Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014) A. Innleiing 2013 har vore eit år med stort engasjement gjennomføring av ny gudstenesteordning oppfølging etter bispevisitas stor utvendig opprusting av Hålandsdal kyrkje og omstilling pga nedskjeringar på fleire område. I løpet av 2012 og 2013 er presteressursane redusert med om lag ein halv stilling, reduksjon i løyvingar til trusopplæringsarbeidet og reduksjon i talet på forordna gudstenester. Frå kommunalt hald fekk vi redusert løyvingar til soknerådet med om lag 8% (om lag kr.250.000,-). Dette har resultert i m.a. reduksjon i administrativ stilling, mindre organisttenester og dårlegare vedlikehald på kyrkjer og kyrkjegardar. Til tross for store nedskjeringar har ein hatt eit aktivt år - og mykje positivt har skjedd i kyrkjelyden vår. B. Gudstenester Gudstenestene er pulsslaget i kyrkjelyden! I 2013 samlast vi 105 gongar (2012:110) til gudstenestefeiring. Av desse var 89 på søn- og helgedagar. 19 var familiegudstenester. Mange av desse var knytte til trusopplæringa. I alt var det 7889 (2012: 8015) gudstenestedeltakarar. Talet på gudstenester og gudstenestedeltakarar er såleis litt lågare enn i 2012. Totalt var det 1536 nattverdfeirande. Trenden over tid synest å vere at talet på gudstenester går noko ned, utan at dette slår vesentleg ut på talet på gudstenestedeltakarar. Hausten 2013 fekk vi godkjent ny gudstenesteforordning, som vart verksam frå 2013. Etter denne vert gudstenestefordelinga slik, med tala frå tidlegare ordning (1999) i parentes: Totalt i soknet 94 (104), Fusa 28 (27), Strandvik 12 (20), Hålandsdal 18 (20), Eikelandsosen 8 (4), Holmefjord 2 (5), Sundvor18 (21), Sævareid 8 (11). Talet på gudstenester vert altså noko redusert, men ikkje i Fusa og Eikelandsosen. Nokre fleire gudstenester var på ettermiddagstid (16.30) siste året, for å ha tilgjengeleg prest og organist. Dei aller fleste av desse var i Sundvor, Strandvik og Hålandsdalen. Når vi skal dele prest med Strandebarm, må det truleg bli fleire av desse ettermiddags-gudstenestene. Vi må såleis vurdere om dei skal leggjast til berre nokre av kyrkjene, eller fordelast på alle. C. Trusopplæring Trusopplæring har vore eit satsingsområde gjennom mange år og aldersspekteret er 0-18 år! Det er viktig å skilje mellom kontinuerlege tiltak som er t.d. søndagsskule, kor m.m og breiddetiltak. Kontinuerlege tiltak vert ikkje rekna som trusopplæringstiltak. Dei fleste trusopplæringstiltaka ender ut i ei gudsteneste. Vi hadde 34 dåp i 2013 (44 i 2012). Av dåpsborna var 31 busett i Fusa (34). Vi har stor oppslutning om trusopplæringsarbeidet; kring 90% på nokre av tiltaka. Av arbeid kan nemnast m.a.: 1
Musikk ved livets begynnelse tilbod for born 0-1 år (+ nokre 2-åringar) med føresette. 36 deltakarar. Tiltaket skjer i samarbeid med Fusa kommune, men soknerådet har det daglege ansvaret for gjennomføringa. Foreldrefest tilbod til dei som har fått barnet sitt døypt det siste året. Ca 21 babyar. Om lag 70 personar inkl born og vaksne 3 år - Familiemix der 3-åringane vert inviterte - eit tilbod til alle døypte treåringar, knytt til advent og førebuing til jul (16 av 35 born deltok) 4 år eit tilbod til alle døypte 4-åringar. Fellessamling og utdeling av Barne-Bibel i lokalkyrkja - 15 av 22 born deltok. 5 år - Hausttakkefest med fireåringar - hausttakegudsteneste (23 av 40 born deltok). Nytt tiltak i 2013. 6 år - Dåpsskule eit tilbod som er under utvikling kring i soknet. Gjev 6-åringane grunnleggjande kunnskap og oppleving av kristen tru gjennom ulike aktivitetar. (19 av 43 born deltok) 7 år - Bok og bolle - lesestund. 20 av 47 born deltok. Nytt tilak i 2013. 8 år - Tårnagenthelg eit helgetilbod til alle døypte 8-åringar, som gjev grunnleggjande kyrkjekunnskap. 