PERMISJONSREGLEMENT GAULAR KOMMUNE. Revidert og gjeldande frå 28.06.12.



Like dokumenter
Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/66

PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Dokumenttype: Dokumenteigar: Dokumentnummer: Versjon: Gjeld for: Handbok Personalsjef RMKS Personalhandboka

SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. SOGNDAL KOMMUNE Tenestetorg og IKT

Nissedal kommune Rådmann

Permisjonsreglementet

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

MELAND KOMMUNE PERMISJONSREGELMENT

Jølster kommune Permisjonsreglement Gjeld frå I N N H A L D 1.0 GENERELT PERMISJON VED OPPLÆRINGS- OG UTVIKLINSTILTAK...

Permisjonsreglement - Bjugn kommune

Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011

Permisjonsreglement Bardu kommune 2014

I punktene 2.1 til 2.7 nedenfor følger veiledende norm /eksempler på permisjonsgrunner for å kunne innvilge lønnede permisjoner :

Balestrand kommune Permisjonsreglement

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE. Lebesby kommune

1. OMFANG - LØNNSANSIENNITET - FERIEPENGER - PENSJONSMEDLEMSKAP

Visma web for leiarar sjukefråvær og permisjonar

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Saksnr. Arkivkode Journalnr. Sakshandsamar Dato 17/1349 FE /4273 DRI

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I ØRSTA KOMMUNE (Vedteke i Formannskapet ) Gjeld frå og med 1. juli 2011

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Permisjons- Reglement. Revidert av administrasjonsutvalget xx.xx.16.

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR AGDENES KOMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT Endringsdato : Versjon nr: 4 Utarbeidet av: HR-enheten

VESTNES KOMMUNE. Permisjonsreglement. Politisk behandla: møtedato: utvalgssak:

Permisjonsreglement Sund kommune

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. Vedteke i administrasjonsutvalet Revidert desember 2008, som følgje av endringar i HTA pr.1.5.

Permisjonar utan løn utover ramma på 12 mnd.

Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet Behandling: Framlegg utarbeidd i møte: 0 Generelle bestemmelsar

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

PERMISJONSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD

Permisjonsreglement. Færder kirkelige fellesråd

HATTFJELLDAL KOMMUNE PERMISJONSREGLEMENT

Permisjonsreglement for Volda kommune

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 17/64

Arbeidsreglement Sund kommune

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

PERMISJONSREGLEMENT FOR MELDAL KOMMUNE

P E R M I S J O N S- R E G L E M E N T

REVIDERT PERMISJONSREGLEMENT

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

5. PERMISJONSVEDTEKTER

INNHOLD Svangerskapskontrol, Svangerskapspermisjon Omsorgspermisjon, Fødselspermisjon, Foreldrepermisjon,

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I MARKER KOMMUNE

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

Møteinnkalling TYDAL KOMMUNE. Administrasjonsutvalget. Dato: Administrasjonsutvalgets medlemmer og varamedlemmer.

PERMISJONSREGLEMENT FOR VÅGSØY KOMMUNE. Vedtatt av ADMU 15.september 2005 Sak 003/05

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/65

REGLAR FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE, GJELDANDE FOR 2016

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE OG POLITISKE PARTI I FJALER KOMMUNE

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

EKSEMPEL PÅ PERMISJONSREGLEMENT Utarbeidet av KA til bruk for KAs medlemmer etter lokalt vedtak

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

Permisjonsreglement og retningslinjer

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Leiar SP Randi Bergundhaugen Nestleiar H Astrid Egset Medlem AN

Rutine for oppfølgingsmøte:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

PERMISJONSREGLEMENT for Midtre Gauldal kommune. Vedtatt i kommunestyret , KS-sak 61/11 Endret av rådmannen

PERMISJONSREGLEMENT Åfjord kommune

SØR-VARANGER KOMMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT FOR RØDØY KOMMUNE

Permisjonsreglement for Norsk Fosterhjemsforening

Dok.dato: Vår Ref: 03/ Arkiv: N-211. Barnehagane skal fremje lokal kultur og lokalt ordtilfang hos barna.

Permisjonsreglement vedtatt

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Permisjonsreglement for Bjugn kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR BARDU KOMMUNE(VEDTATT I ADM UTVALGET )

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

PERMISJONSREGLEMENT FOR OPPLAND FYLKESKOMMUNE

Side 1 av 6 PERMISJONSREGLEMENT

BARNEVERNET. Til beste for barnet

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 12:00

Permisjonsreglement for Oppland fylkeskommune. Vedtatt av administrasjons- og likestillingsutvalget i sak 2/2005

4. TILSETJINGSVEDTEKTER

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling.

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

PERMISJONSREGLEMENT 2008

HYLLESTAD KOMMUNE Personaladministrativt rettleiingshefte 2010/EGS FERIE. Feriefritid Feriepengar Ferietimerekneskap

Saksfremlegg. Saksnr.: 09/ Arkiv: 460 &00 Sakbeh.: Robin Rasmussen Sakstittel: REVIDERING AV PERMISJONSREGLEMENTET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Permisjonsreglement for ansatte i Vadsø kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013

Permisjonsreglement. RENDALEN KOMMUNE POSTBOKS 4 BERGSET 2485 RENDALEN Telefon Telefaks

Transkript:

PERMISJONSREGLEMENT GAULAR KOMMUNE Revidert og gjeldande frå 28.06.12. 1

1. Reglementet sitt omfang. 1.1. Omfang. Reglementet gjeld for alle tilsette i Gaular kommune som går inn under kommunale lønsog arbeidsvilkår i eit fast forpliktande arbeidsforhold og med ei på førehand fastsett arbeidstid pr. veke. Reglementet gjeld ikkje dersom det strir mot lov, tariffavtale eller reglar som er bindande for kommunen. 2. Generelt om avgjerdsmynde. 2.1 Avgjerdsmynde. Administrasjonsutvalet avgjer saker etter punkt 17(utanom kurs arrangert for arbeidstakarorganisasjonane og andre kurs), 25, 26,27, 43, 44, 45. Rådmannen avgjer saker etter punkt 14,20, 22, 23, 24, 28, 29, 33 (ved skjøn). Etatsjef avgjer saker etter punkt 10, 11, 12, 13, 15, 16, 18, 19, 21, 30, 31, 32,33, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 41,42. Fullmakta til etatsjef er avgrensa til tilsette i eigen etat/stab. 2.2 Budsjettansvar. Den som har fullmakt til å avgjere permisjonssøknaden har ansvar for at det er budsjettmessig dekning for utgiftene. 2.3. Utvida ansvar. Den som har fullmakt til å avgjere permisjonssøknader, har også ansvar for at permisjonar vert gjeve i samsvar med lov, tariffavtale og andre reglar. 3. Klage. 3.1. Klagerett. Arbeidstakar kan krevje ny vurdering av permisjonssøknaden. Klage vert å setje fram innan 3 veker etter at melding er kome fram til søkjar. 4. Sakshandsaming. 4.1 Permisjonssøknad. Arbeidstakar skal fremje søknaden til vedkommande etat. Permisjonssøknaden skal leverast næraste leiar for påteikning/ uttale. Etatsjef avgjerd søknader ved delegert mynde. Rådmannen avgjerd søknader etter delegert mynde. Etatsjef sender då vidare søknad med uttale/ merknad til rådmannen. 2

