Opplev Sykkylven - midt i hjartet av Sunnmøre



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som bur i fosterheim år

Juvet Landskapshotell

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Minnebok. Minnebok NYNORSK

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

/

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

Vekeplan 4. Trinn. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag AB CD AB CD AB CD AB CD AB CD. Norsk Matte Symjing Ute Norsk Matte M&H Norsk

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

Rapport resultat spørjeundersøking

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

Sommartur til Sverige,

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Referat frå MINTA møte

Kontaktperson og bestilling rettast til Hans Einar Kristoffersen, ein treff han på telefon

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Brukarrettleiing E-post lesar

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

La meg få ein sjanse til...

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Velkommen Welcome.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MEDLEMSINFO. august 2009

Informasjon til pasientar og pårørande

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ehandel og lokalt næringsliv

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Slope-Intercept Formula

Med god informasjon i bagasjen

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia


GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Transkript:

Opplev Sykkylven - midt i hjartet av Sunnmøre Activities in Sykkylven Summer/Autumn 2007 V e n l e g, v i l l o g v a k k e r Utgjevar sykkylven reiselivsforum

Velkomen til Sykkylven 2007 V e n l e g, v i l l o g v a k k e r cylindra øggardstølen stressless Foto: K.P. Drotninghaug

Velkomen! I denne aktivitetskalenderen vil du finne opplysningar om kva du som oppheld deg i Sykkylven for kortare eller lengre tid kan ta del i av aktivitetar. Vi har også med informasjon som gjer at du kan ta deg fram på eiga hand og nytte deg av dei tilboda som finst her når som helst. Sykkylven er ein kommune som ligg midt i hjartet av Sunnmøre. I denne kommunen vil du finne alle dei naturformasjonane som gjer Sunnmøre til ein unik region i internasjonal reiselivssamanheng. Naturkontrastane er større i Sykkylven enn nokon annan stad: Her er majestetiske tindar og flate bøar, her er kvite fossefall og Nord-Europas kortaste lakseelv, her kan du ankre opp i ei lun vik og omgje deg med naturkulissar som kan ta pusten frå den mest blaserte. Dei same kontrastane finn du i næringslivet: Her ligg Skandinavias største møbelfabrikk, Ekornes, kjend for kvilestolen Stressless og her er vesle Cylindra som skaper kunstmøblar inspirerte av sunnmørsnaturen. Industribedriftene langs fjorden pregar ein del av kulturlandskapet, men i Sykkylven finn du også eit av dei leiande miljøa i Noreg innan økologisk landbruk. Sykkylven har lange tradisjonar som turistkommune. Allereie i slutten av 1920-åra vart den første overnattingsstaden for turistar bygd, på Fjellsetra. Her finn du i dag eit av dei mest attraktive alpinanlegga i heile landet. Det som møter ein tilreisande i Sykkylven i dag er ikkje ein kommune som berre livnar til i dei månadene turistsesongen varer. Det er ein kommune som syder av liv og aktivitet heile året, med eit næringsliv som har kontaktar over heile verda. Like ved fabrikkveggane ligg naturen der som før. Dei fastbuande veit å nytte seg av han alle fridagar gjennom heile året. Dei deler han likevel gjerne med deg som er tilreisande. Vil du ha meir informasjon om aktivitetar som du kan ta del i i Sykkylven, og generell informasjon om kommunen, ta kontakt med Servicetorget i Sykkylven kommune, tlf 70246666 eller Sykkylven Reiselivsforum, c/o Norsk Møbelfaglig Senter, tlf 70253003. www.sykkylven.net Sykkylven kommune er medlem av Destinasjon Ålesund & Sunnnmøre. Destinasjonsselskapet kan gje aktuell reiselivsinformasjon for Sykkylven: www.visitalesund.com. Tlf. 70157600. 3

