BARNEVERNET. Til beste for barnet



Like dokumenter
BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til barnets beste

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Til deg som bur i fosterheim år

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Foreldreundersøking i skule 2006

Kommunedelplan for oppvekst

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Tiltaksplan mot mobbing

Info til barn og unge

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Bjørnehiet SFO - informasjon

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Nye regler om farskap og morskap

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Plan for Liabygda SFO

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Innsats i BTI Barnevern

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Alderspensjon frå folketrygda

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Rutineplakat for udokumentert fråvere i skulen

1. FØREMÅL Sikre heildøgns helsehjelp til dei som ikkje får ivareteke eigenomsorg i eigen heim.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

Lag riktige setningar

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Samvær. med egne. barn. under soning

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Sandeid skule SFO Årsplan

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

1 Utgreiing av søknaden

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Ungdomsundersøking Stord april 2015

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Du må tru det for å sjå det

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Barnet si stemme i NAV. Loen

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Barnerettane i SKULEN

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Vurderingsrettleiing 2012

Tilsyn med fosterhjem

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Transkript:

BARNEVERNET Til beste for barnet

BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet (til dømes ved åtferdsproblem eller rus). Foreldra har ansvar for å gje ungane sine omsorg. Men dersom foreldra slit eller har det vanskeleg, skal barnevernet hjelpe til, slik at barn og unge får den omsorga dei treng. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får hjelp og omsorg til rett tid, og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstkår. Til beste for barnet Barnevernet må ta utgangspunkt i kva som er til beste for barnet. Nokre gonger kan dette kome i konflikt med kva foreldra synest. Barnevernet skal først og fremst gje hjelp og støtte til foreldra, slik at dei sjølve kan vere gode omsorgspersonar for ungane sine. Dersom denne hjelpa ikkje er nok eller problema til foreldra er for store, kan det vere aktuelt å plassere ungar utanfor heimen for ein kortare eller lengre periode. BARNEVERNET / BUFDIR 3

VI HAR DET VANSKELEG. KAN BARNEVERNET HJELPE? Alle kan ein eller annan gong i livet kome i ein vanskeleg livssituasjon der dei har behov for hjelp og støtte til å ta hand om omsorgsbehovet til eigne ungar. I slike tilfelle har barnevernet eit ansvar for å hjelpe familien. Mange synest det er vanskeleg å ta kontakt med barnevernstenesta fordi dei er redde for at barnet vil bli teke frå dei. Overtaking av omsorg er eit svært alvorleg steg å ta både overfor barnet og foreldra. Det må derfor vere gode grunnar for at dette skal skje. Om du treng hjelp av barnevernstenesta, kan du ringje den kommunen du bur i, og be om ein avtale. Når du møter opp til ein samtale, vil du saman med barnevernet kartleggje kva behov for hjelp og støtte din familie har. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime, slik at ungar og foreldre kan leve saman. Dette kallar vi for hjelpetiltak, og det kan til dømes vere råd og rettleiing til familien foreldregrupper støttekontakt økonomisk støtte til barnehageplass økonomisk støtte til skulefritidsordning (SFO/AKS) økonomisk støtte til fritidsaktivitetar eller anna avlasting i helgar eller besøksheim Det er også mogleg å søkje hjelp ved familievernkontora. Der kan familiar få rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem og vanskar, konfliktar eller kriser i familien. 4 BARNEVERNET / BUFDIR BARNEVERNET / BUFDIR 5

EG ER UROA FOR EIT BARN EG KJENNER. BØR EG TA KONTAKT MED BARNEVERNET? Som mor eller far er du kanskje redd for å kontakte barnevernet. Som slektning, nabo, lærar eller liknande er du kanskje usikker og redd for å blande deg inn. Dersom ein ikkje tek kontakt, kan resultatet bli at ungar og foreldre ikkje får den hjelpa og støtta dei treng, og som dei har krav på etter lova. Ikkje ver redd for å ta kontakt med den lokale barnevernstenesta. Ring og fortel om problemet ditt eller uroa di. Fagpersonane frå barnevernet kan gje deg mange gode råd og tips om kva du kan gjere vidare, og om korleis dei kan hjelpe deg eller den du er uroa for. Synest du det er ubehageleg å kontakte barnevernet, kan sosiallærar, helsesyster, rådgjevar eller andre vaksne hjelpe deg med dette. 40 prosent av alle barn som fekk hjelp av barnevernet i 2012, fekk råd og rettleiing. 20 prosent fekk eit tilbod om besøksheim, og 19 prosent av ungane fekk økonomisk støttande tiltak. Over 80 % av alle barn som barnevernet engasjerer seg i, får frivillige hjelpetiltak. (SSB) Kan eg vere anonym når eg melder? Du kan sjølv velje om du vil vere anonym når du kontaktar barnevernstenesta. Du kan velje å melde inn saka anonymt, slik at verken barnevern eller foreldre veit kven som melder. Hugs at familien får høve til å sjå meldinga, slik at dersom du til dømes skriv at du er tante til barnet, kan du lett bli kjend att. Dersom du vel å ikkje vere anonym, vil foreldra kunne få vite kven som har meldt om uro til barnevernet. BARNEVERNET / BUFDIR 6 BARNEVERNET / BUFDIR 7

