Beate Marie Dahl Eide (Sp): Utfordringer sett fra en politiker



Like dokumenter
Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til dykk alle!

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

mmm...med SMAK på timeplanen

Psykologisk førstehjelp i skulen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

6. trinn. Veke 24 Navn:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing. epolitiker

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Jon Fosse. For seint. Libretto

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Informasjonshefte Tuv barnehage

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Plassebakken Barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kommunedelplan for oppvekst

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

IKT-kompetanse for øvingsskular

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Ny strategiplan for Høgskulen

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Transkript:

Beate Marie Dahl Eide (Sp): Utfordringer sett fra en politiker Hovudfokuset for årets folkehelsekonferanse er kosthold. Fleire har snakka - og skal snakke mykje godt om det. Eg vil fokusere på folkehelse i stort. Eg brukar ofte å snakke om psykisk helse, men det har forrige innleiar dekt opp på ein ypperleg måte. Eg skal starte med å ta utgangspunkt i meg sjølv. For 11 år sidan vart eg politikar på heiltid. Det er kanskje det minst folkehelsefremmande eg har gjort etter russetida For kva gjer ein politikar - jo: politikaren les sakspapir, sit på møte i styrer, råd og utval, i forhandlingar, i middagar og i bilen på veg til og frå alle desse tinga. Det er sjeldan eller aldri lagt inn pausar til fysisk fostring, men kakepausene er mange. No er eg politikar på deltid. Men det er nesten meir krevjande det. For ein kan alltid gjere meir i politikken, det er alltid ei sak å jobbe meir med. Ei stortingsmelding å lese. Ein telefon å ta. Eit innlegg å skrive. Med jobb, familie, hus og tidvise forsøk på eit sosialt liv, vert folkehelsa utsett både titt og ofte. Politikken gjev meg mykje, men nokre gonger lurar eg på om den neste velferdsreforma burde vere grøne reseptar til alle folkevalde:) Folkehelse handlar ikkje om birkebeineren, sommarkroppen eller rumpeshots på instagram. Folkehelse handlar om korleis vi som politikarar kan leggje til rette for at folk har ei god helse lengst mogleg. Balansen mellom offentlege verkemiddel og respekten for folk sin rett til å leve sine liv som dei vil, er eit evig dilemma. Min påstand er at vi som samfunn har reparert lenge nok! Det er på høg tid fokuset vert snudd, og at verkemiddel og tiltak som betrar helsa til folk gjennom heile livet, vert prioritert opp. Livsstilssjukdommar kostar samfunnet vårt store summar årleg, i form av belastning på helsebudsjetta, sjukemeldingar, uføretrygd, tidleg død. I august i år var eg så heldig å få vere med dei dyktige folkehelsemedarbeidarane i Telemark fylkeskommune på Nordisk folkehelsekonferanse i Trondheim. Her møttes 750 menneske frå heile Norden til temaet sosial ulikhet i velferd og helse. Det var veldig lærerikt og ga både kunnskap og motivasjon til å arbeide vidare med dette viktige og interessante feltet som folkehelse er.

Det har vore ei positiv utvikling når det gjeld folkehelse i Norden levealderen aukar og flere oppnår bedre helse gjennom heile livsløpet. Men det er fortsatt store sosiale ulikheter i helse - også i Norge. Hovedbudskapet fra konferansen er at dei her forskjellene aukar. De nordiske landene har ei felles utfordring med å utjevne sosial ulikhet, og vi må omsetje kunnskap til politikk. Det kom fram mange gode eksempler på hva som kan gjerast lokalt og regionalt for å få ei samfunnsutvikling som gir god helse og økt mestring. Det var befriande å høyre det som må vere folkehelsa si popstjerne sir Michael Marmot i Trondheim. Topp kunnskap vart formidla på ein svært tydeleg og engasjert måte. Etter at helseminister Bent Høie hadde snakka til forsamlinga, hadde dei to eit møte med Direktøren for det globale helseprogrammet, Ilona Kickbusch, før Marmot skulle halde si innleiing til oss. Helseminister Høie hadde i si innleiing til konferansen snakka mykje om kor viktig det er å motivere folk til å gå tur! Det var det viktigaste tiltaket han trakk fram for betra folkehelse og auka levealder. Ut å bruke naturen, ut i skog og fjell og mark, eit lavterskeltilbud til ei betre helse. Marmot sitt svar på dette, etter å har vore leiande på fagfeltet i 30 år var like enkelt som det var klart: Detter er vel og bra. Men; It doesn t work! I told the minister, it doesn t work. Kvifor fungerar det ikkje? Er ikkje skog og mark og frisk luft bra for folkehelsa? Det fungerar ikkje fordi vi har sosiale ulikskapar når det kjem til helse, det er sosiale forskjellar på kven som tek den turen i skog og mark. Det å ha ressursar til å ha kontroll over eige liv er ulikt fordelt. Det høyrest enkelt og folkeleg ut å be folk gå ein tur i skog og mark. Problemet er at då har du bomma på den største utfordringa; dei sosiale forskjellane, som det er heilt tvingande nødvendig å gjere noko med. Eg kan gjerne ta ein tur i skog og mark med Bent Høie, problemet er at altfor mange av dei vi ønsker å nå ikkje er på stien opp til Vealøs, Bjørgenuten eller Gaustatoppen. Om du strevar kvar dag for at ungen din skal ha nok mat, reine klede som passar og moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar, er det ikkje fem om dagen og 30 minutt fysisk aktivitet som er hovudfokuset ditt. Då greier du ikkje å ta kontroll over eige liv, eiga helse og berre gå den turen. Det er dei samme sosiale forskjellane som gjer at det å kutte skulefrukta, og be folk sende med ungane ein banan eller eit eple, rett og slett ikkje funkar.

