Rapport frå forprosjekt: Kollektivstrategi for Hordaland Oktober 2012 Foto: Fred Johnny
1 Bakgrunn Kollektivtransport har aukande merksemd som verkemiddel for ei ønska utvikling, både i transportpolitikken og i samfunnet generelt. Ambisiøse klimamål er vedtekne på alle politiske nivå, og det er ei uttala politisk målsetting at vi må begrense bruken av privatbil. Dette gjeld ikkje minst i Bergensområdet, der kapasitetsproblem allereie gjer seg gjeldande. Samtidig er det venta ei betydelig vekst i folketalet dei neste tiåra. Hordaland fylkeskommune har eit overordna ansvar for kollektivtransporten i heile fylket med buss, snøggbåt og ferjer. I Bergen har fylkeskommunen også ansvar for Bybanen. I tillegg til sjølve rutetilbodet, har fylkeskommunen ansvar for infrastrukturen i samband med terminalar og haldeplassar langs fylkesvegane og på fylkeskaiar. I 2007 vart eininga Skyss oppretta for å ta hand om kollektivansvaret. Fylkeskommunen ønsker å legge til rette for at kollektivtransporten får ei tydelig rolle i den langsiktige transportplanlegginga, og utviklinga av fylket generelt. Eit godt kunnskaps- og vedtaksgrunnlag er avgjerande for å ta det strategiske ansvaret for forvaltning av kollektivtransporten i fylket. Det er difor ønska ein grundig gjennomgang av rammevilkåra for kollektivtransporten, og ei kartlegging og systematisering av utfordringar og moglegheiter innafor kollektivtransportområdet. Gjennom ein overordna kollektivstrategi for Hordaland vil ein samanstille og vidareutvikle ein samla politikk for fylkeskommunen sitt arbeid med kollektivtrafikk. Prosjektet «Kollektivstrategi for Hordaland» er forankra i høyringsutkastet til Regional transportplan (RTP) Hordaland 2013-2024. RTP skal til politisk handsaming hausten 2012, med sikte på endeleg vedtak i fylkestinget i desember. RTP er forankra i regional planstrategi for Hordaland, Hordaland skapar verdiar, 2010-2012. Eit forprosjekt med deltakarar frå Skyss og samferdselsavdelinga har definert rammene for hovudprosjektet, jf. melding (86/12) til samferdselsutvalet. Dette dokumentet inneheld forprosjektet sine anbefalingar for hovudprosjektet, inkludert organisering, framdrift, innhald, ressursar og mål. 2 Formål og verkeområde Kollektivstrategien skal samanstille og vidareutvikle fylkeskommunen sin heilskaplege politikk innan kollektivområdet. Det overordna formålet er å legge til rette for at kollektivtransporten får ei tydeleg rolle i den langsiktige transportplanlegginga, og utviklinga av fylket. Inn under dette ligg det at kollektivstrategien skal: bidra til å etablere eit samla og heilskapleg kollektivtrafikksystem i fylket fungere som ei fagleg ramme for prioriteringar vere grunnlag for å møte forventa vekst og følge opp vedtekne mål konkretisere dei overordna måla, og peike på kva som må gjerast for å nå desse Kollektivstrategien vil ikkje vere ein plan etter plan- og bygningslova, men ein strategi definert av fylkeskommunen. Forprosjektet vurderer at kollektivstrategien bør ha tre verkeområder: 2
1. Kollektivstrategien skal legge grunnlaget for fylkeskommunen sine prioriteringar for utviklinga av kollektivtransporten i fylket gjennom budsjettvedtak. 2. Kollektivstrategien skal vere eit styringsdokument for Skyss og samferdselsavdelinga sitt arbeid med utvikling av kollektivtrafikktilbodet, til dømes gjennom å gje føringar for neste generasjon anbodsutsetjingar. 3. Kollektivstrategien skal vere eit innspelsdokument til andre planar og prosessar på kommunalt, regionalt og statleg nivå. 3 Føringar Kollektivstrategien vil følge opp vedtekne mål formulert i ulike nasjonale, regionale og lokale dokument og vedtak, som RTP og Klimaplan for Hordaland. Kollektivstrategien vil bygge på, oppdatere og vidareutvikle gjeldande strategiar og planar for kollektivtrafikken, til dømes utviklingsplan for Skyss og Bergensprogrammet. Prosjektet vil arbeide for at kollektivstrategien er godt koordinert med relevante pågåande prosessar, mellom anna regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet og regional plan for attraktive senter i Hordaland. På sikt er det viktig å samordne ulike strategidokument og handlingsplanar, dette vil bli eit tema i prosjektet. 4 Tidsperspektiv Når det gjeld tidsperspektiv anbefaler forprosjektet å ha ei inndeling i tre nivå: 1. Visjonar for kollektivtrafikken i eit langsiktig, visjonært perspektiv. 