Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå Møtedato: 04.04.2005 Tid: 13.00-20.00 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 18.03.05 og tilleggsakliste datert 31.03.05. Desse medlemene møtte: Dei faste medlemane i kommunestyret er: Arbeidarpartiet: Høgre: Sissel Stokke, Lasse Rindal, Jermund Rekkedal. Helge Svarstad, Idar Brekke. Kristeleg Folkeparti: Jan Helgøy, Hallstein Ljoså, Magne Vik Arset. Senterpartiet: Venstre: Kystpartiet: Tormod Hvattum, Magne Løvoll, Liv Ranveig Sunde, Sigurd Rovde. Lena Landsverk Sande. Einar Ebbesen, Eli Tefre Nordal, Harald Søvdsnes. Sosialistisk Venstreparti: Sigrid-Marie Lillebø. Fremskrittspartiet: Nils Olav Moen, Arild Henriksen, Kjartan Otneim, Brita Hoel Drage. Forfall: Idar Brekke, Høgre Varaordførar Tormod Hvattum, Senterpartiet Nils Olav Moen, Fremskrittspartiet Arild Henriksen, Fremskrittspartiet Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Varamedlemer: For Idar Brekke Per Harald Halsebakke For Tormod Hvattum møtte Randulf Lillebø For Nils Olav Moen møtte Svein Arnulf Nordal For Arild Henriksen møtte Ragnar Løvoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Gunnar P. Strand og møtesekretær Kåre Kvangarsnes. Merknader: Ingen merknader til innkalling og saksliste. Lasse Rindal vart vald til settevaraordførar. Til å skrive under møteboka vart Eli Tefre Nordal og Jermund Rekkedal valde. Lena Landsverk Sande gjorde merksam på at ho hadde sendt inn spørsmål til ordføraren vedk. legevaktsamarbeid, vedlagt informasjon frå helsesjef Karsten Vingen. Skrivet vart utdelt. Ein var samde om å kome tilbake til saka seinare i møtet. Ordførar orienterte om møte med Gert Rietmann i Placement Rekruttering for å få nederlendarar, belgiarar og tyskerar til Vanylven. Det ligg føre eit tilbod til Vanylven Vekst KF der ein for kr. 250.000,- kan få hit 25 personar på eit år: 01.09.05 31.08.06. Saker under eventuelt: Brita Hoel Drage varsla 2 spørsmål + framlegg til vedtak. Lena Landsverk Sande varsla 1 spørsmål Helge Svarstad varsla ei sak framlegg til vedtak. Protokoll frå forrige møte: Lena Landsverk Sande stilte spørsmål om kommunestyret sitt svar på spørsmål 11 i sak 012/05 Søre Sunnmøre Regionråd, var dekkande for det som kommunestyret meinte. Det var semje om at det som står i protokollen er dekkande. Einar Ebbesen ynskte at vedtaka vart lesne opp. Sak 029/05 vart handsama først. Deretter handsama ein sak 022/05 og innsendt interpellasjon, før ein tok fatt på sakslista i ordinær rekkefylgje. Det låg føre interpellasjon frå Vanylven Høgre vedk. utlysing av stillingane som oppvekstsjef og inspektør v/myklebust skule. Ordføraren svarde på spørsmåla. Side 2 av 13
Notat av 31.03.05 frå Fylkesmannen v/helge Mogstad der det går fram at eit nytt budsjett opphevar tidlegare vedteken tilsetjingsstopp vart utdelt. ------------------------------------------------ Svein Nordal gjekk frå som ugild i sak 022/05. Sigurd Rovde, Randulf Lillebø og Hallstein Ljoså fekk innvilga permisjon og forlet møtet etter at første punkt i sak 019/05 var vedteke. Ragnar Løvoll fekk innvilga permisjon og forlet møtet etter sak 019/05. Saker som vart handsama: 019/05 029/05 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Eli Tefre Nordal Jermund Rekkedal Fiskå, 05.04.05 Side 3 av 13
