Nr. 2 26. juni 2013 Årgang 40



Like dokumenter
PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Nr september 2012 Årgang 39

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Nr desember 2013 Årgang 40

Nr mars 2013 Årgang 40

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Nr februar 2015 Årgang 42

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å

SJØPOSTEN. September 2012

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Månadsplan for Hare November

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Frå dikt til teikneserie

Elevundersøkinga 2016

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

«Ny Giv» med gjetarhund

INFORMASJON om førestellinga:

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

Ha ein flott vinterferie neste veke! Alle må ha underskrift + rette målsjekken kvar veke!

Sandeid skule SFO Årsplan

Forfattaren Lars Berg og arkivet etter han

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Refleksjon og skriving

Til deg som bur i fosterheim år

Vel nynorsk for barnet ditt!

Held fram med nytt styre og nytt namn fredag 15. august :12. Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Årsmøte Ænes og Mauranger Bygdalag

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur:

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Nr desember 2015 Årgang 42

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Vurderingsrettleiing 2012

mmm...med SMAK på timeplanen

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Årsplan for Norsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

linselusa bak er prøveleiaren

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Valdres vidaregåande skule

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Under vegbrua fann vi denne målaren som skal vise korleis bl.a. temperaturen påverkar dei solide konstruksjonane.

SALMER VED BEGRAVELSE

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Transkript:

Nr. 2 26. juni 2013 Årgang 40 Dansens dag utan Leikarringen: Ein chachacha framført av Forus-gruppa Ravndans. Noko norrønare, nokon? 1

HOLMGANG 2013 Stoff-frist til nr. 3/2013: Seint i august! Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlem: Audun Rosland Holmgang kjem ut med 4 nummer i året, i fall det er stoff nok. Bladpengar for direkte tinging av papirkopi av bladet: Kr. 50.- pr. år. Lysingsprisar: 1/4 side: Kr. 275.- 1/2 side: Kr. 450.- 1/1 side: Kr. 800.- I dette nummeret: Framsidebilete v/ Canon IXUS 860S Ymse 2 Leiarteigen 3 Frå Dansens dag 4 Stavanger Storbands 17. mai-konsert 5 Anna Motlands prolog for Ivar Aasen 6 Frå årsmøtet i NM 10 Leikarringprogram hausten 2013 11 Annonse 12 Bli med BUL på tur til Utsira i september! Vi drar samla frå Siddis-stova laurdag 21. september om morgonen med buss eller bilar til Haugesund. Derfra blir det ein 70 min. tur med snøggbåten Utsira med avgang kl. 10:30 - billettpris 125 pr. pers. T/R. Vi skal bo på Norvikgården turisthytte, og vi har heile hytta med 36 sengeplassar Vi har høyrt at... for oss sjølve. (Ta med lakenpose eller sovepose.) Mat kjøper vi inn felles på butikken like ved hytta. Vi satsar på grilling om laurdagen og dans og anna moro utpå kvelden. Retur søndag med båten kl. 15:30 eller 18:30. (Vi ser an veret osb.) God sommar! Solbrillene til Stavanger Storband heldt regnet unna Torget 17. mai i år og. Kor får ein kjøpt slike? Leikarringavslutninga 11. juni var på Limagarden. Reportasje neste gong, om nokon har bilete. Eit BUL-medlem har lagt ut ein reklamesnutt for BUL og Holmgang på Trynebooksidetidslina si. Los Indomables held salsakurs på mandagar, passande for vaksent BUL-folk. 2

