VEDLEGG 1 Samandrag av høyringsinnspel Kommunar: AUSTRHEIM KOMMUNE (politisk vedtak) - 2.2 Føremål Fagområda: Ønskjer å få med sine satstingområde innan kvart område: Havsport, turstiar, gang- og sykkelveg, idrettspark, møteplassar i alle grender, gode nærområde til skule og barnehage, sentrumsutvikling, kunst- og kulturnæring, leseglede og formidling av nynorsk litteratur, formidling og opprusting av kulturminne, utvikle kommunen i lag med lag og organisasjonar, biletarkiv, kommunen si satsing på ungdom og ungdommens hus. - 5. Planprosessen: Det er viktig at småkommunar blir med og at regionen Nordhordland har felles samlingar. Høyringa er lagt i ferieperioden. Det er uheldig i forhold til at det skal gis innspel til eit omfattande planarbeid. Ønskjeleg at det politiske nivået skal få tid til å delta i planprosessen. - Når planen har så lang tidsperioden, er det viktig at det blir open slik at er mogleg å få med nye trendar Fokus på nynorsk litteratur er tatt med i kap. 3.2, dei andre satsingsområda er dekt. Opning for revidering av planen kvar planperiode (valbolk) er tatt med i kap 2.1. Deltaking av representativ utval kommunar er tatt med i kap. 5.1. Framdriftsplanen er utvida med 6 månader. BERGEN KOMMUNE (vedtak i byrådet) - Planen vil vere eit av fundamenta for samarbeid mellom Bergen og fylkeskommunen. - Bør ta med den fylkeskommunale politikken desse områda: o Vidaregåande skule med liner for toppidrett og estiske fag. o Næringspolitiske reiskaper der det er ein må sikre kultur- og idrettsnæringane. - Viktig å få fram at kommunar og fylkeskommunar er likeverdige partnarar innanfor planområdet, og at planar er rammer for samarbeid. - Bør etablerast meir konkrete retningsliner for kva fylkeskommunen gir tøtte til. - Ønskjer ein politikk der det skal vere eit rimeleg lokalt bidrag som føresetnad for regional finansiering. - 2.3 Handlingsprogram: Årleg rullering av handlingsplanar vil kunne opne for uheldig, kortsiktig lobbyverksemd. - Plantema 3: Samhandling/samordning - Internasjonalt arbeid: Bør følgje behova til aktuelle aktørar, med tema og fokusregionar som sterke, aktive idrett- og kulturaktørar har interesse i. - Bergen som lokomotiv: Ønskjer at det utviklast ein storbypolitikk i planen, fordi institusjonar og tilbod i Bergen nyttast av innbyggjarane i heile fylket. - Anbefaler ei større vektlegging av felta sin eigenverdi. - Behov for eit skilje mellom amatørar/frivillige og profesjonell/elite, fordi dette speglar kvardagen i sektorane - Har ikkje eigen kulturminneplan. Det er ein integrert del av byutviklinga og overordna miljøspørsmål er integrert i arealplanane og vedtak knytt til desse. Dei fleste innspela er dekt, nokre har ført til endringar i teksten (kap 1, plantema 3, kap 3.2). Det er lagt til eit eige avsnitt om storbypolitikk i kap 3.1. Andre innspel vil bli tatt med i det vidare arbeidet. Framlegg om at planen ikkje skal ha årlege handlingsplanar blir ikkje tatt til følgje.
ETNE KOMMUNE (politisk vedtak) - 2.2 Fagområda Idrett og friluftsliv: Ein treng tiltak for å få løyst ut tippemidlar for vedtekne prosjekt. Lang ventetid på utbetaling og krav til mellomfinansiering over fleire år, er utfordrande for både kommune og lag og organisasjonar som utbyggjar. - 2.2 Fagområda Kulturvern og museum: Stort behov for tettare og meir forpliktande samarbeid mellom ulike sektorar. Ein må utarbeide ein plan for samarbeid, skjøtsel, formidling og økonomiske rammer for å synleggjere og gjere kulturminne tilgjengelige i lokalsamfunna. - Plantema 1 Arenautvikling infrastruktur: Ein må vurdere om ei sterk regionalisering av kulturtilbod er tenleg i alle deler av fylket. Det er viktig å løfte opp lokale kulturarenaer, særleg for dei som har lite dagleg kontakt med regionsentra. Innspel til idrett og friluftsliv vil bli tatt med i det vidare arbeidet. Innspel til arkiv og plantema 1 er tatt med. KVAM HERAD (administrativt handsama) - 2. Føremål: Treng strategiar for å oppretthalde frivillig organisasjonsliv. Vil planen svare på korleis endringar i organisasjonsliv påverkar demokratiske prosessar? Korleis kan ein styrke integrering med organisering innanfor det fleirkulturelle samfunnet? - Kva har det å seie for samfunnet at bibliotek, museum og kyrkje i større grad har blitt formidlarar og produsentar av kultur, medan kommuneforvaltninga er redusert? - Det er lite fokus på kulturskulen. - Finansieringa