Aldersgrense; 6-10 klasse Pris; 500,- for medl og 700,- for ikkje medl. Plass; Matre, Matredalen og Stordalen Deltakarar; 20 stk Friluftscamp haust



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Hallo i nedslagsfeltet!

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Rapport Camp Svalbard vinter 2016

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å

4 x Friluftsskular i Ytre Sogn

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag»

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

linselusa bak er prøveleiaren

BARNEVERNET. Til beste for barnet

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

M/S NYBAKK SI HISTORIE

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Bli med TIL TOPPS. Norges sprekeste integreringsarrangement juni 2016

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Stemnehandboka for NKSF

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Skattekister. Frisenfeldt Spesialist på klassiske førskole-leker. Midt I din flotte gågate I Moss. Lekehuset

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Vi utnytter frosten som er ute og lager is skulpturer. V i bruker hansker, melkekartonger, vann, glitter, paljetter og konditorfarger.

Rapport Camp Svalbard vinter 2017

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Rapport Camp Svalbard vinter 2019

«Ny Giv» med gjetarhund

Labyrint Introduksjon Scratch Lærerveiledning. Steg 1: Hvordan styre figurer med piltastene

Terminprøve i matematikk for 8. trinn

SEPTEMBER 2014 INFORMASJON TIL FORELDRE OG FORESATTE

Kommunedelplan for oppvekst

JEG ER FRA AFGHANISTAN. Et undervisningsopplegg for 1. til 4. trinn

OK, seier Hilde og låser.

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SJØPOSTEN. September 2012

Vi tenner hodelyktene og det vakre, snødekte skoglandskapet åpenbarer seg. Over oss er det skyfritt og stjerneklart. Herlig.


SFO BØ SKULE SKULEÅRET

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Månedsevaluering fra Perlå januar 2011

Kick Off-samling på Folgefonn Gjestetun, Jondal.

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Informasjonsskriv fra Ulsmåg SFO november 2015

Preken 14. august s i treenighet Kapellan Elisabeth Lund. Tekst: Joh. 15, 13-17

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

GRØNNSTEIN-GLØTT. Informasjonsskriv for Sildråpen barnehager, Åsvang. avd. Grønnstein September 2015.

Årsmelding for O-gruppa 2015

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

NOVEMBER. Månedsplan for TREKANTEN. Fredag Torsdag Vi går på tur. Varm mat, Ta med leke dag Eventyr samling. Torsdag Mandag 5.

MÅNEDSRAPPORT FOR FEBRUAR PÅ MÅNEKROKEN.

Sommertur basecamp på Turtagrø i Jotunheimen august.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Held fram med nytt styre og nytt namn fredag 15. august :12. Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

St. Hans på Stranddalen.

Gjennomgang Ungdata-statistikken 2014

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Setring ved Håbakkselet Hareid

Nye regler om farskap og morskap

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Kom skal vi klippe sauen

Erfaring frå beredskapsøving i Bømlo kommune vinteren 2014

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Klokkeland Kapittel 1

6-åringar på skuleveg

Eksamen REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

Laila`s turblogg. Laila`s turblogg: Utvær fyr, lengst vest i lan...

1: Forord. Ressursgruppen for livsnære fellesskap, august 2014 Lise Sæstad Beyene Dagfinn Jensen Marianne Kirkeby

Bondefrøkens INTERVALLMORO

Transkript:

