FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 19.02.2015 Tid: 1600-1900 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart gjort tilgjengeleg elektronisk for medlemene og varamedlemene 10.02.2015. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Anne Martinsen, Krf Gustav Folkestad, V Hans Ekeberg, Ap Haldor Tuft, Sp Marianne Borge, Sp Roger Hoel, Frp Aud May Boge, H Steinar Berland, H Forfall og møtande varamedlemar: Stina Kvåle Bergesen, Krf hadde forfall. For henne møtte Roald Samnøy, Krf som vararepresentant. Inhabilitet: Haldor Tuft, Sp har meldt seg ugild i sak 7/15. Det lukkast ikkje å få inn vararepresentant. Andre som var tilstades på møtet: Frå adminstrasjonen: Arealplanleggjar Helle Holte Bruland Plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein Merknader til innkalling og sakliste: Til saklista var det på førehand frå adminstrasjonen meldt til leiar at PS 4/15 skulle gå ut og handsamast delegert under PS 3/15 - Delegerte saker til UPM 19.02.2015 grunna bruk av feil mal i sakshandsamarprogrammet Acos. Orientering: Helle H. Bruland orienterte om status og vidare framdrift i arealplanprosessen i starten av møtet. Anne Martinsen leia møtet.
Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 23/2-2015 Anne Martinsen Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 001/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 002/15 SKRIV OG MELDINGER 003/15 DELEGERTE SAKER 004/15 GBNR 4/62 - TVEITEN SØNDRE - GODKJENNING - BYGGING AV LAGERSKUR 005/15 GBNR. 79/1, DJUPVIK, MAGNE GJUVSLAND OG RAGNHILD BJØRKE - DISPENSASJONSSØKNAD - BYGGING AV UTLEIGEHYTTE OG GARASJE 006/15 GBNR. 121/35, NORDTVEITGREND, ALF ERLING MALKENES - DISPENSASJON TIL Å BYGGE TILBYGG PÅ HYTTE - GODKJENNING 007/15 GBNR. 84/1, TOFT, HALDOR TUFT - DISPENSASJON TIL FRÅDELING AV TOMT TIL BUSTAD 008/15 GBNR. 117/3 - HJARTNES - TOR JOHANNES HJARTNES - SØKNAD OM DISPENSASJON FOR Å BYGGJA GARASJE 009/15 GBNR 72/5 - EIDE - JARLE RAGNHILDSTVEIT - SØKNAD OM DISPENSASJON - TILBYGG PÅ INNGANGSPARTI 010/15 GBNR 84/3, TUFT - LØYVE TIL TILTAK - FRÅDELING, RIVING OG OPPFØRING AV NYBYGG - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG 011/15 GBNR 88/14, SÆRVOLL ØSTRE - FRÅDELING AV BUSTADHUS - KLAGEHANDSAMING AV AVSLAG 012/15 FUSA SOM FRILUFTSLIVETS ÅR-KOMMUNE 2015 013/15 EVALUERING POLITISK ORGANISERING 2015-2019 - INNSPEL FRÅ RÅD OG UTVAL
001/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 27.11.2014 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteprotokoll etter møtet 27.11.2014 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-001/15 VEDTAK: Møteprotokoll etter møtet 27.11.2014 vart samrøystes godkjent. 002/15: SKRIV OG MELDINGER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. På førehand hadde Hans Ekeberg, Ap, stilt spørsmål via mail til administrasjon og utvalsleiar - 5 punkt - om arealplanarbeidet. Dette vart teke opp under dette punkt og vert drøfta vidare i arbeidsmøter i UPM. Vidare vart det teke opp og drøfta Fylkesmannen sitt vedtak om oppheving av kommunestyret i Fusa sitt vedtak i sak 061/13 - om reguleringsplan for fritidsanlegg/hotell Nedre Skjørsand. Leiar kommenterte handsaminga til Fylkesmannen og stilte spørsmål til kvaliteten på handsaminga i kommunen. Plan- og bygningssjefen orienterte kort om ressurssituasjonen - då og no - og om korleis ein adminstrativt opplever at tett kontakt med tiltakshavarar og ubyggjarar samt stort tidspress kombinert med lite ressursar veldig ofte kan føra til at slike situasjonar oppstår. Skriv og meldingar vart etter dette tekne samrøystes til orientering. UPM-002/15 VEDTAK: Skriv og meldingar vart tekne samrøystes til orientering.
