Kommunestyrevalet 2007 SUND SENTERPARTI Program 2007 2011
Gode sundsokning! Dei siste fire åra har Senterpartiet gjort sitt beste for å fremja dei sakene me hadde programfesta. Langt på veg har me greidd det, sjølvsagt i nært samarbeid med resten av kommunestyret. Det er særleg grunn til å nemna at kommuneøkonomien no er i balanse, me har styrkt omsorgstenestene, greidd å halda fast på ein desentralisert skulestruktur og fått i gang arbeidet med bygdebok. Program 2007 2010 2007 2011 I dei neste fire åra vil me prioritera vidare utbygging av Sundheimen, meir pengar til skulane, ei brei kultursatsing og ikkje minst nytt fastlandssamband, samband til øyane og nye vegar på Sotra. Er dette viktig for deg, bør du stemma Senterpartiet! GODT VAL! Harald Nordstrand leiar i Sund Senterparti JA til skule og barnehage i alle krinsar JA til fleire med i styre og stell JA til husbygging i alle grender JA til vern om kystkulturen JA til respekt for den private eigedomsretten NEI til storkommune
Levande folkestyre Dersom du og eg engasjerer oss i det som skjer i kommunen, blir det eit levande folkestyre. Alle som vil, skal ha høve til å koma fram med si meining i saker som er viktige for dei. oppretting av ungdomsråd styrking av eldrerådet samarbeid med nabokommunar, men inga samanslåing sunn skepsis til privatisering av kommunale tenester Heim, skule og barnehage Senterpartiet er det partiet som har stått sterkast på for å halda på alle skulekrinsane! Skule og barnehage der folk bur, er viktig. Og heimane er berebjelken i Sund-samfunnet. styrking av grendeskulane, og inga nedlegging gratis skuleskyss når skulevegen manglar gang- og sykkelveg skulemåltid på alle skular barnehagetilbod i alle krinsar «open barnehage» gratis tilbod for alle førskuleborn
Omsorg for alle Omsorg er det aller viktigaste satsingsområdet vårt. Alle må kunna få hjelp i vanskelege situasjonar. Program 2007 2010 2007 2011 utbygging av Sundheimen fleire plassar og meir personale styrking av barnevernet betring av psykiatritenestene vidareføring av rusomsorga og førebygginga av rusmisbruk hjelp til pårørande som slit betre ambulansetenester meir synleg politi høgare omsorgsløn husmorvikarordning styrking av heimetenestene styrking av dagsenteret for demente
Næringsliv og kommunikasjonar Utbygging av vegnettet og annan infrastruktur er grunnlaget for å få fleire arbeidsplassar til kommunen. nytt fastlandssamband i Tellnesområdet fastlandssamband for Bjelkarøy og Lerøy opprusting av RV 555 mellom Eide og Forland utbygging av gang- og sykkelvegar i kommunen lokalbussar/grendebussar lokal klimaplan satsing på alternative energikjelder, t.d. naturgass og vassboren varme kabling av høgspentleidningar i jord tiltak for å få fleire bedrifter til kommunen, gjerne kunnskapsbaserte næringar fleire arbeidsplassar for våre nye landsmenn større senter med apotek og betre butikktilbod stimulering av beitedyr sau eller andre dyr som (attåt)næring
Aktivitetar for små og store Allsidige fritidstilbod er viktig, kanskje særleg for ungdom, men òg for andre. Det må leggjast meir til rette for fysisk aktivitet for å styrkja helsa til folk flest. Program 2007 2010 2007 2011 Kultur styrking av både verdslege og kyrkjelege aktivitetar nystarting av rockeklubben og støtte til andre ungdomsklubbar treningssenter/helsestudio 25-metersbasseng fleire turstigar og opprusting av turstigane som finst realisering av allaktivitetshuset på Stranda samlingsplassar for unge og eldre «Ung jobb» Senterpartiet støttar alt kulturelt arbeid. Me er stolte av havstrilkulturen vår og vil gjera det me kan for å ta vare på han. kulturtiltak i samband med bygdebokprosjektet ungdomsprest tiltak for å halda oppe kulturlandskapet styrking av kulturskulen stimulering av dialektbruk og nynorsk meir støtte til frivillige organisasjonar i kommunen
Senterpartilista 2007 1 Harald Nordstrand Hamre, f. 1946 lektor 2 Gunn Limevåg Klokkarvik, f. 1960 kokk 3 Karstein Golten Skoge, f. 1980 sjukepleiar 4 Sverre Pedersen Kausland, f. 1951 sjølvstendig næringsdrivande 5 Sissel Olaug Vardøy Litle Sangolt, f. 1963 salsfremjar 6 Vibeke Austevoll Berge Bakka, f. 1974 badebestyrar 7 Kjell Arve Vorland Vorland, f. 1968 inspisient 8 Irene Nesse Vorland Vorland, f. 1957 sekretær 9 Knut Eivind Nygård Klokkarvik, f. 1958 einingsleiar 10 Gunn Rokstad Børnes Klokkarvik, f. 1970 seljar 11 Olaug Glesnes Steinsland, f. 1950 konsulent
12 Arnold Melkevik Berge, f. 1948 fagarbeidar 13 Magne Dagfinn Vorland Vorland, f. 1958 uføretrygda Program 2007 2010 2007 2011 14 Borgfrid Lunde Hamre, f. 1943 produksjonsarbeidar 15 Bjørn Lunde Trellevik, f. 1967 tømrar 16 Åshild Nordstrand Hamre, f. 1946 språkkonsulent 17 Henriette Tyse Nygård Klokkarvik, f. 1986 student 18 Magne Hamre Vorland, f. 1954 teamleiar drift 19 Gro Helen Johannessen Førde, f. 1956 miljøarbeidar 20 Håkon Nedrebø Golten Skoge, f. 1985 automatikar 21 Linda Sangolt Store Sangolt, f. 1957 husmor 22 Thor Birger Trellevik Trellevik, f. 1952 bonde