Søknaden skal alltid vere levert før tidspunktet det vert søkt permisjon for. Unnatak her er berre når dette ikkje let seg gjere reint praktisk. Søknaden skal vere fullstendig med tilvising til kva punkt i permisjonsreglementet det gjeld. Naudsynt dokumentasjon skal ligge ved. 4.2. Etterhandsaming Dersom søkjar vert innvilga permisjon m/ eller utan løn, skal det sendast skriv til søkjar (originalen). Kopi til lønsavdelinga, revisjon og etaten v/ næraste leiar. Søkjar fyller ut fråverskjema og kryssar av for permisjonstype og sender denne til lønsavdelinga/ evt. etaten som fører fråværet. 4.3. Saksførebuing til administrasjonsutvalet Kontor- og personalsjef er ansvarleg for saksførebuinga. Formannskapskontoret er også ansvarleg for at søkjaren mottek melding om utvalet si avgjerd. 5. Krav til handsaming og vedtak Den som har avgjerdsmynde skal handsame søknaden skriftleg før tidspunktet for eventuell permisjon. Unntak for dette skal berre skje dersom dette ikkje er praktisk mogleg. Vedtaket skal vere skriftleg og innehalde: Heimel for vedtaket Grunngjeving Permisjonsperiode Eventuelle vilkår for permisjonen. Så som krav til gjennomført eksamen, bindingstid eller anna Dato for vedtak Underskrift av den som har gjort vedtaket. Ved løyving: oppgje konto, teneste og ansvar. Ved tilråding når andre har vedtaksmynde skal innstillinga innehalde same opplysningar som ved vedtak. 6. Unntak frå reglementet Administrasjonsutvalet kan innvilge permisjon i andre spesielle høve enn dei som er omtala i reglementet og gjere unntak frå dette. 7. Lønsansiennitet 7.1. Permisjon med heil eller delvis løn, Permisjon med heil eller delvis løn, militærteneste, permisjon for å utføre offentlege ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonane vert rekna med i lønsansienniteten. 3

7.2. Uløna permisjon Uløna permisjon i samband med sjukdom, svangerskap og adopsjon vert rekna med i lønsansienniteten. Fråvære utan løn i samband med nedkomst og adopsjon vert det rekna med inntil 2 år i lønsansienniteten. Omsorgsteneste godskreve med inntil 3 år. Med omsorgsteneste meinast omsorg for born eller pleie av eldre eller sjuke. Uløna permisjonar elles kjem ikkje til frådrag i lønsansiennitet når permisjonen ikkje varer meir enn 6 månader. Ved lengre permisjonar kjem permisjonstida til frådrag rekna frå fyrste dag. 7.3. Utdanningspermisjon Uløna utdanningspermisjon vert medrekna med inntil 1 år når utdanninga er relevant for vedkommande si stilling i kommunen. Dette gjeld likevel ikkje grunnutdanning. Administrasjonsutvalet avgjer om utdanninga har noko å seie for vedkommande sitt arbeid i kommunen. 8. Feriepengar Ved løna permisjonar vert løna rekna med i feriepengegrunnlaget. For permisjonar under pliktig militærteneste skal likevel reglane i Ferielova 10-5 gjelde. 9. Pensjonsmedlemskap 9.1. Permisjon med løn. Arbeidstakar som får permisjon med løn opprettheld pensjonsmedlemskapen sin. 9.2. Permisjon utan løn. Arbeidstakar som får permisjon utan løn for lengre tid enn 1 månad, vert å melde ut av pensjonsordninga. Lønsavdelinga i Førde melder ut vedkommande. 9.3. Frivillig medlemskap Arbeidstakar skal samstundes ha tilbod om friviljug medlemskap etter dei reglane som gjeld i dei respektive pensjonsordningane. Pensjonsselskapa er sjølv ansvarleg for å gje dette tilbodet. 10. Svangerskaps-, fødsels- og adopsjonspermisjon. Arbeidsmiljølova 12-1 12-7, kap. 14 i Folketrygdlova og Hovudtariffavtalen 8.3. Desse lov og avtalar regulerer arbeidstakaren sin rett til permisjon og løn i høve til dei omtala tilhøva. Det er reglane i Folketrygdlova kap. 14 som gjeld fullt ut til ei kvar tid, med tillegg i 8 i Hovudtariffavtalen. 4

10.1Foreldrepengar: Tid for permisjon samla: 100% løn: 3 veker før termindato + 32 veker frå termindato + 12 veker sett av til far. = 47 veker. 80% løn: 3 veker før termindato + 42 veker frå termindato + 12 veker sett av til far. = 57 veker. Dersom mor har valt 80% løn, må også far ha 80% løn. Dersom fødsel finn stad før termindato, må søkjar gje melding til administrasjonseininga. Tidspunktet for permisjonen vert då endra tilsvarande. Det er høve til å ta ut inntil 12 veker permisjon før termindato. Dersom det er tvil om ein arbeidstakar oppfyller reglane om løna permisjon i samband med svangerskap og fødsel (t.d. lita stilling, kort oppteningstid på førehand), må ein ta kontakt med arbeidstakaren sitt NAV-kontor for nærmare opplysningar. 10.2.Fedrekvoten: 12 veker av stønadsperioden er forbeholdt faren. Han får ikkje kompensert for røde dagar som fell inn i fødselspermisjonen. 10.3.Fødselspermisjon og keisersnitt: Planlagt keisersnitt vert vanlegvis teke før termin. Om så skjer vert permisjonstida etter at barnet er født, redusert med tilsvarande tal veker. Det kan difor vere greitt å ta ut 3 veker permisjon før planlagt keisersnittdato. 10.4. Adopsjonspermisjon. 43 veker med 100% løn og 53 veker med 80% løn. (Har 3 veker mindre enn ved fødselspermisjon pga ingen permisjon før adopsjonen). Adopsjonspermisjonen kan delast mellom foreldra. Pappapermisjonen med løn kan takast ut med 2 veker i samband med omsorgsovertakting. B-rundskriv 04/06: I denne bestemmelsen er tilføyd rett til full lønn ved omsorgspermisjon for adopsjonsforelder, dvs. den av foreldrene som ikke tar ut adopsjonspermisjonen på tidspunktet rundt omsorgsovertakelsen. 11. Faren sin omsorgspermisjon i samband med fødsel/ adopsjon (pappapermisjon). Henvisningar Arbeidsmiljølova 12-3, Hovudtariffavtalen 8.3.6, Folketrygdlova 14-12. Permisjonen må i utgangspunktet vere avslutta seinast 14 dagar (kalenderdagar) etter at mor og barn er komne heim. 5