av kulturfeltet gjer at det er prega av prosjekttenking og mindre langsiktig planlegging. Kva er omfanget av private midlar som tilskot til kultur? Korleis betre kompetansen i kulturlivet for å styrke samhandling mellom kultur og næring? - Ungdom og subkulturar er ikkje framheva i planprogrammet. - Levekår for profesjonelle kunstnarar i distrikta er essensielt for å halde på kompetanse. - Korleis kan kulturminne og kulturarv bli ivareteke i kraft av sin eigenverdi utan å vere knytt opp mot utvikling eller næring? - 2.2 Fagområda - arkiv: Ønskjer å leggje til formidling av arkiv. Behov for felles publiseringsverkty av foto og dokument, som kan nyttast av alle kommunar. - 3. Plantema og utgreiingar: Det er behov for planar med mål og evaluering basert på målbare verdiar. - Plantema 1 Kompetanse: Vil planen sette ein minimumsstandard for kompetanse i kommunal kulturforvaltning? - Plantema 2 Nynorsk kulturstrategi må få særleg merksemd. Spesielt er tilgang på relevant litteratur og formidling til unge menneske viktig. - Plantema 3 Forvaltningsnivå: Ønskjer at planen tar opp den manglande samhandlinga mellom kultur- og næringsforvaltning på fylkeskommunalt og statleg nivå. - Plantema 3 Verkemidlar og støtteordningar: Ønskjer at planen tar opp mål og strategiar for tilskot til kulturell verksemd. Felles retningsliner kan demme opp for ulik fordeling av midlane. 2
- Framlegg til nytt tema: Med ny offentligheitslov og EU-reglar for kjøp av konsulentar har ein skapt utfordringar for kulturforvaltninga. Ønskjer diskusjon om korleis prosjekttenking i kulturlivet samsvarar med lov om offentleg innkjøp og krav til openheit. - 5. Planprosessen: 6 veker høyringsfrist er for kort tid for frivillig organisasjonsliv. Kunstnarhuset Messen og festivalen Bygdalarm manglar på høyringslista. - Arbeid med ein kommunikasjonsstrategi vere med i planprosessen. Spissing og journalistisk handsaming av ulike tema retta mot målgrupper ein elles ikkje når, kan gi planarbeidet fleire innspel og meir tyngd. Innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet. Planprosessen er utvida med 6 månader. LINDÅS KOMMUNE (politisk vedtak) - 2. Føremål: Frivillige organisasjonar må få ein sentral plass i planen. Dei spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga både som sjølvstendige aktørar og i samspel med offentlege og profesjonelle aktørar. - 2.2 Fagområde: Kulturskuletilbodet må kome inn som eit femte fagområde i planen. - 5. Planprosessen: Lindås kommune stillar seg til rådvelde for deltaking i faggrupper. Frivillige organisasjonar er tatt med i kap. 2.1. Det er tatt inn eit eige avsnitt om kulturskuletilbodet under plantema 2 om barn og unge. Deltaking av representativ utval kommunar er tatt med i kap. 5.1. TYSNES KOMMUNE (administrativt handsama) - 2.2 Fagområde Idrett og friluftsliv: Friluftsliv treng enkel tilrettelegging og god informasjon, ikkje anlegg som er dyre og byggje og drifte. Friluftsliv er nemnt i planprogrammet, men kunne kanskje ha vore høgare prioritert. - 2.2 Fagområde kulturminnevern og museum: Støttar føremålet, særleg handlingsplan for skjøtsel og formidling av kulturminneverdiar regionalt og lokalt og ei tydeleggjering og bevisstgjering av kulturminne som ressurs i samfunnsutviklinga. - 5. Planprosessen: Mykje handlar om tiltak for ungdom, men det står lite om korleis ungdommen kan medverke og påverke planen. Vurdering Tatt med innspel om friluftsliv (kap 2.2 og 3.2), kulturminnevern og museum (kap.2.2) og innspelet om å få ungdom med i planarbeidet (kap 5.2) Kulturinstitusjonar: BØMLO TEATER - 2. Føremål: Viktig å ha fokus på den avgjerande rolla frivillig arbeid har for kultursektoren. Denne innsatsen ligg til grunn for vidare interesse og utvikling av kompetanse innan mange delar av kulturlivet. Frivillig arbeid legg til rette for store delar av det kulturelle tilbodet som går ut til publikum. Fokuset på at kulturpolitikken skal skje der folk bur ivaretar også insentiv for private aktørar, lag og organisasjonar. 3