Welcome! In this activity-guide you will find useful information about the town of Sykkylven, whether you are visiting for a short time or for longer periods. We also include how to get around on your own, so you can make use of the activities any time. Sykkylven is a community situated in the middle of Sunnmøre. Here you will find all the formations of nature which makes Sunnmøre such a unique region when compared internationally. These contrasts are larger in Sykkylven than in any other travelling context, with its majestic mountain tops contrasted by flat moors; white waterfalls and Nortern Europe s shortest salmon river. You will find yourself surrounded by breathtaking nature. The largest furniture factory in Northern Europe is situated here; Ekornes, renowned for its Stressless. You also find Cylindra, famous for creating art furniture inspired by its surrounding nature. This industrial exploit is important in the culture of Sykkylven, but you will also find one of Norway s leading environments in ecological agriculture. In the 1920 s the first accommodation for tourists was built at Fjellseter, which today hosts one of the most attractive skiing areas in Norway. Later the industrial development has been in focus in Sykkylven, and for its inhabitants. This has lead to the growth of some of the leading industries of its kind throughout the country. Sykkylven is a community which thrives on activity, not only during the tourist season, but throughout the entire year. We can offer a heated open-air swimming-pool, two marinas, a museum which displays the growth of the local furniture industry, a museum of natural history which displays the Norwegian fauna, and traces of the first settlers in Sykkylven, found on the moors in the city centre, Aure. If you would like more information about acitivties in Sykkylven, or if you have general queries, contact Sykkylven community s service center: +47 70 24 66 66 or Sykkylven Traveller s Forum, c/o Norwegian Furniture Center, +47 70 25 50 03. 4

Foto: Reidar Netland

Overnatting i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest Sykkylven ligg like ved Ålesund, og mange av dei som vitjar kommunen bur på hotell eller andre overnattingsstader i regionhovudstaden. Men også i Sykkylven har vi godt med overnattingsplassar, både i hotell, i hytter og i private utleigehusvere. Ved å søkje på internett vil du lett finne fram til privatpersonar som leiger ut hytter og hus. Accomodation Sykkylven can offer a variety of accommodations to meet any needs, from large-sized hotel rooms to camping sites and cabins. 1. Aursnes Hotel & Apartments Aursnes Hotel & Apartments er eit kombinert hotell og leilegheitshotell, som har både forretningsreisande og turistar som gjester. Hotellet ligg sentralt til, like ved ferjekaia på Ørsneset. Kontaktinfo: Aursnes Hotell AS, Aursnes, N-6230 Sykkylven Telefon: 70 25 45 55 Telefaks: 70 25 23 00 e-post: post@aursneshotell.no. 2. Sjøbakken Camping Sjøbakken Camping kan tilby gode hytter til rimelege prisar like ved kommunesenteret. Her er både firestjerners og tostjerners hytter, og god plass for telt, bubil og caravan. Utleige av båt for fiske i fjorden. Lån av fiskeutstyr kan ordnast. Kontaktinfo: Sjøbakken Camping, 6230 Sykkylven. Tlf.: 70 25 18 15. Mobil: 977 47 193. Epost: info@sjobakken-camping.com Heimeside: www.sjobakken-camping.com 3. Brunstad Kristelege Ungdomssenter Leirstad i idylliske omgjevnader på Brunstad i Velledalen. Mykje brukt som samlingsstad for lag, foreiningar og korps. Ei stor hytte; Fjellheimen, med 24 sengeplassar. 2 vertikaldelte hytter med 32 sengeplassar til saman og ei mindre tømmerhytte. Til sommarsesongen 2007 får hyttene installert toalett og dusj. Servicehus med kjøkken og samlingssal. Utleige både til grupper og enkeltpersonar. Kontaktperson Ewy Moltu, tlf. 93423215 11

Overnatting i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest 4. Fjellseter Ungdomssenter Det er Misjonsungdomslaget i Sykkylven som eig og driv senteret, som ligg ved Nysetervatnet, nær alpinanlegget på Fjellsetra. Der er rikt høve til friluftsliv sommar som vinter. Senteret blir mykje nytta til leirskule i vintersesongen, men blir og utleigd til andre grupper og privatpersonar året rundt. Hovudbygget har sengeplass til om lag 40, og i tillegg har senteret ei stor og tre små hytter, alle med toalett og dusj. Bestilling og informasjon: Nancy Blindheim Kolstø tlf. 70 25 08 83 5. Orreneset Misjonssenter Orreneset er eigd av Sunnmøre Indremisjon. Senteret ligg inne på fjellet mellom Sykkylven og Stranda, 7 km frå hovedvegen mot Fausa. Orreneset ligg ved Nysetervatnet og er difor omgjeven av både vatn og fjell. Her kan du leige kanoar og bestille utfluktsturar for ulike grupper. Senteret har overnattingshytter og dei kan også leigast ut i sommarsesongen. Ein tilbyr heilpensjon for skuleklasser, korps, kor og ulike organisasjonar og selskap. Orreneset er ope heile året. Ta kontakt pr. telefon. Berre førehandsbestilling. Kontaktperson: Anbjørg Kvam Bårnes, tlf. 70 25 07 56 Diverse hytter og hus Gjennom mange tiår har sykkylvingar leigd ut husvere og hytter til tilreisande for kortare eller lengre periodar. Det gjer vi framleis. Med moderne datataknologi og internett er det enkelt å søke seg fram til slike overnattingsstader. Det finst også ei rekkje norske og utanlandske firma som formidlar hus- og hytteutleige, mellom anna i Sykkylven. Her er nokre internettadresser: www.hytternorge.no - www.ferieforum.dk - www.dancenter.no www.storfjordbooking.no 12