Tek far permisjon t.d. 3 dagar når mor og barn er på sjukehuset, så har han 11 kalenderdagar att etter at mor og barn er komne heim. 12. Utvida fødsels- eller adopsjonspermisjon (foreldrepermisjon) Arbeidsmiljølova 12-5 Dette er permisjon utan løn i inntil 1 år. 13. Permisjon i samband med amming. Arbeidsmiljølova 12-8, Hovudtariffavtalen 8.3.4. Arbeidstakar frå fri med løn inntil 2 timar pr. arbeidsdag for å amme barnet sitt. For deltidstilsette med redusert arbeidsdag vert det føreteke ei forholdsmessig berekning av løna fritid, men med rettar etter arbeidsmiljølova som eit minimun. 14. Redusert arbeidstid. Arbeidsmiljølova 10-2, pkt. 4. Arbeidstakar som har fylt 62 år eller som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for det, har rett til å få redusert sin arbeidstid dersom arbeidstidsreduksjonen kan gjennomføres utan vesentleg ulempe for verksemda. Når avtalt periode med redusert arbeidstid er over, har arbeidstakar rett til å gå tilbake til tidligare arbeidstid. Under elles like forhold har arbeidstakar med redusert arbeidstid fortrinnsrett til å auke si arbeidstid når stilling vert ledig i verksemda, føresett at stillinga heilt eller i det vesentlege er tillagt dei same arbeidsoppgåvene. Fortrinnsrett etter 14-2 og 14-3 går føre fortrinnsrett etter bestemmelsen her. Kommentar: Lova gjev vilkåra for og framgangsmåten ved søknad om redusert arbeidstid av helse-, sosiale- eller andre viktige velferdsgrunnar. Søknaden skal grunngjevast og om det er tale om sjukdom, må det dokumenterast med legeattest. Permisjonen er utan løn. Når det gjeld skule og barnehage, ønskjer ein at alle permisjonssøknader om redusert arbeidstid er komne inn til etatsjef innan 1. februar med omsyn til planlegging av nytt skule- og barnehageår. 6

15. Permisjon i samband med barn og barnepassar sin sjukdom Omsorgspengar/ pleiepengar/ opplæringspengar. Arbeidsmiljølova 12-9, Folketrygdlova 9-5 til 9-11 og 9-13, Hovudtariffavtalen 8.4. Barn eller barnepassar sin sjukdom (omsorgspengar). Ein arbeidstakar som har omsorg for barn under 12 år har rett til omsorgspermisjon med omsorgspengar når barnet er sjukt, jf. AML 12-9. Retten til omsorgspengar gjeld til og med det kalenderåret bornet fyller 12 år. For at det skal ligge føre rett til omsorgspengar frå arbeidsgievar, må arbeidstilhøvet ha vart i minst 4 (fire) veker (oppteningstid). Det vert ytt omsorgspengar til ein arbeidstakar som har omsorg for barn og som er borte frå arbeid på grunn av: nødvendig tilsyn med og pleie av sjukt barn i heimen eller i institusjon fordi den som har det daglege tilsynet er sjuk fordi den som har det daglege tilsynet er hindra frå å ha tilsyn fordi vedkommande følgjer eit anna barn til utredning eller til innlegging i helseinstitusjon fordi barnet på grunn av sjukdom treng oppfølging i form av legebesøk m.v. sjølv om barnet ikkje er pleietrengande den aktuelle dagen. Stengde barnehagar gjev ikkje rett til permisjon eller omsorgspengar. Heller ikkje ved følgje av born til helsekontroll eller vaksine. Dersom barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma, gjeld retten til og med det året barnet fyller 18 år. Omsorgspengar vert ytt til den einskilde arbeidstakar i opp til 10 dagar for kvart kalenderår. Har vedkommande omsut for meir enn 2 barn, ytast det omsorgspengar i opptil 15 dagar. Når arbeidstakaren er åleine med omsorga aukast tal stønadsdagar til høvesvis 20 og 30. Dersom barnet har kronisk sjukdom, langvarig sjukdom eller er funksjonshemma og det derfor er ein markert auke i risikoen for at arbeidstakar får fråvere frå arbeidet, har arbeidstakar rett til fri etter første ledd i inntil 20 dagar kvart kalenderår. Retten til permisjon gjeld til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år. For å få utvida rett til omsorgspengar på dette grunnlaget, må saka vere førelagt NAV og godkjent på førehand. For at arbeidstakaren skal få rett til omsorgspengar frå arbeidsgjevar, må barnets eller barnepassar sin sjukdom dokumenterast med eigenmelding eller legeerklæring. For at arbeidstakaren skal få rett til omsorgspengar frå NAV, må barnets eller barnepassar sin sjukdom dokumenterast med legeerklæring. Når arbeidsgjevar har betalt omsorgspengar til ein arbeidstakar i meir enn 10 stønadsdagar i eit kalenderår, kan arbeidsgjevaren krevje å få refusjon frå NAV for det tal stønadsdagar som overstig 10. 7

