Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering av elevar og lærarar Løysinga er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet) Senter for IKT i utdanninga har ansvar for innføring av Feide i grunnopplæringa
Kva er Feide? Feide er Kunnskapsdepartementet si valde løysing for trygg identifisering i utdanningssektoren. Basert på skuleeigar sine opplysingar om deg og di rolle i skulen vert det laga ein elektronisk nøkkel, eller ein Feide-identitet. Denne nøkkelen kan du bruke til å legitimere deg overfor ulike digitale tenester, nettstader, portalar, bibliotek og andre tenester som er mynta på utdanningssektoren. Feide-identiteten gjer det samtidig mogleg å auke kvaliteten på tenester gjennom personifisering av tenestene; for eksempel vil ei teneste som tilbyr matematikkoppgåver, kunne hugse progresjonen til ein brukar frå tidlegare besøk. Kven du er og kva rolle du har, bestemmer kva du får tilgang til: Elevar, lærarar, rektorar og føresette har forskjellige roller og har dermed forskjellige rettar. For at dette skal virke på tvers av alle grunnskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet, må den tenesta som utfører sjølve pålogginga (Feide), kunne stole på at opplysingane frå kvar einskild institusjon er riktige og oppdaterte. Ei ryddig identitetsforvaltning må difor vere på plass hjå skuleeigarar som skal innføre Feide.
Enklare digital skulekvardag Tenk deg at alle elevane i skulen må gå rundt med et svært knippe nøklar. Éin nøkkel for å kome inn på skulen. Ein annan for å kome inn i klasserommet. Den tredje nøkkelen gir kanskje tilgang til pennalet. Ein fjerde opnar norskboka, mens den femte opnar for å lære samfunnsfag. Den sjette nøkkelen gir eleven tilgang til gymsalen, medan ein sjuande opnar kladdeboka. Upraktisk, seier du? Dette skjer i skulen i dag. Med Feide får elevar og lærarar eitt brukarnamn og eitt passord. Verken meir eller mindre. Bruken av digitale tenester og læringsressursar aukar, og stadig fleire av desse krev at eleven loggar seg på med brukarnamn og passord. Mange tenester betyr mange passord eit stadig større nøkkelknippe. Skuleeigar må sjå til at elevane får ein så enkel digital skulekvardag som mogleg. Med eitt brukarnamn og eitt passord kan IKT lettare integrerast i det pedagogiske undervisnings opplegget ved skulane.
Enklare tilgang I læreplanverket for Kunnskapsløftet i grunnskulen og vidaregåande skular er digital kompetanse definert som ein grunnleggjande dugleik på linje med å kunne lese, skrive, rekne og uttrykkje seg munnleg. Bruk av digitale verktøy og utvikling av digital dugleik skal integrerast i alle fag og på alle nivå. Ei vellukka integrering av grunnleggande digital kompetanse føreset eit rikt tilfang av digitale læringsressursar og kunnskapskjelder. Bruken av digitale tenester og læringsressursar aukar, og stadig fleire av desse krev at eleven loggar seg på med brukarnamn og passord. Elevar og lærarar som har fått ein Feide-identitet, kan bruke denne digitale nøkkelen til å logge seg på ei rekkje digitale tenester, læringsressursar og kunnskapskjelder. Dette kan gjerast uavhengig av kor kjeldene er eller kven som er tilbydarar. Det finst i dag eit breitt spekter av utdanningsrelaterte tenester med Feide-innlogging. Dei omfattar mellom anna digital eksamen, skuleadministrative system og lærings-plattformer, i tillegg til ei rekkje digitale læringsressursar og verktøy som kan nyttast i undervisninga.
Betra tilpassa tenester med bruk av Feide Feide blir ei betre og meir attraktiv løysing for grunnopplæringa etter kvar som fleire pedagogiske og administrative tenester er tilgjengelege gjennom Feide. Feide-identiteten gjer det mogleg å auke kvaliteten på tenestene gjennom personifisering av dei. For eksempel vil ei teneste som tilbyr matematikkoppgåver, kunne legge oppgåvene til rette slik at dei blir tilpassa klassetrinnet eleven er på, og hugse progresjonen til ein elev frå tidlegare besøk. Kva ein brukar skal få tilgang til av funksjonar, handlar i stor grad om korleis tenesta nyttar informasjonen Feide kan gje om brukaren. Eksempel på informasjon er klassetrinn, kommune, språk og rolle i skulen. Mellom anna kan ei teneste lage ein quiz der spørsmåla er basert på kor i landet eleven kjem frå, og kva trinn eleven høyrer til.