003/15: DELEGERTE SAKER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-003/15 VEDTAK: Delegerte saker vart samrøystes tekne til orientering. 004/15: GBNR 4/62 - TVEITEN SØNDRE - GODKJENNING - BYGGING AV LAGERSKUR Som kommentert til sakskartet gjekk denne saka ut og vart handsama delegert saman med PS 003/15 - Delegerte saker, grunna bruk av feil mal i sakshandsamarprogrammet Acos. Ingen hadde noko å merkja til det. UPM-004/15 VEDTAK: Denne saka gjekk ut og vart handsama delegert saman med PS 003/15 - Delegerte saker. 005/15: GBNR. 79/1, DJUPVIK, MAGNE GJUVSLAND OG RAGNHILD BJØRKE - DISPENSASJONSSØKNAD - BYGGING AV UTLEIGEHYTTE OG GARASJE RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Rådmannen set framlegg til vedtak om at Fusa kommune gjev dispensasjon frå Plan- og bygningslova 19-1 til tiltak på gbnr. 79/1 for bygging av utleigehytte med garasje på fylgjande vilkår:
1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegn. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke med ei presisering, sett fram av utvalet, i teksten: "Rådmannen set framlegg til vedtak om at..." går ut og resten av teksten står. Slik: Fusa kommune gjev dispensasjon frå Plan- og bygningslova 19-1 til tiltak på gbnr. 79/1 for bygging av utleigehytte med garasje på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegn. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. UPM-005/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon frå Plan- og bygningslova 19-1 til tiltak på gbnr. 79/1 for bygging av utleigehytte med garasje på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegn. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. 006/15: GBNR. 121/35, NORDTVEITGREND, ALF ERLING MALKENES - DISPENSASJON TIL Å BYGGE TILBYGG PÅ HYTTE - GODKJENNING RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett og om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til å byggja eit tilbygg på 18 m2 til ei hytte på gbnr. 121/35 i Nordtveitgrend, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltakshavar kan sjølv gjennomføra tiltaket, men lyt syrgja for at krav til tryggleik, isolasjon og rømningsveg står i forhold til det faktum at tilbygget skal ha to soverom. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-2.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-006/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett og om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til å byggja eit tilbygg på 18 m2 til ei hytte på gbnr. 121/35 i Nordtveitgrend, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltakshavar kan sjølv gjennomføra tiltaket, men lyt syrgja for at krav til tryggleik, isolasjon og rømningsveg står i forhold til det faktum at tilbygget skal ha to soverom. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-2. 007/15: GBNR. 84/1, TOFT, HALDOR TUFT - DISPENSASJON TIL FRÅDELING AV TOMT TIL BUSTAD RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Rådmannen rår til at Fusa kommune gjev dispensasjon til frådeling for bustadføremål på gbnr. 84/1, Toft. Omdisponering av jorda kan godkjennast etter Jordlova 9. Dispensasjon til bustadføremål kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og i Jordlova 12. Haldor Tuft, Sp reiste spm om han var ugild då han er grunneigar/part på omsøkt parsell, J.f. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd. Han vart samrøystes kjend ugild og gjekk frå. Det hadde ikkje lukkast å kalla inn varamedlem. Han tredde inn att i møtet etter handsaming av denne saka. Framlegg til vedtak frå Gustav Folkestad, V: Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon til frådeling for bustadføremål på gbnr 84/1, Tuft. Strandvik er definert som kjerneområde for jordbruk. Omdisponering av jorda kan ikkje godkjennast etter jordlova 9 av di det ikkje ligg føre særlege grunnar for å gje dispensasjon, då det i Strandvik finst område som ikkje er fulldyrka jord som kan nyttast til bustadføremål. Ein må unngå fragmentering av landbruksareal.
