Innhald til kurs i LingDys 3.0 samt ei innføring i LingRight 2.0 Bente H. Moxness LingIT AS INNHALD: 1. Innleining side 2 2. Å skriva med LingDys side 5 3. LingDys-innstillingar side 10 4. Eiga øving med LingDys side 18 5. Oppsummering side 18 6. LingRight side 19 1. INNLEIING Krav til PC-en Alle som skal bruka LingDys (LD) og LingRight (LR) må ha ein Windows-PC. (Me tar sikte på å tilpassa LD og LR til Mac og Linux.) NB! Nyare Mac-ar kan bli kjørte i PC-modus, og du kan bruka LD og LR på desse i PC-modus. Men merk at du då må installera Windows og Microsoft Office/Microsoft Word eller OpenOffice.org for PC. LD og LR erstattar høvesvis norsk ordliste og stavekontroll og engelsk ordliste og stavekontroll i Microsoft Office (MS Office) og OpenOffice.org (OOo). Det er ein såkalla full integrasjon, som gjer at stavekontrollen og ordlista i MS Office og OOo blir sette ut av spel. Dermed har du berre ein stavekontroll i funksjon, og du unngår å komma i tvil om kva stavekontroll du kan stola på. Språkinnstillingar Det er viktig at alle som skal skriva nynorsk, har ein PC med standardspråk sett til nynorsk, og at alle som skal skriva bokmål, har ein PC med standardspråk sett til bokmål. Dette valet styrer nemleg kva språk MS Office-pakken får, og dermed også kva ordliste og kva grupper med reglar LD vel å aktivera (bokmål eller nynorsk). Mange som bur i nynorsk-kommunar har PC-ar med bokmål som standardspråk. Dette må du altså endra. Installasjon av LD og LR Om det er tillatt for kursdeltakarane å installera programvare på dei PC-ane dei har tilgjengeleg under kurset, blir det gjort nå. Aktivering av LD og LR Etter installasjon: Be alle kursdeltakarar om å klikka seg inn på innstillingane til LD. Det gjer du ved å klikka på LD-blyanten i verktøylinja/knapperada i Word eller Writer eller ved å høgreklikka på LD-blyanten nede til høgre på skjermen og velja Vis innstillingar. - Vindauget for Innstillingar kjem opp. 2 1
- Sett LD til Aktiv under Kopling mot tekstbehandlar. - Vel Vis under Forslagsvindauge. Litt om prediksjon: La den enkelte brukaren velja om han/ho vil ha valet Vis prediksjon avhuka eller ikkje. Prediksjon betyr at du får forslag til ord mens du skriv, i motsetning til stavekontroll, som gir forslag ETTER at du er ferdig med eit ord. Prediksjonen i LD og LR baserer seg på dei bokstavane brukaren skriv inn, og tar ikkje omsyn til at du kanskje har starta ordet med feil bokstav, t.d. med ein j i staden for h, som i hjelp. For å få retta jelp til hjelp, må du bruka stavekontrollfunksjonen i LD. Prediksjonen i LD og LR tar også omsyn til orda som står framføre. Forslaga blir ein kombinasjon av bokstavane brukaren skriv og dei orda som i den tekstsamlinga orddatabasane til LD og LR byggjer på ofte kjem opp etter dei orda brukaren alt har skrive. For nokre brukarar er prediksjon ei god hjelp, men for andre blir det for mykje informasjon å ha prediksjon og stavekontroll samstundes. Her må du vurdera den enkelte brukaren, og heller gjera om på innstillingane etter kvart som brukaren blir vant til å bruka LD og LR. Kva program fungerer LD og LR med? LD og LR fungerer saman med Microsoft Word og OpenOffice.org Writer. LD og LR fungerer også delvis i Microsoft Power Point og Outlook i tillegg til tilsvarande program i OpenOffice.org, men her berre ved høgreklikking på feilstava ord som får raud strek. Forslagsvindauget til LD og LR fungerer ikkje her. Det gjer heller ikkje høgtlesing. Når LD og LR er installerte på ein PC, og har oppdaga MS Word på denne, vil LD og LR alltid opne seg samtidig med Word. Det er IKKJE naudsynt å opne LD og LR for seg sjølv først. Når du så opnar Word, vil du då kjøra to instansar av programma, og LD og LR kan hengje seg. Innstillingar i tekstbehandlaren (Word/Writer): - La brukaren få velje den fonten/skrifttypen han/ho likar best. Arial, Verdana, Comic Sans, MS Sans Serif og andre skrifttypar utan serifar ( taggar på bokstavane) blir som regel føretrekte av lese- og skrivesvake. Serifane gjer at bokstavane flyt meir saman og blir vanskelegare å lesa. - La også brukaren få velje den storleiken