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0019/05 04/00562 AJOURFØRING AV DELEGASJONSREGLEMENTET 0020/05 04/00625 KOMMUNEPLANEN: HANDLINGSPLAN/LANGTIDSBUDSJETT 0021/05 04/00760 SJUKEFRÅVER I VANYLVEN KOMMUNE MOGLEGE TILTAK M.M. 0022/05 04/00992 FJORD GADUS AS - KONSESJON OPPDRETT AV TORSK, SANDNES I VANYLVEN 0023/05 04/00951 NORTH CAPE MINERALS AS - MASSETAK GRUBSE, VEG MELLOM GRUBSE OG ÅHAUGEN 0024/05 04/00369 MARGINAVSETNING FOR SKATT 0025/05 01/00449 KYSTVEGUTVIKLING - TILSKOT TIL DRIFT 2005 0026/05 03/00808 PAULA NÆRBØ - SØKNAD OM FRITAK FRÅ RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA 0027/05 05/00074 BUDSJETT 2005 - BIBLIOTEKTENESTE PÅ FISKÅ 0028/05 03/00989 MEDDOMMARUTVALET FOR TINGRETTEN OG LAGRETTE- UTVALET FOR LAGMANNSRETTEN - RETTING AV FEIL 0029/05 05/00286 UTLEIGEBYGG TIL HOFSETH INVEST AS Side 4 av 13
0019/05 AJOURFØRING AV DELEGASJONSREGLEMENTET Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Framlegget til delegasjonsreglement, formannskapsmodellen, vert vedteke slik det ligg føre med følgjande tillegg: Kap. I, 3 Formannskapet er sjølv klageutval. Kap. IV, 8: Alle klagesaker skal handsamast i formannskapet før dei eventuelt går til Fylkesmannen. Framlegg frå representantar frå partia H, SV, Ap, Frp og V v/helge Svarstad, Sigrid-Marie Lillebø, Jermund Rekkedal, Brita Hoel Drage og Lena Landsverk Sande: Kommunestyret set ned ei nemnd med representantar frå kvart parti. Desse tek utgangspunkt i KS sitt normalreglement for delegasjon i kommunane, og tilpassar dette til Vanylven. Nytt forslag til delegasjonsreglement må vere klart til siste kommunestyremøtet før sommaren, 20. juni. Votering: Utsetjingframlegget fekk 13 røyster. Det vart avgitt 8 røyster for å handsame saka. Desse vart utpeikte til nemnda: Helge Svarstad, H, som kallar inn til møte, Lena Landsverk Sande, V, Sigrid-Marie Lillebø, SV, Brita Hoel Drage, Frp, Sonja Riste, Kp, Magne Løvoll, Sp, Jermund Rekkedal, Ap, Magne Vik Arset, Krf. Kommunestyret set ned ei nemnd med representantar frå kvart parti. Desse tek utgangspunkt i KS sitt normalreglement for delegasjon i kommunane, og tilpassar dette til Vanylven. Nytt forslag til delegasjonsreglement må vere klart til siste kommunestyremøtet før sommaren, 20. juni. Desse vert utpeikte til nemnda: Helge Svarstad, H, som kallar inn til møte, Lena Landsverk Sande, V, Sigrid-Marie Lillebø, SV, Brita Hoel Drage, Frp, Sonja Riste, Kp, Magne Løvoll, Sp, Jermund Rekkedal, Ap, Magne Vik Arset, Krf. Side 5 av 13
0020/05 KOMMUNEPLANEN: HANDLINGSPLAN/LANGTIDSBUDSJETT Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Kommunestyret tek i mot tilbodet frå Jørgen Amdam, Møreforsking, og inviterer han til strategidagar/temadagar i samband med kommuneplanarbeidet Rådmannen undersøkjer nærare kostnadene med eit slikt 2 dagars seminar. Framlegg frå Magne Løvoll: Kommunestyret tek sikte på å avvikle 2 strategidagar/temadagar i samband med kommuneplanarbeidet. Framlegget frå Magne Løvoll vart samrøystes vedteke. Kommunestyret tek sikte på å avvikle 2 strategidagar/temadagar i samband med kommuneplanarbeidet 0021/05 SJUKEFRÅVER I VANYLVEN KOMMUNE MOGLEGE TILTAK M.M. Framlegg til vedtak: A) SJUKEFRÅVÆRET Saka vert teken til vitande. B) LØN UNDER SJUKDOM Kommunestyrevedtaket frå 16.02.1989, K-sak 12/89, vert oppheva frå dags dato. Punkt B vart samrøystes vedteke utsett. Side 6 av 13
