MØTEBOK - TITTELBLAD - FORMANNSKAPET Møtestad: Møtedato: Frå kl.: Til kl.: FORMANNSKAPSSALEN 11. MAI 2011 0830 13.00 Møteleiar: Ordførar Olav Lunden Møteinnkalling: (kunngjering): Sendt medlemer og varamedlemer 05.05.11 Representantar som er borte: Vararepresentantar som er til stades: Til stades: I alt: 5 Av desse 0 vararepresentantar Merknader: Andre frammøtte: Rådmann Odd Arve Rakstad Saker som vart handsama: Sak nr./år (f.o.m.-t.o.m.): 26/11-33/11 Merknader til møteboka: Vi stadfestar med underskriftene våre at vedtaka er ført i samsvar med det som vart fastsett i møtet: Birte Fossheim (sign.) Steinar Fredheim (sign.) Olav Lunden (sign.) Jarle Bøyum (sign.) Jarle Andersen (sign.)
Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 11.05.2011 Tid: 08.30 MØTEPROTOKOLL Formannskapet SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 26/11 11/32 Kjøp av kommunal grunn 27/11 11/316 Reguleringsplan Gamle sjukeheimstomta 28/11 10/592 Nærings- og utviklingsarbeidet 29/11 11/158 Organisering av leksehjelp - betalingsordning og satsar 30/11 10/747 Kommunalt driftstilskot til Askedalen barnehage as 2011. 31/11 11/315 Strategisk plan for oppvekstsektoren i Leikanger kommune 32/11 11/259 Søknad om skjenkeløyve 33/11 11/319 Orienteringar
26/11 Kjøp av kommunal grunn Kjell Jensen og Kari B. Jensen Framlegg frå Jarle Andersen: Leikanger kommune gjev Kari og Kjell Jensen tilbod om kjøp av tilleggsareal på om lag 85 m2 som omsøkt. Framlegg frå Birte Fossheim: Leikanger kommune vedtek å avslå søknaden om kjøp av tilleggsareal. Formannskapet grunngjev vedtaket med at kommunen i gjeldande reguleringsplan har avsett arealet til fortau/gangveg i området VEDTAKET lyder etter dette slik, med 3 mot 2 røyster: Leikanger kommune vedtek å avslå søknaden om kjøp av tilleggsareal. Formannskapet grunngjev vedtaket med at kommunen i gjeldande reguleringsplan har avsett arealet til fortau/gangveg i området. 27/11 Reguleringsplan Gamle sjukeheimstomta Leikanger kommune gjev Arkitektkontoret Anders og Olav Vikøren AS løyve til å starte opp planarbeid for utarbeiding av reguleringsplan med tilhøyrande
dokument. Omreguleringa gjeld i området for den gamle sjukeheimen jf. situasjonskart datert den 04.05.2011. 28/11 Nærings- og utviklingsarbeidet Formannskapet vedtek at det blir utarbeidt framlegg til oppretting av eigen prosjektleiarstilling, herunder definering av arbeidsoppgåver, organisering og økonomi. 29/11 Organisering av leksehjelp - betalingsordning og satsar FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder slik, samr.: Betalingssatsen for dei som nyttar SFO inkl. leksehjelp vert redusert med kr. 100,- per månad frå kr. 1.950,- til kr. 1.850,- med verknad frå 01.08.10. Dei dette gjeld får refundert for mykje innbetalt beløp for perioden.
30/11 Kommunalt driftstilskot til Askedalen barnehage as 2011. FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder slik, samr.: Kommunestyret vedtek for 2011 å yta kommunalt driftstilskot til Askedalen barnehage med ein tilskotssats på 91% av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt mottek. Dette inneber eit driftstilskot for 2011 på samla kr. 3.986.419,- Meirutgiftene på kr. 336.419,- vert å dekka ved bruk av disposisjonsfond nr. 25699080. 31/11 Strategisk plan for oppvekstsektoren i Leikanger kommune Formannskapet vel fylgjande 3 politikarar som medlemer i arbeidsgruppa som skal utarbeida ein strategisk plan for oppvekstsektoren i Leikanger kommune:
Tobias Dahle Susan Husabø Jan Sigurd Hagen Arbeidsgruppa skal ha 6 medlemar med slik samansetjing: 3 politikarar og 3 foreldrerepresentantar frå skule og barnehage. 32/11 Søknad om skjenkeløyve Cafe Herman Med heimel i alkohollova 1-4a, jfr. 1-6 og 1-7 og kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan, vedtek formannskapet å tildela skjenkeløyve ut løyveperioden 01.07.08-30.06.2012 til: Café Herman as, Riverdalen 3, 6863 Leikanger ved ansvarleg skjenkestyrar Lars Nes vert innvilga: Ålment skjenkeløyve for øl, vin og brennevin i samband med kafé og restaurantdrift i heile underetasjen samt avgrensa uteområde på nedsida mot riksvegen og skjenkeløyve for øl, vin og brennevin til slutta lag i første høgda. Skjenkeløyvet i underetasjen gjeld ikkje for barvirksomheit med mindre det vert servert mat i lokalet tilsvarande restaurant/kafé. Skjenking kan skje innanfor lova si normaltid som for brennevin er mellom kl. 13.00 og 24.00 og for øl og vin mellom kl. 08.00 og 01.00. 33/11 Orienteringar
TEMA: 1. Synfaring i Nybø barnehage som er under ombygging og i ny brannstasjon i Riverdalen der kommunen leiger lokale. Konklusjon: Formannskapet ser positivt på resultatet frå ombygginga i Nybø. Formannskapet meiner at stabbur og eldhus/garasje blir måla utvendig. 2. Invitasjon til deltaking Sponsortur til Kwa-Zulu Natal, Sør-Afrika 21.okt 1. nov 2011 frå Melås AS på vegne av Barnehjelp Afrika. Konklusjon: Formannskapet vedtek at Leikanger kommune ikkje deltek på turen. Samr. 3. Søknad frå Lærdal kommune om deltaking i utgreiingsprosjekt om distriktsmedisinsk senter lokalisert til Lærdal sjukehus. 4. Spørsmål om flytting av formannskapet sitt møte 1. juni 2011 til onsdag 8. juni. Konklusjon: Formannskapet sitt møte i juni blir flytta til 8 juni 2011. 5. Invitasjon frå Sognekraft AS til opning av nytt administrasjonsbygg den 27 mai 2011. 6. Invitasjon til felles Evalueringsmøte for Sats på skulen Snu Sogn den 20 mai 2011. 7. Spørsmål frå Steinar Fredheim: - Prixbygget vedk oppfølging av fasaden samt opprydding uteområdet - Beplantning og skilting på den nye sentrumsplassen.