Søknad om Bondgaranti Kontragaranti eller garanti for urettkomme trekk på sikkerheit For GIEK: Aktørnr. seljar Urettkomme trekk gar.nr. Kontragar. nr. 1. Garantisøkjar: Etableringsår: 2. Eksportør: Same som garantisøkjaren: Føretaksnr. (MÅ fyllast ut): Kopi av firmaattest og siste årsmeldinga frå eksportøren: Er lagde ved: Blir ettersende: Er sende til GIEK tidlegare: 3. Kjøpar: Land: Privat: Offentleg: Forpliktar staten: Forpliktar ikkje staten: GIEK_03_Bondgaranti_NN_Oppdatert: 12.2015 4. Bondutferdande bank (sikkerheitsstillar): Land:
5. Omtale av bond (garantitype): Kontragaranti (inntil 50 % dekning) Urettkomme trekk (inntil 90 % dekning Berre offentleg kjøpar) Anbodsgaranti (bid-bond): Forskotsgaranti (Advance payment bond): Fullføringsgaranti (Performance bond): Anna: Norsk andel av kontraktverdien: % For større prosjekt skal det vedleggjast ved ei oversikt over dei aktuelle leverandørane/leveransane. 6. Bondutferdande bank sine sikkerheiter og premie 7. Betalings- og leveringsvilkår Kontraktbeløp/valuta: Kontantandel: % Kontantbeløp: Kredittdel: % Maks. kredittbeløp/valuta: Kredittid: (dagar/år): Leveringstidspunkt (oppgi òg ev. suksessive leveransar) / prosjektperiode: Innbetalingsterminar: Ønskt medverknad frå GIEK: % Maksimalt: 8. Vare/teneste/prosjekt
9. Miljørisiko Gjer greie for eventuelle miljørisikoar hos kjøparen / ved prosjektet, inkludert t.d. ureining til luft, jord, vatn, påverknad på det biologiske mangfaldet, verknader for lokalbefolkninga, produktet sin miljøkvalitet samanlikna med miljøverknader og marknadskrav, rammevilkår, tvistemål og negativ merksemd frå organisasjonar eller rørsler. Legg eventuelt ved dokumentasjon / ytterlegare opplysningar. 10. Andre opplysningar: (Inkludert ev. prosjektomtale, andre finansieringskjelder, under hovudleverandør, marknadsverdi, tidlegare erfaring med kjøpar, konkurranse/kredittkonkurranse. Legg ev. ved dokumentasjon / ytterlegare utgreiing.)
11. Prosjektvurdering/kredittnotat Dersom ikkje særskilde grunnar tilseier det, skal prosjektvurdering og/eller kredittnotat frå den bondutferdande banken sendast til GIEK (kan ev. ettersendast). Er lagde ved: Blir ettersende: Forklar ev. i punkt 10 kvifor prosjektvurdering eller kredittnotat ikkje er sende til GIEK. 12. Korrupsjon 12.1 Erklæring Vi er merksame på at det vil vere eit vilkår for dekning under GIEK sin garanti at vi gir ei skriftleg erklæring om at vi verken har handla eller vil handle i strid med forbodet i straffelova 387 389, jf. 15. Reglane gjeld korrupsjon overfor aktørar i offentleg og privat sektor og utilbørleg påverknadshandel i så vel offentleg som privat sektor. Erklæringa vil innehalde ein regel om at garantidekninga kan falle bort dersom denne plikta ikkje blir overhalden, og at vi i så fall må erstatte alle utbetalingar GIEK har g jort til mottakarar av den relevante garantien, i tillegg til kostnader og rentetap i samband med garantien. Erklæringa vil vidare presisere at tilsvarande vil gjelde dersom medhjelparane våre opptrer i strid med forbodet, og vi visste eller måtte vite dette. 12.2 Kontrollsystem Vi er klar over kor viktig det er å utvikle, implementere og kunne dokumentere gode nok kontrollsystem for å motverke korrupsjon. 12.3 Tiltale/dom for korrupsjon Vi erklærer at verken vi eller nokon som handlar på våre vegner (til dømes agentar), eller andre som vi kjenner til som får betaling eller annan fordel for å utføre arbeid, tenester eller annan medverknad i transaksjonen: i) er under tiltale (eller skulding) for korrupsjon, eller ii) dei siste fem åra, rekna frå datoen for denne søknaden, er dømde for korrupsjon i Noreg eller i utlandet, eller iii) dei siste fem åra, rekna frå datoen for denne søknaden, er pålagde administrative tiltak på grunn av korrupsjon i Noreg eller utlandet. 12.4 Listene til Verdsbanken / regionale utviklingsbankar Vi erklærer at verken vi eller nokon som handlar på våre vegner (til dømes agentar), eller andre som vi kjenner til som får betaling eller annan fordel for å utføre arbeid, tenester eller annan medverknad til transaksjonen, er på listene til Verdsbanken eller dei regionale utviklingsbankane over føretak som er utestengde på grunn av korrupsjon. 12.5 Agentar Dersom det blir nytta / skal nyttast agent eller andre personar/firma for å opptre på vegner av søkjaren/eksportøren, eller dersom de kjenner til andre som får betaling eller annan fordel for å utføre arbeid, tenester eller annan medverknad til transaksjonen, skal følgjande informasjon innhentast og oppgivast nedanfor: a) Person/firma (namn, føretaksnummer og adresse): b) Type oppdrag/teneste: c) Godtgjersle/honorar / andre fordelar: d) Oppgjersstad / stad for betaling: Vi erklærer at alle betalingar, provisjonar og andre fordelar i transaksjonen som ikkje går direkte mellom kjøpar og seljar, gjeld dekning av relevante ytingar og tenester, og at storleiken på betalingane står i forhold til verdien av ytinga eller tenesta.
12.6 Rapportering Vi er kjende med at GIEK, innanfor norsk lovgiving, har plikt til å informere relevant styresmakt ved grunngitt mistanke om brot på straffelova 387 389, jf. 15. I saker der søkjaren ikkje er eksportør, vil GIEK innhente korrupsjonserklæring for eksportøren. Dersom det ikkje er mogleg å gi erklæring som nemnt ovanfor, skal dette vere grunngitt anten i søknaden eller i vedlegg til denne. Dersom søkjaren tidlegare har vore involvert i korrupsjon, skal det leggjast fram dokumentasjon på kva tiltak som eventuelt er sette i verk for å hindre korrupsjon. Vi veit at GIEK skal nytte opplysningane ovanfor i søknadsbehandlinga, og at det dermed er eit vilkår for poliseutferdinga at vi går gode for at opplysningane er korrekte og fullstendige. Stad: Dato: Namn: Tal på vedlegg: Signatur: Søknadsskjemaet må signerast og sendast til GIEK per post eller som vedlegg per e-post til giek@giek.no.