Punkt A: Framlegg frå Fremskrittspartiet For å gjøre hva en kan for sine arbeidstakere gjennomfører Vanylven kommune en anonym spørreundersøkelse av alle arbeidstakere ansatt i Vanylven kommune. Undersøkelsen vil være en invitasjon til arbeidstakere om å si sin mening om sin egen arbeidssituasjon. Da undersøkelsen skal være fullstendig anonym bør andre enn Vanylven kommune organisere og behandle den. Administrasjonen undersøker pris og betingelser fra firma / andre som kan ta på seg arbeidet med: Spørsmål, organisering, behandle innkomne svar og konklusjon. Vanylven formannskap får fullmakt til å vurdere / godta tilbud og følge opp resultater med tiltak hvis nødvendig Votering: Først vart framlegget frå adm. samrøystes vedteke. Deretter vart framlegget frå Frp v/brita Hoel Drage samrøystes vedteke. A) SJUKEFRÅVÆRET 1. Saka vert teken til vitande. 2. For å gjøre hva en kan for sine arbeidstakere gjennomfører Vanylven kommune en anonym spørreundersøkelse av alle arbeidstakere ansatt i Vanylven kommune. Undersøkelsen vil være en invitasjon til til arbeidstakere om å si sin mening om sin egen arbeidssituasjon. Da undersøkelsen skal være fullstendig anonym bør andre enn Vanylven kommune organisere og behandle den. Administrasjonen undersøker pris og betingelser fra firma / andre som kan ta på seg arbeidet med: Spørsmål, organisering, behandle innkomne svar og konklusjon. Vanylven formannskap får fullmakt til å vurdere / godta tilbud og følge opp resultater med tiltak hvis nødvendig B) LØN UNDER SJUKDOM Saka vert utsett Side 7 av 13
0022/05 FJORD GADUS AS - KONSESJON OPPDRETT AV TORSK, SANDNES I VANYLVEN Framlegg til vedtak: Alternativ 1: Fjord Gadus får etablere seg på omsøkt lokalitet Alternativ: 2: Område D vert redusert til ei merde med lokalisering til Lied. Rådmannen endra alternativ 2: Kommunestyret viser til vedtak i k.styresak 001/94 og opprettheld dette. Fellesframlegg frå Senterpartiet v/ Magne Løvoll og Venstre v/lena Landsverk Sande: 1. Vanylven kommunestyre meiner at kommunestyrevedtaket 07. 02. 1994 må oppretthaldast. 2. Med omsyn til kultur- og miljøbelastningane kan vi ikkje tilrå at Fjord Gadus AS etablerer seg i området Sandnes Koparnes. 3. Kommunestyret ser positivt på å tilrå etablering i meir eigna lokalitetar i kommunen. Votering: Alternativ 1 i framlegget frå administrasjonen fekk 6 røyster. Fellesframlegget frå Sp og Venstre fekk 15 røyster. 1. Vanylven kommunestyre meiner at kommunestyrevedtaket 07. 02. 1994 må oppretthaldast. 2. Med omsyn til kultur- og miljøbelastningane kan vi ikkje tilrå at Fjord Gadus AS etablerer seg i området Sandnes Koparnes. 3. Kommunestyret ser positivt på å tilrå etablering i meir eigna lokalitetar i kommunen. 0023/05 NORTH CAPE MINERALS AS - MASSETAK GRUBSE, VEG MELLOM GRUBSE OG ÅHAUGEN Samrøystes vedtak som framlegget. Side 8 av 13