Leiarteigen No ser det endeleg ut til at sommaren er her med meir varme om enn noko skiftande med sol og regn. Eg var likevel heldig med 7-nutsturen i Sandnes i slutten av mai. Der var det sjølvsagt andre turglade BUL-folk. Det vert høve til ny tur att allereie i haust, då me vil organisere tur til Utsira 21.-22. september. Me satsar på felles opplegg med avreise frå Siddisstova laurdag morgon og retur sundag kveld. Overnatting vert på Nordvikgården som er ei rommeleg hytte eigd av Haugesund Turistforening. Om ein ser attende på denne våren har det vor mykje god aktivitet i Siddis-stova med vårfest i mars og særs god oppslutning om 17. mai-festen vår. Frå Klepp kom tilsaman 50 stk. der halvparten var folkedansvener frå Mariager i Danmark. No i juni arrangerte vi saman med Stavanger Mållag Superlaurdag i sentrum og hadde festmiddag i BUL, laurdag 15. juni, i samband med Nynorskstafetten. Eg er glad mange vart med på markeringa i byen og på festen om kvelden. Program var sendt til medlemmene, men festen i Siddistova var jo open for alle. Rett før ferien annonserte Husstyret dugnad St. Hans-dagen, måndag 24. juni. Me skulle klargjera slik at ein kan skifta golv på både det store og litle kjøkkenet oppe samt i gangen nede. Sjølve golvarbeida skal gjerast av eit profesjonelt firma. Det vart vel og noko utearbeid kjennar eg gartnarene våre rett. Så her var det oppgåver for ein kvar smak! Haustprogrammet for Leikarringen er og klart og er å finna i bladet. Denne hausten har ein gjort om sundagsdansane til kulturkveldar i form av to konsertar. Om det høver, vert det nok dans i etterkant av konsertane. Desse tilskipangene vert ein annan vekedag slik at første vert tysdag 17. september med Aasmund Nordstoga, medan den andre vert torsdag 28. november med Gjertrud sigøynerorkester og Susanne Lundeng. Det vert litt av eit fyrverkeri frå scena kan eg lova. Me har og planar om ein kurshelg med fest i oktober, så Leikarringen jobbar med kursinnhold i desse dager. For dei som har starta planlegging av sommarferie, vil eg minne om at Folkedans-festivalen skal vera i Kongsberg dette året frå 8.-10. august. Så fram til da så får de nyte sola! Helsing Anne Marie Blomar ved Flor og Fjære; ei perla ikkje langt vekke. (Foto: Anne Marie) 3

Frå Dansens dag Dansens dag var i år 27. april. I Stavanger sentrum var framsyningane på Arneageren. Leikarringen i BUL stilte ikkje i år, med eller utan bunad. Det var grupper der frå Stavanger Flamenco, Katedralskolen, Kulturskolen, Ravndans, Los Indomables, SalsaNor, House of Dance og Steps. Kulturskolen, Katedralskolen og grupper som Stavanger Tangoverksted, Molltrix Scenekunst, PRODA Rogaland / DansiS og Aareskjold/Gjerstad/McKenzie heldt og aktivitetar andre stader og dagar. Både publikum og vergudane kom i godlage. Dei sistnemnde kravde rett nok sitt dagen etter. Her tar vi med nokre knips frå Arneageren. For den som ikkje alt veit det: Rueda er kubansk salsa som ringdans, og bachata ein romantisk seiest det dans frå Den Dominikanske Republikk. Tekst: j. Foto: Canon IXUS 860S Los Indomables danser rueda SalsaNor er og rueda-spesialistar! 4

Ein bachata dansa av SalsaNor, ukarakteristisk lite tett Frå 17. mai-konserten med Stavanger Storband Kven kan tenkje seg 17. mai uten konserten på torget i Stavanger? Elisabeth Sjuve var blant vokalistane Publikum frå salsamiljøet blei oppeldna av latin-rytmer 5