- 3. Plantema og utgreiingar: Det breie perspektivet opnar for arbeid med korleis organisasjonar kan posisjonere seg i forhold til næringslivet og korleis kulturtilbod kan verke rekrutterande til eit lokalsamfunn og vere ein bidragsytar til næringslivet. - Plantema 2: Det er viktig at den kulturelle aktiviteten er lokalt forankra. - Plantema 2 Arenautvikling: Ein må sjå på korleis dei kan nyttast og oppgraderast for å gi størst mogleg potensiale til lokalsamfunnet og til heile regionen. Ønskjer å bidra til å utvikle naudsynte og varierte kulturarenaer, scener og visningsstader og tenkje strategisk kring regionale satsingar utanfor Bergen. - Plantema 3: Arbeidet for å styrkje Vestlandet som kulturregion er svært tenleg for den lokale kulturen og skapinga. Styrking av kompetanse er avgjerande for utvikling av lag og organisasjonar. Å fremje partnarskap og samhandling er svært sentralt for Bømlo Teater. - Plantema 4 - Frivilligheit: Planen har som føremål og tydeleggjere frivillig verksemd. Dette bør i større grad vere synleg tidlegare i planprogrammet. - 5. Planprosessen: Bømlo Teater er interessert i å vere med i faggruppa for kunst- og kulturformidling. Frivillige lag og organisasjonar og frivillig sektor er tatt med i hovudføremålet (kap. 2.1). Dei andre innspela vil bli tatt med i det vidare planarbeidet. CARTE BLANCHE - 2. Føremål: Planen er tenkt å femne for bredt, slik at resultatet kan bli at den seier «lite om mykje». Dersom ein skal nå føremålet med å skape grunnlag for ein offensiv kulturpolitikk som kan motverke sentralisering, vil ein vere tent med å avgrense planen, og heller utarbeide ein eigen plan for idrett og helse. - Plantema 4 Verdiskaping: Det profesjonelle kulturlivet er ein viktig føresetnad for frivillig kulturaktivitet. Tilrår at planen vektlegg det profesjonelle kunstlivet si rolle for kulturlivet, og som ein grunnleggjande føresetnad for ein offensiv kulturpolitikk. Dette er naudsynt dersom planen skal vere eit godt reiskap for å synliggjere regionen i ei nasjonal samanheng. Framlegget om å lage eigen plan for idrett og helse blir ikkje tatt til følgje. Andre innspel blir tatt med i det vidare planarbeidet. DEN NATIONALE SCENE - Er glad for at intensjonen i Kulturlova er godt integrert i planen. - 2.2 Fagområda - Kunst og kulturformidling: Auka satsing på ikkje-institusjonell scenekunst er viktig både for DNS og regionen. Betre levekår for kunstnarar er ein føresetnad for å kunne hente inn gode frilansarar og attraktive kunstnarar. - Den kulturelle skulesekken er svært viktig og skapar mange arbeidsarenaer både for det frie scenekunstfeltet og for institusjonsteatera. Ei utfordring at produskjsonsbudsjetta er tronge. Oppmodar på det sterkaste å vidareutvikle og styrkje DKS i vidaregåande skule. - Ser gjerne at det blir lagt til ei setning om at det er ønskjeleg at barn og unge også utviklar estetisk kompetanse som publikummarar. - Viktig at mangfaldet blir inkludert i heile kulturlivet og ikkje blir ei nisjesatsing på utsida av det etablerte kulturlivet. - Plantema 2 Arenautvikling - Innhald: Peiker på at det i fredingspapira for teateret står at det er mogleg å søkje fylkeskommunen om midlar til vedlikehald. Ber om at ansvar for vedlike- 4
hald av DNS blir inkludert i planen, og at fylkeskommunen anerkjenner at bygget kan utviklast til ein framtidsretta kunstprodusent. Utvikling av estetisk kompetanse som publikummarar er tatt med (kap. 2.2). Dei andre innspela blir tatt med vidare i planarbeidet. HARDANGER OG VOSS MUSEUM - 2. Føremål: Uklårt kva ein meiner med regionalisering og kva regionar ein viser til. - Uklårt kva moment frå Regional plan for museum 2011-2015 som blir tatt inn i planen. Blant dei ti høgst prioriterte tiltaka i museumsplanen ein finn desse: Etablering av Hardingfelesenter, Styrking av regionale ansvarsmuseum og Utvikling av kulturminnevernet. - Plantema 1 Urbanisering og stadutvikling og Arenautvikling - infrastruktur: På den eine sida ynskjer ein å demma opp for den samfunnsutviklinga som fører til sentralisering på nasjonalt plan, medan ein ved andre høve ser at kulturen kan vera ei drivkraft i samfunnsutviklinga og slik støtta opp om sentraliseringa. Meiner at ein på same vis som ein arbeider i mot sentraliseringa på nasjonalt plan, òg bør ha medvit rundt sentraliseringsprosessar på regionalt nivå. Kulturelle tyngdepunkt kan og bør finnast utanfor regionssentra også i 2024. - 5. Planprosessen: Ei føremon at fag- og temagruppene er breitt representerte både fagleg og geografisk. Hardanger og Voss museum ønskjer å engasjere seg i det vidare arbeidet. HORDALAND TEATER - Plantema 2 Nynorsk kulturstrategi: Viser til vedtak i fylkesutvalet 29.08.12 om lokalisering av teateret i Bergen sentrum og mangelen av fast nynorsk-scene