Serveringsstader i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest Anten du vil ha ein rask rett i forbifarten eller ønskjer å setje deg ned og bli kjent med lokale mattradisjonar, har servingsstadene i Sykkylven det du er ute etter. Vi har eit av landets fremste miljø innan økologisk landbruk. Kortreist og rein mat er ein av våre spesialitetar. Places to eat Whether you would like a quick bite on the go or to dine in the local café, Sykkylven can offer what you are looking for. Aursnes Kiosk & Bistro, Ørsneset Uformel bistro og gatekjøkken som serverer rask og god mat til ein fornuftig pris. Aursnes Kiosk & Bistro finn du på fergekaia på Ørsneset (ferge til Magerholm/Ålesund.) Telefon: 70 25 19 28 Verkstaden Bistro, Ikornnes Sentral lokalisering like ved badebasseng og småbåthamn på Ikornnes. Uteservering. Dagens middag, a la carte-meny, smørbrød, hamburgarar, barnemeny. Disponerer sanitæranlegg med vaskemaskin og tørketrommel. Bunkring, sykkelutleige. Nær flott turterreng. Tlf. 70 25 16 40. Epost: likur@online.no. Internett www.ikb.no Chopstick, Aure Serveringsstad midt i kommunesenteret med asiatisk mat som spesialitet. Lagar maten av ferske råvarer. Tilbyr også norske tradisjonsrettar, som fiskemat, sosakjøtt og biffsnadder. Take away og a la carte-meny. Kontakt Chopstick på telefon 70251970 Milano Pizzabar, Aure Spesialrestaurant for pizza i alle slags variantar. Også andre rettar for folk på farten. Telefon: 70253170 Straumen kro, Straumgjerde Serveringsstad like ved riksvegen i Straumgjerde. God og rimeleg mat. Matspesialitetar: Økoburger som vert laga både som tallerkenrett og karbonadesmørbrød. Kjøttkaker, potetball, får-i-kål, rømmesurra laks og rømmegraut. Her får du også kjøpt fiskekort til Fetvassdraget. Epost: mlaure@start.no. Tlf. 70252952/ 91371356 Bankplassen Frukt & Tobakk, Aure Storkiosk med noko for ein kvar smak. Eigen spisekrok med servering av pizza og ulike grillrettar. Isbar. Stor tippe-avdeling. Telefon 70251940 13

Friluftsbadet på ikornnes 14

Aktivitetar for born i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest Rein natur og mykje plass gjer Sykkylven til ein attraktiv stad for småbarnsfamiliar. Varmtvannsbassenget på Ikornnes er ein av dei best besøkte turistattraksjonane i heile regionen. Etter badinga kan det kanskje friste med ein tur på hesteryggen? Lette turstiar, som du finn fleire stader i kommunen, gjer at det ikkje er vanskeleg å få med borna ut for å røre på seg, og for å lære. Activities for children Fresh nature and plenty of space makes Sykkylven an attractive destination for families. A visit to the heated open air pool might be followed by horseback riding. We offer a number of easy hiking trips located throughout the community. 6. Bading på badeanlegget, Ikornnes Nytt friluftsbasseng som industrileiaren Jens Petter Ekornes gav i gåve til heimkrinsen sin. Anlegget har tre basseng i forskjellige storleikar og sklie for dei minste. Her er bygd eit le som vernar mot vestavinden og her er flusst med benkar og stolar for dei som liker seg betre i det tørre enn i det våte elementet. Vatnet i bassenga er varma opp med overskotsvarme frå J.E.Ekornes AS som ligg like ved. Vatnet held stabilt ein temperatur på 32 grader C. Ope alle dagar sommarsesongen. 7. Badeplass ved Hauneset, 500 meter frå kommunesenteret Her kan dei vaksne liggje å sole seg i grashellinga, medan borna badar i friskt fjordvatn. Ved Ekornes, avd. Vestlandske. 8. Badeplass ved Andestadvatnet, på Andestad Vil du helst bade i ferskvatn er badeplassen ved Andestadvatnet eit godt alternativ. Badetemperaturen vert betre jo lenger ut på sommarsesongen vi kjem. 15