Prolog av Anna Motland ved festkveld for Ivar Aasen Gode lagsfolk og gjester. Kjære Ivar! Til lukke med 200-årsdagen 5. august, med nynorskstafetten og språkåret til ære for deg. Eg har høyrt at du skal vere til stades her i kveld. Eg veit ikkje heilt om eg trur på slikt, men det står jo i programmet. Difor tek eg sjansen og seier rett ut til deg kva vi meiner om deg. Ivar, du er helten vår! No har du truleg fått med deg at heltar no for tida er songidol, men jamvel der kjem du ikkje til kort. Eg har lese at du alt som unggut var kjend for den vakre songrøysta di. Folk stoppa opp og lytta på kyrkjeveg når du song salmar sundag morgon ute på tunet. Visene du skreiv, syng vi framleis. Det skal du nok få høyre seinare i kveld. Ikkje nok med at du var ein god songar, eg har og høyrt gjete at du har laga melodien til seks av songane i Symra, m.a. Gamle Grendi. Du gav dei ut som folketonar. Du skal ha sagt at det var ille nok at du skreiv dikt, om ikkje folk skulle få greie på at du komponerte og. Du trong då ikkje vere så smålåten! Med songane dine har du ført tydeleg prov for at landsmålet var brukande til langt meir enn jordbunde snakk om bondekvardagen du viste at det er eit framifrå språk til å formidle djup livsvisdom og abstrakte tankar. Vi beundrar deg for klårsynet ditt. Neste år feirar vi eit anna 200-årsjubileum, og vi gleder oss til 17. mai 2014! Det er lett å tru at alt blei heilnorsk etter 1814. I grunnlova blei det nedfelt i 3 paragrafar at det norske Sprog skulle vere administrasjons- og lovspråket vårt. Men kva hjelpte det, når norsk i praksis tydde dansk? Det var jo ikkje berre du som såg dette. I romanen Gift skildrar Kielland både korleis det framande statusspråket latin tek livet av vesle Marius, men og korleis ein ung gjetargut frå Jæren blir kriseramma av dansken. Osmund Asbjørnsen Sauamyr heitte han, den 18 år gamle konfirmanten som hadde slite ut eit ukjend tal prestar og Pontoppidans Forklåringar, og likevel strauk kvart år til overhøyringa. Alle lo av han og stempla han som idiot. Ukonfirmert kunne han ikkje få seg jobb eller gifte seg kort sagt, pugging av gudelege tekstar på dansk var nålauget inn i vaksenverda. Lesaren ser jo klårt at dumskapen ikkje ligg hos stakkars Osmund, men i ginnungagapet mellom det folkelege talemålet og det danske skriftspråket. Ikkje rart han ikkje forstod! Kielland såg språkproblemet og skildra det med glitrande ironi. Men det var du, Ivar, som tok konsekvensen av det og gjorde noko med det. 6

Vi beundrar deg for den glupe ideen din. Du bygde på sunt folkevett og det enkle nedarva norske bondeprinsippet: kvifor låne når ein er sjølvberga? Målføra hadde vi på odel, og som gode odelsfolk burde vi vere stolte av dei i staden for å skamme oss over dei. I programerklæringa di, Om vort Skriftsprog (1836) kallar du folkemålet ein kosteleg skatt og ein heilag arv. No var du ikkje den einaste som hevda at vi trong eit eige norsk skriftmål både av nasjonale, kulturelle og demokratiske grunnar. Det same sa Wergeland. Men i staden for å flikke på dansken, ville du lage eit nytt norsk skriftspråk bygd på fellestrekk frå dei mange bygdemåla. Det var radikalt! Trudde du verkeleg at fleire språkkunnige menn (!) ville stille opp og ta på seg denne svære og sære oppgåva? Der forrekna du deg. Det skjedde ingenting før du gjorde det sjølv. Vi beundrar deg fordi du var trugen mot di eiga klasse. Oskeladd-vandringa frå småbrukarson i Ørsta til akademikar i Kristiania kan ikkje ha vore lett. Rett nok du starta slett ikkje på bar bakke. Ørsta var eit kultursentrum i di tid og. Du gjekk ofte dei par kilometrane til grannegarden Ekset, der lensmann Sivert Aarflot hadde bygd opp eit svært bibliotek og boktrykkeri. Og no blir du nok overraska veit du at tippoldebarnet hans sit her i kveld!? Det må vere gildt for deg å treffe han Audun, du som var fast gjest i den heimen og besteven med Rasmus, oldefar hans og dei andre brørne. Heile livet dreiv du jo og brevveksla med desse gutane. Det som gjorde mest inntrykk på meg som skuleelev var at du takka nei då prost Thoresen ville hjelpe deg inn på universitetet. Du valde å studere på eiga hand for å ikkje fjerne deg frå bondestanden. Truleg hadde du sett fast professorane første veka uansett! Vi veit jo at norsk språkgransking den gongen var mindre vitskapleg og meir prega av synsing. For å finne inspirasjon og føredøme som heldt mål, måtte du utanlands, m.a. til tyske lingvistar som Grimm og Möbius. Du let aldri lærdommen gå til hovudet på deg. Den versjonen av «Nordmannen» som vi snart skal syngje, er den tredje du laga, den frå 1875. Men eg kan røpe at både Gunnar Roalkvam og Henning Sommerro likar betre den frekke sluttstrofa i versjonen frå 1867, den som går slik: Lat no andre om Storleiken kivast lat deim bragla med Rikdom og Høgd! Millom Kaksar eg litet kann trivast millom jamningar helst er eg nøgd. Vi kan jo forstå kvifor du endra denne til noko meir allment. Du laut nok ofte tole fordommar i møte med makteliten og borgarskapen. Hugsar du ho prestefrua i Bergen? Ho som kalla deg ein søvnig, dorsk karikatur og trudde du var gal fordi du berre la i veg om vokalar og aksentar? Jammen tok ho feil av deg. Du, den sjølvlærte bondeguten, blir den dag i dag rekna som grunnleggjaren av moderne norsk språkvitskap. Slik sett kom du jammen inn på universiteta likevel! 7