i Bergen sentrum for å kunne ha eit kontinuerleg teatertilbod på nynorsk og dialekt. Det er avgjerande at vedtaket i blir følgt tett opp, og at det blir lagt strategiar for å få dette realisert snarast mogleg. NORDHORDLANDSBIBLIOTEKA - Ti år er eit langt tidsspenn, noko som gjer at det kan bli vanskeleg å kome med konkrete tiltak så langt fram som til 2024. - 2.2 Fagområda Bibliotek: Viktig at biblioteka blir ivaretekne på ein god måte og ikkje «druknar» i dei andre store fagfelta. Den reviderte biblioteklova legg opp til at formidling og møteplassar er viktig for biblioteka framover. - 5. Planprosessen: Alle dei regionale biblioteksamarbeida må vere representert i utarbeiding av planen. Det må setjast av god tid til høyringa. På grunn av ferieavvikling er gjerne ikkje juni og august dei mest gunstige tidpunkta for høyringar. Opning for revidering av planen kvar planperiode (valbolk)er tatt med (kap 2.1). Innspelet om bibliotek (kap.2.2) og representasjon i faggruppene (kap. 5.1) er tatt med. Framdriftsplanen er utvida med 6 månader. 5
Kulturorganisasjonar BERGEN DANSESENTER - Plantema 2: Har fokus på å formidle dans i heile fylket gjennom dans som eigenaktivitet, som publikumsoppleving og samband mellom amatørar og profesjonelle. Viktig å bygge vidare på miljø og institusjonar/organisasjonar som allereie har utvikla fagleg kompetanse. - Vil gjerne vere med i arbeidet med å bygge sterkare nettverk og strukturer for dans i fylke. BERGEN INTERNASJONALE KULTURSENTER - Savnar meir fokus på fleirkulturelle og konkrete tiltak for å fremje fleirkulturelle møtestadar. Det er viktig i større grad å fokusere på å ta i bruk ressursane i det fleirkulturelle miljøet. - Plantema 2 Inkludering: I tillegg til respekt og inspirasjon bør det også forståingsaspektet bli nemnt. Forståing skapar ofte respekt og blir oppnådd gjennom fleirkulturelle aktivitetar. - BIKS og andre fleirkulturelle organisasjonar bør vere med som deltakande part i formidling og deltaking. - Det fleirkulturelle aspektet bør styrkast i plantema 2 og 3 og i planprosesssen. Innspel om forståing er tatt med i plantema 2. Dei andre innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen BERGEN SENTER FOR ELEKTRONISK KUNST - 2. Føremål: Svært positiv til at ein vil dokumentere utfordringane kunstnarar, organisasjonar og andre opplever i sitt daglege virke og presiserer viktigheita av at ein nyttar denne dokumentasjonen i det utfyllande planarbeidet. Slik kan tiltaka som skal setjast inn få direkte, praktisk innverknad på dei ulike utfordringane som blir avdekka og skape handlingsrom for ein offensiv kunst- og kulturproduksjon. - 2.2 Fagområda - Kunst og kulturformidling må endrast til Kunstproduksjon og kulturformidling. Det må i føremåla legge tyngre og tydelegare vekt på den produktive delen av det å skape. Fokus på distribuering av midlar direkte til produksjon manglar i formuleringane. Formidlingsarbeidet foregår også i kunstproduksjonssentra ikkje berre gjennom visningsinstitusjonane. Meiner difor at produksjonsledda med deira aktørar må prioriterast. - Oppfordrar til at planlegginga vektlegg den reelle ressurssituasjonen i regionen, slik at planarbeidet får den slagkraft det fortener. Ein må tørre å prioritere for å sikre midlar til produksjon og utvikling. Innspelet om endring av kap. 2.2. er tatt til følgje. Dei andre innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. BILDENDE KUNSTNERES FOREINING HORDALAND - Det er viktig å ha ein heilskapleg politikk som bidrar til å styrkje både det institusjonelle og det frie feltet. 6
- Det må etablerast ein gjennomtenkt strategi og politikk som bidrar til et løft for visuell kunst i alle ledd. Høyringa er forslag/ utkast til ein strategi som tar utgangspunkt i kunstnerkrava frå 1970-tallet, som tek omsyn både til kunstnaren og det frie feltet, det institusjonelle og utvikling av en kunstscene. Dette er hovudsakelig ei skildring for betring av feltet sine økonomiske utfordringar. - 5. Prosessen: BEK ønskjer å vere med på planarbeidet. DE UNGES ORKESTERFORBUND OG UNG SYMFONI - Vonar at planen vil legge til rette for eit sterkare engasjement frå fylkeskommunen når det gjeld det frivillige musikklivet i fylke. - 2. Føremål: Kritikken av Oslo er krass sett i høve til at UNOF får støtte m.a. frå Norsk Kulturråd på søknader som fylkeskommunen gir avslag på. - Handlingsplanen må vere så konkret som