på skrifta han/ho likar best. - Lagre desse vala som standard, slik at kvar gong brukaren opnar eit nytt dokument, er det den føretrekte skrifttypen og -storleiken som dukkar opp. - Nokon likar også betre å ha linjeavstand 1,5 eller 2 (i staden for 1, som er standard). - Det er også mogleg å slå av raud strek-funksjonen ( Fortløpende stavekontroll ) i Word eller Writer medan brukaren skriv, om nokon blir ukonsentrerte og demotiverte av å få mange raude strekar undervegs. Når funksjonen blir slått på att, vil de raude strekane dukka opp. Men då er brukaren meir motivert for å gjere stavekontroll sidan han sjølv styrar dette valet. Sjå hjelpe-funksjon og instruksar i Word/Writer for dette. 4 3
2. Å skriva med LD Hjelpemiddel Fortel at LD og LR er HJELPEmiddel og ikkje LÆREmiddel. Det vil seia at verken LD eller LR er designa for å øva, drilla eller terpa på staving. Dei er kompensatoriske skrivestøtteprogram. Dette gjer at brukaren får ei hjelp som gjer at skriveprestasjonen betre kan bli samanlikna med skriveprestasjonar av andre utan lese- og skrivevanskar. I tillegg kan brukaren konsentrera seg meir om innhaldet i det han/ho skal formidla skriftleg, i staden for å bruka etter måten mykje energi på å sjekka og retta stavefeil. LD og LR gir ikkje hjelp med grammatikk det er notorisk vanskeleg å laga gode grammatikkontrollar, og det finst alt grammatikkontrollar i t.d. Word (dei grøne streka som dukkar opp av og til), men sjølv desse er langt ifrå feilfrie. Brukarar som er under utdanning skal framleis få undervisning og tilpassa opplæring, og du blir ikkje kvitt lese- og skrivevanskane dine sjølv om du får eit kompensatorisk hjelpemiddel. Men ved systematisk bruk av PC og hjelpemiddel gjerne i kombinasjon med læremiddel kan situasjonen for brukaren bli letta betrakteleg. Derfor er det viktig at også lærarar og andre i nettverket rundt brukaren set seg inn i LD, LR og eventuelle andre program, slik at dei kan hjelpa brukaren særleg i ein startfase. De som ønskjer det, kan når som helst bestilla demoar som varer i 2 månadar frå www.lingit.no. (Det er fullversjonar, men dei går altså ut på dato.) På den måten kan fleire setja seg inn i LD og LR. LD og LR erstattar den aktive ordlista og stavekontrollen i Microsoft Office og OpenOffice.org. Det vil seia at om Microsoft Word er satt opp med Norsk (bokmål) som standardspråk, og du har satt LD til aktiv, så vil Word opne LD samtidig med seg sjølv og LD vil aktivera si bokmålsordliste, bokmålsordbøker og bokmålskontroll. Om du endrar språket i Word til Norsk (nynorsk), vil LD aktivera si nynorske ordliste, Nynorskordboka og nynorskkontroll. Har du i tillegg satt LR til aktiv, og vel ein eller anna engelsk ordliste i Word, vil LR ta over med si engelske ordliste, engelsk-norsk/norsk-engelsk ordbok og engelskkontroll. Skriveprosessen (svært forenkla!): - Finn ut kva du vil skriva om tankar, idéar, tips frå andre obs. - Skriv ned det du har på hjertet, utan å tenkja på stavefeil. - Når du føler det er naturleg med ein pause eller når du meiner at du er ferdig med det du skal skriva kjører du stavekontroll. NB! For begynnarar kan det vera greitt å sjekka kvart ord etter kvart, dvs. ha forslagsvindauget ope heile tida og sjekka etter kvart som du skriv. - Når du er ferdig med stavekontrollen, les du igjennom det du har skrive. Bruk gjerne talesyntesen (anten den som finst i LD eller LR, eller ein annan, om du har det). Hugs at du ikkje må velja for mykje tekst til gjennomlesing vel setning for setning eller delar av ein setning. Då er det enklare å hugsa eventuelle feil du høyrer og retta dei opp der og då. Det er viktig å vita at jo meir du lærer om di eiga lese- og skrivesvakheit, dess betre blir du til å hugsa typiske feil du gjer. Dermed kan du lettare sjekka ord som du veit du har problem med. Læraren er altså viktig læraren skal motivera til skriving og lesing, og samstundes gjera brukaren klar over kva som er hans/hennar problemområde. Om både LD og LR er aktive saman med Word, kan det vera ein fordel å skjula forslagsvindauget til LR når du skal skriva norsk og bruka berre