INNHALDSFORTEIKNING PERM FOR BRANNVERN 1 Fakta om brannobjektet 2 Organisering og ansvarsdeling 3 Oversiktsteikningar 4 Funksjonsteikningar og forklaringar 5 Beredskap og rømming 6 Forvaltning, drift og vedlikehald 7 Brannøvingar 8 Opplæring 9 Brannvesenet 10 Forsikring 1
1 Fakta om brannobjektet Bygningen/anlegget si adresse og andre faste opplysningar skal stå i permen for brannvern. Følgjande opplysningar førast inn: * Adresse, telefon, fax, e-post osv. * Gards- og bruksnummer * Eigar * Brukar (ar) * Ansvarleg brannvern leiar, privatadresse og telefon * Samla tal på tilsette * Tal på sengerom * Maks. tal på elevar i undervisningsbygg * Maks. tal på personar i rom ved ulik bruk (for eksempel gymnastikksal nytta som teatersal, overnattingsstad osv.) 2
2. Organisering og ansvarsdeling Under dette kapitlet set ein inn materiale som klart visar kven som har ansvaret for dei ulike delane av branntryggleiksarbeidet. Det skal gå klart fram kva for oppgåver dei ulike personar/personellgrupper har både i det daglege branntryggleiksarbeidet og i ein brannsituasjon. Systembeskrivingar av assistera rømming samt rednings- og beredskapsopplegg har sin plass i dette kapitlet. Ved pleieanstaltar der ein har vaktordning skal denne framkoma og vera med i permen. Revisjonsskjema for branndokumentasjonen ligg også under dette avsnittet. 3
3. Oversiktsteikningar Teikningar som skal inn her er: * Situasjonskart eller områdeteikning som visar bygningen/anlegget si plassering i forhold til omgivnaden * Etasjeplan for kvar etasje Teikningane skal vise: * Brannveggar, brannceller og inndeling av rom * Branndørar med brannklasse * Rømmingsvegar * Interntrapper osv. * Automatisk sløkkeanlegg * Handsløkkeutstyr, slangar, pulverapparat osv. * Brannalarmsentral * Sprinklar stengeventil * Nøkkelskap * Brannfarlege, eksplosive eller giftige stoff For store bygg kan det vera aktuelt å setja opp separate rømmingsplanar. 4
4. Funksjonsteikningar og forklaringar Følgjande tekniske brannverntiltak kan koma inn under denne dokumentasjonsdelen: * Alarmanlegg med tilhøyrande funksjonar * Markerings- og ledeljos * Røykventilasjon (mekanisk og termisk) * Sløkkeutstyr (automatiske sløkkeanlegg, handsløkkarar, slangar osv.) * Eventuelt tørropplegg for brannvesenet si tilkopling * Brannbelastningsberekningar * Kabel og røyrgjennomføringar (dokumentasjon på utførte tetningsarbeid) Materialet som skal inn i dette kapitlet skal vera korte omtalar eventuelt supplera med teikningar/skisser av dei tekniske utrustningane for brannvern. 5
5. Beredskap og rømming Branninstruks og rømmingsplan I store bygg vil det vera mest naturleg å henge opp branninstruks/rømmingsplanar på strategiske plassar i korridorar, klasserom, kantiner, ved trappehus osv. Rednings-/beredskapsplanar For brannobjekt der ein brann kan medføre tap av mange liv (f. eks. sjukeheim) skal det utarbeidast rednings- og beredskapsplanar. Alle instruksar, planar osv. skal haldast ved like og reviderast. Permen for brannvern skal til ei kvar tid vera à jour. 6
6. Forvaltning, drift og vedlikehald Denne dokumentasjonsdelen kan innehalde informasjon om korleis brannobjektet drivast og haldast vedlike. Risikovurdering Eigar skal etter å ha gjort ei risikovurdering, sørgje for tilstrekkeleg rømmingstid for personar gjennom tekniske tiltak som ledesystem, brannalarmanlegg og sløkkeanlegg. Krava til brannteknisk utforming og utstyr er ivaretatt når dei tekniske krava i Plan- og bygningslova er oppfylt. Kontroll Eigaren er ansvarleg for at det med faste mellomrom blir utført sakkyndig kontroll, ettersyn og vedlikehald av installasjonar og utstyr. Utstyr som skal kontrollerast med faste mellomrom: * Alarmanlegg med utstyr kopla opp mot dette * Automatisk sløkkeanlegg * Handsløkkarar * Røykluker * Markerings- og ledeljos * Rømningsvegar Ved kvar kontroll/vedlikehald noterast dato, namn på utstyr/anlegg og kontrolløren sitt namn på kontrollskjemaet. Endra driftstilhøve/bruk Ved driftstilhøve som kan føre til auka fare for tenning eller spreiing av brann skal det gjennomførast ekstraordinære tiltak som sikrar at risikoen ikkje aukar. Utføring av arbeid Der bruk av maskinar, utstyr eller stoff kan medføre auka fare for brann skal det alltid fyrst gjerast ei sikker jobbanalyse. 7
7. Brannøvingar Alle tilsette og leiarar skal gjennomføre brannøvingar. Frekvensen og innhald skal stå i stil med risikoen i objektet. Øvinga skal: 1. Så langt som praktisk mogeleg alltid omfatte alle tilsette. 2. Skal ha ei mest mogeleg realistisk form og innhald. 3. Omfatte alle delar av det særskilde brannobjektet. Det skal øvast innsats mot dei typar branntilløp det er mest sjanse for kan oppstå. 4. Vise korleis alarmanlegg, sløkkeutstyr og andre tekniske innretningar inngår som ein del av brannvernet. 5. Alltid avsluttast med ei oppsummering og evaluering. Det skal alltid skrivast rapport. 8
8. Opplæring Dokumentera personalopplæring Alle tilsette og leiarar skal ha opplæring i brannvern før dei setjast i arbeid. Dette gjeld også vikarar. Plan for korleis dette blir gjennomført skal vera utarbeida. All opplæring skal dokumenterast og setjast inn under dette kapitlet. 9
9. Brannvesenet Tilsyn Dette omfattar ei vurdering av alle tilhøve som kan påverke risikoen for brann, og om dei tiltak som er gjort for å minske konsekvensane ved ein eventuell brann er gode nok. Tilsynsrapporten inneheld eventuelle avvik frå krava til brannsikring, merknadar og opplysningar om behov for tiltak. Permen for brannvern må vera lett tilgjengeleg ved tilsyn. Tilsynsrapportar, korrespondanse, oppgåve over falske alarmar osv. setjast inn under dette kapitlet. 10
10. Forsikring Kopi av gyldig brannforsikring skal setjast inn i dette kapitlet. Varme arbeid Forsikringsselskapa krev at den som utførar varme arbeid (bruk av verktøy som kan utvikle flamme eller gnist) skal ha sertifikat til dette. Varsling og registrering ved brann Forsikringsselskapet varslast på eit tidleg tidspunkt. Sikring av brannstad og restverdiar Etter ein brann sikrast brannstaden mot uvedkommande. Det setjast eventuelt ut vakt i samarbeid med brannvesenet for å hindre at brannen blussar opp igjen. Filref.: R\HMS\Brannvern\Perm for brannvern 11