17 av 45 born deltok. 9-10 år - Misjonstivoli og MAF annakvart år. Misjon er eit viktig tema i trusopplæringa. 20 av 75 born deltok. 11 år - Utdeling av "Bibelen - ei vandring gjennom den store forteljinga". 34 av 48 born deltok. Konfirmantåret eit omfattande tilbod til alle 14-åringane. I 2012/2013 om lag 95% oppslutning! 39 vart konfirmerte i 2012 (46). 15 år - Ungdomsgudsteneste - fjorårskonfirmantar vart spesielt inviterte, og nokre av dei bidrog i gudstenesta. Nytt tiltak i 2013. Ny trusopplæringsplan er under utarbeiding, og skal vedtakast i soknerådet og godkjennast av Bjørgvin bispedømeråd i løpet av 2014. Kyrkjelyden driv sundagsskule i Fusa kyrkje når der er høgmesse. Dette vert definert som kontinuerleg tiltak. Ungdomsarbeid her har ein ungdomsklubb i Eikelandsosen og ein på Fusa. Klubbane er eit lavterskeltilbod for ungdomane i soknet, som skapar fellesskap og gjev grunnleggjande trusopplevingar. Annakvar veke har ein òg eit eige opplegg som heiter Basic for ungdomar som ønskjer meir djupnetilbod om den kristne trua. Ungdomsklubben samla i 2013 gj.sn. 42 deltakarar, dvs. om lag 1/4 av målgruppa. 2
D. Diakoni Diakoni handlar om fellesskap og omsorg, rettferd og solidaritet, og eit kyrkjeleg nærver i dei store vegkryssa i livet. Det har vore lite aktitivet i regi av diakoniutvalet det siste året. I tillegg til dei kyrkjelege handlingane (vigsel og gravferd) skjer det meste av diakonien såleis uorganisert gjennom einskildmenneske som stiller opp for andre, eller i regi av frivilligsentralen og gjennom barne- og ungdomsarbeidet. Vigsel. Det var uvanleg få vigslar i 2013, med to kyrkjelege vigslar og ei velsigning av kyrkjeleg inngått ekteskap. Gravferd. Det var 48 kyrkjelege gravferder i 2013. Gravferdene er såleis ein vesentleg del dei kyrkjeleg tilsette si teneste. Kyrkjeutval og andre uløna medarbeidarar hjelpte til ved fleire gravferder som var særleg tunge og samla ekstra mange. Denne hjelpa er svært verdfull. Besøksteneste - I samarbeid med frivilligsentralen har ein tilbod om besøksteneste, som også nokre konfirmantar er med på. Dette er ei svært viktig teneste. Lokalt er truleg einsemd mellom gamle og sjuke den største diakonale utfordinga vi har. Nødhjelp Det mest kjende er den årlege fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, som i 2013 gav 43000 kr. Grøn kyrkjelyd Fusa er grøn kyrkjelyd og er bevisst på bruk av fairtradevarer. Institusjonstenester Det vart gjennomført 58 institusjonsandaktar og mange besøk til enkeltpersonar på institusjonane Rusførebyggjande arbeid Det rusførebyggjande arbeidet skjer særleg på ungdomsnivå gjennom soknerådet sine vekefaste ungdomstilbod. E. Misjon Frå 2012 har vi hatt eitt, samla misjonsprosjekt elevstipend til studentar ved Tabor utdanningssenter i Hawassa i Etiopia. Dette gir ungdom som elles ikkje vil hatt høve til det eit Bibelskule- og utdanningstilbod. Dette arbeidet fekk eit vesentleg løft i 2013 gjennom kyrkjelydsturen til Etiopia. Turen gjorde sterkt inntrykk på deltakarane og ringverknadane i soknet har vore tydelege. Turen er blitt fylgd opp med m.a. misjonsgudsteneste. I november vart det sett i gang ein stor innsamlingsaksjon i soknet for å finansiere eit nytt undervisningsbygg og studentinternat på Tabor. Aksjonen gav godt resultat alt innan utgangen av året. Innan trusopplæringa vart det gjennmført misjonsdag for 4. og 5. klasse, knytt til Mission Aviation Fellowship (MAF) med bra oppslutning. F. Anna kyrkjelydsarbeid 3