LD og vice versa. Skjuling av forslagsvindauget er også kjekt for dei som synes det er stigmatiserande å bruka et hjelpemiddel. Om forslagsvindauget er lukka, kan ingen umiddelbart sjå at ein har eit hjelpemiddel. Om eit ord får raud strek, så kan man høgreklikka på ordet og få LD eller LR sine forslag vist i Office-vindauget som kjem opp. Dette er mogleg fordi LD og LR er fullt integrerte i MS Office og/eller OpenOffice.org. Word trur altså at det er si eiga ordliste og sin eigen stavekontroll som blir nytta men det er altså LD eller LR sin som vert brukt. Også valet Stavekontroll og grammatikk frå Verktøy-menyen i MS Word syner forslag frå LD og LR igjen fordi LD og LR er fullt integrerte. 6 5
Brukaren kjem på denne måten heller ikkje tvil om kva forslagsliste ho eller han skal stola på, fordi forslaga i forslagsvindauget (om dette er opent) og forslaga ved høyreklikk/ Stavekontroll og grammatikk er like. Det kan også vera aktuelt å setja LR til inaktiv når du ikkje skal skriva engelsk, men aktivera programmet igjen når du har behov for det. Nå kan me starta å skriva med LD aktivert. Vis LD med standardinnstillingar, dvs. ikkje gjer nokon endringar i Innstillingar etter installasjon. Bruk t.d. teksten under, eller delar av han, for å øva med alle kursdeltakarane. Sørg for at alle skriv det same som du skriv og gjer dei feila som er i teksten. Bokmål På hytetur me bestefar Ret eter at somer ferien hade bjynt reiste jei å morfar på hyta. Det var strålene solsjin å mane varme grader. Vi ble svete på væi te hyta. Eter turn kune vi slape a i den hærli svale stua mens vi venta på at fisken skule bjyne å vake. Da sola jik ne fant vi fram ustyr å jore ås klar får fisketur. Garn å stang å sluker måte pakes i båten. Vi fik fire øreter på runt hall kjiloen. Nynorsk På hytetur me bestefar Ret ette at somer ferien hade bjynt reiste eg å morfar på hyta. Det var strålane solsjin å mangen varme grader. Me blei sletne på vai te hyta. Ette turn kune me slapa av i den hærli svale ståva mens me venta på at fisken sko bjyna å vaka. Då sola jek ne fant me fram fiskeutstyr å jore ås klar får fisketur. Garn å stång å slukar måte pakas i båten. Me fek fira aurar på runt hall kjiloen. Fortel at som alle stavekontrollar, er LD avhengig av at du trykkjer på mellomromstast, komma, punktum eller liknande for å skjøna at du er ferdig med eit ord. Fortel også at dei raude streka som dukkar opp er det Word som set inn. Word trur nemleg at han brukar sin eigen stavekontroll og ordliste. Er Word treig med å setja raud strek, så trykk på linjeskift. Viss ikkje det fungerer, så sjekk at Fortløpende stavekontroll ikkje er avslått i Word. Sjekk kva forslagsvindauget til LD foreslår for kvart ord. For nynorsk: me blir godtatt, så slå opp ordet i ordbok og sjå kva det betyr! Er det denne meininga me er ute etter i setninga? Vis at forslagsvindauget til LD oppdaterer seg om du set markøren i eit nytt ord. Vis at forslagsvindauget til LD kan: - Setja inn ord i teksten (dobbeltklikk på det ønskte ordet frå ordlista, eller klikk å piltasten i forslagsvindauget). - Lesa det ordet du står på i forslagsvindauget høgt for deg (klikk på snakkebobla i forslagsvindauget). Slå opp det ordet du står på i ordbok (klikk på bok-ikonet). Det er mogleg å få lese høgt teksten frå ordboka ved å klikka på snakkebobla til høgre i ordboksvindauget. For bokmål brukar me: o Norsk ordbok for grunnskolen (Kunnskapsforlaget) o Norsk Ordbok (Kunnskapsforlaget) For nynorsk brukar me: o Nynorskordboka (Samlaget) Vis deretter at du kan endra skrifttypen og -storleiken i forslagsvindauget: - Opne LingDys-innstillingar ved å høgreklikka på blyantikonet nede til høgre på skjermen. - Vel Avansert. - Vel arkfana Forslagsvindauge under Oppsett. - Klikk på Skrifttype og vel den skrifta du vil ha. Vis til slutt at det også er mogleg å slå opp eit ord frå Worddokumentet i ordbok: - Still markøren i ordet du vil slå opp. - Klikk på bok-ikonet i verktøylinja/knapperada til Word. - Eit nytt vindauge med ordboksoppslaget opnar seg. 8 7