Reglane ovanfor gjeld for ein arbeidstakar. Når to har omsorg for barnet vil kvar av omsorgspersonane ha dei ovannemnde rettar. Skjematisk oversikt over retten til fri med omsorgspengar: Tal arbeidsdagar fri Hovudregel. Gjeld kvar av foreldra. Gjeld inntil barnet er 12 år. 10 arbeidsdagar Ved omsorg for meir enn to barn. Gjeld kvar av foreldra. Gjeld inntil barnet er 12 år. 15 arbeidsdagar Einsleg forsørgjar. Gjeld inntil barnet er 12 år. 20 arbeidsdagar Einsleg forsørgjar som har omsorg for meir enn to barn. Gjeld inntil barnet er 12 år. Ved kronisk sjukt barn. Gjeld kvar av foreldra, og inntil barnet er 12 år. 30 arbeidsdagar 10 arbeidsdagar inntil to barn + 10 dagar pr. kronisk sjukt barn. Einsleg forsørgjar for kronisk sjukt barn. Gjeld inntil barnet er 12 år. Stønaden doblast iht. det ein ville fått dersom ein var to om omsorga. 15 arbeidsdagar for meir enn to barn + 10 dagar pr. kronisk sjukt barn. Fråvere grunna barn eller barnepassar sin sjukdom skal meldast til leiar same dag/ snarast råd. Dokumentasjon på fråveret (eigenmelding/ sjukmelding) skal leverast ved første arbeidsdag evt. sendast ved lengre fråvere. Om barnet skal til lege, skal arbeidstakaren i god tid på førehand søkje om permisjon. Om barnet har ein sjukdom som fører til behov for jamlege legebesøk, vil det oftast ikkje vere naudsynt å vere borte frå arbeidet heile dagen. I slike høve skal leiar og arbeidstakar avtale eks. halve dagar fråvere. Det kan etter konkret vurdering innvilgast permisjon med løn inntil 2 dagar til tilsette som må følgje eigne born mellom 12 og 16 år til konsultasjon hjå spesialist, sjølv om dette ikkje utløyser rett til omorgspengar. Kvart einskild tilfelle skal vurderast konkret. Opplæringspengar Iht. Folketrygdlova 9-13 vert det ytt opplæringspengar for tilsette som har omsorg, for barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, dersom den tilsette gjennomgår opplæring ved ein godkjend helseinstitusjon eller deltek på foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter. Det er eit vilkår at opplæringa er naudsynt for å kunne ta seg av og behandle barnet. Stønad kan gjevast sjølv om barnet er 18 år. Opplæringspengar ytast så lenge det er naudsynt for det einskilde barnet. 8

Arbeidstakar søkjer permisjon med løn. Arbeidsgjevar v/ lønskontoret søkjer NAV om refusjon på opplæringspengar. Pleiepengar Pleiepengar etter 9-10 Folketrygdlova (ikkje livstruande sjukdom): For tilsette som har omsorg for barn under 12 år som er eller har vore innlagt i helseinstitusjon, ytast det pleiepengar dersom barnet treng kontinuerleg tilsyn og pleie frå ein av foreldra. Pleiepengar vert tilstått når pleiebehovet strekker seg meir enn sju kalendardagar. Folketrygda yter stønad frå dag 8, og vert ytt så lenge det er naudsynt med omsyn til behandling/ rehabilitering. Pleiepengar etter denne bestemmelsen kan ikkje gjevast til begge foreldra samstundes. Dersom barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma, gjeld retten til barnet fyller 18 år. Pleiepengar etter 9-11 Folketrygdlova (livstruande sjukdom): Tilsette som har ansvar for barn under 18 år som har livstruande eller annan svært alvorleg sjukdom eller skade, kan få pleiepengar. Vilkåret er at den tilsette må opphalde seg i ein helseinstitusjon mens barnet er innlagt, eller må være heime fordi barnet treng kontinuerleg tilsyn og pleie frå ein eller begge foreldra. Andre enn barnet sine foreldre kan få pleiepengar dersom det er naudsynt av omsyn til barnet, og begge foreldra kan få pleiepengar samstundes. Folketrygda yter stønad frå dag 1 og vert gjeve så lenge det er naudsynt med omsyn til behandling/ rehabilitering. Ordninga gjeld berre i kritiske situasjonar, men når situasjonen stabiliserer seg (ikkje lenger livstruande), ytast det stønad etter 9-10. For tilsette som har omsorg for ein psykisk utviklingshemma person som har livstruande eller anna form for alvorleg sjukdom eller skade, vert det ytt pleiepengar utan omsyn til aldersgrensa på 18 år. Arbeidstakar søkjer permisjon med løn. Arbeidsgjevar v/ lønskontoret søkjer NAV om refusjon på opplæringspengar. 9

16. Permisjon utan løn pleie av ein nær pårørande (i livets siste fase). Arbeidsmiljølova 12-10, Folketrygdlova 9-12. Pårørande kan få pleiepengar for å ta seg av nære pårørande i livets sluttfase. Pleia må skje i heimen (ikkje på institusjon). Stønadstida er avgrensa til 60 dagar pr. pasient. Stønadstida kan fordelast på fleire pårørande. Det er NAV i heimkommunen til pasienten som skal handsame krav. Arbeidstakar søkjer permisjon utan løn og søkjer NAV om pleiepengar. Leiar må gje melding til lønningskontoret om trekk i løn. Arbeidstakar har rett til permisjon i inntil 10 dagar kvart kalenderår for å gje nødvendig omsorg til foreldre, ektefelle, sambuar eller registrert partnar. Det same gjeld ved nødvendig omsorg for funksjonshemma eller kronisk sjukt born frå og med kalenderåret etter at barnet fylte 18 år når arbeidstakaren har hatt slik omsorg for barnet som nemnt i 12-9 tredje ledd. Departementet kan gje føresegn om dokumentasjon av nødvendig omsorg. Arbeidsmiljølova seier ikkje noko om permisjon med eller utan løn. Det kan søkjast om velferdspermisjon med i løn i henhold til HTA kap. 1, 14.1, 2. ledd. (Sjå punkt 29 i permisjonsreglementet under velferdspermisjonar). 17. Utdanningspermisjon og kurs. Arbeidsmiljølova 12-11, Hovudtariffavtalen 14-2 14-4, Hovudavtalen 3-6. Dette omfattar all type vidareutdanning, etterutdanning og kurs, samt tillitsvaldopplæring. Usemje om permisjon etter Arbeidsmiljølova 12-11, kan leggast fram for tvisteløysinsgnemnd. Det må kome fram i søknaden om det vert søkt om, og innvilga med eller utan løn og anna kostnadsdekking. Søknaden frå tilsette skal så langt det er praktisk mogleg, avklarast med arbeidsgjevar før ein tek til på studiet. Grunnutdanning. Grunnutdanning er den utdanning som ein krev i vedkommande stilling. Arbeidstakar har rett til heil eller delvis permisjon utan løn inntil 3 år for å delta i organisert studietilbod, jf. Arbeidsmiljølova 12-11. 10

