10 Leddstilling og kongruens Bakgrunn 110 Leddstilling. Leddstillinga i norrønt er friare enn i moderne norsk. Mykje av forklaringa ligg i den rike morfologien, som gjer at nominale setningsledd kan plassere seg relativt fritt i setninga utan fare for mistolking. I substantiv og pronomen fortel kasusendingane straks om eit ledd er subjekt eller objekt. Elles er den umarkerte leddstillinga lik i norrønt og moderne norsk: subjekt verbal objekt, ofte forkorta til formelen SVO. I dette kapitlet skil vi mellom leddstilling på setningsnivå, dvs. rekkjefølgja av setningsledd som subjekt, verbal, objekt o.l., og leddstilling på frasenivå, dvs. innanfor dei enkelte frasane, t.d substantivfrasar (med substantiv som kjerne), verbfrasar (med verb som kjerne) osv. 111 Kongruens. Kongruens (samsvarsbøying) i norrønt skil seg ikkje avgjerande frå moderne norsk. Men norrønt har fleire bøyingskategoriar enn moderne norsk, og dermed blir kongruens ein viktigare del av syntaksen. Kongruens tener elles til å definere setningsledd som subjekt og predikativ: Subjektet kongruerer med det finitte verbalet i person og numerus, medan predikativet kongruerer med subjektet og objektet i både kasus og numerus. Leddstilling på setningsnivå 112 Finitt verbal. 1. I den umarkerte leddstillinga SVO står det finitte verbalet som det andre setningsleddet. Dette gjeld både i norrønt og moderne norsk. Sigyn stendr hjá honum ok heldr mundlaugu undir eitrdropa. Sigyn står attmed honom og held ei skål under eiterdråpane. 2. I moderne norsk blir setningar med det finitte verbalet på første plass tolka som spørjesetningar, t.d. Gjekk ho ut? I norrønt kan det finitte verbalet også stå som det første setningsleddet i vanlege utsegnssetningar. Gengr hon þá ok slǽr út eitrinu. Då går ho og slår ut eiteret. 3. Verbal på første plass i setninga førekjem særleg når subjektet er eit personleg pronomen i 1. eller 2. person. Sé ek at þér eruð nú felmsfullir. Eg ser at no er
122 Kap. 10 de forskremte. 4. Verbalet står gjerne også på førsteplassen når subjektet er ein infinitiv eller ei leddsetning. Er sagt at Þór varð bilt einu sinni at slá hann með hamrinum. Det blir sagt at Tor nølte med å slå han med hammaren. 5. I koordinerte setningar kan også verbalet bli sett på førsteplassen. Var þá sonr Guðbrands hǫndum tekinn, ok gaf Óláfr konungr honum grið. Då vart son åt Gudbrand teken til fange, og kong Olav gav honom grid. 113 Adverbial. 1. Adverbiale ledd knyter seg ofte tett til verbalet. Det inneber at dei kan plassere seg føre objektet i setninga. Óðinn lagði á bálit gullhring. Odin la ein gullring på bålet. Hann hafði í hendi kníf. Han hadde ein kniv i handa. 2. Adverbiala kan også plassere seg lenger til høgre i setninga, etter objektet. Sigyn stendr hjá honum ok heldr mundlaugu undir eitrdropa. 114 Objekt. 1. Objektet plasserer seg ofte etter det infinitte verbalet. En hvárt hefir þú dregit á braut hanzka minn? Skal tru om du har drege bort votten min? 2. Objektet kan også stå føre det infinitte verbalet. Hefir þú nǫkkura menn hitt í borginni? Har du møtt nokre menn i byen? 115 Tematisering av setningsledd. Både i norrønt og moderne norsk kan vi tematisere setningsledd ved å flytte dei fram i setninga. Det kan sjå ut til at norrønt oftare brukar tematisering enn moderne norsk. 115.1 Infinitt verbal. Vita megu þat allir. Det kan alle vite. Heyrt hefi ek at þér hafið kvisat í milli yðvar. Eg har nok høyrt at de har kviskra til kvarandre. Fellt hefir hon þá menn er mér hafa litizk eigi ústerkligri en Þórr er. Ho har felt menn som ikkje såg ut til å vere mindre sterke enn Tor. 115.2 Adverbial. Eigi þarf langt frá því at segja. Det trengst ikkje seiast mykje om dette. Með vélum ferr hann mjǫk. Han fer mykje med lureri. 115.3 Direkte objekt. Hana elskuðu margir. Mange elska henne. En sjónhverfingar hefi ek gǫrt þér. Eg har gjort synkvervingar for deg. 115.4 Indirekte objekt. En mér segir svá hugr um at vit munim þurfa at sendask á milli. Noko seier meg at vi treng ha eit teikn å sende oss imellom. Honum leizk mǽrin fǫgr. Han tykte møya var fager. 115.5 Predikativ. Allmikill er fyrir sér Útgarðaloki. Utgardsloke er mykje for seg. Goðorðsmaðr er hann víst um Þorskafjǫrð ok víðara um Vestfjǫrðu. Han er godordsmann i Torskafjord og vidare omkring i Vestfjordane.
