stimfiskens auge».
BOKSEKKAR, STJERNESEKKEN OG TEMASEKKEN Til denne turen har vi med «Boksekkar» for barnehagar. Vi har totalt 50 «Boksekkar» til utlån. Mamma Mø leser Flekkmonsteret bygger harefelle Geitekillingen som kunne telle til ti Jeg er sterkest Bukkene bruse på badeland Til skolane har vi: «Stjernesekken», «Temasekken Samane» og «Temasekken Småkryp» som er tilpassa småskoletrinnet, og inneheld bøker, lydbøker, konkretar, spel, forslag til aktivitetar m.m., som læraren kan bruke i undervisninga. Temasekkane er støtta med prosjektmidlar frå Nasjonalbibioteket. Bokbåten er eit av fire bibliotek i fylket som får prøve ut denne sekken. Ønskjer de å bestille ein av sekkane før båten går ut så send ein epost til: madelen.ramsoy@mrfylke.no
www.bokbaten.no På bokbåten sin nettstad: www.bokbaten.no kan de følgje bokbåten på tur. Send oss gjerne teikningar eller historier om korleis de opplevde å vere om bord i bokbåten, så kan vi skanne det og få lagt det ut på nettstaden etter at turen er ferdig. Følg også Bokbåten Epos på Facebook underveis, der vi legg ut bilde og små notat i løpet av turen. Om skolen eller barnehagen ønskjer at vi skal plukke ferdig ei bokkasse, så gi melding om kva de ønskjer til: madelen.ramsoy@mrfylke.no. I samarbeid med: