Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå Møtedato: 06.03.2006 Tid: 13.00 14.55 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 24.02.06 Desse medlemene møtte: Dei faste medlemane i kommunestyret er: Arbeidarpartiet: Høgre: Sissel Stokke, Lasse Rindal, Jermund Rekkedal. Helge Svarstad, Idar Brekke. Kristeleg Folkeparti: Jan Helgøy, Hallstein Ljoså, Magne Vik Arset. Senterpartiet: Venstre: Kystpartiet: Tormod Hvattum, Magne Løvoll, Liv Ranveig Sunde, Sigurd Rovde. Lena Landsverk Sande. Einar Ebbesen, Eli Tefre Nordal, Harald Søvdsnes. Sosialistisk Venstreparti: Sigrid-Marie Lillebø. Fremskrittspartiet: Nils Olav Moen, Arild Henriksen, Kjartan Otneim, Brita Hoel Drage. Forfall: Varamedlemer: Sissel Stokke Sigrid-Marie Lillebø Arild Henriksen For Sissel Stokke møtte Sølvi Aud Brandal For Sigrid-Marie Lillebø møtte ingen For Arild Henriksen møtte Jorun Nystøyl 20 av 21 medlemar møtte. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Frå administrasjonen møtte: Rådmann Einar Vik Arset, personalrådgjevar Turid Gjerde (sak 0013/06) og møtesekretær Kåre Kvangarsnes. Merknader: Ingen merknader til innkalling og saksliste Skriv og meldingar: Skriv av 20.02.06 frå Bremanger kommune, ordføraren vedk.kystveg Ålesund Florø. Skriv av 03.03.06 frå teknisk sjef til fylkesordføraren vedk. utvida opningstid for fylkesvegferje Larsnes Åram Voksa Kvamsøy. Ordføraren gjorde merksam på følgjande endringar i utsendt møte- og arbeidsplan våren 2006: Kommunestyremøte temamøte samferdsel 13.03.06 startar kl. 11.00. Formannskapsmøte 13.03.03 startar kl. 16.00 Til å skrive under møteboka vart Eli Tefre Nordal og Magne Løvoll valde. Saker som vart handsama: 0009/06 0016/06 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Eli Tefre Nordal Magne Løvoll Fiskå, 07.03.06 Side 2 av 9
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0009/06 05/00861 BUSETJING/TILTAK - VIDAREGÅANDE SKULE 0010/06 00/02194 INTERKOMMUNALT INNKJØPSSAMARBEID 0011/06 05/00516 ORGANISERING AV TENESTER RUNDT BRUKARAR MED SÆRSKILTE OG SAMANSATTE BEHOV/ ARBEIDSSENTERET- NYE BRUKARAR, NYE BEHOV 0012/06 01/00276 PSYKISK HELSEARBEID - ØYREMERKA TILSKOT 2002-2008 FORDELING AV TILSKOT 2006 0013/06 04/00273 ORGANISASJONSENDRINGAR SOSIALETATEN BARNEVERN 0014/06 01/01508 OPPRUSTING AV K-VEG FISKÅ - LILLEEIDE: BYGGEREKNESKAP 0015/06 04/00387 OPEN SPØRJETIME - REGLEMENT 0016/06 06/00120 SISSEL STOKKE - TREKKING AV SØKNAD OM PERMISJON FRÅ FORMANNSKAPET M.M. Side 3 av 9
0009/06 BUSETJING/TILTAK - VIDAREGÅANDE SKULE Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Vanylven kommune gjev kr. 20.000,- av kommunestyreposten til trivselstiltak (skuletur) på Vanylven vidaregåande skule. 1. Vanylven kommune vil gjere dette til eit årleg tiltak. 2. Ordførar og rådmann kontaktar bedrifter i Vanylven kommune til å vere med. 3. Formannskapet i lag med bedrifter vil ha ei årleg overrekking på skulen i Syvde i januar/februar (april i 2006). 4. Dette vil vere med på å gje elevane ei årleg orientering om kor viktige dei er for Vanylvssamfunnet. Vi kan dessverre ikkje gje den same oppmerksomheita for dei som vel skule utanfor Vanylven kommune, sjølv om desse er like viktige for Vanylven kommune. 5. Vanylven kommunestyre meiner at dette vil vere med på å setje fokus ikkje berre på elevane, men viktigheita med å ha Vanylven vidaregåande skule. Framlegg frå Hallstein Ljoså: Vanylven kommune gjev kr. 20.000,- av kommunestyreposten til trivselstiltak (skuletur) på Vanylven vidaregåande skule. Framlegg frå Tormod Hvattum: Vanylven kommune gjev kr. 20.000,- av kommunestyreposten for 2006, til trivselstiltak (skuletur) på Vanylven vidaregåande skule. For seinare år skal det takast med i årsbudsjettet. Punkta 1-5 i tilrådinga frå formannskapet vert vedteke. Votering: Framlegget frå Tormod Hvattum vart sett opp mot framlegget frå Hallstein Ljoså. Framlegget frå Tormod Hvattum fekk 19 røyster. Framlegget frå Hallstein Ljoså fekk 1 røyst. Vanylven kommune gjev kr. 20.000,- av kommunestyreposten for 2006, til trivselstiltak (skuletur) på Vanylven vidaregåande skule. For seinare år skal det takast med i årsbudsjettet. 1. Vanylven kommune vil gjere dette til eit årleg tiltak. 2. Ordførar og rådmann kontaktar bedrifter i Vanylven kommune til å vere med. 3. Formannskapet i lag med bedrifter vil ha ei årleg overrekking på skulen i Syvde i januar/februar (april i 2006). Side 4 av 9
4. Dette vil vere med på å gje elevane ei årleg orientering om kor viktige dei er for Vanylvssamfunnet. Vi kan dessverre ikkje gje den same oppmerksomheita for dei som vel skule utanfor Vanylven kommune, sjølv om desse er like viktige for Vanylven kommune. 5. Vanylven kommunestyre meiner at dette vil vere med på å setje fokus ikkje berre på elevane, men viktigheita med å ha Vanylven vidaregåande skule. 0010/06 INTERKOMMUNALT INNKJØPSSAMARBEID Vanylven kommune melder seg inn i Søre Sunnmøre Innkjøpsforum. Frå 1. januar 2007 vert kommunen meldt ut frå innkjøpssamarbeidet gjennom Ålesund kommune. 0011/06 ORGANISERING AV TENESTER RUNDT BRUKARAR MED SÆRSKILTE OG SAMANSATTE BEHOV/ ARBEIDSSENTERET- NYE BRUKARAR NYE BEHOV Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: 1. Vanylven kommune kjøper Landbrukssenteret på Eidså for kr. 700.000 2. Deler av Vanylven Arbeidssenter flytter til Landbrukssenteret Framlegg frå Nils Olav Moen: Saka vert utsett. Ein bed administrasjonen vurdere alternative lokaliseringar. Framlegget frå Nils Olav Moen vart vedteke med 17 røyster mot 3 røyster. Saka vert utsett. Ein bed administrasjonen vurdere alternative lokaliseringar. Side 5 av 9
0012/06 PSYKISK HELSEARBEID - ØYREMERKA TILSKOT 2002-2008 FORDELING AV TILSKOT 2006 1. Auken i psykiatrimidlar på kr 423.000 for 2006, vert fordelt som framgår av forslag frå arbeidsgruppa for fordeling av psykiatrimidler. Sjå saksopplysningar. 2. Heile tilskotsauken vert ført til inntekt på konto 17000/385 og aukar dermed ramma for 103 Pleie og omsorg tilsvarande. Fordelinga inneber då slik rammeendring i 2006- budsjettet: 102 Oppvekstetaten opp kr. 80.000 103 Pleie og omsorgsetaten ned kr. 133.000 104 Helseetaten opp kr. 53.000 3. Midler overført frå 2005, ikkje brukt på barnevern, kr. 113.000, vert overført til 102 Oppvekstetaten og brukt til prosjekt i 2006, til forbyggande barnevern. Fordeling på Ansvar og konti vert gjort administrativt. 0013/06 ORGANISASJONSENDRINGAR SOSIALETATEN BARNEVERN Framlegg til vedtak: 1. Barnevernet vert frå 01.09.2005 lagt under oppvekstetaten. 