mogleg, slik at det ligg ei forplikting frå fylket om å bli ein medspelar. - 2. Føremål - Kunst og kulturformidling: Viktig at fylket også ser at dei frivillige organisasjonane kan gjere «profesjonelle» produksjonar. - Pantema 2: Ein barne- og ungdomsorganisasjon der ein går frå bredde til elite og som gir eit tilbod verken dei vidaregåande skulane eller Griegakademiet er i stand til. - Pantema 2 Arenautvikling - innhald: Ein har ikkje vore flinke nok til å samarbeide for å kome fram til gode løysingar når det gjeld kulturhus. Mange manglar gode øvingslokale for store orkester/korps/kor, og høvelege plassar for framføring av musikk. - Plantema 3: Fylkeskommunen må leggje vekt på aktivitetane gjennom støtte, slik at prisen på tilboda til barn og unge ikkje blir så høg at det ekskluderer mange med ambisjonar og talent. HORDALAND KUNSTSENTER - 2. Føremål: Dersom planen skal motverke sentralisering, må den anerkjenne og formulere kor viktig samtidsproduksjon og formidling er for å oppnå dette. Det må til for å tiltrekke seg samtidskunstnarar. Dei fleste bur og verker i Bergen og har behov for eit levande og dynamisk fagfelt. - 2.2 Fagområda Kunst og kulturformidling: Kunstnarane i fylket dekkjer allereie deler av føremålet, men er drastisk underfinansiert. Internasjonale nettverk er også av stor betyding for mindre kunstinstitusjonar. Ein må leggje til rette for betre formidling frå allereie eksisterande institusjonar slik at ein kan vekkje offentleg interesse for kunst og byggje eit solid publikum. - 3. Plantema og utgreiingar: Det må gjerne inkluderast eit sjette fagområde: Kunst og kulturproduksjon. Det vil vere omtrent umogleg å oppfylle ønsket om kunst- og kulturformidling i fylket dersom produksjonen av denne blir neglisjert. - Plantema 2: Det er underkommunisert at det dreier seg om samtidsproduksjon i skriftleg forstand. Det bør iverksetjast økonomiske tiltak for å auke den diskursive produksjonen på samtidskunstfeltet. Det er gjennom omtale og skriftleg diskusjon at eit fagfelt både utviklar seg, og gis eit offentleg grensesnitt mot publikum. - Plantema 3: Viktig å peike på at dei einskilde aktørane på kulturfeltet allereie har betydelege internasjonale kontaktar som kontinuerleg må kultiverast. 7
- 3.2 Plantema for fagområda Kunst og kulturformidling: Manglar ein diskusjon av at notidas kunstproduksjon frå vår region er viktig i ein internasjonal og større samanheng. - 5.Planprosessen: Ønskjer deltaking frå kunstfeltet i plankomiteen. Kulturproduksjon er tatt med i føremålet (kap.2.2). Innspel til plantema 3 er tatt med. Dei andre innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. HORDALAND MUSIKKRÅD - Viktig at fylkeskommunen er ein pådrivar slik at alle kommunar ser betydinga av å setje kultur på kartet gjennom eigne kulturplanar. - 2.2 Fagområda Kunst- og kulturformidling: Det frivillige musikklivet har behov for gode lærarar. Ved å styrkje frivillig sektor med gode og forutsigbare rammevilkår, blir det skapt og oppretthaldt arbeidsplassar for profesjonelle kunstnarar i Hordaland. - Plantema 2 Arenautvikling - innhald: Få lokale er tilpassa den musikken dei blir fylt med. Har utarbeidd normer og anbefalingar for lokale til musikkføremål, ein nasjonal norm skal vere klar våren 2014. Desse bør leggjast til grunn i alle nybygg og rehabiliteringar der musikk skal inn, som får tilskot gjennom fylket. - Det må tenkjast fleirbruk ved nybygg eller rehabilitering, men det er viktig å kartleggje behova til lokalt musikk-/kulturliv. - Plantema 4 - Frivilligheit: Musikklivet (kor, korps osb.) er viktige arbeidsgivarar for dei profesjonelle. Eit samspel utviklar musikklivet i fylket både profesjonelt og på amatørplan. - 3.3 Trong for utgreiingar og analysar: Det er behov for oversyn over tilhøva både for øvingsog konsertlokale. Har igangsett eit arbeid med å måle akustikken i desse lokala. Dersom musikk skal inn i idrettsanlegg må lokala tilpassast. Norsk musikkråd sine akustiske normer og anbefalingar er på line med idretten sine krav til anlegg. - 5.Planprosess: Foreslår Rune Håndlykken, Jon G. Olsen og Åse Vigdis Festervoll til referansegruppe. Hordaland musikkråd ønskjer å vere representert i plankomiteen. LANDSLAGET FOR LOKALHISTORIE - Sogelaga speler ei viktig rolle i lokalsamfunna, i regional og nasjonal samanheng. Laga sit på viktig kunnskap og skal no setje i gang ein landsomfattande minneinnsamling, som vil vere viktige kjelder i formidling av historia i lokalsamfunna. - Sogelaga er viktige støttespelarar for det offentlege i arbeidet med registrering, vedlikehald og formidling av kulturminne. NORSK KULTURSKOLERÅD HORDALAND - 1.2 Rammer for planprogrammet: Meiner rapporten Kulturskoleløftet Kulturskole for alle, kan nyttast i arbeidet med regional kulturplan. Følgjande Stortigsmeldingar er og relevante: St.meld. nr 39 (2002-2003)Ei blott til lyst St.meld. nr 38 (2002-2003)Den kulturelle skolesekken 8