Jo tidlegare ein startar, desto tidlegare kan ein hauste gevinstane. Med Feide kan skuleeigarane enkelt gi sine elevar og lærarar éin digital nøkkel som opnar opp for ein tryggare og enklare skulekvardag. Fordi det er den same tekniske løysinga som vert nytta for innlogging, vil det bli både rimelegare og langt enklare å tilby fleire og nye tenester etter kvart som dei kjem. Kunnskapsdepartementet har valt Feide som løysing for trygg pålogging til digitale tenester i utdanningssektoren. På sikt vil Feide bli den einaste tilgjengelege påloggingsløysinga til ei rekkje nødvendige tenester.
Feide hjelper skuleeigarar og skular til å ivareta personvernet til brukarane, og bidrar til at personopplysingar vert handsama på ein trygg og lovmessig måte.
Betre personvern Innføring av Feide gjer det enklare å oppfylle personopplysingslova sitt krav om at personar skal få innsyn i eigne personopplysingar og at dei sjølve må samtykkje til overføring av data til ulike tenester. Det er viktig å verne personopplysingar både mot inntrenging, misbruk og feil. Feide er ei løysing for handtering av opplysingar om elevar og tilsette. Ho bidrar til å redusere risikoen for at opplysingane vert utlevert eller misbrukt av uvedkomande. Feide bidrar også til at risikoen for utilsikta endring eller sletting av opplysingane vert mindre. I Feide er all informasjon under lokal kontroll, og alle kan til ei kvar tid sjekke kva informasjon som er lagra om seg sjølv. Ei ryddig identitetsforvaltning basert på Feide, gir gevinstar for både skuleeigar, lærarar og elevar med omsyn til personvern og tryggleik. Gjennom ei fornuftig og trygg lagring av data, korrekte personopplysingar og trygg tilgang til data og tenester vert personvernet styrkt. Tryggleiken vert styrkt ved at alle opplysingar vert lagra lokalt. Det er kvar einskild skule eller skuleeiger som eig, administrerer og står for lagring av personopplysingar i sine eigne system. Skuleeigar får oversikt over sine eigne brukarar og avgjer sjølv kva digitale tenester som skal vere tilgjengelege for brukarane.
Kva kostar Feide? Innføring av elektronisk identitetsforvaltning og Feide gir eit monaleg potensial for å spare utgifter med omsyn til registrering av elevar som skal logge inn på digitale læremiddel. I tillegg seier fleire leverandørar av digitale læremiddel at dei kan tilby sine produkt rimelegare til skuleeigarar som har innført Feide. Årsaka er ganske enkel: Når det er skuleeigar sjølv som held vedlike personopplysingane, slepp leverandøren å gjere det, og kostnadene deira vert mindre. Ei ryddig identitetsforvaltning er ein føresetnad for å kunne innføre Feide, og erfaringsmessig er det kostnader forbunde med å etablere ei ryddig handtering av personopplysingar internt i eigen organisasjon. Slike kostnader må imidlertid sjåast i samanheng med gevinstpotensialet som ligg i ei god identitetsforvaltning og kostnadene forbunde med dårleg datakvalitet og manuelle rutinar for brukarhandtering. Kostnadene vil sjølvsagt vere avhengig av kva nivå skuleeigarane si datahandsaming er på i dag. Kan hende er det berre små justeringar som skal til i din organisasjon? Drift av dei nasjonale komponentane i Feide er brukarfinansiert. Dette betyr at vertsorganisasjonane betaler ei avgift ut frå storleiken til skuleeigaren. Avgifta skal dekkje dei faktiske kostnadene ved drift og vidareutvikling av Feide. Satsane som gjeld til ei kvar tid finst på heimesida til Feide, http://www.feide.no/.
Det er du som bestemmer Feide er bygd opp på ein måte som gjer at den einskilde skuleeigar fritt kan velje kva teknologisk plattform den lokale løysinga skal byggjast på. Dette er mogleg fordi koplinga mellom skuleeigarar, Feide og dei digitale tenestene nyttar internasjonale standardar og spesifikasjonar. Feide bruker opne standardar og spesifikasjonar som gir kvar einskild skuleeigar fridom til å velje sine eigne leverandørar og tekniske implementasjonar. Viss ein ønskjer, kan ein også bruke fleire forskjellige leverandørar. Denne openheita gjer at ein slepp å binde seg til ein bestemt leverandør, eller eitt bestemt produkt. Skuleeigar kan byte ut einskildkomponentar i eiga løysing utan å måtte byte alt. Feide nyttar opne standardar. Det betyr at kvar einskild skuleeigar har fridom til å velje både leverandør og produkt. Når alle nyttar dei same standardane og grensesnittet, vert det også enklare for leverandørar av IKT-løysingar å tilby sine produkt til skuleeigarane. Dette kjem både skuleeigarane og leverandørane til gode. Tankegangen som ligg til grunn for Feide, er i tråd med viktige nasjonale satsingar på opne standardar og samordning av IKT-arkitektur, slik det er skildra i mellom anna enorge-planen 2009.