Reguleringsplan for Massetak Grubse, veg mellom Grubse og Åhaugen vert eigengodkjent med heimel i Plan- og bygningslova 27-2. Merknad nr.1 frå Bergvesenet vert tatt til vitande. Merknad nr. 2 frå fylket Møre og Romsdal vert tatt til vitande. 0024/05 MARGINAVSETNING FOR SKATT Samrøystes vedtak som framlegget. Vanylven kommune aukar marginavsetninga for innbetalt skatt frå 10 % til 12%. Endringa gjeld frå 2. halvår 2005. 0025/05 KYSTVEGUTVIKLING - TILSKOT TIL DRIFT 2005 Framlegget vart vedteke mot 1 røyst. Vanylven kommune vil støtte arbeidet i Kystvegutvikling med kr 10.000 Pengane vert å ta frå Kommunestyreposten. Side 9 av 13
0026/05 PAULA NÆRBØ - SØKNAD OM FRITAK FRÅ RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Framlegg frå Lasse Rindal: Paula Nærbø får innvilga fritak som medlem av råd for funksjonshemma. Ny medlem i råd for funksjonshemma: Målfrid Rindal. Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke. Paula Nærbø får innvilga fritak som medlem av råd for funksjonshemma. Ny medlem i råd for funksjonshemma: Målfrid Rindal. 0027/05 BUDSJETT 2005 - BIBLIOTEKTENESTE PÅ FISKÅ Framlegg frå Helge Svarstad: Saka vert avvist. Framlegget frå Helge Svarstad vart samrøystes vedteke. Saka vert avvist. 0028/05 MEDDOMMARUTVALET FOR TINGRETTEN OG LAGRETTE- UTVALET FOR LAGMANNSRETTEN - RETTING AV FEIL Framlegg frå Lena Landsverk Sande: Jostein Holsvik i lagmannsretten. Bernt Thue, fyisoterapeut, Syvde, i tingretten. Framlegget frå Lena Landsverk Sande vart samrøystes vedteke. Jostein Holsvik i lagmannsretten. Bernt Thue, fyisoterapeut, Syvde, i tingretten. Side 10 av 13
0029/05 UTLEIGEBYGG TIL HOFSETH INVEST AS Roger Hofseth frå Hofseth Invest AS orienterte. Svein A. Nordal gjekk frå som ugild. Randulf Lillebø tok opp spørsmålet om han og Sigrid-Marie Lillebø var ugilde - onkel og tante til ein av aksjonærane. Det var semje om at Randulf Lillebø og Sigrid-Marie Lillebø var gilde. Framlegg frå Lasse Rindal: 1. Vanylven kommune set opp eit fryseri for utleige til Syvde Fiskeindustri. Det heileigde kommunale aksjeselskapet Rovde Industriutleigebygg vil stå som eigar. 2. Syvde Fiskeindustri må stille passande tomt til disposisjon, som vederlagsfritt vert overdratt til Vanylven kommune. 3. Bygget skal vere fleksibelt, byggjast slik at det kan flyttast. 4. Innovasjon Norge vil støtte prosjektet og får panterett i leigeavtala. 5. Leigetakar får opsjon til å kjøpe fryseriet til nedskriven verdi. 6. Fryseriet skal skrivast ned over 10 år. 7. Eit vilkår for at Vanylven kommune går inn i prosjektet er at Syvde Fiskeindustri ikkje nyttar utanlandsk arbeidskraft i tydinga sosial dumping i produksjonen og i fryseriet. I såfall må leigetakar løyse inn bygget omgåande. 8. Formannskapet får fullmakt til å ordne alle formalitetar etter dette vedtaket. Etter framlegg frå Sissel Stokke vart det halde gruppemøte. Etter gruppemøte la Sp v/magne Løvoll fram følgjande endringar i framlegget frå Lasse Rindal: Pkt. 2: Må stille vert endra til: stiller. Pkt. 3: Bygget skal byggjast slik at det blir fleksibelt. Pkt. 7: Går ut. Lasse Rindal sette fram forslag om at Syvde Fiskeindustri vert endra til Hofseth Invest AS og å stryke siste setning i pkt. 7. Han slutta seg til endringsframlegget frå Magne Løvoll til pkt. 2 og 3. Rådmannen la fram slikt framlegg til punkt 9: Bygget skal finansierast med overskotet frå 2004 og lån. Formannskapet får fullmakt til å ta opp lånet. Framlegg frå Lena Landsverk Sande nytt pkt 7: Vanylven kommune går inn i prosjektet med sterkt ynskje om å skape arbeidsplassar. Vi ynskjer å gje honnør til Hofseth Invest AS for deira lovnad om ikkje å nytte utanlandsk arbeidskraft i tydinga sosial dumping. Side 11 av 13