Vis også at det er mogleg å få lese opp eit ord frå Word-dokumentet: - Marker ordet med datamusa. - Klikk på høgtlesingsikonet i verktøylinja/knapperada til Word. - Talesyntesen les ordet høgt. Vis heilt til slutt at du kan få lese opp heile setninga: - Marker setninga eller den teksten du vil ha lese opp. - Set i gong høgtlesing ved å klikka på snakkebobla på verktøylinja/knapperada til Word. - Talesyntesen les teksten høgt. 3. LD-innstillingar Be alle kursdeltakarane om å klikka seg inn på innstillingane til LD. Det gjer du ved å klikka på LD-blyanten på verktøylinja/knapperada i Word eller Writer, eller ved å høgreklikka på LD-blyanten nede til høgre på skjermen og velja Vis innstillingar. - Vindauget for Innstillingar kjem opp. - Klikk på valet Avansert nede til høgre i vindauget. - Vindauget utvidar seg. Det utvida vindauget har fem hovudkategoriar: 1) Oppsett 2) Brukar 3) Reglar 4) Talesyntese 5) Hurtigtastar 1) Oppsett Denne kategorien har 3 arkfaner: a) Forslag b) Kontrollmetode c) Forslagsvindauge (som me alt har sett på) Forklaring til arkfanene: a) Forslag - Tal på forslag: Her vel du kor mange ord du ønskjer at forslagsvindauget maksimalt skal visa deg. Det høgaste talet på ordforslag er 15. Standardinnstillinga er 6 forslag. Nokre brukarar, særleg dei som er i begynnaropplæring med skriving, taklar kanskje berre maksimalt 3 forslag i forslagsvindauget. Andre brukarar, t.d. dyslektiske studentar ved universitet og høgskular, kan takla maksimalt 10 forslag eller meir. Her må du ta omsyn til den enkelte brukaren. Merk at forslagsvindauget ikkje alltid vil visa like mange forslag som du har valt. Nokre 10 9
gonger finst det berre eitt forslag, og i nokre tilfelle kanskje ingen forslag. Døme: Skriv du ordet vil og har sett tal på forslag til 6, vil det komma opp 6 forslag i forslagsvindauget. Endrar du talet på forslag til 10, og skriv det same ordet vil så viser forslagsvindauget 10 ord som forslag. - Storleik på ordlista: Her kan du velja om du vil at prediksjonen og stavekontrollen til LD skal ta omsyn til heile ordlista eller berre delar av ho. Vel du heile ordlista, og lar glidebrytaren stå heilt til høgre, vil programmet kunna foreslå ein del ord som er relativt sjeldne i bruk. Om du vil avgrensa ordutvalet, kan du trekkja glidebrytaren mot venstre og stilla inn på ein av dei tre andre innstillingane. Jo lenger mot venstre du trekkjer brytaren, dess mindre blir ordlista. For begynnarar i skriveopplæring, kan det vera greitt med ei mindre ordliste, mens for vidarekomne kan heile ordlista brukast. Dette avhenger av den enkelte brukaren. Døme: Skriv du ordet mykje med stor ordliste (heilt mot høgre), gir LD deg fleire forslag i forslagsvindauget. Endrar du til lita ordliste (heilt mot venstre), vil du berre få tre forslag i forslagsvindauget. For ordet ordbok gjeld høvesvis tre og eitt forslag. - Vis ordet mitt først viss det er stava rett: Om du vil at det ordet du har skrive skal leggja seg øvst i forslagsvindauget om det er eit rett stava norsk ord som regel eit ord som ikkje har fått raud strek så skal dette valet vera huka av. På den måten er det litt enklare å sjekka visuelt om det du har skrive (øvste ordet i lista) heller skulle vera bytt med eit anna ord litt lenger ned i lista. Du slepp å flytta blikket mellom den staden i tekstdokumentet ordet står og forslagsvindauget, men treng berre flytta blikket litt nedover i lista. Døme: Skriv du skal, vil også forslaget sal komma opp like under. - Samansetjingar: LD har ein samansetjingsanalyse. Dersom eit ord du har skrive ikkje finst i ordlista til LD, sjekkar 11 samansetjingsanalysen om ordet kan vera eit samansett ord. Du kan velja fire innstillingar i nedtrekkslista for samansetjingar: - Ignorér: Samansetjingsanalysen blir slått av. Du får raud strek på ord som er samansette og som ikkje finst frå før i ordlista til LD. - Godkjenn: Ord som ikkje finst i ordlista til LD frå før, men som blir analyserte som samansetjingar, får ingen raud strek. - Foreslå nye: Ord som ikkje finst i ordlista til LD og blir analyserte som samansetjingar får ingen raud strek, og du vil få forslag i forslagsvindauget. - Foreslå nye, med