BRANNINSTRUKS FOR SISOF SINE STUDENTBUSTADER Ved brann: Varsle brannvesenet på telefon 110. Undersøk brannstaden og forsøk å sløkke. Løys ut manuell brannvarslar dersom du oppdagar røykutvikling eller brann og automatisk varsling ikkje alt er sett i gang. Lat att dører og vindauge om sløkking er umuleg. Prøv å få alle i sikkerheit ved å forlate bygningen, bruk rømmingsveg som er fri for brannrøyk. Når brannvesenet kjem, informer dei om kvar det er brann og om alle har kome seg ut. Kan du ikkje kome deg ut på eiga hand, prøv å få gjort brannvesenet merksam på dette. Oppmøteplass ved evakuering er utanfor bygget. Du skal reagere på alle brannalarmar! Ta alle brannalarmar på alvor! Gjer deg kjend med kvar brannsløkkingsutstyret er plassert og korleis det skal brukast! Gjer deg kjend med rømingsvegar og hald desse ryddig! Unngå utløysing av unødig brannalarm t.d. ved matlaging eller bruk av stearinlys. Unødig brannalarm irriterer naboane dine og kan svekke tilliten til brannalarmen. SISOF vil kunne fakturere deg for unødig utløyst brannalarm. Tildekking, fjerning eller annan sabotasje av branndetektor, er svært farleg og SISOF vil reagere med gebyr når det vert oppdaga.
Ein av ti bustadbrannar startar på komfyren. Kjelar og panner som koker/steiker tørt kan raskt føre til brann. Slå difor av platene når du er ferdig eller om du blir stogga i matlaginga. Røyking på senga? Røyking på senga eller sofaen er den vanlegaste dødsbrannårsaka. NB! Det er røykeforbod i alle SISOF sine bustader, dette gjeld også fellesarealet. Tørking av klede. Studentar er ikkje kjende for å ha velfylde klesskap. Difor hastar det av og til med å få tørka det ein har. Men tørk aldri klede på panelomnar eller vifteomnar. Mange har fått øydelagt meir enn berre klede på det viset.
Levande lys? Ein studenthybel er ikkje alltid like koseleg. Stearinlys kan gjere det meir triveleg, men ver klar over at det er ein av dei største årsakene til brann og branntilløp i studentbustader. Bruk difor ikkje brennbare lysestakar eller brennbare lysmansjettar, og forlat aldri eit rom med open flamme. Andre elektriske artiklar. Slå av fjernsyn med av/på-knappen når du går og legg deg ikkje bruk fjernkontrollen til dette. Dra alltid leidningen ut av støpsel til kaffitraktar og vasskokar etter bruk. Bruk ikkje for sterke pærer i lamper og sjå etter svimerker på lampeskjermane. Ha aldri lamper som kan velte eller ramle ned på barnerom. Ikkje bruk mange lause skøyteleidningar. Dårleg kontakt og overlast kan lett føra til kortslutning og brann.
Brann/røykvarslaren Som huseigar er SISOF ansvarleg for at det finst røykvarslarar og sløkkingsutstyr I bustaden. Ta ikkje batteria ut av røykvarslaren. Ein røykvarslar som verkar er din tryggleik Rømingsvegar. Finn din næraste rømmingsveg. rømmingsvegane må ikkje vere sperra av klestørk, øskjer, møblar, barnevogner og liknande. SER DU NOKO SOM KAN VERE BRANNFARLEG I STUDENTBUSTADEN, NØL IKKJE MED Å TA KONTAKT MED SISOF. STILL KRAV TIL OSS SOM HUSEIGAR!
Studentheimen: Brannmeldarar og branntavler. Det er brannmeldarar på alle rom, gangar og bodar. Avstilling av brannmeldarar skjer i branntavla. Branntavla står i midtgang, 1.etg. Eigen instruks heng ved branntavla. Brannmeldarane på Studentheimen er kopla opp mot alarmsentralen i Florø så det er viktig å gje beskjed ved falsk alarm for å hindre utrykking. Elvatunet: Det er brannmeldarar på alle rom og i bodar. For å avstille meldarane må du i brannsentralen som du finn ved inngangsdør i 1.etg i kvart hus. Det er eigen instruks ved sentralen. Før du avstiller må du sjekke at det er falsk alarm og at det ikkje brenn nokon plass. Stedjeåsen: Det er brannmeldarar i alle rom. For å avstille brannklokker må du i brannsentralen. Denne finn du i yttergang i kvart hus. Eigen instruks finn du ved brannsentralen i felleshuset. Hugs å sjekke at det er falsk alarm og at det ikkje brenn nokon plass før du avstiller klokkene. Kaupangerskogen: Det er montert røykvarslarar med batteri i kvar leilegheit. Batteri vert skifta av SISOF kvart år. Vieåsen: Det er montert tre brannmeldarar i midtgang/korridor + ein på loftet i kvart hus. Vert brannmeldar/alarm utløyst skal alle som er i huset reagere og evakuere huset. Det er viktig at ein også sjekkar brannmeldaren på loftet før ein går inn att.