MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2012



Like dokumenter
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / mars 2015

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / nov 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juli Frå eit av arbeida som Broderinemda hadde med på utstillinga på Torgdagen i Hillesvågen.

Kom skal vi klippe sauen

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / juni 2014

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

«Ny Giv» med gjetarhund

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juni 2017

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3/ august Kardemaskina var populær då det var sommaraktivitet på Flatøy

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016

OK, seier Hilde og låser.

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / Desember 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / september Sommardag i Hillesvågen

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Skål i karveskurd. Vil du lære denne gamle handverkstradisjonen, kan du melde deg på kurset vårt i haust.

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk Sofie E. Holmen, Høgskulen i Volda Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga,

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Månadsplan for Hare November

mmm...med SMAK på timeplanen

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2014

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Frå dikt til teikneserie

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Time Bibliotek. Haustmeny 2015

NCC avd. Sogn og Fjordane

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / desember 2018

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

GODKJENNING AV MØTEBOKA Det vart merka at språket i møteboka vekslar mellom nynorsk og bokmål. Dette må verte betre.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / april Vakkert tauarbeid på flykesårsmøte i Hordaland Husflidslag.

10/60-14/N-211//AMS

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Årsmelding for O-gruppa 2015

Vintervotter. Helga Reidun B. Nesset

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Samhandlingskonferansen Steinar Drægni Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter Frivilligsentralen i Årdal

Må nedsbrev til foreldre på åvdeling: Virvel

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

ASKØY HUSFLIDSLAG MEDLEM AV HORDALAND HUSFLIDSLAG OG NORGES HUSFLIDSLAG KURSKATALOG HØSTEN 2012 BROKADESTOFF TIL ASKØYBUNADEN SELGES HOS

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

MEDLEMSINFO. april 09

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

KULTURKONTORET 8305e

Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget

Brødsbrytelsen - Nattverden

Sandeid skule SFO Årsplan

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

MAKS 2.trinn. Tilbudskatalog. Høst Marienlyst Aktivitetsskole

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / januar 2012

JULEMØTET 2011 Siste møtet før jul vart avvikla i Hillesvågen den 5.desember. 25 deltakarar var med. Nytt i år var quiskonkurranse, - alle like ivrige. Etter at det tradisjonelle grautmåltidet var unnagjort, var det ny lærdom å hente. Svein Harald Bjørke demonstrerte og rettleia i snorlaging. På medarbeidarkurset som han og Aud Marit var på i haust, lærte dei ein teknikk som heiter KumiHimo. Denne teknikken var det han lærte vidare til dei frammøtte. Og dei fleste såg ut til å tileigne seg den nye teknikken bra. Snorene kan brukast til mangt. Her ser ein døme på bruk som reflekssnor. Ein startar flettinga ved reflekshempa. 2

Handarbeidstreff 9.januar På første handarbeidstreffet i år hadde me og snorlaging. Aud Marit synte ei snor som ho kunne. Denne snora vert laga med fire lykkjer som to personar trær gjennom sine to lykkjer kvar sin gong. Fargane på garnet avgjer mønsteret på snora. Ein fin bli kjent aktivitet,og snora er nyttig til mangt, som fingerheklinga. Ingrid Eidsnes hadde lært seg dobbel fingerhekling, og dette lærte ho vidare denne januarkvelden i Hillesvågen. Denne snora kan og brukast til mangt, t.d snor i strikkelestane til babyen, til hua eller hempe til handduken. FINGRING - DOBBEL FINGERHEKLING Tråden (og snora) vert halden med langfinger og tommel. Peikefinger brukast til å henta ny lykkje gjennom den lykkja som den andre peikefingeren held oppe. Og så veksler ein til andre sida. 3 Ill: Ingrid Sødal Eidsnes

Innkalling til årsmøte Årsmøtet i PL Husflidstova og Nordhordland Husflidslag vert halde måndag 13. feb. 2012 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen. Saksliste til årsmøtet for PL Husflidstova: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding. 5. Godkjenning av årsrekneskap. 6. Endring av vedtektene for å få samsvar med Lov om Samvirkeføretak. 7. Val Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 7. Val Årsmøta slutt Enkel servering Vel møtt. Med helsing Aud Marit Halland leiar 4

Konferanse om lokale rasar av sau (villsau) og ull 29.mars til 1.april 2012. (North Atlantic Native Sheep and Wool Conference) Denne konferansen som er felles for alle landa rundt Nordsjøen, har som formål å spreie kunnskap om gamle lokale rasar av sau, korleis de kan nyttas i dag og samtidig lede merksemda mot bruken av ull, som et fantastisk materiale som kanskje er for lite skjønnet på i dag. Konferansen blir halde i Nordhordland, med Strilatun i Seim som base. Programmet omfattar foredrag om ull og hald av sau. Det vert bidrag frå alle landa rundt Nordsjøen; Shetland, Island, Orkenøyane, Færøyane, Hebridane, Grønland og Noreg. Foredraga vil ta opp lokale tradisjonar, men og tankar om framtida for dei tradisjonsrike næringane knytt til sau og ull. Det vert demonstrasjon av ulike handsverksteknikkar som spinning, veving og strikking på forskjellige vis, utstilling av ferdige produkt og turar til m.a. Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret og Nordhordland husflidlag sine lokaler. Det vil og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars 2012 med kulturelt innslag og et kåseri om Villsauen i et historisk perspektiv. Avslutning er søndag 1.april 2012. Norsk koordinator for arrangementet er Karin Flatøy Svarstad. Nærare opplysning om programmet, priser for å delta og eventuell påmelding, kan skje ved å kontakte henne på telefon: 95215399, eller på epost: kfsvars@online.no. Det er mulig å delta på heile eller delar av konferansen, eller bare komme innom for å sjå på utstillingar og demonstrasjonar av handverksteknikkar. Eli Bjørkeli Måndag 6. februar kl 18 vert neste handarbeidstreff i Hillesvågen. Tema denne gongen er makramè. Svein Harald Bjørke og Ingrid Eidsnes instruerer. Ta med deg vener og kjende og kom. 5