16

Aktivitetar for born i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest 9. Riding på Stall Moen, Straumgjerde Stall Moen driv med oppdrett av tinkere. Dette er ein rase som sigøynarane har avla fram. Tinkarane er robuste med eit godt og roleg lynne som passer godt til aktivitetar for born. Stall Moen tilbyr riding på bane eller tur. Kontakt Grete-Iren i Stall Moen på telefon 92617855. Heimeside: www.stallmoen.com 10. Riding hos Nils Gunnar Brunstad, Haugset Sykkylven Rideklubb har lagt aktivitetane sine til garden til Nils Gunnar Brunstad på Haugset, berre tre kilometer frå kommunesenteret. Her kan barn og vaksne få ri på trygge og rolege hestar. Opplegg både for nybyrjarar og vidarekomne. Kontaktpersonar Monica Jensen tlf. 99040947 og May Lisbeth Riksheim tlf. 93885575 11. Idrettsanlegg Rundt om i Sykkylven er det fotballbanar og idrettsanlegg som fastbuande og tilreisande kan nytte. Vi har slike i Hundeidvik, på Ikornnes og Straumgjerde, i Velledalen og på Aure. Nedanfor Sykkylven kyrkje, ved stranda, er det ei volleyballbane som står til fri bruk heile sommarhalvåret. 17

18 Foto: Egil Astad

Aktivitetar for vaksne i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest Naturen i Sykkylven kan du utforske på eiga hand eller saman med nokre av dei som kjenner den ut og inn. Sykkylven Aktiv (www.sykkylven-aktiv.no) har spesialisert seg på opplevingsturar der du blir kjent med lokal natur og kultur. Elles har kommunen eit nettverk av oppmerka løyper med varierande vanskegrad. Det er også gjeve ut bøker med turtips for Sykkylven og Sunnmøre. Norsk Møbelfaglig Senter (www.mobelfagligsenter.no) har teke initiativ til fleire industrivandringar i sommar der du kan bli nærare kjent med produksjonen og produkta i nokre av Europas leiande møbelbedrifter. Activities for adults In Sykkylven you find a number of marked hiking trails for all levels of difficulty. Sykkylven Aktiv arrangerte turar Sykkylven Aktiv tilbyr skreddarsydde opplevingsturar i sykkylvsnaturen for grupper. Døme på slike opplegg er turar for kolleger eller venner som vil oppleve noko saman; rundt bålet i lavvoen og med god mat som ramme for samankomsten. Ein annan populær aktivitet er introduksjonskursa i havpadling. Sjå på heimesida www.sykkylven-aktiv.no for kursdatoar. Sykkylven Aktiv arrangerer også kurs på forespørsel. Desse går vanlegvis over ei helg; laurdag og søndag. Sykkylven Aktiv er din guide inn i det lokale alpinlandskapet. Dei tilbyr mellom anna fjellturar, lett brevandring og overnattingsturar med lavvo. Fisketurar og blåturar er også mellom tilboda. Kontakttelefon: 92622935/90861805. Epost: post@sykkylven-aktiv.no 12. Møbelvandringar Det Sykkylven kommune er mest kjent for er møbelproduksjon. No har du sjansen til å sjå korleis dei verdsberømte kvilestolane til møbelfabrikkane Ekornes og Hjellegjerde vert laga. Dei to bedriftene tilbyr guida rundturar i anlegga sine der dei besøkande får følgje produksjonsgangen frå råvarene kjem inn i fabrikken til dei ferdige møblane trillar ut i andre enden, ferdig pakka. Dei to fabrikkane er kjende for sitt høge teknologiske nivå og du vil bli forundra over kor rasjonell dagens møbelproduksjon er lagt opp. Omvisingane tek om lag to timar. Sjå aktivitetskalenderen for tidspunkt. Opplysningar frå Norsk Møbelfaglig Senter, tlf. 70253003. 13. Ikornnes båtforening Småbåthamna på Ikornnes og miljøet rundt denne har dei siste åra utvikla seg til å bli det sentrale reiselivs- og opplevingssenteret i Sykkylven. Sidan starten i 1997 har eldsjelene i båtlaget bygd opp ei hamn som er vurdert som ei av dei beste i landet. Det kjem ikkje berre av alle fasilitetane som dei sjøfarande får nyte godt av ved sjølve brygga, men like mykje av attraksjonane som ligg i tilknytning til hamna. Her har vi det nye utandørs symjebassenget, her er Verkstaden Bistro og like ved ligg Nord-Europas største møbelfabrikk Ekornes, ASA. Ikkje langt frå hamna er det tilgang til gode turstiar og fjelltoppar som det er mogeleg å nå for dei fleste. For båtfolket kan småbåthamna tilby sanitæranlegg, vaskemaskin og tørketrommel. Kontaktinfo: Styreleiar Bjørn Utgård. For båtplass: Kasserar Odd Hamre, tlf 70253181. Heimeside: www.ikb.no 19