Forbønsteneste Fusa sokn har eigen bønekontakt som enkeltmenneske kan ta direkte kontakt med for forbøn. Sjølvsagt kan ein også ta kontakt med prest eller andre i kyrkjelyden som ein har tillit til om det er ønskje om forbøn. Bibel, bøn og lovsongskveldar ca 4 gongar i året har ein samlingar der det vert set ekstra fokus på bøn og lovsong. Her kan ein vere deltakande på ulikt vis, og folk kan kome for å få forbøn. Bibel og samtalegrupper der er fleire bøne- og samtalegrupper nokre av desse er kome i gong etter intitiativ frå soknerådet. Ta kontakt med soknepresten om du ønskjer å vere med i ei slik gruppe. Felleskyrkjeleg arbeid Soknet har godt samarbeid med kristne lokale lag og organisasjonar; m.a. bedehus, søndagskular, barne/ungdomsklubbar og kor. Det vart også skipa til ei gudstenesta i samarbeid med Den nordisk-katolske kyrkja på oskeonsdag. Kyrkjemusikk Det vart gjennomført 5 konsertar m.m. i kyrkjelyden sin regi. Der var til saman 525 til stades på dessea. Kyrkjekoret har få medlemmer, men er ein viktig ressurs i gudstenestefeiringa. Informasjon Fusa kyrkjeblad vart gitt ut 6 gongar i 2013. Dessutan er ein bevisst bruken av lokalmedia med annonsering og informasjon. Ein har også bygd opp ein base der ein sender ut SMS med jamne mellomrom. Fusa sokneråd har ei eiga ressursside på internett: www.fusasokn.no. Og ungdomsklubben har nettstaden www.fusaungdomsklubb.no. G. Samarbeid skule, barnehage og kyrkje Der er eigen plan for samarbeidet skule barnehage kyrkje som er vedteken av både kommune og sokneråd. Av tiltak her kan nemnast julevandring, påskevandring og pinsevandring; Sjekk kyrkja, "Vandring gjennom Bibelen eller anna tilbod for 11- åringane, diverse skule- og barnehagebesøk, skulegudstenester i adventstida m.m. Planen skulle vore rullert før skuleåret 2013/2014. Det er eit mål å få det gjort i 2014.. H. Medarbeidarskap Tal tilsette og tal uløna medarbeiarar har vore stabilt i 2013. Det har vore lite endringar blant tilsette i staben og blant kyrkjetenarane, men kapellanstillingen har framleis vore redusert med inntil 40%. Pga strammare økonomi er ressursar til administrasjon og kyrkjemusikk redusert med om lag 30% stilling. Talet på uløna medarbeidarar er stabilt, ca 140. Desse saman med dugnadsfolk utførte meir enn to årsverk i 2013. Dei største utfordringane er å få frivillige medarbeidarar som kan gå inn å ta leiaransvar, òg å binde seg over tid! Medarbeidarskap har over tid vore eit av satsingsområda til soknerådet. I 2013 var det registrert 53 frivillige medarbeidarar som på rundgang tok del i førebuing og gjennomføring av gudstenester i soknet. 85 frivillige var med i trusopplæringsarbeidet (0-18/25 år). I tillegg kjem dei som tok del i det diakonbale arbeidet, familie-mix, komite- og utvalsarbeid, og anna arbeid som t.d. kyrkjeskyss. Soknerådet har vedteke rullerande tiltaksplan for dei uløna medarbeidarane våre. I 2013 vart det arrangert ulike tiltak som til dømes: 4
To inspirasjonssamlingar (februar og desember) der til saman 120 prs møtte. Ei forbønsgudsteneste (75 prs). Sosialt samvær utvalsvis/fleire utval saman Utdeling av bibelleseplan med helsingsskriv (innkjøpt 120 stk bibelleseplanar). Utval Soknerådet har i drift 7 fagutval, 5 kyrkjeutval og 1 gudstenesteutval. Alt utvalsarbeid er frivillige tenester. I 2012-2013 har ein dessutan hatt eit utval som har arbeid med ny gudstenesteliturgi. Det er ( sjølv -)oppnemnt utval til å arbeide med BBL-kveldane, og soknerådet har oppnemnt ulike kontaktpersonar, m.a. til forbønsteneste og Kirkens Nødhjelp. I. Nytt prosti Bispedømet sette i 2013 i gang ein prosess for å få lagt ned Midhordland prosti. Framlegget deira var å legge Fusa til Hardanger og Voss prosti, og at kapellanstillinga i Fusa vart gjort om til ei prostipreststilling med tyngda av tenesta i Fusa og Strandebarm. Soknerådet ynskte primært å halde på Midhordland