Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 21.08.2014 Møtestad Kvinnherad Energi, Dimmelsvik Møtetid 09:00 10:30 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Synnøve Solbakken Ordførar AP Arve Opsanger Medlem AP Knut Prestnes Medlem U Leif Sverre Enes Medlem H Gunn Mari Moberg Medlem H Peder Sjo Slettebø Medlem H Marit Elisebet Totland Medlem KRF Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Kjell Yri MEDL V Elisabeth Eide Tharaldsen V ORDF FRP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Aksel Kloster jr Kjell Yri AP Hilde Enstad Elisabeth Eide Tharaldsen AP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Trond Sætereng Rådmann Gunn Tove Petterteig Kommunalsjef Anne Sofie B Kjeka Kommunalsjef Bente Høyland Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Ordførar orienterte om møte og hendingar sidan sist. Rapport frå Festidalen vart lagt fram. Adm.dir Hans Martin Hjelmeland orienterte om Reiten-rapporten og Kvinnherad Energi generelt. Kvinnherad kommune side 1
Permisjonar: Ingen. Inhabile: Ingen. Evt. endring på saksrekkefølgje: Ingen. Tilleggssaker: Ingen. Spørsmål: Frå Gunn Mari Moberg: 1. Lonabråtet og leigeforholda der. Kom kommunen seg frå kontraktane utan økonomiske konsekvensar? 2. Matservering på aldersheimane. Får dei nok mat? Kommunalsjef Gunn Tove Petterteig svara: 1. Jobbar med saka, skal ha møte med involverte partar. 2. Dersom det ikkje er nok mat må ein bestille meir frå leverandør. Frå Knut Prestnes: Vil gjerne ha ein status om brannstasjonen i Rosendal. Verksemsleiar Ernst Olsen orienterte. Skal ha møte med tilbydarane. Formannskapet vert orienterte undervegs. Kvinnherad kommune side 2
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2014/81 Kvinnheradpakken - vegbygging og trafikksikring. PS 2014/82 Kaifront Rosendal PS 2014/83 Utviding av Rosendalstunet med totalt 60 plassar - godkjenning til å gå vidare til forprosjekt PS 2014/84 Rehabilitering av bassengtak Rosendal symjehall og tilbygg av nytt garderobebygg PS 2014/85 KS sin medverknad i lokale og regionale prosessar i ein kommunereform PS 2014/86 Prinsippvurdering om bruk av Mva- avtalar mellom utbyggar og kommunen PS 2014/87 Godkjenning av "VA-norm" og "Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg" for Kvinnherad kommune. PS 2014/88 Ny overvassleidning - Korsneset i Uskedalen PS 2014/89 Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018. Plan for arbeidet PS 2014/90 Salsløyve for alkoholhaldig drikk - 2012-2016 - Seimsfoss - Bunnpris Seimsfoss PS 2014/91 Salsløyve for alkoholhaldig drikk - 2012-2016 - Husnes - Coop Extra Husnes Kvinnherad kommune side 3
PS 2014/81 Kvinnheradpakken - vegbygging og trafikksikring. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ AP, UAVH, KRF OG H: Alternativt forslag til pkt.1: Kvinnherad kommunestyre vedtek å arbeida vidare med Kvinnheradspakken for gjennomføring av vegutbetring og trafikksikring i Kvinnherad kommune. Kommunestyret vil ta stilling til kva prosjekt som skal inngå i Kvinnheradspakken og finansiering av desse etter innstilling frå arbeidsgruppa. Røysting: Nytt punkt 1, i tillegg til punkt 2 og 3 i innstillinga, vart samrøystes vedteken. Innstilling frå Formannskapet den 21.08.2014 1. Kvinnherad kommunestyre vedtek å arbeida vidare med Kvinnheradspakken for gjennomføring av vegutbetring og trafikksikring i Kvinnherad kommune. Kommunestyret vil ta stilling til kva prosjekt som skal inngå i Kvinnheradspakken og finansiering av desse etter innstilling frå arbeidsgruppa. 