Vi beundrar deg for at du gav oss nynorsken. Det er eit storverk som du vigde mesteparten av livet ditt til. Frå du starta som stipendiat i 1842 fram til dei endelege, normerte hovudverka, Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873) låg på bordet, hadde du altså jobba intensivt og systematisk i over 30 år. Først med innsamlinga og systematiseringa, så med den vanskelege normeringa. Du gav deg aldri! Kriteria du nytta då du skulle normere, var vokalrikdom, konsekvens i det grammatiske systemet og samanheng med gamalnorsk. Hadde eg fått vere med deg på språkreise, hadde eg nok lagt inn eit godt ord for Valle-målet som eg elskar: eg ville hatt med dativ, både i eintal og fleirtal, og svarabhaktivokalar både på adjektiv og substantiv. Men eg vedgår du var smartare! Du unngjekk å ta med sære og gamaldagse former jamvel om arven frå norrønt klårt avspeglar seg i dei. Det viktigaste for deg var at språket skulle vere mest mogleg greitt, oversiktleg og brukande for folk flest. Dette gjer deg meir moderne enn vi kanskje tenkjer over. Ivar Aasen, alias Sverre Haver Vi byfolk kan jo ergre oss over at du ikkje sette målføra våre like høgt som bygdemåla i Sunnmøre, Sogn og Seljord. Men til lags åt alle kan ingen gjera. Vi set stor pris på at du var her i Stavanger heile 4 dagar i 1844, og oppfordrar deg til å seie kva du syntest. Vi takkar deg for alt du ofra. Du likte deg best på heimegarden og ute i naturen, og likevel laut du slå deg ned i hovudstaden. Vi kjenner vemodet og lengten kvar gong vi dansar Gamle Grendi, ein kjær songdans her i laget. Men eg må nesten spørje deg: kva meinte du med dei friarbreva? Du, som hadde studert retorikk og kunne argumentere for målsaka så jamvel ho Erna hadde freda sidemålet kvifor vart du heilt opprådd når du skulle marknadsføre deg sjølv? Eg har ein mistanke om at du føretrakk å vere gift med jobben. Og du skjønte nok at det var få frøknar som kunne tenkje seg ein språknerd som anten drog gardimellom på målreise kvar bidige sommar eller sat med nasen i grammatikken resten av året. Men eg har sansen for sjølvironien din. Hadde du fridd slik til meg, skulle du fått ja på flekken! Om du innsåg at det nok var best å leve i språksølibat, var det vel kjærleiken til ein sjeleven du sakna aller mest. Det kjem så vakkert og sårt til uttrykk i diktet Saknad : Eg veit so vel, det finst ein barm med same kjensla inne, med same hug og same harm og same von og minne. Og fann eg den, vardt allting rett, og livet skulle skrida lett. Men det er verst å minnast: me skulo aldri finnast. Kjære Ivar, eg veit du lurer på korleis vi har forvalta arven du gav oss. Har vi teke vare på språket som ein kosteleg skatt? 8