Leddstilling og kongruens 123 116 Relativsetningar. 1. Korrelatet til relativsetningane inneheld ofte demonstrativa sá eller þessi. Korrelatet kan stå rett føre relativsetninga, som blir innleidd med er som. Vér eigum þann guð er hvern dag má sjá. Vi eig ein gud som vi kan sjå kvar dag. Þá var sent í Jǫtunheima eptir gýgi þeirri er Hyrrokkin hét. Då vart det sendt bod i Jotunheimane etter ei trollkvinne som heitte Hyrrokkin. 2. Det kan òg stå eitt eller fleire ledd mellom korrelatet og relativsetninga. Ok hafa þeir verr, er á slíkt trúa. Dei har det verre, som trur på slikt. Leddstilling på frasenivå 117 Allment. Substantivfrasen er den mest komplekse av dei norrøne frasane, og det er også den som vik mest av frå moderne norsk. Det er elles eit særtrekk ved norrønt at substantivfrasar (og enkelte andre frasar) kan vere avbrotne eller diskontinuerlege. 118 Substantivfrasen. Underledd i substantivfrasar plasserer seg relativt fritt i forhold til kjernen. Mange ledd som i moderne norsk berre kan stå føre kjernen, plasserer seg både føre og etter i norrønt. 118.1 Adjektiv. 1. Adjektiv i positiv plasserer seg både føre og etter substantivet. ungr maðr ein ung mann heilagr andi heilag ande hestr hvítr ein kvit hest hraun stórt ein stor steingrunn 2. Adjektiv i komparativ og superlativ står helst føre substantivet. ríkari maðr mektigare mann inn mesti vinr den beste venen beztr lǽknir den beste lækjaren. 118.2 Determinativ. Determinativ plasserer seg ofte etter substantivet. akarn nǫkkut ei eikenøtt kǫttr minn katten min lið várt hæren vår. 118.3 Demonstrativ + adjektiv. Demonstrativ + adjektiv står både føre og etter substantivet. konan sú hin verri den vonde kona hafit þat it djúpa det djupe havet sá hinn ungi maðr den unge mannen. 118.4 Genitiv. Attributiv genitiv plasserer seg helst etter kjernen. ørgrynni liðs mykje folk fjórir hleifar brauðs fire leivar brød frǽndr ok kunnmenn sveinsins venene og kjenningane til guten. 118.5 Pronomen + substantiv. I norrønt kan pronomen i fleirtal + substantiv brukast for å referere til ei større gruppe, slik at gruppa blir karakterisert ved ein typisk eller framståande representant. þeir Óláfr Olav og mennene hans þeir Erlingr Erling og mennene hans.