20

Aktivitetar for vaksne i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest 14. Båttaxi/charter Har du behov for å kome til og frå sjøvegen står hurtigbåten MS Nordic Genesis med plass til 11 passasjerar til disposisjon. Tlf. 92286342 14. Fjordcruise Selskapet Cruiseservice AS tilbyr i perioden 25. juni til 15. august faste turar gjennom ein av dei vakraste fjordane i landet, Hjørundfjorden. Første stoppestad i fjordcruiset er Hundeidvik i Sykkylven. Herifrå kan du følgje båten inn til Øye og vere med på busstur til Hellesylt. Turen går vidare med båt til Geiranger. Tur-retur. Du kan også stige av på den andre stoppestaden i Hjørundfjorden, Trandal, og vandre over fjellet attende til Sykkylven. Kontakttelefon Cruiservice: 70199090 15. Sykkylven Småbåthamn Hamn ved Aure sentrum med ankringsplass for medlemmer og gjester. 20 gjesteplasser. Her kan ein få kjøpe drivstoff. Tilgang til elektrisitet og sanitære installasjonar. I løpet av våren 2007 skal etter planen nytt servicebygg vere ferdig. Styreleiar Runar Klokk. Tlf. 92625786. Tilreisande kan også ankre opp i småbåthamna i Hundeidvik. 16. Skytebana ved Svartevatnet Sykkylven Jeger- og fiskeforening har dei siste åra bygd opp eit moderne skytestadion ved Svartevatnet, ved riksvegen på grensa mellom Sykkylven og Stranda. Her vil det i perioden medio mai til 31. august gå føre seg leirdueskyting kvar tirsdag og torsdag frå kl. 18.00. til 20.00. Alle kan vere med. Kontaktperson: Per Jarle Tynes, tlf. 92639777 21

Måleri: Olav Harald Ulstein 22

Galleri og Museum i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest Du finn både kunstgalleri og museum i Sykkylven. Lokale kunstnarar har gjennom mange år late seg inspirere av den storfelte naturen her. Kanskje er det også det dristige og frodige landskapet som har inspirert sykkylvingane til suksess i næringslivet. Ved å vitje Norsk Møbelfaglig Senter vil du få ei innføring i lokal skaparkraft og industriell suksess. Galleries and museums Local artists have always been inspired to create their art by the grand nature surrounding Sykkylven. 17. sykkylven kunstgalleri, Aure sentrum Olav Harald Ulstein eig og driv Sykkylven Kunstgalleri. I galleriet, der han også har atelieet sitt, sel han eigne bilete og bilete av andre kunstnarar. Bileta til Ulstein ber tydeleg preg av landskapet dei er skapte i. Ope alle kvardagar, også laurdag. Tlf. 70251530. 18. Cylindra as, Tusvika I Cylindra finn du utstilling med dei kreative Cylindra-produkta som Peter Opsvik har gjeve form til. Kvart enkelt Cylindra-objekt er eit unikt kunstverk, i tillegg til at det fyller ein praktisk funksjon som skap, hylle, bord eller stol. Ved Cylindra i Tusvik kan du også få sjå lokala der Cylindra-objekta vert laga. Ope alle kvardagar kl. 10.00 16.00. Tlf. 70250033. 19. Sykkylven Naturhistoriske Museum, Blindhei Det einaste naturhistoriske museet mellom Bergen og Trondheim. Her er om lag 200 utstoppa dyr og fuglar plasserte i dei naturbiotopane dei høyrer heime. Kunstnaren Stein Kåre Nygård har måla dei naturtru kulissane. I same lokala som Naturhistorisk Museum ligg Galleri Elvetun som kvar sommar har open utstilling med arbeida til ein eller fleire kunstnarar. Ope kvardagar kl. 12-16 i perioden 01.07 til 15.08. Kontakttelefon: 70246500- kulturavdelinga Sykkylven kommune. Cylindra Object 23