Etterutdanning. Etterutdanning er ajourføring og utvikling av kunnskapar og nødvendig opplæring innan nye fag- og arbeidsområde som ligg til vedkommande si stilling, evt. andre kurs som utviklar den einskilde arbeidstakar. Permisjon som er heimla i opplæringsplan, kan innvilgast med løn. Det kan elles bli innvilga permisjon med full eller delvis løn etter ei konkret vurdering. Vidare kan det gjevast dekking av utgifter til kursavgift og reise/ opphald. Vidareutdanning. Vidareutdanning tek sikte på å kvalifisere arbeidstakaren utover det som ein krev i stillinga vedkommande er tilsett i. Permisjon som er heimla i kompetanseplan kan verte innvilga med løn. Til utdanning som skal gjere arbeidstakaren kvalifisert til å gå inni anna stilling i kommunen (arbeidsstaden har ein klar trong for den kompetansen utdanninga gjev og der det er vanskeleg å rekruttere slik kompetanse eksternt), kan det gjevast permisjon med full eller delvis løn. Vidare kan det gjevast heil eller delvis dekking av utgifter til kursavgift og reise/ opphald. Arbeidstakar har rett til heil eller delvis permisjon utan løn inntil 3 år for å delta i organisert utdanningstilbod jf. Arbeidsmiljølova 12-11. Bindingstid Når det vert gjeve permisjon med løn eller annan økonomisk stønad, kan det stillast krav om bindingstid. Retningslinjer for bruk av bindingstid i Gaular kommune: 1. Kommunen sjølv kostar heile studiet: 1 års bindingstid dersom kostnaden er på kr. 30.000,- eller meir, og inntil kr. 50.000,-. 2. Kommunen sjølv kostar heile studiet: 2 års bindingstid, dersom samla kostnad overstig kr. 50.000,- 3. Ved statleg eller fylkeskommunal finansiering skal det ikkje settast bindingstid med mindre den reelle kostnaden for kommunen overstig kr. 30.000,- Ved slike tilfeller gjeld bindingstid som punkt 1,2 og 3. 4. Det skal ikkje settast bindingstid på kurs, dersom kostnad er under 30.000,-. 5. Sluttar arbeidstakaren før bindingstida er avslutta, skal den økonomiske støtta attendebetalast forholdsmessig. 6. Dersom den tilsette sluttar i løpet av utdanningsperioden eller avsluttar påbyrja studiar som vert finansiert av kommunen eller gjennom løyvde statlege og fylkeskommunale midlar, skal medgåtte utgifter attendebetalast i sin heilhet. 7. Det bør inngåast skriftlig avtale med den einskilde arbeidstakar, kor m.a. storleiken på den økonomiske støtta og bindingstida vert synleggjort. Slik avtale bør evt. signerast av arbeidstakeren og etatsjefen. 8. Sakshandsamar må hermed til ei kvar tid oppgje følgjande saksopplysningar: Oversikt over stipulert kostnad til t.d; utdanninga, bruk av vikar, bøker og andre læremidlar m.m. Skildring av studiet m/ kva slags uttelling studiet får for søkjar (vektall, karakterar, praksistid m.m.). Vilkåra for statleg/ fylkeskommunal finansiering herunder om staten/ fylket set vilkår for bindingstid i eigen organisasjon. Kommentar til punkt 5,6 og 7: Dersom arbeidstakaren må slutte i stillinga av til dømes medisinske årsaker før bindingstida er avslutta, bør kravet om etterbetalinga nøye vurderast 11

for kvart einskild tilfelle. Det må då vurderast full eller høvesvis ettergjeving. Det skal nyttast standard avtale om bindingstid. Kursdag som fell på fridag: Heil og deltidstilsette som skal delta på kurs, får ikkje erstatta fridag som fell på kursdag med mindre vedkommande er pålagt å delta på kurset. Unntaket er turnusarbeidarar som er innvilga permisjon med løn for å delta på kurs på sin lovbestemte vekefridag (F1-dag). Dei skal ha ny fridag som kompensasjon jf. HTA pkt. 14.2. Deltidstilsette vert innvilga permisjon i høve til storleiken på stillinga. Permisjon til møter /kurs /kongressar betalt/ sponsa av eksterne aktørar. I mange høve kan tilsette i kommunen verte invitert til fagmøte, kurs og kongressar kor delar eller heile kostnadane vert dekka av eksterne aktørar. Det vere seg firma som kommunen allereie har avtalar med, eller andre private aktørar som kan ha kommersiell interesse av at tilsette i kommunen deltek på deira arrangement. Hovudregelen er at dekking av reise og opphaldsutgifter til slike fagmøte, kurs og konferansar skal betalast av etaten/ kommunen. Unntaket kan vere tilsette som vert invitert til arrangement som er vesentleg for kommunen sin faglege utvikling og strategi. Faktorar som skal vurderast ved slike unntak er: Kven som søkjer/ vert invitert stilling i kommunen Fagleg innhald på kurset/ kongressen Alternativ kompetansetiltak Nytteverdien for den tilsette/ avdelinga/ etaten/ kommunen Det som har preg av gåve eller marknadsføring skal ikkje godkjennast ( også andelsvis lite fagleg program). Ekstern aktør skal heller aldri dekke utgifter til sosiale arrangement som teater, konsertar eller sportsarrangement. Kurs/ opplæring av tillitsvalde. Tillitsvaldopplæring etter HA sin 3-6 kjem også inn under denne paragrafen. Slik permisjon vert gjeve med full eller delvis løn avhengig av kva funksjon den tillitsvalde har i organisasjonen. 12

18. Eksamen. Hovudtariffavtalen 14-4 For å få innvilga permisjon med løn, må arbeidsgjevar først vurdere om utdanninga har betydning for kommunen. Når denne betydninga er vurdert og ligg føre, utløyser det permisjon m/ løn for eksamansdagen/-ane. Fell den/dei på fridagar, vert det ikkje gjeve noko form for kompensasjon. Dernest og i forkant utløyser det permisjon m/løn for to lesedagar pr. eksamen. Arbeidstakarar som ikkje har laurdagar og sundagar som ordinære arbeidsdagar, vil få permisjon med løn for lesedagar på ordinære arbeidsdagar om eksamensdagaen fell på ein måndag. Intensjonen med regelen er at ein skal kunne vere sikra moglegheit til å kunne lese dei to dagane før eksamen, og om dette vert tilfelle pga. helg eller andre fridagar, eller særskilt innvilga lesedagar kjem ut på eitt. Gruppeeksamen eller heimeeksamen over fleire dagar vert rekna som ein eksamen og desse reglane gjeld også her. Ved eksamensformer som varer samanhengande 3 dagar eller meir, skal det drøftast om ytterlegare tilrettelegging. Prøvar/ eksamenar som fell utanom det som kvalifiserer til permisjon med løn, er mellom anna førarprøve (når dette ikkje følgjer av kommunen si interesse t.d. utviding av serifikat), fornya prøve til eksamen i vidaregåande skule og eksamen i fag som ligg heilt utanfor arbeidstakaren sitt arbeidsområde og naturlege karriereutvikling. Her kan ein innvilge permisjon utan løn. 19. Militærteneste/ repetisjonsøvingar Arbeidsmiljølova 12-12, Hovudtariffavtalen 9. Føresegnene omhandlar vilkåra for løn under avtening av verneplikt. For å få løn under avtening av verneplikt (same reglane gjeld også for repetisjonsøvingar, sivilforsvaret og heimevernet) må: Arbeidstakaren ha minst seks månader forutgåande samanhengande teneste i Gaular kommune. Verneplikta må vere tvungen. Arbeidstakaren må forplikte seg til å gå inn att i teneste i kommunen for eit tidsrom av minst 3 månader. Ved tvunge repetisjonsøvingar og liknande gjeld ei grense på ein månad pr. kalenderår. Arbeidstakarar med forsytaransvar skal ha full løn med frådrag av det som ytast frå militære myndigheiter. 13