Kurs i spinning på handtein Vegen frå ull til tråd er gamal og velprøvd teknologi. I eit klasserom ei helg i januar freista seks par hender å lære ein av dei eldste spinnemetodane. Kurshaldar Vigdis Valde gjer seg nokre refleksjonar kvelden mellom dei to kursdagane: Denne helga, 21. og 22. januar, held eg kurs i spinning på handtein. Stad for kurset er Meland ungdomsskule. Lokala måtte leigast av Meland kommune, sidan kursaktiviteten allereie var stor i Hillesvågen. Men sjølv utan kaffikoppar pryda av bunadsfolk er dette ei kjekk helg! Det er laurdag kveld (21. januar) og eg sit her og let dagens spinneopplevingar synke inn: Det var ein målretta gjeng som stilte med seg sjølv, litt ull, eit par karder og halvtannan rokk (den halve rokken mista eit bein på på veg til kurset og måtte tilbringe laurdagen liggande ). Hovudmålet for helga er spinning på handtein, men eit par damer som melde seg til spinnekurset på rokk som ikkje blei i haust fekk freista å ta med rokken. Og det viste seg etter ein heil dags arbeid at dei både hadde stort pågangsmot og var imponerande uthaldande på handtein. Det blei ikkje tid til rokkane i dag. Det heile starta med ein god runde om kva for motivasjon ein har ha for å ville læra seg spinnekunsten. Det kom fram fleire gode grunnar, til dømes det å forstå dei gamle reiskapa i praksis, å kunne utnytte ull som spinneria ikkje vil ha (les: villsauull) men som er fin material som fortener ei anna lagnad enn skrothaugen, det å kunne laga sitt eige garn rett og slett, for betre å forstå kva garn er, og sist (men ikkje minst) for å kunne visa teknikken vidare og dermed syta for naudsynt tradisjonsformidling. Etter ei økt med prat og teori i starten, samt litt karding, var det sjølve spinninga på handteinen som sto for tur. Enkle prinsipp (gi snurr til lause ullfibre slik at dei held saman og blir ein tråd) viste seg å vere til dels utfordande. Detta kan eg bli hekta på Og det var nett det vi gjorde: vi hekta kroken på ulla og arbeida med å lage tråd. Ein utfordring i koordinasjon og handlag. Phu! Detta var noko vanskeleg! Vi treng blodsukker! Men berre etter ein rask matbit til lunsj (eg var berre halve vegen ned i matpakka) så eg armar og bein i bevegelse igjen. Og med ei ny dose energi kvitra dei glade kursdeltakerne om alt det fine dei kunne laga med den spennande effekt-tråden som kom til mellom fingrane på dei. Og slik held vi på. Eg dels spann saman med dei og dels hjalp dei når det oppsto eit og anna problem. Det er jo noko nytt som skal inn i fingrane og noko som krev ein del øving for at ein skal kjenne at det flyt slik ein vil. Men eg trur alle gjekk heim etter dagen med ei kjensle av at dei mestra å forme lause fiber til tråd. Det blei iallfall hespa av ein god del tråd som heng rundt om til tørk og strekk nett no slik at det kan bli ei lita framsyning av ferdig, intressant eintråda effektgarn når vi sees att til kursdag to imorgon. Vigdis Valde 6

Bilder frå spinnekurset: Venstre: Bente Hordvik kardar Høgre: Her har vi fått taket på kardinga Under venstre: Eli Bjørkli spinn, her med handteinen mellom knea Under høgre: Anne Grete Breisnes og Aud Marit Halland i full konsentrasjon Over: det vart tid til spinning på rokk andre dagen. Her Tone Knapskog Høgre: Anne Grete Breisnes fekk spinninga bra til etter kvart Venstre: Kurshaldar Vigdis Valde lagar hespe på hespetre av det spunne garnet til Anna Tråve 7

JANUARDIKT Ein onsdag i januar gjekk eg ned bakken med hendene på ryggen og såg på skyene som var låge og grå og la merke til det var godt det eg gjorde der eg kom gåande. Eg blei glad så glad eg kan bli men eg stoppa ikkje for det eg kom gåande nedover bakken slik eg før hadde gjort. Eit minne for livet rikare. (Frå Einar Øklands Romantikk. Folkeminne. 1979) POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: oyvorhl@c2i.net Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim 8