2. Til å jobbe vidare med saka blir valt: ------------------------- ------------------------- ------------------------- 3. Rådmannen stiller med sekretær. PS 2014/82 Kaifront Rosendal NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ AP OG UAVH: Rådmannen får i oppdrag å leggja fram forslag til oppgradering av kaien i samsvar med tidlegare vedtak og slik finansiering: Kaifront Rosendal Budsjett 2014 Kaifront Rosendal Økonomiplan 2015 RUP midlar Hordaland fylkeskommune Til saman kr.3.3 mill. kr.2.2 mill. kr.2.2 mill. kr.7.7 mill. Som rådmannen sitt forslag: Finansiering av VA-anlegg: - Avløp Skålafjero i budsjett 2014 1,50 mill. kr. - Avløp Skålafjero i økonomiplan 2015 2,14 mill. kr. Sum 3,64 mill. kr. Røysting: Nytt framsett forslag vart vedteke med 6 mot 3 røyster (H). Kvinnherad kommune side 4
Rådmannen får i oppdrag å leggja fram forslag til oppgradering av kaien i samsvar med tidlegare vedtak og slik finansiering: Kaifront Rosendal Budsjett 2014 Kaifront Rosendal Økonomiplan 2015 RUP midlar Hordaland fylkeskommune Til saman kr.3.3 mill. kr.2.2 mill. kr.2.2 mill. kr.7.7 mill. Som rådmannen sitt forslag: Finansiering av VA-anlegg: - Avløp Skålafjero i budsjett 2014 1,50 mill. kr. - Avløp Skålafjero i økonomiplan 2015 2,14 mill. kr. Sum 3,64 mill. kr. PS 2014/83 Utviding av Rosendalstunet med totalt 60 plassar - godkjenning til å gå vidare til forprosjekt NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ AP, UAVH, KRF, H: Planarbeidet for utbygging av Rosendalstunet skal halda fram i samsvar med budsjettvedtaket for 2014. Forslag til finansiering av investering og drift av ferdig utbygd Rosendalstun skal leggjast fram i samband med forslag til Budsjett 2015 og Økonomiplan 2015-2018. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Planarbeidet for utbygging av Rosendalstunet skal halda fram i samsvar med budsjettvedtaket for 2014. Forslag til finansiering av investering og drift av ferdig utbygd Rosendalstun skal leggjast fram i samband med forslag til Budsjett 2015 og Økonomiplan 2015-2018. PS 2014/84 Rehabilitering av bassengtak Rosendal symjehall og tilbygg av nytt garderobebygg NYTT FRAMSETT FORSLAG TIL PKT.5: Tilbygg garderobebygg vil bli innarbeidd i økonomiplanen 2015-2018. Røysting: Pkt.1-4 samrøystes Nytt framsett forslag til pkt.5 samrøystes. Kvinnherad kommune side 5
Innstilling frå Formannskapet den 21.08.2014 1. Rehabilitering av Rosendal symjehall utførast som ein 2-delt løysing. 2. Del 1 - Rehabilitering av bassengtaket til ein prosjektkostnad på kr 4 mill. utførast i 2014. 3. Meirkostnadane på kr 1 mill. finansierast frå investeringsprosjekt 1063 Rehabilitering skular og barnehagar. 4. Rådmannen får fullmakt til å inngå nødvendige kontraktar med aktuelle tilbydarar. 5. Tilbygg garderobebygg vil bli innarbeidd i økonomiplanen 2015-2018. PS 2014/85 KS sin medverknad i lokale og regionale prosessar i ein kommunereform Kvinnherad kommune slutter seg til at KS deltek med å leggja til rette fagleg for og å koordinera lokale/regionale prosessar i det kommunereformarbeidet regjeringa etter stortingsvedtak har invitert kommunane til. PS 2014/86 Prinsippvurdering om bruk av Mva- avtalar mellom utbyggar og kommunen 1. Rådmannen får fullmakt til å forhandla fram refusjonsavtalar om meirverdiavgift mellom utbyggar og kommunen, basert på «anleggsbidragsmodellen» og «justeringsmodellen», dette for å redusera mva- belastninga for private utbyggarar i samband med utbyggingsprosjekt, der utbyggar opparbeider kommunalteknisk infrastruktur som etter ferdigstilling vert overført vederlagsfritt til kommunen. 2. Kommunen sine kostnadar til å administrera ordningane skal dekkast av utbyggar. 3. «Anleggsbidragsmodellen» skal vera den føretrekte avtalemodellen. Kvinnherad kommune side 6