KVA SKJER NÅR BARNEVERNET FÅR EI UROMELDING FOR EIT BARN ELLER EIN FAMILIE? Barnevernet får ofte ein telefon eller eit brev der nokon fortel at dei trur at eit barn eller ein familie ikkje har det bra. Dette kallar vi for ei uromelding. Barnevernet har plikt til å gå gjennom uromeldingar og vurdere om dei skal undersøkje sakene vidare eller ikkje. Dersom barnevernet finn grunn til å undersøkje ei sak nærare, kan det hende at barnevernet tek kontakt med den som har meldt frå, for å få meir informasjon om kvifor det er sendt inn ei melding om uro. Andre gonger har ikkje barnevernet behov for dette og tek i staden direkte kontakt med foreldra til barnet for å undersøkje saka vidare. Då blir gjerne foreldra kalla inn til ein samtale på kontoret eller heime. Dersom barnevernet kjem på besøk heime hos foreldra, blir det først sendt eit brev om at barnevernet kjem på besøk. RETTANE TIL FORELDRE OG FØRESETTE Foreldre som barnet bur hos, og foreldre som i tillegg har foreldreansvaret for barnet, er partar i ei barnevernssak. Dersom du er part i saka, har du; rett til å sjå dokumenta i saka rett til å klage på vedtaket frå barnevernet rett til å møte i fylkesnemnda og seie di meining rett til gratis advokathjelp i fylkesnemndssaker og rettssaker rett til å klage på vedtak som er gjorde av fylkesnemnda, og anke desse for domstolane rett til å kunne be om at vedtak om overtaking av omsorg blir oppheva Når foreldra møter barnevernsarbeidaren, får dei informasjon om uromeldinga, og i dei fleste tilfella får dei lese henne sjølve. Etter at ein har fått vite meir om meldinga, snakkar barnevernsarbeidaren og familien om det som er skrive. Ofte vil barnevernet også snakke med andre som kjenner barnet og familien, som helsestasjon, barnehage, skule, PP-teneste og liknande. Gjennom undersøkinga skal barnevernstenesta finne ut om dei treng å følgje opp saka eller ikkje. 8 BARNEVERNET / BUFDIR BARNEVERNET / BUFDIR 9

FNS BARNEKONVENSJON Konvensjonen slår fast at alle menneske under 18 år er barn, og at dei dermed er omfatta av barnekonvensjonen. RETTANE TIL BARN: Alle barn er fødde frie og er like mykje verde. Alle barn har rett til eit namn og ein nasjonalitet. Alle barn har rett til vern. Alle barn har rett til best mogleg helsehjelp og nok mat og drikke. Alle barn har rett til å bli høyrde og bli tekne omsyn til. Alle barn har rett til å gå på skule. Alle barn har rett til leik, fritid og kvile. Alle barn har dei same rettane. Ringje Du kan også ringje barnevernstenesta i den kommunen barnet/ungdommen oppheld seg i. Når du ringjer, kan du få snakke med ein som jobbar i barnevernstenesta om det du uroar deg for. Då kan du få råd og tips om kva du bør gjere vidare. Du kan vere anonym. Møte Avtal tid for ein samtale. Mange barnevernstenester har sett av tid til å ta imot råd- og rettleiingssamtalar. Dersom du ønskjer dette, ring barnevernstenesta i kommunen din og spør om dei har ledig tid. I slike samtalar kan du få snakka om det som uroar deg, og få rettleiing om kva du bør gjere vidare. Du kan også ta med ein person som støtte. DERSOM DU TRENG TOLK, KAN DU BE OM DETTE FAMILIERÅD Tradisjonelt er det barnevernet som avgjer kva som skal skje i barnevernssaker. KORLEIS TEK EG KONTAKT MED BARNEVERNET? Sende brev Du kan sende ei skriftleg melding om uro i posten. Då skriv du eit brev der du fortel at du treng hjelp og ønskjer ein avtale med barnevernet. Du kan sende ei skriftleg melding i posten dersom du er uroa for eit barn. Då må du skrive litt om kva problemet er, kven det gjeld, og korleis barnevernstenesta kan kome i kontakt med personen. Familiar som er i ein vanskeleg situasjon, kan også få hjelp til å gjennomføre eit familieråd. Eit famitlieråd er eit møte der familien er samla med slekt og andre som har mykje å seie for barnet. Familien blir einig om kva dei synest bør gjerast for at barnet og familien skal få det betre, og diskuterer dette med barnevernstenesta. Dersom du har vorte utsett for ei skremmande eller ubehageleg hending, eller dersom du eller nokon andre du kjenner, opplever noko vanskeleg i familien, ta kontakt med barnevernsvakta eller alarmtelefonen 116 111. 10 BARNEVERNET / BUFDIR BARNEVERNET / BUFDIR 11

dinamo / ILLUSTRASJONSFOTO: TINE POPPE Postadresse Postboks 2233 3103 Tønsberg Besøksadresse Stensberggaten 27 0170 Oslo bufdir.no