YST- ung Årsmelding Ytre Sogn Turlag hadde som mål å satse på ungdommen i 2014, og skape aktivitet for denne alders gruppa. Det blei gjennomført ved at ein arrangerte tre ulike friluftscampar for ungdom, der målet var å gje dei «smakebitar» av friluftslivet gjennom ulike årstider og gjennom ulike aktivitetar. Friluftscamp Vinter Aldersgrense; 5-10 klasse Pris; 400,- for medl og 600,- for ikkje medl. Plass; Stordalen Deltakarar; 22 stk Årets første friluftscamp var ein vintercamp med ulike formar for vinter aktivitet. Den blei gjennomført i Stordalen i februar med 22 ungdommar og 7 vaksne, som fekk ei innhaldsrik, aktiv, allsidig og vær hard helg i vinterfjellet. Berg Fritid med Arne Berg var inn leigd for å sikre oss kompetanse og sikkerheit for å kunne ferdast i dårleg vær i vinterfjellet og for å vere rettleiar i dei ulike aktivitetane. Stordalen fjellstove var basen vår, og her overnatta me og hadde fellesmåltid utan om dei me hadde ute. Planen var at me kanskje kunne ligge ute i snøhole nokon av nettene, men været tillèt oss ikkje det. Me starta fredagskvelden med nattski tur i eit forferdeleg snøvêr, hagl og sterk vind. Då var me alle glade for at me hadde både god kompetanse og kjent folk med oss. For mange ble dette den første nattskituren, den første skituren i eit slikt vær og mange kjente nok på at alt første kvelden hadde ein pressa grenser og meistra nye ting. Laurdagen var det aktivitetar i Stordalen skisenter som sto på programmet. Her delte me oss i grupper og dei som ville fekk trene på introduksjon og teknikk i slalåm, andre fekk prøve telemark kjøring og andre igjen fekk prøve snowboard. Målet var at alle skulle trene seg på noko dei ikkje hadde gjort før. Ein spennande dag der me hadde felles base for kakao, fisk på bål og ein pust i bakken. Vel i hus igjen tørka me opp igjen vinterkleda og fekk oss ein felles middag før me på nytt kledde oss opp og tok hovudlyktene på. Då var ein klare for natt tur med truger. Spennande og nytt for mange, og vel framme ved målet kveikte me bål og nytte vinterhimmellen. På trugeturen var ein inndelt i ulike grupper og målet var at ein skulle trene op å vere turleiar. Kvar enkelt i gruppa fekk gjennom turen prøve det å vere turleiar, ta ansvaret og sikre seg for at alle hadde det bra og kom seg fram. Tanken vår var å trene ungdomane på turleiar rolla i ukjende og utfordrande terreng og forhold. Søndagen var me klare for ein langrennstur og der me gjekk same løypa som me hadde gjort på nattski turen. Spennande å sjå terrenget i dagslyset. Appelsin steinen

var målet for turen og her blei det arrangert div skileik og ein lærte seg å lage bål av buntar med fjellbjørk. Helga avslutta me med fellesmiddag, bilde show og med ei kjekk oppsummering over helgas aktivitet. Friluftscamp Sommar Aldersgrense; 6-10 klasse Pris; 400,- for medl og 600,- for ikkje medl. Plass; Litle Færøy Deltakarar; 13 stk Friluftscamp sommar vart arrangert på Litle Færøy. Her fekk ein prøve klatting i konglomeratberg, kajakkpadling mellom holmar og sund og roing i Kystled Solund med tradisjonelle færingar. Roar Moe stod gjestfri, smilande, stødig og tok oss vel imot på bryggja då båten la til kai på Litlefærøyna fredags ettermiddag. Ei heil helg skulle 13 ungdomar med turleiarar nyte det gode liv her ytst i Norges vakraste kystlandskap. Det første me måtte ta fatt på var å byggje oss «hus» for helga. Gutane låg i lavvo, mens jentegjengen sov i eit stort militært felttelt. For å få dette på plass måtte alle ta eit tak. Samarbeid rundt felles arbeidsoppgåver gjev alltid resultat, og snart gjekk praten så lett som berre det. Frå no av var me ein gjeng friluftsglade ungdomar som nytte det gode selskap og kystlivet. Når soveposane var rulla ut og kvar og ein hadde funne sin plass var det klart for kveldsmat i løa. Eit stort og flott langbord møtte oss med god kvardagskost. Som turleiarar kjende me då på lykka over samhaldet, praten og gleda over å samle slik flott ungdom. Roar Moe leia an under kveldsmåltidet og fortalde ungdomen historia om Litlefærøyna, respekt for naturen og livet me har rundt oss, om friluftslivets gleder, oppturar og utfordringar, og om viktigheita av samarbeid og respekt. Inn i mellom spedde han på med gode historier, gåter og skrøner. Laurdags morgon vakna ein til God morgon song av turleiarane, til «glede for alle», og klokka åtte blæs Roar i hornet, havregrauten var klar. I dag var det klattring og kajakkpadling som stod på programmet. Me delte gruppa i to, for å få best mogleg tid til den enkelte og for at alle skulle få god tid i klatreveggen og til kajakk instruksjon. Nils Bjørgo og Trond Osland var kajakkinstruktørar og leia begge gruppene trygt gjennom ein fantastisk dag i det våte element. Her fekk ein introduksjon i grunnleggjande og sikker kajakkpadling. Spesielt spanande syntest ungdomane at kameratredning var. Me fekk og sjå og oppleve delar av kystlandskapet som me aldri før hadde sett. Me hadde vel alle høyrt om «Tusen og ei natt» men no var det «tusen øyar riket» som sette spor i oss. Dette kystlandskapet med sin særeigne og unike natur gav utan tvil meirsmak, og for nokon av oss så vart me nok bergtatt eller rettare

