Vanylven kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Rådmannens kontor, Rådhuset Møtedato: 26.06.2006 Tid: 15.45 17.35 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 20.06.06 Desse medlemene møtte: Forfall: Varamedlemer: Ordførar Jan Helgøy Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Nils Olav Moen Sissel Stokke Einar Ebbesen Eli Tefre Nordal For Sissel Stokke møtte Lena Landsverk Sande For Einar Ebbesen møtte Harald Søvdsnes. For Eli Tefre Nordal møtte ingen. 6 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Einar Vik Arset og møtesekretær Kåre Kvangarsnes Merknader: Ingen merknader til innkalling og saksliste. Skriv og meldingar: Rekneskapsrapport for juni. Rapporten vart delt ut. Lasse Rindal sette fram ynskje om møte mellom formannskapet og rådmann, økonomisjef og kommunalsjefar. Utskrift frå møtebok i kontrollutvalet sak 06/06: Fiskå sentrum utsmykking/opprusting. Skrivet vart delt ut. Busetjing/tiltak: Velkomstkoffert med innhald vart vist fram. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Saker som vart handsama: 104/06 112/06 Tilleggssakene 111/06 og 112/06 vart delt ut på møtet. B-sakene 109/06 og 110/06 vart handsama til slutt. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Side 2 av 8
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0104/06 01/00264 OVERTAKING AV SYLTEFJORD SKULE - FRAMLEGG TIL AVTALE 0105/06 06/00502 INNFØRING AV SERVICEPAKKE/EIGEDOMSOPPLYSNINGAR I VANYLVEN KOMMUNE 0106/06 06/00489 HELSE- OG SOSIALSEKTOREN - OPPRETTING AV NY STILLINGSHEIMEL 0107/06 06/00228 TILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR 2006-1. HALVÅR FORMANNSKAPSPOSTEN 0108/06 05/01067 MØTEPLAN 2. HALVÅR 2006 - FORMANNSKAPET 0109/06 06/00496 Ikkje offentleg 6 GJELDSORDNING 0110/06 06/00477 Ikkje offentleg 6.2 0111/06 06/00533 UTSIKTEN FJELLKRO - UTVIDING / FLYTTING AV SKJENKELØYVE 12. AUGUST 2006 0112/06 06/00008 BUSTADFELT FISKÅ OG SYVDE: TILDELING AV TOMTER FREDSVOLL Side 3 av 8
0104/06 OVERTAKING AV SYLTEFJORD SKULE - FRAMLEGG TIL AVTALE Nytt avtaleframlegg om disponering av Syltefjord skule vart lagd fram. Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Formannskapet godkjenner avtalane slik dei ligg føre. 2. Avtalane vert sendt til Sylte krinsstyre for underskriving etter godkjenning i politisk utval. 0105/06 INNFØRING AV SERVICEPAKKE/EIGEDOMSOPPLYSNINGAR I VANYLVEN KOMMUNE Framlegg til vedtak: Administrasjonen ynskjer å innføre servicepakke for eigedomsopplysningar i Vanylven kommune. Rådmannen la fram slik omformulert tilråding: Formannskapet godkjenner at administrasjonen innfører servicepakke for eigedomsopplysningar i Vanylven kommune. Framlegg frå Nils Olav Moen: Formannskapet godkjenner at administrasjonen innfører servicepakke for eigedomsopplysningar i Vanylven kommune for eigedomsmeklarar. Framlegget frå Nils Olav Moen vart samrøystes vedteke. Det vart også samrøystes vedteke at for leveringstid 11 dagar eller meir vert prisen kr. 250,- eks. mva. Formannskapet godkjenner at administrasjonen innfører servicepakke for eigedomsopplysningar i Vanylven kommune for eigedomsmeklarar. For leveringstid 11 dagar eller meir vert prisen kr. 250,- eks. mva. Side 4 av 8
0106/06 HELSE- OG SOSIALSEKTOREN - OPPRETTING AV NY STILLINGSHEIMEL Framlegget vart vedteke med 5 røyster mot 1 røyst. 1. 56% engasjementstilling som hjelpepleiar vert gjort om til fast stilling 2. 37,5% engasjementstilling som aktivitør vert gjort om til fast stilling 0107/06 TILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR 2006-1. HALVÅR FORMANNSKAPSPOSTEN Framlegg frå Nils Olav Moen og Lasse Rindal: Det vert gitt tilskot kr. 7.500,- til Senter mot Incest Møre og Romsdal. Framlegg frå Lena Landsverk Sande: Det vert gitt slik tilskot: 1. Senter mot Incest Møre og Romsdal: Kr. 1,- pr. innbyggar: Kr. 3.589,-. 2. Søre Sunnmøre pårørande gruppe: Kr. 1,- pr. innbyggar: Kr. 3.589,-. 3. Kirkens SOS Møre og Romsdal: Kr. 1,- pr. innbyggar: Kr. 3.589,-. 4. Møre og Romsdal Døveforeining: Kr. 1000,-. Framlegg frå Tormod Hvattum: På grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen, finn formannskapet ikkje å kunne støtte nokon av søknadane. Votering: Framlegget frå Nils Olav Moen og Lasse Rindal vart sett opp mot framlegget frå Lena Landsverk Sande. Framlegget frå Nils Olav Moen og Lasse Rindal fekk 3 røyster. Framlegget frå Lena Landsverk Sande fekk 3 røyster Med ordførarens dobbeltrøyst gjekk framlegget frå Lena Landsverk Sande vidare til neste voteringsrunde. Deretter vart framlegget frå Lena Landsverk Sande sett opp mot framlegget frå Tormod Hvattum. Side 5 av 8