Dette framlegget fekk 3 røyster - Gustav Folkestad, V, Anne Martinsen, Krf og Roald Samnøy, Krf. Rådmannen sitt framlegg vart vedteke med ei presisering, sett fram av utvalet, i teksten: "Rådmannen rår til at..." går ut og resten av teksten står, fekk 5 røyster - Marianne Borge, Sp, Hans Ekeberg, Ap, Aud May Boge og Steinar Berland, H og Roger Hoel, Frp: Slik: Fusa kommune gjev dispensasjon til frådeling for bustadføremål på gbnr. 84/1, Toft. Omdisponering av jorda kan godkjennast etter Jordlova 9. Dispensasjon til bustadføremål kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og i Jordlova 12. UPM-007/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon til frådeling for bustadføremål på gbnr. 84/1, Toft. Omdisponering av jorda kan godkjennast etter Jordlova 9. Dispensasjon til bustadføremål kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og i Jordlova 12. 008/15: GBNR. 117/3 - HJARTNES - TOR JOHANNES HJARTNES - SØKNAD OM DISPENSASJON FOR Å BYGGJA GARASJE RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova og for arealdelen av kommuneplanen for løyve til å byggja garasje på gbnr. 117/3, Hjartnes på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegn. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 1-8, 19-2 og 20-1. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-008/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova og for arealdelen av kommuneplanen for løyve til å byggja garasje på gbnr. 117/3, Hjartnes på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegn. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt.
Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 1-8, 19-2 og 20-1. 009/15: GBNR 72/5 - EIDE - JARLE RAGNHILDSTVEIT - SØKNAD OM DISPENSASJON - TILBYGG PÅ INNGANGSPARTI RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, til å byggja eit 4 x 7 m 2 inngangsparti/gang på bustadhus på gbnr. 72/5, Eide, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-2. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-009/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, til å byggja eit 4 x 7 m 2 inngangsparti/gang på bustadhus på gbnr. 72/5, Eide, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-2. 010/15: GBNR 84/3, TUFT - LØYVE TIL TILTAK - FRÅDELING, RIVING OG OPPFØRING AV NYBYGG - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune godkjenner frådeling, riving og rammeløyve for oppføring av ny einebustad, og gjev dispensasjon frå plangrunnlag, på fylgjande vilkår:
1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og når det vert ferdigstilt. 3. Det skal opparbeidast eit tydelig skilje mellom driftsbygningen og ny parsell. 4. Ny parsell skal fylgje føresegn for spreidd-lnf i gjeldande kommuneplan. Vedtaket er heimla i plan og bygningslova 20-1, 19-2, og i Jordlova 12. Utvalsleiar stilte spørsmål om Haldor Tuft, Sp, var ugild då det i saksfamstillinga av denne saka, var vist til ei liknande sak, PS 007/15, der han sjølv kjende seg ugild, som det frå jordbruksfagleg hald, kunne trekkjast parallellar til. Han gjekk frå medan utvalet drøfta om han var ugild også i denne saka. Han vart samrøystes kjend gild og tredde inn att i møtet. Framlegg til vedtak frå Gustav Folkestad, V: Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon til frådeling frå gbnr 84/3, Tuft, då tomta er i nærleiken av driftsbygninga på bruket, og ei slik fragmentering er uheldig av jordbruksomsyn. Fusa kommune godkjenner riving av gammalt hus og rammeløyve for ny bustad på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og når det er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan og bygningslova 20-1, 19-2, og i Jordlova 12. Dette framlegget fekk 1 røyst frå Gustav Folkestad, V. Resten av utvalet røysta for rådmannen sitt framlegg som då fekk 8 røyster: UPM-010/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner frådeling, riving og rammeløyve for oppføring av ny einebustad, og gjev dispensasjon frå plangrunnlag, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og når det vert ferdigstilt. 3. Det skal opparbeidast eit tydelig skilje mellom driftsbygningen og ny parsell. 4. Ny parsell skal fylgje føresegn for spreidd-lnf i gjeldande kommuneplan. Vedtaket er heimla i plan og bygningslova 20-1, 19-2, og i Jordlova 12. 011/15: GBNR 88/14, SÆRVOLL ØSTRE - FRÅDELING AV BUSTADHUS - KLAGEHANDSAMING AV AVSLAG
RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune gjev med dette avslag på: 1. Søknad om løyve til tiltak, frådeling av bustadhus på gbnr 88/14 Særvoll Østre. Vedtaket er heimla i Plan og bygningslova 20-1, 19-2 og Jordlova 12. Framlegg frå Steinar Berland, H: Fusa kommune godkjenner søknad om løyve til tiltak, frådeling av bustadhus på gbnr 88/14, Særvoll Østre. Vedtaket er heimla i Plan og bygningslova 20-1, 19-2 og Jordlova 12. Dette framlegget fekk 2 røyster: Steinar Berland H og Gustav Folkestad, V. Rådmannen sitt framlegg til vedtak fekk 7 røyster: Anne Martinsen og Roald Samnøy, Krf, Roger Hoel, Frp, Aud May Boge, H, Hans Ekeberg, Ap, Haldor Tuft og Marianne Borge, Sp: UPM-011/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev med dette avslag på: 1. Søknad om løyve til tiltak, frådeling av bustadhus på gbnr 88/14 Særvoll Østre. Vedtaket er heimla i Plan og bygningslova 20-1, 19-2 og Jordlova 12. 012/15: FUSA SOM FRILUFTSLIVETS ÅR-KOMMUNE 2015 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune ønskjer å vera ein Friluftslivets år-kommune. Fusa kommune vil støtta opp om Friluftslivets år 2015 og arbeida for måla om å gje auka merksemd og varige resultat i form av større deltaking i friluftsliv i alle deler av folket.
Dette vil ein gjera gjennom å : Støtta aktivt opp om lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets år Vektleggja omsynet til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid Stimulera kommunen sine barnehagar og skular til å bruka naturen til leik og læring Bruka friluftsliv som positivt virkemiddel i kommunen sitt folkehelsearbeid Arrangera ordføraren sin tur ein open tur med ordføraren som turleiar Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommune Invitera til friluftslivets time med kommunestyret Rådmannen sitt framlegg til vedtak med eit ekstra "kulepunkt", sett fram av utvalsleiar, som supplement vart samrøystes vedteke: "Utfordre kvar einskild kommunepolitikar til å skrive "sin tur" på kommunen si heimeside" vert lagt til som siste punkt. Fusa kommune ønskjer å vera ein Friluftslivets år-kommune. Fusa kommune vil støtta opp om Friluftslivets år 2015 og arbeida for måla om å gje auka merksemd og varige resultat i form av større deltaking i friluftsliv i alle deler av folket. Dette vil ein gjera gjennom å : Støtta aktivt opp om lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets år Vektleggja omsynet til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid Stimulera kommunen sine barnehagar og skular til å bruka naturen til leik og læring Bruka friluftsliv som positivt virkemiddel i kommunen sitt folkehelsearbeid Arrangera ordføraren sin tur ein open tur med ordføraren som turleiar Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommune Invitera til friluftslivets time med kommunestyret Utfordre kvar einskild kommunepolitikar til å skrive "sin tur" på kommunen si heimeside UPM-012/15 VEDTAK: Fusa kommune ønskjer å vera ein Friluftslivets år-kommune. Fusa kommune vil støtta opp om Friluftslivets år 2015 og arbeida for måla om å gje auka merksemd og varige resultat i form av større deltaking i friluftsliv i alle deler av folket. Dette vil ein gjera gjennom å : Støtta aktivt opp om lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets år Vektleggja omsynet til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid Stimulera kommunen sine barnehagar og skular til å bruka naturen til leik og læring Bruka friluftsliv som positivt virkemiddel i kommunen sitt folkehelsearbeid Arrangera ordføraren sin tur ein open tur med ordføraren som turleiar Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommune Invitera til friluftslivets time med kommunestyret
Utfordre kvar einskild kommunepolitikar til å skrive "sin tur" på kommunen si heimeside. 013/15: EVALUERING POLITISK ORGANISERING 2015-2019 - INNSPEL FRÅ RÅD OG UTVAL FRAMLEGG TIL VEDTAK: Utvalet/rådet gjev følgjande innspel til evaluering av politisk organisering, (moment sjå saksutgreiinga.) Felles framlegg til vedtak frå utvalet: UPM er tilfreds med den politiske organiseringa i inneverande periode. Storleiken på utvalet gjev høve til at dei fleste partia er representerte. Dette vart samrøystes vedteke. UPM-013/15 VEDTAK: UPM er tilfreds med den politiske organiseringa i inneverande periode. Storleiken på utvalet gjev høve til at dei fleste partia er representerte.