Arbeidstakarar utan forsytaransvar skal ha 1/3 løn med frådrag av det som ytast frå militære myndigheiter. Oppfyller arbeidstakar ikkje vilkåra, blir det permisjon utan løn. Sesjon er ikkje regulert i tariffavtaler. Sesjon er verken førstegangsteneste eller tvungen verneplikt. Det vert gjeve permisjon med løn for 1 dag sesjon. Arbeidstakar har og rett til permisjon utan løn ved frivillig tenestegjering av til saman 24 månaders varigheit i styrker organisert av norske myndigheiter for deltaking i internasjonale fredsoperasjonar, om arbeidstakar snarast mogleg etter å ha inngått bindande avtale om tenestegjering i slike styrker varslar arbeidsgjevar om dette. 20. Søknad frå tillitsvalde om frikjøp med løn i heile eller delar av stillinga. Hovudavtalen del B 3.3. Søknad om permisjon / frikjøp med løn skal sendast tenesteveg til kontor- og personalsjef som handterer denne type permisjonssøknader på vegne av rådmannen. Denne type søknader er ikkje delegert til einingsleiar. 21. Tillitsvalde som tek del i lønsforhandlingar. Hovudavtalen del B, 3.5, a-b. Denne type permisjon er med løn. Om tilllitsvalde deltek i møte/ forhandlingar som går ut over den einskilde si arbeidstid, så skal dette godtgjerast med vanleg timebetaling utan ubekvemstillegg. I slike saker skal det skrivast timeliste til næraste leiar. Kostnadane skal dekkast kommunen/ tillitsvalde. 22. Tillitsvalde som er valt til fast medlem i arbeidstakarorganisasjonen sine vedtaksfesta organ. Hovudavtalen del B, 3.5, c.. Denne type permisjon er med løn inntil 12 dagar. Søknad om permisjon skal dokumenterast med innkalling. 14

23. Tillitsverv i eigen arbeidstakarorganisasjon/ hovudsamanslutning utan løn. Hovudavtalen del B, 3.5, d.. Omfattar tilsette som skal overta tillitsverv på heiltid eller deltid i sin arbeidstakarorganisasjon/ forhandlingssamanslutning. 24. Offentlege tillitsverv/ ombod. Arbeidsmiljølova 12-13, Hovudtariffavtalen 14-1. Med offentlege tillitsvserv forstår ein ombod som er oppretta ved lov eller med heimel i lov, og som vedkommande arbeidstakar ikkje kan nekte å ta i mot (t.d. medlem i kommunale, fylkeskommunale og statlege politiske organ, rettsvitne (ikkje som part), domsmann, medlem av lagretten m.m, utan det føreligg særlege fritaksgrunnar. Denne retten til permisjon gjeld også om vervet vert utøvd i ein annan kommune enn arbeidsgjevarkommunen. Permisjonen med eller utan løn kan etter ei konkret vurdering også innvilgast for å utføre andre tillitsverv til dømes i humanitære, religiøse eller andre organisasjonar. Arbeidstakar vert innvilga permisjon inntil 12 dagar pr. år for å utføre offentlege tillitsverv. Ein føresetnad er at arbeidet ikkje kan utførast utanom arbeidstida. Fråvær over 12 dagar kan gje refusjon frå innkallande organ. Arbeidstakar som vert vald til stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentleg tillitsverv på heiltid, vert innvilga permisjon utan løn i valperioden. Dersom tillitsvervet medfører særskilt godtgjersle, kan det gjerast trekk i løna for dette. Slikt trekk skal likevel ikkje gjerast for møte- og diettgodtgjersle. Arbeidstakar som vert vald som utsending til nominasjonsmøte ved stortingsval, fylkesval eller kommuneval, vert innvilga permisjon med løn. 25. Overgang til ny stilling. Som hovudregel skal det ikkje innvilgast permisjon ved overgang til ny stilling utanfor kommunen. Kommunen kan likevel innvilge permisjon utan løn etter ei konkret vurdering dersom det ikkje medfører vesentlege ulemper for tenesta. Permisjon kan vurderast dersom det gjeld eit vikariat/ engasjement som gjev arbeidstakaren ei fagleg utvikling som vil være til nytte for kommunen og at det kan sannsynleggjerast at han/ho vil komme attende i kommunal teneste (gjeld også for 15

utanlandsopphald). Dette gjeld for arbeidstakarar som har vore tilsett i minst 2 år i kommunen Permisjon kan vurderast når arbeidstakar har 5 års teneste eller meir i kommunen. Permisjon kan vurderast når det føreligg tungtvegande helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar som tilseier at arbeidstakaren bør skifte arbeid for ei tid. Permisjonar kan også vurderast for inntil 1 år om gangen og for maksimalt 2 år totalt til overgang til ny stilling i Gaular kommune. Føresetnaden er: At den nye stillinga vil tilføre arbeidstakaren ein vesentleg kompetanse som det vil vere trong for i den ordinære stillinga. At det etter ei konkret vurdering der det er lagt vekt på at arbeidstakaren sitt behov for å skifte stilling. At det ikkje vert problem å skaffe vikar. At skadeverknadene for kommunen totalt ikkje vert vesentlege. 26. Særskilde oppdrag/ engasjement. Det kan innvilgast permisjon i inntil 2 år for arbeidstakarar som gjer tenteste som dommarfullmektig. Permisjon i samband med tenestegjering som dommarfullmektig, er teke med i reglementet ut i frå at ein slik praksis vil kunne ha vesentleg verdi for kommunen ved styrking av den juridiske kompetansen. Tilsette som har hatt stilling i kommunen i minst 2 år, kan innvilgast permisjon utan løn i inntil 1 år for å arbeide med forsking innan fagområdet sitt. Det er ein føresetnad at forskinga er knytt til ein forskingsinstitusjon. Det kan innvilgast naudsynt permisjon i samband med avtaler om utveksling av arbeidstakarar mellom kommunar/ fylkeskommunar. Det kan innvilgast permisjon utan løn i inntil 2 år for arbeidarar som skal arbeide i norsk utviklingshjelp i utviklingsland. Det bør normalt stillast krav om 2 års føregåande tilsetting. 27. Barn i 1. -3. klasse i grunnskulen. Permisjon utan løn i inntil 1 år kan innvilgast til tilsette som har barn i 1.-3. klasse i grunnskulen når tenestetilhøva tillet det. Permisjonen må avviklast samanhengande. 16