St.meld.8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida - Lokale føringar: legge til tiltaks- og handlingsplanar for kulturskolar - 2.2 Fagområda Kunst og kulturformidling: legge til i andre setning: Føremålet er å skape nye uttrykk og arenaer, etablere møtestader og byggje nettverk som gjev rom for kulturell verksemd i vid forstand, frå amatør, frivillig verksemd, opplæring for barn og unge innan området og lokale kulturtiltak, til store opplevingar av profesjonell kunst. - Plantema 2 Arenautvikling innhald: Utvikling av arenaer og hus for, kultur og kulturskule. - 4. Alternativ til ein brei regional kulturplan: Avsnittet omhandlar ein brei regional kulturplan, overskrifta er difor misvisande. Foreslår at det blir endra til: Ein brei regional kulturplan - 5. Planprosessen: Ønskjer at Norsk kulturskuleråd skal vere med i plankomiteen. Foreslår at ein i tillegg til å legge ut informasjon på nettsida, kan sende sms/melding til dei som tar del i/ønskjer informasjon om møter og arenaer for medverknad. Dei konkrete innspela er tatt med, resten vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. NORSKE KUNSTHÅNDTVERKERE VEST-NORGE - For at Bergen og Hordaland skal bli eit attraktivt område å bo og arbeide i for kunstnarar, er det viktig å satse på og sette fokus på det visuelle kunstfeltet i heile fylket ved å gi støtte til rimelege arbeidsplassar, visningsstader, produksjon, opprette fleire stipend og hjelpe til med formidling av kunstnarar og kunstnarar i fylket. NORGES MUSIKKORPS FORBUND - 2.Formål: Ein bør synleggjere Hordaland sine føresetnader for å byggje opp kulturelle fyrtårn. Eksempel frå det frivillige kulturlivet er brassbandrørsla. - Det må gjerast ei rollefordeling og avklåring, der fylkeskommunen har ei definert rolle for kva den skal vere for kulturlivet i fylket. - 3. Felles plantema Arenautvikling - infrastuktur: Det er behov for diskusjon om kva kulturpolitiske verkemiddel som kan styrkje innhaldsproduksjon knytt til infrastruktur (t.d. bruk og tilrettelegging av kulturhus). - 3. Felles plantema Kompetanse: Det må leggjast til rette for ei tyngre drøfting av kompetanse innan kultur på alle nivå. Dette gjeld kompetansearenaer som skule og utdanning, men også kompetanse innan frivilligheit og profesjonelt kulturliv. - Distriktspolitisk vinkling og ønskje om å motverke Oslo-dominansen må speglast i planen. For å hindre kompetanseflukt må ein ha verkemiddel til å løfte kompetansen i distrikta. - Plantema 2: Frivillig sektor må løftast fram som eige tema. Planprogrammet bør leggje opp til ei drøfting av rolle, utfordringar og vilkår til frivilligheit i framtida. - 3.3 Utgreiingar og analyser: Det bør gjerast undersøkingar og analysar av frivillig sektor, bl.a. kva frivilligheit betyr i kroner og øre for samfunnet og kompetansen som finst i sektoren. - 5.Planprosessen: NMF vil gjerne vere representant for frivillig sektor i plankomiteen og vere med i faggruppa «Kunst og kulturformidling». Framlegget om at frivillig sektor skal vere eige plantema, er ikkje tatt til følgje, dei andre innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. 9
NYNORSK KULTURSENTRUM - Plantema 2 Nynorsk kulturstrategi: rår til at teksten blir utdjupa og presisert om lag slik: Nesten alle kommunane i Hordaland har som Hordaland fylkeskommune, nynorsk som tenestemål og administrasjonsspråk. Utanom bergensdialekten ligg talemåla i Hordaland nærast det nynorske skriftspråket. I absolutte tal har Hordaland fleire nynorskelevar enn noko anna fylke. Fire av ti elevar i grunnskulen har nynorsk som opplæringspråk, ni av ti kyrkjesokn bruker nynorsk liturgi, og kvar tredje avis som er redigert på nynorsk, kjem ut i Hordaland. Nasjonalt og i urbane vekstområde er nynorsk skriftkultur under press, men i Hordaland dominerer nynorsk i mange miljø både i skule, kyrkje, næringsliv og frivillig organisasjonsliv. Dei