sagt «sjøtatt» for resten av livet. I fjellveggen litt nord for husmannsplassen på Lite Færøy var klatreinstruktøren Martin Galåsen og hjelparen Espen Trovåg klare med tau og selar. Her var det klart fem ulike klatreløyper av ulik vanskegrad. Klatreskoa og hjelmane kom fort på og humøret var på topp. Godt var det med stødige, tolmodige og oppmuntrande klatreinstruktørar når veggen vart vel bratt, fingrane såre og ømme, beina slitne eller når fotfestet glapp. Noko frostige, slitne og svoltne møttest me rundt middagsbordet om kvelden. Fiskegratengen gjekk ned på høgkant. No kunne ein høyre latteren og praten lange vegar frå løa, for alle hadde mykje på hjartet etter dagens opplevingar og utfordringar. Roar hadde kvelden før snakka om friluftslivets gleder, utfordringar og oppturar, og i dag hadde me nok alle kjent på det. Når været gav oss utfordringar i kajakken og kulda gav oss naglebit, sjølv no på sein sommaren, og når fingertuppane var numne, såre og kreftene nesten borte ja, då kjende ein på utfordringane og motløysa. I det same så kjende ein på styrken av samarbeid og oppmuntring frå dei andre i gruppa og kva verdi den hadde. Og så, plutseleg, meistra enn den «umoglege»! Ein kjende på oppturen i friluftslivet, mestringsgleda og adrenalinkicket over å fiksa kameratredninga, å nå toppen og kunne rappellere seg nedover igjen. Søndagen var det felles tur til Færøyna som stod på programmet. I tillegg ville ein gje ungdomen eit innblikk i kystkultur og roing. Her måtte ein leggje til rette for sjøsetting, sjøsette dei to færingane som høyrer til Kystled Solund, og ein seksring, og få om bord det utstyret ein trengde. Vidare måtte alle finne sin plass og ta sitt rotak om me skulle nå dagens mål. På blikkstille fjord rodde me langs øyar og holmar. Høyrde takten frå båtane, eitt to, eitt- to, der me seig framover sjøen. Vel framme måtte ein lære seg å fortøye og forlate båtane i den stand ein ville finne dei igjen. Så tok me sekken på ryggen, og rusla oppover med nok eit spennande må, Færøyhola. Det var trongt og me måtte ned i kneståande for å komme oss inn. Så var det å følgje den smale opninga mellom berga heilt inn i grotta. Spennande og utfordrande, og ei ny oppleving for mange av oss. Nok ein gong blir ein overvelda over naturens mangfald og at mange av desse naturskattane ligg rett utanfor stoveglaset vårt. I grotta kveikte me bål og åt nistepakken vår. Gaute hadde fått fisk på turen og han delte gjerne med reste av gjengen, så her blei det også ny steikt fisk på menyen. Når båtane var komne på plass i naustet att og alt hadde komme til rette så var konklusjonen klar; - Ingen ting gjer seg sjølv og ingen ting gjer seg utan samarbeid! Ein fin konklusjon ein av våre flotte ungdomar. Samhald, vennskap og gleda over eit aktivt friluftsliv gjekk hand i hand der me avslutta helga med eit felleshopp i havet. Litlefærøyna hadde sett sine spor i oss alle! Friluftscamp Haust.