Lasse Rindal trekte punkt 7 i sitt framlegg. Det vart først halde prøvevotering vedk. pkt. 7: Framlegget frå Magne Løvoll om å stryke pkt. 7 fekk 11 røyster. Framlegget frå Lena Landsverk Sande til nytt pkt. 7 fekk 9 røyster. Lena Landsverk sette fram forslag til nytt pkt 7: Vanylven kommune går inn i prosjektet med sterkt ynskje om å skape arbeidsplassar. Vi ynskjer å gje honnør til Hofseth Invest AS for å skaffe naudsynte lokale arbeidsplassar. Votering: Pkt. 1: Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke med slik endring: Syvde Fiskeindustri vert endra til Hofseth Invest AS. Pkt. 2 : Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke med slik endring etter framlegg frå Magne Løvoll: Hofseth Invest AS stiller passande tomt.. Pkt. 3: Framlegget frå Magne Løvoll vart samrøystes vedteke. Pkt. 4: Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke. Pkt. 5: Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke. Pkt. 6 : Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke. Pkt. 7: Framlegget frå Magne Løvoll om å stryke punktet fekk 16 røyster. Framlegget frå Lena Landsverk Sande fekk 4 røyster. Pkt. 8: Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke. Framlegget frå rådmannen til pkt 9 vart samrøystes vedteke. l 1. Vanylven kommune set opp eit fryseri for utleige til Hofseth Invest AS. Det heileigde kommunale aksjeselskapet Rovde Industriutleigebygg vil stå som eigar. 2. Hofset Invest AS stiller passande tomt til disposisjon, som vederlagsfritt vert overdratt til Vanylven kommune. 3. Bygget skal byggjast slik at det blir fleksibelt. 4. Innovasjon Norge vil støtte prosjektet og får panterett i leigeavtala. 5. Leigetakar får opsjon til å kjøpe fryseriet til nedskriven verdi. 6. Fryseriet skal skrivast ned over 10 år. 7. Formannskapet får fullmakt til å ordne alle formalitetar etter dette vedtaket. 8. Bygget skal finansierast med overskotet frå 2004 og lån. Formannskapet får fullmakt til å ta opp lånet. Side 12 av 13
Eventuelt: Brita Hoel Drage tok opp sak ved alarmanlegg v/åheimtun. Rådmannen bad om at ho tok opp spørsmålet med Teknisk etat. Ho sette også fram forslag om at kommunen innfører tilsetjingsstopp og at det vert konstituert i stillingane som oppvekstsjef og inspektør v/myklebust skule. Saka vart oversendt formannskapet for handsaming. Lena Landsverk Sande ynskte at kommunestyresakene m.v. vert lagde ut på internett. Rådmannen opplyste at ein arbeider med saka. Helge Svarstad sett fram forslag om at intern utlysing av stillingane som oppvekstsjef og inspektør v/myklebust skule vert trekt attende og utlyst eksternt, og at dei tilltsvalde må få delta i samsvar med lov og avtaleverk. Saka vart oversendt formannskapet for handsaming Einar Ebbesen understreka at møtet hadde teke altfor lang tid. Spørsmål frå Lena Landsverk Sande vedk. legevaktsamarbeid, innsendt til dette møtet og utdelt på møtet, vert teke opp på neste møte. Rett utskrift 05.04.05 Kåre Kvangarsnes Side 13 av 13