Fornfunna på Auremarka. Illustrasjon av tenkt langhus. 24

Galleri og Museum i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest 20. Norsk Møbelfaglig Senter, Aure Ved Norsk Møbelfaglig Senter får du oppleve utstillinga Møbeleventyret på Sunnmøre. Gjennom utstilte møblar, produksjonsutstyr, materialar, halvfabrikata, bilete og tekstar får du eit innsyn i korleis det var mogeleg å byggje opp ei konkurransekraftig industrigrein i ein norsk utkant. Ope alle kvardagar kl. 10.00 17.00. Billettpris vaksne kr 25,-. Born kr 10,-. Tlf. 70253003. 21. Fornfunn på Auremarka, Aure I kommunesenteret Aure er det funne spor etter busetnad tilbake til steinalderen. Det er også funne spor etter busetnad frå bronsealder og jernalder. Funna, som danner ei lita historisk løype frå Kildehaugtomta ved Storgata til kyrkja, er synleggjorte gjennom fire store informasjonstavler. Dei fortel ved hjelp av tekst og bilete historia om dei første sykkylvingane. Det ligg føre planar om å rekonstruere eit av jarnealderhusa. Det dreier seg om eit langhus på kring 55 meter, eit av dei største jarnalderhusa som det er funne spor etter i Norge. 22. Biblioteket, Aure Det kommunale biblioteket i Sykkylven ligg midt i kommunesenteret, ved buss-stasjonen. I opningstida kan du her få generell informasjon om kommunen av dei tilsette ved biblioteket. Biblioteket har datamaskiner med nettilgang og trådlaust nettverk. Opningstider i fellesferien: Tysdag 13.00 19.00, torsdag 10.00 15.00, fredag 10.00 15.00. Norsk Møbelfaglig Center 25

26 Foto Odd J. Drotninghaug

Naturatraksjonar i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest Ta kontakt med kjentfolk i Sykkylven, så vil dei vere glade for å kunne gje deg tips om korleis du kan kome ut i den lokale fjellheimen, der du vil finne ro og inspirasjon og der du kanskje også kan få ein fisk til å bite på kroken. Features of nature hiking and fishing Contact local people in Sykkylven, and they will be more than happy to share their information of how to get around in the local mountains. 23. Tur til Hovdeåsen og Vetestova Mellom grendene Hundeidvik og Tusvik ligg Hovdeåsen, 369 meter over havet. Frå fylkesvegen er det om lag 200 m stigning til toppen. Du kan bruke den oppmerka turstien frå fylkesvegen på Myrseteidet, eller du kan fylgje stien frå Urkegarden i Hovden. Den førstnemnde tek ein liten time, den sistnemnde ein halvtime i roleg tempo. Begge løypene er trygge, og barn i vanleg form går turen lett. Hovdeåsen vart etter tradisjonen utpeika til vete, eller kongeleg bålplass av kong Håkon den gode ein gong på 900-talet. Det vart bygt ei vetestove for vaktmannskapet her. Dei skulle tenne eit stort bål dersom fiendtlege krigsskip truga Møre. Murane etter den opphavlege vetestova finn du framleis. Murane er freda. Bygdafolk har bygt ei ny vetestove i nærleiken - etter mønster av den gamle. Her kan du gå inn og kvile, samstundes som du kan kikke på våpenkopiar og mykje anna interessant. 24. Naturstiane i Straumgjerde Inst i Sykkylvsfjorden ligg tettstaden Straumgjerde. Like ved fotballbana i Straumgjerde har nokre eldsjeler laga til fleire stialternativ som fører deg ut i naturen der du både kan trimme og lære. Langs stiane er det sett ut solide benkar. Du kan sitje ved ein idyllisk foss, eller med utsikt mot idrettsanlegget eller utover fjorden. Det er også laga til sti langs Fetvatnet. Informasjonstavler gjev deg opplysningar om vegetasjonen og dyrelivet i dette området. Nettverket av turstiar er opparbeidd i samarbeid med Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Det er godt med parkeringsplassar ved fotballbana. I garderobebygget er det ei fløy med toalett og vask som turgåarar kan nytte. 25. Tur til Vassetra og Sandvikhornet Det er bilveg opp til Hjellane, der du kan nyte ei framifrå utsikt over kommunesenteret Aure. Derifrå tek du beina fatt og følgjer ein god setreveg som svingar seg opp i høgda og til den gamle sætra, Vassætra. Herifrå kan du gå vidare til Sandvikhornet med framifrå utsyn til Storfjorden. Det er lett å finne fram. Råsa til hornet er tydeleg og du vil neppe gå einsam. 26. Tur rundt Tuvatnet Grendelaget i Tusvika har laga til ein tursti rundt det idylliske Tuvatnet. Parkering ved Blakstad barnehage. Her er mange stader ein kan setje seg ned, nyte stillheita og spegle seg i det rolege vatnet. 27