2. Konkrete mål og strategiar i perspektivet fram mot 2030. Dette er ei naturleg tidsramme med tanke på rammene i den neste generasjon anbodsutsetjingar. 3. Handlingsprogram og økonomiplan med konkrete tiltak for ein fireårsperiode. Dette må koordinerast med prosessen til handlingsprogrammet for RTP. 5 Sentrale tema Kollektivtilbodet handlar om mykje meir enn rutetilbodet. For den reisande er det er heilskapen av mellom anna trafikantinformasjon, framkomst for transportmidla, infrastruktur i knutepunkta, integrasjon med arealplanlegging og senterutvikling som gjev eit samla kollektivtransportsystem av høg kvalitet. Forprosjektet anbefaler derfor at kollektivstrategien tek for seg dei tema som er viktige for kollektivtilbodet, også på område som ikkje Hordaland fylkeskommune aleine har ansvar for. I den grad ein legg strategiar som går inn på andre aktørar sine ansvarsområde, må ein sjå dette som bidrag til vidare prosess og diskusjon. Slik kan vi få enda betre samhandling mellom aktørane, til beste for innbyggarane i fylket. Forprosjektet presenterer her eit utval av dei mest sentrale tema. Utvalet er gjort med tanke på kva vi veit at dei reisande med kollektivtrafikken er opptekne av, og kva som bidreg til å auke talet på reisande. Det er også lagt til grunn at kollektivstrategien skal danne grunnlag for neste generasjon bussanbod. 3
Forprosjektet anbefaler at kollektivstrategien har følgande hovudtema: 1. Prinsipp for utvikling av tilbodet 2. Kvalitet i tilbodet 3. Sal og marknadsføring 4. Miljøvenleg trafikkproduksjon 5. Betre framkomst 6. Infrastruktur for kollektivtrafikken 7. Samordna areal- og transportplanlegging 8. Ressursbehov og finansiering Tre viktige tema er grunnleggjande premiss i den samla kollektivstrategien: Kundane i fokus. Kollektivstrategien har som grunnpremiss at kollektivtransportsystemet innanfor sine rammer skal utviklast på ein slik måte at brukarane opplever tilbodet som godt, og at stadig fleire skal sjå det som ein enkel og effektiv reisemåte i sin kvardag. Universell utforming ligg til grunn som premiss for utvikling av heile kollektivsystemet. Dette inneber val og utforming av løysingar som sikrar tilgjenge for alle, utan spesielle tiltak for særskilde grupper. Miljø og klima. Det viktigaste bidraget i eit miljø- og klimaperspektiv er å bidra til ei utvikling der ein stadig større del av dei motoriserte reisene er kollektive. Ambisiøse vekstmål ligg til grunn for kollektivstrategien. Det andre bidraget er å sjå til at trafikkproduksjonen blir avvikla på ein miljømessig optimal måte. Delstrategiar på områda «prinsipp for utvikling av tilbodet» og «miljøvenleg trafikkproduksjon» vil dekke dette. 6 Organisering og medverknad Forprosjektet ser dei følgande punkta som suksesskriterium for at kollektivstrategien skal oppfylle formålet: Politisk forankring gjennom heile prosessen Strategisk samarbeid med, og involvering av relevant fagkompetanse frå kommunane, vegvesenet og eventuelt andre relevante Brei medverknad frå andre interessentar med roller og ansvar i kollektivtrafikken Forprosjektet sine anbefalingar når det gjeld organisering av prosjektet og prosess for medverknad er baserte på desse kriteria. 4
6.1 Politisk forankring, rapportering og vedtak Forprosjektet ser det som viktig at fylkespolitikarane har eigarskap til både prosessen og resultatet, og legg opp til følgande: Jamleg rapportering til SAMU/FUV Orientering og fagseminar for medlemmer i SAMU/FUV ved oppstart (første kvartal 2013). Ein konkret plan for vidare politisk involvering vil bli lagt i oppstartsfasen, i samband med detaljert plan for prosjektgjennomføring Endeleg vedtak av kollektivstrategien i fylkestinget 6.2 Prosjektorganisasjon Forprosjektet anbefaler at prosjektet blir organisert med ei styringsgruppe, prosjekteigar og ei prosjektgruppe, og at faggrupper/delprosjekt blir oppnemnde etter behov: Figur 1 Anbefalt organisering av prosjektet Styringsgruppa vil bestå av leiargruppa i samferdselsavdelinga og leiargruppa i Skyss. Styringsgruppa skal godkjenne mandat og overordna planar for prosjektet, og skal sjå til at prosjektet har tilstrekkelege rammevilkår og ressurstilgang for å gjennomføre desse. Direktør i Skyss vil vere eigar av prosjektet. Han vil ha det overordna ansvaret for at