PS 2014/87 Godkjenning av "VA-norm" og "Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg" for Kvinnherad kommune. Rådmannen si innstilling vart samrøystes. Innstilling frå Formannskapet den 21.08.2014 1. Vedlagte VA-norm og Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg med vedlegg vert godkjent og gjort gjeldande frå dags dato. 2. Ved kommunale VA-anlegg, og ved private VA-anlegg der kommunen overtar drift og vedlikehald, skal VA-norma liggja til grunn. 3. Rådmannen får fullmakt til å gjera nødvendige oppdateringar/endringar av teknisk art i VAnorm og Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg. 4. Rådmannen får fullmakt til å utarbeida reglar for fastsetting av grensesnitt mellom privat og offentleg leidningsnett, og implementera desse som ein del av VA-norma. Desse reglane vil gjelda for heile kommunen, og avløyser gamle vedtekter som gjaldt ved kommunal overtaking av privat utbygde vassverk. PS 2014/88 Ny overvassleidning - Korsneset i Uskedalen Rådmannen si innstilling vart samrøystes. Innstilling frå Formannskapet den 21.08.2014 1. Rådmannen får fullmakt til å inngå kontrakt med Dimmelsvik Entreprenør om etablering av ny overvassleidning frå Fylkesveg 48 til sjøss i Korsneset byggefelt i Uskedalen. 2. Kostnadsramma for prosjektet vert sett til kr. 2.539.150,- eks. mva. 3. Finansiering med unytta budsjettmidlar på prosjekt 5116 (Avløp Uskedalen, byggetrinn 3) kr. 1.035.837,-, samt kr. 1.503.313,- i tilleggsløyving, som vert å innarbeida i neste års investeringsbudsjett VA. 4. Rådmannen får fullmakt til å forhandla fram ein utbyggingsavtale med utbyggar av Ospelunden byggefelt, for ev. delfinansiering av dette prosjektet. PS 2014/89 Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018. Plan for arbeidet Formannskapet tar informasjonen om budsjettarbeidet til orientering. Kvinnherad kommune side 7
PS 2014/90 Salsløyve for alkoholhaldig drikk - 2012-2016 - Seimsfoss - Bunnpris Seimsfoss 1. I medhald av delegasjon vedtek formannskapet og tildela salsløyve for alkoholhaldig drikk under 4,8 vol% til Bunnpris Seimsfoss, jfr. Alkohollova 1-7. 2. Salsløyvet gjeld i lokala Spar Seimsfoss hadde fram til medio mai 2014. Løyvet gjeld til 30.6.2016. 3. Styrar for løyvet: Rebekka Erlingsdottir f.01.08.87 Stedfortredar: Yasmin Kold Hansen f.09.01.87 Begge har godkjent kunnskapsprøve i alkohollova. 4. Salstidene for perioden vert: Kvardagar kl. 08.00 20.00 Dagar før sun- og helgedagar kl. 08.00 18.00. Dagen før Kristi Himmelsfartsdag sal til kl. 20.00. Påske-, pinse og nyttårsaften sal til kl. 15.00. Løyvehavar står fritt til sjølv og bestemma si eiga salstid innanfor denne ramma. 5. Salsavgifta vert sett i samsvar med gjeldande forskrifter. PS 2014/91 Salsløyve for alkoholhaldig drikk - 2012-2016 - Husnes - Coop Extra Husnes 1. I medhald av delegasjon vedtek formannskapet og tildela salsløyve for alkoholhaldig drikk under 4,8 vol % til Coop Extra Husnes. 2. Styrar: Stig Roar Johannesen Styrar har bestått kunnskapsprøven for sals bevilling. Stedfortredar: Vert tilsett 1.september, og vil ta kunnskapsprøven umiddelbart. 3. Salsløyvet gjeld i butikken som Coop opnar på Husnes 18.september d.å. Løyvet gjeld til 30.6.2016. 4. Salstidene for perioden vert: Kvardagar kl 08.00 20.00. Dagar før sun- og helgedagar kl.08.00 18.00. Dagen før Kristi Himmelfartsdag sal til kl.20.00. Påske-, pinse og nyttårsaften sal til kl. 15.00. Løyvehavar står fritt til sjølv og bestemma si eiga salstid innanfor denne ramma. 5. Salsavgifta vert sett i samsvar med gjeldande forskrifter. Kvinnherad kommune side 8
Kvinnherad kommune side 9