28 Foto Sykkylvsbladet. Straumen

Naturattraksjonar i Sykkylven Vi ser fram til å ha deg som gjest 27. Fiske i Straumen Laks og ørretfiske i Nord-Europas kortaste lakseelv, Straumen i Straumgjerde. Sone nederst i elva er reservert for flugefiskarar. Laks, aure og røyefiske med oter og drog i Fetvatnet. Laksefiske i Velledalselva. Fiskesesong frå 15.6 til 1.9. Sal av fiskekort m.a. ved Straumen Kro, Straumgjerde. 28. Laks og ørretfiske i Aureeleva Dette er ei flaumelv, som dei siste åra har hatt godt fiske i nedbørsrike somrar. Elva er ca 3.5 km lang og har utløp like ved Sykkylven kyrkje. Fiskesesong frå 15.6 til 1.9. Fiskekort til sals ved Intersport B.S. Aure. Fiske i fjorden I Sykkylvsfjorden kan du fiske året rundt. Med båt har du alle mogelegheiter til å ta deg fram dit fisken står. Spør kjentfolk etter gode fiskeplassar. Mange stader er det fint å fiske frå land. Allemannsretten gjev deg rett til å ferdast i strandsona der du vil. Fiske i ferskvatn I Sykkylven finst det rundt 40 ferskvatn med stort og smått. I dei aller fleste er det fisk, mest aure, men det er også noko røye. Fetvatnet og Andestadvatnet er store lågtliggande vatn, der det også går opp laks og sjøaure. Fiskesesongen strekker seg over heile sommarhalvåret. Sal av fiskekort hos Intersport B.S.Aure. Sykkelturar I Sykkylven finst det eit nettverk av skogsvegar og stiar som kan nyttast til sykkelturar om du har ein sykkel med litt solide dekk. Spør du kjentfolk vil du sikkert få gode råd om kvar du bør leggje vegen, eller du kan forske ut naturen på eiga hand ved å ta av ved den første stikkvegen du finn. Sykkylven Sykkelklubb har omtalt turar på heimesida si: www.sykkylvensk.no under linken Stiar. 29. Turisthytta på Vellesetra Ålesund-Sunnmøre Turistforening har utleigehytte på Vellesetra. Ved å vende seg til foreininga kan ein få nøkkel til hytta for opphald og overnatting. Vellesetra er eit godt utgangspunkt for fleire fine fjellturar. Sjå elles heimesida til turistforeininga: www.aast.no. Tlf. 70125804. Fiske på Fjorden 29

Økologisk seterdrift på Fjellsetra Vi ser fram til å ha deg som gjest 30 Øggarstølen.Foto Kjell Perry Drotninghaug

Seterdrift i Sykkylven 30. Ladalen Vintersdag er området ved Nysetervatnet og Sætrevatnet det mest populære utfartsområdet for skientusiastar i Sykkylven. Om sommaren er her aktivitet av anna slag. Då vil du finne beitande kyr av den gamle rasen Vestlandsk Fjordfe i idylliske setermiljø. På Dravlausstølen og Øggardsstølen, som fekk kulturlandskapsprisen 2005, er det setring frå jonsok til slutten av august, med økologisk mjølkeproduksjon. Her kan du setje deg ned og berre lytte til klangen av kubjellene og lokkinga til budeia. Eller kanskje vil du vere med og hente kyrne heim til mjølking? Kontakt Dravlausstølen, Gunhild Øigarden, tlf. 41692286 Kontakt Øggardstølen, Kjell Perry Drotninghaug, tlf. 90913779 På andre sida av fjella ligg Vi ser fram til å ha deg som gjest I Sykkylven finn vi eit aktivt miljø for økologisk landbruk. Økobøndene ønskjer å drive eit landbruk som ikkje forureinar og som gjev giftfri og velsmakande mat. Farming Sykkylven has an active ecological agricultural polizy where the eco-farmers strive to maintain a profession, which does not pollute, in order to offer non-toxic, but tastey food. 31. Sunndalen Her er 2 setrar som driv aktiv seterdrift. Aurestølen med om lag 100 mjølkekyr. Nedsetra med om lag 40 mjølkekyr. Stølsturen 2007, 19 august, har utgangspunkt på Aurestølen i Sunndalen, der det blir mange ulike aktivitetar. Sjå under arrangement. www.auresamdrift.no Du kan også ta turen til fots mellom setrane i Ladalen og Sunndalen. 31