skiljeteikn: Ord som blir godtatt som samansetjingar får ingen raud strek, og forslaga du får i forslagsvindauget har eit plussteikn (+) som viser skiljet mellom kvart ord i samansetjinga. Døme: Skriv ordet datamaskinkonsulent og sjekk kva som skjer ved kvar av dei fire innstillingane. - NB! Merk at samansetjingsanalysen vil kunna godta ordsamansetjingar som for oss ikkje gir noka meining. Du vil mellom anna få forslaget datamaskinkonsulen når du skriv datamaskinkonsulent. Analysen har ikkje høve til å skilje mellom kva me vil oppfatta som ei heilt grei samansetjing og kva som ikkje er det analysen forheld seg berre til det som er skrive og gir alternative forslag basert på skrivemåten. b) Kontrollmetode Under denne arkfana kan du velja på kva måte du vil at stavekontrollen skal skje. Du har fire moglege val me anbefaler å bruka ein av dei to første: - Regelstyrt stavekontroll: Her vil LingDys forsøkja å gi forslag ved hjelp av reglane som er aktiverte under kategorien Reglar. Om dette ikkje skulle gi resultat, vil LingDys prøva å bruka den vanlege enkle kontrollen som finst i programmet. Døme: Skriv du slapps, får du forslaga slaps og slapse i forslagsvindauget. LingDys finn altså forslag 12
ved hjelp av reglane og foreslår desse. - Utvida regelstyrt stavekontroll: Her brukar LingDys også dei aktiverte reglane og den enkle stavekontrollen, og dei orda som førekjem oftast i ordlista til LD, legg seg øvst. Her kan altså det øvste ordet komma frå basiskontrollen, og ikkje nødvendigvis frå reglane. Stavekontrollen er altså utvida med ein enkel stavekontroll i tillegg til den regelstyrte kontrollen. Døme: Skriv du slapps, får du forslaga slapp, slappe, slappa, slaps, slappas og slapse i forslagsvindauget. - Berre reglar: Her brukar LD berre reglane som er aktiverte under Reglar, og ikkje den enkle stavekontrollen. Døme: Skriv du jærne får du forslaga gjerne, hjerne, osb. i forslagsvindauget. - Berre enkel stavekontroll: Her blir berre den enkle stavekontrollen brukt. Berre enkel stavekontroll kan gi forslag på enkle stavefeil. Døme: Skriv du kåm, får du forslaget kom og ein del andre forslag i forslagsvindauget. Stavekontrollen trekkjer anten frå, legg til eller byter ut ein bokstav, eller byter om på to bokstavar i det du skreiv. Denne enkle stavekontrollen er lik den stavekontrollen som finst i t.d. Word og fungerer best for dei som ikkje har store rettskrivingsproblem. c) Forslagsvindauge Klikk på Skrifttype i denne arkfana, og vis at du kan velja skrifttype og skriftstorleik til forslagsvindauget (gjort alt under innføring sjå s. 6). Under Ikonstørrelse kan du velja om ikona i forslagsvindauget skal vera store eller små. Klikk på Små ikon og deretter Store ikon og sjå samstundes på ikona i forslagsvindauget. 13 2) Brukar Under denne hovudkategorien finn du to arkfaner: a) Brukarord b) Brukarreglar Forklaring til arkfanene: a) Brukarord: Om du har skrive eit ord som er stava rett, men likevel får raud strek i tekstbehandlaren, betyr det at ordet ikkje finst i ordlista til LingDys, og LingDys klarar heller ikkje å analysera det som eit samansett ord (om du har på samansetjingsanalysen). Slike ord er ofte spesielle fagord, terminologi eller slang. Døme: Ordet vinifikasjon er eit slikt ord. Vinifikasjon er læra om korleis ein dyrkar druer og lagar vin. Dette ordet blir brukt t.d. i restaurant- og matfag-undervisning i vidaregåande skule. For å unngå å få raud strek på dette ordet, skriv du det inn i tekstfeltet øvst til høgre i arkfana og klikkar på knappen << Nytt ord. Ordet legg seg nå i ordlista for Brukarord (det kvite feltet til venstre i arkfana). Det kan løna seg å få hjelp av nokon som er gode i rettskriving når ein legg inn brukarord, for å unngå skrivefeil. Hugs også å leggja inn alle bøyingsformene du har bruk for, t.d.: vinifikasjon vinifikasjonen vinifikasjonar vinifikasjonane b) Brukarreglar Om du har skrive eit ord feil og fått raud strek på det, men LingDys ikkje gir deg eit korrekt forslag til skrivemåte, så er dette ei feilstaving som LingDys sin stavekontroll eller reglar ikkje tar høgde for. Døme: Om du skriv ordet hener eller henner med tydinga ho, som i setningen Det var hener som sa det., så får du raud strek under dette ordet. Men ordet ho dukkar ikkje opp i forslagsvindauget. I dette tilfellet kan du skriva inn hener eller henner i tekstfeltet for Feilstaving under Ny regel på denne arkfana, og deretter ho i tekstfeltet Erstatt med like under. Deretter klikkar du på knappen <<Legg til regel. Regelen blir nå lagt til i lista over Brukarreglar til venstre. Du kan ta vekk avhukinga for ein regel for å gjera han inaktiv. 14
