1 Teknologi og fargar RGB RGB står for fargane raud, grøn og blå. Det er desse fargane som kan visast på ein fargeskjerm. I dette heftet skal du læra meir om korleis matematikk er eit verktøy i bruk av fargar i datateknologi. Det matematikkfaglege innhaldet er totalsystemet og det heksadesimale talsystemet. Samanhengane for bruk av fargar er verktøya WORD, INTERNETT, CLASSFRONTER, PAINT Posisjonssystemet er ein del av fagstoffet i det obligatoriske matematikkurset i allmennlærarutdanninga. 1. RGB og WORD Vel Format/Kantlinjer og skygglegging/ og du får dialogboksen Kantlinjer og skyggelegging Vel Flere farger som vist nedanfor: Til vanleg plukkar du fargane frå den sekskanta fargeveljaren. Som tillegg kan du definera fargane sjølv ved å velja Egendefinert:
2 Du kan no blanda fargane raud, grøn og blå. Du kan no få fram raud vel å skriva 255 i ruta for raud som vist nedanfor. Du har høve til å velja mellom verdiane 0-255 ved å skriva i rutene eller bruka knappane til høgre for raud. Prøv deg fram. Prøv ut dette stemmer:
3 Raud (255) og Grøn (255) gir Gul Raud (255) og Blå (255) gir Magenta Grøn (255) og Blå (255) gir Cyan Du kan blanda dine eigne fargar med å gjera valga 0 255 for raud, grøn og blå. Nedanfor er dette vist for Raud (115), Grøn (170) og Blå (40). Talet på handlingar vert 256 256 256 = 16777216 eller omlag 16,7 millionar handlingar. 2. Totalsystemet og sekstentalsystemet Datamaskiner brukar totalsystemet eller det binære talsystemet. Informasjonen vert gitt som spenning på eller spenning av (symbola 0 og 1). I eit 8-bitars fargevalg av raud er det 2 8 (256) val. Det er tungvint å arbeida i eit system med 8 siffer for kvar kode. Difor skriv me i eit heksadesimalt system som er ein forkorta måte å skriva binærkode på. (kombinerar fire og fire binære siffer). 10010100 to = 1 2 7 + 1 2 4 + 1 2 2 = 128 + 16 + 4 = 148 ti I eit heksadesimalt system brukar me symbola slik: Titalsys. 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 Heksadesimale 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 A B C D E F sys. 10010100 to = 94 seksten = 148 ti ( Merk deg at dei fire først siffera 1001 er ni og dei fire siste siffera er fire). Binærkoden for raud nr 148 er såleis 10010100 medan den den heksadesimale kode er 94.
4 I kvart av biletpunkta (pikslar) er det såleis tre små fargeprikkar: ein raud, ein grøn og ein blå. Koden #1778DF er gitt i heksadesimale kodar: Raud nr 23 Grøn nr 78 Blå nr DF( 13 16 + 15 = 208 + 15 = 223 Dialogboksen for valet er: Årsaka til at det er 256 val for kvar farge er: Det største talet me kan skriva som eit tosifra heksadesimalt system er FF (255). Medrekna 0 vert det såleis 256 val. I WORD skriv brukaren fargekoden i titalsystemet. Me skal no sjå døme der fargekodane vert gitt i sekstentalsystemet. 3. RGB og Classfronter Classfronter er eit pedagogisk støttesystem som vert brukt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Me skal no sjå på bruk av Editor som eit hjelpemiddel til utheving av tekst med bruk av fargar.
5 Me markerer teksten som skal fargeleggast og vel som vist nedanfor: Me vel farge som vist i dialogboksen
6 Valet har koden #ff9ece (det er brukt små bokstavar) Raud: ff skesten = 255 ti Grøn: 92 seksten = 146 ti Blå: ce seksten = 206 ti I fargeveljaren har du 40 fargar å velja mellom. Ønskjer du velja ein annan farge kan du skriva koden rett i ruta for farge: Du får såleis tilgang til fleire fargar enn dei oppgitte fargane. Sjølvsagt må du vurdera om fargen er tenleg for den bruken som er tiltenkt. 4. RGB og Internett På nettsida http://www.hisf.no/alu/fag/matematikk/friksdal/narmiljoet.html finn du bruk av fargar på tekst som i overskrifta:
7 Du kan sjå kodane for dette ved å velja Vis/ Kilde som vist nedanfor: Her er HTML - koden for teksten Friksdal <FONT COLOR=#ff0080> 5. Bruk av matematikk Me tek no i situasjonar om bruk av matematikk i RGB: 1) Du har gitt ein fargekode i eit heksadesimalt system og vil omforma den til desimalsystemet. Dette har ein behov for når du vil bruka ein fargekode frå internett og skal bruka denne fargen i t.d. WORD 2) Motsett av 1) ovanfor. 3) Omforma både heksadesimal og desimal fargekode til binær kode. Dette er behovet i programmering. Situasjon 1 Her er eit utsnitt av fargar gitt i heksadesimale kodar: #66ff00 #66ff33 #66ff66 #66ff99 #66ffcc #66ffff
8 Ønskjer du bruka fargane i t.d. Word må du rekna ut dei desimale kodane. For 66ff00 vert dette: Raud: 6 16 + 6 = 102 Grøn: 15 16 + 15 = 255 Gul: 0 Ønskjer du bruka fargen #66ff00 må du såleis skriva desse kodane i fargeveljaren: Situasjon 2 Paint er eit gratisprogram i Windows. Du finn det slik på Programmer/Tilbehør/Paint
9 Du kan redigera fargane
10 I dialogboksen får du denne koden for ein farge: For omforming til bruk i Classfronter må du rekna om kodane frå det desimale systemet til det heksadesimale systemet: Raud: 56 ti må skrivast om til det heksadesimale system: 56 : 16 = 3 48 8 56 ti = 38 seksten Tilsvarande må du gjera for Grøn (128) og Blå (192) 128 ti = 80 sekskten 192 ti = C0 seksten Du må difor oppgje denne koden i Classfronter: #3880C0
11 6. Kalkulator og talsystem Kalkulatoren finn du på Programmer/Tilbehør/Kalkulator. Kalkulatoren er eit hjelpemiddel til å skriva tal i andre talsystem enn titalssystemet. Biletet ovanfor viser standard bruk av kalkulator. Klikk på Vis så kan du endra bruken til vitenskapleg. Du kan skriva talet 3456 i ruta for tal
12 Vala Hex gir deg talet skrive i sekstentalssystemet Oct gir deg talet skrive i åttetalssystemet Bin gir deg talet skrive i totalssystemet For totalssystemet vert det som vist nedanfor:
13