124 Kap. 10 119 Diskontinuerlege frasar. Eit særtrekk ved norrønt er at substantivfrasar kan vere avbrotne av eitt eller fleire andre ledd. Dette gjeld i både hypotagme (adledd + kjerne, t.d. ungir menn unge menn ) og i paratagme (sidestilte ledd, t.d. gamall ok spakr gammal og klok ). 119.1 Hypotagme. I hypotagme kan kjernen (halvfeit) vere skild frå adledda (kursiv). En lið várt flýði allt í fyrstunni þegar. Heile hæren vår flydde i førstninga. Trúið á goð várt, er allt hefir ráð yðart í hendi. Tru no på vår gud, som har all makt over dykk i sine hender. Vǽta var á mikil um daginn. Det var mykje væte om dagen. 119.2 Paratagme. 1. I paratagme kan eitt eller fleire setningsledd plassere seg mellom dei to sideordna ledda. Þórr fór fram á leið ok þeir félagar ok gekk fram til miðs dags. Tor gav seg i veg med følgjet sitt og gjekk fram til middags. 2. Parataktiske adledd kan vere skilde og plasserte på kvar si side av kjernen. Var þá allgóðr byrr ok heldr hvass. Det vart ein god, men heller kvass bør. Hann er mikill maðr ok sterkr. Han er ein stor og sterk mann. 119.3 Preposisjonsfrasar. Preposisjonsfrasane er ikkje sjeldan diskontinuerlege, slik at preposisjon (halvfeit) og utfylling (kursiv) er skilde. En honum varð þar eptir gǫltr ok hafr. Og etter honom vart det ein galt og ein bukk. Þá hugsaði hann fyrir sér hverja vél ǽsir mundu til finna at taka hann í forsinum. Då tenkte han på kva slags reiskap æsene kunne finne på for å fange han i fossen. Eigi sé ek þann mann hér inni er eigi mun lítilrǽði í þykkja at fásk við þik. Eg kan ikkje sjå nokon mann her inne som ikkje ville synast det er for smått å slåst med deg. Kongruens 120 Definisjon. Kongruens inneber at eit ledd opptrer med dei same bøyingskategoriane som eit anna ledd som det er knytt til. 121 Subjekt og finitt verbal. 1. Subjektet og det finitte verbalet kongruerer i person og numerus. Hǫðr [3. pers. sing.] tók [3. pers. sing.] mistiltein ok skaut at Baldri at tilvísun Loka. Hod tok mistelteinen og skaut på Balder, som Loke viste han til. 2. Når verbalet kjem først, kan det stå i eintal, sjølv om subjektet er i fleirtal. Þar var [sing.] á skipi kona hans ok sonr [plur.]. På skipet var kona hans og sonen. 3. I upersonlege konstruksjonar står verbalet alltid i 3. person eintal. Vér eigum þann guð er hvern dag má [3. pers. sing.] sjá. Vi eig ein gud som ein (vi) kan sjå kvar dag. Þar fell [sing.] af liði konungs þrjú hundruð manna [plur.]. Der fall tre hundre mann av kongens hær.
Leddstilling og kongruens 125 122 Subjekt og predikativ. Subjektspredikativet kongruerer med subjektet i kasus, numerus og genus. Hann [nom. sing. mask.] er mjǫk þyrstr [nom. sing. mask.] Han er svært tørst. 123 Objekt og predikativ. Objektspredikativet kongruerer med objektet i kasus, numerus og genus. Hann [akk. sing. mask.] reyndum vér sannan vin [akk. sing. mask.] Óláfs konungs. Vi røynde han som ein sann ven av kong Olav. 124 Determinativ og substantiv. Til liks med adjektiva kongruerer determinativa med substantiv i kasus, numerus og genus. sá maðr den mannen kerling ein ei kjerring kǫttr minn katten min. 125 Pronominell referanse. Ved pronominell referanse blir nøytrum fleirtal (þau) brukt når det er tale om personar av begge kjønn. Hann tók af þeim í sǽtt bǫrn þeira Þjalfa ok Rǫsku, ok fylgja þau honum jafnan síðan. Han tok i bot barna deira, Tjalve og Roskva, og dei følgjer han jamt sidan.