Du kan også fjerna ein regel ved å klikka på han med musepeikaren og deretter klikka på knappen >>Fjern regel. 3) Reglar LingDys inneheld ein del grupper som igjen inneheld reglar for retting av stavefeil. Desse gruppene kan du sjå på arkfana Reglar. Ein del skrivefeil oppstår fordi ein skriv slik ein snakkar. Talespråket har altså mykje å seia for ein del feil. I desse gruppene ligg det mange reglar som rettar slike feil. Ein del stavefeil er ikkje basert på talespråket, og desse finn du i dei to øvste gruppene Vanlige feil og Visuelle feil. Dei fem nedste gruppene kan ekspanderast ved at du klikkar på plussteiknet framføre dei. Desse gruppene inneheld undergrupper som du kan velja for å få retta skrivefeil som skuldast talespråket i dei områda gruppene har namn etter. Ekspander den hovudgruppe du tilhøyrer, og kryss av for den eller dei undergruppene du ønskjer. Du kan kryssa av for fleire grupper. Gruppene er: Vanlige feil: Her ligg reglar for feil som me kan seia er vanlege i store delar av landet. Visuelle feil: Her ligg reglar for feil som skuldast at enkelte bokstavar blir bytt om. Døme: p og b. Skriv du perre, kjem også forslaget berre i forslagsvindauget. Nord-Norge: Her finst reglar for feil som skuldast påverknad av talespråk i Nord-Noreg. Midt-Norge: Her finst reglar for feil som skuldast påverknad av talespråk i Midt-Noreg. Vestlandet: Her finst reglar for feil som skuldast påverknad av talespråk på Vestlandet. Sørlandet: Her finst reglar for feil som skuldast påverknad av talespråk på Sørlandet. Østlandet: Her finst reglar for feil som skuldast påverknad av talespråk på Austlandet. 15 4) Talesyntese I LingDys finst den kunstige stemma (talesyntesen) LingSpeak Arne. Du kan styra talehastigheita til denne stemma her. Skyv du glidebrytaren mot høgre, snakkar LingSpeak Arne raskare, skyv du glidebrytaren mot venstre, snakkar LingSpeak Arne seinare. Det er viktig at du som brukar programmet sjølv får bestemma hastigheita. Dette kan du endra når du måtte ønskja det. Under glidebrytaren for Talehastigheit finst to val: Les opp bokstavar: Kryssar du av for dette valet, vil LingSpeak Arne lesa kvar bokstav etter kvart som du skriv. Merk at LingSpeak Arne les bokstavnamna og ikkje lydane bokstavane representerer. Les opp ord: Kryssar du av for dette valet, vil LingSpeak Arne lesa kvart ord etter at du har trykka på mellomromstasten eller sett punktum, komma eller kolon. Desse to vala kan vera nyttige for dei som er i begynnarfasen av leseog skriveopplæring. 5) Hurtigtastar Det er mogleg å tilordna hurtigtastkombinasjonar til ulike funksjonar i LingDys. Det er framleis fullt mogleg å bruka datamusa og klikka deg fram til dei same funksjonane i programmet. Hugs at ein del hurtigtastkombinasjonar alt er opptekne av operativsystemet og program du har på PC-en din. T.d. er kombinasjonen Ctrl-tast og bokstaven Z ein hurtigtastkombinasjon for å fjerna den siste endringa du gjorde i Microsoft Office-program, altså angre-funksjonen. Du må derfor leita deg fram til ledige hurtigtastar. Her finn du to arkfaner: a) Generelle hurtigtastar b) Setje inn forslag 16