28. Permisjon i samband med sjukdom utover 1 år. Arbeidstakarar som har vore sjukmeld samanhengande i 1 år (med tillegg av arbeidsgjevarperioden), bør søkje om permisjon om vedkommande ikkje kan komme attende i stilling etter maxdato for sjukepengar. Arbeidstakaren har inga plikt til å søkje slik permisjon, men dette kan vere fornufting både med omsyn til personalplanlegging av drifta samt at den tilsette får ein forutsigbar situasjon. Om det ikkje ligg føre noko vedtak om attføringsmøte som omhandlar dette, må det saman med søknaden om permisjon vere vedlagt fråsegn frå lege. Dersom arbeidstakar ikkje søkjer permisjon må vedkommande til ei kvar tid ha gyldig dokumentasjon for fråværet. Arbeidstakar har i tillegg plikt til å informere arbeidsgjevar om prognose, slik at det ligg føre ei viss forutsigbarheit for arbeidsgjevar og for arbeidstilhøvet for ein eventuell vikar. Vedtak om rehabiliteringspengar og attføringspengar er å sjå på som gyldig dokumentasjon. Sjukepermisjon utan løn kan i første omgang gjevast for inntil 1 år. Etter ny søknad kan permisjon gjevast for ytterlegare 1 år dersom det etter legen si vurdering er sannsynleg at vedkommande kan bli friskmeld innan denne tid. I spesielle tilfelle og når viktige grunnar tilseier det, kan det ut i frå ei konkret vurdering gjevast slik utvida permisjon sjølv om det etter legen si vurdering er lite sannsynleg at vedkommande vil bli friskmeld. Dersom uførepensjon er innvilga, bør ny permisjon som hovudregel ikkje gjevast. Velferdspermisjonar 29-44 i permisjonsreglementet går under fellesnemninga velferdspermisjonar. Arbeidsmiljølova 12, Hovudtariffavtalen 14-1. I motsetnad til mange av permisjonane overfor som er regulert gjennom lov- og avtaleverk og som den tilsette i mange høve har rett på, så har den tilsette ingen rett på å få innvilga velferdspermisjonar. Arbeidsgjevar må mellom anna vurdere kva konsekvensar ein permisjon har for drifta. Men arbeidsgjevar skal så langt som mogleg innvilge slike permisjonar. Velferdspermisjonar med løn kan maksimalt vere innvilga for 12 arbeidsdagar innafor eit kalenderår for tilsette i 100% stilling jf. HTA kap.1 14.1-2. ledd. Fri utover 12 dagar kan gjevast som permisjon utan løn. Tal permisjonsdagar som er omtala under den einskilde permisjon, gjeld permisjon med løn og gjeld kvar gang ein nyttar seg av denne type permisjon. 17

Ved vurdering av slike permisjonar 29. Alvorleg sjukdom hos næraste pårørande/ pleie av sjuke foreldre. Ved alvorleg sjukdom i næraste familie eller andre som står arbeidstakaren nær. Inntil 10 dagar. Permisjonen må vere knytt til naudsynt tilsyn/ pleie av den sjuke. Næraste familie: Ektefelle, foreldre, Svigerforeldre, besteforeldre, born, søsken. Andre: Personar som står arbeidstakaren tilsvarande nær som dei som er nemnde. Det kan då vere onklar/tanter, søskenbarn eller andre som har vore ein del av den daglege familien på same måte som foreldre og søsken. Ved mindre alvorlege sjukdomstilfelle kan arbeidstakaren få høve til å innarbeide naudsynt fri på eit seinare tidspunkt. Rett til permisjon ved sjukdom til barn og barnepassar etter 12-9 i Arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen 8. 4-10 dagar (20 for einsleg foreldre) gjeld i tillegg til ovannemnde. 30. Dødsfall/ gravferd. Ved dødsfall: inntil 2 dagar permisjon med løn. Gravferd: 1 dag permisjon med løn, evt med tillegg av reisedagar. Gjeld dødsfall i næraste familie og andre som har stått arbeidstakaren nær (også kollegaer). Næraste familie: Ektefelle, foreldre, Svigerforeldre, besteforeldre, born, søsken. Andre: Personar som står arbeidstakaren tilsvarande nær som dei som er nemnde. Det kan då vere onklar/tanter, søskenbarn eller andre som har vore ein del av den daglege familien på same måte som foreldre og søsken. For andre kan det gjevast permisjon utan løn. For å sikre lik handsaming/ praktisering i alle avdelingar, i søknader der ein må nytte skjøn, dvs. vurderingar der søknaden gjeld gravferd for personar som står arbeidstakaren særleg nær, skal rådmannen handsame desse. 31. Tilvenjing av barn i barnehage. For tilvenjing av barn i barnehage: Inntil 3 dagar pr. kalenderår. Uavhengig av antal barn. Det er ein føresetnad at det er nødvendig å vere til stades og at det ikkje er andre familiemedlemer som kan vere til stades. Velferdspermisjon gjeld ikkje ved tilvenjing hos dagmamma. 18

32. Skulestart for eigne barn. Ved skulestart i 1. klasse i grunnskulen: Inntil 1 dag. Gjeld den dagen skulen startar opp. Arbeidsgjevar kan utover dette evt. gje permisjon utan løn utover dette ved behov. Velferdspermisjon gjeld ikkje ved: Innskriving i skulen Samarbeidsmøte, ansvarsgruppemøte for eigne barn, foreldremøte skule/ barnehage Når SFO/ barnehage/ skule er stengt pga. planlegging. 33. Eige bryllaup. For eige bryllaup: 1 dag. Kan vere sjølve bryllaupsdagen, dagen før eller den etterfølgjande dag dersom dette er ein arbeidsdag. 34. Dåp /namnefest og konfirmasjon. Ved dåp, namnefest eller konfirmasjon av eige barn: -dåpsdagen, dagen for namnefest / konfirmasjonsdagen. 35. Husbygging og istandsetting av eige hus/ husvære. 1 dag. Permisjon vert normalt ikkje gjeve for bygging av sommarhus og tilbygg til eller reparasjon av eksisterande hus. Permisjon vert likevel å innvilge når den tilsette ved kjøp av gamalt hus sjølv må foreta naudsynte ominnreiingsarbeid/ reparasjonar for å gjere huset eigna til bustad. Tilsette som er medlem av bustadbyggelag eller lignende der det er ein føresetnad at ein personleg tek del i byggearbeid, vert å sjå på som om ein har eige bustdbygg under oppføring. 36. Flytting. Ved flytting eller skifte av bustad/ husvære: Inntil 1 dag. 19