31 32 Frå produksjonen av Tindeburger

Lokalt produsert mat i Sykkylven Desse bedriftene sel lokalprodusert mat: kjøtt, frukt, grønnsaker og bakverk. Local food If you are interested in local food, Sykkylven can offer meat, fruits, vegetables and local bread. TINDEMAT BA Tindemat er ei bedrift skipa av sykkylvsbønder. Bedrifta produserer økologisk gardsmat (kjøt og kjøtprodukt) frå Sykkylven. Varene får du kjøpt på COOP Mega Sykkylven og JOKER Velledalen. Tindeburger med brød frå Heimelaga og kjøt frå Tindemat får du kjøpe på nokre lokale serveringsstadar. Kontakt: Petter Velle, tlf. 92888564 eller Kjell Drotninghaug, tlf. 90913779. www.tindemat.no HEIMELAGA Lokalt heimebakeri. Baker lefse og flatbrød. Baker også brød til Tindeburger. Kontakt: Liv Nordli Hole, tlf. 91528739 KNUTGARDEN DA Sal av jordbær Bounty, Korona og Frida. Kontakt: Olav Asbjørnsen, tlf. 95248522 www.knutgarden.no FREDRIKGARDEN Sal av jordbær Frida og Korona. Bringebær Glenn Ample Kontakt: Ragnhild Brunstad, tlf. 92826302 LYSHOLHONNING Sal av sommarhonning og lynghonning. Kontakt: Hans Jakob Hatlestad, tlf. 99736260 Vi ser fram til å ha deg som gjest 33

6222 Ikornnes. www.ekornes.no Tlf. 70 25 52 00 MED KJØT FRÅ TINDEMAT VEIT DU KVA DU FÅR OG KVA DU ET www.tindemat.no VI HAR ALT INNAN FISKE- JAKT -FRILUFTSLIV Jaktkort - fiskekort INTERSPORT B.S.AureTlf.: 70254020 Epost: intersport@bsaure.no 34

Møbeleventyret på Sunnmøre På Norsk Møbelfaglig Senter viser vi utstillinga Møbeleventyret på Sunnmøre. Velkommen innom. Opningstider 09.00-16.00 alle kvardagar Tlf. 70253003. Rimeleg overnatting i Sykkylven Aursnes Hotell er eit bed & breakfast hotell som i tillegg til vanlege hotellrom også har mindre familieleilegheiter som inneheld stue med kjøkkenkrok, dusj/wc og soverom. Tlf. 70 25 45 55 Aursnes 6230 Sykkylven 6230 Sykkylven. www.hjellegjerde.no Tlf. 40 00 29 00 6230 Sykkylven. Norway ****HYTTER. SATELITT TV. WC/DUSJ Båtutleige (m/motor). Lakseelv Email: info@sjobakken-camping.com www.sjobakken-camping.no 35

p.b. 55, 6239 Sykkylven Tlf. 70 25 48 48 Fax. 70 25 48 49 annonser@sykkylvsbladet.no redaksjonen@sykkylvsbladet.no Utstilling av Peter Opsvik sine skulpturelle møbel-objekter cylindra as cylindra gallery of Norway Tusvik, 6222 Ikornnes. Telefon: + 47-915 64 695 www. cylindra.com www.cylindra.net. Email: cylindra@cylindra.no Friluftsbadet Ikornnes Tlf 70 25 16 40. 6220 Ikornnes. Norway 38

DIGITALE BILDER PÅ 1 TIME DIGITAL PICTURE ON 1 HOUR. POSTCARD Tlf. 70 25 10 27 fotolyshol@xi.no DITT DIGITALE BILDESENTER Leverandør av datautstyr og driftstjenester. Ullavik, 6230 Sykkylven. Telefon 70 24 50 00. www.pcsupport.no post@pcsupport.no Nordea - aldri langt unna Tlf: 70 25 54 00 www.nordea.no 37

Foto: Odd Jostein Drotninghaug Foto P.P. Lyshol Frå Stølsturen 2006 Foto: Atle Hole

Parti frå Fjellsetra. Foto: P.P. Lyshol

Grafisk design og produksjon: EldArt Grafisk Design 4000.05.07 Ha ei fin tid i sykkylven! sykkylven Reiselivsforum Vi ser fram til å ha deg som gjest Foto: Kjell Glomset. Vil du ha meir informasjon om aktivitetar som du kan ta del i i Sykkylven, og generell informasjon om kommunen, ta kontakt med Servicetorget i Sykkylven kommune, tlf 70 24 66 66 eller Sykkylven Reiselivsforum tlf 70 25 30 03, www.sykkylven.net