Forklaring til arkfanene: a) Generelle hurtigtastar Her kan du laga dine eigne hurtigtastar for følgjande funksjonar: Gå til føregåande forslag: Dette valet gjeld forslagsvindauget. Lagar du ein hurtigtastkombinasjon for denne funksjonen, lar han deg gå til forslaget over i ordlista i forslagsvindauget. Du kan også bruka piltasten for opp på tastaturet for denne funksjonen når du trykkjer hurtigtasten. Gå til neste forslag: Dette valet gjeld forslagsvindauget. Lagar du ein hurtigtastkombinasjon for denne funksjonen, lar han deg gå til forslaget under i ordlista i forslagsvindauget. Du kan også bruka piltasten for ned på tastaturet for denne funksjonen når du trykkjer hurtigtasten. Set inn merkt forslag: Dette valet gjeld forslagsvindauget. Lagar du ein hurtigtastkombinasjon for denne funksjonen, lar han deg setja inn det ordet du står på i forslagsvindauget når du trykkjer hurtigtasten. Les opp merkt forslag: Dette valet gjeld forslagsvindauget. Lagar du ein hurtigtastkombinasjon for denne funksjonen, får du lese opp det ordet du står på i forslagsvindauget når du trykkjer hurtigtasten. Vis innstillingar: Lagar du ein hurtigtastkombinasjon for denne funksjonen, kjem vindauget for Innstillingar opp når du trykkjer hurtigtasten. Slå opp i ordbok: Dette valet gjeld forslagsvindauget. Lagar du ein hurtigtastkombinasjon for denne funksjonen, kjem ordboksoppslaget for det ordet du står på i forslagsvindauget opp når du trykkjer hurtigtasten. 17 4. Eiga øving med LingDys La kursdeltakarane bruka LD fritt, anten ved å skriva sjølv eller ved å kopiera all teksten på side 6 og sjå kva LD gjer med ord som blir stava feil. 5. Oppsummering Eg gjentar som regel dette: Skriveprosessen (svært forenkla!): - Finn ut kva du vil skriva om tankar, idéar, tips frå andre som du spinn vidare på. - Skriv ned det du har på hjertet, utan å tenkja på stavefeil. NB! For begynnarar kan det vera greitt å sjekka kvart ord etter kvart. - Når du føler det er naturleg med ein pause eller når du meiner at du er ferdig med det du skal skriva kjører du stavekontroll. o Her: Vis gjerne LD med forslagsvindauge, oppslag i ordbok, høgtlesing av enkeltord, innsetting av ord - Når du er ferdig med stavekontrollen, les du igjennom det du har skrive. Bruk gjerne talesyntesen for å lesa/høyra. Hugs at du ikkje må velja for mykje tekst til gjennomlesing vel setning for setning eller delar av ei setning. Då er det enklare å hugsa eventuelle feil du les/høyrer og du kan retta dei opp med ein gong. o Her: Vis høgtlesing frå sjølve dokumentet 18
6. LingRight Eg plar å gå inn på LD-innstillingar og setja LD til Inaktiv. Deretter avsluttar eg Word. Nå vil ikkje LD komma opp samtidig med Word når eg opnar Word på nytt. Viss eg ikkje har LR aktivt, opnar eg BERRE LR, høgreklikkar på den blå blyanten som legg seg nede til høgre på skjermen og går inn på Vis innstillingar. Her set eg LR til Aktiv. Deretter opnar eg Word. NB! Det er viktig at du vel engelsk som språk i Word/Writer når du skal bruka LR. Det spelar ingen rolla kva engelsk ordliste du vel LR tar uansett over med si eiga liste og stavekontroll. Viss du lar Word/Writer stå på standardspråket (norsk), vil ikkje LR fungera. Dette gjeld også når du brukar berre stavekontrollane i Word/Writer også. I vindauget for språkval i Word, anbefaler me på det sterkaste å ta bort avhukinga for Identifiser språk automatisk. Då unngår du at Word hoppar tilbake til standardspråket (som oftast norsk) undervegs i skrivinga. Fortel at LR fungerer på same måte som LD. Kan du LD, så kan du også LR. Men nokre skilnader: Fortel at det ikkje finst noko val for samansetjingar. Ordsamansetjingar finst ikkje i same grad på engelsk, og dei orda som er samansette, er leksikaliserte og står som oftast i ordboka eller ordlista. Under valet Oppsett kan ordlista godt gjerast mindre enn på norsk. Det finst nemleg mange lågfrekvente ord (ord som ikkje førekjem særleg ofte i tekst) i engelsk som nordmenn svært sjeldan eller aldri har bruk for. Me brukar Engelsk-norsk/Norsk-engelsk blå ordbok i LR. Forslagsvindauget i LR har eit tekstfelt nedst med eit norsk flag framføre. Om det er norske ord du vil slå opp i ordbok for å få det engelske ordet, kan du skriva inn det norske ordet her. I feltet er det også lagt inn ein norsk ordprediksjon som gir deg forslag til norske ord som startar med dei bokstavane du byrjar å skriva inn. Når du anten har funne det norske ordet du vil slå opp i prediksjonsordlista, eller har skrive inn heile ordet sjølv, kan du klikka på knappen Slå opp til høgre. Då kjem