prosti, men gjekk sekundært inn for framlegget til bispedømet, for å behalde mest mogeleg av presteressursane. Prosessen kring omreguleringa var krevjande og tok mykje tid og krefter hos leiinga i soknet. J. Eigedomar Dugnadsarbeid Det har vore utført mykje dugnadsarbeid på fleire av anlegga våre, både kyrkjer og kyrkjegardar. Hålandsdal kyrkje opprusting Hålandsdal kyrkje vart mala utvendig i 2013, og det vart skifta ein del vindauge. Gravferdsverksemd Det vart i Fusa gjennomført 51 gravleggingar (43 i 2012). Av desse var 5 (2) utanbygds kister, 1 (4) utanbygds urner og 2 (2) urner frå Fusa. K. Soknerådet sin økonomi Kommunale overføringar I 2012 fekk Fusa sokneråd overført kr.3.364.000,- (kr.3.301.000,- i 2012), altså ein reduksjon frå 2012 til 2013. Det vart løyvd kr.400.000,- til opprustingstiltak/investeringar i 2013 (kr.0,- i 2012). Statleg tilskot Fusa sokneråd fekk utbetalt til trusopplæringsarbeidet kr.534.000,- mot 379.000,- i 2012. Fusa sokneråd fekk for lite utbetalt i 2012, og fekk difor tilbakebetalt om lag kr.75.000,- i 2013. Det statlege tilskotet til trusopplæring vert redusert i åra som kjem samanlikna med kva vi har fått utbetalt tidlegare år. Andre inntekter: Fusa sokneråd har hatt mange innsamlingsaksjonar m.m. i 2013, og fått inn til saman kr.1.052.000,- (kr.1.432.000,- i 2012). Eit normalår har ein samla inn om lag kr.700.000,-. Det 5
i seg sjølv er eit svært godt resultat og blant dei beste resultata i bispedømet. Nokre innsamlingar i 2013: Baldersheim kapell: kr.13.000,- (14.000,-) Kyrkjeoffer: kr.258.000,- (241.000,-) Misjonsprosjekt: kr.174.100,-* (55.700,-) Fasteaksjonen: kr.43.000,- (46.000,-) Kalenderaksjonen: 67.000 (66.200,-) Gjevarteneste: kr.85.000,- (78.500,-) Kyrkjeblad: kr.106.000,- (85.600,-) * kr.174.100,- er samla inn til misjonsprosjektet på Tabor; kr.131.400,- til nytt undervisningsbygg og studentinternat og kr.42.700,- til elevstipend. I tillegg har ein tatt med i den samla oversikten sal ved Bruktbuo då det er soknerådet som eig Frivilligsentralen, ein del andre gåver og tilskot. Fusa sokneråd har hatt tradisjon for å vere blant dei kyrkjelydane i Noreg som har samla inn mest midlar til både eksterne og interne føremål, truleg også i 2013. Her vil kyrkjestatistikken seinare i år vise statistikken! L. Utfordringar framover Biskopen avslutta visitasforedraget sitt den 2.september 2012 med følgjande utfordringar til kyrkjelyden: Gå til gudsteneste regelmessig for Guds skuld og dykkar eiga skuld sjølv om de må kryssa ei gamal grense Fullfør arbeidet med gudstenestefordelinga og gudstenesteordninga Fortsett med kreativ pengeinnsamling og slutt opp om gjevartenesta Ta vare på alle medarbeidarane ved å prioritera 25 % stilling til koordinator Styrk soknefellesskapet ved å ha kyrkjelydshelg kvart år Av dette har vi lagt mest arbeid i gudstenestearbeidet, med ny gudstenestefordeling og innarbeiding av nye liturgiar. Her er det meste kome på plass, men må vurderast vidare, ikkje minst i lys av endringa i presteressursen. Å ha kyrkjelydshelg kvart år ser vi ikkje at vi har ressursar til. Men det er likevel å håpe at soknefellesskapet kan styrkast gjennom fleire sams samlingar, m.a. dei nye temagudstenestene. Gjennomgåande har det gått med mykje tid og krefter til å følgje opp reformer som er vedtekne på sentralkyrkjeleg hald, og handtere dei endringane i rammevilkåra våre som bispedømet og kommunen har fastsett. Det er såleis å vone at vi får ein meir stabil situasjon frametter, der det er råd å arbeide meir i samsvar med våre eigne prioriteringar, slik dei går fram av strategiplanen vår fram t.o.m. 2015, der satsingsområda er: Gudstenesteliv Barn og unge Soknefellesskap Medarbeidarskap 6