Eg er glad for at du ikkje var med oss i byen i dag. Då hadde du opplevd Big Smile Day på Cubus, Sale -plakatar og I Like Your Style over heile KappAhl, We Will Rock You på Expert osb. Hadde du våga deg inn saman med meg i eit prøverom, berre for å leggje frå oss ei nynorskbok sjølvsagt, hadde du høyrt ein livleg motediskusjon mellom to ungjenter, på klingande stavangersk så lenge dei var nøkterne, på engelsk når kjøpefeberen tok dei. Hadde du vore med meg i feil norskklasse til feil tid, kunne du jammen ha vore vitne til elevar som gløymer seg og går over til engelsk når dei skal seie noko ekstra viktig. Slapp av, dei får tilsnakk. Men tendensen er tydeleg: blant ungdomen har engelsk høg status, norsk lågare. Eg har mange gongar høyrt heilnorske elevar påstå at dei uttrykkjer seg så mykje betre på engelsk av di norsk er eit fattig språk. Engelsklæraren er ikkje einig. Og studerer ein dei skriftlege norskarbeida deira, skjøner ein jo kor fattigdomen ligg. Er vi då attende der du byrja at vi skammar oss over morsmålet vårt? Ein ting er å bli pådytta ei språkundertrykking utanfrå og ovanfrå. Langt verre er det når ein undertrykkjer seg sjølv. Målstriden i åra som kjem, kan bli ein kamp for livet. I går heldt Tom Hetland tale på Garborg-senteret med tittelen Overlever norsk språk til 2113? Perspektivet er skremmande. I denne situasjonen meiner eg bokmåls- og nynorskfolk må stå saman, ikkje mot kvarandre. No gjeld det å få dei unge til å forstå det du, Ivar, strevde med å lære styresmaktene: at morsmålet alltid er betre enn eit lånt språk, og at vi har rett og plikt til å vere stolte av det. Skuslar vi bort språkarven vår, gir vi avkall på kultur og identitet med det same. Festleiar Ottar Vandvik Eg trur at eit viktig middel i denne kampen er litteraturen. Å stoppe opp ved god skjønlitteratur eller sakprosa, nærlese tekstane og ikkje gi seg før ein opplever det tankevekkjande samspelet mellom språk, sjanger og ideinnhald, dette er viktigare enn nokonsinne i ei tid då kjapp, uforpliktande underhaldning og det lette, inkjevetta jabbet veltar innover oss. Eg har opplevd mange gongar at elevar blir begeistra for all slags tekstar, jamvel stykka til den krevjande Jon Fosse, berre dei lærer seg ein metode og tek seg tid til å nyte den store gåva som språket er. Anna Foto v/ Anne Marie Vi ser og høyrer henne gjerne oftare! Anna Motland (Foto: Canon IXUS 860S) 9

Frå årsmøtet i NM Årsmøte i Noregs mållag fekk eit spesielt festpreg i vår. Ivar Aasen blei feira på kulturkvelden i Aasentunet i samband med landsmøtet. Før årsmøte tok til blei det lagt blomar på statuen av Ivar Aasen i Ørsta, då det er 200 år sidan han blei fødd. For utan dei vanlege landsmøtesakene dette året, har målfolket teke til å planleggja sjeldnare landsmøter framover. Frå neste år tek mållaget til å halda landsmøte anna kvart år. Medlemmene kan då prioritera andre aktivitetar, til dømes regionale arrangement og lokalt målarbeid. Meir vekt på arbeid i fylkesledd og i lokallaga kan også bli postivt for målsaka. Nynorsk barnelitteraturpris 2012 blei tildelt Anna R. Folkestad, for boka Unni og Gunni reiser. Prisen er på 30 000 kroner og var delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i april. Linda Eide blei tildelt Målprisen 2013; prisutdelinga skjedde for øvrigt på festkvelden, leia av Vebjørn Sture frå Stavanger, og Linda Eide takka telefonisk via Skype. Utsendingane fekk delta på fleire parallelle seminar; om katalansk, eit av minoritetsspråka i Spania, stod Johannes Nymark, amanuensis i Bergen, for. Pressearbeid blei innleia om av forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog. Den nyvalde leiaren i Noregs Mållag, er Marit Aakre Tennø, frå Haram, busett i Luster. Ho leia seminardelen med tema om Frå småfolk til storfolk og andre døme på lokal aktivitet med vekt på arbeide for å nytta nynorsk i barnehagar og grunnskule. Hege Lothe presenterte Nynorskstafetten. I samband årsmøte var for øvrigt mållaget sin stafett innom Ørsta og mållagsutsendingane fekk vita meir om planane for den vidare rundreisa. Målstafetten var planlagt til å bli omkring 15 000 kilometer i spora til Ivar Aasen og har alt nå truleg reist lenger. Slik at resultatet blir det mangedoble. Dette fortalde dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, då ho var innom BUL på festkvelden i samband med besøket i Stavanger nyleg. Språkstafetten gjesta Jærkommunane midt i juni der det blei satsa på besøk i barnehagar, og å bevisstgjera ungdom på skular om å halda på dialekt og å nytta nynorsk. Barnehagebarn omkransar Ivar Aasen-monumentet i Ørsta Audun Rosland 10