37. Deltaking i større idrettsarrangement/ større kulturarrangement. Arbeidstakar som er utteken til å representere landet i internasjonalt meisterskap kan gjevast inntil 5 dagar permisjon med løn. Døme på arrangement: Olympiske leikar, verdsmeisterskap, europameisterskap, landskampar. Det er ein føresetnad at ein deltek frå ei idrettsgrein eller eit forbund som er tilslutta Noregs Idrettsforbund, eller tilsvarande landsomfattande idrettsorganisasjonar. Permisjon med løn kan også gjevast i inntil 5 dagar for deltaking på større kulturarrangement. Dette må vere arrangement som i omfang og prestisje kan samanliknast med desse idrettsarrangementa. Det kan gjevast inntil 2 dagar permisjon med løn for deltaking i finale i noregsmeisterskap. Dette gjeld idrettsgreiner som er tilslutta Noregs Idrettsforbund. Slik permisjon kan også gjevast for deltaking på større kulturarrangement. Dette må vere arrangement som i omfang og prestisje kan samanliknast med desse idrettsarrangementa. For deltaking i andre idretts- og kulturarrangement kan det gjevast permisjon utan løn. Permisjon etter punktet gjeld også maksimalt 1 trenar, dirigent eller hovudleiar. Det er ein føresetnad at ein ikkje får dekt tapt arbeidsforteneste. 38. Deltaking i leiteaksjonar i hjelpekorps. Som hovudregel får arbeidstakar som er knytt til hjelpeorganisasjonar permisjon med løn i 1 dag i samband med kvar rednings- /leiteaksjon. Ved akutte redningsaksjonar vert det gjeve permisjon med løn så lenge sjølve redningsaksjonen pågår. I tillegg vert det i særskilde høve gjeve permisjon med løn til restituering i inntil 8 timar etter at redningsaksjonen er avslutta. Tida til restituering må vurderast i kvart einskild høve. Utover dette vert det gjeve permisjon utan løn. 39. Deltaking i brannkorps. Arbeidstakarar som er knytte til brannkorpset, får permisjon med løn i samband med utrykkingar og øvingar som fell i arbeidstida.. 20

40. Feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender. Arbeidsmiljølova 10-10 (5) Arbeidsmiljølova 10-10 (5) seier følgjande: For den som ikke er medlem av den norske statskirken finnes det en regel i Lova om trudomssamfunn og ymist anna, 27 a, som gir ham rett til fri ved religiøse høytidsdager etter sin religion. Regelen innebærer at arbeidstakeren har rett til fri inntil to dager hvert år. Det er et vilkår for rett til fri at arbeidstakeren varsler arbeidsgiver senest 14 dager i forveien. Arbeidsgiver kan kreve at arbeidstakeren arbeider inn fridagene ved en annen anledning. Arbeidstaker og arbeidsgiver blir eninge om når dette skal skje. Blir de ikke enige må arbeidsgiver kunne bestemme tidspunktet i kraft av sin styringsrett. Vær oppmerksom på at arbeidstiden som blir brukt til innarbeiding av nevnte fritid ikke blir regnet som overtid etter arbeidsmiljøloven sine bestemmelser. Dette gjelder selv om arbeidstiden overstiger grensene i arbeidsmiljøloven 10-4 og 10-6. 41. Andre tvingande velferdspermisjonar. Undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut og andre private gjeremål må så langt det er mogleg leggjast til fritida. Når det er godtgjort at dette ikkje er mogleg, kan arbeidsgjevar i kvart einskild tilfelle gje permisjon med løn. Då dette ofte er tale om timar, vil ikkje dette verte registrert i Agresso. Leiar må derfor syte for å halde kontroll på forbruket av timar. Dersom ein finn det rimeleg ut i frå ei konkret vurdering når andre tvingande velferdsgrunnar ligg føre, kan permisjon innvilgast med inntil 2 dagar. 42. Særskilte permisjonsreglar: nattevakter/ seinvakter og lærarar. Permisjon frå nattevakter/ seinvakter I utgangspunktet gjeld rettane til permisjon når ein faktisk har arbeid samstundes som møte eller anna permisjonsgrunn. Det vert gjeve permisjon med løn for nattevakt når møte er før kl. 12:00. Permisjonen gjeld natta før møtet. Særskilt om lærarar: Frist ved endring i årsplan/ byte av arbeidsplass: 21

Lærarar som ynskjer endringar i årsplanen for neste skuleår, så som nedsett/ auka leseplikt, overgang frå normalpost til timelærar post eller omvendt, søkjer om dette før 1. februar. Fristen gjeld også lærar som ønskjer overflytting mellom arbeidsplassar i Gaular kommune. Frist ved velferdspermisjon: Lærar som ynskjer velferdspermisjon for heile eller delar av neste skuleår søkjer om dette før 1. februar. Frist ved studiepermisjon: Lærar som ynskjer studiepermisjon for heile eller delar av neste skuleår søkjer om dette før 1. februar. Unntak frå fristane: Permisjonssøknad med bakgrunn i tilhøve som søkjaren ikkje hadde oversyn over innan fristen for søknad vert vurdert ved kvart høve. Frist for melding om tilbakekomst: Lærar som har hatt permisjon bør innan 1. februar seie frå om han/ ho kjem attende i stillinga. Trekk ved permisjon utan løn: Ved permisjon utan løn vert lærar trekt time for time for undervisingstida. 43. Vikar. Når det er tvingande naudsynt av omsyn til tenesta, kan arbeidsgjevar setje som vilkår for å få permisjon at kommunen kan skaffe kvalifisert vikar. Slike vilkår er ikkje aktuelle ved permisjonar som er regulert av lov eller tariffavtale, eller ved permisjon som ein gjev på grunn av tvingande velferdsgrunnar. 44. Anna permisjon. Denne skal fange opp anna permisjonsbehov utan løn og inntil 1 år. 45. Evaluering. Permisjonsreglementet skal reviderast kvart 4. år. Ved vesentlege lovendringar (som får følgjer for permisjonsreglementet) eller andre tvingande grunnar, skal reglementet reviderast umiddelbart. 22