viktige nasjonale nynorskarenaene - -institusjonane ligg andre stader enn i Hordaland, men i Hordaland bur mange av dei forfattarane og andre kunstnarar som bruker nynorsk i si skapande verksemd. Difor er Den kulturelle skulesekken ein av fleire viktige arenaer også for ein nynorsk kulturstrategi. I planperioden vil Hordaland fylkeskommune saman med aktørane i og utanfor kulturlivet, til dømes Nynorsk kultursentrum og Hordaland Teater, arbeide med å forme verkemiddel som kan styrkje bruken av nynorsk skriftkultur og Bergen si rolle som viktig by for nynorske institusjonar og kulturytringar. Noko av grunnlaget for det som kan gjerast i planperioden 2014-2024, vert forma gjennom deltaking i Språkåret 2013. - Plantema 3 Kulturregion Vestlandet og internasjonalt samarbeid: Hordaland styrkjer si eiga rolle i det norske samfunnet ved å peike så tydeleg på Vestlandet som denne planen gjer. - Vestlandsperspektivet kan vere til nytte når handfaste prioriteringar skal gjerast. Dette kunne gjerne ha vore løfta fram som meir overordna enn det no ser ut til å vere ut frå plasseringa i dokumentet. Framlegg til utdjuping og presisering av teksten er tatt til følgje. Resten av innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. VOSSA JAZZ, NATTJAZZ OG VESTNORSK JAZZSENTER - Gir utan atterhald støtte til den utviklingsretninga som blir signalisert i planprogrammet, mot utvida aktørsamhandling og nettverksutvikling. Det ligg store utviklingspotensiale i å kople ulike kompetansemiljø. - 5.Planprosessen: Viktig at den sterke arrangørfaglege og kulturfaglege kompetansen i jazzorganisasjonane blir representert i faggruppa for Kunst- og kulturformidling. PRODUKSJONSENHET FOR VISUELL KUNST - For å oppretthalde infrastrukturen innan kunstfeltet med profesjonelle etableringar innan produksjonsverkstader, atelierverkstader, visningsrom og andre institusjonar, er det ønskjeleg at utøvarane kan søke driftsmidlar frå fylkeskommunen. - Fordi fleire kunstnarar vel å busetje seg i Hordaland, treng ein auking i stipendordningar og i midlar det kan søkjast om. 10
- Private galleri må få høve til å søkje prosjektmidlar til salsutstillingar. - Kulturplanen må ha mål om auka bruk, høgare utstillingsvederlag, fleire visningsstader og betre produksjonsvilkår for heile kunstfeltet. RADØY KUNST SENTER - Meiner det er avgjerande med vektlegging av skapande kunst, lavkostprofil for auka skapande aktivitet i heile fylket og reduksjon av bygging av dyre institusjonar, som er dyre i drift samtidig som dei skapande aktørane marginaliserast. Idrett og friluftsliv FRILUFTSRÅDET VEST - Uttrykkjer ein viss uro over at ein så viktig del av folks kvardags- og helgeaktivitet blir lagt inn i planprogrammet for ein kulturplan. - Det er uheldig at omgrepet friluftsliv er ganske godt bortgøymd i planprogrammet. - Det må takast omsyn til at det er langt fleire som driv friluftsliv enn dei som er aktive innan idrett og ulike kulturaktivitetar. - Friluftsliv som ressurs: Friluftsliv er ein viktig del av kulturarven, gir rekreasjon og avkopling, gode opplevingar og god helse. Skilnaden mellom idrett og friluftsliv er blitt mindre, jf. aktivitetar som padling, fjellklatring og terengsykling.. - Folkehelsearbeidet: I eit folkehelseperspektiv er det viktig å ta friluftsarbeidet på alvor, og gje det ein sentral plass i planarbeidet. Universell utforming er også ein viktig del av dette. - Det ligg ein samordningsgevinst i å ta mange sektorar og arbeidsfelt med i ein felles kulturplan, men det vil bli ei stor utfordring å koordinere interessene og visjonane til så mange fagmiljø innan fylkes- og kommunenivå. - 5. Planprosessen: Friluftsrådet Vest vil gjerne gi innspel i planarbeidet. Innspela om friluftsliv er tatt med (kap.2.2 og 3.2), resten vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. NORGES IDRETTSFORBUND HORDALAND IDRETTSKRETS - Det er viktig at idretten får ein plass i planen som synleggjer den omfattande verksemda og samfunnsmessige betydninga og som tek vare på utviklinga på ein best mogleg måte. - Anbefaler at idrett er eit ege kapittel, og går ut frå at innhaldet omfattar det som til no har lagt i fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. - Det må avklårast kva som ligg i omgrepet kultur. I nokre formuleringar inngår idrett og friluftsliv i eit vidt kulturomgrep, andre stader ikkje. - Anbefaler planen skal heite regional kultur- og idrettsplan, og viser til at det i kap 1.1 er nytta omgrepet. 11