2. Det vert lyst ut 80 % stilling som barnevernsleiar frå 01.09.2005. For 2005 vert stillinga finansiert ved ubrukte ekstrahjelpsmidlar og psykiatrimidlar for 2005. F-skapet gjer endeleg budsjettregulering for 2005. Stillinga vert oppretta mellombels til stillingsheimel kan overførast frå sosialetaten. For 2006 og seinare vert stillinga finansiert med 50 % av ledig stilling ved sosialkontoret og 30 % finansiert av psykiatrimidlar. Vedtak i K-sak 071/05 vert frå same dato gjort om til inkje. Personalrådgjever Turid Gjerde orienterte. Side 6 av 9
Framlegg frå Brita Hoel Drage: Siste setning i punkt 2 i tilrådinga frå administrasjonen vert endra slik: For 2006 og seinare vert stillinga finansiert med 50 % overført frå sosialkontoret til barnevern og det vert oppretta i tillegg 30 % ny stillingsheimel til barnevern. Framlegget frå administrasjonen pluss endringsframlegget frå Brita Hoel Drage vart samrøystes vedteke. 1. Barnevernet vert frå 01.09.2005 lagt under oppvekstetaten. 2. Det vert lyst ut 80 % stilling som barnevernsleiar frå 01.09.2005. For 2005 vert stillinga finansiert ved ubrukte ekstrahjelpsmidlar og psykiatrimidlar for 2005. F-skapet gjer endeleg budsjettregulering for 2005. Stillinga vert oppretta mellombels til stillingsheimel kan overførast frå sosialetaten. For 2006 og seinare vert stillinga finansiert med 50 % overført frå sosialkontoret til barnevern og det vert oppretta i tillegg 30 % ny stillingsheimel til barnevern. Vedtak i K-sak 071/05 vert frå same dato gjort om til inkje. 0014/06 OPPRUSTING AV K-VEG FISKÅ - LILLEEIDE: BYGGEREKNESKAP 1. Byggerekneskapen for opprusting av kommunevegen mellom Fiskå og Lilleeide blir godkjent. 2. Samla kostnad med prosjektet er kr. 4 552 000,- 0015/06 OPEN SPØRJETIME - REGLEMENT Side 7 av 9
REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET: 9 OPEN SPØRJETIME a. Det vert halde inntil 30 minuttar med offentleg spørjetime rett før kommunestyret si ordinære saksbehandling startar. b. Alle innbyggarar i kommunen kan stille spørsmål. c. Spørsmåla skal vere forelagt ordføraren skriftleg seinast 1 time før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålsstillaren eller ein på vegne av spørsmålstillaren. Ordføraren avgjer om han sjølv eller rådmannen svarar. d. Spørsmåla må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggarar. Personlege saker, og saker som etter lov skal behandlast for stengde dører, kan ikkje takast opp. e. Dersom det ikkje ligg føre spørsmål ved møtestart, går spørjetimen ut. 0016/06 SISSEL STOKKE - TREKKING AV SØKNAD OM PERMISJON FRÅ FORMANNSKAPET M.M. Kommunestyret gjer om sitt vedtak i k-sak 0007/06. Sissel Stokke trer inn igjen i verva som formannskapsmedlem, leiar av adm.utvalet og medlem av styret i Vanylven Vekst. Eventuelt: Lena Landsverk Sande tok opp Breiband til alle ikkje tilgang i Almklovdalen. Rådmannen opplyste at alle telefonsentralar er utbygde. Nokre bur for langt frå telefonsentral til å få breibandstilgang. Vil likevel sjå nærare på saka. Magne Løvoll gjorde merksam på same problemet i Bjørlykke. Side 8 av 9
Harald Søvdsnes spurde om korleis kommunen handterer bos frå utanlandske båtar. Rådmannen vil svare på spørsmålet i neste møte. Rett utskrift 06.03.06 Kåre Kvangarsnes Side 9 av 9