Framlegget frå Lena Landsverk Sande fekk 5 røyster. Framlegget frå Tormod Hvattum fekk 1 røyst. Det vert gitt slik tilskot: 1. Senter mot Incest Møre og Romsdal: Kr. 1,- pr. innbyggar: Kr. 3.589,-. 2. Søre Sunnmøre pårørande gruppe: Kr. 1,- pr. innbyggar: Kr. 3.589,-. 3. Kirkens SOS Møre og Romsdal: Kr. 1,- pr. innbyggar: Kr. 3.589,-. 4. Møre og Romsdal Døveforeining: Kr. 1000,-. Dette fører til slik budsjettendring: 14901-880 reserve formannskapet ned kr. 11.767,-. 14730-190 tilskot opp kr. 11.767,-. 0108/06 MØTEPLAN 2. HALVÅR 2006 - FORMANNSKAPET Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet har møte desse dagane i 2. halvår 2006: 21. august, 11. september, 25. september, 9. oktober, 23. oktober, 6. november, 27. november, 11. desember. I tillegg kjem budsjettmøter i oktober/november Møta skal normalt starte kl. 14.30. 0109/06 Ikkje offentleg 6 GJELDSORDNING Samrøystes vedtak som framlegget. Side 6 av 8
0110/06 Ikkje offentleg 6.2 Framlegget vedteke med 5 røyster mot 1 røyst. 0111/06 UTSIKTEN FJELLKRO - UTVIDING / FLYTTING AV SKJENKELØYVE 12. AUGUST 2006 Framlegg til vedtak: Med atterhald om at politiet og livsløpsutvalet ikkje har innvendingar, vert skjenkeløyvet til Utsikten Fjellkro utvida til å gjelde også på Eidsåtun (telt) 12. august 2006 i samband med Røde Kors arrangement. Vedtaket er gjort i medhald av 13 i kommunelova utvida mynde i hastesaker. Framlegg frå Lasse Rindal til ny 2. setning: Vedtaket er gjort under tvil, men sidan det ikkje er kommunestyremøte før etter at arrangementet er halde, nyttar ein 13 i kommunelova utvida mynde i hastesaker. 1. setning i framlegget frå administrasjonen pluss framlegget frå Lasse Rindal vart vedteke med 4 røyster mot 2 røyster. Med atterhald om at politiet og livsløpsutvalet ikkje har innvendingar, vert skjenkeløyvet til Utsikten Fjellkro utvida til å gjelde også på Eidsåtun (telt) 12. august 2006 i samband med Røde Kors arrangement. Vedtaket er gjort under tvil, men sidan det ikkje er kommunestyremøte før etter at arrangementet er halde, nyttar ein 13 i kommunelova utvida mynde i hastesaker. Side 7 av 8
0112/06 BUSTADFELT FISKÅ OG SYVDE: TILDELING AV TOMTER FREDSVOLL Framlegg til vedtak: 1. Therese og Kai Sindre Nystøyl får tildelt tomt nr. 27 2. Anja Sokseth/Leif-Ronny Rætta får tildelt tomt nr. 15 Desse får og tildelt halve tomt nr 21. 3. Det vert føreteke trekning om kven som skal bli tildelt tomt nr 20 Den som ikkje får innfridd sitt førsteval, vil bli tildelt si prioritet 2-tomt. 4. Tomtene vert seld på dei vilkår som er fastlagde av formannskapet. Framlegget vart vedteke med 5 røyster mot 1 røyst. Det vart deretter føreteke trekking om tildeling av tomt nr. 20. Nils Olav Moen gjekk frå som ugild under trekkinga. Ved trekkinga fekk Andreas Nørve og Anne- Marie Moen tildelt tomt nr. 20 og Kenneth Helland fekk tildelt tomt nr. 24. 1. Therese og Kai Sindre Nystøyl får tildelt tomt nr. 27 2. Anja Sokseth/Leif-Ronny Rætta får tildelt tomt nr. 15 Desse får og tildelt halve tomt nr 21. 3. Ved trekking får Andreas Nørve og Anne- Marie Moen tildelt tomt nr. 20 og Kenneth Helland får tildelt tomt nr. 24. 4. Tomtene vert seld på dei vilkår som er fastlagde av formannskapet. Eventuelt: Nils Olav Moen tok opp følgjande: - Hurtigbåt til Ålesund tilbringarteneste. Bed om at ordførar og rådmann tek kontakt med Sande kommune. - P4 dekking i Vanylven etterlyser svar frå ordføraren. - Hyrekontor i Vanylven kva skjer? - Møte m/ulstein Verft vedk. norske arbeidarar vs. polske arbeidarar. - Endra adm. organisering i Vanylven kommune kommunalsjefar. Lønsmessige kostnader? Rådmannen opplyste at dette ikkje medfører endra kostnader. - Ikkje redusert arbeidsgjevaravgift i Vanylven. Bed om at det vert sendt brev til Kommunaldepartementet om saka. Ordføraren orienterte om møte med Kommunaldepartementet og kommunalkomiteen på Stortinget. Ordføraren tok opp sak vedk. Northern Salvor. Rett utskrift 27.06.06 Kåre Kvangarsnes Side 8 av 8