Sosial utjamning, det å redusere forskjellane i samfunnet, både med tanke på inntekt, levekår og helse er kanskje noko av det som engasjerar meg mest som politikar. Urettferdighet har alltid opprørt meg, og dei sosiale forskjellane vi har er nettopp det, urettferdige. Mange mennesker i Telemark, i Norge, i verden forøvrig, får ikkje realisert sitt potensial som menneske, på grunn av desse forskjellane. Det må vi gjere noko med! Det vil eg gjere noko med! Eit samfunn som ikkje tek folkehelseutfordringane på alvor vert eit dårleg samfunn. Vi veit at det er sosial ulikhet i helse. Men, det har det vore ukorrekt å snakke om. Vi har ei sosial lagdeling i samfunnet, som gir seg utslag i velferdsforskjellar og heilt tydelege målbare helseforskjellar. Utdanningsnivå, inntekt og helsetilstand heng sammen. Forekomst av risikofaktorar som røyking, alkoholmisbruk, fedme, livsstilsproblem har ei sosial slagside. Det må vi forholde oss til. Det er vår fordømte plikt som politikarar, som samfunn. Foreldre sin utdanningsbakgrunn har veldig stor sammenheng med sjanse for gjennomføring. Fleire tek meir utdanning i dag, men forskjellane består. Vi har såkalla full barnehagedekning, men det er fremdeles forskjell i bruk av barnehage etter inntektsbakgrunn. Vi veit at om dei lavast utdanna gruppene hadde hatt samme forekomst av røyking, fedme, stillesitting, alkohol som dei høgast utdanna, så hadde levekårsulikheitene blitt redusert med 94% for menn 59% for kvinner. Dette veit vi! Skal vi utjamne dei sosiale ulikheitene innan helse, og gje befolkninga som heilheit ei betre folkehelse, så må ein tørre å ta ein del politiske tydelege, kanskje upopulære val. Vi forheld oss dagleg til konsekvensane, eller rettare sagt effektane av ting som røykelova, alkohollovgivning, reklameregelverk o.l. Det vert snakka mykje om grøne skattar. Kvifor ikkje snakke om sunne skattar? Tenk om vi kunne brukt avgiftene på røyk, alkohol, sukker og anna på målretta folkehelsetiltak som monnar?

Tenk om Norge kunne vere like framtidsretta som Irland, Skottland og Finland har vore, og sette eit årstal for når tobakk skal vere fasa ut? Fordi vi veit kva tobakk gjer med folk si helse, levealder og kva det kostar helsebudsjetta våre? Eg ser gjerne at vi sett 2035 som mål, og så sett vi i verk ulike tiltak for å komme dit. Mellom anna å auke aldersgrensa for kjøp til 20 år for å redusere rekrutteringa. Det vert snakka mykje om aktivitetsplikt om ein skal få stønad gjennom NAV. Kvifor ikkje krav til fysisk aktivitet som er tilpassa den enkelte? Vi veit at fysisk aktivitet og frisk luft har ein positiv innverknad på den psykiske helsa, men vi må gjere meir enn å be folk gå på tur. Kvifor prøver regjeringa å trenere bypakke Grenland, ei pakke som vil gje titusenar av innbyggjarar i Telemark betre gang- og sykkelvegar, universell utforming og kollektivtrafikk. Kvifor skal frivilligheten, som kanskje er den sektoren som har størst positiv påverknad på folkehelsa, få dårlegare kår? Kvifor godtek vi som samfunn at mange elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule har så dårleg tilgang på helsesøster, psykolog og andre med sosialfagleg kompetanse? Kvifor er det i dag ei utgift for fylkeskommunen å få ungdom som står i fare for å dette ut av skulen, til å fullføre? Det å falle ut av vgo aleine, korrigert for andre faktorar, aukar sjansen for å bli ung ufør med 20 %. Vi må finansiere opp forebyggjinga! Vise gevinsten for samfunnet! Og gje kommunane og fylka ein bit av denne kvart år. Det er billegare for staten, for samfunnet, for den enkelte! Vi må skape menneskevennlege samfunn, med små forskjellar og stor trivsel. Folkehelse er ikkje det enklaste feltet for ein politikar å bruke tida si på, med tanke på å kunne vise til poltiske resultat og handlekraft. Det er eit arbeid som er vanskeleg å måle, kva resultat fekk ein av dei kronene ein løyvde i fjor? Som Margaret Chan i Verdas helseorganisasjon så treffande sa det: What gets measured gets done.

Folkehelsearbeid er først og fremst eit langsiktig arbeid, det er haldningsskapande arbeid og det handlar om å få alle sektorar til å tenke forebygging, og det å skape eit menneskevennleg samfunn for alle. Takk for merksemda!