Praksiseksempel - Leseopplæring i samfunnsfag for elever med nynorsk som sidemål ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Elevar som skal lære nynorsk som sidemål, møter sjeldan nynorsk anna enn i norsktimane på skulen. Norskopplæringa har som mål å gjere elevane i stand til å «lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk» (LK06, Kompetansemål i norsk, etter 10. årstrinn). Dersom elevane skal kunne tileigne seg og ta i bruk nynorsk som sidemål i samsvar med måla i læreplanen, er det ein fordel om dei får lese og skrive nynorsk i fleire fag. Ei rekkje skular har gjort seg svært gode erfaringar med å ta i bruk lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. Når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, får elevane høve til å bruke språket i prosessen med å lære eit fag. Nynorsk blir ikkje berre eit språksystem og ei målform som dei knyter til eit avgrensa bruksområde, men blir løfta fram som eit språk i bruk, til liks med bokmål. I tillegg til nynorsk i læreboka får elevane møte nynorsk i skriftleg materiell og som tavlespråk. God leseundervisning inneber arbeid med å forstå nye ord og omgrep, og at ein isceneset situasjonar der elevane sjølve må ta desse i bruk. Det er ein klår samanheng mellom kva ordtilfang elevane har og leseforståinga deira (Baumann, 2009; Nagy & Townsend, 2012). Kan gje djupare forståing av det faglege innhaldet Å bruke lærebok på nynorsk i samfunnsfag eller andre «omgrepstunge fag» skaper fleire situasjonar der omgrep vert forklarte og diskuterte, og der omgrep på bokmål og nynorsk vert kontrasterte. Ein slik Side 1 av 5
læringssituasjon har potensial som gjer at elevane får ei djupare forståing av det faglege innhaldet og kan altså vere eit godt vilkår for ei leseopplæring som legg vekt på fagleg forståing gjennom arbeid med sentrale ord og omgrep. Lærarar som har prøvd ut lærebok på nynorsk i andre fag enn norsk, rapporterer om at det skaper eit klasserom der det er lettare å spørje om ting ein ikkje forstår, det er meir «lov» å ikkje forstå ord av di dei er på nynorsk enn av di ein ikkje kan det faglege. At elevane får høve til å prøve og feile er med på å gjere sidemålsopplæringa i nynorsk ufarleg. Lærarane har lagt vekt på at elevane skal få velje om dei vil skrive tekstar på nynorsk i faget, men har oppmoda dei om å prøve seg fram når dei er motiverte for det (Nynorsksenteret, 2013, del II s. 23, del III s. 35-42) Ved fleire ungdoms- og vidaregåande skular der dei fleste elevane har bokmål som hovudmål, har ein teke i bruk lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk. Det inneber at lærebøkene klassen brukar gjennom heile året i det aktuelle faget, er på nynorsk. Det som trengst er altså eit klassesett på nynorsk av læreverket som klassen brukar. Ofte er nynorsk lærebok supplert med at læraren brukar nynorsk som tavlespråk og i skriftleg kommunikasjon med elevane i faget. Nynorsk som bruksspråk Målet har vore å fornye sidemålsopplæringa i nynorsk. Lærarane har erfart at når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan elevane tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk. Nynorsk vert eit bruksspråk på ein annan måte enn om ein berre møter det i norskfaget i ein avgrensa periode. Å lære ord og fagomgrep på to målformer gir ei utvida forståing i faget fordi elevane får eit stort ordtilfang om eit fenomen. I kva grad elevane som er med i forsøket skriv på nynorsk i faget, varierer. Ulike lærarar har valt ulike tilnærmingar. Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund har hatt nynorsk lærebok i samfunnsfag på alle tre stega. Her har dei lagt opp til ein progresjon der elevane i åttande kan skriva nynorsk i samfunnsfag, i niande bør dei gjera det og i tiande må dei. Dette kan ein gjere på ulike måtar. Elevar som har prøvd lærebok på nynorsk seier: «Ein lærer mange ord og spesialuttrykk. Det er bra å kunna fleire variantar». «I starten var det vanskeleg å lese, særleg fagord. Nå fell det meir naturleg». «Ein bør innføre dette i fleire fag!» Nynorsk lærebok i samfunnsfag Til slutt viser vi eksempel på korleis ein lærar/klasse har arbeidd med å utvide forståinga av fagomgrep knytt til styresmakter og politiske institusjonar i samfunnsfag. Kompetansemål etter 10.årstrinn seier at eleven skal kunne bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre og gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land. Side 2 av 5