Leikarringen i BUL program hausten 2013 Mnd Dato Type aktivitet Instruktør Styreansv. Kaffi/mopping Aug 20 Øving Anne Lise Lise Styret 27 Øving Anne Marie Berit Anna Motland Halvard Helseth Sept 3 Øving m/ Jæren frilynde Anne Lise Magne Inger og Magne Hope 10 * Øving bygdedans og Dag Jostein John Olaf Kjell Fuglestad songdans Berit Oltesvik Tys 17 * Konsert m/ Aasmund Nordstoga. Dans etterpå m/ Jæren Frilynde (Gr. 1) Tors 19 Fellesøving på Klepp 24 * Øving m/ Vibå Anne Marie Berit Atle Røe og Måd Kant Okt 1 * 19:30 Øving Anne Lise Magne Eli og Ole Jan Olsen 8 * Øving Anne Marie John Olaf Irene og Bjarte Holmedal 15 * Fellesøving Sandnes 18-19 Fredag/laurdag: Kurs i telespringar, instruktør: Karin Brennesvik Fest i BUL laurdagskvelden (Gr. 3) Musikk v/ Vibå 22 18:00 Tangokurs Odd Sivertsen 19:30 Øving 1900-talls dans Arvid Lise Ragnhild Lothe og turdans Jan Dalene 29 18:00 Tangokurs Odd Sivertsen 19:30 Øving bygdedans og Dag Jostein John Olaf Anne og Harald songdans Kulander Nov 5 Øving m/ Vibå Anne Lise Berit Astrid Kjølleberg Livar Voll 12 18:00 Tangokurs Odd Sivertsen 19:30 Øving m/ Jæren Anne Lise Magne Ragnhild og frilynde Helge Ødegaard 16 Stildansball Klepp, Bore samfunnshus kl 18:00 16-17 Handverksmessa 19 18:00 Tangokurs Odd Sivertsen 19:30 Fellesøving i BUL Anne Marie John Olaf Målfrid og John m/ Vibå Olaf Grimstvedt 26 Øving 1900-talls dans og Arvid Lise Liv Davidsen Tors 28 turdans Konsert m/ Susanne Lundeng og Gjertruds sigøynerorkester. Dans m/ Vibå (Gr. 2) Jan Georg Skår Des 3 Øving Anne Lise Berit Torill Stordalen Vera Utne 10 Nissefest m/ Vibå (Gr. 4) Magne 27 Romjulsdans Arr. Vibå *) Nybyrjarkurs: Tysdag kl 18:00-19:30: 10/9, 17/9, 24/9, 1/10, 8/10, 15/10 Instruktørar: Anne Marie Nerby, Anne Lise Tveitane, Dag Jostein Nordaker, Arvid Haga. Øvingar: På tysdagar kl. 19:30-21:30. Spelemenn: Gaute Hadland og Stig Helgeland Kaffi/mopping: Lage te og kaffi til pausen og rydde etterpå. Moppe golvet etter øvinga. 11

12