Feide og ID-porten/MinID Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har innført ID-porten/MinID som ei fellesløysing til bruk i offentleg sektor. Her kan du få tilgang til over 200 tenester frå stat og kommune, som for eksempel fastlege, Lånekassa, byggjesøknader og søknad om barnehageplass. Feide og ID-porten/MinID er løysingar som utfyller kvarandre. ID-porten/MinID tilbyr pålogging til alle borgarane i landet, medan Feide er ei sektorspesifikk løysing for utdanningssektoren. Med Feide-pålogging får du ei rolle som elev, student, lærar eller tilsett som gir meining innanfor sektoren. Der det er formålstenleg, arbeider vi for at Feide og ID-porten/MinID kan verke saman. Ein kan for eksempel sjå for seg at føresette kan bruke sin eid til å logge på skulen si læringsplattform for å få tilgang til skulearbeidet til barna sine. I eit slikt høve vil det ikkje vere nødvendig at alle føresette vert tildelt ein eigen Feide-identitet.
Feide på 1-2-3 Ei oppsummering Ei vanleg mistyding er at Feide er eit dataprogram som kan kjøpast og installerast. I realiteten er Feide namnet på det konseptet som gjer at kvar brukar i utdanningssektoren elevar og lærarar får eitt brukarnamn som kan brukast i heile sektoren. Feide er også namnet på den nasjonale innloggingstenesta som gjer dette mogleg. For å bli med i det nasjonale fellesskapet som utgjer Feide, må skuleeigar ha orden på måten dei handsamar personopplysingar på i eigen organisasjon. Fordi Feide nyttar denne informasjonen til innlogging, må skuleeigar altså ha ei god identitetsforvaltning for å kunne ha nytte av Feide. Ut frå erfaring vil den største jobben med å innføre Feide innehalde det som eigentleg ikkje er Feide, men det å få på plass den lokale løysinga, dei lokale rutinane, det lokale IT-reglementet og så vidare. Når skuleeigar har etablert ei ryddig identitetsforvaltning, er det ei enkel sak å knytte seg til Feide. Feide er verken eit dataprogram eller ein boks. Feide er ei løysing som gjer kvardagen i Skule-Noreg enklare.
Tilbod om rettleiing Senter for IKT i utdanninga har ansvar for å informere og rettleie skuleeigarar i prosessen med å innføre og ta i bruk Feide. Rettleiing blir gitt i form av møte og informasjonsmateriell som skal lette innføringsprosessen. Rettleiingsmateriell og møtekalender finst på feide.iktsenteret.no. Nettstaden har eige diskusjonsforum for skuleeigarar som skal eller har innført Feide. Skuleeigarar kan og kontakte IKT-senteret for møter med rettleiarar. Feide-innføring i praksis Feide-innføring i praksis er ein møtearena som tek for seg ei stegvis innføring av Feide. Målsettinga med møta er å gje dei som tek avgjerda, eit godt grunnlag for å starte og gjennomføre eit Feide-prosjekt. Ettersom Feide vedkjem skuleadministrative, pedagogiske og teknologiske prosessar, er vår tilråding at både skulefaglege og IT-ansvarlige deltek. Alle skuleeigarar får invitasjon til møta. Forvalting og bruk av Feide Skuleeigarar som har innført Feide, får tilbod om møte om korleis Feide kan forvaltast og brukast på ein god og målretta måte. Desse møta er, saman med diskusjonsforumet på nettsidene, ein viktig arena for erfaringsdeling. Målgruppe for møta er personar som har rolla «berettiget» i Feide. Dei har ei viktig koordinerande rolle på vegne av sin vertsorganisasjon; det er dei som held orden på det tekniske og tek avgjerder om kva for tenester organisasjonen skal ha tilgang til gjennom Feide.
Senter for IKT i utdanninga / Utgitt 2008, revidert 2012 Senter for IKT i utdanninga er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Senteret si oppgåve er å medverke til at bruken av IKT i skulen styrkjer kvaliteten på undervisninga, aukar læringsutbyttet til elevane og utviklar deira strategiar for læring. Målgrupper for senteret er barnehagen, grunnskulen og vidaregåande opplæring, i tillegg til førskulelærar- og lærarutdanninga. Senter for IKT i utdanninga har ansvaret for å rettleie skuleeigarar ved innføringa av Feide i grunnopplæringa. Rettleiinga er eit gratis og leverandørnøytralt tilbod til alle skuleeigarar i Noreg.
www.iktsenteret.no post@iktsenteret.no Foto: GT & ARILD JUUL