I læreboka i samfunnsfag vil elevane møte mange fagomgrep som tek for seg institusjonelle tilhøve i samfunnet. Mange av desse omgrepa er framandord eller importord, som ofte er felles for bokmål og nynorsk. Andre fagomgrep er omsette frå internasjonalt vitskapleg språk, og kan då stå fram som variantar eller ulike omgrep på dei to målformene. Det vil seie at omgrepa på nynorsk og bokmål gjerne legg vekt på litt ulike sider ved fenomenet og gir oss dermed til saman ei større forståing enn om vi hadde berre eitt omgrep for det same fenomenet. Å utforske språket vil difor også gi ein fagleg gevinst. Vi viser fire måtar dette kan gjerast på. 1. Kontrastivt arbeid med omgrep Elevane arbeider saman i par. Læraren har plukka ut sentrale fagomgrep som finst i ulike variantar på bokmål og nynorsk, og elevane bruket eit trekolonneskjema. Elevane prøver å finne tilsvarande omgrep på bokmål og må gjerne bruke ordbok for å finne forklaring og etymologisk opphav av ordet. Til slutt skriv dei to elevane i fellesskap ei forklaring av korleis dei forstår summen av omgrepa og kva som er skilnaden på dei to omgrepa. I neste runde kan dette vere grunnlag for læresamtalar i gruppe eller i heil klasse/sirkel. Trekolonneskjema OMGREP PÅ NYNORSK Styresmakter (nn) OMGREP PÅ BOKMÅL Myndigheter (bm) SUMMEN AV OMGREPAFORKLAR MED EIGNE ORD Ordet myndighet kjem av ordet mynde som tyder makt. Dei to omgrepa får meg til å forstå at det handlar om nokon som styrer og har makt i samfunnet. Her kan du sjå ein praksisfilm om nynorsk lærebok 2. Felles fagomgrep på nynorsk og bokmål Ein annan måte å utforske språket på kan vere å samanlikne fagomgrep og finne likskapar mellom nynorsk og bokmål. Viss elevane får i oppgåve å lage ei liste over felles fagomgrep, vil dei sjå at denne lista blir svært lang. Ein slik aktivitet bør knytast til refleksjon om fagspråk og språk generelt. Eksempel på refleksjonsspørsmål: Kva er eit fagomgrep? Kva ord i språket er ikkje fagomgrep? Kan vi snakke om felles fagomgrep på nynorsk og bokmål dersom formverket er ulikt? T.d. menneskerettar kontra menneskerettigheter 3. Eg trur eg forstår Det er viktig at elevane blir utfordra til å strekke seg og ta sjansen på at dei forstår omgrep som dei møter i Side 3 av 5
ein fagtekst. Ofte kan dei tenkje seg til tydinga av omgrepet frå samanhengen det står i, eller omgrepet kan gi dei assosiasjonar som set dei på sporet av rett tyding. At det blir lov til å gjette og resonnere seg fram til forståing er ein situasjon der eleven får høve til å utforske i staden for å reprodusere (Kulbrandstad, 2013) Elevane kan bruke eit trekolonneskjema under lesinga for å setje inn omgrep som dei forstår, ikkje forstår, eller trur dei forstår. EG TRUR EG FORSTÅR EG FORSTÅR EG FORSTÅR IKKJE (produsent) (tilbod) (marknad) 4. Eg forstår ikkje I neste runde kan elevane ta for seg omgrep som dei ikkje har forstått og finne definisjonar i oppslagsverk. Desse definisjonane er utganspunkt for ein aktivitet der elevane skal setje eigne ord på kva dei legg i det ukjende omgrepet. Først når dei kan omformulere seg og setje omgrepet inn i ein ny samanheng, kan vi seie at dei har forstått omgrepet (Hertzberg, 2006). Bruk gjerne tre-kolonneskjema eller eit definisjonskart. EIT NYTT ORD SOM TYDER OG KAN BRUKAST I EI SETNING Marknad Film om bruk av lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk Litteraturliste Baumann, J. (2009). Vocabulary and reading comprehension: The nexus of meaning. I S.E. Israel & G. G Duffy (eds.). Handbook of research on reading comprehension. (pp323-346). New York: Routledge, Dysthe, O. og Hertzberg, F. (2006). «Skriv alt du vet om Bruk av mikrooppgaver i undervisningen». I Strømsø, Lycke og Lauvås (red.): Når læring er det viktigste Undervisning i høyere utdanning. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. Hertzberg, F. (2006). Du vet ikke hva du har skjønt før du kan sette ord på det Kulbrandstad, L. I. (2003). Lesing i utvikling: teoretiske og didaktiske perspektiver. Bergen: Fagbokforlaget/LNU. Kunnskapsdepartementet (2006/2013). Læreplanverket for Kunnskapsløftet Side 4 av 5
Nagy, W., & Townsend, D. (2012). Words as Tools: Learning Academic Vocabulary as Language Acquisition. Reading Research Quarterly, 47 (1), 91-108. Nynorsksenteret (2013). Mange vegar til målet. Sluttrapport Tiltaksplan 2009-2013. Volda: Nynorsksenteret. http://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/grunnleggende-ferdigheter/lesing/lesing-i-fag/lesing-i-samfunnsfag1/elever-med-nyn orsk-sidemal/ Side 5 av 5