prosjektet oppfyller sitt formål, og når måla som er satt. Prosjekteigar godkjenner oppnemning av faggrupper/delprosjekt, og vedtek eventuelle endringar i prosjektet i samråd med styringsgruppa. Representantar frå Skyss vil saman med ressursar frå samferdselsavdelinga utgjere prosjektgruppa, som vil bli leia av prosjektleiar frå Skyss. Prosjektleiar har ansvar for at prosjektet blir gjennomført etter planen, med god kvalitet på resultatet. Prosjektgruppa er støtte for prosjektleiar i dette. Delprosjekt og faggrupper vil bli oppnemnt av prosjektgruppa etter behov og i samråd med prosjekteigar. Desse gruppene vil ha ei brei deltaking basert på relevant kompetanse frå Skyss, samferdselsavdelinga, eventuelt andre avdelingar i fylkeskommunen, Statens vegvesen og 5
kommunane. Andre interessentar som til dømes operatørar kan også bli involvert der dette er hensiktsmessig. Gjennom ulike samarbeidsråd vil ein etablere strategisk samarbeid med viktige aktørar utanfor fylkeskommunen, for tema som angår desse spesielt. 6.3 Prosess for medverknad Medverknad står sentralt i utarbeiding av alle planar i offentleg sektor, og er viktig for å utnytte kompetanse og erfaringar hjå til dømes brukarar av kollektivtilbodet. Forprosjektet meiner at prosessen med å utarbeide kollektivstrategien også er ei god anledning til å spreie kunnskap om kollektivtrafikken sin rolle og funksjon, og å synleggjere fylkeskommunen og Skyss si rolle som eigar og faginstans. Forprosjektet anbefaler at det blir utarbeidd ein detaljert plan for informasjon og deltaking ved oppstart av prosjektet. Denne planen kan mellom anna omfatte å arrangere opne seminar, korleis delta på eksisterande arenaer, og å sende ut nyheitsbrev til interessentar. Spesielt ønsker ein å engasjere ungdom gjennom forum som ungdommens fylkesting, ungdommens byråd, regionale ungdomsråd eller liknande. 7 Overordna framdriftsplan Forprosjektet legg til grunn formell oppstart av prosjektet så snart som råd etter politisk behandling av forprosjektet sine anbefalingar. I oppstartsfasen vil prosjektgruppa utarbeide ein detaljert framdriftsplan for delprosjekt og prosessar for medverknad og informasjon. I denne fasa vil ein også etablere fagleg overbygnad og målstruktur, og utarbeide mandat og deltakarar i nødvendige delprosjekt. Ein tek sikte på avslutting av prosjektet og politisk behandling av kollektivstrategien våren 2014. Forprosjekt Oppstartsfase Analyse og kunnskapsinnhenting Utarbeide delstrategiar Politisk vedtak Gjennomføring av handlingsprogram Rullering av handlingsprogram (årleg) Rullering av strategiplanen ved behov 2012 2013 2014 2015 3 4 1 2 3 4 1 2 3 4 1 2 3 4 Figur 2 Overordna framdriftsplan for prosjektet 8 Ressursar Arbeidet med kollektivstrategien vil kreve tid frå ei rekke interne medarbeidarar i Skyss og samferdselsavdelinga. Prosjektet vil også medføre kostnader for utgreiingar og anna ekstern bistand. Skyss har tilsett ein prosjektleiar for å sikre koordinering og framdrift, men kostnadene for nødvendig arbeid med analyser og undersøkingar er ikkje fullt ut tatt høgde for i Skyss sine budsjett. På noverande tidspunkt er det for tidleg å talfeste denne kostnaden. Etter at prosjektet i oppstartsfasen 6
har lagt detaljerte planar, definert delprosjekt og mandat for desse, vil ein kunne komme tilbake med eit realistisk kostnadsbilete for prosjektet. 9 Gjennomføring, oppfølging og rullering av kollektivstrategien Det er eit velkjend fenomen at strategiar, uansett kor gode dei er, blir liggande «i ei skrivebordskuff». I ettertid kan det vere uklart i kva grad tiltak har blitt gjennomførd, og korleis ein ligg an når det gjeld å nå måla ein sette seg. Forprosjektet vurderer det som viktig at ein gjennom heile prosessen held fokus på den langsiktige gjennomføringa og oppfølginga av kollektivstrategien som kjem i etterkant av prosjektet. Forprosjektet anbefaler at ein i prosjektet utarbeider organisering og arbeidsprosess for gjennomføring samt måleparametrar for oppfølging av kollektivstrategien. Det er i denne samanhengen også viktig at ein klarer å samordne dei ulike handlingsprogram/tiltaksplanar som finst for kollektivområdet. Rullering av kollektivstrategien sitt handlingsprogram og økonomiplan bør skje årleg i forbindelse med budsjettprosess. Heile kollektivstrategien reviderast ved behov. 7