Aldersgrense; 6-10 klasse Pris; 500,- for medl og 700,- for ikkje medl. Plass; Matre, Matredalen og Stordalen Deltakarar; 20 stk Friluftscamp haust blei arrangert siste helga i haustferien og for ungdommar i alderen 11-15 år, i Stordalen. Denne gongen var det 20 ungdommar som var med i tillegg til 4 vaksne samt Arne Berg, frå Berg fritid, som hadde hovudansvaret for sikkerheit rundt div aktivetatar og som kjent mann i område. Me starta nede på Matre på fredag, kor det var oppmøte kl. 13.00 ved buldresteinen. Her var det klar gjort til fleire aktivitetar, mellom anna klattring, rappellering, via ferrata, dirt-bike og buldring. Då vi ikkje hadde vêrgudane med oss vart det diverre ikkje overnatting ute, men vi tok ei ekstra natt på fjellstova i staden. Det var også planlagt matlaging ute i ei hole, kor det var funnet spor av menneska for 2500 år sidan. Me skulle ha fisk på bål akkurat det same som truleg dei også hadde hatt sidan det her også var funne restar etter fiskebein frå langt tilbake i tid. Men sidan været ikkje hadde vert på vår side denne dagen, og det hadde stri regna heile dagen var det klart at ein trengte å få varmen i seg igjen og få «tørka seg opp igjen». Me valde derfor å berre kveike bål og høyre historia om Matre hola, buldre aktiviteten i området og muligheitene som her ligg. Etter det tok me turen til fjellstova der me hadde laks på menyen til kvelden. Laurdagen var det sykling, fjelltur og nattorientering som sto på programmet. Det tok litt tid å finne syklar og hjelmar til alle saman. Til slutt kom vi oss av garde og begynte å sykle opp mot Langevatnet. Etter eit par pust i bakken på vegen opp, kom vi til Langevatnet kor vi sette frå oss syklane og tok beina fatt mot Stordalsvarden. Undervegs blei det gjort dugnad i form av bygging av vardar. Varde bygging er ein sentral og viktig jobb i DNT samanheng og viktig at ungdommen også kjenner til denne verdien. På veg opp slo vêret om, og vi fikk både vind og regn opp mot toppen. Men vi kom oss opp og etter matpakka var ete opp sette vi kursen ned mot syklane igjen. Vel nede ved syklane fekk nokon seg en ekstra tur med syklane ut i terrenget, medan resten trilla ned att til fjellstova. Vel nede var det berre å få alt tøyet inn i tørkerommet, for seinare på kvelden skulle vi ut att og prøve oss på nattorientering. Etter at tacoen var oppeten, «som seg hør og bør» på ein laurdag, og mørket seig på, bar det ut igjen i små grupper. Kvar gruppe var utrusta med refleksvest, hovudlykt, kart og ikkje minst kompass. Alle gruppene begynte likt med nokon enkle postar langs vegen før det bar ut i terrenget. Dette blei ei større utfordring, då et var ganske vått i terrenget og det enda opp med at nokon fekk seg eit lite nattbad. For nokon blei lysing etter fisk i elvane ein spennande aktivitet og jammen slo fiskelykka til. Både å lyse etter fisk og det å fange fisk med nevane vart for mange ei heilt ny oppleving!

Søndagen gjekk turen opp Stegane, kor det i følgje historia var der kor Sterke-Lars gøymde seg da han vart lovlaus på 1700-talet. Dette er ein luftig tur, der ein til tider går nesten rett opp fjellveggen, og ein går også igjennom nokre store gjettegryter. Vel oppe ved Hummelvatnet, så delte ein gruppa i ulike aktivitetar. Nokon hadde ansvar for mat på bål, andre fiska frå land, nokon fiske frå båt, nokon fekk prøve å otre etter fisk og nokon fekk ville prøve å rappellere seg 20 meter ned i gjettegrytene. Vi avslutta helga med ein felles middag for deltakarane og foreldre oppe på fjellstova. Resultatet etter desse tre friluftscampane er at me har fått ungdommar som har lyst til å etablere DNT ung gruppe. I tillegg har dei vert med å presentert ungdomssatsinga vår både på fellesmøte til Sogn og Fjordane Turlag og på Bergen og Hordaland Turlag sitt fellesmøte. Me har fått ungdom og foreldre som etterspør aktive for denne målgruppa, og me synest at det har lagt eit godt grunnlag for vidare aktivitet, turglede og eit allsidig friluftsliv for ungdommen i Ytre Sogn Turlag. Etter friluftscampane har det vert publisert bilde og camp referat både i sosial mediar og lokal aviser. Hovudturleiarar på alle dei tre friluftscampane våre har vore Tor Arne Hauge og Linda M. Hantveit. Me har i tillegg hatt god hjelp av foreldre som har meldt seg som turleiarar til dei ulike campane, og Espen Bruun som er tilsett som DNT ung ansvarleg i Sogn og Fjordane har delteke på to av campane våre. Vidare må ein få rette ein stor takk til Arne Berg i Berg Fritid og Roar Moe på Liten Færøy for eit godt samarbeid. Eit samarbeid bygd på kvalitet, kompetanse og friluftslivets gleder! Linda M. Hantveit