- 2.1Hovudføremål: Idretten er opptatt av gode rammevilkår for å vidareutvikle verksemda i fylket, og når det gjeld anleggsutvikling, av ein balanser utvikling av heile landet. (og kva meiner dei eg. om det som står om sentralisering av makt og midlar?) - Har gode erfaringar med fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Den ligg, saman med Norges idrettsforbunds idrettspolitiske dokument, til grunn for verksemda. - Idrettsanlegg er avgjerande for idretten og bør gis særleg merksemd, gjerne gjennom ein eigen handlingsplan. - Det må kome fram i planen at idrett har større verdi for einskildmennesket og samfunnet enn berre som tilbydar av fysisk aktivitet. Idrett er i tillegg frivilligheit, samfunnsutvikling, næringsutvikling, gode oppvekstmiljø, fokehelse og inkludering. - 5. Planprosessen: Ønskjer å vere tett på i det vidare planarbeidet Innspel om synleggjering av idretten er tatt med (kap 2.2) med ei formulering om at fagområdet blir sett i samanheng, men dei ulike tema vert og konkretisert særskilt i planen. Det er gjennomgåande rydda i bruken av kulturomgrepet, og definisjonen av omgrepet er flytt til innleiingskapitlet. Resten av innspela vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. Andre FYLKESELDRERÅDET - Samd i at barn og unge er ei viktig gruppe for kulturell og idrettsleg eigenaktivitet. - Minner om at tal på eldre innbyggjarar i fylket stadig aukar, og at denne gruppa treng kulturelle opplevingar, samstundes som dei innehar vesentlege ressursar som kulturberarar og kulturformidlarar. - Ber om at innarbeidd kulturminnevern får sin rettsmessige plass i planen innan fagområde kulturminnevern og museum. - Peiker på den sentrale posisjon kystkulturen har hatt - og har - i fylket. - 5. Planprosessen: Ønskjer å vere representert i aktuelle faggrupper i planarbeidet. HØGSKOLEN I BERGEN - Arbeidet med kultur- og idrettsfeltet er ikkje sett i samanheng med arbeidet i skulen. Det er viktig å kople kulturarbeidet til den arenaen som møter alle barn og unge og som har eit klårt kulturpolitisk mandat. Framlegg til endring: - Plantema 3: Samhandling/samordning Partnarskap: Den regionale planen skal identifisere tiltak som vil fremje partnarskap og samhandling mellom aktørane i skole, kunst-, kultur og idrettslivet. - 5. Planprosessen: I tillegg til å ha ein representant i faggruppa for idrett og friluftsliv, ønskjer Høgskolen i Bergen å vere representert i faggruppa for kunst- og kulturformidling. Innspelt til plantema 3 er tatt med, resten blir med i det vidare arbeidet med planen. KUNST- OG DESIGNHØGSKOLEN I BERGEN 12
- 2. Føremål: Eit nytt bygg for KHiB, som vil vere opent for andre enn skulen sine tilsette og studentar, vil vere ein viktig faktor for å motverke sentralisering av makt og midlar til hovudstaden. - Trekkjer fram det kunstnarelge utviklingsarbeidet som blir gjort ved KHiB og musea, ofte i samarbeid. Dette er likestil med forsking innan universitets- og høgskulesektoren. Planen bør omtale kunstnarleg utviklingsarbeid saman med forsking, og betydningen av dette. - 3.2 Plantema og fagområda Bibliotek: Viktig å sjå på biblioteka ved universitet- og høgskolar som institusjonar med spesialsamlingar, som supplerer dei kommunale biblioteka. - 3.2 Plantema og fagområda Kunst- og kulturformidling: Viktig å finne strategi for å gjere det attraktivt for kunstnarar og kulturarbeidarar å bu og arbeide i Hordaland. - Dei performative kunstartane må inkluderast, og det bør utnyttast at ein i regionen har ei rekkje sterke fagmiljø som kan bidra i planarbeidet på dette feltet. - 5. Planprosessen: Viktig å trekkje vekslar på dei institusjonane som har høg kompetanse innan kunst, kultur og kunstnarleg utviklingsarbeid; dei høgare utdanningsinstitusjonane og andre kunstfaglege institusjonar. Innspel om kunstnarleg utviklingsarbeid (kap.2.1) og om bibliotek (kap.3.2) er tatt med, resten vil bli tatt med i det vidare arbeidet med planen. RIKSANTIKVAREN - Er svært positiv til at Hordaland fylkeskommune ønskjer å lage ein regional plan for kultur og idrett som også tek for seg kulturminnevern. Har erfart at ein slik plan kan vere eit svært godt arbeidsreiskap, og kan gi brei forankring av kulturminnepolitikken i fylkeskommunen. - Planprogrammet er eit god utgangspunkt for ein vellukka planprosess og ein god plan. 13