norsk- 19 engelsk ordbok opp i eit eige vindauge. Alle ord som er markert med blått kan du klikka på, og dette ordet vil då bli sett inn i dokumentet der du har markøren. LingRight i bruk: Legg ned forslagsvindauget til LR, slik at folk ikkje ser forslaga som dukkar opp undervegs det kan verka litt forstyrrande, og det er artigare å sjå reaksjonane i ettertid. Nå kan du byrja å skriva på engelsk, med stavefeil. Eg plar bruka dette autentiske dømet som me har fått lov til å bruka. Det er skrive utan skrivestøtte hausten 2004 av ein 14-åring frå Nordland med godt engelsk ordforråd, god grammatikk. Han er dyslektikar. Mai vik in the steits Vi vent bai plein tu the bigg eppel. The djorni tuk meni auers. Feila i denne korte teksten tar ikkje den engelske stavekontrollen i Word. Den stavekontrollen er nemleg laga for folk med engelsk som morsmål, men dette er engelsk skrive med norsk lydskrift. Engelskspråklege utan kjennskap til norsk forstår ikkje kva som står. Vis at LR gir forslag til desse feila i forslagsvindauget. Vis at forslagsvindauget til LR oppdaterer seg om du set markøren i eit nytt ord. Vis at forslagsvindauget til LR kan: - Setja inn ord i teksten (dobbeltklikk på det ønskte ordet frå ordlista, eller klikk på piltasten i forslagsvindauget). - Lesa det ordet du står på i forslagsvindauget høgt for deg (klikk på snakkebobla i forslagsvindauget). - Slå opp det ordet du står på i ordbok (klikk på bok-ikonet. Det er mogleg å få teksten frå ordboka lese opp ved å klikka på snakkebobla til høgre i ordboksvindauget). 20
Vis deretter at du kan endra skrifttypen og -storleiken i forslagsvindauget: - Opne LingDys-innstillingar ved å høgreklikka på blyantikonet nede til høgre på skjermen. - Vel Avansert. - Vel arkfana Forslagsvindauge under Oppsett. - Klikk på skrifttype og vel den skrifta du vil ha. Vis til slutt at det også er mogleg å slå opp eit ord frå Worddokumentet i ordbok: - Still markøren i ordet du vil slå opp. - Klikk på bok-ikonet i verktøylinja/knapperada i Word. Vis også at det er mogleg å få lese opp eit ord frå Word-dokumentet: - Marker ordet. - Klikk på høgtlesingsikonet i verktøylinja/knapperada i Word. Vis heilt til slutt at du kan få lese opp heile setningar (talesyntesen er Microsoft Anna): - Marker setninga eller den teksten du vil ha lese opp. - Set i gong høgtlesing ved å klikka på snakkeboble-ikonet i verktøylinja/ knapperada i Word. Skriveprosessen for engelsk bør vera den same som for norsk (sjå s. 4). Finna eit engelsk ord når du ikkje kan finna det i vanleg norskengelsk ordbok: Kva gjer du når du veit korleis det engelske ordet blir uttalt, men ikkje finn stavemåten? Eg vil skriva Eg var veldig forvirra på engelsk og veit korleis det blir uttalt på engelsk. "I was very" er ikkje problematisk, men eg klarar ikkje hugsa stavemåten til confused. Det er ofte nettopp det som er hovudproblemet for dyslektikarar, nemleg å hugsa heile ordbilete. Og jo lenger orda er, dess verre er det. 21 Prøver eg å slå opp ordet i ordbok, finn eg det ikkje ingenting liknar på confused under bokstaven k. Går eg til norsk-engelsk ordbok og prøver å finna forvirra, så feilar det også, fordi eg har slått opp på få. Eg slit nemleg også med norsk rettskriving. Dette er eit mareritt ein dyslektikar har med ordbøker. Men: I det tekstfeltet nedst i forslagsvindauget til LR kan eg skriva inn fårvirra. Ordet forvirra vil komma opp i prediksjonen, og eg kan velja dette. Så klikkar eg på Slå opp-knappen til høgre for tekstfeltet. Då blir det kjørt ein enkel norsk stavekontroll samtidig med at LR slår opp forslaga frå stavekontrollen i norsk-engelsk ordbok. Ordboksoppslaget kjem opp i eit eige vindauge. Alle ord som er merkte med blått kan eg klikka på. Dei set seg inn i teksten der eg står med markøren. Dermed slepp eg å skriva av confused for hand med sjanse for stavefeil. Om eg blir eksponert for ordet veldig mange gonger, og lærer meg nokre pedagogiske knep for korleis ein stavar slike ord ( kån con og just used og så ein f i midten), kan eg kanskje klara meg utan ordboka, men det ligg eit stykke fram i tid. ---o0o--- 22